Loppa, Láhppi

Øynamnet Loppa var eit sjølvsagt innslag i ordforrådet til for meir enn ein nordnorsk fiskarglunt. Det var viktig å kjenne Finnmarkleia og landemerka der. Det var også ein prøve for mang ein skårunge om han kunne gjette denne snåle gåta: «Den 12. mars (gregusmess) skal tjelden vere på Loppasanden, daud eller levande». – På Loppasanden skal det nemleg vere ein stor stein som blir kalla Tjelden. Kan godt hende at skårungen slett ikkje hadde peiling og vart narra til å gjere eit skårungstykke, men i det minste sat øynamnet Loppa spikra i minnet for ettertida.

Loppa |’låppa| er oppfatta som det norske namnet på øya, men tonelaget er altså som i bunden form av klopp (bru) og tropp (flaskekork). Utanfor Finnmark får namnet fort tostavings tonelag, som om det er tale om insektet!

«Vanskeleg å forklare», seier Norsk Stadnamnleksikon, som bl.a. nemner isl loppa f «pote, stor og klumput hand, labb». Utenkeleg er den forklaringa slett ikkje, men då bør ein vel helst sjå øya ovan ifrå?

Legg merke til den framskotne posisjonen Loppa (raud markør) Loppa har mellom fjordane. «Norgeskart».

Ein skal i staden merke seg, med tanke på sjøferdsel, at Loppa ligg på ytste snaget mellom Kvænangen i vest og Sørøysundet / Stjernsundet i aust. Den som kjem austfrå, vil sjølvsagt legge merke til at også nordspissen på Silda (Sild-mylingen, dvs. -myling ‘liten mule’) stikk langt nok ut, men av alle oddane som kjem på rekke og rad, rekna austfrå, er Loppa det siste utstikket. Det synest ha mykje for seg å tenke på ns loahppa «slutt, ende».

Láhppi heiter øya på samisk. Namnet er ikkje blitt tolka, så vidt kjent, men for samisktalande er det naturleg nok å tenke på ns láhpi «bred, flat avslutning av en gjenstand, når den danner en vinkel med den øvrige (lengre) del av gjenstanden; juolgeláhpi fotblad» er naturlege. Det er vel same ordet som ls sláppe «bred, platt ända (avslutning på ett föremål», blad (på föremål)», nærslekta med slab’ba «stor, platt horngren»? (Korhonen begge), Merk her også ls slabba (-bb-) «brett, platt föremål» (Spiik). Det synest gje meining med tanke på sørenden av øya.

I avsnittet framfor er skissert ei sjølvstendig forklaring på namnet Loppa, men det er også slik at ved innlån i tidleg norrøn tid av det samiske namnet Láhpi vil á naturleg gå over til å på norsk tunge samstundes som øynamnet med tida fekk ny ending -a, også av di det er øynamn.

Láhppi alias Loppa.