Syvde

Norsk Stadnamnleksikon gir flg. orientering om Syvde i Møre og Romsdal i artikkel signert Oddvar Nes: «Syvde [»syvdiᶇ] i gen. [syss-], sokn, po. og tlf. i Vanylven kom. – Prep i, innbyggarnamn syvding. «j sybde» (dat.eint.) ca. 1430. – norr. *Syfðir m, opphavleg fjordnamn med tydinga ‘den krokute, bøygde’ (etymologisk samband med svive vb og sveiv f). … Til S. er laga Syvdsfjorden [syss’fjå:riᶇ]».

Slik er Syvds- eller Syvdefjorden på form. Norgeskart.

Vel har fjorden ein markert bøyg, men det er ikkje tale om noko som rører på seg eller skiftar form. Hypotesen om fjordnamnet *Syfðir nærslekta med svífa v og sveiv f overtyder ikkje utan vidare.

Oluf Rygh nemner i Norske Gaardnavne frå Rovde sokn gnr. 103. Søvdsnes. Udt. s,y´ssnes. – Seuffdesneß 1603. Søffdenes 1606. Søuffdesneß 1617. Søffdenes 1666. Søfsnes 1723. *Sybðisnes sms. med Gen. af Fjordnavnet Sybðir. Se ovf. under Sognenavnet Søvde. Gaarden ligger paa et fremstikkende Nes paa Østsiden af Søvdefjordens Munding».

Det er som kjent så at fjordar tidt har namn enten av ein lokalitet i botnen av fjorden, eller òg ein lokalitet i eller attmed fjordopningen. Neset på austsida av fjordkjeften stikk seg såpass ut, i dobbel mening, at det nok kan vere den primære namneberaren, men i uendra form vart det også namn på sjølve fjorden og garden i botnen? At det seinare kom til presiserande namn på –fjorden, –neset er ei anna sak.

Syvdsneset har særmerkt form. Norgeskart.

Sørsamisk siejbie tyder både «Schwanz, Schweif (jedes Tieres, auch der Vögel und Fische) ‘allg. ‘Schwanzbein», dvs hale, rove, stjert, svans, vél osv, og allment halebein både hos dyr, fugl og fisk (G. Hasselbrink III: 1128f). – Andre skrive­måtar er siejpie og tilmed siipe (OSLO 191).

Særskild interesse i samanhengen har forma i akkusativ og illativ flt., seejb’ide (utt sī’pite), brålik skriveforma ‘j sybde‘ (mlno dat. sg) ca 1430. Jf her ‘a Biridi‘ 1340 for Biri i Oppland og Tessede for innsjøen Tesse – og dertil neste illustrasjon.

Halebeinet hos menneske.

Sunnylven, Sykkylven og Vanylven.

Under oppslagsorda innylfi og innyfli (m/ variant -ifli) i Johan Fritzners gl.norske ordbok er oppført andre sms ord som viser likskap med dei ml.norske formene av tre bygdenamn på Sunnmøre (b. 2:213f).

Det meste går att hos Oluf Rygh i NG: «Om dette –ifli lader sig ellers kun sige, at vi sandsynlig ogsaa har det i Fællesordene innifli (Indvolde), dauðyfli (dødt Legeme), vanyfli (Vane) og i Folkesprogets Vardyvle (Fylgje, Følgeaand), der alle er Intetkjønsord. Dets oprinde­lige Betydning er endnu ikke oplyst.»

All den tid tolking av dei tre bygdenamna frå Sunnmøre var uviss, var det naturleg å få med seg språkstoff som kunne vere til gagn i så måte, men no er det meir på tide med utskiljing.

Irrelevant?

Til same ordgruppe blir summarisk òg medrekna innifli «innvolar», men gjennomgåinga hos Torp av dette ordet i jf med andre nordiske variantar tyder ikkje på meir enn heilt tilfeldig likskap med etterleddet i bygdenamna. Det same gjeld sjølvsagt for vanyfli n i tydinga «(sed)vane», då også om vanyflasótt.

Norr. dauðyfli «åtsel» skulle det vere mest naturleg å jf med tysk Übel n ‘noko vondt el. ilt’, som adj übel ‘fælt, plagsamt’ o.l. = ubil i gl.høgtysk, gotisk og angelsaksisk. Jf også gl.eng. yfel og nyeng. evil. Her skal heller ikkje gløymast at nederlandsk euvel tyder ‘problem, noko som ikkje er som det skal vere’. Kunne det passe òg for nyno. vardyvle «fylgja»? Det svenske motstykket til vardyvle, vålnad, sette Alf Torp i samband med norr. var(ð)naðr «beskyttelse», men i folketrua hadde kanskje vardyvle lik vardøger meir negative kvalitetar enn som så?

Kva med Þunnifli??

Om gardsnamna Tynnøl i Lesja og Tønnøl i Bjugn seier NG: «Þunnifli, sandsynligvis Intetkjønsord. 1ste Led kan neppe være andet end Adj. þunnr, tynd, og kan tænkes at sigte til tyndt Jordlag». – Lenger enn det går ikkje Rygh, men kan det beintfram vere tenkt på eit norr. *myldi om jordlag? Torp nemner eit norr. mylda «dække med jord» og fær. mylda «jevne akermulden», og Ivar Aasen kjente same verbet i forma milde frå Sunnfjord. Velkjent i nord er òg lausmildt for –myldt. Garden i Bjugn er berglendt og tvillaust *tunnmyldt, og på garden i Lesja viser eldre ortofoto at noko av jordlaget er utsett for bekke-erosjon. I eit opphavleg *Þunnmyldi ville i alle fall skje lydjamning –nn-m– > –nn– så å seie omgåande. Utenkeleg er ikkje at ordflokken på –ifli etterpå ‘drog til seg’ desse to namna.

Tynnøl i Lesja 1971, detalj. Norge i blder.

Gjennomgåinga er er summarisk, men viser likevel at bortsett frå gardsnamnet Þunnifli er desse sms orda på ifli, yfli o.l. til svært lita nytte under evt tolking av dei sunnmørske bygdenamna.

Nyare omtale

Dei er då også sløyfa i nyare drøftingar av bygdenamna i Norsk Stadnamnleksikon, som presenterer bygdenamna kvar for seg – men som også utan nærmare grunngjeving slår fast at alle er opphavlege fjordnamn.

I oppslag Vanylven |van’ylviᶇ | [dat. |van’ylva] er sagt at ‘andreleddet er –iflir, som i Sunnylven og Sykkylven’ og under Sunnylven |syᶇᶇ’ylven| seiest at ‘andreleddet –iflir er meir uvisst — men rimelegvis er det eit eldre *viflir m lågt, fuktig lende og siktar såleis til området på Hellesylt’.

Oppslag Sykkylven |syᶄ’ylven| seier bl a at ‘førsteleddet er nok gno sik n lite stilt vassfar, lita vik, dam’.

Hovudinnhaldet i desse oppslaga går att i Store norske leksikon, men då utlagt såleis at -norr. iflir, ‘lågt, fuktig lende’ siktar til Sykkylvsfjorden! Som vi ser, det sprikar noko, og forma –iflir som skal konkretisere teorien om fjordnamn er ikkje historisk dokumentert.

Nye namnefakta

Enklast er å sjå på det hypotetiske *viflir ‘lågt, fuktig lende’ presentert som hankjønnsord, utgangspunktet må ikkje vere så hypotetisk: Ei sideform til vaðall ‘vad, vadestad’ var veðill m. Den forma med same ml.norske overgang ð>v mellom vokalar, dukkar opp i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy) og Vevlen i Halden, attåt Veflen i Vang i Valdres, og det stoppar ikkje der.

Historiske skriveformer av ei rad gardsnamn viser at veðill ikkje sjeldan fanst i ei sideform viðill >vivel, her òg med mlno. overgang ð > v og tilmed i varianten vifl– istf vivel-, vivl-, sml Veflen som nyss er nemnt. Frå Åmot på Hedmark må nemnast gnr 21 Vivelstad |’vīvelsta| skr. Viffuelstad 1593 og Wiffuellsta 1604, Wiuelstad 1616, Wiffuelstad 1667. På Hedmark ligg også Løten gnr 160 Vivelstad |»vīvelsta| skr. Viffuerstad 1669 og Wifverstad 1723! Dertil ein lokalitet kalla Vivelstad i Ringsaker nær Vivelsbekken og Vivelstjernet.

Vivelstad i Ringsaker. Norgeskart.

Liknande skriveformer, om enn inkonsistente, oppviser gnr 39 i Lier (Buskerud) Viulstad |»vīułsta|. For Vivestad |»vīvesta| gnr 114-115 i Ramnes >Tønsberg (som òg var soknenamn) var skrivemåten Viuil-, Viuel- tungt inne på 1400- og 1500-talet, men seinare kom skriveformer som tyder på at det epokevis var sagt både Vivi-, Viva-, Vivæ- og Vive-.

Viveli i Etne kan forståast som vivel-li, legg merke til vadet.

Vivlemo gnr 26 i Konsmo (no Lyngdal) har ei forvrengt skriveform Vrefflemo på 1550-talet, så kjem Vefflemo 1594, Vifflemo 1612 og 1619, sist Weblemoe 1668 og 1723. Her er inkonsekvensen i skriveformene størst.

Vivesøl |’’vīvesøl| er gnr 18 i Holt, no Arendal. Skrive-tradisjon går på Viffueßell 1593, Wifuesell 1601 etc, Wiffuesild! 1626, Øvre Wiifuesell 1670, Øvre Wivesøl 1723. Rygh, som konsekvent tyder forleddet i Vive(l)-namna som mannsnamnet Vifill, forstår Vivesøl som ’Vifill sitt sel’ (sæterhus), men lendet er av den art (jf Vivesølmyra) at forleddet eller var viðill > vivel med l-bortfall medan etterleddet er sel ’stillelv’ (jf -sild 1626).

Kva så med bygdenamna?

Når vi så i Sunnylven sitt tilfelle får seg presentert eit hypotetisk *viflir ’lågt, fuktig lende’, tør vi korrigere til *vifli, og lydovergang til -yfli ville lett nok skje der. At namnet viser til Hellesylt-området er plausibelt, for val <norr vaðill, veðill, viðill osv tyder tidt ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’ mm (NoStl). Sjølvsagt vil det i hovudsak gjelde for alle variantar av vaðill > val.

Hellesylt 2024. Norge i bilder.

Derimot treng ikkje Sunn- uttala Synn– å gå på retning. Det ligg ikkje fjernt å tenke på ei ord som tilsvarar ns suotnju ’grasmyr, flat blautmyr utan tuver el. bekkar el. ope vatn, men med starrgras’. Termen er lett påviseleg i andre gardsnamn i sør, som Sønju, Sutnøy, Ermesø og Vitterse.

Sykkylvsvadet ligg uventa langt vest for dagens Sykkylven.

Meir uvisst er vel at forleddet i Sykkylven er sik n ’lite stilt vassfar, lita vik, dam’, då det heiter i Sickifli to ggr. år 1325. Det er langt større grunn til å vektlegge at bak Sykkylvsvadet ligg eit vidt myrområde med bekker og tjønner, så sjølve bygdenamnet synest her å ha fått eit tillegg –vad for å forklare kva som ligg i det historiske ifli. Sykkylvsvadet er ein nokså trong opning i åsrekka tett austom Hovden, men langt vestanfor området som i dag heiter Sykkylven. Merk at forleddet også i si eldste form Sick– høver med ss siegkie ’smal, grann’.

Eit ope spørsmål er om Sykkylven eigtl. var halvøya der Sykkylvsvadet er å finne, eller om det òg finst eit anna Sykkylvsvad? Då blir det ikkje lenger eit spørsmål om namnegransking, men om lokalhistorisk nytenking.

Vanylven har til sisteledd det same –ifli som dei andre bygdene. Det kartet kallar Vanylvsfjorden er ei utgrunn bogeforma strand inst i Vanylvsfjorden med grumsut leire frå osen i Fiskåa (Storelva).

I nordenden av den stranda var den frittliggande Fiskåholmen før skild frå landet innom av ein brei val. Valen og strandstrekka fortener klart merkelappen –ifli, særmerket til Fiskåholmen var den krokute ytterenden.

Vanylvsfjorden og Fiskåholmen 1965. Norge i bilder.

Forleddet Van– peikar heilt tydeleg mot eit samisk ord særs likt ls vagńa ‘krok att föra undan gryta från elden med’, dvs grytekrok. Ordet er ikkje uvanleg i stadnamn-laging, men i innlån til norsk oppstår mykje formsprik. Lydutviklinga er her er den same som for det endå meir krokforma Vanneset i Etne (neste).

Vanneset i Etne. Norgeskart.

Beiarn – ein båg fjord

I Årbok for Beiarn 1983 skriv Karl Solberg om «Ei natt på Beiarisen». Det er tanke­vekkande å lese flg. ingress: «Minner og historier fra Beiarisen kunne fylle mange bøker. Det er alt fra muntre replikker, dumdristige personer, minneverdige bragder og slit til tragiske hendelser. Så stor rolle som isen i Beiarfjorden har spilt opp gjennom tidene, må vi regne disse historiene med som en viktig del av bygdehistorien. Isen og problemene med den må jo ha preget oss – ihvertfall krevde den atskillig av mot, tålmod og krefter. Vi regner med nye historier fra isens saga så lenge vi gir ut årbøker».  

«Norske Gaardnavne» fortel at Beiara var den einaste velkjente dialektform av namnet. At dette vart normalisert til Beiarn er ei soge for seg. Beiarn lyder på samisk Baidár (Lagercrantz 4733: Pajttár), og Gildeskål heiter Oarjéli-Baidár (=Sør-Beiarn) , og hovudelva i Beiarn heiter Baidár-johko.

Den eldste kjende skriveforma er i Bedianom i erkebisp Aslak Bolts jordbok ca 1440, medan det heiter Bierenn 1570 og Beyrenn 1614. Oluf Rygh seier i Norske Gaardnavne: «Navnet er udentvivl opr. Navn paa Fjorden. Formen i Aslak Bolt forudsætter en Nom. Beðinn, Gen. Beðjans; men i noget ældre Tid maa Navnet have været brugt uden Artikkel og have lydt *Beði, Gen. *Beðja. Den nu brugelige Form maa dog være udgaaet fra en Sideform *Beðir…. Efter Sophus Bugge synes Stamordet at være beðr m., Leie, Underlag, poetisk ogsaa brugt om en Elvebred».

Kan vi så slå oss til ro med det Rygh legg til grunn? Aller først at det opphavleg var fjordnamn *Beði, gen. *Beðja – som seinare fekk bunden form *Beðinn, *Beðjans? Ei slik namneform burde visst i så fall ført til ei notidsform på line med Olden, Gloppen, Gulen, Loen eller evt. Arna, Børsa, Jelsa osv. (sjå NoSt, kapitlet ”Fjordnamn” av Oddvar Nes).

Dessutan burde då det såkalte stamordet beðr ”leie, underlag” fortelje noko karakteristisk for fjorden, Men det nærmaste vi kjem av nordnorske ord er ba(d) i sms sandba(d) eller sandbag. Det høver visst ikkje for Beiarfjorden i det heile? Som vi alt har vore inne på, isproblema var eit langt større særmerke for fjorden.

Rygh ser problemet: at Beðinn, genitiv Beðjans harmonerer med skriveforma i Aslak Bolt, men ikkje kan ha utvikla seg til Beiaren. Det er derfor han innfører ei sideform *Beðir, for det hender nemleg at ord på –ir  skiftar til ending –ar seinare, som når hellir blir til hellar (vsa. hallar). Overgangar av dette slaget er likevel unnatak i talemålet, og i gruppen –ir blant fjordnamn er dei fråverande, likeins blant innsjø-namn på –ir på Sør-Austlandet (jfr NoSt, kapitlet ”Innsjønamn” av Ola Stemshaug). Dertil kjem eit anna problem, nemleg at fleirtalet av norske fjordnamn på –ir synest ha øy- og især elvenamn som opphav, og då blir fokus flytta over til Beiarelva. Tvilsamt er at det knytte seg så store særmerke til nedste delen av elvefaret at vanskane overgjekk balet med isen ute i fjorden?

14 tommar tjukk is stoppa d/s «Sivert Nielsen» i Beiarfjorden 18. april 1935. Årbok for Beiarn 2006.

Ikkje nok med det, i ”Norske Fjordnavne” s. 47 gir Oluf Rygh ingen norske døme i stykket der han er inne på ”Overganger fra –ir til nuværende –aren som ofte i svenske Indsønavne (Hjelmaren etc.)” Han har rett og slett ikkje funne slike, og eit tilleggsproblem med kategorien –aren er at slike namn finst i sørsamisk òg. Det er velkjent, så det er nok å vise til Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska Ortnamn», opp-slag –ar, se jáu’re.  Har grunda på om Beiaren er ei litt nedsliten form av *bæj(u)jávrre (lulesamisk stava) i tydinga ”kvitsjøen”, altså just med tanken på den islagde Beiar-fjorden? Men at samane såg på fjorden som ein innsjø pga. isen blir ein grunnlaus påstand, og eit slik namn ligg i alle tilfelle for langt unna den overleverte samiske namne-forma Baidár.

Har ikkje fleire innvendingar mot Rygh, men Beiarisen er det verre å få ut av tankane, og for å ta namne-problemet i ein større samanheng kan nemnast at vi har ei talrik gruppe med norske fosse- og elvenamn som direkte eller via sms er gamle norrøne presens partisipp-ord: Drivande, Dynjande, Eisande, Fallande, Fjukande, Hangande, Hoggvande, Migande (også kjent frå Shetland), Rjukande, Rjoande, Svelgjande, Verpande osv. Fleirtalet av desse forstår vi utan noka nærmare forklaring, viktigare er den avkortinga av slike namn som kom til i ettertid og gav Rjukan, Migan og Fjukan osv., jf Fykan i Meløy. Alle desse namna, ja endå fleire, karakteriserer måten vatnet ter seg på: om det ryk, fyk, blir kasta utover, sprutar eller berre sildrar – eller også fortel namnet om låta frå fossen.

