Tomskjelbakkan

Tomskjelbakkan

Er du bøfjerding, då veit du kor Fjærvollsanden er. I dag er det langt fleire enn berre bøfjerdingar som veit akkurat det, for Bø har verkeleg kome på kartet dei aller siste åra. Færre er det – naturlegvis – som kjenner alle smånamna i området.

Eitt av desse er at ein sandbanke heiter Tomsjelbakkan, for å skrive det på litt nøytral måte. Han strekker seg frå Vårrakhola og nordover eit stykke, før han bokstavleg talt stoppar tvert, på grunn av masseuttak over lang tid, men det var meir igjen av han midt på 1950-talet. Då var det fengslande å sjå alle sandsvalene som flaug ut og inn av sine reirhol i den bråbratte, høge banken.

Biletet skal vise restane av den karakteristiske strandvollen (sandbanken)

Fjærvollsanden. I forgrunnen aner vi at bekken Jarbergelva renn ut på sanden og lagar eit hakk i snødekket. I bakgrunnen ser vi den tverrkutta sandbanken Tomsje(l)bakkan = Tungesjøbakkan, som opphavleg var dobbelt så lang og nådde til osen av Jarbergelva. Det smale vegetasjonsbeltet langs stranda markerer veldig tydeleg kor lang banken var, jf. også kartutsnittet. Foto F. Myrvang.

Eit namn er eit namn, enten det er knytt til person eller stad, men få bryr seg om å spekulere på kva det kjem eller eingong kom av – mens andre ikkje kan la vere… Så kva fortel eigentleg namnet? Vanlege oppfatning er at der må ha vore så mange tomme skjeler i sanden. Har ikkje sett det sjølv og kan ikkje innestå for at det er sant, men kan hende. Ei spak innvending ville vere at om dette skulle vere rett, så kjem det straks eit nytt spørsmål opp: Brukar det å vere tomme og attlukte skjeler i ein slik banke? Folk sa visst berre berre ‘skjelsand’, enten det var til bruk i hønsehuset eller anna, og eventuelle synlege skjeler var i dei fleste tilfelle ikkje berre opne, men også meir eller mindre knuste?

På kartet ser du restane av Tomsje(l)bakkan, og korleis Jarbergelva renn frammed stranda.

Har elles lystra litt etter, og det viser seg at ikkje alle sa Tomsjelbakkan, det var mange som sa berre Tomsjebakkan. Det kan tyde på at ein såkalla vellyds-l har lura seg inn, men kva hjelper det når Tomsje- gir endå mindre meining?

Forbi Jarberget litt lenger nord i lendet renn Jarbergelva nokså beint sørvestover. Ho råka eingong Tomsje(l)bakkan omtrent på midten, slik han var då, men der nærmast bråsvingar ho mot nordvest og renn ut aller lengst nord på Fjærvollsanden (sandsenden). På den måten oppstår det ei smal landtunge på sjøsida, og i sin opphavlege tilstand strekte sandbanken seg langsetter så å seie heile denne landtunga, ja det var sandbanken som var denne landtunga.

Tomskjelbakkan alias Tungesjøbakkan sommars tid.

Konklusjonen blir då, forbløffande nok, at denne strandbanken var *tungu-sjóbakkinn, –bakkann, Tunge-sjybakkan, men bøfjerdingane spanderer som kjent ikkje e-ar i utide, det e berr’ å hiv’ og å kast’ når du ska snakk’, så det vart *tung’sjøbakkan. Det vil vere feil å tru at namnet fortel om tung sjø, som forresten ikkje gjer så mykje av seg på ei langgrunn sandstrand, det er rett og slett sjøbakken nedpå landtunga. Uttale-slitasjen eller skal vi seie uttale-latskapen gjorde at Tungesjybakkan vart til Tomsje(l)bakkan – voilà!

Først trykt i Bøfjerding 2023, men nyredigert.

Bremund, Brumund?

Det er velkjent at namn på «brim» er vanlege langs kysten1 og brimnes (bremnes, brømnes) er blitt eige oppslag i Norsk Ordbok, med litterært belegg. I svensk synest namn som Bremudden, Brimskär, Brömsön å vere sjeldnare namn. Norsk genitivs-variant(?) er å finne i Bremsnes (Averøy og Flekkefjord) så vel som i Brimsholmen (Os og Austerheim).

No finst det òg eit adjektiv brimen «som smakar ramt, svidd, brent eller for mykje salta» (NO 1: 924), ikkje beinveges knytt til brim n „bårebrot“, men venteleg asso­siert i den lei. Tilsynelatande høyrer namn som  Brømenholmen i Bømlo og skjeret  Bremenholmen  ved Grimstad hit? Eit par historiske former knytte til Brumunda og Brumundsjøen peikar i same retning, dvs Bremin Aa 1775,  Breminsiø 1594, 1775.

Eva Nyman seier om ordet brim at ”det synes ej vara helt givet att detta ortnamns-element uppträder i älvnamn”, men ei utmerking brim(en)– frå sjøens sfære nytta om sterkt fossande elvar kan iallfall ikkje vere utenkeleg. På hi sida oppstod Breminsjø kanskje eigentleg av *Bremingsjø, jfr Lomunda i  Lemmingdalen, medan dei uforlikelege historiske namne-variantane Bremin Aa og Bromunds /Breimunds Elv kan takast for å vere fortolkande (epeksegetiske) skrivemåtar.

Om ordet brim kan elles seiast at det finst i uttalevariantar som brem, bræm, brøm, slik at det er vrident å skilje mellom brim n „sjøburd“ og brem m „kant“. Bremøya i Frøya har tmmeleg sikkert med brim å gjere, mens Bremøya i Vikna derimot er ein kant i landskapet som neppe er utsett for sjøburd. Det kan òg rå tvil om den lange Bremengholmen i same kommune: Han synest å ha namn av sletta Bremenget like innafor, men merkeleg blir ei sms. brim + enge n, meir sannsynleg bør *Breming­holmen vere. Derimot er det nok allment godtatt at øynamnet Brimse i Rennesøy i Rogaland er ei s-avleiing til brim n.

Dette var namn frå sjøsida, men opplands finn vi meir overraskande namneformer: Brimkleivi ligg på ytste åbakken mot elva Jostedøla i Luster. Brimsvadet (vel brim + svad) er ein holme i elva Otta, som kjem frå Vuluvatnet i Skjåk. – Brimsen heiter den utvida utfallsosen for elva frå den øvste av Leinetjørnin i Nord-Fron (Fossosen der ho fell inn i neste tjønn). Høgdeskilnaden tjønnene imellom er 11.5 m, og elva er kort, så det er klart at det kan gå kvitt for seg! Den same Brimsen er det elles interessant å jf. med  Brömsebäck  og Brømsebro i Sverige, historiske skriveformer Brimsæ sten og Brimsse bro (SO 50). 

Elva Brumunda i Ringsaker går for Bremund 1578 og 1604, Bromunds og Breim­unds Elv samt Bremin Aa 1775. Sjøen heiter Breminsiø i 1594 og 1775, men Bremund-Søen i 1785 (jfr. Venås 132). Bremundquerner, Nedre Bremund og Øvre Bremund er òg nemnde 1604 (NG 3 69). Etter gjengs syn er elvenamnet primært, så utmerkinga brim n burde då ha med kvite elvestryk å gjere. Namne-granskarar flest ser derimot bort frå den tanke at brum „lauvknuppar» seier noko om vassdraget Brumunda (J. Sverdrup, jf. Venås 32). Eva Nyman har meir tru på ei tolking knytt til brumme v. (Magnus Olsen) og tenker seg Bremund f i tyding «den brummande», som presens partisipp av eit historisk verb. Enkelte av oss tviler også eit grann på det, men vi bør vel legge oss på minne Andreas Aabels diktarord om «fjellets stolte foss [som] brummer bass til oss”, i songen „Se Norges blomsterdal“. Var det nettopp Brumunda som inspirerte han i det ordvalet?

At kraftig fossedur (brumming) og kvite stryk og fossefall (brim) er relevant i samband med elvenamnet Brumunda er namnegranskarane gjennomgåande samde om, for elva får etter kvart stort fall og «renn for det meste stri, i nedre delen med mange stryk som er demde opp og nytta til kraftkjelder», seier Norsk Allkunnebok. Men å legge det til grunn for tolkinga av elvenamnet kan vere å snuble i starten. Elvenamn flest, og ikkje minst desse på –und, uttrykker aller oftast noko karakter­istisk for området der elva blir til, evt. kor stor ho er (rangering), sjeldnare skildrar dei lendet ho passerer etterpå, og fossar eller stryk får vanlegvis namn heilt for seg.

Sætra (stølen) Brumunddalen synest å ha fått namn av elva, men ligg nærmast på ein rabb like nordom Brumunda der ho fell ut av Brumundsjøen, i eit ganske vidt myrlandskap på vestsida av sjøen, så sætra er her truleg oppkalla etter bygda  Brumunddalen? At sjøen (vatnet) har fått namn av ein stiltrennande bekk, heilt fri for stryk eller fossar før vi kjem kilometervis frå utfallsosen, står neppe til truande. Brumunda gjer ovlite av seg i dette vide myrlandskapet, mens Brumund­kampen austom sjøen er eit blikkfang, tverrbratt på nordvestsida. Det ligg nær å knyte namnet Brumund til denne etter lokale mål dominerande høgda,  men her er nok eit samanliknande „kringsjå“ på sin plass: Breimo heiter ei elv på Voss. Ho har sine kjelder i nedslagsfeltet i Årdalen, i snau­fjellet oppimellom Svarta- og Lønahorgi, og øser seg opp med sus og brus ein time eller så etter at elingane har gått oppe i fjellet. Dette namnet har vore tolka ut frå brei(d) adj: «ho breider seg ut i fleire greiner» (Heggstad 46). Elva, i dag regulert, samlar sine greiner før ho stuper utføre den bratte fjellkanten, og der er ein liknande fjell­kant lenger ned, men det er ikkje denne delen av elva som er mest synleg nede frå gardane. Vanskeleg å forstå er i alle tilfelle m-avleiinga, påpeikar Heggstad.

På ein fjellpall tett sørom Breimo ligg stølen Breiming, òg kalla berre Breimo etter elva: Leiv Heggstad oppfattar stølsnamnet som sekundært til elvenamnet. Å tenke seg ei namneutvikling i motsett finn han språkleg ugreitt. Tvilsamt blir det også å forklare elvenamnet Breimo ved hjelp av brim n, for alt at det ville gje meining av di elva Kviti renn like ved. Men pallen der Breiming ligg har ein bråbratt kant mot gardane i søraust, og endå meir synberr er den smale og bratte fjellryggen som ligg Breiming nærast og utgjer vestsida av sjølve Årdalen. Synberre nok er også „fjell­kantingane“ elles, heile vegen sørom garden Breiming.

Neset Bremingen i Fusa, vel med den eigentlege Bremingsvika tett innom, ligg i nordkant av ein uvanleg bein strandkant som på kartet er kalla „Bremingsvika“. Både etter terrengsituasjonen og det reint formelle (ing-avleiing) framstår det mykje meir sannsynleg at nes-namnet her i Fusa går på brem m «kant(ing)» enn på brim n. Kartverket.

Svenska Akademiens Ordbok fører for sin del opp både geologiske og geografiske døme som jökelbräm, moränbräm, strandbräm og vassbräm. Merk at Brämen, ein buplass i Älvkarleby i Uppsala, ligg ved ein morene, Brämsand ligg i kanten av Gävlebukten tett nordom. Brämmen i Strömstad i Västergötland ligg ved ein fjellrabb som går ut i null, mellom Brämstjärnet i vest og Husebotjärnet tett austa­for. Merk også buplassen Bremås på nordvestre enden av ein lang åskant i Valde­marsvik (Östergötland). Bremmedala er ein naturlokalitet tett austafor ein rabb eller åsrygg i Markaryd (Kronoberg), buplassnamnet Brämmesås i Ulrice­hamn i Vestergötland synes å reflektere eit *brämme n eller er ei –ir-avleiing.

Norske namnedøme på brem m „kant“ er Brember(g)vikfjellet i Nærøy, ein renotasjon av *bremberget, og  Bremset i Stjørdal ligg i sørvestkanten av den ruvande Bremsetbjørga som vender ein ubroten lang, bratt fjellkant mot nordvest. Same namnet i Steinkjer går snarare på bein strandline?

