brult, bult og sjolt

Brulten |’bruhᶅƫ’ᶇ| heiter gnr 34 i Hamarøy; det er eit særmerkt, dunkelt namn. Dei eldste skriveformene, frå 1600-talet, går ut på Bruttle og Brutle. Seinare blir dete til Brutlie(n). Rygh sette namnet i samband med brutla v «larme, rasle» og brutl n «svag Larm», eller alternativt brutl m = brutull «sterk og uvorren Arbeider». Det er ei gardsnamntolking som er lite opplysande, som lite seier. Brulten ligg på ein haug med noko myr omkring, eller rettare sagt er ein haug, temmeleg bratt i sørenden, men slakare mot nord, der gardsvegen kryssar bekken som utgjer skilet mot nabogarden Kulen (Kulvedslett). Ferdsla har rimelegvis frå gammal tid følgt dette vegfaret som går over sletta i nordenden av haugen. Det er neppe for dristig å tolke Brulten som ei samandregen (kontrahert) form av *Bruholten. Kan hende kjem 1600-talsformene av ein eldre ubunden dativ *Brúholti.

Dette er ikkje eit eineståande namnetilfelle: Bulthågen på Meløya i Meløy kommune er nok resultatet av ei tilsvarande samandraging av *Buholthågen. Eitt av same slag er Sjøholt i Ørskog på Sunnmøre – skrive af Sjǫltum alt i gammalnorsk. Tradisjonelt uttale i bygdemålet er både Sjølt og Sjålt. Bruksnamnet Eskilt (<*eskiholt) i Drangedal er eit liknande døme. Gl.svensk Stenhulta og Tolghhulta har på same måten (stavings-bortfall) utvikla seg til Stenta og Tålta1. Brøholt i Hobøl i Østfold, hist­orisk *Breið- el. *Breiða-holt, lyder i dag brø:hølt2, men her fekk ein ikkje *brølt.

Ordet holt m i tydinga “steinut bakke, trelaus høgd” finst i stadnamn dei fleste stader i Nordland. Forma holter m er avgrensa til Andøya medan fleirtalsforma Holtran med tonelag 2 er noko meir utbreidd. Vanlegast er likevel Holtan med same tonelag, i spontan uttale. Folk kan likevel kjenne seg usikre på tonelaget i den fleirtalsforma, for i normalspråk er holt inkjekjønnsord, det skulle i samsvar med vanleg uttalemønster tilseie tonelag 1.

1Opplyst av Thorsten Anderson, jf. Svante Strandberg, «Namn och Bygd» b.60 (1972) s. 142.

2Kåre Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.seie få tonelag 1.

1Opplyst av Thorsten Anderson, jf. Svante Strandberg, «Namn och Bygd» b.60 (1972) s. 142.

2Kåre Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.