Slike meir eller mindre historiske namneformer finst det nokre av på svensk side med, så som Fallande fors, Lynjande, Rynjande, Sjudande, Vellande, men også Skinande. Det siste er meir eit ”statisk” namn på eit vassfar og kunne høve like godt som namn på ein innsjø eller ei havvik. Faktisk finst det spor av slike namnelagingar blant fjordnamn med, som Dynjandi, Skjálfandi og Súgandi på Island og eit par andre norske: Pipervika i Oslo heitte på norrønt Gyljandi, der Gyl- er språkleg i slekt med havgola (-gula). Det andre tilfellet er Brænvika i Steigen, der sandstranda heitte Breandi «den skinande», seinare forkorta til Bræna, men då vel å merke som namn på sjølve buplassen.

Som vi ser, går talrike fossenamn og dei noko færre fjordnamn av arten oftast rett på sak: Tidt dramatiske, ikkje fullt så ofte lyriske. Det islandske Skjálfandi forstår vi utan vidare i lys av skjalfa ”skjelve, riste”, mens Súgandi i sak fortel omtrent det same som namnet Sogn, tolka til sugande, sterk straum. Norrønt har eit adjektiv bágr ”vanskeleg, hinderleg, rangsnudd, lei”, som nokre vil kjenne att i dialektordet meinbåg. Det tilsvarande adjektivet var å bægja «hindra, stengja, møta og stansa eller tvinga til å ta ei anna lei; hindra i å koma fram (ein viss veg, til ein viss stad, i å fullføra ein plan o.l.» (b. 1 av Norsk Ordbok). Men allmenn nordnorsk uttale er å beie, preteritum beidde: ”det beidde han ikkje”, dvs det hindra han ikkje, sette ingen stoppar for han. Merk same lydovergangen i verbet lægja ”gjere lågare”, t.d. i høvedsmannsordren lei hòn for skavlen! la han (båten) få mindre segelføring!

Lydovergangen er utan tvil gammal, og her kjem vi poenget: Ned gjennom hundreåra har den tilfrosne Beiarfjorden i høgste grad gjort seg fortent til karakteristikken *Bægjandi i den tydinga avsnittet framfor refererer. *Bægjandi med ein nordnorsk uttale *Beiandi kan alt før Aslak Bolts tid ha blitt *beian, noko skrivaren då (eller ein av hans føregangarar) meinte kom av opphavleg dj og ikke gj. – Elles er skriveforma Bedjanum pl på line med tal­rike andre namn i Bolts jordbok, med dativ meir som grammatisk ”sjablong” enn nødvendigvis som uttrykk for daglegtalen i samtida.

Men «alt før Aslak Bolts tid» treng nærmare forklaring: I den eldste gammalnorske tid (Ragnar Iversens norrøne grammatikk s. 207) fanst ordlagingar som seljandi, sœkjandi oa. som litt etter litt vart avløyste av ”moderne” former seljari, sœkjari osv., blant anna på grunn av direkte innlån av nyord på «-ari» frå andre språk (tallari, meistari, mylnari, riddari).

At gamle ”aktør”-ord vart omforma på denne måten hadde altså både med mote og med analogi å gjere, men vi får heller ikkje misse av syne at desse presens partisipp-formene var utsette for akkurat den same avkortinga som namnetypen Fjukan(de), Rjukan(de) osv. Tenker vi etter, er det likeins i vårt eige talemål: Vi seier ikkje alltid faranes eller ståanes eller gåanes – faran, ståan og gåan er ofte tilstrekkeleg, for ikkje å gløyme meir norrøne former som standan og gangan når du kjem litt lenger sør i Nordland!

Då er det lett å fatte, at så snart personrelaterte partisippformer som seljande og søkjande med tida vart utsett for akkurat same tendensen til avkorting, kom dei til å likne altfor mykje på heilt andre ord på –an, og dermed vart det svært naturleg og praktisk å modernisere dei til typen –ari (seinare berre –ar).

Bak nyss nemnte ligg mistanke om at *Bægjandi uttalt *beijande vart ureflektert og analogt omforma til «beijari» (i nominativ) og til «-ara» i genitiv, dativ og akkusativ, der fleire faste vendingar med til, i, av, or  Beiara gjorde at oblik form (underform) stivna og vart den einaste. Det kan ikkje ha vore til hinder for at  bunden nominativ Beiar(e)n vart nytta i visse saman­hengar, eventuelt berre i nabobygdene.

Truleg heitte det Beiara alt då Aslak Bolts jordbok vart til, men skrivaren henta vel namnet i eldre form frå skrivne førelegg. Å bruke dativ på –om for stadnamn der slik bøying var lettvint var etter gno skriveskikk ei sjølvsegn under føring av jordbøker, og må vurderast ut frå det.

Ordboksført på line med verbet å bægja  – frå Nordland òg  – er eit beie = bægje «noko som stengjer eller står i vegen; hindring, stenge» (NO 1). Eg har òg leita etter eit direkte laga beiar = bægjar (ein som hindrar eller stenger), men ikkje funne nemneverdige belegg for det, og ingen variant bægir (jfr. Rygh) korkje i islandsk eller norsk, men det har vore gjetta på eksistensen av eit slikt ord som forklaring på det islandske elve- og gardsnamnet Bægisá.

Dersom forklaringa på Beiar-namnet står til truande, bør det vere nemnt at dette i alle tilfelle har fleire slektningar enn Bægisá. Vi kan nemleg knippe verbet å bægja saman med norrøne ord som det å baga  ”trykke, hindre”, likeins adjektivet bágr (omtalt), og nomina som bágr ”motstand, strid” og bági  ”fiende, motstandar”. Det gamle norske Båhuslen heiter på rettare svensk Bohuslän (Bahuslæn 1422). Skal sitere Svensk Ortnamnslexikon:

«Landskapsnamnet är känt först från 1400-talet och anger att Bohuslän är ett förvaltningslän under det 1308 anlagda Bohus slott (Bagahus 1319 avskr.). Förleden i det senare namnet har sam­manställts med fornvestnordiskt bágr ’besvärlig’, syftande på den besvärliga far­leden i Nordre älv [heitte og Norges älv før]. Efterleden är hus ’slott, fäste’».

Under omtalen av Ulricehamn i Västergötland i same leksikon ser ein at denne byen fram til 1741 heitte  Bogesund, skrive Baghæsun 1320: Namnet ”innehåller dialektordet båg (fornsvenskt *bagher ’besvärlig)’ eller ett dertill bildat ortnamn. Efterleden –sund åsyftar en passage, vars vatten bör ha varit be­svärligt på något sätt, vid Ätrans utlopp i Åsunden”. Vi kunne då kanskje seie at vel er Beiar-namnet særmerkt, og ingressen etterlet ingen tvil om korleis namnet oppstod, men beiarværingane var ikkje åleina i Norden om å oppleve at fjorden eller elva bægde dei når dei skulle i utferd.

Trykt i Årbok for Beiarn 2006, nyredigert .

Flag

 «No va verken ver eller føre te lags, han va verken leggan’ te fjor’s eller flags«

heiter det i Nordlandsviser av Hans Lind, eposet «Paterdekt». Iflg. ordforklaringa er eit flag eit sjø-stykke, helst innringa av holmar og skjer, og Ivar Aasen forklarer ordet likeins: «en Søstrækning, et bredt Søstykke (Bassin), især omringet af Holmer el. Skjær. Nordl. (Paa Helg. lyder det til deels som Flak). Ogsaa forklaret som en bred Banke eller Fladgrund i Søen. Sv. Dial. flag, flaga: aaben Sø, m.m. …»

Kleppelva i Bø møter Flaget (Værøyflaget).

Her kan vi sjå bort frå ordbøkene for ei stund og sjå oss litt om, land og strand rundt: Frå Andenes finst notert Moholmsflaget i tyding nokolunde som framfor, frå Stø i Langenes Flaget og Skallflaget, vidare Gisløyflaget |»jesseløyflāge|. – Innersida av Bø har Hongværflaget, meir ‘ut på bygda’ kjem Værøyflaget  el. oftast sagt berre Flaget: Så heiter òg Malnesfjord-kjeften i nord, dvs. området innafor Lyngøya og øya Frugga. Lødingen har Rinøyflaget og Offersøyflaget, i Lofoten har dei  Risværflaget og lenger vest også Skjelløyflaget (Bøstad), enn vidare Buholmsflaget i Moskenes, Nordlandsflaget etter Værøy-garden Nordland og så Hundholmsflaget og Kveitflaget.

Steigen har Flagsundet, som etter lokalkjent folk er nokså breitt i sørvestre enden, med holmar og skjer på yttersida. Lurøy (sjå Rygh, NG gnr. 8) har Moflaget, uttalt med einstavings tonelag. Dette gardsnamnet kjem etter Ryghs meining av at det er «en lidt smalere Strækning i en stor Gruppe af Øer, adskilte ved smale Sund». Rygh samanliknar med Flaget = Gisløyflaget i Langenes, og med Gåseflaget, ei vik i Buksnes.

Når det gjeld Moflaget, så har eg i ei lokalavis sett at det skal heite Moflag skole og ikkje Moflaget skole. Er no dette i samsvar med verkeleg uttale, tru? Det er rett merkeleg at gardsnamn som alltid har bunden form dagleg tale så ofte blir frårøva den i skrift og at det så tidt gjeld hokjønnsformer: Bø k. hadde i lang tid utrulege nam­neformer som «Skålbrekk» for Skålbrekka og «Farveis» for Farveisa.

I kronprinsregentens res. om skrivemåten for stadnamn frå 31. mai 1957 stod nemleg: «Ved gardsnamn og andre bustadnamn bør ein syna varsemd med å retta tradisjonelle namneformer når dei er historisk og nasjonalt forsvarlege». Vidare: «Bruken av bunden eller ubunden form bør retta seg etter målføret, serleg i reine naturnamn». Er ikkje desse reglane klåre nok?

Rygh undra seg over at Moflaget kunne gå over til gardsnamn, men det er i grunnen ikkje rarare enn at namn på «-sundet» og «-fjorden» òg er blitt det, for den del også «-bukta» og «-vika» osv.

Så mykje om flag-namna. – Går ein til offentlege sjø- og landkart for å finne dei igjen, blir ein overraska her og der: Gisløyflaget heiter framleis «-flaget» på Cappelens Noregs-atlas (b. 4), på Cappelens bil- og turistkart, på gradteigskartet og på blad «Svolvær» av eit amerikansk kart over området. Værøyflaget i Bø er ikkje med på desse karta, men derimot på sjøkartet, då lenge i forma «Flakket»! – Nordlandsflaget i Lofoten blir på same vis til «-flaket» på Cappelens kart. Flagskallen i Bø v/Hongværan i Vesteråls­fjorden og Flagsundet i Steigen får derimot ikkje namna «normaliserte» på denne snodige måten. Når det gjeld sjø­karta, er visstnok heller ikkje flag-namna i Vest-Lofoten forandra, jf like­vel «Flakket» i Bø.

Når uttalen heile vegen er flage el. flaje m/tonem 1, må –flaket kallast fornuftstridig. Men merkeleg nok, i Steinar Schjøtts «Norsk Ordbok» (1914) finn ein under oppslagsforma flag berre dei to variantane («flak», «flakk») utan opplysningar om geografisk utbreiing: Ordet blir forklart berre som «sjøbassin». 

Like overraskande er at Riksmålsordboka ikkje har oppslagsforma flag i det heile, kun «flak» («flakk»), men her lyder forklaringa noko annleis: «…2) sjøv. stor (vid) grunne; areal av båer som ligger nær hver-andre; (også, sj. om) en enkelt, særlig vid båe».

Slik definisjonen i Riksmålsordboka lyder, svarar jo ikkje flak (om landskap til sjøs) med flag slik vi har det i stadnamna her nord. Det er då heller ikkje nokon grunn til å vente det, Riksmålsordboka tar berre med spreidde dialektformer som er tilfeldig brukt av bokmålsforfattarar. Det vil då seie at ein forfattar som t.d. Hans Lind fell heilt utanfor.

Ein heimelsmann i Steigen seier: «Før i tida dreiv eg fiske, og fór då ein del omkring, især i Lofoten. Eg fekk då inntrykk av at «Flag(et)» vart brukt……. særleg om breie sund og avskjerma havstykke, som ofte vart nytta til hamn for større båtar. Det kunne då lyde «Flaget», «Flajet» eller «Flaket», alt etter dialekten det vart sagt på».

Her sjølv ikkje vore frami flag om «ankringsplass», men det er fullt tenkande: Jf (det truleg nyare) ordet «bai» n, m, som nettopp har tydingar som «(sjø)område», «ankringsplass» o.l.

Som vi ser, steigfjerdingen nemnte ikkje eit «flakk» i det heile. Ein slik ut­tale er aldri notert i nordfylket. Så har då heller ikkje Ivar Aasen noka slik form i «Norsk Ordbog», men her nemner han ein helgelandsk uttale «flak», og det er greitt: På Sør-Helgeland er eit område med ustemt b, d og g, det gir i røynda samanfall av p og b, t og k, k og g  – til noko imidt imellom (jf Hallfrid Christiansen, «Norske Dialekter» h. 1 s. 20, h. III s. 182). Det er klart, i slike målføre kan eit opphavleg flag lett lyde som «flak». – Teoretisk kan det omvendte òg ha skjedd, men lenger nord er det ein umulig tanke: Vi leitar fåfengt etter g i ord som brak, flak, rak og tak – ei heller har vi k i ord som drag, jag, lag, nag, slag, stag eller tvag!

Noko anna enn den sørhelgelandske overgangen er at Aasen reknar med opphavleg tett samband g/k når det gjeld flak i si mest vanlege meining: Under flakna (av) v. viser han til ein nordlandsk variant flagna og nemner at gno. òg har dobbelformene flakna/flagna. Verbert flaka, som i gno. vil seie «gapa, stå open, ligge brei» og såleis kunne gje god meining til dei før omtalte stadnamna, er derimot ikkje overlevert i noka sideform *flaga.

Leiv Heggstad har gno. flag n i tydinga «namn på jord» (skaldemål), og Finn Hødne­bø tar i tilleggs-bindet til Johan Fritzners gno. ordbok med eit eige oppslag flag n: jord utan grassvord (frå Snorre-Edda), jfr. isl. mold-flag: jordflekk utan grassvord. I færøysk vil flag nettopp seie gras-torv.

No er det velkjent at fiskarane brukar lende-ord som bakke, pall osv. om sjølandskap med. Også ord som fold (opphavleg «slette, flate») og vidare mo (sjå Johan Hvedings ordliste), flate (jfr. Flata for Andenes) o.fl. har vandra den vegen. Det same kan òg ha skjedd med ordet flag. Det kan såmenn likevel hende at flag i tydinga hav(stykke), (sjø-) område o.l. har endå høgare alder: Falk og Torps etymologiske ordbok jf flag n i norske og flag eller flaga i svenske målføre (om open sjø) med gresk pélagos «hav»! Det gir perspektiv.

Det heiter om normering i stadnamnresolusjonen: «I samansette namn kan utjamning nyttast i større mon i etterlekken enn i førelekken». Det er vel denne regelen som gjer at vi har fått formene på «-flaket» som alt er nemnde, men derimot Flagskallen, Flag­sundet. Det kan likevel, som vi ser, vere all grunn til å sette spørsmålsteikn ved heile normaliseringa i slike tilfelle. Kan ein vel hevde at flag i dei omtalte stadnamna opphavleg har vore flak?

«Tromsøflaket» 

Eit særtilfelle i denne samanheng er Tromsøflaket, kjent frå vermeldingane. Det er eit havområde nordvest av Lopphavet – Sørøya. Ein informant frå ei av øyane i Nord-Troms seier at «Tromsøflaket» er ei nyskaping frå etterkrigstida, før heitte det Nygrunnen. Kven som stod for omdøpinga veit han slett ikkje. Geografisk samband med byen Tromsø er der ikkje, med mindre fiskarar frå byen kanskje har vore inne i biletet eller evt. ein fiskarfarkost med namnet «Tromsø» (jfr. «Skolpenbanken»)?

På kartskissa «Fiskebanker og havområder i vær-varslene» frå Meteorologisk institutt finn ein berre Tromsøflaket, ikkje Nygrunnen. Så truleg har ein her endå eit eksempel på omdøping i utrengsmål og samtidig innføring av språkstoff som er ukjent i vedkom­mande målføre. Det er òg fare for at nyskapinga er med og lagar norm for korleis dei verkeleg gamle nordnorske stadnamna på –flaget skal skrivast.

Det ser ut til å ha seg slik at då det før krigen vart tale om å få i stand vervarsel for fiske­felta, vart det frå Vervarslinga i Tromsø sendt inn framlegg til Fiskeridirektoratet om kva strekningar dei ulike vervarslings-områda skulle famne om. Det er ukjent om det kom inn namneframlegg frå sjølve Vervarslinga, men områda med namn vart i i alle fall godkjende av direktoratet, før ordninga med slike varsel vart sett ut i livet. – Norges Sjøkartverk opplyser vidare: Første gongen vi finn namnet Tromsøflaket på sjøkartet er i 1939. Det vart då teke inn på sjøkart nr. 322. Vi har ikkje kjelder som viser kvar namnet kom ifrå og veit heller ikkje om det skriv seg frå bynamnet Tromsø. Sjøkartverket viser òg til ‘Den norske Los’, b. VI, s. 44: «I norske sjøkarter kalles Nordvestbanken for Fugløybanken og den nordenforliggende Fugløybanken for Tromsøflaket».

Tilføying 2023: Det synest vere litt ustø geografisk systematikk i namnebruken for fiske­bankane i det aktuelle strøket. Det startar med Malangskjeften, Malangsdjupet og Malangsgrunnen på nordsida, heilt greitt så langt, men på nordsida av den att kjem så, i flg. kart­skisser på nett, Nordvestbanken (nordvest av kva?) Dette namnet er visst framleis i bruk. Namnet Fugløybanken er høver dårleg medan Fugløybanken som opphavleg namn på «Tromsøflaket» nokolunde rett nord av Fugløya («Nord-Fugløya») i Troms passar bra nok. 