Brummaknappen som namn på toppen av ein langsmal ås i Øystre Slidre, bratt og bein på nordaustsida, tyder på at åsen opphavleg heitte *Brumma og at namneformer som Brummaknappen, Brummastølen og Brummatjernet kom til ved juxtaposisjon? Brummaknappen ligg mest like fritt til som Brumundkampen, som vi snart skal sjå nærmare på.

Brummaknatten eller -knappen i Øystre Slidre ligg lengst sør på ein lang, bratt fjellrygg. Sætra attmed heiter Brumma – vi aner at namnet eigentleg gjaldt fjellpartiet. Kartverket.

Sisteleddet –knappen har sitt motstykke i Øyster­liknappen lenger mot nordvest. Frå aust må dei tilnærma loddrette innskjeringane i berggrunnen bortetter fjellsida vere veldig synberre, så det må ha mykje for seg å stille namnet saman med gno. bróma „brot, stykke“. Eit utvida del av Halling­dalselva, særmerkt ved talrike spisse utstikk som deler inn fjorden i „posar“, heiter  Brommafjorden  og har venteleg fått namn av tilsvarande grunn. Brummankölen heiter ei særs oppsplitta myr i Herjedalen, det passar også inn. Alle tre lokalitetane heitte kan hende Bróma opprinneleg? 

Bromedalen i Kvinesdal og Brommeland i Suldal har kvar for seg også eit mykje oppstykka fjellterreng. Brommö i Vänern (Mariestad kommune) bør òg nemnast: Eva Nyman siterer Ivar Lundahl, som «finner namnet i brist på tilräckligt gamla belägg svårtol­kad men anser, att det kan återgå på et *Bromund f. med genitiv *Bromun­dar. Namnet vore då enligt Lundahl en –und-avledning til ett appellativ *brom ‘buller, larm’ «. Nymans eiga vurdering er: «Det förefallar emellertid svårt att exakt ange vilken första stavelsens vokal varit, och en utgångsform *Bremund tycks med hänsyn til äldra belägg lika trolig som ett *Bromund. Vokalens labialiserande konsonantomgivning kan i så fall förklara stamstav­elsens ljudutveckling». Vidare peikar ho på tilsvarande lydutvikling for Brumstorp < Brimsatorp i Värsås sokn (Nyman: 256 f).

Eva Nyman slår fast at «mot norr och söder och sydväst ligger ön helt öppen för Vänerns vågor», men ho kommenterer ikkje dei særprega øy- og holmeforma­sjonane kalla Brommö huvud og Hovden og Trollö, og litt bortafor og endå nærmare land den særmerkte skjergarden Landholmen – Vadholmen – Bockö – Klypholmen – Rammholmarna, alle „oppkutta“. Noko av det same gjer seg gjeldande på nordaustsida av Brommö, endå namnet Brommö huvud jo fortel kva som var att og fram på øya. Eit svensk motstykke til gno. bróma „brot, stykke“ kjenner vi ikkje, men topografisk skulle det ha vore høgst relevant.

Brumundkampen på austsida av Brumundsjøen er siste stopp i oversynet. Han er litt avrunda på sørsida, men har bein og ganske bratt kant i nordvest, mot Brumundsjøen. Han dominerer det elles ganske flate landskapet og kan ha gitt namn til både Brumundsjøen, Brumundsætra og Brumunddalen (ikkje meint kommunesenteret) lenger ned i elvefaret. 

Namnesystematisk kan det då passe at Brumund er –und-avleiing av eit ord for «kant», jf. Eva Nymans poengtering av at utgangsform for namnet Brommö i Vänern ut frå eldre belegg like snart kunne vere  *Bremund som *Bromund. Det har til sml interesse at Brummedal(en) i Ulvik, med ein dominerande fjell­kant, visst også blir kalla Brimmedalen. Dei før omtalte skriveformene ‘Breminsiø’ og ‘Bremin Aa’ kan vi enklast lese som Bremin = Bremen(d) <Bremund. Stort nærmare opphavet til namna Brumundkampen, Brumundsjøen og Brumunda kjem vi ikkje, men Brumundkampen er nok primærlokaliteten. 

Utfallsosen for Brumunda er på vestsida av Brumundsjøen (der det står „Dambu“). Meir sannsynleg enn at elva gav namn til Brumundsjøen og Brumundkampen (til h.) er nok at Brumundkampen gav namn til begge og opphavleg heitte just *Brumund. Merk kontrasten til flatlendet på vestsida av Brumundsjøen. Kartverket. 

LITTERATUR: 

de Vries, J. 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden. 

Heggstad, L. 1949: Stadnamn på Voss. Voss. 

Hoel, K. 1994: Bustadnavn i Østfold. 1. Hobøl. 

Hovda, Per 1966: Norske elvenamn. Eit tillegg til O. Rygh «Norske elvenavne». Oslo-Bergen. 

Indrebø, G. 1928: Norske elvenamn. Namn och Bygd. 

Indrebø, G. 1951: Norsk Målsoga. Bergen. 

Sandnes, J. og Tylden, P. 1968: Namn i fjellet. Oslo. 

Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 3. utgåva. 

Sverdrup, J. 1925: Våre innsjønamn. Maal og Minne. 

Venås, Kjell 1987: Norske Innsjønamn III. Hedmark fylke. Oslo. 

Vågslid, E. 1974: Stadnamntydingar II. Oslo.

Fotnote

  1. Norske Gaardnavne b.15: 362 og b. 16: 34.  ↩︎

Stjerne, Skjern og Skilnad

Ytst i Altafjorden ligg Stjernøya, samisk Stierdná. Finnmark-bindet av Norske Gaardnavne, redigert av J. Qvigstad og Magnus Olsen, tolkar øynamnet såleis: «Lappisk Stierdna, laant fra Norsk, taler for, at Øens Navn oprindelig er *Stjarna f., Stjerne. Navnet kommer vel af de mange Halvøer, der som Straaler stikker ud fra Øens Nordside…» (NG 18: 94). – Sekundære namn er Stjernodden, sam. Gálvi lengst mot søraust, i nordvest Stjernvågan og Stjernfoten (Stierdnágeahči) og sist men ikkje minst Stjernsundet, sam. Joahkku, Stierdnánuorri.

Alt i «Nordische Lehnwörter» (1893) fører Qvigstad opp Stier(d)na som samisk lån frå nordisk. Er ingen grunn til å tru anna, sjølv om Thor Frette ved eit høve peika på at Stjernøya, uavhengig av norsk namne-legging, har ei rekke alderdommelege samiske stadnamn. 

Norske «stjerne»-namn frå andre samiske område har samiske parallellformer med násti «stjerne». Ikkje så her. Det nører tvil om at øynamnet går på stjerneform. Heller ikkje samsvarar skrivemåten Stiernerøen 1698 med ei tostavings form *Stjerna, norr. *Stjarna.    

Når ei øy er høg og vid, bør ein vere skeptisk til all namnetolking som går på «Øens Omrids»: Frå den 959 m høge tinden Kjerringa nordaust på øya kunne vel dei langsmale, tilnærma parallelle halvøyane fortone seg som strålar i ein stjernefigur, men vanlegvis var det vel ikkje var folk til fjells, men sjøfarande som gav øyane namn.

At Stjernsundet på sør- og vestsida av øya er kjent for sterk straum og bråe fallvindar er kanskje relevant, men å tyde øynamnet meteorologisk er uråd, endå Joahkku som ns namn på Stjernsundet minner litt om ss jåakoedaelkie «omslag i veret».

Kor det enn er, er det fleire ‘stjerner’ langs leia. Den Norske Los seier om segling gjen­nom Nappstraumen i Lofoten bl.a.: «Av landkjenningsmerker kan nevnes Stjernehodet [les Stjernhauvet], 932 m, og Stjerntind [les Stjerntinden], 937 m, på Nappstraumens W side, lettkjennelig med sine særegne, markerte topper». Merk her at Stjerntinden iallfall frå søraust, frå Vestfjorden på høgd med Nusfjorden, har 3 oppstandar­arar eller takkar som nok kan gje stjerne-assosiasjonar til den som kjenner både Davids- og Betlehems-stjerna, men tenkte folk i ei fjern fortid astronomisk når dei la namn på tindar? Namnelaging som går på måne og sol er iallfall sjeldne varer! Stjerneframtoninga nyss nemnt gjer seg gjeldande berre i ein avgrensa sektor oppmed land. Det er jo utilfreds­stillande med ei «stjernebasert» tolking av namnet Stjerntinden som ikkje passar like godt for Stjernhauvet og Stjerndalen, sjå neste avsnitt.

«Losen» seier òg i samband med Skjelfjorden på Flakstadøya: «Gode havner finnes ikke i fjorden, men ved Stjerndalen er ei lita brukbar havn, dybde 11 m1» (s. 214, 216). Her heiter det rettare Skjendalen i den grad det namnet er kjent, men iallfall oftast Skjenfjorden |’ᶊenn-|. 

Forvirrande nok, pollen Skjenfjorden ligg vestom fjellet (halvøya), men aust for fjellet har ein den lange Skjelfjorden, med Stjerndalen på vestre stranda – «Vestersida» kalla – og på austre sida Stjerntinden og Stjernhauvet. Alt på ein nokså avgrensa del av Flakstadøya, likevel forunderleg sprikande kva uttalen gjeld.

Eit fjell i Gildeskål heiter Høgstjerna (819 m). Attmed ligg Breistjerna (637 m), og i bolken der «Den Norske Los» rettleier sjøens folk om innseglingane frå Støtt til Bodø oa. ved hjelp av den typen skisser som Norsk Kysthåndbok kallar ‘landfortoninger’, er Høgstjerna blant dei landemerka som går igjen, liksom Bolga og Åmøya, Kunna (Rota), Skjeggen, Høgnakken, Fugløya og Sandhornet. Lat det med ein gong vere fastslått at Høgstjerna og Brei­stjerna, like lite som dei andre fjella som nyss er nemnde, minner om stjerner. 

Stjern-, –stjerna kunne snarare ha med navigasjon og landkjenning å gjere: Gno. stjórn f vil konkret seie «styre, ror», dessutan ‘styring’, jf. nyn. stjorn f (og n) «gardsstyring, huslege sysler», dessutan «husdyrstell» (Aasen, Ross), medan alle maritime tydingar har forsvunne. Ubrotne parallellformer til stjorn er eng. stern ‘bakstamn, hekk’, medan skotsk starn tyder både ‘ror’ og «stjerne»! 

I dagens nynorsk merkar vi fint lite til stjorn i noka som helst tyding, men kan hende har vi underestimert ordet i samband med stadnamn? Best er då å la fjellformasjonane få tale for seg: Høgstjerna gjer inntrykk på avstand, og på den nordaustre sida av Stjerntinden på Flakstadøya finst eit liknande og endå breiare flog-belte, meir bogeforma enn det i Gildeskål: For begge kjem eit loddrett strålemønster attåt.

Har stjerne ei anna tyding? Norsk saknar ordet, men eldre svensk kjenner stjärna brukt litterært om panne (vel frå tysk Stirn «panne, skalle») så vel som front og tilmed hovud, då også i sms. som stjärn(e)band og stjärn(e)rem om panne-band eller -reim, sikkert frå tysk også det: Fortolka slik blir stjernefjell-namna meir konkrete. Ein kan innvende at fotoet av Stjerntinden viser korleis han fortonar seg frå nordaust (attersida), ikkje frå Skjelfjorden eller Vestfjorden. At Stjernhauvet ligg framfor Stjerntinden tilseier likevel at «panne-resonnementet» har noko for seg. Det er likevel tvilsamt, av di stjerne nytta i slik tyding er heilt ukjent frå andre norske eller svenske stadnamn.

No fanst det eit gno. stjarn f «bless, kvit flekk eller stripe i panna på dyr», og same ordet har Hans Ross i forma stjern n. frå Valdres og s(k)jødn f. frå Voss: Der sa dei derimot s(k)jedna om «stjerne». 

Om «stjernefjell»-namn tolka i den retning skreiv eg i Håløygminne 1986 (s. 152): “Eit vilkår for ei namne-tolking på det grunnlaget må vere at snøen brukar å ligge sommaren over i «stjerneforma» flekkar i dei omtalte fjella – men det har eg ingen haldepunkt for. Og dermed får det nyss nemnte «stjern», «stjørn» lite å seie i vår samanheng, ettersom det må reknast som berre ein variant av «stjerne» – som Aasen har i m.a. tydinga «en lys Plet i Panden paa Dyr», i sunnmørsk såleis med særskild uttale «stjenne» til skilnad frå «stjerne» i vanleg meining”.

