Det finst eit særmerkt stadnamn-element Åbål, som især på Agder opptrer i sms stadnamn slike som Åbålbrotet (og -brodet), Åbålbukta, Åbålheia var. Åbol-, Åbålsknuten, Åbollia, Åbolsmyr og Åbålmyrane, Åbålsteinen, Åbåltjern og Åbålåkeren. Talrikast er likevel Åbåls- og Åpåldalen, som det iallfall finst ni av.
Det er oftast tale om små myrsøkk eller -krær med ei kjelde eller eit bekkesike i botnen, eller der bekkar passerer. I nokre tilfelle er små tjønner knytte til, men ofte nok synest minidalane å vere attgrodde, tidlegare tjønner.
Først skal likevel nemnast nokre usms gardsnamn: Åbol er eit bruk i Nord-Aurdal i Oppland, jf Åbol med Åbollia i Sandefjord (Vestfold), dertil Åbål gard i Birkenes og i Vennesla, attåt Åpål som ‘terrengdetalj’ i Åmli (sjå Norgeskart), og endeleg Åpålen, ein gard i Tinn i Telemark.

Åbol i Nord-Aurdal (skrive Ábólir i 1346) er i NG rekna for sms av á f. ‘elv’ og flt af ból n ’gard(part)’ med opplysning om at «Gaarden var i 1346 Præstegaard til Skrautvaal Kirke». Unemnt er derimot at ából vel godt kunne vere variant av norr. ábœli n ‘gard (særleg prestegard) på landet’. – Også namnet frå Sandefjord blir i NG tolka som ából, til á f ‘elv’.
Gardsnamnet går likevel att i anna form Åbål frå både Birkenes og Vennesla; er også bruksnamn i Lillesand. Skrivemåten i Birkenes går år 1593 og seinare ut på Abildt, Abbild o.l., skrive Aabel først i 1723. Formene frå Vennesla er få og seine, nemleg Abell 1668 og Abel 1723. – Gardsnamnet Åpålen i Tinn (uttale-trykket på 2. staving) blir skrive Appelen 1665 og 1723.
Når vi ser bort frå dei 2-3 namna tolka til *ából n, eit elles ukjent ord i norrønt, er gjennomgåande forklaring at namna kjem frå norr. apaldr ’villepletre’ og har fått dansk form abild o.l. i samsvar med det. Så er då også åbål og framfor alt åpål(e) ført opp som uttalevariantar av det ordet frå store delar av Agder (Ross, NO 1: 129), usagt om tolkingane i NG er ein del av dokumentasjonen?
Villapal trivst i solrik og tørr eller godt drenert jord, gjerne kystnært. For nokre av lokalitetane som første avsnitt nemner kan det hende at dette høver, men det er usannsynleg for dei mange små og djupe Åbål-dalane med vekselvis sike og åer, pyttar og myrhol. Her passar det langt betre å sjå på Åbål- som lydrett omskapt form av *ope(e)hol– , just med tanke på myrpyttar, vass-hol og -søkk som kanskje er opne heile året. Heller ikkje det ordet finst i ordbøkene, men det merkelege namnet «Oppholdstjern» i Enebakk i Østfold tyder på at det likevel er tale om meir enn ein hypotese. Dessutan er det også for gardsnamna Åbål og Åpålen framifrå terrengdekning for endra tolking *op(e)hol.
Ustekveikja er eit stort vassdrag av samansett karakter som kryssar fylkesgrensa frå vest til aust, i overgangen frå Ulvik til Hol kommunar. Det gir framifrå geografisk orientering å hente eit sitat frå Norsk Stadnamnleksikon, oppslaget
«Ustaoset [»usteo:se] jb.st., po. og tlf. i Hol komm, Busk. U. ligg ved utlaupet (oset) av innsjøen Usta [»usta] eller Ustevatnet [»ustevatne] og har namn etter denne. Same førsteledd har namn som Ustedalen, Ustekveikja (elv) og Ustetinden (fjell) i same stroket». – Her skal leggjast til, at frå Usta alias Ustevatnet renn elva vidare til den langt mindre Ustedalsfjorden, men då under litt anna namn.

Under same oppslag i Norsk Stadnamnelsikon er usagt kva –kveikja som etterledd i vassfar-namnet står for. Der står eit par tolkingsforslag som gjeld forleddet Ust-, men dei er ganske abstrakte, for ikkje å seie luftige. Enklast er derfor å berre la den delen vente og ta –kveikja først: Det er fornorska b.f. form av det som i Lexicon Lapponicum er overført frå quoik til «qweik, torrens, cataracta, fors, strömfall», og qweikats, deminutiv (forminskingsform) «en liten fors».
Normerte former av ordet er ns guoika «stryk», og på ls guojkka «fors». Sørlegare former er umesamisk goaika, goeihka (Qvigstad, app. 346). Mankok har ss guijhke frå Vilhelmina, i tydeleg samsvar med at Qvigstad fører opp ss guihχkɛ frå Vilhelmina og Jemtland (χ = ty. ch) medan Hasselbrink her nyttar stavemåten guojke.

Sambandet dei skiftande formene imellom er lett å få auga på, enaresamisk og skoltesamisk kuošška og Kola-samisk kīšška skil seg meir ut. – I norsk uttale er det kort veg frå kveik– til variantar som kvæk– (Kvæka i Hamar), kvik– (sml det fordanska Kvigstad), Kvekken, Kvekkjen osv. Kort var også vegen frå deminutiv qweikats til meir samandregen form *kveiks, *kvæks, som sjølvsagt førte til misvisande assosiasjoner med insektnamnet kveks = kvefs.

Namnet Kvikne finst fleire stader: I Tynset (Quegnne ca. 1575), i Nord-Fron (a Kuiknom 1432), Hitra, Orkdal og Lærdal. Alle grendene ligg nær ei elv der det er stryk i nærområdet – på Hitra er det tale om Sagaelva. Det finst ei mengd sms stadnamn på Kvikk- og Kvikke-, og like ofte usms namn Kvikken, Kvekkjen o.l. Dei er vel i stor utstrekning ‘kutta’ elvenamn der forleddet stod i samisk genitiv goeihken-, fornorska til Kveiken-.
Årsaka til former som Kvikne, Kviknan er at sørsamisk tyr til inessiv kasus for å uttrykke kor subjektet er eller var: Dette gir goejhke > goejhkesne i inessiv sg., men inessiv pl. goejhkine >Kvikne o.l. – Kvepsendalen med Kvepsendalselva i Rana speglar inessiv sg. goejhkesne. Meir ‘korthogd’ er at fjellet Kvepsen i Bjerkreim er blitt heitande så etter mellomvassfaret tett attmed. Tilsvarande har ein ås i Sunnfjord fått namnet Kvefsen, då neppe etter anna enn elva på staden.

