Hest og hæst

Ungar veit saktens at ein trehest ikkje er ein verkeleg hest, og folk som lever av sjøen veit nok framleis kva ein brimhest er? Både ein brotthest (klossmajor), ein jåsshest (vasdall) og ein skrepphest (skrytepave) går vanlegvis på to, men ein lesehest sit snarare på sin bak. Pussig er også glosen ‘hæstløkka’, som ikkje har med tauverk å gjere, ei heller flaks i hestekjøp eller hesteavl, men som berre vil seie gigaflaks, at du har vore heldigare enn du fortente, at lykka var betre enn åtferda! Så om du ikkje har hestar i stallen, kan du ha fleire i vokabularet, og kjepphestar er det mange av.

Den nedsettande ordbruken er i grunnen merkeleg. Rett nok har jo folk både før i tida og i notid fått eit tilnamn ‘hest’ pga yrket, kroppsstyrken, måten å le på el.a, men hesten har no til alle tider vore eit nyttig og høgt verdsett dyr. Kan den negative ordbruken i avsnittet framfor ha ei anna rasjonell forklaring? Det spørsmålet skal få bie litt. Vi skal først sjå om bruken av ordet ‘hest’ i stadnamn-samanheng setter oss på sporet av noko som utvidar perspektivet.

Fjellet Hest i Høyanger i Høyanger er utan tvil det høgaste på dei kantar – . Norgeskart.

Vi startar med namnet Hesthammaren (i ub form Hesthamar). Det er vanleg på Vestlandet og framfor alt i Rogaland, men med Nordland på andreplass (Alstahaug, Gildeskål, Saltdal, Skjerstad og Hamarøy), og elles i landet nærmast fråverande – kan det sjå ut som. At ville eller halvville hestar vil kunne samle seg og halde utkik frå høge punkt i terrenget er rimeleg, men tamme hestar er ikkje skye på den måten, dei fokuserer på å beite, noko stadnamn som Hest- og Hestehagen er gode vitnemål om, så vel som Rosshagen (Russ-, Røss-), jf norr. hross ‘hest’ (av alle slag), merk dertil norr. hrossahǫfn, eit anna ord for hestehage. Desse namna er eintydige og ikkje etterlet tvil. Langt meir tvilsamt er korleis ordet hesthammar er å forstå, og det gjeld i endå høgare grad Hestfjellet, eit namn som i flg. Norgeskart dukkar opp i ca 35 tilfelle, frå Helgeland og sørover; Hestefjellet i ca 20 andre tilfelle.

Kort sagt finst det ikkje prov for at hest(e)hamrane og -fjella (i nord og framfor alt i sør) har fått sitt namn pga utmarkbeite for hestar, eller pga andre aktivitetar som går på bruk av hest, ja kanskje ikkje eingong pga forma. Det gjer at ein må leite etter ei litt anna forklaring, ei som går på ordbruken tidlegare i språkhistoria:

Norrønt ord for «høg» er hár (hankj.) (hokj.), hátt (inkjekj.), og i komparativ hærri ‘høgare’, superlativ hæstr ‘høgast’. Døme: enir (= hinir) hæstu hamrar: dei høgaste hamrane. Like eins: er vex á hæsta fjalli: (det) som veks på det høgaste fjellet. Dessutan uttrykk som allra manna hæstr: den høgaste av alle menn, men derimot, i overført tyding, enir (hinir) hæstir höfdingjar: dei høgste høvdingane.– Særleg artig er setninga völdu sér tjalðstaði þá, er þeim þóttu beztir ok hæst lágu: (dei) valde seg dei teltplassar som dei tykte var best og låg høgast ( Fritzner). I dag heiter det campingplass, så klart!

Alt dette viser oss tydeleg at Hest- som forledd i svært mange stadnamn må eller i det minste kan ha tydinga ‘høgast’. Slikt kviler på skjønn utan å vere sikkert når det edkjem hamrar, høgder og fjell, men for ei under-gruppe var avgjerda lett, nemleg for Hesttjønna (normert Hesttjørna) eller -tjønni (også notert -tjønne). Frå Nordland kan nemnast Hesttjønna i Blokken i Sortland, ei anna (berre ein pytt) på austsida av og høgt over Børvatnet i Bodø, dertil finst det ei tridje nær Snefjellskardet i Rana, og ei fjerde sørom Åbjørholman i Bindal. På landsbasis er det slik at nokre av hesttjønnene berre ligg høgast i sitt avgrensa bekke- eller elvefar, så ein kan bli tvilande, men i andre høve er den geografiske plasseringa slik at der finst ingen grunn til tvil, slik tilfellet er med Hesttjønni i Lom i skilet mot Vågå, Hesttjønnan i Tynset i skilet mot Midtre Gauldal, og sist men ikkje minst Hesttjønnan i Meråker, på riksgrensa mot Sverige! Vasskilet er sjølvsagt den avgjerande faktoren i slike tilfelle.