Bileta av Høgstjerna med gulkvitt «panneband» i kontrast til mørkare fjell under og over kjente eg ikkje til då. Skjelfjord-sida av Stjerntinden har store svad som er skinande av væte i solskin, og desse på austsida av fjellet syner finurlege mønster i frost, men «panne­bandet» er eit meir konstant kjennemerke. Liknande formasjonar er ikkje kjende frå Stjernøya.  

Breistjerna i Gildeskål, med Høgstjerna midt på. Frå andre vinklar framstår fjellet svært annleis.
Stjerntinden på Flakstadøya, her frå nordaustsida med flòga ovanfor Storvatnet, er på same måte som Brei-  og Høgstjerna horisontalt belteforma eller lagdelt og har i tillegg eit loddrett stripe- eller strålemønster, men sjølve Stjerntinden er eigentleg til venstre, og dessutan ser vi fjellet frå ein uvanleg vinkel.

Nokså lærerikt er å jf målførevariantar av stjerne, stjern (bless) og stjorn: Gno. stjarna, stjǫrnu «spora av» i ei mengd målføreformer landet om, den tid ingen norsk skriftkultur var til, så som sjærne, sjenne, sjynne, sjydne, s(t)jedna, s(t)jønne og sjådna. Det nærståande stjern (bles) har variantar som sjern, sjedn og sjødn, medan stjorn (styre, stell) er kjent frå talemålsformer sjon, sjodn, sjådn, sjørn, sjønn og sjødn (NO b.10). Venteleg fanst endå fleire former, og klart er at orda i mange samanhengar vart forvillande like og at dei i stadnamn på tilfeldig tid kunne stivne i ei alderdommeleg form, løyst frå utviklinga i målføra elles. Især i samansette namn og i uttrykk må skilnadene mellom stjórn, stjørn og stjarna, stjǫrnu, stjørne osv. etter kvart ha blitt temmeleg diffuse.    

Ordet stjorn har både lang, trong o likså vel som opning til ø i ei rad målføre austa- og vesta­fjells (Aasen, Ross), oftast med opphavleg stj– uttalt som sj-, som alt er nemnt. Progressiv j-omlyd i ord som stjarna > stjærna viste frå 1200-talet og tiltok etter 1300, overgang jǫ> jø slik som i Bjǫrgvin er kjend frå ca. 1350, samanfall skj– og stj– er nyare (Indrebø 1951:115, 232). 

Samanlikningsvis er de opplysande at færøysk har «sjødna» (skrive stjørna), så vel som stjarna med halden stj-, pluss stjórn uttalt «stjødn», det siste truleg for di det då er tale om det offisielle, som regjeringssaker mm. Når stjarna framleis har stj-, kjem det helst av religiøs og poetisk språkbruk.

Noko av det same gjorde sikkert at stj– i «stjerne» og nokre andre norske ord ikkje fekk uttale sj– for godt (Indrebø 1951:114, 233), slik som svensk sjärna.

Av nordnorske former er det få, men frå Borge kjente Kåre Elstad seiemåten «et førrfærdeli sjårn» |ᶊå:ṇ|: eit fælt ståk (styr?), d.e. gno. stjórn med overgang stj- >sj-. Er dette relevant for namn på fossar og stryk?

Eit merkeleg landskap viser Stjernlia og Stjernheia i Verran, som ikkje har noko med garden Stjerna å gjere.

Som sagt har nordsida av Stjernøya former som gjer henne eineståande her til lands, med mange beine, jamsmale og parallelle halvøyar. Dei kunne kallast stjorar m.pl.: «(stive) stilkar», eintal stjor eller stjore m. I norrønt var stjóri også ‘den styrande’, dvs. ‘styrmann’ eller ‘leiar, førar, herskar’: Det siste gir assosiasjonar med norsk-svensk «framståande», eng. «outstanding»! – Elles var stjóri òg eit lite anker av tre med stein i, krabbe, dregg, merk at Blöndal Magnússon har tolka stjóri ikkje berre som «akkerisstein, lítið akkeri», men også «akkerisstrengur», då i røring med fær. stjóri «reb eller fæste, hvormed folk og varer trækkes i land i brændingen», det å stjóra. Stod stjóri like mykje for den stramme ankerlina som for sjølve ankeret?

Til stjóri m, stýri n og stýra v svara stjórn f ‘styring’, nautisk og administrativt. Når stjóri i éi tyding var noko som stakk (seg) ut, medan oppgåva til ein stjóri «styrar» var å stjórna = stýra, stå for stjórn på hav og land – kunne då stjórn også stå for eit mønster av parallelle stjorar, som på havsida av Stjernøya? 

Merkverdig er mønsteret av snorrette myr- og skog­strimlar langs Stjernheia i Verran, til ein viss grad også på vestsida av Stjerndalen i Flakstad. M.o.t. sjølve Stjernøy-namnet kjem ein lett i tvil: Loshandbøker o.l. fokuserer ikkje på havsida av øya og på fjella der, men på Stjernsundet på innersida. Sundet er jambreitt, reint og nokså beint, overalt med sterk straum i tillegg til ujamn vind, av di det skiftar mellom fall­ver og klinke stilla. I ein slik kontekst er det ligg det nær å tru at stjórn «styring» og nyno. stjorna v “styre jævnt, gaae i ret Linje” (Aasen) var essensielt. Merk òg Stjørna |’ṣøṛṇa| i Bjugn i Trøndelag, primært tolka som eit elvenamn, sekundært som fjord- og bygde-namn (NoSt), også det knytt til stjorna v. intr. 

Stjernøya i Finnmark er full av stjorar på havsida. 
Halvøya som skil Nord- og Sørfjorden har stjorar – er ei stjorn? Langsmale, beine åsryggar har òg dei tre mindre halvøyane som deretter kjem, langs heile sørsida av Stjørnfjorden utetter. Kartverket.

For fjordnamnet Stjørna er òg meir «landbaserte» tydingar tenkelege: Stjørnfjorden blir til der dei to fjord-armane Nordfjorden og Sørfjorden møtest. Skiljebolk dei imellom er eit par halvøyar som ikkje har eige namn på kart, men er dominerte av langsmale bergryggar: Hardbaktangen tett ved Nordfjorden, og mot Sørfjorden den bratt­kanta Bergkallen. Når det ca. 1490 er tale om «Stiornen», «aaen Stiornaa» og «fiska aan Stiornen», kan det vere eit uttrykk for at Stjornen, Stjørna om sjølve halvøya nær elva alt hadde kome på glid og var blitt fjord- og bygdenamn (denotasjonsendring), så skjer tidt. Desse stjorane fell i auga og kan vere viktige, men også ei anna tilnærming finst.

Innskjeringar i landskapet? Sverige har talrike Stjärn(e)-namn. Det gjeld nok for fleirtalet av dei, så vel som for liknande namn i Danmark, at dei var brukt om stader der vegar eller stigar forgreina seg stjerneforma, men dette siste høver mindre for norske tilhøve. Eit viktig svensk unnatak blant fleire gjeld ein formasjon ved Fyrisån i Uppsala, Skärna (før skrive Stjärna), av Lars Hellberg2 tolka som *skern eller *skærn i tydinga «inn- eller nedskjering, skòre», urnord. skerna- el. *skernō. Lendet ved Skärnan i Lerum i Västra Götaland er derimot prega av parallelle åsryggar eller rabbar tett i tett, det minner klart om mønsteret vi kjenner frå Stjernheia, Stjernøya osv.

Mellom Litlstjerna, Høgstjerna, Breistjerna og Smørstampen er nøgda innskjeringar. Foto Wilse.

I samband med det rekonstruerte *skern, *skærn må sjølvsagt seiast at norrønt kjente til skern f i tyding lik skurn f, n ‘(hardt) skal’ så vel som om ‘skorpe’. Nynorsk like eins, men der også om «flat skalk», «tunn rest, hylster». Det siste høver perfekt for land­skapet i botnen av vika Stjørna i Agdenes, for Stjernenut i Seljord og for sørdelen av Skjernøya i Mandal. Elvelandskapet ved Skärna i Uppsala har same preget. Sverige har si eiga Stjärnö i Valdemarsvik i Östergötland, ikkje med så lange «fingrar» som Stjernøya i Finnmark, men like fullt med fleire parallelle innskjeringar, frå vest mot aust, og så djupe at øya med sin beine kystkontur mot nordaust så vidt heng i hop fleire stader. Så – «tunn rest» gir meining, jf. òg norr. skerast «kløyve seg, dele seg».

Stjärnø i Valdemarsvik, Östergötland.  Lantmäteriet.

Som før nemnt og som foto viser, det kan ha litt for seg å reflektere over namna Stjerntinden + Høg- og Breistjerna sml. med ty. Stirn «panne»3, men kan hende oppnår vi meir med å gå heilt til topps: Fjellpikane eller takkane på Stjerntinden er tynne restar. Mellom Litlstjerna, Høgstjerna, Breistjerna og Smørstampen i Gildeskål har ved erosjon oppstått djupe hakk eller skòrer som får fjellpartiet i full breidd til å te seg meir uheilt og «såra» enn frå tverrsida. 

Likeins er inngangspartiet i Stjerndalen i Flakstad stupbratt til begge sider og har gjennom­eroderte eggar med fjellpikar tett i tett, dessutan tversgåande skòrer eller hakk på sørsida, i enden av Sundsmanen. Også Stjernåsen i Vestby i Akershus og Stjernsåsen i Porsgrunn har innskjeringar på alle sider. 

Stjerna heiter dertil ein kløyvd holme i Evje og Hornnes, og tett vestom Stjernevannet i Tana er det skura berg med ei einskild nedskjering som framstår særs tydeleg i det karrige landskapet der. Det ser då ut til at ein landskapsterm skjern, skjærn < skern må ha meir for seg enn det ein hittil har rekna med.

Særmerkt for søre landet i Stjørnfjorden er at han er særs opphakka og sundskoren, det kan ha gitt han namn, og botnen av pollen Stjørna i Agdenes (nedanfor) er sanneleg ein «tynn rest». Vestafor sistnemnde ligg ei krokut vik Bjugn(a), ein annan lokalitet enn bygda Bjugn. Norgeskart.
Stjerntinden (Skjern-) slik flakstadværingane ser han, vanlegvis, her frå Fredvang.
Stjerndalen. med markør mellom Norddalen og Sørdalen, og til h. ovanfor: Kammen av fjellpikar som avgrensar Stjerndalen i nordaust . Nedst i biletet den sundskorne, ville nordenden av Sundsmanen.

Skjering – eller skirt vatn?

Skjern |ᶊǣṇ| er gnr. 21 i Åfjord. Gl. skriveformer er Skere NRJ II 48, Skerrenn 1559, 1590, Scharrenn 1626, Schieren 1630, Skieren 1664, Schieren 1723. Rygh: ‘Jeg formoder, at dette vistnok enestaaende Gaardnavn egentlig tilhører en af de to Bække, som ved Gaarden falder ud i Stordalselven, idet den har hedt Skírn. Dette vilde være det samme Navn som Skjirna (med Enstavelsestone), en Elv paa Byneset. Det maa hænge sammen med skírn f., Renselse, og Adj. skírr, klar’.

Dette kan vere rett, men no er Skjernsfossen (også Stjernsfossen) ved garden Skjern både djup og trong, så vi kan ikkje sjå bort frå skjern i den meining4. Det gjeld òg for Lang­forsen i Bjerkaelva i Hemnes tett ved Stjernenget, lat så vere at ein i begge desse tilfella òg kan tenke på eit lydhermande namn, slik vi før har vore inne på.

Skjærn er ein bekk i Sirdal. Han kjem frå Skjærslia, men skiftar namn til Skjærsbekken idet han passerer Storeskar, som er djupt og trongt, så her òg er det rimeleg grunn til tvil: om ein skal tenke på topografi eller på vasskvalitet (norr. skærr = skírr «klår, rein»)? 