Så litt om forleddet Ust-: Det er sikkert nok ei norrønt tilpassa form av eit lån frå samisk som vi no kjenner att i ss vååste, ls vuostoj og ns vuosstu ‘motbakke, stigning’. Framlydendringa er som i norr. ulfr kontra tysk og eng. wolf, og terrenget både ved Ustekveikvatnet, Ustevatnet og store delar av Ustekveikja talar på ingen måte imot ei slik tolking. Just det same gjeld terrenget kring gardane Ustan i Orkland og Ust med Ustbakkan i Trondheim k.

Under oppslagsorda innylfi og innyfli (m/ variant -ifli) i Johan Fritzners gl.norske ordbok er oppført andre sms ord som viser likskap med dei ml.norske formene av tre bygdenamn på Sunnmøre (b. 2:213f).
Det meste går att hos Oluf Rygh i NG: «Om dette –ifli lader sig ellers kun sige, at vi sandsynlig ogsaa har det i Fællesordene innifli (Indvolde), dauðyfli (dødt Legeme), vanyfli (Vane) og i Folkesprogets Vardyvle (Fylgje, Følgeaand), der alle er Intetkjønsord. Dets oprindelige Betydning er endnu ikke oplyst.»
All den tid tolking av dei tre bygdenamna frå Sunnmøre var uviss, var det naturleg å få med seg språkstoff som kunne vere til gagn i så måte, men no er det meir på tide med utskiljing.
Til same ordgruppe blir summarisk òg medrekna innifli «innvolar», men gjennomgåinga hos Torp av dette ordet i jf med andre nordiske variantar tyder ikkje på meir enn heilt tilfeldig likskap med etterleddet i bygdenamna. Det same gjeld sjølvsagt for vanyfli n i tydinga «(sed)vane», då også om vanyflasótt.
Norr. dauðyfli «åtsel» skulle det vere mest naturleg å jf med tysk Übel n ‘noko vondt el. ilt’, som adj übel ‘fælt, plagsamt’ o.l. = ubil i gl.høgtysk, gotisk og angelsaksisk. Jf også gl.eng. yfel og nyeng. evil. Her skal heller ikkje gløymast at nederlandsk euvel tyder ‘problem, noko som ikkje er som det skal vere’. Kunne det passe òg for nyno. vardyvle «fylgja»? Det svenske motstykket til vardyvle, vålnad, sette Alf Torp i samband med norr. var(ð)naðr «beskyttelse», men i folketrua hadde kanskje vardyvle lik vardøger meir negative kvalitetar enn som så?
Om gardsnamna Tynnøl i Lesja og Tønnøl i Bjugn seier NG: «Þunnifli, sandsynligvis Intetkjønsord. 1ste Led kan neppe være andet end Adj. þunnr, tynd, og kan tænkes at sigte til tyndt Jordlag». – Lenger enn det går ikkje Rygh, men kan det beintfram vere tenkt på eit norr. *myldi om jordlag? Torp nemner eit norr. mylda «dække med jord» og fær. mylda «jevne akermulden», og Ivar Aasen kjente same verbet i forma milde frå Sunnfjord. Velkjent i nord er òg lausmildt for –myldt. Garden i Bjugn er berglendt og tvillaust *tunnmyldt, og på garden i Lesja viser eldre ortofoto at noko av jordlaget er utsett for bekke-erosjon. I eit opphavleg *Þunnmyldi ville i alle fall skje lydjamning –nn-m– > –nn– så å seie omgåande. Utenkeleg er ikkje at ordflokken på –ifli etterpå ‘drog til seg’ desse to namna.

Gjennomgåinga er er summarisk, men viser likevel at bortsett frå gardsnamnet Þunnifli er desse sms orda på ifli, yfli o.l. til svært lita nytte under evt tolking av dei sunnmørske bygdenamna.
Dei er då også sløyfa i nyare drøftingar av bygdenamna i Norsk Stadnamnleksikon, som presenterer bygdenamna kvar for seg – men som også utan nærmare grunngjeving slår fast at alle er opphavlege fjordnamn.
I oppslag Vanylven |van’ylviᶇ | [dat. |van’ylva] er sagt at ‘andreleddet er –iflir, som i Sunnylven og Sykkylven’ og under Sunnylven |syᶇᶇ’ylven| seiest at ‘andreleddet –iflir er meir uvisst — men rimelegvis er det eit eldre *viflir m lågt, fuktig lende og siktar såleis til området på Hellesylt’.
Oppslag Sykkylven |syᶄ’ylven| seier bl a at ‘førsteleddet er nok gno sik n lite stilt vassfar, lita vik, dam’.
Hovudinnhaldet i desse oppslaga går att i Store norske leksikon, men då utlagt såleis at -norr. iflir, ‘lågt, fuktig lende’ siktar til Sykkylvsfjorden! Som vi ser, det sprikar noko, og forma –iflir som skal konkretisere teorien om fjordnamn er ikkje historisk dokumentert.
Enklast er å sjå på det hypotetiske *viflir ‘lågt, fuktig lende’ presentert som hankjønnsord, utgangspunktet må ikkje vere så hypotetisk: Ei sideform til vaðall ‘vad, vadestad’ var veðill m. Den forma med same ml.norske overgang ð>v mellom vokalar, dukkar opp i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy) og Vevlen i Halden, attåt Veflen i Vang i Valdres, og det stoppar ikkje der.
Historiske skriveformer av ei rad gardsnamn viser at veðill ikkje sjeldan fanst i ei sideform viðill >vivel, her òg med mlno. overgang ð > v og tilmed i varianten vifl– istf vivel-, vivl-, sml Veflen som nyss er nemnt. Frå Åmot på Hedmark må nemnast gnr 21 Vivelstad |’vīvelsta| skr. Viffuelstad 1593 og Wiffuellsta 1604, Wiuelstad 1616, Wiffuelstad 1667. På Hedmark ligg også Løten gnr 160 Vivelstad |»vīvelsta| skr. Viffuerstad 1669 og Wifverstad 1723! Dertil ein lokalitet kalla Vivelstad i Ringsaker nær Vivelsbekken og Vivelstjernet.

Liknande skriveformer, om enn inkonsistente, oppviser gnr 39 i Lier (Buskerud) Viulstad |»vīułsta|. For Vivestad |»vīvesta| gnr 114-115 i Ramnes >Tønsberg (som òg var soknenamn) var skrivemåten Viuil-, Viuel- tungt inne på 1400- og 1500-talet, men seinare kom skriveformer som tyder på at det epokevis var sagt både Vivi-, Viva-, Vivæ- og Vive-.