Austom «Tromsøflaket» kjem i grei geografisk orden Hjelmsøybanken og så, beint nord av Nordkapp, Nysleppen og Nordkappbanken. Sjeldnare namn i dag er Nordbanken og Østbanken (tenkt i høve til Varangerhalvøya?), der grensedraging mot Russland kjem inn. Så også med Skolpenbanken, som fekk namn av forsøksfisket som d/s «Skolpen» av Sigerfjord dreiv der år 1902. Fiskebanke-namna Nygrunnen og Nysleppen fortel tydeleg nok, kvar på sin stad, at dei er seint oppdaga, og namna er utan geografisk orienteringsverdi.

Kan uvisse ha gjort seg gjeldande kring namnet Fugløybanken pga. at vi attåt den (ikkje særleg store) Nord-Fugløya |fuggeløya|, eldre |føueløya| nordaust for Vannøya også har den mykje mindre Sør-Fugløya vest av Rebbenesøya? – På samisk heitte den først nemnde Howle (Fow’le, Fuow’la, Vuow’la) medan Sør-Fugløya heitte Vuowlak (Qv. 1935: 6). Ut frå lengdegraden ligg Nord-Fugløya austafor og Sør-Fugløya vestafor Tromsø by. Ut frå det kan «Tromsøflaket» framstå som eit forståeleg namnekompromiss og vere ei nylaging i samsvar med flak om «stor (vid) grunne», men utan samband med tradisjonelle nordnorske flag-namn.

Nyredigert i høve til «Håløygminne» 4-1974. 

Skjoma og Skjomen

Fjordnamnet Skjomen, som i flg. gode informantar er uttalt med 2-stavings tonem, heng i hop med elvenamnet Skjoma med same tonem, jf Norsk stadnamnleksikon. 

At elvenamnet derimot blir uttalt med tonelag 1 i sjølve Skjomdalen er det liten tvil om. Ute i fjorden ligg Skjomnes-gardane og inst ligg Skjombotn og Skjomdalen: ‘Inst’ vil seie at vi held sidearmen Sør-Skjomen utanfor, det er nok eit sekundært namn. Lat det òg vere sagt: Det er hjelpelaust å kalle brua ytst i fjorden ‘Skjomenbrua’ istf. Skjombrua.

I fall elvenamnet er det primære, må ein leite etter det som er særmerkt for vassdraget, men overflatisk likskap med verbet å sjoe om elvesus kjem til kort (så òg mitt tidlegare forsøk på tolking i Håløygminne 1991). På den andre sida, Skjoma var høgmælt når ho skredde med bulder og brak, dvs. reiv isen, men lydmalande ord som liknar elvenamnet er ikkje funne. Vi aner kanskje derimot eit røringspunkt mellom  Skievvá, samisk namn på Skjomen, og nordsam. skiev’vái, giev’vái ‘skvetten, nervøs’? Sml gievvot (gievvut) «være ellevill av glede eller sinne», «rase» (K. Nielsen), lulesam. gievvot. 

Med så mykje sagt om det usikre vender vi tilbake til tradisjonelle norske teoriar om namnet: S. Bugge tenkte seg at det norske fjordnamnet hong i hop med verbet skjoma «blinke, glimte» (Aasen), men kva med elvenamnet då? 

Same kva for eitt av dei to namna vi oppfattar som det primære, blir spørsmålet: Kva fjord eller elv glitrar og skin ikkje når sola slepp til? Lyset må visst uvanleg skarpt før noko så «innlysande» kjem til uttrykk i namnebruken. Det er dessutan vanskeleg å forstå at den innestengde Skjomen med Skjoma kan utmerke seg med omsyn til sollys?

Namnet Skjomen finst òg i Lødingen, i utmarka til garden Våge (Våje): På søre sida av Laksvatnet, under høgare fjell, skyt det fram ein rundvoren og låg bakke med ei myrgjote heilt opptil: Ho er på motsette sida avgrensa av ein rabb. Området, dvs myrgjota med avgrensingar, heiter (i) Skjomen, med tonelag 2 her òg.

Knapt tvil om at myra Skjomen er ‘ujamt leta’, har store, mørke flekker med same botnfarge, men mørkare.   Foto: Kartverket. 

At òg ei myr heiter Skjomen, inneber at namnet ikkje kan gå på rørsler av noko slag, ei heller lydfenomen eller noko som skin! Men vi er så heldige at vi kan gå inn på Norgeskart sine farge-bilete av lokalitetane, og desse viser eit fellestrekk: Skjom-osen i botnen av Skjomen breier seg vidt utover med eit grumsut grøngrått fargemønster, uavlateleg skiftande mellom lyst og mørkt. Myra Skjomen oppviser for sin del ei rekke variantar av gulbrune og grågrøne fargevalørar, og gorrdike utgjer dei aller mørkaste innslaga.

At fjordnamnet isolert sett kunne ha med eit slags lysskin å gjere, var i og for seg tenkeleg, jf skjom n «ujamt, flakkande lys» og skjoma v «glimte, skimte», «få fram ein skiftande ljoske» (NO 9: 1579), merk kva S. Bugge tenkte seg, men ser vi fjordbotnen og myra under eitt, blir tolkinga mykje meir jordnær når vi legg til grunn skjomut adj «skjoldut», «med store, mørke flekker med same let som botnen, men litt mørkare», eller kort og godt «ujamt leta» (Karlsøy, Andenes, Lofoten o.fl. st,.) Jf også at fær. skjómutur tyder droplut, småflekkut (om kyr og sauer). 

Ein nærliggande glose i «Norsk ordbok» høver ikkje fullt så godt, nemleg skjomlut «urein, misfarga». Det siste greitt nok, men forma verka ukjent,  heilt til eg forstod at skjomlut berre er ein variant av skjomsut  (sjomsåt), eit ord eg høyrde ofte nok i min oppvekst på Andøya og i same tyding. Namnet Skjomen om det grunnområdet blir då mykje likt situasjonen på Skjævsgrunnen i Bø, s.d.

Grenda Skjomen i botnen av fjorden Skjomen. Merk korleis osen i Skjoma skiftar mellom lyse og mørke parti. Foto: Kartverket.

Sve på havet

Det er i utgangspunktet ingen klår samanheng mellom stadnamnet Svebøen på Andeneshavet og namn på –sva, t.d. Moholmsva som også heiter Moholmsba. Namna på ba(d) ter seg som ein kategori for seg, meir uklår er typen sve i namn frå sjø og land når ein legg berre Andøy-materiale til grunn. Fiskar Oskar Berg-Olsen på Andenes gav likevel framifrå rettleiing : eit sve er eit grunn-område som nokså brått går over i djupare farvatn, just slik tilfellet er med Svebøen mot vest og nord. Likeins har Trygve Klæbo i «Stadnamn frå Bjarkøy» (s. 107) opplyst at sve er «grunne område mellom djupare fjordar»: Sveet heiter eit relativt grunt område (31 m og meir) som strekker seg frå Hyseskjæret ved Tranøya og over mot Skipbåts­neset på Senja. Utafor er det mykje djupare, mens det innafor (vi kjem då på Tranøy­botn) er litt djupare. 

Nemnast må òg eit sund på sørsida av Knapplundsøya i Salten: Svefjorden austafor er relativt djup, men så kjem det grunnare Sveet, like før hovud­straumen tar av i nordvestleg retning og Sundan mot vest-sørvest.

Eit tilfelle for seg er finst i Rana, der dei har ein fjord som heiter eller iallfall må ha heitt Straumen. Inst ligg fjordarmen Straumbotn (med garden av same namn), som via den lite tronge Mestraumen går over i den breie Øverstraumen: Sistnemnde smalnar ytst, i sørvest, stengd av grunnområdet Auran, og utom Auran ut­vidar fjorden seg igjen til ein rund og etter kartet å dømme rein poll, Sveet, men ytter­enden av Sveet er endå trongare enn innerenden. Så kjem litt utviding av fjor­den att, med nokre skjer, før han på ny smalnar og fell ut i Ranfjorden gjennom den tron­ge Straumkjeften: Rekna derifrå kan vi samanlikne Straumen med «matkanalen», og Sveet blir då magesekken. Til fjord å vere er altså Straumen særmerkt, men mest spesielt er at ein fjordlomme eller poll blir kalla Sveet. Skal tru om sveet frå først av var enten Auran eller også den tron­gare passasjen på motsett kant? At eit namn tidt nok kjem på glid så det sistpå gjeld ein nærliggande lokalitet er velkjent (denotasjons-endring).

Hos Ivar Aasen er ikkje så mykje å finne om ordet sve: Frå Nordmøre svad i tydinga «et Stykke aaben Sø, et Bassin som er omgivet af Øer og Skjær», elles berre svæd som avvikande uttaleform av svad (i allmenn tyding «svaberg») frå Sunnmøre.  

I «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» (s. 146) seier Arnfred Slyngstad derimot uttrykkeleg at sva og svæ også kan tyde «ei vid grynne», og at «svæ» (den vanlegaste forma) dertil kan stå for «ei vidsveimd, slett, jamn grynnmark i skjergarden». 

Under Svenningen i No. St. nemner Jørn Sandnes at sve i Ytre Namdalen er brukt om opne fiskegrunnar. Det er elles merkeleg å finne sve n, m oppført i Tanums store rettskrivningsordbok i tydinga «grunne» når Nynorskordboka berre har sve som jordbruksord!

Det bør elles føyast til, at under svad med sideform svæd viser Aasen til gno. svæði n «aaben Plads», som er den allmenne tydinga også i islandsk: «ope rom på land el. sjø». Fritzner seier det litt meir avgrensa, nemleg «vindbart, vindhaardt Sted», mens Norrøn Ordbok (1975) har svæði i to tydingar, «open verhard stad» og «ope sjøstykke med øyar og skjer omkring». Det siste skulle nærmast bli synonymt med flag, eit ord som blir brukt om litt andre lokalitetar enn dei som vanlegvis blir kalla sve, og det er vel Ivar Aasen som slår inn her? Den første tydinga – «open verhard stad» – kan gje assosiasjonar med fiskarord som forland, stròkland og uland. Det harmonerer ikkje heilt med sve slik i sjøens namn i Nordland der poenget er at sveet er grunt eller i det minste grunnare enn nærområdet elles.

Hos Jan de Vriis er svæði litt for enkelt utlagt som «Meerbusen» (havvik, fjord), medan Íslensk Orðsífjabók forklarer ordet med «bersvæði, berangur; afmarkað svið» så vel som «opið, óvarið sjáfarsvæði» (ope, uskjerma havområde), nokså likt det som er sitert i avsnittet framfor.

Best kjend er den tydinga sve har så lenge vi held oss til landjorda, det å svi av skog eller anna utmark og ta det avsvidde området i bruk som slåtte eller åker: nepesve, rugsve (Norsk Ordbok, notatkort frå Nordmøre og Trøndelag). Her har vi å gjere med ei sve lik ei svede (norrønt sviða f). 

Som stadnamn er likevel inkjekjønnsforma Sveet kjent frå store delar av landet. Såleis har Norsk Ordbok flg. frå Frosta, med stadnamn­døme:»småbruk under ein gard – some tider eit nedlagt småbruk». Eit notat frå Leksvik går eit grann djupare i materien: «sve n. 1) kvistrask og anna tørt av småvokstrar (lyng o.l.) 2) rabbar og anna sekunda jord på/til innmarka?» Det er tydelegvis eit samandrag, for signaturen KK føyer til: «[uklåre notat, men det er eit levande ord]».

Sve om nedlagt småbruk eller om småbruk under ein (større) gard assosierer nok folk i nord stort sett med Austlandet. Nordland har få bruksnamn av dette slaget, og det same gjeld truleg for Troms, endå oppkalling eller etterlikning nok gjer seg gjeldande innimellom.

Klart er derimot at sve vart brukt som naturlandskapsterm mange stad­er i Nordland. Sveet er foten av ei aksel på gnr. 64 i Ballangen, og bruket Sveet på gnr. 66 i Hamarøy er lett platåforma. Sveet på gnr. 37 i Grane er ein flat, tungeforma avsats medan Sveet på gnr. 41 i same kommune er ein liten hals, mellom små dalar. Rokksveet er den avsmalka, flate enden av ein haug på gnr. 145 i Hemnes. Svean på gnr. 96 i Vefsn synest å vere låge pallar, Svean på gnr. 38 i Grane er små moflater, medan Svean eit par stader på gnr. 1 i Hattfjelldal er tungeforma platå og avsatsar. Svean på gnr. 47 i Lurøy er sandlende (og buplass); snamnet Svean på eit bruk under gnr. 38 i Vestvågøy vedkjem frå først ein tilnærma tungeforma, flat rygg som strekker seg frå Oppdøl mot sør til Gammryggelva.

Samansette namn der sve er nytta som utmerking er det vanskelegare å drage sikre slutningar av, jf Svelia (bratt, skogkledd) gnr. 3 i Gildeskål og Sveliskogen gnr. 47 i Nesna, og Sveahaugen (med Sveahola sørom) på gnr. 37 i Bø. Toppen av Svehaugen nordom Lattervika i Lyngen er lang, smal og flat.

Det ser ut til fleirtalsforma Svean her nord allstad har tonelag 2, og det inneber at ei tostavings form må ligge til grunn. Gnr. 34 i Dønna har Nordsvean, ei framsky­tande hei, og Sørsvean, d.e. framskytande hyller visstnok med myr (men det er vel å merke samansette namn der vi ikkje kan slutte noko av tonelaget.) Tonelag 2 har i alle fall Sveen, eit myrplatå på gnr. 12 i Saltdal og fjellsida Sveen med rundvorne ben­kar på gnr. 30 i same bygd, likeins Sveen husmannsplass har vore (gnr. 97 i Steigen), som ligg like framfor li-foten og går slakt ned mot elva som gjer ein sving akkurat der. Omkring denne Sveen er enkelte knausar. Meir usikre m.o.t. landskapstype er Storsvea og Litlsvea på gnr. 77 i Fauske. – Elles bør ein, som alt nemnt, rekne med at bruksnamn ikkje alltid fortel noko om landskapet på staden, men har sine føre­bilete andre stader ifrå: Det gjeld iallfall bruket Sveum (ikkje daglegnamn) på gnr. 19 i Steigen.

Fleirtalsform Svean med tonelag 2 skulle etter vanleg språkkjensle gå på eit han-­ eller hokjønnsord, og tilbakeslutning på slump gir like lett hankjønn Sveen som ho­kjønn Svea. 

At sve eigentleg er kortform av inkjekjønnsordet sve(d)e <svæði har sin parallell i «-kle-» kjent frå handkle, tørkle, åkle o.l.: Merk at fleirtal av klede <klæði har ub. f. klea, b.f. klean, begge med tonelag 2.

Ei avgrensa gruppe blant svenamna er die frå innlandsbygda Grane: I tillegg til dei før nemnde svenamna som ikkje har med havet å gjere kan vi ta med Brattsveet, ein tungeforma bratt åbakke på gnr. 40 som er flat oppå, vidare Høgsveet, ein platå­forma skogås på gnr. 49, dertil Litlsveet, ein skråning eller brink på same gnr. og Stor­sveet, eit nedlagt bruk på gnr. 54. Johansveet på gnr. 37 er ein flatvoren nase og Peroks­sveet ein mo på gnr. 48 der Per sin okse(!) beita, Stormyrsveet på gnr. 49 er ein tunge-forma pall, Litlmyrsvean er ei slette ved elva på gnr. 43, og endeleg kan nemnast Mølnhussvean på gnr. 36, ein tørr bakke som var utmarkslåtte. Individ-relaterte namn som Johansveet og Perokssveet må tyde at sve har vore produktivt i namnelaginga i Grane fram mot vår eiga tid, og i det heile er visst svenamna langt meir talrike i Grane enn i noka anna bygd i Nordland. Forenkla står visst sve i dei fleste tilfella for tungeforma benk (avsats, pall, platå) ned mot eller nedpå undlenda, tungeforma ende på haug eller ås eller fjell.

Det er lite sannsynleg at desse namna kjem av svæði i tydinga «område», for alle teigar er då område? Sve som jordbruksterm (jfr. å svi av) gir betre meining, og det er upro­blematisk at ordet smått om senn også er blitt nytta i «uegentlig» meining: Det same er tilfelle med stadnamnet Brenna, som praktisk talt ingen stad har konkret tradisjon om brann knytt til seg, og det same kan ein visst seie om det tilsvarande og mykje vanlege samiske roavvi, råevie. Så mykje om sve på tørt land.

Det fortonar seg i alle fall som ein brå overgang når Hans Eidnes, på eitt av arkivkorta til Norsk Ordbok, opplyser at sve står for «ope havstykke mellom holmar og øyar. Så­leis: Lyngøysve, Krøttøysve, Melløysve (alle Bjarkøy)». Han nemner dessutan døme som «han e tong utpå Sve’e i dag!» og «vi hadde to klør over Melløysve’e». Stadnamnserien «Namn frå innmark og utmark» i Håløygminne år seinare viser at det kan vere tale om ein og same lokalitet Sve (Lyngøysve) – «havet mellom Bjarkøy og Lyngøy», omtalt med litt vilkårleg samansette namn (Håløygminne 1962: 21). Dette sveet, som ikkje er grunt, kan tilmed heite Leirvågsve (opplyser Vidkunn Eidnes), og det passar med plasseringa av namnet på kartblad 42 i «Det store Norgesatlas» (1992), av di alle dei øyane som parallellnamna nemner, er med på å avgrense sveet. Hans Eidnes, som er merksam på kva Ivar Aasen nemner under sva, reknar i sin ordboknotis sve som synonym til flag, sjå tidlegare, og har altså full dekning for det.

Sveet alias Meløysveet i Bjarkøy. «Norgeskart».

Eidnes skriv nesten konsekvent desse namna i ubunden form. På dei fleste kart er det omvendt så at bunden form (-)sveet er det mest vanlege. Men tenker vi etter, har vi i kvardagstalen heller ikkje alltid klart uttalt forlenging av e-en i bunden form av fe, kne el. tre. Sveholmen tett nordvest av Krøttøya (nemnd i namne­serien) er litt meir tvitydig: Han utgjer saman med Spannsliholmen og holmegruppen Valan vestre avgrensing av eit lite flag, mot aust avgrensa av Russøya og norde neset på Krøttøya. Men forklaringa er helst at når du passerer Sveholmen austanfrå, kjem du straks på det store Sveet eller flaget mellom Flatøya – Gåsholman – Froholman i sør og vest og Svinøya – Svellingsdragan mm. i nord. Det kan vere Hans Eidnes’ Krøttøy­sve, og då spørst det om Mel(l)øysveet finst på innersida av øyane.