Problemet er likeins med elvenamnet Skjørna i Nesset og gardsnamnet Skjønne |»ᶊønne| i Nore, med gl. skriveformer Stiernne 1593, 1600, Stierne 1604 1/1, Schienne med Schiennelj 1668, osv. Sistnemnde ligg vel å merke attmed den djupt nedskorne Borgåi: «Det er at formode, at denne Elv oprindelig har hedt Stjarna», seier NG. Som vi ser, det finst fleire tvilstilfelle, og ein kjem ikkje stort lenger utan god kjennskap til lokaliteten og målføret på staden. Derimot kan seiast med visse at  Stjernelva i Stjerndalen i Gildeskål fører krystallklart vatn og ikkje er djupt nedskoren.

Stjern- frå stjørn, stjorn om husdyrhald? 

Det finst nokre få namn som nesten inviterer til ei tolking i retning av krøtturstell, som Stjernegjerd i Vik og Stjernvang på Toten, og det gir ettertanke m.o.t. alderen på denslags namn at ein lokalitet i Vara i Västra Götaland òg heiter Stjärnegärdet, og at Stjerne­vang også var namnet på ein gard nær Ålborg på Jylland, i Bælum sogn i Hellum hd. Var der i dansk og svensk5 motstykke til norr. stjórn f i ei kvardagsleg tyding «styre, styr­ing», likt med nyno. stjorn «hushald, husdyrstell» o.l.? Her kan òg nemnast Stjernebeita, eit nes i skil mellom Eidsvoll og Nord-Odal, samtidig grense mellom Akershus og Hedmark. Den namnet minner også om husdyrstell, men høver de facto like bra i neste tydingskategori:

«Stjerne-» om deleline, grense?

Nokre namn frå Vefsn har ordføying som ser både merkverdig og problematisk ut: Stjernabekken renn i skilet mellom gnr 88.2 og 112.2, og ein bekk med same namnet fell ut i Ømmervatnet og renn tett ved eit i dag snorrett skil mellom bnr. 2 og 3 av gnr 170. Nedover Stjernadalen går likeins skilet mellom gnr 145 og 156. Nemnast kan òg, utan kjend kartfesting, Stjærnaryggen (-rykjen) og Stjernaryggholo, eit ut-enge i ein bakke i området mellom gnr. 192 Brattbakken i Drevja og gnr. 193 Bergsnevet i Drevja.

Vilhjelm Riksheims arbeid «Ljodvokstren i Vefsn-målet (Ner-Vefsn)» nemner skilnad med uttalen |ᶊēṛṇä|6 (s. 50), også kjent frå Røyrvik, frå Mosvik |ᶊǣṛṇa|, i Selbu både |ᶊǣṛṇa| og |ᶊēłna)| (NO, seddelsamlinga). Dette synest vere til stor nytte i utgreiinga av ei rekke norske stadnamn især sør for Vefsn, då aller først å nemne Stjernebekkjen med Stjernebekkskardet på gnr. 37 Nerlaksfors, Grane (ikkje kartfesta). 

Flest tilfelle finn vi i Trøndelag: Stjernmyra under gnr. 27.3 i Bjugn ligg mellom gnr. 28.15 på nordsida og 27.2 Råmyra i sør. Ved garden Stjerna i Verran møtst gnr. 8,9 og 19-20-21 og i sørkant av Stjernehaugen i Verdal går skila mellom gnr. 36, 38, 53, 55: Over haugen går der òg skil mellom gnr. 53.1, 54.1 og 54.3.

Det er om dei to siste lokalitetane NG opplyser: «Stjernen er Navn paa en Gaard i Beit­staden (GN. 21) og paa en Plads i Værdalen; i begge Tilfælde stammer Navnet fra Stedets høie Beliggenhed (se Bd. XV S. 235)»7. 

Som samanhengen viser, vi har nok også her snarare med skilnad = deleline (NO 9: 1445) å gjere, for når ein lokalitet når meir i høgda enn andre av same art, er det lang og sterk tradisjon for at han blir heitande noko på Hå– el. Ho-. Vel må det vere sannsynleg nok at ein høgtliggande buplass kunne bli oppkalla etter høgtliggande borger eller byar, men ikkje at ordet «stjerne» åleine ville bli brukt i tyding «høg», poetisk abstrahert! 

Det siste ter seg endå mindre truverdig når ein flyttar oss til Stjernmyra i Steinkjer, som ligg midt mellom parsellar av gnr. 260, 262, 263, 269 og 270, og vidare til haugen Stjerna i Inderøy, der grenser mellom gnr. 335, 336 og 337 møtest. 

I Kongsvinger kan nok namna Stjernhullberget og -myra sjå rare ut, ved første augekast, til ein innser at det å bore hol berget for å plassere eit skilmerke er temmeleg ordinært! Uvisst er om Stjern- i slik tyding alltid skal forståast som forkorting av skilnad, eller om ein skal tenke på ei kortform *skiln? Sml hugn(ad), sakn(ad), sv. gätn(ad) osv..

Ordet skilnad finst i talrike målføreformer: sjilna, sjelna, sjælna, sjylna, sjølna, sjøłna, sjöłna, sjúlna, skulna, men b. f. skilnaden synest også å ha blitt til skina(n) mange stader sør i landet. Her kan nemnast garden Skinan ved Skinanstjønni i Tokke, garden Skinan(d) ved Skinan(d)juvet i Vinje like eins. Ved Skinanvatnet i Hjartdal går skilet mellom gnr. 115 og 116, merk òg Skjenanbekken og -dalen tett ved den no snorrette grenselina mellom gnr. 55 og 56 i Vinje. – Slik også mellom bygdelag: Skinans8-vatnet og -fjellet i heiane der Hå, Bjerkreim og Eigersund møtest, og Skjenafjellet mellom Gausdal og Ringebu. Uttaleforma «sjølna» finst også vide, og endå større lydleg forenkling viser truleg Sjønaparten tett ved riksgrensen i Saltdal? S(k)jønakletten i Askvoll og i Gaular har iallfall med grense å gjere. Over vestre framkant av Stjødnefjellet i Vindafjord går skilmerke mellom gnr. 70, 72 og 73 (den flogbratte sørkanten utgjer skilet mellom gnr. 70 og 73), så det er rimelegare å tolke fjellnamnet den vegen enn at det har noko med stjerneformasjonar å gjere, iallfall så lenge ein legg kart og ortofoto til grunn. Annleis med tjønner og vatn som heiter noko på Stjern(e)-, for ei lita, skinande vassflate midt i skogen, myra eller fjellet kan greitt nok inspirere til «stjerne-tenking». 

At lokalitetar med slike namn var viktige skilmerke er visst unnataket. Eit utrygt døme er Stjernetjenn i Aurskog-Høland, som ligg i skilet mellom parsellar av gnr. 154. For den tørrlagde Stjern­tjønna i skil ml. fleire parsellar av gnr. 187 i Fræna er sambandet mindre tvil­samt. 

Når det gjeld vassamlingar er det dessutan grunn til å undrast om Vefsn-uttalen av skilnad rekk litt lenger nord? I Rana har dei Stjernetjønnene, laust ihopknytte og likevel skilde. Der ser ein inga grense, men over Austre Stjernetjønna går derimot skilet mellom gnr. 101.3, 101.2 og 101.3. Stjernevatnan i Saltdal ligg for sin del tett ved svenskegrensen.

Innslag som minner om svensk? 

Også i svensk kan skilnad stå for «ställe där vägar l. floder o. d. mötas l. grena sig; vägskäl» (SAOB) så vel som «(upp)delning». Vi kan undrast om gardsnamnet Skjenalden |»ᶊēnaᶅᶅen| i Orkdal (skr. Skennan ca. 1550) og i Skaun er omkastingar av *Skjelnaden? Begge stadene har «vegdele» mykje for seg, men der er òg detaljar i landskapet som er naturlege skilmerke. I Balestrand ligg søkket Skinandehola mellom to noko lengre dalføre, begge avgrensa av fjellrabbar som sprikar eller «strevar» til kvar sin kant.

Skjelnan heiter ein bydel i Tromsø, før gnr. 14.1, mellom gnr. 13 Movika og hovuddelen av Krokelva gnr. 14 i Tromsøysund hd.. Her kan ein med fordel sitere NG ordrett: «Er vel bestemt Form av Ordet Skilnad m., Adskillelse, Afsondring. Her maaske i Betydning af en udskilt Part». Det er heilt rett, Skjelnan er naturleg avgrensa mot sør av Hømmerelva og mot nord av Skjelnanelva (frå Skjelnanvatnet), og sistnemnde elv forgreinar seg noko i siste delen av sitt far, for atter å samle seg. Så også Skinandåi i Hjartdal, som kjem frå Homtjønn og forgreinar seg sterkt, men sistpå «tar seg i hop» før ho fell ut i Enggravstjønn.

Svensk kjenner også skilnad i meir avleggs tyding «öppning, mellanrum, lucka, spricka»: Skjenan heiter ei snau hei i Bø i Telemark der det på kryss og tvers går tett i tett med lange fjellsprekkar som lagar rombe-forma rutenett. Skinan heiter òg eit litt oppsprukke bergområde ovanfor Skinanskjæra i Flekkefjord, og meir ekstreme er dei klivne berglaga på Skinansfjellet i Bjerkreim og kring «enga» Skinan i Eigersund.

Hadde vi ikkje Norsk Ordbok og forma |»sjēṛṇä| frå Vefsn og «vitnemål» frå stadnamn landet rundt, ville det vere uråd å påstå at ordet skilnad må ha gitt opphav til så sprikande former som dei vi har vore inne på. Vi veit at det frå gammalnorsk til mellomnorsk skjedde ei gradvis forandring av framlyd sk->skj->sj-, pluss bortfall av ð, i dette tilfellet i uttalen av skilnaðr. Ny uttaleform sjilna evt. sjelna, i b.f. sjilna’n, vart på sine stader heilt til forveksling lik hokjønnsordet sjærna [stjerna] < stjarna, gammal b.f. stjarnan.

Drøftinga av stjerne og skilnad er slett ikkje tenkt som eit nordisk prosjekt, men nokre detaljar frå svenske og danske stadnamn må vere med: Frå Båhuslen nemner Sigurd Kolsrud noko særs uventa: «I framljod fell skj (og sk fyre fremre vokal) saman med sj, stj, men i sud går framvoksteren mot sk (skerna: stjerne o.dil.)» («Nynorsken i sine målføre» s. 77) . Kven skulle forvente dette siste?

Skjern Å som namn på det største vassdraget i Jylland er tolka til skærr = skírr, men samstidig er å merke at elva kløyvest (norr.: skerst), først i to og derpå i tre far, før ho hamnar i hav. Kva tolking av elvenamnet er mest sannsynleg? M.o.t. «skjært vand» er det i alle tilfelle tre andre danske namn som pga. sisteleddet må kallast like interessante: Stjernkær er eit fuktig område, Stjernekilde er gardsnamn, Stjernesmade er derimot «vand-sted», medan Stjer­nesø er utolka.

Fjellvandrarar har kanskje ikkje vanskeleg for å sjå stjerne-figurar kring Stjerneskartjern i Flå?  Norgeskart. 

Fotnotar:

  1. Skal rettare vere 14 m djup.     ↩︎
  2. Takk til Thorsten Andersson for denne opplysninga.   ↩︎
  3. Merknaden i namne-databasen til Nordisk Forskningsinstitut knytt til namna Ulvstjerns-ager og –eng på Bornholm lyder som flg.: «Maaske et Ulvstjerne i Bet. „Ulvepande“, evt. et Plantenavn».   ↩︎
  4. Uvisst er korleis det har seg med Skärn og Skärnsforsen i Hagfors, Värmland.   ↩︎
  5. I det minste kan nemnast glsv. stiornfaster «med fastbunde ror» (om farkost).     ↩︎
  6. Takk til Kjell Øksendal for påminning.    ↩︎
  7. Om det forsvunne gardsnamnet Stjern(e)borg i Tørring s. i Skodborg hd. seier Danmarks Stednavne: «Forleddet kan være subst. stjerne, som indgår i et par norske gårdnavne, hvor det formodes at sigte på stedernes høje beliggenhed (NG XV 235, XII 134)». Likevel er no skrivemåten for det danske namnet på 1500- og 1600-talet einstavings: Stern-, Stiern, Stien-, Stornn-.   ↩︎
  8. Jf. merknad i NO 3: 1006-1007 om fullnan i uttrykket «til fullnans», og dertil om fullnans som adverb. ↩︎

Svortuland, Svartaland, Sortland

I 1997 kom tidend om at heile Sortland kommune var blitt by, og at det skulle bli feira 19. juni 1997. Du store tid! Statusen til bygda Sortland var heilt annleis gammal tid, for verdsleg var sortlandssundingane formelt langenesfjerdingar! fram til 1617. Då det var tidt at bø-, øksnes-, kallsnes- eller ulvøyfjerdingane finta dei med klengenamnet «bakfjerding» eller rett og slett «bak» når det stakk dei. Kyrkjeleg var det på ein litt annan måte, for vel hadde Sortland ei míkjálskirkja i seinmellomalderen, men sokna var like fullt anneks under Hadsel seinare, heilt til Sortland vart eige prestegjeld i 1852.