Vivlemo gnr 26 i Konsmo (no Lyngdal) har ei forvrengt skriveform Vrefflemo på 1550-talet, så kjem Vefflemo 1594, Vifflemo 1612 og 1619, sist Weblemoe 1668 og 1723. Her er inkonsekvensen i skriveformene størst.
Vivesøl |’’vīvesøl| er gnr 18 i Holt, no Arendal. Skrive-tradisjon går på Viffueßell 1593, Wifuesell 1601 etc, Wiffuesild! 1626, Øvre Wiifuesell 1670, Øvre Wivesøl 1723. Rygh, som konsekvent tyder forleddet i Vive(l)-namna som mannsnamnet Vifill, forstår Vivesøl som ’Vifill sitt sel’ (sæterhus), men lendet er av den art (jf Vivesølmyra) at forleddet eller var viðill > vivel med l-bortfall medan etterleddet er sel ’stillelv’ (jf -sild 1626).
Når vi så i Sunnylven sitt tilfelle får seg presentert eit hypotetisk *viflir ’lågt, fuktig lende’, tør vi korrigere til *vifli, og lydovergang til -yfli ville lett nok skje der. At namnet viser til Hellesylt-området er plausibelt, for val <norr vaðill, veðill, viðill osv tyder tidt ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’ mm (NoStl). Sjølvsagt vil det i hovudsak gjelde for alle variantar av vaðill > val.

Derimot treng ikkje Sunn- uttala Synn– å gå på retning. Det ligg ikkje fjernt å tenke på ei ord som tilsvarar ns suotnju ’grasmyr, flat blautmyr utan tuver el. bekkar el. ope vatn, men med starrgras’. Termen er lett påviseleg i andre gardsnamn i sør, som Sønju, Sutnøy, Ermesø og Vitterse.

Meir uvisst er vel at forleddet i Sykkylven er sik n ’lite stilt vassfar, lita vik, dam’, då det heiter i Sickifli to ggr. år 1325. Det er langt større grunn til å vektlegge at bak Sykkylvsvadet ligg eit vidt myrområde med bekker og tjønner, så sjølve bygdenamnet synest her å ha fått eit tillegg –vad for å forklare kva som ligg i det historiske ifli. Sykkylvsvadet er ein nokså trong opning i åsrekka tett austom Hovden, men langt vestanfor området som i dag heiter Sykkylven. Merk at forleddet også i si eldste form Sick– høver med ss siegkie ’smal, grann’.
Eit ope spørsmål er om Sykkylven eigtl. var halvøya der Sykkylvsvadet er å finne, eller om det òg finst eit anna Sykkylvsvad? Då blir det ikkje lenger eit spørsmål om namnegransking, men om lokalhistorisk nytenking.
Vanylven har til sisteledd det same –ifli som dei andre bygdene. Det kartet kallar Vanylvsfjorden er ei utgrunn bogeforma strand inst i Vanylvsfjorden med grumsut leire frå osen i Fiskåa (Storelva).
I nordenden av den stranda var den frittliggande Fiskåholmen før skild frå landet innom av ein brei val. Valen og strandstrekka fortener klart merkelappen –ifli, særmerket til Fiskåholmen var den krokute ytterenden.

Forleddet Van– peikar heilt tydeleg mot eit samisk ord særs likt ls vagńa ‘krok att föra undan gryta från elden med’, dvs grytekrok. Ordet er ikkje uvanleg i stadnamn-laging, men i innlån til norsk oppstår mykje formsprik. Lydutviklinga er her er den same som for det endå meir krokforma Vanneset i Etne (neste).

Vevelstad vart i 1916 skild ut frå Tjøtta. Her seier Norske Gaardnavne: «Sognets Navn er egentlig Gaardnavn», dvs gnr. 12 Vevelstad |»vævvełsta|, eldre uttale |»vøvełsta|». Namnet vart skrive Veffuelstad 1567, Veffuelstad 1610, Weuel- 1614 og Weffuel- 1661. Eldre former kjenner ein ikkje. Forleddet er mannsnamnet Vifill, i flg NG då.
Til det siste er å seie at i ei fjern fortid tenkte folk neppe først og fremst på individet når dei gav garden namn, så i dag ser namneforskinga med ein viss skepsis på personamnbaserte gardsnamntolkingar. Det er iallfall lurt å først sjå etter om eit gardsnamn fortel noko om sjølve landskapet?
Garden ligg ved det lange og rette Vevelstadsundet. Ei ikkje urimeleg tolking er at det inneber samanlikning med norr. vifl f. «vevl, banketre (ved vasking)», jf omtalen av namn som Gand og Gjende og Stokksund i Norsk Stadnamnleksikon. Elles bør vi merke oss at vevl m «banketre» også er kjent i uttalen vøvvel, frå Fauske og Skjerstad (NO 12: 1016).

Større vekt må vi legge på at same gardsnamnet også finst ein annan stad i landet, dvs Vevelstad |»vauełsta| i Ski (no Follo) i Akershus. Det gamle gardsvaldet der er mykje nedbygd, men kartet viser like fullt at Vevelstadåsen og området ikring er veldig kupert.
Eit namn laga over nesten same lest er Vevlingstad i Stange, Hedmark. Der er humpar og søkk i mengder. For di vårt helgelandske Vevelstad også er til dels nokså kupert, kan vi komme i tankar om enkelte uttrykk nordlendingar flest kjenner godt til, om folk som vevlar i framferd eller tale, lagar vevl n «tøys og tull» (rot og ugreie). Det kunne vere at dette, eller ei form som liknar, har vore brukt om landskap der det er tungvint å ta seg fram eller rydde åker- og beitemark, men det er uråd å påvise konkrete terrengord i samsvar med det.

Derimot kan ein med stor topografisk gevinst vektlegge at Vevelstad i Ski vart uttala Vauel– og at eldre uttale av gardsnamnet Vevelstad på Helgeland var Vøvel-. Det er nemleg så at norr. vaðal m «val» (jf. vaða v.) hadde sideformene veðill og vǫðull.
Nordlendingar flest dreg neppe kjensel på desse to siste formene, men i Rogaland ber fire gardar namnet Vaule, og dei eldste skriveformene for tre av dei etterlet ingen tvil om at opphavet er norrøn dativ *vǫðli og at ein lydovergang ð > v må ha skjedd, dvs. Vǫðli >Vøvle > Vaule. Dei tre gardsnamna er skrivne både Wøffle og Wauffle på 1600-talet, sml atter dei eldre formene frå Vevelstad i Akershus og på Helgeland, dessutan at Vaulen som terrengord finst ei mengd stader på vestnorsk område.
I aust er diftongen au oftare blitt til ø: Ein finn td Vølen i Aremark og Stokke.Derimot fekk Agder – Telemark endringane vǫðull > vøjel > vøyl. Desse mellomnorske lydovergangane er nærmare omtala i Norsk Målsoga s. 227 flg.
Det ein nordlending lett kjenner igjen, er sjølvsagt avkortinga frå norr. vaðall til val, men i Sømna har dei ekre-namnet Vaulkrakjet like aust av Vadhågan: Der i bygda vil eit ‘krake’ seie eit uproduktivt stykke jord, og Vaulkrakjet er berre blåleir med eit tynt jordlag oppå.
Ein parallell til avkortinga vaðall > val er truleg gardsnamna Velsvåg i Leirfjord og Velsvik i Volda med stavingsbortfall norr. veðill->vel-, så *Veðilsvík vart Velsvik og *Veðilsvágr vart *Velsvåg. Det same skjedde i eit anna nordnorsk bygdenamn, Velfjorden, skrive Wellfiordenn 1567. Av dei to andre namna har ein ikkje eldre skrive-former enn frå tidleg 1600-tal. Gardsnamnet i Volda er på den tid skrive både Wals- og Wels-. Slike variantar av namna i Nordland kjenner vi ikkje.
For Velsvik og Velsvåg har vi ikkje skrive- eller uttaleformer som viser ein lydovergang *veðill-> vevel- før full forkorting skjedde, men dei er sannsynlege nok. Då ville lydsekvensen v-v-v i dei to første namna i ei mellomform *vevelsvik og *vevelsvåg ‘ubønnhørlig’ gje forenkling til Vels-. Likeins ville lydsekvensen v-v-f i eit temmeleg sannsynleg namn *Vevelfjord bli forenkla til –v-f– med ei forenkling Velfjord som resultat.

