Fjesme, Fisma og Fismedal
Fjesme |»fjésemman| var gnr 131 i Sparbu hd, i flg. NG (b. 15:217). Av gamle skriveformer finst berre oppført Feßmee 1668 og Fesme 1723. I NG er gjetta på eit elvenamn *Fism eller *Fisma, her liksom i Fismedal i noverande Halden k. og i Askvoll i Sunnfjord. NG fokuserer noko på bekken attmed Fjesme med tanke på gardsnamnet, men finn at det er «vanskeligt at udtale noget sikkert om dets Betydning» . Rygh «opfører imidlertid Navnet blandt Sammensætninger med heimr». Det siste kan vere diskutabelt, for Fjesma ligg på ingen måte sentralt i Sparbu, det er ein utprega utkantgard.
Uttaleforma |»fjésemman| lyder trøndsk nok, men gir samstundes sterke assosiasjonar til sørsam. veasome m.a. ’tilhald, buplass’ . Merk også at sam. veasome med vea- ikkje kunne gje eit norrønt ord med framlyden broten til vj-, men ein overgang til fj– er derimot i full orden. Ein samisk buplass *Veasome ‘huset’ fornorska til Fjesme lyder ordinært, og likeins at den for norsktalande nokså ugreie fleirtalsforma *Veasomeh ‘husan’ i staden fekk umiskjenneleg trøndsk form Fjesemman.
Fismedal |fé`ssmedæł| var gnr 93 i Asak sokn i Berg hd. Gamle skrift-former var i Fismadal ca 1400, Fißmedall ca 1575, Fismedall 1593,1604 og Fismedal 1626, Fismedall 1723 (NG 1:226).
Å undersøke om eit utolka gardsnamn kunne ha utspring i eit elvenamn nær garden var arbeidsregel for Oluf Rygh, som her òg: «Der er neppe Tvivl om, at dette Navns 1ste Led indeholder det gamle Navn paa den lille Elv i denne Dal». Han viser til gardsamnet Fisma i Askvoll «som efter Udtalen maa være svagt bøiet Hunkjønsord, og som antagelig er et som Gaardnavn brugt Elvenavn». Men han får problem med den eldste kjente skrivemåten for Fismedal og ‘korrigerer’ så denne: «Fismadalr .. kan være Feil enten for Fismudalr, af det samme Elvenavn Fisma, eller for Fismardalr, af Fism, en stærkt bøiet Form af Navnet. Det er sand-synligt, at Femsjøen, hvori denne Elv falder, er kaldet efter den; Søens oprindelige Navn kunde være Fismi eller Fismir».
Her dominerer hypoteser medan fakta er færre. O. Ryghs fokusering på elvenamn viste seg gjennomgåande å vere eit særs nyttig namneforskar-prinsipp, når han ikkje som her tok det for langt og rekonstruerte namn på ‘den lille Elv i denne Dal’.
På dagens kart heiter hovudvassfaret Rødselva, men ber også namnet Fisma litt lenger opp, kanskje pga. Rygh? Fismedalstjern ligg derimot på kartet langt sør for Fismedal gard. Tilseier så dette at det eigentlege Fismedal ligg der? Dette er ugreitt, men rører neppe våre refleksjonar over sjølve gardsnamnet. – Viktig er derimot at Fismedal akkurat som Fjesme og Fisma er ein utkant-gard, med samanhengande skogområde i sør og især i nord.
Språkleg er det sørpå slik, at der gardsnamn har eit presumptivt samisk forledd, har det leddet temmeleg ofte ei form som samsvarar betre med dagens lulesamisk enn med sørsamisk. Pga. det finst ingen grunn til å stikke under ein stol at Fisma kunne vere kontrahert form av viessoma, som både er nom. pl av viessom så vel som gen. sg. Her er det nyttig å jamføre med omtalen av Fjesme i Sparbu..

Fisma i Askvoll ligg i fjellfoten. «Norge i bilder».
Fisma |»fissma|, dativ |»fissmiᶇᶇe|er gnr 17 i Askvoll i Sunnfjord, men ordinære skriveformer er Fißmenn 1667 og Fisme 1723. Merkelegare er at garden går for i Fiskmaghastrond i Bjørgynjar kalfskinn ca 1360, ei kjelde som òg inneheld noteringar frå første halvdel av 1300-talet (NG 12: 248). Fisma er ein utprega utkantgard og ligg på den veglause sida av Eidsfjorden i Askvoll.
«Fiskmaga-» er eit svært usannsynleg forledd i eit gardsnamn. Langt truverdigare er eit forledd noko likt lulesam. viessom «bostad (stuga, hus)», men i tillegg «uppehälle för människor, bete, föda (för renar)» (Korhonen, Grundström). Som sisteledd passar lulesam. máddag– (alias sørsam. maadtege) ‘rot’, ‘foten av fjell’ m.m., av di *viessom-máddag- (alias sørsam. *veasome-maadtege) i uttaleredusert form lett ville gje eit etterledd *vies’-mád’g- (alias sørsam. *veas’maad’ge) >*fism-mag- omtolka til fiskmag-. Tydelegvis var det langs vestsida av Eidsfjorden i Askvoll i bruk eit såkalla ekspansjonsnamn Fiskmagastrǫnd, då med –maga– som genitiv av norr. magi ‘mage.