Eipholmen

Eipholmen er ein av dei talrike holmane og småøyane kring den større Blomsøya i Alstahaug. Namnet er eineståande og gjer effektiv motstand mot forsøk på rimeleg tolking. Eipholmen i sør og Slåtterøya i nord heng strukturelt i hop. Ei grunn vik med ein trong val kilar seg inn imellom: Vika er ikkje namnsett på sjø- eller landkart. Ankerplassen er avsett i sundet mellom Slåtterøya og Hestøya litt nordafor. Vi må gå ut frå at også vika mellom Eipholmen og Slåtterøya var brukande for små farkostar.

Korleis kan namnet vere å forstå? Det norrøne ey hadde ein litt annan lydkvalitet enn ordet “øy” har i dag. Både i Alstahaug og i nabokommunen Herøy redusrerer ein gjerne –øy– til berre –i- eller –y– i ny sms. Brasi-straumen, Halty-våjen. Den smale vika i søre del av Slåtterøya er ein hop (gno. hópr m): Han stod for tanken som ein *eyhópr. Sørenden av øya kom i neste omgang til å heite *Eyhópholminn, med tida samandrege til Eipholmen. Ved eit tradisjonens lune vart sjølve *øyhopen skubba ut av minnet.