Kva ligg i namnet? Før vi prøver svare på det, må vi greie ut dei aller eldste skriveformene. Blant øynamn i Snorre-Edda er nemnt Sortuland, men i heimenorsk arkivmateriale er det alltid ein v-lyd med: Swortuland, Suortaland 1370, Suortulands kirkja 1381, og likeins Ecclesia de Suartalandh 1408 (påteikna Suortoland), af Swartalande kring 1440, deretter Swartalandz sokn 1500, og eit par tiår etter: in annexa Swartelandh. I 1647 heiter det derimot Soertlantz fieringh utan v. 

På samisk heitte det Suorta om sjølve garden men Suørtak om sokna (Qvigstad 1938: 202 og 1893: 328), begge fleirtalsformer, og kunnig folk opplyser at det kan vere to klart skilde former.

Soknenamnet og sikkert nok gardsnamnet med vart i alle fall skrive med framlyd Sv– gjennom hundrevis av år. Så når bleiksfolket på Andøya til dels sa «Svartland» endå på siste halvdel av 1800-talet, stod dei på trygg historisk grunn, enten dei no sa det i alvor eller på flik. Når dei eldste formene så lenge hadde Sv-, spørst det om Sortuland hos Snorre må sjåast som ei gammalnorsk normering. Det er usannsynleg at eit opprinneleg Sort- seinare skulle endre seg til Svort-, men etter gammalnorske  uttale- og skrivevanar ville derimot Svort- med v + o føre til nettopp Sort– (Iversen 1961: 60f), og nettopp den forma kom jo – men seinare.

Gjennomsnittsnordmannen kjenner i dag berre eitt Sortland, men fleire finst. Det næraste er Sortland i Lofoten, i Borge sokn. Kåre Elstad kunne opplyse at ein uttale Svort– var fullt levande endå på første halvdel av 1800-talet, mens Svartland meir vart sagt på skjemt. – Judith Sørensen vaks opp på garden, ho sa 1997 at ho gamle Regina, gift med Hertvik, alltid brukte å seie Svortland. Namnet finst òg skrive Suarttland i 1567 og 1610, mot Suortland 1612. I skrift synest Sort- å vere nokså einerådande seinare (Norske Gaardnavne).

Sortland i Vesterålen har altså dei eldste skriveformene å bere føre seg, men skal vi finne ei truverdig forklaring, bør denne passe ikkje berre for den eine garden, men for begge, eller endå betre: for alle gardar med tilsvarande namn – så langt ei sams opphavsform er sannsynleg. Med litt kjennskap til gammalnorsk ser vi ganske fort at skriveformene som gjeld Sortland i Vesterålen nærmast vinglar mellom han- og hokjønnsform. Fenomenet er kommentert av Rygh i samband med tilsv. sprik i skriveformene for Svortevika i det gamle Kinn hd.: «Hvorledes Navne, som nu begynde med Svort-, Sort-, egentlig ere at forklare, er det undertiden vanskeligt at afgjøre, om man end har gamle Former, da man selv i den senere Middelalder øiensynlig ikke har havt Rede paa den rette Form; af Ø- og Herredsnavnet Sortland findes der saaledes flg. Former: Swortuland, Suortaland, Sortuland, Swartaland».

-land:  Rygh sa meir allment om land-kategorien at «1ste Led i Sammensætningerne med land er oftest Ord, der hentyde til Be­liggenheden, Grundens Beskaffenhet osv. (meget almindeligt Ord af Adjektiv-form, f. Ex. Haaland, Holand, Breiland, Langeland); dernæst hyppigst Personers Navn og Tilnavne. Jevnlig forekomme ogsaa Elvenavne og Træ- eller Plantenavne» (NG, Forord og Indledning: 64).

Her må det seiast at tankar om personnamn ofte er vanskelege å vurdere og er mykje diskuterte blant namnegranskarar: Blant gardsnamn på –land frå Nordland og Troms finn vi ingen sikre døme. Så finst her 1-2 Forsland, men av eigentlege elve­namn har vi berre Drevland og kanskje Dunderland å vise til, etter det oversyn som Norske Gaardnavne sjølv gir. Så i denne saka er det Rygh mot Rygh når han ymtar om eit elvenamn på Sortland! Med omsyn til trenamn nemner han elles at det berre er nokre få treslag som går att i namn på –land, og heller ikkje her er Nord-Noreg representert. Namn på -land som fortel korleis garden ligg til er det derimot lett å finne døme på, med Brattland, Breiland og Holand, Meland og Øverland. Overgang til landskapstype er glidande: Liland, Moland, Myrland, Skånland, så vel som til jordkynd: Grøtland, Leirland, Stein(s)land.

Namn på –land kan som kjent gjelde store område (Hålogaland osv.), men i fleirtalet av tilfelle er det tale om gardsnamn, og berre innafor Sortland kommune er slike godt representerte. Namn som ikkje gjeld matrikkelgardar må vi i den samanhengen berre la ligge, så som Nattland og Øverland i Sortland, øydegardane Liland og Litleland i Andøy m.fl.

Samiske moment? 

Ser vi Vesterålen under eitt, skal vi derimot merke oss at det fanst ein samisk uttalevariant på –lāddē for både Jørland og Møkland så vel som for Liland i Sortland; i tillegg kom Healgalāddē som samisk namn på Helgenes i Hadsel. Vi kan undrast på korfor garden Sortland då heitte Suorta og Frøskeland berre Froskā, men vi har no i det minste Qvigstads eigne ord for at slike avkortingar ikkje er uvanlege (Qvigstad 1938: 266).

Nordlandske matrikkel-gardnamn med hovudledd –land er mindre einsarta enn kva ein skulle vente. Rygh er inne på tilsvarande, i sin omtale av land-namn frå Island og vesterhavsøyane og føyer til «at der utvivlsomt ogsaa blandt de norske Navne af denne Klasse er endel forholdsvis nye».

Samisk form av Jørnfjorden og Jørland var Juren–fier’da og Jur-lāddē, (Qv 1938: 201), å oppfatte som *Jaur-lāddē og *Jauren-fier’da (med genitivs-n-). På Ringstad i Bø langt frå Jørland ligg Jørlandsmyran mellom sjø og vatn (fjord og innsjø). Eit terrengkarakteriserande *jaurlāddē tolka som «innsjø-land(skap)» høver framifrå, her som på Jørland. Ein kan i det heile med fordel prøve om gardsnamn på -land syner litt klårare innhald når ein testar -land mot ‘-landskap’.

Om Frøskeland som gardsnamn sa Rygh: «Jeg kjender intet andet Navn som kunde antages at indeholde samme Stamme som dette Navns 1ste Led. Hvis ikke dette all­erede i den ældste kjendte Skriftform har undergaaet nogen væsentlig Forandring, synes der ikke at være noget andet Ord, hvoraf det kan afledes, end froskr m Frosk» (NG 16: 367). Og ja, *frøskeland om eit landskap der det er mykje frosk er vel fullt tenkeleg, men ingen lokal tradisjon peikar i den lei. Derimot er det vél kjent for vegfarande i våre dagar at dei registrerer eit temperaturfall når dei passerer området når frost- eller kaldskodda ligg over inste fjordbotnen. Det er visst meir sannsynleg at det opphavleg heitte *Frysjuland (jf Frysja som gammalt namn på Akerselva i Oslo), og at ei nyare form *Frøsjeland er blitt «feilretta» til Frøskeland med hard k i falsk analogi med verba ryskja > røske og  og þreskja > trøske, o.l. Likeins har skjera Flesjan ved Nyksund fått hard k og blitt til «Fleskan». Til Latjønna sørom Bø på Andøya knytte seg namnet Latjønneset, men pga uttaleslitasje vart dette til Latjenneset mistolka som Lakjeneset, seinare med hard k: Lakeneset.

Svarte fuglar? 

At Sortland (før Svort-) i Lofoten og Vesterålen har fått namn av fuglen svart-and er lite truleg! Ingen av gardane hadde eller var eggvær å nemne, og det er uvanleg at gardsnamn på –land har fuglenamn til utmerking: Rygh uttalar seg tvilande i samband med Haukland, mens han for Gåsland i Bø derimot reknar med eit gno. mannsnamn Gási, noko den lokale bygdeboka målber såleis: «Skal tru om ikkje den lærde prof. her har gått over bekken etter vatn. På Gåsland har det alltid vore mykje gjæsser, og det ligg nært å tru at namnet kjem av fuglenamnet gås» (Rolv Straume 1964: 220).

Interessant «i fugleperspektiv» er gnr. 109 i det gamle Finnås, no Bømlo, sagt Svortland med lang o. Skriveformer frå tidleg 1500-tal er Swrtland, seinare Suarte­land(t) 1567 og 1610, og så overgang til Sort-. Merkelegast er formene Swswrtland 1519, Susorttlandt 1563, Susuortlannd 1567, Siøesurtlannd 1590, enn vidare Siusuortland 1597, Susortland mm. 1612: I flg. Rygh har vi her med «Folke­sprogets» sysvorta å gjere, som er ein trosteart (jf. Aasen, sysvorta).

Farging av klede? 

Tar ein fugleteorien for god fisk i det tilfellet? Bømlo bygdebok gir klar skepsis til kjenne: «Føreleden er heller subst. svorta, som er eit sterkt jarnhaldigt jord-slag som dei fann mellom leirlaget og fjellet, og som dei brukte til å farga ty svart med. Jens Svortland (1865-) fortalde at i gamle dagar grov Svortlandsfolket «svorta» i Leirdalen» (Steinsbø: 19).

Framgangsmåten under farging er ikkje omtalt nærmare i den kjelda, vi kan sjå på kva Gustav Indrebø fortel frå Førde i Sunnfjord i samband med namna Svorthamrane, og ein annan stad Svortingsmyrane, som var «myrar der dei henta svorte, eit slag farge-emne, som dei lita klæde med den tid daa bonden greidde seg sjølv. Til for ca. 40 aar sidan brukte dei svorte til lit i Haukedalen. Dei brukte jamne (eit slag gras) til litfeste. Naar dei skulde lita, koka dei klædi i jamnen ein time, og so i svorta ein time. Daa var klædi svarte. Men dei leid ilt; hiten vart hosta sterk av den lange kokingi» (Indrebø 1921: 170).

Aasen fører opp både svorta, surta «Sværtevand, Sværtejord» og svortemyr ”Sump som indeholder Sværtejord», likeins svortedepel, svortedya «Sumpjord, som kan bruges til Sværtning». Frå same tydingssfære tar han også med surtefen lik svartfen «Sump med sort Jord uden Græs». Interessant er å sml. det brunlege Sortediket på Bleik med fær. sortudíki, som ikkje berre tyder «morads, hvoraf sorta (farvejord) tages», men også «morads, mudderpøl» meir allment (Jacobsen og Matras).

Det er unaturleg å rekne med at Sortland alias Svortland beinveges har med farging av klede å gjere, når slike tradisjonar er fullstendig ukjente. Rett nok kan liknande ressursar likevel ha vore til stades, men det blir svært hypotetisk når vitnemål om slike aktivitetar er fullstendig ukjente i Vesterålen.

Det er kanskje er det ikkje tilfeldig at nettopp Svortland i Bømlo med sine særprega utmerkingsformer er eit unnatak, av di Sjø- og Sju- minner om sjoda i meininga «å koke (noko)», men Susvort-, Susurt- går heller på eit eldre *sursvorta som sa noko om sjølve arbeidet, jf. Indrebø.

Småkongar, vassfar eller skodde? 

