Trælen
I sin omtale av garden Trælskår – i dag skrive Trælsgård – i Liknes i Kvinesdal, skyt O. Rygh inn ein merknad som går att ved fleire andre gardsnamn på Træl-: «Ligesom Navnene Trælen, Fjord ved Tønsberg, Trefjord i Flatanger (af Thrælafyrde AB. 85), og vistnok ogsaa Trælen, en liden Sø paa Fjeldet i Lesje, maa de indeholde en Stamme Þræl-, som efter Sophus Bugge vel har betegnet ‘noget trangt’, i urnordisk Form *Þranhila-, beslægtet med oldn. þrǫngr trang».
Samtidig viser Ryghs drøfting av slike namn at han er merksam på at desse også kan vere minne om trælehald, i førkristen tid især.

Træla i Tønsberg, ei fjordbasseng med svært tronge opningar. Norgeskart.

Trefjorden (Þrælafjǫrðr) i Flatanger er trong i ifaret. Norgeskart.

Træland i Lyngdal. Norgeskart.
Gardsnamnet Træland les ’trælland’ finst fleire stader i Sør-Noreg, og Oluf Rygh reknar med at gardane vart rudde av frigjevne trælar, men samtidig er det tale om små gardar der det er lite innmark. Det gjeld òg i høg grad desse som heiter Trældal.

Trældalen i Narvik k.
Trældalen i Ankenes s. i Narvik er ei nærmast ein smal jordveg innover i fjellet. I dette tilfellet viser Rygh berre til omtalen av namneleddet Þræll– andre stader i Norske Gaardnavne, utan noka lokal vurdering.. – Også Trældalen i Froland og Osterøy har liknande form.
Træla i Larvik er ei trong bergvik, men merker seg ut pga dei tilnærma ovale bergoddane til begge sider.
Vanleg nok er også namnet Trælvika, og då ikkje berre langs kysten, men det er lite truleg er at stader som Trælvika i Bremanger og i Værøya i Bø kan ha vore buplassar med innmark. Likare stelt er Trælvika i Brønnøy, men ein stor del av jordvegen er kun ein smal strimmel. Heller ikkje Trælvika i Øyfjorden i Senja har stort til innmark.
Trælsjorda ligg ytst i Steinfjorden i Senja. Har den lite synlege flekken namn av fjellet Trælen like innafor, eller fekk fjellet tvert imot namn av rudningen til ein frigjeven træl? Likeins kan ein undrast om det finst ei historisk ’lenke’ mellom namna Presthagen vestom Bøstad i Lofoten og Trælvollsmyran i fjellet ovanfor.

Fjellet eller bergåsen Trælen i Samnanger. Villare er fjellet Trælen i Senja.
Eit tolkingsalternativ for Træl-namn som Rygh viser lita interesse for er træl om hard knute eller kant i huda (callus); det heng nok i hop med ordet træl (slave) for så vidt «at årsaken er slit og slep» (Torp). Reint samanliknande er det brukt om berg- og fjellformasjonar, sml Trælen som namn på haugar i Grue og i Nord-Odal og på eit fjell i Samnanger. – Ein bergås i Eidfjord heiter Trælhaug, men så heiter òg eit par gardar med store, runde bergknutar i Bokn og Karmøy. Her kan også nemnast Trælneset i Nesna, med den kuvne Trælneshaugen innafor.
Mindre opplagt er bakgrunnen for gardsnamnet Trælnes i Brønnøy – om det er tenkt på dei runde bergknutane på innmarka nedved sjøen eller på Trælnesfjellet og Trælneshatten i bakgrunnen? Vidare kan ein bli litt usikker på om Trælevika i Askvoll har namn av bergformasjonar, eller om der fanst jordveg for ein træl noka tid?

Trælevika i Askvoll år 1965 – kva er rimelegast tolking av det namnet? Norge i bilder.

Trælastranda og Trælaneset med Store og Litle Trælen i Sola k. Mest sannsynleg er at dette berre er samanlikningsnamn. Norgeskart.