Relevant i samband med Vevelstad-namna er holmenamnet Veveløya frå Nærøysund kommune: Lokaliteten er slett ikkje såleis på form at vifl «banketre» el.l. gir meining. Derimot er det ovgrunne farvatnet kring holmen av den art at norr. vaðall– lik veðill– i lydleg overgang til vevel– passar.
No kan val ha fleire valørar, som i i Rana og Rødøy: «grunn vik eller bukt som ligg turr ved ved lågvatn» (NO 12: 529). Det høver klart for Vevelstad, Velsvåg og Velfjorden, men i Trøndelag og på Møre kan val òg vere «sandbanke, grunne i vatn» likså vel som «trongt farvatn, hol» (jf Veveløya). På atter andre stader er val dss eit vad over elv eller bekk. Slår vi saman alle gards- og naturnamn med opphav i vaðall, veðill og vǫðull, utvidar tydings-spekteret seg truleg endå meir.
Både vaðlar og vaðlir var fleirtalsform av vaðall. Namn som Vedlane (Hyllestad i Sogn og Fj.) og Vedlene (Etne i Hord.) er helst bunden fleirtalsform av norr. vǫllr, vellir med dialektrett overgang ll > dl og då ikkje fleirtal av veðill, men der er eit val-område i austre del av Øyjord-vatnet tett ved Vedlane, og Vedlene i Etne ligg lågt og skal vere utsett for flaum.
Ein vanleg ml.norsk overgang veðill > vevil, vevel finn ein i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy), Vevlen i Halden og tilmed Veflen i Vang i Valdres. Ei utvida form vevling gir seg til kjenne på Vevlingstad i Stange, nemnt tidlegare. Garden har spreidde pyttar som sitt særmerke. Den særs oppsplitta øya Vevlingen i Kinn har både lange myrdrag med vasspyttar så vel som ei mengd valar – mellom holmar som elles ville vere heilt frittliggande.
Ein alternativ ml.norsk lydovergang veðill > vejil, vejel har gitt forma Veilen fl st i Telemark. Men fullt avkorta form veðill > vel i b.f. Velen finst andre stader, då likt med vaðall > val.

Ankenes er i dag tettbygd område innafor Narvik og kyrkjestad, gnr. 45 i det gamle gamle Ankenes hd. Dette oppstod ved oppdelinga av Ofoten i 1884 og eksisterte i 80 år. I «Norske Gaardnavne» reknar O. Rygh med at Anke- er gno. Anki som kjælenamn for Arnkell, eller også Arngrim, Arngeirr el. liknande mannsnamn. Den måten å tolke gardsnamn på skriv seg frå ein epoke i utforskinga av stadnamn som vektla kva som kunne ha vore namnet til rydningsmannen på ein gard, og som tok det for gitt at folk i fortida fokuserte like mykje på individet som det er naturleg for oss å gjere. Men i dag vil namneforskarar og historikarar heller seie: «Javel, men hadde ikkje neset (lia, vika, øya) noko namn før det kom folk og busette seg der?»
Eit like godt utgangspunkt kunne vere å knyte namnet Ankenes til anka, eitt av fleire nordlandske namn på fuglen havella, men det kan òg vere eit ganske tilfeldig lån av svensk anka (tam) «and», og der er i alle tilfelle ingen haldepunkt for at havella sågst oftare på Ankenes enn andre stader i Ofoten. Like gjerne kunne Anke- vere forkorta form av gno. arnkell som namn på ørna.
Viktig er at samisk namn på kyrkjestaden og garden Ankenes er Oŋ’ká |ånka| (Qvigstad 1938: 204), les ånka, og i flg. Björn Collinders «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» vil ón’ká eller ånka seie «djupt hål i myror, hvarifrån små bäckar rinna»: Kart over Ankenes viser ei rekke slike små bekkar som kjem i dagen og så ‘dukkar under’ igjen innpå Ankenesfjellet.

Myrhol-området er nedslagsområde for både underjordiske vassårer og synlege bekkar, t.d. Mølnbekken, Vedbergelva og Sandgropelva like austafor Ankenes og mange fleire. Vanskelegare er det i dag å få inntrykk av bekkane som eingong rann på begge sider av kyrkja.
Ei interessant opplysning knytt til bekkane i området og plassering av den første kyrkja (korshuset) på 1500-talet og kyrkjegarden attmed skal i alle tilfelle nemnast: [at] «… kirkegården ble anlagt på et nes i overkant en kilometer vest for Lyngnes. Som for både Millerjordnes og Lyngnes lå den avgrenset av to bekker som møtte havet på hver side av kirkegården. I dag finner man det som defineres som Ankenes sentrum på stedet. Kirkegården ligger i dag under det som er et offentlig parkområde, et aldershjem og en bygning som inneholder veterinærkontor. Hvorvidt kirkegården har en bruksperiode forut for dens kristne tilhørighet forteller ikke kildene noe om.» («Landskapet, døden og etterlivet. – Ting å fortelle om gravene langs Beisfjord». Torgeir Nordkild, Master-oppgave i arkeologi ARK-3900 Juni 2020, s. 45).
Lenvika, tidlegare ofte skrive Lønvik, er gnr. 83 i Frosta, før gnr. 27 i Ytterøy. Dei historiske skriveformene sprikar: Linduik AB. 25, Lyndwigh NRJ II 233, Lenwiick OE 135, Lenuigh 1559, Liunguigh, Lomuigh(!) 1590, Lønuig 1610, Lønwig 1668 og 1723 (NG 15: 157), men uttalen er som for dei nordnorske Lenvik-namna. På staden er eigentleg to utgrunne vikar med eit nes imellom, men den eine vika høyrer til gnr. 34.
Lenvika, tydelegvis med Laukvika tett vestom og Laukvikheia ovanfor, heiter i flg. ØK to vikar under gnr. 85 Aune i Brønnøy. Begge er grunne og små, med djupt inngåande flatland innafor. Så er det òg Lenvika |»lænnvīka| lengst sørvest på Hadseløya, open mot havet. På fjære sjø fell der tørt eit breitt belte med leire nedi strandkanten, og du søkk ganske mykje nedi når du går utpå. Det har si særlege interesse at Lenvika ligg på garden Finnsæter.
Lenvika |»lænnvīka| er eit bruk under gnr. 26 Bogen i Evenes. Frå tidleg 1500-tal (NRJ) finst ei skriveform «Langewik», men seinare Lengigen (feilskrift for -uigen) 1567, Lenguig og Lenguigen 1609, Lennguigen 1610, 1612 og 1614 (då Leenguigen òg), attåt Lenguig 1646, Lengvigh 1647, Longuigen 1661, Lenguigen 1665, Lenguig 1667, Lengvigh 1671 – men Lenvik 1723. Samiske uttale av dette gardsnamnet er som for Lenvika i Troms, sjå seinare.
Nesten ytst i Rombaken i det gamle Ankenes ligg ein gammal buplass Leirvika, skriven Leeruig 1609, men i 1614 dukkar brått opp Lenguigen, med Leirvik i parentes! Her er ei breitt innskoren vik: Vestre delen går under namnet Slåttvika. I botn av hovudvika midt mellom Slåttvika og buplassen Leirvika ligg Lauksletta, sjå seinare.