Om Sortland i Borge i noverande Vestvågøy seier Rygh: «Her er intet Vandløb, saa at der ikke er Adgang til at opfatte 1ste Led som Elvenavn. Det kunde mulig være *Svartaland, sms. med Adj. svartr, snarest gjennem dette Ords Brug som Persontil­navn, maaaske ogsaa *Sortaland, af sorti m., tyk tæt Taage. Gaarden ligger nær ud mod Havet i Vest» (NG 16: 323).

Tja, sant nok finst det stader som er meir utsette for skodde enn andre medan det er klårver rundt om, især i sommarhalvåret. Samanlikn det norrøne sorti med det tilsvarande i færøysk «hann setti ein sorta» – andværingane kunne seie: sette opp så svart ein bak uti havet. Ordet finst i islandsk med, nytta om kolmørker, svart skybak, humbakke osv., men problematisk er at gardsnamn som fortel om skodde og den slags er mildt sagt sjeldne. Tydelegvis skal det mykje til før mørkeskodda blir så brysam at ho set spor etter seg i gardsnamn. Det normale er som kjent å gje dei ulike stader namn etter dei mest særmerkte drag i landskapet, og dei kjem no eingong tydelegast fram i klårver. Det ville dessutan vere merkeleg om mørkeskodda var meir plagsam på Sortland enn på andre gardar nær ved, det vere seg i Lofoten eller Vesterålen.

Personnamn: Det er i Vesterålen og ikkje i Lofoten der er spunne ein tått om at garden har namn etter ein viss kong Svarte. Uventa nok lar Rygh både person-tilnamn og mørkeskodda ligge og seier kort at gardsnamnet «maaske indeholder et Elvenavn Svorta af Stammen svart-» (NG 16: 393).

Namnet Rygh har stor og fortent autoritet i norsk namnegransking, men lat det like vel vere sagt: Det ville ha vore enklast om Ryghs typiske «elvenamnsøk» i samband med uklare gardsnamn hadde vore avgrensa til fastlands-Noreg! Tilnærmingsmåten fungerer vanlegvis veldig dårleg ute i øyane, og nettopp av di namnet Rygh har slik autoritet, blir det altfor ofte til at det som frå hans side var ein varsam hypotese, i ettertid «veks» til  kjensgjerning. Vassføringa i Sortlandsbekken var lite imponerande (han er no lagd i røyr), og meir myrsverta enn andre bekkar førte han slett ikkje.

Jordarten? 

Temaet svorta (med lang o) er ikkje heilt unnagjort: «1) sort Farve til Klæder; Sværtevand hvori Tøiet nedlægges … 2) Sværtejord, jern­holdig Sumpjord som bruges til Farvestof. Bergens Stift. Afvigende Surta (Surte), Sætesdal. Telemark. Hallingdal … 3) et Slags Ender; Sort-and. Østerdalen. Jf. ogsaa Sysvorta». Så langt Ivar Aasen. – Aasens ettermann Ross har utvida oppslagsordet svorta, surta med ei fjerde tyding, den i brynesurta og heinsvort’ (det siste trøndsk). To borgfjerdingar nemner både myrsvorta og brynsvorta. I ein større samanheng er dette interessant, endå det siste «råstoffet» iallfall ikkje forklarer gardsnamnet. Men at vi heile vegen har med tydingskategorien ‘noko svart’ å gjere er klart.

Sortland i Lofoten med Mærvoll til h. Delar av innmarka skal ha ein brunleg fargetone. Det er iallfall grumsut botn i Marulktjønna og Osen innom Sortlandsneset. Kartverket.

Etter kva eg har spurt meg fram til, er det på Sortland i Lofoten små myrdrag inni-mellom haugar og humpar, og berggrunn under. Jordarten er mørk og strekker seg innover mot Mærvoll. Der skal ikkje vere sand – trass i at det er sand på nabogarden Bjørnsand, så vel som kring Bjønnarøya tett sør for Sortland.

På Sortland i Vesterålen fanst det god og til dels djup åkerjord i eit belte langsmed sundet om lag frå kyrkja og sørover til Nattland, især der rådhus og bussterminal kom seinare. Toppskiktet var mørkt og formolda, ofte med finsand-lag ned-i, fortalde Walter Starheim som utførte mykje gravearbeid på Sortland i si tid.

Kornstaurar på Sortland i Vesterålen 1923. Foto utlånt av Georg Ellingsen.

Svortland i Bømlo har i hovudsak myrjord på berggrunn (ikkje morene), då vel å merke sterkt omdanna myrjord, vél tenleg til landbruksformål, eller som det står i 1723-matrikkelen: «temelig god Jord og let Wunden». Og nær husa på Surteland i Marnardal låg den såkalla Storåkeren på ca. 2 mål. Det var den viktigaste og eldste delen av heimejorda med svart og fin fastmark, rett nok litt steinut, men ikkje myr: Teigen låg og ligg høgare enn myrlendet omkring.

Svartjord og svartland, svorteland? 

Det er unekteleg interessant å jf. dei omtalte gardsnamna med det norrøne hankjønnsordet sorti «noko svart», velkjent frå islandsk, og frå færøysk der det m.a. tyder «(sort) stykke indmark om foråret, når det er blevet bearbejdet med spade» (Jacobsen og Matras).

Det å sette gardsnamnet Svortland i bås med tilsynelatande minusord som svortedepel, -dya og -myr så vel som surtefen eller svartfen fortonar seg tvilsamt. Vel kunne magre husmannsplassar få nedsettande namn, men ikkje noko tyder på at vanlege gardsnamn på Stein-, Sand-, Myr- er nedsettande å forstå, ut over reine fakta, og på garden Sortland i Vesterålen var det ikkje myrlendt, det er på nabogardane myr kjem til.

Psykologisk har vi jo for vane å legge noko negativt i ordlagingar på svart-: svarte-daude, svartsjuke og svart arbeid så vel som svartskog, svartår. At svartkveita for ikkje så lenge sidan mest over natta vart til blåkveita hadde sikkert med marknads-psykologi å gjere! Men slike samansettingar kan òg fortone seg nøytrale, enten det no er utmark-namn som Svarttjønna eller talemålsord som svartbak og svartstilla. I samband med det færøyske ordet bør vi heller ikkje oversjå det faktum at (russisk) «svartjord» er høgt verdsett!

Det gno. sorti, eigentleg «noko som er svart», er òg overlevert i ei litterær sideform svorti (sjå Fritzner). Og tilsvarande: Trass i litterær norrøn form sorta «sverte, svart farge» heitte det altså svorta (og surta) i dialektane. Formrikdommen har halde seg nokså stor fram til våre dagar: På Haugnes i Andøy fanst Sortebekken, men dei eldste og beste informantar sa Svorte-. Det heiter myr­svorta i Borge, på Sortland og Anda myrsverta, men i dei to siste bygdene derimot «ei god svorta» om ein fadese, noko du gjerne skulle sett ugjort. Begge stader med sideform svørta i tilsvarande meining, jf. kraft-adjektivet «din førsvørta – !»

Kva bonitet (jordgjøde) gjeld, har fleirtalet av samansettingar med svorta (surta) negativt forteikn. Men som omtalen framfor også skulle vise, treng ikkje det same vere tilfelle for eit boniterande *svortuland (alias *surtu-land) i veksling med *svorta- alias *sortaland, ikkje å gløyme *svartaland laga beinveges til adjektivet. Formrikdommen forvirrar, det er ikkje å undrast at «man selv i den senere Middel­alder øiensynlig ikke har havt Rede paa den rette Form».

Øya Sortland? Snorre reknar Sortuland blant øyar. «Det er vanskeligt at forstaa, at det har kunnet være Ønavn», meiner Rygh, og namnegranskarar flest vil nok vere samde i det, av årsaker som langt på veg er omtala. Men ikkje minst her i øyriket har vi gode døme på hårfine overgangar: Heimlandet alias Røstlandet er så avgjort ei øy, men vi opp­fattar Nordland i Værøy som gardsnamn. På andre sida av Værøya ligg Sørland, òg kalla Sø(r)landet til langt ut på 1900-talet og ofte nok skrive Sund­land for *Sunnland i dei eldste kjeldene (vel uttalt y for u, jfr. Sunnlandsfjorden i Vågan, tilsvarande). Sørlandet som namn på ein gard er vanskeleg å forklare tilfredsstillande, med mindre Sørlandet og *Nordlandet frå først var kyst­strekninga på begge sider av øya og ikkje gardsvaldet slik som i dag.

Namna Austlandet + Vestlandet i Raftsundet er sjølvforklarande, ettersom sundet er langt og beint. – Andlandet kan, for andværingane sjølve og mange andre, vere heile øya eller kystlina på begge sider av øya, alt etter samanhengen. Når folket på Sør-Anda snakkar om Vestlandet og vestlendingane, tenker dei på desse som bur på vestsida av Gavlfjorden, men med uskarp avgrensing overfor resten av Langenes sokn. Innlandet og Strandlandet i Hadsel er heller ikkje på alle måtar veldefinert.

I fall Svortuland òg har vore oppfatta som øynamn, ein vågar ikkje utelukke det, skal ein ikkje gløyme at i forhistorisk tid var Vikeidet ein fjord og landområdet derifrå sør til Langøysundet ei veldefinert øy, mot nordvest avgrensa av Eidsfjorden og mot søraust av Sortlandssundet i si vidaste utstrekning. Nuorevuotna som samisk namn på Eidsfjoden er då også ei understreking av den historiske røynda.

At samiske namn laga til norske namn på –øya får fleirtalsform er velkjent, og som nemnt heitte Sortland sokn Suørtak på samisk. I dag oppfattar vi rett nok Sortland som landskapet på begge sider av Sortlandssundet, når det er snakk om bygdelaget, sjølv om vi veit at det beste jordbrukslandskapet låg og ligg på Langøya. Når alt dette no har fått status som by, ligg det i historisk perspektiv ei utfordring i å prøve å forstå den (for)historiske status som «øy», endå ham-skiftet i begge tilfelle krev at gjengs tenkemåte må vike.

LITTERATUR:


Blöndal Magnússon, Á. 1989: Íslensk Orðsifjabók. Reykjavík. 

de Vries, J. 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden. 

Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania. 

Indrebø, G. 1921: Stadnamni i ei fjellbygd (Haukedalen, Fyrde i Sunnfjord). Maal og Minne 1921. 

Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. Oslo. 

Jacobsen, M. A. og Matras, C. 1961: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn. 

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania. 

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo. 

Ross, H. 1971: Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. 

Rygh, O. 1966: Norske Gaardnavne. Forord og Indledning. Oslo. 

Rygh, O. 1970: Norske Gardnavne b. 16. Nordlands Amt. Oslo. 

Steinsbø, S.: Bømlo bygdebok b. 1. 

Straume, R. 1964: Bø Bygdebok b. 3. Tromsø. 

Aasen, I. 1983: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Oslo.

Artikkelen nyredigert i høve til Håløygminne hefte 3-1997.

Smør-namn

Scandinavian PN scholars have been a bit puzzled by the PN word Smør-, that seems to indicate butter wasn’t only a commodity, but also a measure of prosperity and abundance at weddings etc. One of them was Kåre Hoel, who published a review in 1983 of Norwegian PN with respect to Smør-, and in particular linked its importance to another factor, citing numerous older references where he concluded that many of them are tokens of good soil and crops, as well as excellent pastures and general wellbeing. The author of this article doesn’t disagree, but is of the opinion that a Norwegian equivalent of the Danish nomen smøre (scratch, cut, hurt etc.) in many cases is a more likely explanation; in particular with reference to those uninhabited mountain regions and the barren rocks and inlets along the coast. It is also the case that Smør-names are so numerous that it’s improbable that they all refer to butter, some topographic PN element seems to be involved. This is the main theme and provides important additional information when combined with ortho photos etc.

Smørkleppen i Sørfold. Norgeskart.
Høgst særmerkt er berg-åsen Smørkanna i Nordkapp. Norgeskart.

Enkelt metodisk grep? 

Å måle namnefrekvens har mest for seg når det gjeld personnamn. For stadnamn kan det gje utbyte å sml namnetypar som er nokolunde kommensurable, enten no resultata blir som forventa, eller det motsette: Kvifor gir søk i «Norgeskart» sitt register 868 namn med føre- og førsteledd Smør– (ca. 800 når adresse-namn går ifrå), medan resultatet ved søk på Ryme– og Rjome– er kun ca. 30? Tilslag for sms på ‘-osten’  og usms Osten blir langt færre, endå «ost» burde gje langt fleire visuelle assosiasjonar enn «smør» og «rømme»! At stadnamn med Smør– til utmerking er over all måte talrike fortel at dei neppe er semantisk einsarta. Når også sikre sekundærnamn er talrike, må dei primære vere eldgamle, geografisk sentrale og «produktive», kvar på sin stad.

