Sel og sæl
Under 2. verdskrig, og sikkert litt før det, brukte norske nazistar den norrøne helsinga «heill ok sæll» til eigne formål. Det var lite å gjere med det, anna enn at vittige sjeler innimellom la til ein ironisk vri. Det gjorde nettopp han som i 1940 eller kanskje eit år tidlegare sa om sin morfar, som sette til under storskaden på Andenes i 1821, at «han ble liggende hele 9 uker i sjøen før man fant ham og fikk dradd han opp av havet – like heil og sæl»1. Men her er det nok best å gå over frå svart humor til meir seriøst alvor:
I og med Elias Blix sine salmar og den nynorske katekisma fekk ordet sæl også den religiøse dimensjonen sæl = salig. I dialektane lydde det likevel ikkje alltid slik, iallfall ikkje i andøymål. Det heitte at han eller ho var like sel (like glad), når noko var hipp som happ. Like fullt heitte det ofte nok, når alvorleg sjuke folk endeleg fekk sleppe ut av verda, at det var ei sælebot. Det er uttalenyansar verd å merke seg når vi om litt ser på nokre stadnamn skrivne Sel– der meininga ikkje alltid er framstår like tydeleg. Vi tar dei enklaste først.
sel lik kobbe?
Nokså uventa, blant dei mange Sel-namna i landsdelen fortel relativt få med full visse om gamle selveide: I Aslak Bolts jordbok frå 1400-talet er sagt at kyrkja m.a. eig «af Selafiordom iiij spann oll eign ligr til selweide oc skogr», dvs. Selfjorden i Flakstad. – Selskjæran i Bjarkøy fortel venteleg om det same, likeins Selvågen i Nordkapp, som er trong ytst og har talrike skjer og grunnar. Selvika i Måsøy kunne nok også ha med selveide å gjere, for så vidt at det finst skjer litt lenger ut i fjorden, men mykje nærmare ligg Selvikdalen, som er ei vid deld (sjå seinare).
Fjordnamnet Salangen vart skrive Sellanger 1567, det fortel sikkert nok om selveide. Då tør vi kanskje rekne med at den tronge Selvågen i same fjorden og var gammalt selveide; han er no stengd av bilveg.
sel for selje?
Selneset eller òg Selnes |sæll-|, i heile åtte tilfelle som gardsnamn, finst mange stader her nord, men det er tvilsamt at namnet har same opphav overalt. Truleg er det tale om treet selje kva Selnes i Storfjord, Lyngen, Balsfjord, Gratangen og Tjeldsund gjeld, så vel som i Kjørstadvatnet i Hadsel og i Steirapollen i Vestvågøy. Rygh er elles nokså ordknapp om Selnes som gardsnamn, endå han held trenamnet for mest sannsynleg forklaring, og skriveformene Seliunes DN VI 347, Sellinis, Selinis 1567 om Selnes i Ibestad (no Gratangen) og likeins Selienes 1567 om Selnes i Karlsøy (: Lyngen) peikar nok den vegen, kanskje også Sellenes 1567 for Selnes i Rolvsfjorden i Borge (no Vestvågøy).
sel om lægder?
Terrengmessig like er Selnes-lokalitetane ikkje: Selnes i Rolvsfjorden ligg i ei avrunda lægd og kan minne om Selnes på Landegode medan Selnes ved Pettvika ligg i ei lengre lægd, nokså likt Selnes i Tranøy. Selvågen i Sørfjorden i Gildeskål er kun ei ørlita, grunn vik: Det som særmerker landskapet også der, er den smale og lange lægda innanfor. Selvika i Dønna ligg likeins i enden av ei lang og smal lægd, Selvika i Kasfjorden i Harstad svingar seg bogeforrna inn i ei avflata krå med ei smalare lægd Selvikdalen lenger opp.
sel om innskjering?
Selneset |sēṛṇese| lengst sør på øya Søla i Vega er ei bogeforma snei inn i strand-konturen. Kan hende ein variant av seil m «en Indbøining, en bueformig Indsænkning paa en Kant eller Ryg» (Aasen, frå Hallingdal). Det kan ikkje vere tale om sæld, for det ordet har vi i Grønhaugsældi |-sæᶅᶅe| på Bø i Vega.