I Skjomen i same kommune (Narvik) ligg òg gnr. 58 og 59 Lengenes (»leᶇᶇe-), altså uttalt med palatal nn. I 1723 står det «Yttre og Indre Lengenæs», i 1614 derimot Lennuigh og Lenngnes. Etter kartserien M 711 ligg Lengenes-gardane i sørkant av eit breitt nes, ved ei elvevik der eg etter sjølvsyn meiner hugse at det finst leire. I tillegg er det ei stor utleire i nordkant av det same neset, her heiter det i flg. kartet Leirosen. Innbyrdes plassering av matrikkelgardane Ytre og Indre Lengenes er i vår samanheng ikkje så viktig, det interessante er naboskapen Lenge- og Leir-. Minner igjen om skriveforma Lenguigen frå 1614 med Leirvik i parentes.
Lenvik kommune har namn etter gnr. 36 Lenvika |»lænnvīka| på fastlandet nørdst i Gisundet. Ved den garden er der ei langgrunn bukt, ulikt det som er tilfelle ved den lange strandstrekninga elles i området. Samisk uttale er Læŋ’ga-vii’ka, som jo ser norsk ut. Her finst fleire mellomalderformer, som Lengjuvik i Fornmanna Sögur og Leingiuvyk i Rimbegla, mens det i norske diplom er nytta former som Leingiawiik (og Leingiviik), Leingiavikar kirkia og Længiavika kirkia: Sisteleddet –vika(r) er her genitiv.
I lensrekneskapen 1567 står derimot Lenguig, og Lengwigen 1610 og 1614. Kor utbreidd slik skrivemåte er på første halvdel av 1600-talet elles er ikkje undersøkt, men 1661 og 1723 er førsteleddet i alle fall blitt Lend-, ei form som er tvilsam jf med målføret og dei faktiske hamnehøve på staden.
I «Norske Gaardnavne» b. 17 går Rygh som så ofte elles ut frå at førsteleddet i Lengjuvik må vere eit elvenamn, nemleg *Lengja til adj. langr. Den forklaringa er òg tatt med i Norsk Stadnamnleksikon – vel nærmast av mangel på andre tolkingar? No er det ikkje vanskeleg å sjå at diplomformene Længia- og Leingia- går dårleg saman med ei slik namnetyding. På hi sida er det heller ikkje lett å påvise noko gno. *læng eller *leng eller for den del *længi, *lengi som lar seg sameine med diplomformene.
Vi kan trygt sjå bort frå adjektivet «lang» og det tilhøyrande lengja f: «noko langt». J. A. Friis ordbok fører nemleg opp læŋga (kort æ ) i same tyding som lairre «leire». Qvigstad har forma læŋj’ga (tysfjordsamisk) «fin leire, utleire», i Folda også brukt om «dissemyr». På svensk side (Jokkmokk) tyder lænj’ka «der feine Schlamm beim Fusse eines Gletschers», men òg i forma lænjga (Arjeplog) «bløt leire eller jord som disser under en; kvikkleire», med gjeldande lulesamisk ortografi länjggá «jäslera» (Spiik), eller også som det står i Korhonens ordbok: «lerig och våt jord som gungar när man går på den».
Det finst eit anna lulesamisk ord med liknande tyding, nemleg läu’hká «(is), lera (eller vad som helst) som gungar under fötterna på en; renarna fastnar i sådan lera» (Collinder). Det er interessant av di lokalitets-namn på Lauk– i eit par tilfelle opptrer side om side med Len-namna, men er vanskeleg å vurdere av di også villauk-artar trivst på næringsrike strandsletter og langt oftare har etterlate seg namnespor.
Også førsteleddet Len- i Nord- og Sør-Lenangen kan vere same grunnordet: Desse to fjordarmane ligg i Ullsfjorden i Troms, ytst på austre landet. I den minste fjordarmen, Sør-Lenangen, er det utgrunt nok, og endå meir utprega i den store Nord-Lenangen i den delen som ligg utanfor Straumen. Uttalen er visstnok |»lenn-|, ikkje |»lænn-|. Eit opphavleg tostavings *Læŋ’ga- el.l. vil i alle fall vere særleg utsett for stavingsbortfall, då lukkelyden -ŋ- finst i sisteleddet –angen med. I dette tilfellet har NG ingen førreformatoriske skriveformer.
Norrøne skriveformer Leingja-, Længja– kan knapt vere anna enn omkasta former av sam. læn’ga, lænj’ga: På denne bakgrunnen er skriveforma Lengju– i Rimbegla og Fornmanna Sögur tankevekkande. Slik uttale har neppe vore i bruk, forma må vere laga av skrivarar som sjølvsagt visste å «bøye rett» eit tilsynelatande norrønt lengja f.
Penneføre islendingar så vel som nordmenn i mellomalderen må ha reagert på ukjent samisk språkstoff plent som dei danske gjorde lenger fram på tida, når dei råka ut for ravnorske namneformer: Det fall heilt naturleg å ty til den målestaven dei hadde nærmast for handa og «rette» avvikande former etter lydreglar, ordtilfang og grammatikk dei kjente frå sitt eige morsmål. Ikkje det, kunne dei som seinare skulle lese det skrivne, lett komme til å tru at det var ei kløne som i si tid hadde ført pennen!
Det var i den tid som seinare: Når dei gjorde eigne språkmønster og -reglar gjeldande for eit anna språk, synte dei berre kva språksamfunn dei sjølve var medlemmer av og var lojale mot, kva folkegruppe som var statusberarar og hadde rett til å normere. Derfor må vi vente å finne ein del fleire forvanska samiske namneformer også i førreformatoriske norske og islandske kjelder enn det norsk historieoppfatning går ut på, tradisjonelt.
Ei anna sak er at «vik» er eit temmeleg utbreidd innlån i samisk, som sisteledd –vii’ka i samansette namn (Qvigstad, app. nr. 907 med tilvisningar). No ser vi at også sjølve samansettinga læŋ’ga-viika om ei leirvik har vore relativt vanleg. Det er visst eit klårt vitnemål om nærværet til sjøsamane i nordnorsk historie, frå så langt att i tida som våre kjelder når.
Nyredigert etter Håløygminne 3-1986
Litteratur:
O. Rygh: Norske Gaardnavne b. XVI – XVII.
J. Qvigstad: De lappiske stedsnavn i Troms fylke», og De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker.
J. Qvigstad: De lappiske appellative stedsnavn.
J. A. Friis: Ordbog over det lappiske Sprog.
O. Korhonen: Lulesamisk/svensk – svensk/lulesamisk ordbok.
N. E. Spiik: Lulesamisk ordbok – svensk – samisk. Nyredigert i høve til Håløygminne 3-1986.
Om gards- og soknenamnet Korgen (trad. ‘kørjen, ‘kårjen) i Hemnes er sagt: «Navnet findes ikke andensteds. Det har udentvivl Hensyn til den store og skarpe Bugt, som Røssaaen her danner, hvorved den omslynger en lang, jevnbred Halvø, hvorpaa Gaarden ligger. Det er vel beslægtet med Korga f., Vidjering (se Ross)». Så langt etter O. Rygh (NG 16: 137).