Kva er skrive om namneleddet Smør-? 

Kåre Hoel skreiv tidleg på 1980-talet ei utgreiing om Smør- som utmerking i stadnamn. Med ei drøfting av gardsnamnet Smertu (gn. Smörþúfa) tre stader i Østfold som utgangspunkt gjekk han ganske breitt til verks. For fleirtalet av namna konkluderer han at dei må ha hatt eit rosande innhald, knytt til godt beite, godt vatn eller god stad å vere. Han fokuserte òg på smørhatt, smørkoll, smørklepp, smørklubb, smørpik, smørslaga, smørstabb(e), smørstakk o.l. som plussord i gardbrukarsamfunnet: «Både fra Norge, Sverige og Danmark har vi beretninger om de pyntede smørformer som festbordets midtpunkt, og det er sannsynlig at vi her har en sterk tradisjon og et felles nordisk trekk som går langt tilbake. Smøret som produkt var høyt verdsatt, også i sin hverdagslige form og som nykjernet smørklump» (s. 91). I ein fotnote seier Hoel òg ifrå om at etter han laga Smør-oversynet, kom det artiklar om same emne i KLMN av Harry Ståhl, med tillegg for norske og for finske namn ved Per Hovda, Åke Granlund og Viljo Nissilä. Førstnemnde nemner i sitt korte stykke at av 38 gardsnamn på Smør- i NG er alle (så nær som eitt) opphavlege naturnamn, men med usikker bakgrunn.

Smør- lik ty. Butter, eng. butter? 

Ingen av artiklane i KLMN synest drage i tvil at «Smør-» som utmerking i stadnamn jamt går tilbake på smør = lat. butyrum. Det stemmer nok for Smørberget i Larvik og for Smørklepp, ein gl. buplass i Midt-Telemark, for Smørheia i Åmli, og Smørklepp i Midt-Telemark, likeins for Smørskora i Bjørnafjorden med sin store, lyse flekk, og vidare Smørklumpen i Suldal og i Vindafjord. – Floget Smørkleppen i Sørfold har grått berg med islett av mørke strimer som liknar «smurning» som sig nedover; det er likeins med Smørberga i Namsos og Smørkoven på Voss. Ved namn som desse bør vel nemnast at til gn. smjǫr n. svarar smjǫrr adj. «med smør i, feit».

Særmerkt for garden Smørberg i Tønsberg er lang lys utfjære, sml. Smørholmen i Ørsta og grågule massar ved Smøråa i Rauma. Fjella Smørbollen i Dovre og Folldal1, haugen Smørdallen i Engerdal og snauberg-formasjonen Smørkanna i Nordkapp repr.  konkret samanlikning, så òg snøflekken Smørkanna på Ånnstad i Moskenes. – Under eitt er det tale om flekkar og flater med variantar av farger, former og konsistens. I si dræfting er Hoel sjølv inne på at ein del Smør-namn ikkje er eintydige, men finn at mange av dei går på god jord, stor avling, godt beite, trivsel, td det frekvente Smørbotn (i Eidfjord og i Rødvendalen i Rauma),  Smørdalen2 og Smørhola, appellativet smørbeite o.fl. Vel nok hentar han dei beste av sine argument på det feltet frå svensk og dansk nemningsbruk, då med den fordel at han her får med da. smørsig som «udtryk for jordbundens fedme» (op. sit. 78), eller skal vi heller seie «sig av nærande væte»? Det er ei informativ sms. med smør-. Vel har namn som Smørbakken og det noko vanlegare Smørlia neppe likt opphav allstad, men smørsig synest i alle fall å tilføre sæter-namnet Smørlii i Lom og to-tre stader i Nord-Aurdal framifrå meining, jf. ortofoto. Nemnast bør nok også grasmyra Smørvollen3 på sørsida av Aldra i Lurøy og sletta  Smörvallen i Östersund i Jämtland, og sistpå «de Smerwel» og «de Smorli»  på Shetland (Jakobsen 166).

Unemnt av Kåre Hoel er busetnaden Smørenge på Bornholm, som kunne likne aldri så lite på Smørnemyr  vestom Smøreneåsen i Lyngdal, og på Shetland var Smernadal og Smerrin [smǝrǝn], de S.-rigs ‘et frugtbart stykke indmark’ som under tvil vart plassert blant sms. på –vin (Jakobsen 166). Det siste treng ikkje vere feil, meir uklare verkar jo namna frå Lyngdal, jf. fær smurin «(om tørvejord) blød og fed» (Poulsen) så vel som Smørmyrene i Trysil. No er både Smørnemyr og Smøreneåsen smale, beine myrsenkningar gjennom skog, og målførerett egdsk for smog er smau, her kanskje med tilføying av eit epeksegetisk –renne-, i sms *smau-renne- > smørenne-?

Kultisk bruk av smør? 

Tankar om kultisk opphav for Smør-namn har fleire kasta fram: «Omständigheter som tyder på kultnamn kan säkert påvisas bara i fråga om Smörklint, Lappo, Brändö sn, Åland. I de branta sidorna av klinten finnes två av naturen bildade fördjupningar benämnda Gubben och Käringen, och vid bärplockning har det ännu i slutet av 1800-talet varit sed att kasta bär i fördjupningarna för att ha tur vid bärplockning» (KLNM XVI: 320, Åke Granlund). Kåre Hoel er òg inne på det kultiske og nemner beinveges ofring av smør til sola, som Ivar Mortensson4 har skrive om. Tradisjonane sistnemnde ber fram fortel klart nok om ofring av smør til sola, men då knytt til husa på garden, ikkje til steinar i utmarka. Heller ikkje Kåre Hoel trur at «smørsteinar» eller «-berg» i nemneverdig omfang har med gammal solkult å gjere (op. sit. 84).

Nordom polarsirkelen, men òg på avstengte stader i sør er det ei årviss storhending at sola kjem tilbake, då ikkje avhengig av almanakken, men av lokal topografi. Offer av smør i den samanheng er meg ukjent, men i og med at gn. smjǫr n. også tyder «feitt» skal nemnast eit parallellresonnement, som går ut frå eit sitat: «Sjøsamene var glade i kveitehode. De kokte det, og ingen mat var så god som det. Derfor ofret de fordum kveitehode til offerste­nen (siæide). Deres avgud skulle få det beste de hadde. Saltet kveite-rav var også lyste­mat. De spiste den til suppe eller brød. De syntes at den gav velsmak» (Larsen: 18). Også i siste strofe av «Kveitevisa», nedskriven på Andøya, blir kveitehovudet høgt rangert: «Ja sei, d’e vel godt, men han e så tørr, og kolla på kveita går jamhøgt med smørr5» (kolla = gn. kollr «skalle, hovud», her: heilen i kveitehausen)6.

Vi ville tru at namn som Kveiteberget, Kveitehella og især Kveitesteinen = nordsam. Bálddesgeađgi fortel om gammal kult: Qvigstad nemner vel nok ein gammal kultstad med det namnet i Nesseby, også kalla  Bálddesipmil «kveiteguden», men kult-stader har gjerne meir særmerkt form og meir individuelle namn enn Kveite-lokalitane, men det hindrar ikkje at namn frå sistnemnde gruppe med kvart er deskriptive nok, så som Kveithella i Lurøy (kveite-forma og kvit), vidare åsar og nes kalla Kveitsporden, fjellet Bálddoajvve  «kveitehovudet» i Saltdal, og fleire.

Poenget med å samanlikne namna på Smør– og Kveite– er, at under påtrykk frå kristen misjonering hadde samane gode grunnar til slett ikkje å gå i høgmæla om kor offerstadene deira var å finne, dvs. røpe dei ved gjennomsynleg namnebruk. Vel blir det vågalt å jamføre eit flyttefolk med dei bufaste, men både jakt og fiske og bærsanking, slåtte- og sæterbruk gjorde også sistnemnde mobile,  og dersom ofring av smør knytt til aktivitetar utanfor buplassen åtte rom i førkristen norrøn tru, tør vi gå ut frå at også dei bufaste i den kristne ettertid ugjerne ville snakke om kor eldre kultiske stader låg, men kanskje såg kyrkja gjennom fingrane med enkle folkelege skikkar av den art.

Om akkurat dette siste veit vi lite, men skal likevel ta med oss eit moment henta ut av nordsamisk namn- og nemningsbruk: smør heiter vuodja og vuoiddas er smurning: Med vising til Kåfjordelva i Troms fortel J. Qvigstad at «på elvens S-side er Vuoidas-gæđ’ge, n. Smurningssteinen. Det svetter enslags smurning ut av stenen». Som vi ser var det her tale om rasjonell observasjon, men om ein annan stad seier han – merk at  čahca er ‘fjellovergang’ o.l. – at Vuoiddas-čahca ligg ved riksrøys 270: «Her er Vuoidas-gal’lo  (smurnings-stenen) , en gammel offersten, se Wiklund, Ortnamnen, s. 53» (Qv. 1935: 35, 104). 

Offersteinen var i det siste tilfellet utan tvil berar av primærnamnet, men på dagens kart finn ein berre igjen sekundærnamna Vuoiddasčahca og -jávri. Enten dette er tilfeldig eller ei, er poenget at av to svært så like stadnamn kan det eine vere deskriptivt og det andre kultisk. – Vidare den observasjonen at namn kan falle bort: Har noko liknande skjedd med namneknippet Smørviki og Smørvik-nuten, Smørvikstølen og –tjønni i Vinje? Eller litt annleis: Kven fekk namnet først av Smørmyr, Smøråsen og Øvre/Nedre Smørtjønn i Lindesnes, der kanskje alle namna framleis er til stades?

Det gir grunn til undring at talrike lokalitetar heiter Smørsteinen, og 2-3 av dei skil seg ut: Smørsteinen  utom Torsken i Senja skal likne eit smørstykke, i klivningen S. på Hadsel-sida av Fiskfjorden i Vesterålen rislar det alltid væte, og S. attmed Hølmen i vatnet Vinstre i Øystre Slidre låg nær ein lokalitet Sprekken  (begge er neddemte no).

Kva form og ev. funksjon smørsteinane hadde er lite klarlagt, landet rundt; med kvart gav nok bergarten assosiasjonar med smør. Gards- og bruksnummer indikerer ikkje at dei har fungert som skilsteinar; nokre ligg i skog, usynlege på oversiktsfoto. Det ser ut til at dei kan delast i to kategoriar: Ein gruppe er desse som ligg i sjø- og vasskant, så som i Torsken, Hadsel, Steigen, Lindesnes (Sandøya) og Øystre Slidre, men andre ligg på stader der det var tungt å ta seg fram, sjå «Risikable farvegar til lands?».

På internett finn vi få foto av norske Smørstein-ar, til skilnad frå danske Smørsten-e: Dei sistnemnde er av særs skiftande form og storleik, men tidt store nok (ofte jordfaste òg) til å bli blikkfang i dansk landskap. Mange er delvis mosekledde og andre har djupe furer eller sprunger (sprekkar) der det iallfall i eitt tilfelle er gjort funn av myntar.  

Smiergohppi i Sør-Varanger, med ei rift eller renne. Smier- <norsk Smør- pluss sam. gohppi «bukt, rundvoren vik». Merk også «arr» og «hogg» i fjellgrunnen. Norgeskart.

Smør- om mudderbotn? For gardsnamnet Smørgrav på Øvre Eiker (Buskerud) lanserte Hjalmar Falk ei tyding «Sænkning fyldt med fedtagtig Mudder», og viste då til namn som Smørhol og til det frekvente  Smørvika (NG 5: 255), td Smørvika7 på Kapp, Østre Toten og ei i Bamble, men også Smørholmen i Søre Hærsjøen i Kongsvinger og i Bekslevatnet i Vanylven. Ei slik tolking gir òg meining for Smørnes (Bygland og to stader i Åmli). Andre lokalitetar det høver for er Smørberget i Orkland med myrtjønner attmed, for Smørbotn og i Kvam, for Smørgrø i Rollag og Smørheia i den nye Heim k. Vidare òg for Smørnes i Bygland og Smørnuten i Vinje,med gjørmetjønner oppunder, Smørtjønn i Tinn, Smørvadet i Dalselva (Rana) pluss halvøya Smørøyno, Suldal. Smørbekken i Tolga renn gjennom Smørbekkfloen og endar i den ovgjørmute  Smørbekkhåen, ei vik i Langsjøen. – Illustrerande i samanhengen er tydingsnyansar av verbet å smørje: Fotty o.l. blir (inn)smurde med smurning el. sverte, men blir noko tilsmurt el. oversmurt, er det tilgrisa, sml ty. schmierig og holl. smerig ds. og got. smarna «smuss, ureinske». 