Det finst fleire lokalitetar i Troms der sve vil seie det same som eit flag: Sveet er sjøområdet mellom Hillesøya og Edøya, ytst i Malangen: Det er ikkje heilt naturleg å kalle det eit sund, for rett nok er farvatnet nokså ope midt på, og her finn vi Mefjordbøen. Men både i nordvest og i søraust, der vi m.a. har Sveskjæran, er det fullt av skjer og grunnar. Ingen tvil om at dette sveet etter gjengs reknemåte er eit typisk flag, vel å merke ureint, men namnet Mefjordbøen fortel at også «fjord» kan svive i tanken.

Spensveet heiter etter tilgjengelege kart det korte, opne og nokså djupe sundet mellom Skorøya og Spena i Karlsøy. Eit mykje vidare havområde (eit svært typisk flag) er Fugløysveet i same kommune, avgrensa av Fugløya i (nord)aust og Burøya – ­ Skorøya i (sør)vest. Heller ikkje dette er grunt, sjølv om det finst eit nokså stort grunnområde nærmare Burøya (Rundskjæret mm).

Men svenamn er også nytta om område der tilhøva er meir som ved Svebøen på Ande­neshavet:
Skrovsveet eller berre Sveet er etter vanlege landkart å dømme eit sund, mellom øya Skrova og dei små øyane tett sørsørvest av Litlemola i Vågan. Men her er det ingen tvil om at namnet eigentleg har med grunnområdet like nordvestom å gjere, der vi finn Sveskjæran og fleire andre grunnar og bøar. Så bøyer då òg leiene av til kvar side av det grunnsveet.

Svebøen i Karlsøy er ein 12 m grunn båe i nordvestenden av eit større grunnom­råde. Litt austom ligg den såkalte Godthaldsklakken (les: «klakken som er eit godt hald»). I reinare farvatn og djupare (22 m) ligg Svegrunnen litt nordom Lille Vinna (Unna ­Skiččol) ved Hammerfest. Han står på overgangen til til sve- namn av ein annan type:

Sveet i Bø er eit undersjøiske ‘nes’ eller snag lengst sørvest på Innhavet. På sidene blir det mykje djupare, og slik sett finst ei slags avgrensing, men ingen holmar eller skjer gjer denne synleg (jfr. flag). Skatsveet i Flakstad er eit flatt stykke havbotn ut og vest av Kvalvika i Flakstad grunnare enn sjøområdet omkring, og likeins er Sveet eit vidt grynne synst på den lange ryggen Setan på yttersida av Moskenesøya. Heller ikkje her er det rimeleg å bruke flag som synonym.

Sør for Vestfjorden kjenner vi lettare igjen namnebruken slik han er i Troms:
Øyensveet er ein grunne eller undersjøisk topp i Husøyvær i Steigen (uvisst korleis utmerkinga Øyen- er å forklare). Sveet heiter eit flag med fleire skjer og grunnar under gnr. 4 Brynnøya, Helligværet i Bodø k. og Svean er eit avgrensa lite skjer- og bøeområde midt på Landegodfjorden, mellom Landegode og Vågøya ved Bodø. Det er mykje djupare på nord- og sørsida. Sveet er òg eit grunnområde vestom Pallvika under gnr. 76 Flatøya i Rødøy.

Kibakksveet (med ein skolt på 17 m), Nordsveet, Skallsveet og Moholmsveet er grunnområde under gnr. 19 ­ 20 i Herøy. Baksveet, Kastsveet, Kvaløybaksveet, Skarvflessveet, Falkflessveet og Moklakk­sveet frå gnr. 101 i Vega er fall og havgrunnar og har iallfall delvis vore fiskeplassar.

Det ser ut til at dette namneelementet frå sjøsida blir meir og meir utbreidd dess lenger sør i Nordland vi forflyttar oss. Vi kunne tenke at helgelendaren liksom sunnmøringen har visst å tilpasse seg: Ikkje nok med at han drog jordbruks-ord som «pall» og «tø(d)» ut på havet og brukte dei om det undersjøiske landskapet, men òg «bekk» og «veit», «skog» og «buske» – og ein jordbruksterm «sve» i same slengen?

Ei tankekopling: eit sve på tørt land er grunnlendt og uslett, med lite produktiv vege­tasjon – det gir sekunda avling – og eit sve på havet er kanskje også for grunt og uproduktivt? Tenkt så kunne sjøens svenamn bli meir forståelege. Men tilnærm­ingsmåten er tvilsam, for med unnatak av nybyggarbygda Grane ser jordbrukstermen sve ut til å ha vore lite brukt i nordnorske bygder, og i inga kystbygd er dei friare namnelagingane på «sve» så vanlege at tydingsinnhaldet gir seg sjølv. Altså kan «sve» i sjøens namn ikkje ha stort med jordbrukstermen å gjere. Dessutan kjem vi ikkje unna at Aasen som parallellform til svad n har svæd om «ogsaa en Klipperyg i Søen. Nordland. Sjeldnere om Klippegrund i Jorden.Valdres». Men merkeleg nok, det er fint lite å av dette sva(d) i dei sjøens namn som er lagt inn i databasane frå Nordland, så det ser ut til at avstanden mellom sva i gjengs meining «naken berg- og fjellflate» og svenamna frå sjøsida held seg stor.

I Ross’ ordbok (som bygger på Aasens oppslagsord og utfyller desse) finn vi elles – under hokjønnsordet svæa f «jævnt skraanende nøgen og glat (blank) Fjeldside» osv. – ei tilleggsopplysning som det er lett å misforstå, nemleg «Svæe. 2) Bassin osv. = Svad 3). Senja: Svæ, Svæe (n.?)». Og mistydd er det blitt, for hos Torp kan vi under oppslaget svæa f 1. lese at i Senja (les Troms) vil ei svæa seie «sjøbasseng», dvs. flag, men «Svæe» hos Ross er neppe anna enn b. form av sve – altså det frekvente stad­namnet Sveet – som slett ikkje opptrer i usamansett hokjønnsform i sjøens namn, så vidt kjent.

Langt meir truverdig er det nyislandske svæði n. i den særlege tydinga «blautt storr­(gras)enge eller om vått sandlende»: Det ligg bert i dagen, bokstavleg, at det er tale om grunt våtlende eller område der noko stikk opp. Her heiter det vel å merke også svæða f, som især i flt. svæður er nytta om «votlendt sandsvæði þar sem vatn vætlar [vessar, piplar] víða upp» (Á. Blöndal Magnússon). Magnússon nemner rett nok også at det finst ein samanheng med nynorsk svæe f «eyjum eða skerjum girt sjávarsvæði», altså flag, men ser ordslektskapen annleis enn Torp.

Det kan verke som om desse siste islandske termane på svæð– gjer at tankespranget frå svad «bergflate» til sve nytta om grunnar og ureine sjøområde blir mykje kortare. Sve og sva er nok språkhistorisk i slekt, og til dømes er fronten eller havsida av Svebøen på Andenes både bratt og slett nok til å bli kalla eit sva. Kan hende er også fleire av hav­grunnane kalt –sveet i Vega og Herøy bratte og slette nok til at den same merkelappen kan høve, har ikkje greidd å få fram klåre opplysningar i så måte. Men endå om det skulle vere tilfellet, sit vi igjen med ein stor gruppe sve-namn der aspektet svad(berg) er fjernt og der avstanden svad/svæd må vere større enn kva oppslaget hos Aasen kan få oss til å tru. – Tar vi i staden utgangspunkt i dei nyss nemnde islandske orda og ten­ker på «grunn våtmark», «urein bløyte» el. l., er det lettare å forstå at orda òg kunne komme til å stå for grunne sjøområde, jf. «blåmyra».

Eit sve på havet kunne vi med sideblikk til islandsk altså skrive svæ(d), men det har ikkje mykje for seg: Det norrøne ordet for ær(fugl) er æðr, men ein ekte nordlending seier ikkje anna enn ei e, og dei fleste ville nok finne det utidig dersom stadnamn på E– vart strengt normerte til Æd-. Kjent frå stadnamn er òg krea «bekkekjøe», hos Aasen kræda, men no modernisert til krede.

Eit sve på landjorda er derimot opphavleg eit sved, eit avsvidd og dyrka område, sek­undært også om landskapsformasjonar med ei naturleg avgrensing som minte om dei områda som folk såg seg ut når dei ville svi seg eit nyland, så som pall og platå, tunge­forma benkar og avsatsar, fot eller ende på haug eller ås eller fjell (potensielle sve om vi vil). Ja, i ettertid er det like vanskeleg å seie om nokre av lokalitetane har vore av­svidde som der stadnamnet Brenna er ute og går. – Uttalen sve (norr. svið) kan vi i alle tilfelle samanlikne med den i brystsve (svie for brystet), vidare «eg fekk sånn svena over ryggen» (normert: svinad m), for ikkje å gløyme det utrykksfulle sveskolt (dumrian, tosk), eigentleg (svidd) smalahove?

Nyredigert etter Håløygminne h. 1 – 2005 

Tysfjord – Divtasvuodna

«Fra en nordlandsk prestegaard – oplevelser og skisser» er ei bok som kom ut i Kristiania i 1923, forfatta av Olaf Holm, sokneprest i Tysfjord 1878 – 1884 og dertil ordførar 1883-1884. 

Nils Kr. Sørensen i Kjøpsvik fortel: «I tillegg til skjønnlitterære bøker (med plot fra Tysfjord) og faglitteratur skrev Holm en mengde artikler mens han var i Tysfjord i diverse publikasjoner i datiden, både verdslige og religiøse, ja, han argumenterte til og med for turisme i området i Den Norske Turistforenings Årbok i 1883 – for dem som var lei av å traske i den sørnorske fjellheimen! Jeg vet om et kapittel som er gjenbrukt i memoar-boka hans fra 1923: «En Begravelse blandt Lapper». Den stod i «Ny Illustreret Tidende» 22. aug. 1886. Han var en meget allsidig mann, som ser, undres og prøver å vite / forstå, selv om han kommer til kort mange ganger fordi han er bundet av sin horisont og ikke makter helt å løsrive seg, spesielt gjelder dette samene».

Holm hadde eit vidt interessefelt. I vår samanheng er det særleg interessant at han skreiv til Ivar Aasen for å få vite meir om namnet Tysfjord. Svaret, arkivert i Nynorsk Kultursentrum, lyder slik: 

«Hr. Pastor. Om Betydningen af Navnet Tysfjord synes det vanskeligt at give nogen paalidelig Oplysning, da Tilfældet her er det samme som ved flere Navne, som begynde med «t», at man nemlig ikke veed, om det oprindelig har været «t» eller «þ». Som bekjendt gjorde man i gammel Tid en tydelig Forskjel imellem «t» og «þ» (ligesom endnu i Islandsk og Engelsk); men allerede i vore Dokumenter fra 15de Aarhundre findes «þ» at være overgaaet til «t». I Skrifter fra en ældre Tid finder jeg kun eet Navn med «Tys», nemlig Tysnes i Søndhordland, og dette kunde da maaskee (ligesom Ordet Tysdag) forklares af Gudenavnet Ty (Tyr) i Lighed med Thorsnes, Odensøy, Frøysvik, Njardvik og flere. Derimod findes flere Navne, som begynde med «Þys», saasom Þystad, Þyssa, Þyssudal og Þyssøy eller Þyssiøy. 

Hvad dette «Þys» betyder, er ikke så sikkert; men det minder snarest om Ordet «Þys», som betyder Urolighed, Opløp, Tumult, og som grunder sig paa Verbet «þysja», tildels endnu brugeligt i Formen «tysja», d.e. storme frem, styrte frem, løbe, især med en raslende eller susende Lyd. At noget saadant ogsaa kunde give Anledning til et Stedsnavn, er ikke umuligt; thi man kan sikkert antage, at mange saadanne Navne grunde sig paa et Tilfælde, som indtraf i den Tid, da Stedet først blev beboet, og som siden efterhaanden blev glemt. Og i saadant Fald vil enhver Forklaring kun beroe på Gisning, uden at noget med Sikkerhed kan paastaaes. Hertil kommer da ogsaa, at mange Navne ere i Tidens Løb blevne forkortede og forvanskede, saa at deres nuværende Form slet ikke giver det rette Begreb om deres Oprindelse.

Kristiania den 17de Februar 1883.

Ærbødigst I. Aasen.»

For Ivar Aasen som vitskapsmann var det ein gyllen regel å ordlegge seg varsamt og berre seie det han hadde dekning for. Soknepresten hadde vel venta sikrare svar på spørsmålet om kva som ligg i namnet Tysfjorden.

Når ‘Årbok for Tysfjord’ fornyar spørsmålet 135 år seinare, er eg i utgangspunkt lite huga på oppdraget. Tilliten er for stor, det blir å hoppe etter Wirkola! Men i vår tid finst gode kart og foto, i så måte fekk nok Ivar Aasen lite å hjelpe seg med. Årbokredaksjonen og deira kontaktar har vist all velvilje og skaffa stoff og illustrasjonar, Svein R. Sommerset især har stått på for å finne gamle skriveformer og rette på detaljar.

Tysfjorden. Foto Frode Jensen.

No er ikkje Ivar Aasen den einaste som har sagt noko om namneleddet Tys-(s)-: Norske Gaardnavne (b. 1: 54) fortel at Tysse |»tøsse| i Skånevik, Sunnhordland i 1723 blir sagt å vere «ødelagt af Fjeldskred for over 37 Aar siden og foresloges udslettet af Matrikelen» (jf kva Aasen sa om þysja v.).

Litt annleis då med det på Vestlandet nokså vanlege elvenamnet Tyssa, som O. Rygh tenkte seg kom av eit gno. *Þyssa, til þuss, þurs m, tuss(e), troll, altså *trollelva. I tillegg finst det ein heil del stadnamn som i norrønt synest å ha hatt framlyd med vanleg t, ikkje þ: For dei tenkte Sophus Bugge seg ei historisk *tvis- >*tys- om noko som er delt eller splitta, og mange stader høver det godt. 

I Tysfjorden sitt tilfelle finst talrike historiske 2-stavings skriveformer som gjer at slike resonnement ikkje høver, ja så mange at vi må forkorte kjeldereferansane for ikkje å drukne i detaljar:

Tyttisfiorden (restskatteliste) 1522 med seks tysfjord-samar, blant desse Gurinn Torwasdotter (NRJ b. III: 418), sjå merknad lenger fram. Tydzfiäll 1559 (Knut Kolsrud 1961, «Sommersete», s. 35). NB: fiäl for fjord. Kjeldene er svenske skatterekneskap, andre avskrivarar har Tytesfielen, Tiutis fierdh, vidare i 1563: Tiutes fierden, Tythes fierden, Tittis-fjorden. Tiidsfiord 1566-1567 (Erik Rosenkrands rekneskap), Thiijtzfiordtt ca. 1590 (lagmann Peder Hansen). Tietzfierdh 1595 (vitnebrev frå birkarler og lapper, Luleå), framlyden eins i Tijtzfierden (kyrkoherden i Piteå i brev dat. 6.1.1595), derimot Tyttis fierden i eit anna svensk brev 14. febr. 1595, Tydzfiordt 1596 (lagmann Peder Hansen), Thydzfiordt, Tydtzfiord, Thidtzfiordt 1599 (Hans Olufsens «Relation om Nordlandene»). Tittesfiorden og Tiutesfiordh 1599 (svensk skatteskriv): 

«På slutten av 1500-tallet uttalte en svensk lappefogd at Titisfjord, Ofoten mfl «äre store fiorder el. fierder, som skiute sigh ihn i landet emellan Bergerne» (O.A. Johnsen 1923 s. 118). Thydtzfiordt begøn[dis] wed Thydtznes 1599 (Qvigstad og K.B. Wiklund, «Dokumenter angaaende flytlapperne»). Jf Tiudtzfiordt 1601 (norsk skattemanntal), Titisfjord 9.2.1601 (i Christian IV’s løyve til å føre opp kyrkje i bygda).

Tijtis Fiordenn (svenskekongen Carl IX), Titisfiordt 1603 (Lage Urne), Titisfiordt 16. juni 1604 (svensk pålegg om skatt), Tyttisfiorden 14.3.1604 (svensk manntal), Titisfjorden 1605 (sv. skatteforordning). Titisfjord 1606 (Chr. IV, i brev med ordre til lens-herren), Tittis Fiordenn 1607 (sv. manntal). Titisfiordenne 1608 (sv. skatteliste), men Thÿttis Fiordt Finnder 1609 (norsk våpenmanntal for Salten len). Titisfjord, i Luleå lappmark, mot Norge; härimellan och Waranger i Ryssland är efter Lapparnas räkning 12 tolfter eller 144 mil utmed sjösidan; hade kyrka 1607; år 1609 tillsattes Reinhold Johanson att vara lapp-fogde över Titisfjorden intil Waranger («Historiskt geografiskt och statistiskt Lexicon, Öfver Sverige / Sjuend Bandet. T-W» (1859-1870), s. 46 – i flg. internett). 

Titisfjorden 1609 (svensk manntal over sjølappar ved Vestersjøen) + Kifzfjorden (d.e. Indre Tysfjord), Tytisfjord 1611 (svensk kart). Thyttesfiord 1612-1613 (lensrekneskap, om trolldomssak), 1613 Tittisfiord (4 x), Titisfiord (1 x): skrive så i fredstraktaten frå Knäred 20.1.1613, endeleg Thyttisfjord 1614 (NG 16: 275). Tüssfiorden matr. 1665 (Thorbj. Storjord, «Tysfjord – Divtasvuodna. Samiske og norske stadnamn». 1998 s. 14). Tÿssfiorden (og Tÿsness): namneliste i samband med lagtinget 1673. Tydsfjorden 26. aug 1722 (Hans Skanke, Pars Tertia s. 228). Tydsfjord 1730: «I denne Tydsfjord ere de fleste Finner» (Hans Skanke). 