Seløya |selløya| ligg i Hadselfjorden og er småkupert, med eit myrsøkk midt på: I så måte kunne «Huulning eller Fordybning paa en Flade» høve, men det fell meir i auga at Seløya og Litl-Seløya tett ved er knytte i hop med eit kort rev, og på austersida av det revet har sjøen lagt opp ei vakker, bogefonna kvitsandvik. Isolert sett minner uttalen av øynamnet mest om lokal uttale av sele m (bukse-, heste-), gno. sili = seli m, i så fall om to øyhalvdelar “sela” i hop med eit berg- og sandrev? Det er likevel ei for spesiell forklaring, meir rimeleg er det å tenke på seil m i tyding som nyss nemnt. Men sidan revet flør over, kan vi heller ikkje la vere å nemne gno. sil n “vatn som renn stilt”.
sel om vass-sig?
Selnes i Lille-Porsanger i Lebesby er noko for seg, det ligg attmed ei bogeforma leire der det mynner eit par bekkesike. I dette er likskapen med Selvågen på Nord-Rollnes tydeleg nok; han er vid og grunn, med eit bekkesike. I Selvågen i Lenvik (Hillesøy) er ei tilsvarande utleire, tilgrodd no, jfr Selnes i Lurøy, men elles er det likt. Tilgrodd er også den tidlegare leira i Selvågen i Bø, eit myrdrag som går bogeforma attom det som eingong var ein låg bergholme. I myrdraget renn talrike sike med pyttar imellom, det er særpreget for denne Selvågen, jfr. atter sel = gno. sil n “vatn som renn stilt”.
Selvågen i Fleina i Gildeskål er noko heilt for seg, posefonna og relativt rømrneleg, den einaste Selvågen der det fell naturleg å tenke på våg = hamn. Men også der ser vi ei utgrunn vik inst, med sand og leire, og 2-3 ørsmå bekkesike kjem frå små myrdrag.
Leirfjord sin Selvåg, på øya Alsta, har fullt oppdyrka flatland mellom berga og med ein grunn våg ytst; sigevatnet går i grøfter no. Selvågen i Brønnøy er òg kalla Selvågan, så der har namnet ekspandert, men den eigentlege Selvågen er oppaura av sand og leire lengst inne, og dit kjem eit sike langvegs ifrå. Selvåg-namnet på sjølve Rødøya i Rødøy har og ekspandert, men utgangspunktet er tydelegvis Selvågdalen, med ei særs utgrunn vik i munningen og med tilførande bekkesike.
sel om stillelv?
Selnes nær sjølve Sortland og Selneset inst i Eidsfjorden ligg begge ved ei stillelv, det minner greitt nok om sel = sil n, sjå tidlegare. Situasjonen på Selnes i Tromsø minner om den på Sellevoll, sjå seinare. Selnes i Lurøy har ei oppdyrka låglendt slette og ligg ganske nær Stordalselva.
Selværet |sæll-| i Træna er noko for seg: Det heiter Selværet om heile øygruppa, men ubunden forn Selvær står for sjølve været (det finst ein leseuttale Sæl- med, men denne er utradisjonell). Det er naturleg å tenke på selfangst i samband med desse øyane, me noko uventa: Namnet blir ikkje uttala med tjukk l. Det får oss til å lure på om noko anna ligg bak?
Særmerkt er at heimlandet i været er delt langsetter av eit langt og beint elveliknande sund, av naturen laga med fri gjennomstrøyming av sjø. Truleg kjem flo og fjære nokolunde samstundes i endane av sundet, slik at straumrenna ikkje blir så sterk. Fiskarane drog tidt med seg landets nemningar ut på havet. Godt kjent er veiter om renner i havbotnen, og vegværingane kallar langsgåande djupter – både nordom Floværet og nordom Ytterflesa – for Bekken. Då blir heller ikkje sel n «stiltrennande vatn» tenkt om saltvasselva gjennom Selvær-øyane spesielt oppsikts-vekkande.

Selvær i Træna, delt av eit elve-liknande sund. Statkart
Meir eit tvilstilfelle er Seløya i Herøy: Buplassen ligg på ein øy-halvdel med låglende mellom to langvorne hågar, så landskapet framstår noko meir salforma enn Flatøya tett synnafor. Eit større særmerke er like vel den breie sandvalen mot Ormsøya på nordaustsida, no med vegfylling. Venteleg var dette eit opnare sund med straumrenna inn og ut ved flo og fjære før.
sel om fløvalar?
Selsøya ‘sæls- fleire stader i Nordland er eit ganske problematisk namn. Denne ved Rangsundøya i Rødøy er prega av langsmale «dalstrimler» i det karrige berglandet og kan i det stykket samanliknast med Selsøya i Hamarøy og i Lødingen, men ikkje overtydande. Selveide kunne det vel vere tale om, ikkje minst for dei to siste, men slik tradisjon er knapt å oppdrive. Finst det ei enklare forklaring?