Korgen er då samanlikningsnamn, pga. dei store svingane i elva Røssåga – men er det rett? Mest typisk for Korgen er den lange, flate Korgauren der det var gammalt kornland, Auråkeren, jf gno aurr «grus, sandjord, gjørme, leir». Hemnes og Rana har talrike lokalitetar av same slag (øyrer, delta, elvegrynningar) med hovudledd –auren. Kommunane har begge ein matrikkelgard Auren òg.
Nordsam. guor’go blir omsett med «øir som overfløes» (Qv 1944 nr 352), jf lulesam. guorgoj (guorgoi, kuorkoi ol.) «stenig, fuktig, långgrunn strand» (Korhonen, Spiik), då især «stengrund (över vattenytan)», i Arjeplog også om «Steinhaufen im See, wo die Fische laichen» (Collinder 1964).
Kor langt sør ordet når veit vi lite om, men på akse sør-nord ligg Korgen nokolunde på line med Arjeplog og Malå, og Malå-samisk, den nørdste greina av sørsamisk, har ordet i (unormalisert) skriveform –kuorhkú «steingrunn i innsjø» (Qv 1944: 352). Pga. den meir allmenne tydinga ‘grunne i elv eller sjø, øyr’ kan seiast at Korgen eller Korga i Lillehammer med sine sletter, elvegrynne og -greiner er landskap som minner mykje om Korgen i Nordland. Altså ei sanning med modifikasjonar at «Navnet findes ikke andensteds».

Lulesam. guorgoj har ei anna tyding òg, «upphöjd, torrare mark i myr» (Korhonen). Det ser ut til å vere relevant for fleire lokalitetar med namnet Korga sørpå, der det er tale om skrentar og kantar i motsetnad til flatare og dels myrlendt terreng, t.d. Korga i Fræna. Dei som måtte ha lokalkunnskap om lokalitetar med dette namnet kan no kvar på sin stad gjere seg opp meiningar om det. – Her vil vi no innskrenke oss til å ta med dalen Korga med dei såkalla Korgpallan nedanfor ved Levang, Leirfjord i Nordland. På kart og foto er det siste namnet litt slumpesamt plassert, men kartet viser nokså klart terrengsamanhengen.
Det rabbforma fjellpartiet Storkorken–Ørneskorken i Sørfold heiter Guorkoj på lulesamisk: «Det norske namnet kjem av det samiske, som tyder «steingrunn som stikk opp over vatn», seier Norsk Stadnamn-leksikon: Utan opplysningar om kva type vatn det er tenkt på blir det ei litt kryptisk forklaring. Men fjellet ligg ovanfor Ørnes og Ørnesmoen nedmed fjorden, så det samiske namnet er truleg blitt «omplassert»: Som i Leirfjord sitt tilfelle ser det ut til at «upphöjd, torrare mark i myr» gir betre meining enn øyr i vanleg meining. Her var nok namnet opphavleg mynta på den høge og platåforma Ørnesmoen. No kan det verke litt inkonsekvent at eit samisk alternativ er nemnt her, medan Korgen i oppslaget framfor blir forklart med den tradisjonelle «vidjeringen». Årsaka er vel helst at namneartiklane har ulik forfattar, ein med norsk og ein med lulesamisk bakgrunn, og sjølve fornorskinga frå Guork- til Korg- forvillar lett vår forståing.
Ein bratt bakke fører ned til det vegkrysset der vesterålingane og lofotingane enten svingar ned til Lødingen sentrum for å ta ferja over Vestfjorden, eller eventuelt tar av til Harstad. Staden er litt for godt kjend blant bilistane når dei skal motsett veg især. Bakken heiter Kåringen på norsk, på samisk Goregak eller Gurega. Det kunne minne om sørsam. guoredh v. «følgje, følgje langs med», men trass i vokalismen er det meir sannsynleg at der er samanheng mellom namnet Kåringen og lulesamisk kår’ñot = goarññot ‘klatre’, på nordsamisk goarŋut. Dagens riksveg går litt i sørkant av den avgåande ryggen som namnet eigentleg gjaldt, dvs. namnet har fått utvida innhald. Jf. òg Gornitak i Nesseby i Finnmark, etter lokalutt. rettare Gorŋetak, forklart som «stad der ein kan stige eller kjøre opp». Vi tenker om gamle ferdelshinder – enten det er Drøbak (Drjúgbakki) eller det vanlegare Hestsprenga o.l. – at «det var før det, og itte nå». Men framleis hender det at norsk lende trassar hestekreftene og tvingar bilføraren til å vere ikkje berre tålmodig, men også til å tenke litt på korleis dei hadde det, som følgte same reiseruta lenge før nokon veg fanst.