Titisvuødne, Titisfiord(en) 1743 – Major P. Schnitlers grenseeksaminasjonsprotokoller 1742-1745 (s. 177, 223, 150, 157, 166 osv.):«Til [Lødingen] Præstegield hørerTysfiord, eller paa Lappisk: Titisfiord» (s.175), «Tysfjorden, paa Lappisk Titisvuødne, el. Titisfiord» (s. 177). Tysnæsfiord og Tysnæs c 1750 (Nordland-iakartet, A.R. Nielssen 1990: 48+). 

Gjennomgåinga viser at forleddet i fjordnamnet enklast sagt lyder både Tiss-, Tyss- og Tittes-, Tyttes- på 1500-talet utover. Skriveformene med framlyd tju– (Tjutes-, Tjuts-) ser svenske ut, jf. tjuder (tjor, tjur, tyr: okse) ol. Tiudtzfiordt i ei norsk skatteliste 1601 er derimot eit eingongstilfelle. 

Petter Dass (1647-1707) brukte i si dikting liud, lius, bjude, djur, sjun, men bortsett frå at gardsnamna på Lyng– iblant blir Ljung– i rekneskap frå siste del av 1500- og første delen av 1600-talet. så er ikkje ju for y like synleg i den samtidige skriveskikken på norsk side.

Fleire skriveformer frå siste helvta av 1500-talet (Tiids- o.l.) understrekar at det er tale om lang i, det noko yngre(?) Tittis-, Tittes- er då heller ikkje overlevert i forma Tettes-, ei heller viser formene på Tyttis- o.l. overgang y > ø. Kan hende utvikla det seg palatal dobbelkons. –ƫƫ-: I gno. býta v. (lang y) seier vi byƫƫe, men gno. bytta f (kort y) lyder bøtta. Sml. elles |piƫƫe| (liten), |piƫƫer| (små) o.l.

Vi skal sjå noko nærmare på samiske variantar av gardsnamnet og fjordnamnet. Qvigstad fører i 1893 opp «Divsna (für *divs-nas), auch Tusnagīhč, ein Hof im Kirchspiel Hammerö = nw.Tys-nes», men 45 år seinare normaliserer / moderniserer han det til «Tysnes, lp. Diwsna el. Tusna-gēhčē» (Qv 1938 s. 214). 

Tilsvarande skreiv han først fjordnamnet Dīvtas, Divtasvuödna, ein Fjord im Nordland = anw. *týtis-fjǫrðr (nw. tysfjord, früher titisfjord, s.Norske Rigsregistr. V 427; Samlinger til det norske Folks Historie, III, 220; auch Thiutissfiorder (Norske Rigsregistr. II, 211; august 1591)» (NL 1893: 132). I 1938 skriv han derimot både usms. Diw’dē (g. Diwtē) så vel som sms. Diwtas eller Diwtēs-vuotna, Tysfjorden (Qv 1938: 209). Berre her har vi belegg for eit usms. namn Diw’dē, jf. omtalen av *þytir. 

Neste gong Tysfjords lulesamiske namn dukkar opp er i flg. Svein R. Sommerset året 1922 då Jon Peder Finnesen (1858 – 1943, Leirelv i Hellemofjorden) fortel J. Qvigstad segna om Kongen på Hulløy: «Ullen oroi dolus aiken gonogas, mi raddi baddjel Divtasvuona sami» = «På Hulløy bodde i gamle dager en konge som hersket overTysfjordens lapper» (J. Qvigstad, Lappiske eventyr og sagn fra Lyngen II og fra Nordland (Oslo 1929: 528-529). Folkeskolelæraren Henrik Kvandahl (1932) brukar i 1932 berre ei sms. skriveform »Devdasvodna» (s. 235).

Viktig er at Just Qvigstad på s. 209 i Lehnwörter først fører opp kva fjorden heiter på samisk, så kjem ei uavhengig oppføring: »divtes, g. dikta(sa), diftasa; (Kr. auch, Südw.) tǣhtis, g. tæhtta(s), attr. tæhtta | lp. S tiktok, (Lul.) tīuwtuk, attr. tīuwtēs, (Hm.) duh-tēs, g. duhtasa; duhttog; (Ts.) diwtis, diwtog, (Arj.) tǣhta, (Ht.) dūhtöge, tiæhte; (Drt.) čięhte, čiehte, dicht (nichts durchlassend) = anw. þéttr, nw. tett, tætt». [Qvigstads forkortingar: Hm: Hamarøy, Ts: Tysfjord, Ht: Hattfjelldal, Drt: Trøndelag].

Eit hundreår seinare har ‘Norsk Stadnamnleksikon’ (1997) ein liten namneartikkel som blir avslutta såleis: «Førsteleddet i T[ysfjord] kjem av lulesam. divtas og sisteleddet er omsett frå lulesam. vuodna ‘fjord’..» Det lyder litt ugreitt: Ein fjord kan på norsk kallast grunn eller trong (i yngre språk «smal»), men aldri «tett». Det siste gjeld ting som held vatnet ute, så også med lulesam. divtes, dik’tas-, attr. divtes. Eit føresviv om «tett fjord» må det derfor vere lov å sjå skeptisk på, men også litt konstruktivt: På Andøya sa dei, verbalt, digte (dekte) i ei reva i båtbordet, adverbialt dessutan «lammet låg digt innåt mora», ty. dicht. Kan Divtasvuodna då vere fjorden som ligg tettast inn åt svenskegrensa? Språkfolk på lulesamisk side får siste ordet her..

Tisnes i Tromsøysund. Norgeskart.

Fonetisk kan tysfjordsam. diwtis, lulesam. divtes, dik’tas- og sv.-no. Tjutes-, Tytes- nok samsvare, jf. flg.: ‘vid ett sammenträde’ i Jokkmokk 16. febr. 1756 vart det opplyst at Sirkas-samane [i Jokkmokk] hadde sommarbeite i Tiuktaswoutna: Skriveforma «återger Tysfjordens lapska namn» (Wiklund 1908: 42-43). 

Merk flg.: Fjordnamn er som hovudregel norske frå først, Qvigstads notering i Lehnw. viser at han her òg tenker så. Om lulesam. ‘Divtasvuotna’ skulle vere eldre enn sjølve innvandringa, må likevel namneforma i genuinitet og alder fire seg attom dei norske namneformene frå kjeldematerialet, attåt Titisvuodna på finnegæla. Frå og med dei eldste kjeldene er kortformene som står for «Tys-» representerte minst like godt som langformer av typen Tytis-, T(h)yttis-, Thyttes-. Etter kvart blir også formene Ti(j)tis- og Tittes- vanlegare: Desse såg Schnitler som samiske, i motsetnad til norsk Tys-, venteleg også Titisnäs, Tytisnäs, men det ser ikkje ut til at Qvigstad tenkte såleis. Han har då også berre sam. Tus-na- for no. Tys-nes-.

Truverdig i og for seg er at Tys- er samandraging av eit eldre tostavings form. Ei forklaring lyder såleis: «Tysfjorden nævnes ikke før i det 16de aarh., da der skrives Tyttsfjordenn, og senere omkring 1600, da den ofte omtales i anledn. af striden mellem Danmark-Norge og Sverige om herredømmet over finnerne. Man finder ved den tid skrevet Titis-fiord, Tittis-, Tyttis, Thiutiss- og lign. Disse former og den nuværende finske Divtasvuødna tyder paa en ældre usammensat form paa –ir som 1ste led; ogsaa gaardnavnet Tysnes ved fjordens munding viser tilbage til en saadan. þytir er kan-skje den form, man snarest kommer til at tænke paa, hvis ordet stamme har begynt med þ» (sit. A. Helland 1907: 345). Det har han eigentleg frå NG (1905: 275), d.e Nordlands-bindet, og Rygh tilføyer at «denne formodning støttes ogsaa ved Fjordens lappiske Navn, Divtasvuödna». Her viser Rygh for sin del til Qvigstad, Lehnwörter s. 132.

Eit fjordnamn þytir kunne då stå i samband med þjóta v. tute, dure, bruse, suse og þjótr m «tutar, susar» (om vind). Ei ueffen namnetyding er no ikkje det, faktisk går fråsegn om sjøvottar som fraus i bein i den iskalde «Tysfjord-vinden», eller som ein eldre vesteråling sa det: «Austavijn han e oppfujn i Tysfjordn!»

þytir, genitiv *þytis- ville vere regelrett, med tysfjordsamisk endring til Titir, Titis- på den eine sida og eit forsvenska *Tjutir (jf. Diw’dē“?), Tjutis- på hi. Likevel hadde no andre fjordar like elendig ord på seg, ikkje minst i Ofoten: «Han e sterk i Skjomen, og på Rombaken vil han ta hauet av mannen – men på Herjangen, der tær han det!» I utvida kontekst står altså vindtolkinga ikkje fullt så sterkt. No finst det andre lokalitetar langs kysten som har namn på Tys- eller Tis-. Dei viktigaste for oss blant dei er slike der eldre tostavings former finst eller iallfall er sannsynlege: Tisnes |»tissnes| gnr. 65 i tidlegare Tromsøysund hd. er notert Thisnes 1610 og 1614, jf. Tisnes 1723, men skrivst Thidesnes i 1567. Garden ligg på ei utgrunn halvøy full av steinar og grunnar i aust, men neset som garden synest ha namn av er ein smal «stilk» som tøyer seg ut mot Grindøysundet i sør. 

Tisneset i Karlsøy. Norgeskart.

Ovsmalt og lågt er òg Tisneset el. Tisnesøyra i Karlsøy med spreidde sjøsteinar ikring. Tisneset  |»tisnese|, |’tiᶊnese| på nordspissen av Gimsøya i Vågan gjer òg lite av seg, steinar stikk opp både på sjølve odden og på sidene. I dei to siste tilfella er det ikkje tale om gardsnamn – vi kjenner ingen eldre namneformer. 

Tisneset nord på Gimsøya. Norgeskart.

Tisnesøyna og Tisnesklubben i Solund ligg nær einannan, og utafor så vel som nordafor dei ligg ei rad med grunnar nær land. Tett ved Titlevika eller Tittelivika i Tysnes er det også ureint farvatn med 1-3-4-metringar tett ved land.

I fall du i oversynet saknar Tysnes |»ty:snes| i Hordaland, så blir dette namnet skrive Tysnes og Tyrsnes alt på første helvta av 1300-åra, og rundt dette Tysnes finst fleire «gudelege» gardsnamn, jf. Aasens brev. Det peikar mot guden Týr, og ingen eldre tostavings variantar av førsteleddet er kjent i dette tilfellet.

Det nordlandske Tysnes setter Oluf Rygh i samband med fjordnamnet Tysfjorden (NG 1905). Nyttig i den samanheng er ei svensk skatteliste frå 1558, her frå Oscar Albert Johnsens «Finmarkens Politiske Historie» (Kristiania 1923), sitat med forkortingar: 

«I det nysnævnte dokument i Sveriges Riksarkiv finder vi flg. detaljerte fortegnelse over grænsene mellem Norge og Sverige: I Lule lappmark: 1. Titisnäs, 2. Skarfberget, 3. Titishorn, Titisfierd, 5. Röttånger ……… Det er saaledes fjordene og havet som ifølge den officielle svenske opfatning danner grænsen ml. Norge og Sverige fra Vadsø til Tysfjord« (s. 355).

Enn vidare hadde den svenske lappefogden Olof Burmann under «sit ophold i Titisfjord aar 1584» fått opplyst av sjøfinnene at «Wij hafue i förtiden haft råar, nembligen i Titterhorn, Tytisnäs och Skarffue-berget » (s. 71). [rå f: skil, grensemerke].

Tysnes både lokkar og ler på full flo – det som lurer under vassyta er godt skjult. Foto: Frode Jenssen.

Det er naturleg å drøfte namnet Tilthornet alias Titterhorn/Titishorn for seg, då fjellet er særmerkt på form. Nordaustafor ligg vika og matr.garden Tiltvika |»ti`hlvīᶄa|, gnr. 3 i Hamarøy. Gamle skriveformer: «Tøtteluigh NRJ III 205. Thiitsleuigh,Thiileuig 1567. Thitteluigen 1610. 1614. Tittelluigh 1661. Tittelvigen 1723. I Nærheden Fjeld Titlhornet (Tilthornet). Gaardnavnet er utvivlsomt dannet af Fjeldnavnet, enten ved en elliptisk Sammensætning med dette eller saaledes, at 1ste Led indeholder et opr. usms. Navn paa Fjeldet. Fjeldnavnet er sandsynlig at forklare af þí­sl f., Vognstang, som maa kunne bruges i et Fjeldnavn ligesaa vel som stafr, rokkr og lignende Ord. Om Fjeldets Udseende siger Y. Nielsen …, at det viser sig «som et vældigt, afbrudt Søileskaft» (NG 16: 264).

Har sjølv notert namnet med uttale |»tihᶅƫvīka|. At Tilt- kjem av þísl kan nok vere tenkeleg, men fire av dei oppførte formene minner no like mykje om titil m, som i barnerim frå store delar av landet er ‘kjælenamn’ på både litletåa (i sms. titil-tåa òg) og på litlefingeren (NO 11: 895). Foto av fjellet vil vise at det passar like bra som «vognstang», skåk.

Då er vel Tilt- omkasta form av Tit(i)l-, slik ein også høyrer det i barneregla «Koss slapp du over bekken» (Telemark), med uttrykk som «eg tilta meg på tåa», «min taveltott, min tiltumtei». – Tøtteluigh på 1520-talet kan vere ei avsporande fordansking («tøddel» for opp-havleg lat. titulus)? Formene på Thittel- og Tittel frå 1610 av verkar pålitelege, men ein uttale *tettel- kjenner vi ikkje. Det kunne tyde på opphavleg lang i. Tenkeleg er det då at Titil- er ei –ill-avleing, her om liten fisk, liten fugl, tynn og veik person etc. (NO 11: 895), sjå seinare.

Tiltvika heiter på samisk Gil’sa-luokta (Qv 1938: 214), ikkje forklart, og Lehnwörter fører ikkje Gil’sa- opp som lån frå nordisk. Dette skulle innebere at Tilthornet ikkje kan ha gitt namn til Tysnes, sam. Diwsna = Tusna-gēhčē (Qv 1938: 214). Sisteleddet i Diwsna og Tusna- forklarer Qvigstad som -na = -nas = -nes (Lehnw.: 132).

Sambandet mellom namna Titisnes/Tysnes og Titisfjord/Tysfjord verkar sikrare, men litt tvil er der, av di Tysnes tilsynelatande ligg for langt frå fjord-opningen i austkant av Tysnes-halvøya: Herøyklubben eller evt. Hierenjárga/Korsnes ser jo ved første augekast ut til å utgjere ei naturlegare avgrensing, og mange vil drage grenselina for (den eigentlege) Tysfjorden frå Herøyklubben til Bremnes medan «Losen» (b.5 1986: 173) dreg den mellom Korsnes og Barøya. Andre dreg grensa endå lenger ut, og dei har tradisjonen på si side: 

Overskrifta til denne artikkelen har si eiga historie, nemner Svein R. Sommerset: Claus Urne var lensherre i Nordlandene i åra 1598-1604 og gav «Erklering paa Finderne vdj Salthen, Senien och Trumsøe lhene 1599. Kordt forteignelse. Paa findefiordens leilighedt, wdj Norlandenn, efter fougdernis, och findernis Beretning. Och huis ieg sielffuer haffuer forfaret Anno 1599». Han hadde òg etter oppdrag, vore inne i finnefjordane sjølv (A.R. Nielsen 1990: 269-270, Kolsrud 1961: 34). 

Klargjerande for oss er: «Thydtzfiordt begøn(dis) wed thydtznes och St(recker) sig 2 store vgesøe ind thill thiørness, huilke(t) finderne Berether adt were Rett skieueienn huor Laperne kommer neder Aff fieldene mz theris kiøbmand-skaff» (Qvigstad og K. B. Wiklund, Dokumenter angaaende flytlap-perne mm. del II, Kristiania 1909: 280 – 281).

Claus Urne klargjer også heile åtte forgreiningar av Tysfjorden, interessant nok i andre samanhengar.

Sambandet mellom namna Tysnes og Tysfjorden blir understreka også i ei nyare kjelde: 19. juli 1743 heldt major P. Schnitler rettsforhør på «Gaarden Kiøbsnæs i Tysfjorden» og fekk der opplyst at «fra Tysnæss aabner sig strax Gabet af Tysfiorden, paa Lappisk Titisvuødne, eller Titisfjiord; J Gabet af denne Tysfiord er paa Søndre Side det ommeldte Tysnæss, og paa Nordre Side af det faste Land Bræmnæss» (Schnitler 1743: 177). – Med andre ord: Vi kan la all tvil fare.

Landskapet på Tysnes er dels ulikt andre nordlege Tisnes: På vestersida stikk ein kileforma bergtange Nausthaugneset ut, ganske lik formasjonane på Tittelsnes og i Titlevika i Hordaland (sjå seinare), men samtidig er der rett utanfor husa på Tysnes to særmerkte graskledde øyrar, to ‘tødlar’ side om side. Dei liknar meir på dei nordlege Tisnes’a som alt har fått sin omtale.

Det ser mest ut som om titil eingong var ein kjend term for smale små formasjonar, jf. isl. tí­tla f ‘lite dyr’, ‘liten ting’. Formene med y er avvikande, men i eldre svensk er titul i liknande tyding også kjent i former tytil, tyttel: Var det genitiven tyti(l)s- som vart forsvenska vidare til tjuti(l)s-, og hadde dermed svenskane «skylda» for at fjorden vart heitande Tys-, ikkje Tisfjorden? Dei meinte lenge at fjorden var svensk, så det er ikkje utenkeleg.

Sidan vi berre har dagens namneformer å bygge på, kan vi ikkje vere heilt sikre på at Tisneset i Karlsøy og Gimsøy opphavleg heitte Tites-nes, tenkeleg er også Tits-nes. Titudden ved Titsundet i Skärsundviken i Holmsjön i Ånge i Västernorrland er låg og smal, i ytste halvdel berre ei undervass-øyr med ein bergnabb ytst, det minner noko om situasjonen ved Tisnesklubben i Solund.