Selsøya ved Rangsundøya er så vidt laus av Hestøya ved eit grunt sund, medan Selsøya nordom Hestmona eigentleg er to øyar, såvidt bundne i hop av eidet på nordsida av utleira Innerselsøyvågen – ho er i sør knytt til Hestmona med eit akkurat like lågt eid. Opplagt er at sjøen før flødde over, også her, eller for å seie det meir varsamt med O. Rygh: «Gaarden ligger paa den nordlige Del af Hestmandøen, som mulig engang har været en egen Ø».
Selsøya i Hamarøy har på austersida ei fint innbøygd sandvik som kan minne om den på Seløya i Hadsel, men viktigare er sandbeltet mellom to valar som kjem frå kvar sin kant inst på øya og markerer at storfloa enno kan gå over og gjere halvøya til øy att. – Selsøya i Lødingen har likeins, især i vest, talrike smale sandvalar der sjøen flør opp. Kanskje er det eit poeng at tronge fløvalar også skil den såkalla Gardsøya frå resten av Selsøyværet. Det kan vere at vi i desse namna ser ein utvida bruk av ordet sel n, som av ein eller annan grunn tar genitivs s i desse fire tilfella. Frå ei side tenkt må vi vere opne for at det likevel kan vere tale om gamle selveide og at vi kan ha oversett eitkvart i så måte. Dette siste bør vi sjølvsagt òg ha i tanke når det gjeld selvågane og -vikane. På hi sida: I fall termar som sil, sel n og sela v. ‘renne stilt’ òg vart nytta om rennande saltvatn, er det interessant å reflektere over kva som skjer i ei stor sandvik eller vid utleire når sjøen flør og fell.
sel om lang, grunn tjønn?
Sellevoll |sælle-| heiter ei grend på Andøya. I utgangspunkt er namnet uklart, men ein skulle tru at historiske skriveformer ville vere til hjelp? Det heiter Seleuold og Segleuoldt 1521, Seileuold og Selieuold 1567, etter det Selleuold i lang tid. Eitt av tallause døme på sprik i historiske skriveformer. At det eingong voks selje på denne låge strandvollen kan vel hende, men vi stussar, akkurat som når vi reflekterer over namnet Skogvoll på den endå meir verharde vestsida av Andøya. I andre namn frå Andøya heiter det dessutan ganske enkelt Selje-.

Så dukkar det opp eit jordskiftekart frå 1871 som viser at det endå på den tid fanst ei lang tjønn heime i garden på det lågtliggande Sellevoll, og derifrå rann to små bekkar ut i sjøen. Ho heitte beintfram «Tjønna», og Tjønnvollen var gardparten rundt den breiaste delen av tjønna. Alt i alt opnar dette for ei anna tolking av gardsnamnet, eit tostavings ord som må svare til det tidlegare nemnde sel n. «stiltrennande vatn i elv eller bekk», i gno. sil n (jf. Trysil, Sel i Gudbrandsdalen o.a.).
Sellavågen |sella-| på Halsebø i Harstad står gjerne som «Sildavågen» på karta, men etter uttalen må det vere tvilsamt at namnet hadde med sildefiske å gjere. Tett innafor, berre med ei smal landstrimle imellom, ligg Kvannesvatnet, ei tjønn veldig lik den på Sellevoll som for lenge sidan vart tørrlagd.

Kvannesvatnet gav vel eingong namn til Sellavågen, Harstad. Kartverket.
Korgen har Bjursela, Holmsela og Sjøsela som utvidingar av Røssåga, uttalt |-sælla|, i ny sms. derimot med e i midtleddet: Bjurselførsen. Like eins tyder Rundselforsen på at *Rundsela var eit namn som fanst før – Rundselbukta litt ovanfor er rundvoren.
Gardsnamnet Sellevoll på Andøya synest ligge tett opp til formene frå Korgen, men det er det uvisst om sistnemnde hadde ei utgangsform sel eller sele f. Sellavågen uttalt med trong e går like snart tilbake på eit tidlegare *sili m, underform *sila-?
Interessant er elles å sml. alle desse kortvokaliske Sel-namna med det trøndske sēla v. «renne seint» og det tilhøyrande adjektivet sēl: «som renn seint» (NO 9: 959f), altså med lang e.
I nordsvensk har det skjedd at bunden form Gran-, Lyck-, Lång-, Sor- og Åselet o.fl. alle er blitt mistydd som ubunden form av eit *sele n og derfor har mist bunden form på –t også i skrift. Om det har skjedd noko av det same i tilsvarande norske stadnamn er førebels uvisst.
1Hans Nerhus, «Den merkeligste mannen Andøya har fostra» s. 64.
Nyredigert etter «Håløygminne» 1-2013.