Nyredigert etter Håløygminne 1991 og 2011.
Magnus Røger har i Håløygminne 1943: s449 ein historikk om garden Vidrek i dåverande Ankenes hd. Den blir innleidd med eit oversyn over gamle skriveformer, i hovudsak henta frå Ryghs «Norske Gaardnavne», men supplerte med enkelte former frå tida etter 1723: Vi kan seie, forenkla, at blant dei eldste formene dominerer –rek, –reck, men vi finn óg Wirach i 1612 så vel som Wirack 1610, 1614, 1647 og 1661.
Om uttalen fortel Magnus Røger: «Navnet uttales, som bygdens dialekt er, med stum d og æ-lyd, altså «Viræk», og man må vel gå ut fra at denne uttale, som har gått i arv fra slekt til slekt, er den riktige. Å anvende den nuværende skriveform «Vidrek» uten å benytte bygdens dialekt er uriktig. Navnet skal under alle omstendigheter uttales «Viræk».» Så langt Røger.
Det er kjent nok at Rygh ville tolke namnet som ei sms av gno. viðr m «skog, ved» og gno. reki m ‘stad der ting plar reke i land’. Røger gir sin skepsis til kjenne: ‘Hvad angår O. Ryghs tydning av navnet, så vil jeg ikke bestride riktigheten, men tilføie flg. bemerkning: I en skogrik bygd som Ofoten har drivved ingen betydning hatt, i den utstrekning at en gård kunde ha fått navn deretter. Og dessuten forekommer der ikke drivved i fjorden, da denne er en lukket fjord som ikke har store elver som kan føre med sig skog og ved. Tydningen av navnet høres derfor unaturlig ut for bygdens folk».
Røgers eiga tolking er at Vidrek inst i Ofoten først var ein «vidrekkende» gard som femnde om dei vide områda innanfor som endå ikkje var busett, og det er sikkert rett i sak, men den språklege sida av dette er så problematisk at det må vere rett å kalle det for ein folkeetymologi.
Derimot blir Røgers reale innvending mot tolkinga i NG ståande med full tilslutning frå lokalkjende, i samtid så vel som seinare. Har sjølv hatt høve til å kjøre langs Vidrek-strendene på ein godversdag, innstilt på å finne ut noko meir om drivvedteorien, og han forblir lite tilforlatelig. Som andværing og vesteråling er eg vél van med å legge merke til korleis landskapet ser ut på slike stader der rak vil samle seg, t.d. i Rekvika mellom Stave og Bleik på Andøya. Men Vidrek har eit heilt anna landskap: Det som framfor alt dominerer synsinntrykket når du fer frammed landet, er vide utgrynne el. leirer som fell tørre på fjæra sjø. ingen ting kunne tyde på at der var drivved-plass.

Ei heilt anna forklaring byr seg fram, nemlig at sisteleddet –rek el. rettare sagt –ræk (lang æ) kjem frå eit terrengnemne som svarar til nord-sam. rækča (variant ræjča), som tyder «utleire» eller rettare berre «utgrynne», ettersom det både kan vere tale om laira-rækča (dvs av leire), og saddo-rækča (av sand), også kalla sattie-lairie. Det sentrale blir då utleire som landskapstype og ikkje leire som materiale. Det er tydelegvis den digre Vidrekleira som har gitt garden namn!
Korleis kunne eit opphavleg samisk naturnamn bli til norsk Vidræk, Vidrek? I flg. Qvigstad er samisk form av namnet rett og slett Virek (lang i og e), genitiv Virega (Qvigstad), men eit avgjerande argument mot forklaringa eg vil skissere er neppe det. I nordlandske gardsnamn synest ofte nok å ha gått føre seg ei utvikling a) samisk namneform b) eit norsk innlån og tilpassing av det samiske namnet c) samisk tilbakelån + tilpassing av det «norske» namnet.
Det nordiske ‘vid’ adj finst som innlån i nordsamisk (viidis) og lule-samisk, jfr. òg lulesamisk viita adj. «vid, med stor utstrekning». Kva alder innlånet har, veit vel ingen, kjenner iallfall ikkje noko døme på at det er brukt som førsteledd i andre samiske stadnamn.
Som førsteledd i sørsamiske stadnamn opptrer ordet med former som vir-, viri-, virisch-, viris-, virisj-. Også førsteleddet Vi(d)– vart vel oppfatta som samisk, om det så må vere innlån frå nordisk. Elles er vår kunnskap om dei nordlandske sjøfinn-dialektane fragmentarisk. I dag er fjorden Ofoten vestgrense for nordsamisk språk på norsk side.
Vi kan bruke rækt(s)ja som annan stavemåte for rækča (reakča), dei norsktalande høyrde vel like snart *rækja. I hundreåra då uttaleformer vik-ja, brok-ja osv var einerådande i ofotdialekten må eller kan ei norsk tilpassing ræk-ja av sam. rækča ha glidd inn i same kategorien, endå ordet slett ikkje er eit einstavings norsk hokjønnsord.
Gåtefullt – eller kanskje ikkje? – er at falsk bunden form *Vidrekja, som vel eingong fanst, ikkje heldt seg med endinga -a, slik som namn på -vika, -øya osv. Årsaka var truleg at det ikkje finst noko norsk ord (ei) *rek, b.f. -reka. Skriveforma «af Widrekom» hos Aslak Bolt så vel som varianten Vigerecke frå ca. 1520 tyder likevel på at namnet eingong fanst i trestavingsform – som skrivarane søkte å normere så godt dei forstod, enten dei tydde til norsk eller dansk. At hevdvunnen uttale Viræk med lang og, brei æ også kunne forståast som Vidrak på godt dansk er i den samanhengen ikkje det slag overraskande.
Tidlig på 1900-talet (lat årstala vere usagt) vart Vidrek postadresse. Seinare er denne avskaffa, som så mange andre.. Detaljane i ordskiftet om den sak er meg ukjende, og isolert ville dei nok ha avgrensa interesse. Fleire gonger har eg nemleg fått høyre, utan i det heile å ha spurt om den sida av namnesaka, at strid om stavemåten mykje godt var eit spørsmål om kven folk ætta frå: Om dei var innflyttarar eller folk som var ofotingar i alle kjente ledd, altså i større grad eit sosiologisk enn eit filologisk spørsmål.
Framleis er det visst ein del kjensler knytt til dette gamle namnespørsmålet: På 1980-talet visstnok var det i ei lokalsendingh frå NRK Bodø meldt at om eit «privat initiativ» (ↄ: sprayboks) i form av sprayboks for å «rette» Vidrek til Vi(d?)rak.
Kor ironisk blir det ikkje då, vel å merke dersom namnetolkinga skissert framfor er rett, at begge partar får like mykje/like lite rett: Sisteleddet med nedarva uttale –ræk kjem frå samisk rækča, som med moderne nordsamisk stavemåte skulle bli –reakča. Er så Vidræk alias Vidrek/Vidrak i dag eit norsk eller samisk namn? Det kunne saktens bli eit interessant ordskifte.
Nyredigert etter «Håløygminne» 1 – 1991
Sløynnemyra |»sløᶇemy:rå| ved Knyk i Sømna var ei diger blautmyr, med pøyler og sumpar, men store delar av ho er tørrlagt og dyrka. Jf ss sluntje (sjlunjdje, sjlünjdje): vassdam, pytt, i anna dialektform slååntje (sjloondje): skikkeleg blaut myr, vidare slïntje: større og mindre vasspyttar her og der – og slïntje–pluevie: blaut, slett starrmyr med få tuver (Bergsland og Magga), også stava sjl’lïndse-bluövie “ebenes, nasses, mit Riedgras [= storr] bewachsenes Moor’, “nasses, wenig höckeriges Moor’ (Hasselbrink).
I tilfellet Sløynnemyra(n) har tydinga ‘myr’ halde seg, men tidt er samanhengen fordunkla: Sløynna som namn på ein ås ved Geiterøyvågen i Rødøy kan vere opphavleg namn på myra attmed. Når Sløynna eller Slønga blir oppfatta som eit anna namn på Rangsundtuva i same kommune, er det kan hende eigentleg namn på alle myrpyttane i området tett aust og nord for tuva.
På vestsida av Meøya i Røst er Sløynnpurka anna namn på Løynkeila, ein tang-grodd fløval så vidt roande på full flo, men tørr med berre enkelte pyttar på stiv fjære; –purka er norsktilpassa frå dialektisk samisk buorka «smalt, kort sund». I Myken i Rødøy har dei det ureine området Nord- og Sør-Sløynna der det no er bygd molo over. Sundet Sløynna i sørkant Oterholmen i Rødøy er også ureint og trongt. «Grumsut» og grunt er det dertiul ved skjera Nord- og Sør-Sløynna ved Moholmen, Skjærvær i Meløy, og Sløynna tett sørom Skjærvær i Vega er ikkje det slag likare, etter det flyfoto viser. Uklart er det evt. sambandet mellom sørsam. sluntje og slïntje og sjlieŋú, sjlienjú «langgrunn, utgrunn, lite djup» (oslo 196, jf. slenjo, Lex Lap), men den siste tydinga er dekkande for både sunda, skjera og holmane som nyss er nemnde.
Uttalen av lokalitetsnamna Nord- og Sør-Slynda i Bolga i Meløy der held på ein uttale med y, i Åsværet i Dønna er det likeins ei øy som heiter Slynda, dativ Slynden (på kartet Slyng-), men uttalen med ø dukkar også opp hos enkelte. Kan hende det berre eit generasjonsspørsmål før denne blir vanlegast. – Innslaget av tangvalar og grunne tjønner er særleg stort for Høgslynda sin del.
Norsk skriveform for fleirtalet av desse namna treffer ikkje så godt enten du skriv Sløynna, Slønda eller Sløngja: Den første fungerer nok best, for så vidt at han gir assosiasjonar med tjøynn (med palatal n) for tjønn, tjørn. Iblant har uttalen blitt til Sløng– med «hard g», som for Slønga på Rangsundøya i Rødøy, Sløngli-tjønna og -heia i Bjugn kan òg nemnast. Inn og sør i landet rår visst forma Sleng- frå slïntje, t.d. Slengslåttlia i Levanger og Slengflolia i Lierne, dertil Slengtjenn og Slengtjenn-myra i Eidskog og myra Slenga i Aurskog-Høland og aller sist Slengfemosen i Oslo kommune – les *Slengfenmosen.