Tysnes ved fjæra sjø. Fullt av oddar og og rikeleg med stein, men mest særmerkt er dei to smale grasgrodde øyrene utanfor sjølve garden. Foto: Frode Jenssen.

I Tysfjorden og Tysnes sitt tilfelle er dei tostavings formene sikre nok, og då må vi merke oss at i ei sms. som Titils-, Titels- er l-lyden utsett for å forsvinne i utt., jf. tysfjerdingen Gurinn Torwasdotter = Tor-valds- i 1522. Men i gardsnamnet Titilsnes gjer ny s i –nes at l-bortfallet i Titils– kjem endå fortare så ein får Titis-, Tites-, sistpå samandrege til Tits-, Tis-. I Sveio i Hordaland har dei likevel ein formasjon med namnet i ei halden form Tittelsnes, og i Tysnes har dei Titlevika =Tittelivika, særs likt nokre av dei eldste variantane av namnet Tiltvika hos oss. Det ser elles ut til at Titel- kunne få ein «skjerpt» uttale Titir– så forkorting ikkje skjedde, slik det viser seg i forma Titter-horn i 1584. På Dønna har dei garden Titternes; i Frøya har dei ei sterkt oppslitta halvøy der namnet har fått fleirtalsform Titran. Her kunne eit gno. *tí­tr med fastgrodd r i fleirtal ligge bak (som i gno. ákr, «åker», blómstr, o.fl.)

I alle tilfelle kjenner vi frå store delar av landet tit  m (lang i) sagt om liten fisk, liten fugl, tynn og veik person, med tydingane i glidande overgang til tite f (noko lite alla-med seg): liten vekst, liten potet, nøtt eller nøttekjerne, lita tann osv., sml. nyisl. tittur «pinne» (Alf Torp pluss NO 11: 894-895). 

Her kjem noko endå meir interessant til: tita v. kan tyde titte, kike, men dessutan (om korn og gras): spire, vekse fram. Det siste gjeld òg for verbet tyta (tyt, taut), som i tillegg kan uttrykke: kome fram, vise seg, t.d. bia til sola tyter (NO 11: 1548). Når der ikkje var eit skapt skilje mellom verba tite og tyte, kan der neppe ha vore det mellom tit og tyt heller, like så lite som mellom titil og *tytil. Topografisk samnemnar for dei mange lokalitetane som ber namn av dette slaget (nes, oddar) synest vere at der er langsmale oddar og øyrer og grunne område tett opptil, der det stikk opp store og små sjøsteinar, nøgda av ureinske for å seie det slik. Mangt fell på plass når vi går etter slike kjennemerke: Det titer eller tyt alle desse stadene, både horisontalt og vertikalt: Enklast er å tenke seg avleiingane på –ill laga beinveges til verba. Undersøkt er ikkje namn frå tørt land som Titterbakken i Ersfjorden i Berg (Senja) og Titterskogen i Kvæfjorden, heller ikkje Titleviki i Ullensvang, Tittertjønna i Øyer eller Titteltjennet i Nord-Odal.

Når vi veit at titel (truleg *titer med) kunne gjelde både småfisk og anna småtteri, kjem namnebruken i slike tilfelle neppe i konflikt med hovudresonnementet vi har lagt til grunn. Fjorden heitte tydelegvis både *Titils- og *Tytils-fjord, og forma *Titils->Titis- høvde for finnegæla, men *Tytils- gjekk over til forsvenska *Tjutils-,Tjutis-, og indirekte til lulesamiske former, men det kom også opp ei samandregen form Tys(s)-. Tidlege former på Tiids-,Tijtz-,Thiijtz- og Tietz- med lang i kjem kan hende beinveges frå gno. *tí­tr m? Derimot finn vi ikkje lang y i Tydz-,Thydz, Tydtz-, ser det ut som, jf. tytt m «odd, spiss» i Vinje i Telemark (NO 11:1549). 

Det bør òg nemnast til slutt at ikkje alle lulesamar vedkjenner seg namneforma Divtasvuodna som si, men meiner Tisfjora (feilskrive Tisjåora) er meir tradisjonsrett. Og tja –Tisfjora var vel like «samisk» som det var «engelsk» når folk i mine barneår på 1940-talet sa Nyårk eller Nevvy Årk for New York?

Å samanlikne det frittståande Tilthornet med ei tå eller ein finger er på ingen måte kunstig. Foto: kapt. Gabr. Lund 1903

Vikkje

Risøyrenna er kjend i samband med hurtigruta, og i Wikipedia kan vi lese at «Risøyrenna er en utgravd del av Risøysundet… Før mudringen som var fullført i 1922, var det mulig å ri over sundet, eller ‘Risøyvikkje’ som det ble kalt, ved fjære sjø» (Wikipedia). Det kan vi samanlikne med Amund Hellands omtale i «Norges Land og Folk» (s. 364):

«Fra Sortlandssundet gaar Risøsundet i nordøst mellem Andøen og Hinnø, og her ligger, nær indlø­bet til Risøsundet, Risøhavn. Risøsundet ligger mellem halvøen Risøen paa Andøen samt Korshol­men og Sandøren ved den nordvestlige del af Hinnøen. Det fører fra Sortlandssund ud i Andsfjord­en. Førend det ved mudring blev uddybet, var det ved laveste vandstand paa en længde af omtrent 400 fod, kun 3 fod dybt; dybden tiltog meget langsomt paa begge sider, idet det paa vestre eller syd­vestre side først paa en længde af 1400 fod blev 12 fod dybt under lavvande og paa østre side først paa en længde af 3500 fod….»

Vikkje eller Risevikkje (Risøy-) var namnet på det grunne området der dei grov Risøyrenna (Renna) kring 1920, men Risøysundet blir tradisjonelt rekna rekna frå Risøyhamn og vestover, ikkje austover som her. Kartverket. 

Detaljar frå mudringa treng vi ikkje ta med, då det arbeidet pågår kontinuerleg, men Andsfjorden er feil for Andfjorden, og Risøysundet strekker seg etter tradisjonen frå Risøya sørvestover til Gavlen og Sortlandssundet. Grunnområdet der dei grov ut renna, det var Vikkje – eller med Antonius Nordengs ord i siste verset av hans Andøy-song: «Og når så i sør gjennom Vitje du går, snart neset ved Gavlen du når», det vil då seie med båt. Klart misvisande er det når sjøkart kallar utfjæra ved Breineset i Lovika for «Risøyvika», det er då sikkert nok forveksling med Risevikkje |’viᶄe|.

Ein kan diskutere om Vikkje i sin gamle tilstand var eit sund eller ein fløval, ja tilmed stavemåten er diskutabel, men at folk kunne ri over på fjæra sjø var eit faktum. Korkje bjørn eller andre dyr hadde vanskar med å finne far til Anda. 

Det tradisjonelle namnet gjekk ut av bruk etter at Risøyrenna var fullført, men var velkjent før. Såleis Hans Eidnes (f. 1887): «I min barndom heime på Bjarkøy sa dei alltid Risøyvikkje – om leia mellom Hinnøya og Andøya. Det var den faste Lofot-leia både vest og aust». – Likeins sa dei at «klårar han over Risøyvitjet, blir det godver» (Håløygminne 1926: 241 og 1961: 583).

Namnet er ikkje eineståande: Utfor nordenden av Raftsundet ligg Sandøya og Raftsundholmen, og Vikkje |’viᶄe| er sjøstrekninga derifrå og nordover mot Brottøya og Helgenes: ‘ut på Vikkje’ heiter det der. I vestre kant av same området ligg Vikkjeøya (òg Vikkjholmen) med Skipøya tett nordvestafor og ei god hamn for småfarkostar, Skipøyosen. – Nordvestover frå Vikkjeøya går eit sund som òg blir kalla Vikkje: først «inn i Vikkje» mellom Skipøya og Veøya – og så «ut i Vikkje» mellom Veøya og Ersholman nordafor. Ikkje nok med det, tett aust om Vikkjeøya ligg Brattholmen, og der står ei lykt kalla Hanøyvekka. Denne namnevarianten må kystverket svare for, plent som når det gjeld Anda fyr – men her i nordkanten av Brattholmen går hovudleia. Samtidig går det i sørkant av Vikkjeøya ei djup, trong lei kalla Jektleia inn til Skipøyosen. Ho blir òg rekna med til Vikkje, og i den leia går fløstraumen nordover frå Raftsundet strid, så vel som mellom Vikkjeøya og Brattholmen, altså på begge sidene av Vikkjeøya. Det er såleis klart at Vikkje også i dette tilfellet har med straumfaret (straumrenna) å gjere. Elles kan du høyre høyre namneformene Hanøyvikkje og Brottøyvikkje,  men lokalt heiter det ikkje anna enn berre Vikkje.

Vikkje |’viᶄe| har dei også i Rødøy, der som namn på ein passasje mellom Verholmen ved Rosøya og holmen Hemmingen like austafor. Floa skyt opp i ei djuprenne frå nord og over eit temmeleg grunt parti mellom dei to holmane til djupare og meir ope farvatn på innersida.

Vikkje |»viƫe| har dei likeins sør i Herøy, der floa pressar seg inn imellom nordre enden av Sør-Herøya og Gottolsøya ved Finnvika på lag og inn på eit lite bai mellom dei to øyane, og så vidare austover og inn på Herøysundet via den tronge opningen ved Karsvika (Kalvsvika?)

Vikkje |’viᶄe| er overraskande nok også namn på ei eng på Myre i Dverberg s., nord i gården nær utmarka. Der fell ein bekk fell ut i Myraelva, og att-med låg Vikkjebrua. Det verkar opplagt at namnet også  i det tilfellet må ha med eit visst straumfar å gjere, men at samanhengen for lenge sidan er fordunkla.

Namnet Vikkje motsetter seg all norsk rettskriving. Uttalen liknar på ord som ikkje og bikkje, men dei har tostavings tonelag. Saktens kunne eini skrive Vikkjet eller Vitjet, men rimeleg meining gir korkje å vitje (sjå til, sjå innom hos, evt. ettersjå noko), ei heller eit (lite) vik el. vek til sides. 

Tostavings tonem har også eit ord som likkje = leke n. «lekkasje», men Vikkje i varianten *Vekke finst visst  ikkje. Uttalen |»viƫe| frå Herøy er i denne samanhengen unik.

Det mest sannsynlege synest vere at Vikkje er ei ovgammal norsktilpassing av vikket = vakket «stri straum» (Lindahl/ Öhrling i Lexicon Lapponicum). jf. nordsam. vahkat,-is «stri» (om straum i elv) – også som verb: «bli striare, auke farta». Verd å merke seg i den samanheng er òg seiemåten «i dag e han våken på råsa» (om Bergsråsa i Senja o.a.), eit uttrykk brukt om farvatn  der det vankar tung vind og mykje sjø. 

Hurtigruta på veg sørover gjennom Risøyrenna. I bakgrunnen Lovikneset.

Rađund, Rana

Nordlendingar flest tenker neppe på Rana som kommunenamn i første rekke, snarare som eit regionsnamn. Det seier mykje at kommunane Rana, Hemnes og Nesna, Lurøy og Træna alle høyrer til Rana som domssokn (skrivarembete); før høyrde også Elsfjord og Dønnes til. I gamle dagar var Rana kjend for båtbygging og marknadsvarer av alle dei slag, seinare kom jernverket som gjorde Mo i Rana til eit landskjent namn. Som kommune er Rana i dag landets fjerde største.

Historiske inndelingsnamn Nord-Rana tidlegare hd. er omtalt i Norsk Allkunnebok: «Høyrde – frå 1838 til Mo herad og frå 1843 til Mo prestegjeld. I 1923 vart ladestaden Mo (midt i heradet) skild ut som eigen kommune, og heradet fekk namnet Nord-Rana. Nord-Rana ligg kring botnen av fjorden Rana (som her blir kalla Nord-Rana) og dei dalane som strålar ut frå fjordbotnen» (b. 8: 1038).

Innfløkt namnehistorikk

Sør-Rana med Hemnes(halv)øya som sentral-område var eigen kommune frå 1929 til 1964, så delt mellom Hemnes og Rana storkommunar, jf Norsk Allkunnebok: «Det tidlegare Sør-Rana herad ligg kring fjorden Rana og greinene Utskarpen og Straumen mot nordnordaust, Leirvika og Finneidfjorden mot sørvest, Skarpsundet mot sør og Sørfjorden mot aust. Desse fjordane deler Sør-Rana i 4 delar utan landsamanheng» (b. 10:520).

For namnegranskarar har delingsnamn av typen Nord- og Sør-Rana helst lita historisk interesse, men her er dei administrative konstruksjonane av ein viss alder. J. Qvigstad let i si tid prente utdrag av eit manusfrå sokneprest Ivar Anker Heltzen, som «forfattet i 1832 en beskrivelse av Ranens eller Hemnes prestegjeld, som indtil 1843 også omfattet Mo annekssogn«. 

Heltzen skildrar lokal klebunad og konstaterer:  «Dette er egentlig dragter for Hemnes fjerding eller de såkaldte sørranværinger. For Mo sogn gives ingen egentlig dragt –» (Håløygminne 1924 hefte 3-4:6, men mine uthevingar). Vi ser at Heltzen nemner Hemnes fjerding der sørranværingane bur, medan Qvigstad sjølv brukar nemnemåten Ranens eller Hemnes prestegjeld, med Mo som anneks. Eigentleg meiner nok Qvigstad «Indre Ranen», jf. flg.:

«Næßne Kirke nævnes i Reformatsen. Sognet var (med Dønnes og Hemnes) residerende Kapellani under Alstahaug, indtil det adskiltes derfra ved Rescr. af 30.3.1731, hvortil Nesne med Dønnes blev eget Sognekald under Navn af Nesne eller Ytre Ranen» (NG 16:113), gjort gjeldande først 1738. Indre Ranen  oppstod samtidig ved samanslåing av Hemnes og noverande Rana, dei to sistnemnde skild frå einannan att i 1838 og no kalla Sør-Ranen sogn og Nord-Ranen sogn, for berre eitt år etter å få nye namn Hemnes herred og Mo herred. Ei nokså innfløkt namnehistore!  

Samiske namneformer 

Dei samiske namneformene er eit kapittel for seg. I Nordische Lehnwörter frå 1894 har Qvigstad noko overraskande Rana (rāna) som samisk og Ranen som norsk namn på bygdelaget, medan han i si samiske stadnamnsamling frå fylka Finnmark og Nordland frå 1938 berre nemner Ruovat-vuotna, utlagt som Ranbygda, vel å merke med vuotna i tydinga ordet har i Arjeplog og lenger sør, bygd (Qvigstad 1944: nr. 914). Å om­sette Ruovatvuotna bokstavrett med «Ranfjorden» kunne derfor vere greitt nok så lenge det eine og aleine er tenkt på fjordbassenget og busetnaden innom Hemnes-(halv)øya, men kan det vere like tradisjonsrett når det er Ranfjorden i vidaste meining namnet gjeld? At Just Qvigstad i 1938 ikkje lenger nemner namneforma Rana, som han i 1894 tok med som samisk lån frå norsk talemål, ulikt dåverande off. skriveform Ranen, kjem nok av at forma Rana via Nord- og Sør-Rana som offisielle kommunenamn frå 1920-åra no hadde fått godkjend status, så det var ingen skilnad på samisk og norsk lenger. – I 1964 vart som kjent Nord-Rana hd. til Rana kommune.

Langt fram på siste halvdel av 1900-talet har usms namneform Ruovat kome i vanleg bruk som offisielt samisk namn på Rana kommune, men då primært namn på Randalen (tonelag 1) frå svenskegrensen av, ikkje berre «Sør-Randalen», men heile dalføret vidare, også etter elvebøygen ved Randalsvollen. 

Elva (bekken) i Randalen heiter Goabdesjåhkå på samisk og Randalselva på norsk. Ho og frå nord Gubbeltǽdno møtest og blir til Ranelva, samisk Ruovadajåhkå.

Det spørst om primærnamnet? Ruovat attom elvenamnet Ruovadajåhkå kan stå i sam­band med roavve, sørsam. roåvie «landskap der det (tilsynelatande) har vore skog­brann»? Ordet lyder iallfall róvve like over på svensk side av grensen, i Sorsele (Collinder). Tydingsnyansane skiftar litt frå målføre til målføre, men i finsk låneform rova er det «høgt land med grissen skog eller naken steinmark», etter ortofoto å dømme temmeleg råkande for fjelltraktene kring Randalen. Eller er det ganske enkelt tale om samisk innlån av gno. rófa «hale»? Det kunne karakterisere framifrå nordenden av Nordaksla – Vakkermofjellet, ned mot den bråe elvesvingen der Randalselva går over til å bli Ranelva. Det same kan seiast om Tossåsberget i Jemtland, sørs. Räva-tjär’ve, men tolka til ruava, reava (roavvá, ruovvá) = sv. rova: kålrabi, nepe (OSLO 186) der!

På sørsida Randalen nett på riksgrensen ligg Goabdesbákti = norsk Tromberget (goabdes: spå-tromme). Det forklarer at Randalselva heiter Gåbdesjåhkå på samisk. Lenge før riksrøyser og relativt snorrette liner mellomriks var det her, som mellom landsdelar og bygdelag elles, vanleg at grenselina følgte vasskilet, så etter gammal reknemåte kunne visst heile Randalen kallast norsk.

På rekke og rad?

Særskilt interesse har eit namn på nordsida av Randalen: Fjellet Gárgadasoaivi eller kan hende rettare Gárggádisoajvve rundar av mot vest, og hovudleddet -oaivi seier oss at vi bør leite etter «kroppen» på svensk side: Her ligg dei då òg på rekke, riksrøys 226 A på 1126 m, så Gargatis (forsvenska kartform) med sine 3 toppar, vidare Luleb Ballonoaive 1310 m (Jille Ballonoaive 1209 m litt nordafor), så ein namnlaus topp, derpå kjem Skuortatjåkkå 1321 m og ein ny på 1213 m, og endeleg Aldatjåkkå. Det kan vere denne rekka av høgder som vart oppfatta som gárggádis (ns gárgadas) «rekke, rad». – På sørsida av Randalen ligg òg fleire fjell i rad, om enn ikkje fullt så mange, frå Goabdesbákti (Gåbdespakte) 1223 m og aust til Miettjetjåkkå 1225 m.