At det verkar greitt nok å finne ut korleis desse namna er å forstå, kjem naturlegvis av at folk frå eldgammal tider var vane med å finne ut kor vatnet tok til å renne den andre vegen. – Parallelt med hest-tjønnene kan nemnast Hestvatnet, eit namn som det i alle fall nordpå er færre av, og der namneopphavet kan vere meir uvisst: Iblant er det vel som for hest-tjønnene, andre gonger pga at ei nærliggande høgd ganske enkelt heiter Hesten el.l.

Samisk har òg avleggarar når det gjeld Hesttjønner og -vatn, slike som Heastajávri i Kautokeino og frå fjellovergangen Poranger – Hammerfest pluss Muvračohkka innom Kistrand, vidare frå Myrfjorden i Måsøy og dertil frå Målselv. Sant nok tyder jávri både tjønn og vatn, alt etter som, men her er det tjønner jamt over. Alle dei stadene ligg dei øvst i sitt eige vassfar (unnatak for Heastajávri alias Hestvannet i Gratangen). Tjønna innom Kistrand er også kalla ‘Hesteskovannet’, men det stemmer slett ikkje med forma.

Som alt sagt er norrønt hár – hærri – hæstr eit gradbøygd adjektiv, men det var samtidig tydeleg at superlativen også var brukt substantivisk (nominalt), i uttrykk som hæst vetrar høg(st)vinters, midtvinters og like eins hæst sumars midsumars, høgsommars. Slik ordbruk kan godt vere nøkkelen til oppklaring av dei svært så negative uttrykka vi starta med, som t.d. skrepphest: Det finst ordbokført ein gno. glose skreppuhestr, berre forklart som ”Øgenavn”, ikkje meir. Islandsk kjenner ikkje ordet, synest det som, medan færøysk har verbet skreppa ‘skryte’ (av seg sjølv, ‘prale’) og det tilhøyrande skrepp n ‘skryt’. Men i norsk kan ‘skrytepave’ faktisk heite både ein skrepp og ei skreppe (NO b 10), og då treng vi neppe tvile på kva som ligg det gno. skreppuhestr heller.

Truleg er òg at det fanst norrøne uttrykk som t.d. *hann er skrepp hæstr ‘i skryt er han på topp! Ordstillinga med etterhengd adjektiv blir då som t.d. i ‘fjall hátt’, ‘Ormrinn langi’ o.l. Tilsvarande for dei andre negative uttrykka vi først var inne på.

Ingen vil tvile på at det dominerande fjellet Hest i Høyanger må ha fått sitt namn av at det er høgast innafor sitt nærområde. Der vi har namnet i bunden form Hesten kan vi tolke det likeins, men samanlikningar med hesterygg, faks eller hesteskolt blir også tenkelege då. Kva som er det rette i kvart enkelt tilfelle, vil vi sjeldan få vite heilt sikkert. Slik er det td med matrikkelgarden / buplassen pund Hesten i Lødingen (no oftare Hesten): Tradisjonell preposisjonsbruk kjem av plasseringa under fjellet like ved, no kalla Hesttinden. Uvisst er derimot om det har med forma å gjere, lokalkjente trur det kan passe betre for Sneistinden ikkje langt unna – som dessutan er den høgaste av dei to. Men kva topp som var høgast var ei subjektiv og vanskeleg vurdering i kartlause aldrar. – Som vi forstår, det å operere med kategoriar som hestfjell, hesthammar, hesttind osv gjer temaet oversiktleg, men kvart Hest-namn må vurderast for seg.

 Å vise samanhengen mellom namnet Hesten brukt om ein husmannsplass og den nærmaste høge tinden.

Den gamle husmannsplassen Hesten har namn av den nærmaste tinden, som er 563 m høg. Selvågtinden er 5 m høgare, men avstandsperspektiv (skråperspektiv) gjer at Hesten dominerer. Namnet Vindhamran er rett nok, men har ikkje med tinden å gjere. Norgeskart, Bø kommune.

Samanblandingane av dyrenemnet ‘hest’ og superlativen ‘hæst-‘ kan vere gamle. Det tenker ikkje vi på, som seier ‘høgast’ eller ‘høgst’ og overser at norrønt ikkje kjente ordet ‘høg’, endå dét ordet og kom inn i namne-laginga etter kvart. Ein fin illustrasjon i så måte er at Værøy i Lofoten har fjellnamnet Høgtuva, men det høgaste fjellet heiter likevel Håen. Det ‘nyare’ namnet Høgtuva er elles gjengs nok, og Høgøya endå meir, mykje uvanlegare er Håja (Hammarfest og Hillesøy), eigentleg enkel samandraging av Håøya. Som ein ser, språkhistorisk ”lagdeling” kan vere interessant nok, og for å understreke det heilt til slutt, dei som ut frå talemålet i si samtid skapte namn som Håen og Håøya (Háeyin), dei brukte sjølvsagt også gradbøyinga som høyrde til og hadde aldri høyrt ordet ‘høg’, det skal vi vissnok ha fått av svenskane seinare.

Håløygminne 2025 3+4, nyredigert.