Slynga som namn på ein ås i Rødøy har klart nok fått sitt namn frå det grunne og grumsute myrsøkket attmed. «Norgeskart».
I aller inste delen er Sigerfjorden i Sortland trong: Han er delt av det krokute Vangpollneset. Neset hadde frå først av truleg eit samisk namn Vagŋe «krok, bøyg», og det passar for så vidt også for eine fjordarmen, Austpollen. På sørsida av botnen i den eigentlege Sigerfjorden – ikkje medrekna Austpollen og Vestpollen – ligg matrikkelgarden Spjutvika.
Gl. former av gardsnamnet er Spiutvig og Spiudtuig 1567, Spiuduigen 1610, Spiuduig 1613, Spydvigen 1614, i små avvik frå dagens offisielle skriveform. Meir avvikande er namneformene ein finn i husmanns-, leiglendings- og leidangslister: Spituig 1618, Spøtuig 1619, Spøtuog! Spittuogh, Spøtteuigh 1620, men Spyduogen 1623, Spiuduigen + Spudsuig 1624, vidare Spytuigh 1647, sistpå også Spiudwich 1661 og Spiutviigen 1723. Mange av formene vart truleg kopierte på det viset at den som skreiv nye skattelister, henta gards- og personnamn frå dei tidlegare, så det tok lang tid før gamle feilskrivingar var retta opp.
Skrivemåten Spjut– har fått folk til å sjå etter spjut-liknande innslag i landskapet, svarande til Spjutneset i Hamarøy, men utan overtydande funn. No kunne Spjut- vere omtolka frå noko så nærliggande som ‘sput’ om blekksprut, akkar, men han er lite stasjonær og går ikkje oftare i stim i Spjutvika enn andre stader. Så avsporinga(?) Spøt– o.l. må ha ei anna årsak.
Her må vi røpe at norddelen av Spjutvika både heiter Nordvika og Spøttvika , med ei fin kjelde like over flomålet, i Hundholmsundet mellom Spøttvika og Husvika. Ho var vel viktigast for dei som budde nær og hadde dårlegare tilgang på vatn enn naboane; i tørrsomrar var heile grenda der for å ta klevask og hente matvatn. Grunnen i området er berre fjell og morene, det er tungt å grave brynnar der.
I Stø i Langenes hadde dei ei segn knytt til valen mellom Valholmen og landet: Gamlingen (hinmannen) gav seg til å grave kanal innom Valholmen, men då det bar så mykje fram, oppdaga han at der alt fanst opning, og då spøtta han! Spøttet blei til ein stein som heiter Spøtta. – Det er heilt klart at segna er blitt til for å forklare namnet, endå så konstig det lyder at spytt skulle bli til stein! Her er sannsynlegvis ei kilda.

Der er oppkomme nok i Spjutvika. Kartverket.
Spøttvika går sikkert tilbake på eit gammalt spøtta, som er forventa målførerett uttale av ei spyta i tydinga «Vand-Aare, Kilde», som Ivar Aasen fører opp med lang y, frå Mo i Telemark, også i forma uppspyta «kildespring». Spytten i Tinn er ei typisk myrkjelde. Ordet er òg kjent frå elvenamn, jf Spøtta i Steinkjer (Norske Elvenamn: 244) og har nok gjennomgått same form-skifte som i Sortland, jf. Spjutnesodden i Brønnøy og Spjutøya i Rødøy: På begge desse stadene er innslaget av vasspyttar langt meir karakteristisk enn spjutform. Det finst også eit verb spyta (om bekk) «svelle opp av frost, kjøve» (NO 10: 1107).
Namnet på kjelda i Sigerfjorden kjenner vi kun indirekte, via namnet Spøttvika, endå ho må ha vore høgt verdsett. – Merk: sigger, segger var eit ord med liknande tyding. Var også folk frå gardane Sigerfjord og Haugen i Spøttvika og henta vatn?
Samisk uttale kunne utan større tvil bli Spiht– (sml. skriveformene på Spit- og Spitte-) eller også Spuht-, dvs. norsk y vart enten til i eller u i samisk. Jf. samiske uttalevariantar av bytta = bøtte (Lehnw. s. 109) så vel som It’ter-staddē for Ytterstad i Lødingen, osv.