Merkverdig er at det samiske Gárggádis i tyding er så likt det historiske Radund (sjå seinare) at vi berre må undrast om dette er parallellnamn på same området? Om no Gárgádis vart verande fjellnamn medan Radund evt. «reiv seg laus» og med tida vart namn på heile dalføret (ikkje berre langs Randalselva men også Ranelva), ville det for namnekjennarar vere eit velkjent fenomen kalla namneekspansjon. 

Alternativt kunne fjellnamnet Gárggadisoajvve vere ei grensemarkering, dvs. siste «fjellhovud­et» før Rana. Men Radund-namnet kan forklarast også på andre måtar, sjå seinare. – At Radund går etter austnordisk mønster og manglar u-omlyd er uproblematisk, for vi er i grensestroka, og Rana har fleire målmerke som vi kan samanlikne med svensk.

Dunder og brak?

Alternativt kunne vi tenke oss, at det historiske Radund går på naturtilhøva som namna Dunderlandsdalen = Dunndaravuobme har vore tolka ut frå, for Norsk Stadnamnleksikon nemner «fossedunder .. eller brak frå steinskreder». Samanlikn desse oppslaga i Norsk Allkunnebok: Dunderforsen, «20 m høg foss i Grønfjellåga, nær utrennet i Ranaelva» og Dunderland: «truleg heller ungt namn til ein dunder om elvedur», vidare: «lendet i Dunderlandsdalen er skiftande, snart open flat mark med gode grender, snart tronge, ville gjel der det berre er rom til den store og strie elva».

Især namnet Dunderforsen burde borge for at «dunder» er lydskildrande meint, sjølv om fossen ligg i ei sideelv. Nordsam. ráhta (før skrive rātta), akk. raða eller rahta tyder «Brag, Skrald» (Friis), ”rammel, svær støi; skramlelyd» (Nielsen), til ráttat v,  «brake mm; støye svært» (Friis, Nielsen). jf. sørs. råatedh v ”brake”, t.d. jienge råata: ”isen brakar”: Nordsamisk handlingsnomen (actioform) raðam, raðan «brakar-, skrallar-«, i sørsamisk råatem-.

Rana ligg på overgangen ml. pite- og lulesamisk. Vi kan prøve litt gjetting: I norsk talemål, der ð ikkje vart uttalt lenger, fall det naturleg å bytte utlyd m med n, noko som nærmast gav ra’an, sml gjengs nordnorsk uttale av bunden form fleirtal av blad og terrengordet ra (rad). Men her er no er nordsamisk lagt til grunn, dessutan fungerer actioformer på –m i flg. Qvigstad sjeldan som heilt sjølvstendige namneformer, det vanlege i stadnamnbruk er at actioformer står som utmerking (første­ledd).

Namna Dunderland og Dunderlandsdalen innbyr klart til lydleg spekulasjon, men det er vanskeleg å peike på ein einskild stad i dalføret (foss el. stryk) med så veldig låt at all tvil forsvinn, for frå Dunderlandsforsen er det langt til Stupforsen og Krokforsen, og Storforsen med (jfr. Storforshei).

Ei anna strekning har ein tydelegare «konsentrasjon» av fossar, nemleg den like etter at Ranelva tar opp Langvassåga og blir retteleg stor, for her ligg dei på rad, Reinforsen, Meforsen og Kobbforsen, men ingen av desse siste namna er lydhermande, onomatopoetiske. At ordet ráhta «rammel, skrammel» eller . avleiingar til verbet ráhtat er ukjent i samiske stadnamn elles, talar også imot. Når det heilt frå kjeldene på svensk side heiter Randalen og Randalsälven, burde det vere der oppe og ikkje lenger ned i vassfaret det fossebraket burde finnast som ei lydskildrande tolking kunne bygge på, men der er elva altfor lita.

Den ‘travle’ elva?

Norrøne namn som går fonetisk parallelt med namnelaginga Radund er ikkje lette å finne. Jørn Sandnes seier i Norsk Stadnamnleksikon, først om sjølve namnet Rana, at det «har i seinare tid vore brukt om fjorden (Ranfjorden) og landskapet kring fjorden, men må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranaelva. Rygh set elvenamnet Raðund til gno. (h)raðr adj ‘snøgg’. Formelt svarar Raðund nøye til det tyske elvenamnet Radantia, no Rednitz … Samanfallet kan likevel vere tilfeldig». Så langt Sandnes og Rygh.

Lat oss aller først slå fast at det ikkje heiter Ranaelva, men Ranelva (Qvigstad 1938: 228, 229). Men gir du ein innfødd ranværing valet mellom «Rana», «Ranaelva» eller Ranelva som rett namn, kan det hende han unngår spørsmålet og svarar: «Vi sa berre Storelva«. Forløparen Randalselva tar opp Gubbeltjiænnō frå nord: Då burde Storelva i endå høgare grad fortene å bli omtalt som jeanoe «stor elv, storelv» (sørsamisk). Qvigstad oppgir ikkje noko samisk namn på Ranelva som rettleier oss, men av di Rana er hokjønnsform, er det naturleg å tenke at det var elva og ikkje fjorden som opphavleg heitte Rana, men det er eit faktum at ingen kallar elva så, mens Rana og Ranen (sjå seinare) er gjengs namn på fjorden den dag i dag. Klart at dette gjer Ryghs kopling med gno. hraðr «radig, snøgg»  endå meir usikker.

Ugrei offisiell namnebruk

Samansettingsmåten er Rān- (lang a), i innbyggarnamnet ranværing så vel som Ranelva (ustøtt tonelag) og Ranfjorden (tonelag 1). Pussig nok brukar ØK eit elvenamn «Ranaelva» øvst i Dunderlandsdalen, men Ranelva lenger ned – tradisjons­stridig som berre det! Meir pedagogisk er at ein no, ved å søke på formene «Ranaelva» og «Ranafjorden» hos Kartverket, får opp rett form Ranelva og Ranfjorden.

Randalselva sitt dalføre heiter Randalen – heile vegen. Det bør ignorerast at offisielle kart framleis kallar norsk del av dalføret «Sør-Randalen», for i høve til Randalen på svensk side går dalføret først mot vest, så til nordvest, meir villeiande namne-bruk ser du sjeldan.

Randalselva, ho som renn ned Randalen framom Randalskåta og Randalsvollen og møter ei som kjem frå nord, Gubbeltǽdno, som har kjeldene på på den svenske sida, mellom fjella Jållektjåkkå og Miettjetjåkkå. Ho heiter der Randalsälven, Randal-jåhkå. Vil tru det er her namnet Rándalgiera etter retten høyrer heime som N50 nyttar om første del av Gubbeltǽdno nær Polarsirkelsenteret, frå vasskilet (Tjáhtjejuohkam) og sørover! Dette og «Sør-Randalen» er vel dei siste restar av all den forvirring kring namnet Randalen som så lenge har rådd på karta, jamfør Robert Monsens artikkel «Navnebytte av elver i Rana, Gubbeltåga og Randalselva» i Årbok for Rana 1992.

For langt til fjells? 

Vi bør ikkje tru at utkantområda er irrelevante for vår forståing av bygdenamnet Rana, for sjølv om koplinga mellom det historiske namnet Radund og fjellnamnet Gárggádis er usikker, kryssar jo Randalen riksgrensen og må vere ein gammal farveg ned til Rana. Her gir Nordlands Trompet oss litt å tenke på:

End er det at tage særdeles i agt, At Ranen beligger hen under den Tract, Hvor Veyen beqvemmeligst falder Til Sverrig henind, thi for nogen en Tid Kom aarlig Kiøbmænder forreisendes hid, Mand dennem Bark-Karlene kalder. Om Løbermes droge de hiemme fra sit, Fra Uma, fra Lula, fra Torne, fra Pit, En Reise ved tresindstiuge Miler, Tilhandlede sig tørre Rokker og Sey Mod Varer som Landet u-tienlig var ey, Som Smifang af Øxser og Filer. Den Handel var sandelig icke saa slem, For Fierendeel Daler kund’ kiøbes af dem Et Ploug-Jern, Øx og dislige, Som i en halv Daler hos Kremmeren stoed, Det var vel at Ønske den Handel paa Foed Var kommen og holtes ved lige.

Gammal ferdsel og gamle namn heng saman, og det står litt att før herr Petters ønske om framhald av farne tiders samhandel tversover riksgrensen i Rana kan bli oppfylt.

Randalen og Ranelva utanfor Rana? 

Ei noko mindre elv enn Ranelva er denne som fell ut frå Ranvatnet i Leirfjord via Ranforsen og renn framom Randalsholten nedover Randalen, ho òg under namnet Ranelva. Frå denne Randalen tar Ranskardet (med Ranskardvatnet = Storvatnet) av mot vest, og når du følgjer skardet og kjem ned til Ranfjorden, får du på venstre hand det stupbratte Ranfloget nær (Indre) Levang. – Litt lenger nede i sjølve Ranelva ligg Storforsen: den utvida delen ovanfor er Stillelva, men nedanfor heiter ho Ranelva att, med Ranmarka = -markjen og Ranbekken på austsida. Der elva fell ut på Leira i Leirfjorden ligg Ranhågen, med Ranåkran sørom elva. 

Namna Ranvatnet, Randalen, Randalsholten, og Ranskardet, Ranfloget, Ranfjorden og Ranskjæret har alle tonelag 1, meir ustøtt er det i Ranmarka, Ranelva og Ranbekken. – Ranhågen og Ranåkran har derimot støtt tonelag 2, er det likt til.

Det hjelper oss ikkje mykje at liknande namn finst nokre andre stader i landet. Rana som fjellnamn (tonelag 2?) er å finne i Jølster og Sogndal, og Rana (tonelag 1) under gnr. 110 i Vefsn er ei lang-voren utmarkslette – der kanskje eit skjemtenamn av same slag som Vestfjorden, Stadshavet o.l. om jordstykke som er store og/eller våtlendte?

Det vekker undring at namnet Ranelva dukkar opp både i Rana og i nabokommunen Leirfjord, men dette er heldigvis mindre merkeleg enn vi skulle tru. Det er nemleg historisk ukorrekt at vi har Ranelva i Rana og så Ranelva i Leirfjord utanfor Rana. Leirfjord kommune vart til år 1964 og fekk då overført frå Nesna (før «Ytre Ranen») den «ytre» Randalen saman med 30 andre matrikkelgardar. Då vart elva liggande inn­på Leirfjord sitt område, men før det var Ranelva Leirfjord si grenseelv mot Rana! At namnet Ranelva finst «også i Leirfjord» er slik sett historisk misvisande. Men kva ligg så eigentleg i namnet?

Termen «rane». 

Vår beste topografiske leietråd på landsbasis er at det så ofte er tale om markerte bergnes: Den nokså høge Ranhågen på austsida av Ranelv-osen i Leirfjord stikk ut på Leira, og den høge Ranhaugen på gnr. 25 i Loppa stikk ut i sjøen. – Ranhaugen i Surnadal har eit langt utstikk mot nordvest, i flatt lende. Ranehaugen i Sogndal er ein langsmal fjellrygg, og her er det den flatare heia innafor som heiter Rana. Frå Sør-Varanger kan vi ta med Ranvika, som på austsida har eit markert bergnes, på vestsida ein bratt og lang fjellkant. Dei (sekundære) samiske namna Ránagurra og Ránabákti der nord hindrar ikkje i utgangspunktet ei norsk tolking, ser det ut som.

Her kan vi då tenke på rane m «bergpynt, fjellpynt, odde, jord- eller bergrygg, rinde» (Norsk Ordbok, Nynorsk-ordboka), og isl. rani m «avgåande fjellnov, tunge i land­skapet» (A. B. Magnússon). Ordet er tradisjonelt heimfesta til Nordhordland og Sogn (Torp), men i stadnamn finn vi det mange andre stader òg. Kartsøkt på «Ranen» gir ei rekke tilslag frå Vestlandet der det er tale om meir eller mindre ryggforma haugar, åsar og akslar og delvis nes. Ranan i Dyrøy i Troms og Ranane i Gulen er skarpe ryggar, likeins Lappranan (ØK) eller Lappranen (N50) i Lødingen, der meir benk­forma. Men som før nemnt, det kompliserer at rān~n òg er ei velkjend bunden fleir­talsform av terrengordet ra(d) «(låg) morenerygg». T.d. er «Ranen» ved Foldvikelva i Gratangen er eit par typiske ra, liksom Raen i Andøy (Breivika), i Bø (Nyke, Føre), i Sortland (Gunnesdal) osv. Meir uvisst er kva som blir rett kategori for «Ranen» på begge sider av ein bekkedal på gnr. 93 i Målselv. I det heile er slektskapen mellom orda ra og rane framleis uklar.

Randalen er eit namn vi finn heile tre stader, både i Høyanger, Giske og Steinkjer, og med unnatak for Giske synest ei tolking ut frå «rane» å passe. I Leirfjords tilfelle må seiast at rett nok renn Ranelva i Leirfjord gjennom Randalen, som blir rekna heilt ned til Tovåsen, men elva har kjeldene sine i og rundt Ranvatnet lenger aust, og på strekninga frå Ranvatnet ned til øvste Randalen er det fire-fem markerte, langsmale rabbar eller ra (usagt kva dei heiter). – Ranvatnet i Saltdal er òg eit gåtefullt namn: Det ligg ikkje så nær grensa mot Rana at det gir god forklaring. Men i vester-kanten av vatnet tøyer det seg ein lang rygg eller rane sørover, og ei meir tilfredsstillande tolking er neppe for handa.

Det ser då ut til at namneelementet rane er repr. også nordpå, trass i atterhald for tilfelle der det er uvisst om vi har med ra(d) eller rane å gjere. Men slik tvil er berre aktuell nord for Vestfjorden, ser det ut til, iallfall er det stort sett der vi finn namn med –ra som hovudledd. Sørom Steigen er -ra-namn stort sett fråverande.

Finst det vel liknande ranar i Randalen på svensk side? Goabdesbákti (Gåbdespakte) går faktisk ut i ein langsmal rygg mot aust. Tett innafor denne igjen kjem det ein annan og like markert smal rygg, i austerkanten av Jårbotjåkkå. Ein tredje og siste rygg, sør og aust av Miettjetjåkkå, er også ein markert fjellkant. Med det har vi også nådd inste enden av den svensk-norske Randalen og finn at sørsida av dalen har ranar i lange banar, så dalnamnet kunne vere slik å forstå. 

Nordaksla på norsk side litt lenger ut i dalen er òg rane god nok, men ligg meir for seg sjølv. Eit søk på Ranane + Ranen i Lantmäteriet og Svenskt Ortnamnslexikon gir likevel så sparsame funn at ‘rane’ framstår som eit vestnordisk namnelement.

Lydlege parallellar? 

Ord som hane o.l. blir uttalte med lang a, men i samansettingar som Hanskjelvika og Hanodden, Hanskjeret osv. ikkje alltid så. Ein bergformasjon Hanen gav namn til Hanøya i Hadsel, men sjølve øy- og gardsnamnet blir likevel uttalt med kort a. Når det skjer i namn der assosiasjonane til «hane» framleis lever, er det lite å undrast at stadnamn med førsteledd Ran- får uttale med kort a der ordet rane for lenge sidan har falle ut av dagleg tale.

I bunden form av tilsvarande ord banen, fanen, ganen, vanen osv. føyer vi eigentleg berre til ein stavingsberande –n, i staden for tydeleg uttalt –en, og samtidig forsvinn tonelag 2 i uttalen. Det får i neste omgang den konsekvensen at vi frå bundne former som t.d. kranen og manen ikkje automatisk kan slutte oss til om ubunden form skal vere t.d. kran eller krane, men må kjenne til talemålsrett ubunden form av vedkommande ord for å ikkje å bomme. Den som ikkje lenger veit at det finst eit terrengord rane, kan altså av bunden form Ranen lett feilslutte ubunden form ran,  men gno. namneformer *Ranin m eller *Raninn f som tilsvarar Rana, Ranen er ikkje overleverte, forma Radund er den einaste.

Kva talar mot rane-hypotesen?

Det er kun i osen av Ranelva i Leirfjord at vi tilsynelatande har ein rane (Ranhågen) som evt. kan ha gjort Ranen til ekspanderande namn på busettingsområde. Kritisk vurdert er han likevel ein relativt liten haug, i enden av ein annan meir overtydande rane, ein uvanleg langsmal ås på austsida av Stillelva som strekker seg innover forbi Tovåsen og kanskje kunne tilseie ein viss topografisk samanheng Ran-namna imellom, men denne ranen heiter Leiråsen.

Kring sjølve Randalen noko lenger inn er det iallfall påfallande mange Ran-namn. Merkeleg er at dei mest alle blir uttalte med tonelag 1, ettersom alle namnelagingar med rane m burde ha tonem 2 i målføre der norsk tonelagsskilnad rår. Men kva no enn forklaringa på det måtte vere, ser det som før nemnt ut til at denne Ranelva fekk sitt namn av di ho var Leirfjord si grenseelv mot Rana, og då er dei andre Ran-namna langs elva vel sekundære. Også Ranskardet og Ranfloget kan sjåast med Leirfjord-auge, dei er «veiens navn» i retning mot fjorden Rana, slik Randalen på svenskegrensen er det for dei som bur lenger aust enn det.

Attmed den store Ranelva i Rana kommune finn vi knapt noko opplagt rane-område. Det måtte vere ryggane i området kring fossane Reinforsen – Meforsen – Kobbforsen, men ingen av dei har eit namn som peikar i den lei. Vi kan som før nemnt fokusere på første del av dalføret, som er den svensk-norske Randalen og landskapet der, men heller ikkje der er namneelementet (grunnordet) rane i bruk, ser det ut til, og heller ikkje ved sjølve Ranfjorden.

Radund-namnet? 

Kjelde for Radund-namnet er Aslak Bolts jordbok, som blant gardar spreidde over heile Hålogaland nemner Sørvik ved Alstahaug, derpå Dilkestad i Radund, så gardar i nordfylket. Vi kunne teoretisk tenke oss Radund som namn på eit fjordområde der det fanst spreidde rad-liknande formasjonar, men like sannsynleg som ei multippel namne-motivering er ei som er enkel og konkret: Radund kunne t.d. vere eldre namn på Utskarpen og den busetnaden som Dilkestad vart ein del av, for Storstrandfjellet på austsida av Utskarpen er ein lang og temmeleg bratt fjellkant, innskoren av heile sju skard, ein formasjon der kòtrane kjem på rad og rekke, jf dansk benrad «beingrind». Men i så fall kan ikkje namna Radund og Rana stå for det same, for den omtalte fjellformasjonen vender bort frå hovudfjorden Rana. Etter konteksten i AB bør Radund ha vore eit innarbeidd, kjent namn.

Rygh oppfatta namnet Utskarpen i kontrast til Skarpsundet og Skarpneset lenger inn. Namn på Skarp-, Skorp- fortel vanlegvis om skrint landskap, men som Rygh seier, «jeg kjender ikke ellers noget Exempel paa Fjordnavne af en Stamme skarp-«. Utskarpen skal slett ikkje vere noko skrint/snautt område, og like tvilsamt er at vinden der er meir skarp (tørr og kald) enn andre stader i Ranfjorden. 

Fjordnamn frå først?

Kva namnet på distriktet gjeld (noverande Rana kommune og noko av Hemnes), må vi slå fast at nemninga «i (inni) Ranen» brukt om bygdelaget og båtbyggarmiljøet var stødig og så vanleg over heile Nordland at han må vere tradisjonsrett og ikkje berre eit skriftspråkfenomen, men vi kjem jo ikkje unna at tilhøvet mellom eldre skriveform Ranen kontra yngre skriveform Rana er vanskeleg.

Rim og regler og spesielt slike som inneheld faste rim burde gje ei viss rettleiing, men også her slår skrifttradisjon inn og fører til sprik, t.d. i gåter som lyder såleis:  «den finnes i Nesna, men ikke i Ran» (Håløygminne 1924 hft. 3-4:18), men også: «det er ikkje i Vefsn, men i Rana» (1925: 20). 

Meir opplysande er det gamle visstøet som lyder: «Når Rana ryk og Sjona fyk, er sursilda god å finne», her er Rana tvillaust eit fjordnamn. I rimet går «ryk» på frostrøyk og «fyk» på sjøfokk, mens «sursild» står for dårleg salta sild. 

Radig eller brått-om?

Merklege utgangspunkt for logiske resonnement, kanskje, men når no Rana faktisk er fjordnamn på line med Sjona og Folda, gir det oss rett til å tvile på den siterte utsegna om at Rana må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranelva. I Norsk Allkunnebok sa Eivind Vågslid om Rana: «gno. *Rǫðundr eller *Raðundr f, notid partisipp til (h)raða, driva snøgt fram, om fjord med god bør». Her bør også nemnast rada seg «strække sig i en viss retning, især om vinden, vistnok til adj. rad i betydning ‘ret, like’» (Torp, frå Sunnhordland, Sogn og Fjordane, Nordland). 

Radund fortel i så fall helst om forma på den ytste del av fjorden. At det var var meir stryk­ande bør på Ranfjorden enn i andre Nordlands-fjordar står uprova,. Ei heilt anna sak er at fallvindar ned frå Lihauvet ytst i Ranfjorden kan vere farlege, men vindfenomen som kjem knapt og uventa er ikkje «radige», det ordet gjeld slikt som går unna i jamn og god fart utan uventa avbrekk.

Kan Radund alternativt vere samisk-tradert form av gno. bráðung f «bråe, hast, skunding»? Jfr. her nordsam. «rādēs, rātēs», som er låneform av gno. bráðr. Denne samiske låneforma tyder likevel oftast «bratt» (om terrenget), ikkje «brå, hastig». Ei særskilt tyding er «rādēs, rātēs» – i tydinga heit – dette nemnt med tanke på regla om Rana som ryk i kaldt ver, for utbreidd norsk ordbruk av same art er aveld og frost­brann (Norsk Ordbok 293), like eins brennkaldt, bålfrost, bålver, båling, gløing ol. Men kjend sørsamisk låneform av gno. bráðr er prára, evt. òg rárá, så endå Rana er eit dialektisk overgangsområde, er meteorologiske vinklingar til Radund-namnet i dobbel meining luftige.

Finmaska namnebruk?

Om fjorden heiter det i Nesna helst «på Rana» (Ranä) no, dativen «på Ranen» har gått tilbake der og i Hemnes, men synest elles vere kjend nok. Om sjølve bygdelaget seier også nesnaværingane framleis «i Ranen», så slik sett er det litt ironisk at det tidlegare offisielle «Mo i Ranen» er blitt retta til Mo i Rana.

Blant nordranværingar var det tradisjon for å seie at dei «feska på Ranen» til dei kom så langt ut som til Bardal, akkurat der Ranfjorden gjer ein nesten vinkelrett bøyg. Norgesglasset registrerer på si side Ranen som namn på ein «våg», avsett på kartet oppunder Hammarøyfjellet, så det er klart nok at fjorden ikkje blir rekna berre ut til Bardal, men mykje lenger. Kor langt er det tydelegvis delte meiningar om, men eg legg stor vekt på at vi finn Ranskjæret mellom Fagervika og sørenden av Hugla: Det må vere her vi har «kjeften» i den eigentlege Ranfjorden, utan at det dermed er feil å rekne fjorden eit grann lenger, til Angersnes.

Indre Ranskjæret ml. Hemnes og Straumsnes er helst den tilsvarande overgangen frå havarmen Rana til det meir skjerma fjordpartiet Nord-Rana. Innafor Ranskjæret går fjorden nesten jambrei innover og er berre ørlite krum, som alt nemnt, men bøygen ved Bardal er stor (innmed Sandnes ved Utskarpen kjem det ein ny bøyg). Det er eit slåande særmerke og kunne vere namngjevings-grunn.

Eit eige særmerke ved det ytre fjordpartiet er det mesta utoverhengande Ranfloget, med ein bøyg innover.Vi kjenner ein annan lokalitet som har tilsvarande namn og form, nemleg forberget Ránobákti i Porsanger, med eit høgt flog som har ein skarp og  tilnærma vinkelrett bøyg i aust og ein litt mindre brå bøyg i vest.

Språkleg kringsjå

Radund som distriktsnamn er nok gammalnorsk, om enn skriftfesta i mellomnorsk tid. Noko (anna) gno namn på fjorden Rana kjenner vi ikkje. Teoretisk kan vi både her og i tilfellet Ránobákti ha å gjere med eit tidleg samisk innlån av germ. *wranhō «vinkel, krå, hjørne», som i gammalnorsk vart ró, rá f med same tyding, mens sideforma vrå med halden v er typisk for dansk og svensk og sør i vårt land: Gardsnamn som Vrå i Mandal og Kviteseid, Vråheia i Lindesnes o.fl. har alle med vinkelforma innslag i lendet å gjere. Språkleg er her også eit visst slektskap med (v)rang adj + å (v)renge, og då bør nemnast at forma på Rana er slåande lik sundet Vrengen mellom Nøtterøy og Tjøme. Vrengen heiter òg ein skarp vri i elvefaret til Færstaulåi, Seljord, det same ein skarp elvebøyg i Vennesla.

At gno. rá f «vinkel» kunne utvikle seg beinveges til bunden form Rana skulle vere usannsynleg: Vi er langt unna dei strøk av landet der eistavings hokjønnsord kan få tillagt gammal og deretter ny hokjønnsartikkel med bunden hokjønnsform av typen Øy(i)nå som resultat.

Merkverdig nok gir Rana <*wranhō «vinkel, krå, hjørne» god meining også for dei to Ranelva-ne. Først Ranelva i Rana kommune: På vanlege kart er det jernbane og veg som framstår tydelegast, men dei følgjer Ranelva i alle tilfelle og viser at ho gjer ein kraftig, vinkelforma bøyg øvst og nedst i Dunderlandsdalen. Kan tilsvarande seiast om Ranelva i Leirfjorden? Ho gjer ingen sidesprang å nemne, vil lokalkjente seie. Men eit unnatak finst: Kring Hubuåsen har ho ein kraftig vinkelforma bøyg, og det er just i Randalen, som sjølv har ein «knekk» der. Vi kan altså fokusere på at den ‘lei-nære’ delen av Ranfjorden er ganske bein, men òg legge vekt på at han har ein markert bøyg i botnen og når den eine tolkingsmåten slår hin i hel, kan ingen av dei vere å satse på.

Vågslid og Rǫð-teorien

Som før nemnt oppfattar Vågslid Rana som eit opphavleg fjordnamn, vel å merke i 1959 eller like før. 15 år seinare stiller han derimot Radund saman med *Rǫð f  «um ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord. Inst på halvøyen er ei elv som heiter Ranelv, og som renn mot sudvest framum ein gard Randal til inste ende på Leirfjord på sudsida av halvøyen. Ranelv og Randal er unge samansetningar med bygdenamnet Rana» (Stadnamn-tydingar II 1974:208). Denne teorien kjem nok av at Vågslid i 1974 tenker seg Rana som ein parallell til Radøy i Hordland, gno Rǫð «ra ‘morene, grusrygg’.

Ei ulempe er at Vågslid har lett for å konkludere utan først å argumentere, hans tolkingar er som hogne i berget. Meiner han strandstrekninga frå Fagervika og inn til Velsvåg, som kan fortone seg relativt bein? Her ligg iallfall ingen fjellformasjonar på rad som gir repetitive inntrykk, slik som «De sju søstre», for å ta eitt døme. Rimeleg grunn til å seie at Ran-namna i Leirfjorden er «unge» har Vågslid ikkje, men om no områdenamnet *Rǫð som han vil plassere mellom Ranfjorden og Leirfjorden ein gong fanst, blir det sjølvsagt eldst av dei alle; den halvøya han nemner er like vel ikkje så geografisk veldefinert som Nesna-halvøya på andre sida av Ranfjorden, der fjellformasjonen Kjølen er uvanleg lang og bein og bratt, men vel å merke på den sida av halvøya som vender bort frå Ranfjorden, mot Handnesøya og Hugla. Hans hypotese krev at *Rǫð opphavleg var namn på Kjølen, for så å bli namn på heile halvøya og sist fjorden og bygde-laget, mens altså fjellrekka fekk nytt namn Kjølen. Men det er uten­keleg, for Nesna-landet har ingen Ran-namn mens dei er talrike på Leirfjord-sida. Lat så vere at dette er å argumentere mot noko Vågslid berre har sagt indirekte.

Mange –und-namn fekk med tida uttaleformer på –an(d), –en(d) mm. Raðund kan etter bortfall av innlyd ð ha levd vidare i vekslande uttaleform, som *raan, *raen, iallfall med Ranen som lydleg endskap, jfr Radenn fierding 1567 (Hm. 4 1936:474), men òg Raen, Rade, Ran (i flg. Wikipedia). Rana kan då vere systemrett, men nylaga nominativ.

Vågslid nemner «ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord». Det er litt vagt, men vi kan forflytte oss til ytste enden av halvøya, Angersnes: Her går Ranfjorden inn på nordsida og Ulvangen sørom, neste fjord i sør er Meisfjorden, og imellom dei skil berre ein landstrimmel, eit smalt nes forlenga av den praktisk talt landfaste og like smale Ulvangsøya, med Øytangen. – På sørsida av Meisfjorden er det atter eit langt nes, Lei[r]nesodden, før det ber inn til Leirfjorden som alt nemnd er: Fer du langs leia, må du kroke om desse særmerkte oddane for å komme dit. På sør­sida av fjorden ligg den litt kortare Tangen og Horvnesodden på Alsten (Alǫst).

Ei samanlikning med oddane på Radøya er ikkje unaturleg, maken til odde-landskap finst ikkje på langan lei, og framom desse oddane går einaste opningen inn til Leirfjorden for dei leifarande, men dessverre ligg desse oddane akkurat litt for langt sør i høve til den eigentlege Ranfjorden til at ei namnekopling dei imellom verkar truverdig, og dessutan er dei kalla Ytter-Lei[r]nes, jf. Leirfjorden – og Ulvangsøya, jfr. Angers­nes tett nordom. Her er ingen namn på Ran-, tvert imot blir det breie sundet mellom Angersnes og Dønna inn til øya Finnkona på lag kalla Ulvangen, i alle fall på eldre kart. Først innafor Finnkona kjem Ranskjæret og det eg før har kalla Rankjeften. – Same korleis vi fortolkar Vågslid si utsegn om «halvøy med lang og bein strand» er det uråd å  gje han medhald.

Fokus på rad og und

Ein detalj i namnebruken er ugrei: at Ranskardet, som ikkje framstår som nokon grei ferdselsveg, heiter nettopp så, medan Låvongskardet i sørvest og Synnafjelldalen i nord ikkje har fått liknande namn, endå dei burde vere naturlegare hovudfar over til Ranfjorden. Også det at vi finn Ranflòget tett ved Ranskardet kan tyde på at det er noko særskilt med dette området. Kva kan det vere?

Frå Låvong strekker det seg lange ra(d) langs fjorden til begge sider. Norge i bilder.

Slåande er at heile Ranfjorden utanfor Bardal er fri for nemnande strandflater. Det eine unnataket er kyststrekninga frå Velsvåg innover til Neppelberg, berre innskoren av Levangsbukta. Strandflata er ikkje så brei, men har likevel har fleire markerte lange ra og myrar. At så er tilfelle, og at likskapen i terrengtype med den elles mykje større Radøya er tydeleg, kan den interesserte kontrollere ved å søke «Låvongsbukta» hos Kartverket. At Radund vart valt som namn på ein så særprega del av landskapet i fjorden er ved ettertanke lett å forstå. Terrengordet ra(d) er nordisk og vél kjent, men ser ikkje ut til å opptre som lånord i samisk.

–und-avleiingar blir til vanleg tolka såleis: «som er forsynt med, som har mykje av» (det som første-leddet nemner), «som har den eigenskap at – «. Med ei slik tilnærming får Radund-namnet svært konkret innhald. Her er det ikkje namn på ei øy, men vi kan likevel samanlikne forkortinga Radund > Ran- med *Borgundey >Born­øya i Bjarkøy og med Jalund >Jeløya ved Moss.

At namnet Ranfjorden er uttalt med tonelag 1 er lite å legge brett på, det er som i ei rekke andre fjordnamn: Beisfjorden, Brattfjorden, Godfjorden, Grovfjorden, Kjerkfjorden, Lifjorden, Vestfjorden, Vargfjorden, Åfjorden o.fl. Meir merkeleg er at dei andre samansette namna frå Ranskjæret og heilt inn til Ranvatnet blir uttalte med tonelag 1, med dei få unnataka som nemnde er. Det heng helst i hop med forkortinga Radund- > Ran- (stavings-bortfall).

Litt meir samisk

Radund framstår som nordisk, men elles er det ikkje så få samiske innslag i området: I Randalen (no i Leirfjord) har ein Finnhagen, og noko lenger mot søraust Fåjahågen («få:jahå:jen), eit namn som både lydleg og topografisk passar med sørsam. vaaja «dal, senkning». – Frå Levang går Levangsdalen (Sørdalen), som lengst inn har Skardet i aust, og i vest Lussidalen (sørsam. lu-sijjie «kvileplass for rein») som kjem på høgd med Tovåsen eit stykke ned i Ranelv-dalføret. Kring Lussidalen er beiteland, og vi merker oss at lu– eigentleg er kortform av ordet luvve, lovve, lyvve (lïvve) «ro, kvild; kvileplass for rein» (Qvigstad 1944: 44, Hasselbrink, Bergsland). 

Uventa nok går dei siste orda går lydleg parallelt med grendenamnet Låvong – Levang (kort å og e). At namn på –und får nyare i former på -ung, -ing, -ang ol. finst det mange døme på, litt meir uventa er at samisk Låvong, Levang og nordisk Raðund opptrer side om side. Symbolsk for gammal etnisk sameksistens i Rana.  

Det er påfallande at inste Randalen på svenske-grensa passerer Gárgadasoaivi,Gárggádisoajvve, ettersom gárggádis (nordsam. gárgadas) «rekke, rad» nærmast er ei omsetting av nordisk Raðund. Fjellhovudet ligg ved porten til Raðund>Ranen, og då heng Randal-namnet i hop med det distrikts-namnet Raðund. Dette opphavlege «veiens navn» er i ettertid blitt omtydd til å gjelde kollar som ligg på rad innom på svensk side – kanskje? Formelt kunne Rana vere eit opphavleg elvenamn, men ettersom elva aldri blir kalla Rana, er det mindre truleg, og når det er tvilsamt at Rana er eit opphavleg elvenamn, fell òg den eventualiteten bort at namnet kan vere lydhermande med sikte på fossar, eller at det heng i hop med gno. hraðr ‘snøgg’. Vi kan også, med gno. hraðr adj/hraða v som utgangspunkt, oppfatte namnet som poengtering av at ytste delen av fjorden er ganske bein, då får vi stikk motsett konklusjon! Om meteorologiske namneteoriar treng vi ikkje seie meir enn det som alt er sagt.

Varsam konklusjon

Trass i at Ranen, Rana kan bli brukt i same tyding som Ranfjorden, er det også klart at Rana alias Radund som distriktsnamn har høg alder. Den geografiske fordelinga av namnelagingar på Ran- og landskapet i seg sjølv kan tyde på at det var landstrekninga frå Austvika – Neppelberg og ut til Velsvågodden som var Raðund, for dette er eit lågland med talrike parallelle ra(d) langs fjorden, ei strekning ‘som er forsynt med, som har mykje av rad’. Dette er munningen av Ranfjorden, og innafor strandstrekka med flest parallelle ra(d) skjer Levang (Låvong) seg inn.

Ytste del av Ranfjorden. På nordsida Løkta, Hugla og Nesna-halvøya. På sørsida av fjorden skjer Levang (Låvong) seg inn i ei elles nokså bein strekning med mange ra(d), frå Fagervika og innetter forbi Låvong heilt til Bardal. Norge i bilder 2009.

Raðund var då namn på eit sentralt busettings-område ved fjorden, og det kan ikkje overraske at det ekspanderande områdenamnet med tida vart namn også på fjorden, i ny form Ranen eller Rana. Den namnebruken var lettvint og naturleg, då med ei tilføying som gjorde han meir presis: Ranfjorden.