Pyttar og tjønner kalla Smørøyet el. –auga, –auget finst det ei mengd av, og vi føyer til Smørdupl i Rollag og Smørduppen i Flå attåt ei mengd små Smørtjørner og –tjern, dei fleste på austnorsk område. Alle slike namn går på små vassamlingar, ofte med brem av gulbrun myr. Tidt vil ein tenke på ‘mudder’, nokre med så mykje grums at Smør- i tyding smøra(st) ‘bli til smør’ sviv for tanken. Interessant her er ss  smïrredh,  smorredh, smurredh v. ‘breste, yste seg, felles ut, skille seg’, truleg lånt frå nordisk og deskriptivt nok, men ikkje påvist i sørsamiske stadnamn.

Eitt av to Smørnes i Åmli. Sml. gotisk smarna: ureinske. Norgeskart.

Smør- om flekkut fjell? 

Island har Smörfjöll «et større, brungult, med snepletter rigt utstyret fjæld» (Hoel 83). Det er på liknande vis med ei lang rekke norske høgder og fjell, dei ter seg i fargerik, ‘flekkrik’ bunad alt etter årstid, så som  Smørberget i Orkland og haugen Smørdallen i Engerdal, likeins Smørheia (spettut) i Kristiansand, vidare Smørknatten i Drangedal, Smør­skora i Bjørnafjorden og Smørstakken i Modalen. «Storflekkut» er både Smørfjellet i Selbu og Smørskornova i Askvoll, men Nørdre og især Søre Smørhylla i Vestnes har store, samanflytande flater med urd. Smørkollen i Bjørnafjorden har ei diger, lagdelt gråbergflate med skråhogg i. Elles framstår nokre av fjella slik at det harmonerer med ss smeagredh «føreforhold om høsten med små snøflekker og barflekker om hverandre (da det er vanskelig å se hvor reinen går)», sml. då også smagran  «(marken er) dekket med snø her og der, men ellers snøbar» (Bergsland og Magga: 279). Begge  presise termar, men dessverre passar dei berre for enkelte «Smør-høgder».   

Smørkollen i Bjørnafjorden – samanlikna med Smörsten i Skärgårdshavet, Hangö, Finland (under).

Namnet Smörstacken -Smørstakken er òg funne i Sverige og Danmark, knytt til skjer, steinar og holmar, utlagt som «liten kullig holme» o.l. Historisk er «Smørstach, en ö, nämnd i Samlinger til dansk historie» (Lundberg 207). Smörstacken som skjernamn er knytt til ein «uppseendeväckande välvd bergformation», dertil om «ett stort block som tjänstgör som häradsmärke» (Lindroth 29), då usagt kor i Sverige.

Kåre Hoel spør ‘hvorfor nettopp Smør– inngår så ofte i sammensetning med ordet og høgdenemningen  stakk?» (op.sit. 85) og sluttar seg i det til Evald Lidén, som rekna med at eit nordisk appellativ smørstakk  ‘upplagd smörhög’ el. ‘smörklimp av rundad form’ har vore til8. Det kunne høve godt for fire avrunda holmar og skjer i Västra Götaland (uklart kvifor det òg er namn på eit par svenske og danske fornminne), men høver ujamt for norske Smørstakk-namn. Hoel o.a. viser til parallelle sms. som høystakk og torvstakk, men kvifor vart holmar og skjer samanlikna med noko så særmerkt som «oppsats av smør», når vi knapt finn døme på tilsvarande bruk av høy– og torvstakk?

I alle fall to av dei svenske Smörstack-ane ligg i «fågelskydds-områden», og *smør = ureinske, fugleskit verkar vel så sannsynleg, sml da. smøre ‘(oftest: langagtig) plet, mærke, fremkommet ved berøring med fedtstoffer ell. (i al alm.) smuds, snavs; ogs.: udtværet masse af et blødt, klæbrigt stof’, meir overført også noko som ‘minder om en udvisket, udtværet klat ell. stribe’ (ODS). I tilsvarande tyding også eng. smear v. kline, klatte utover (med noko feitt el. klebrig el. anna som lagar flekkar), jf ags. smierwan, glhty.  smirwen  ‘smøre, salve’. Med så jordnær vinkling blir sv smörstack snarare synonymt med gödselstack lik  gödselhög  (Vogt).

1600 år gamalt smør på Arkeologisk museum i Stavanger. 

Det ser elles ut til at flekkut berg-grunn i ikkje få tilfelle har motivert valet av namn – og då uavhenging av årstid: Osen av Smørelva i Vågan er litt grumsut, men ligg under ei fjellside med spettut, lys berggrunn, og liknande karakteristikk høver for Smørhavnen i Alver, Smørvikane i Øygarden og Smørvika i Aure, Bømlo, Flatanger, Giske, Gulen og Namsos Like fullt kan vi også “rubrisere” Smørvik-ane etter andre kjennemerke, meir om det seinare. – Lagdelinga i fjellgrunnen i Smørkoven i Aurland og Smørskor i Kvam liknar storkna lava, så òg fjellgrunnen i i Vuoiddasvuotna i Gamvik, sms. av ns “smurning”+”fjord”. 

Smørknatten, Drangedal. Norgeskart.
Smørbringa i Lebesby. Norgeskart.

Smør- nytta om tronge passasjar til sjøs? Per Hovda nemner i sin korte artikkel i KLNM at Smørsund i Fister i Ryfylke er trongt å kome igjennom, og at det same gjeld sundet Smørdrag i Eidanger, Telemark – utan at han lanserer noka tolking i den samanheng. Her bør skytast inn at Smørsundet i Sveio er av same art, Smørsundet i Grimstad er trongt på to meir avgrensa punkt, og Smørsundet i Birkenes berre éin stad.

Fenomenet er langt meir utbreidd enn som så: Der er like tronge smotthol gjennom eller tett innmed  Smørholmen i Lindesnes, Hustadvika, Smøla, Frøya og Rødøy. Smørhavn i Bremanger er ovtrong og sund-skoren, Smørsund i Ulvik er meir ein lang djupål i eit grunt farvatn, og igjennom Smørbøen i Meløy går ei smal renne. Gløym heller ikkje at den poseforma Smørfjorden i Porsanger har uvanleg trong opning mot havet (men inst i botnen er der også mykje mudder).

Same namnegruppe er òg Svale Solheim inne på: ‘Langs etter ferdslevegane finst det ei mengd lokalitetar med Smør-namn, og dei ligg ofte såleis til at det var farleg å fara der’. Han nemner både Smørholmen og  Smørstakk, likeins det færøyske Smørnøs, men særleg Smørsund, både som namn på det tronge innlaupet i austleia inn til Grimstad, og det kronglute tronge Smørsund inn til Viksefjorden litt nord for Haugesund, og så Smørsund = Smalsund mellom Randøya og den vesle Kvaløya i Ryfylke: ‘Ein gamal fiskar frå Randøy forklara Smørsund slik at folk i si tid vel hadde ‘pynta’ på namnet av di det var så vanskeleg å koma fram der i sundet’. Solheim oppfattar namn på Smør- som godnamn eller -nemne, noko folk tydde til for å blidgjere maktene i naturen. (Solheim 138fff).

Hogg i fjell og strand?

Kva ligg så i namnebruken framfor? Usannsynleg er at slike lokalitetsnamn har med smøring å gjere, då heller eldre dansk «en smøre»: ‘(især langagtig og ikke særlig  dybt gaaende) saar (spec. frembragt af (hug)vaaben)’, ‘skramme, … (langagtig) ar‘ (ODS), i anna forklaring: dansk smøre ‘schmarre, hiebwunde, schaden, verlust .. von dem mnd. smurre ‘streifen, riß, schramme’ unter einfluß von nhd. Schmiere ‘prügel’ … umgebildet. Mnd. smurre ist eine ablautsform zu smarre = nhd. Schmarre ‘schramme, streifwunde, hieb-wunde’. Da nhd. dial. schmarbe (von *smarwó) in derselben bedeutung haben, so scheint verwandtschaft mit Schmiere wahrscheinlich, indem aus ‘bestreichen’ [bestryke, skyte utover] sich «streifen» entwickelt hat» (Falk und Torp).

Smørhavn i Bremanger. Norgeskart.
Smørstabben med Storklova, Grøtfjorden i Troms. Norgeskart.
Smørglova i Lindesnes. Norgeskart.

Det er då ikkje einast tale om striper, men òg risper, rifter, skrammer, streifsår eller arr etter slike, flenger, hoggsår så vel som sprunger, kliver. Å oppfatte namna i lys av dette kjem litt uventa på, så det ligg nær å ytre eit kontrollspørsmål: Stemmer det for mange Smør-lokalitetar? I høg grad, det artar seg som ei aha-oppleving:

Merk her Smørdokk Vindafjord (dalsøkk under hogne stup), Smørglova Lindesnes, Smørhatten Ørland,  Smørhaug (hoggen hammar) Ullensvang, Smørklaven Namsos, Smørkollen Øystre Slidre, Smørknuten  (djupt hogg) Eigersund, Smørnut (fleire djupe hogg) Etne, Smørskardet Ullensvang og Ørland, vidareSmørskardalen (lang og smal og hogg på sidene) Suldal, Smørskarsknuten (djupe skard og talrike små hogg) Flekkefjord. Irregulært så å seie er Smørskjerodden i Jøssingfjorden i Sokndal, der «neset» berre er ei urd med kantstein i sjøkanten, utan noko eigentleg skjer: I den sprukne fjellgrunnen ovanfor er eitt særleg djupt hogg: altså smøre + epeksegetisk skjer n ‘kutt, snitt’ (NO 9: 1551)? Vi tør ta Smerhellarklypa  i Vinje med i same kategorien, trass i avvikande uttale, sml. Smertu. – Namnet Smørbotn finst fleire stader, med skiftande tyding synest det, men den i Vik i Sogn og Fjordane ligg vest og ned av sundhogge fjell. Nordpå fell det oss i auga at den i og for seg fint avrunda Smørstabben i Grøtfjorden i Troms er skamhogd av den mektige Storklova, og just det same kan seiast om hogget i kanten av Smørbringa i Lebesby.

Færøyske fiskarar kalla ikkje Kalsoy med rette namnet, dei sa Smørnøs. Det kan lyde som eit godnamn (Solheim 129,139,170), men kan også forståast topografisk: Øya er forma mest som ei klubbe med rundt hovud mot sør. Klubbeskaftet tøyer seg langt og smalt nordvestover, som ein kam med «hakk» i form av elleve små tverrdalar på rekke og rad (fær. nøs tyder også «odde, skag»).

I denne gruppa har også dei norske Smørstakk-ane sitt rom: Smørstakken på Hitra er ein lang og humput bergrygg med talrike ‘hogg’ på nordsida, og holmen Smørstakk i Karmøy har i norde enden ein høystakk-liknande hump, men han er òg delt av ei djup klive, ulikt dei svenske lokalitetane. Fjellet Smørstakken i Modalen har ei djup kløft mot sør, fjellet med same namn i Vaksdal9 er ein kolleforma topp tett ved det ovdjupe Smørstakkgjel. Fjellet Smørstakken i skilet Gjesdal-Sandnes har skarpe bergkantar med tverrhogg i, og lengst sør på Rennesøy denoterer Smørstakk ei bratt strand som har ei kløft mot aust og to djupt inngåande mot nord (Kastdalsskaret, Rosejuvet), slik at Smørstakk like snart kan ha denotert den runda fjellnova som no heiter Hælen.

No har både Haugesund og Karmøy ein nut resp. holme som heiter berre Stakk; i Værøy har same namnet fått denotasjonsendring og gjeld nærmast ei bratt side nedi Måhornet, medan den primære «stakken» lar seg peile inn via sekundærnamn. Usms. «stakk» er i det heile vide kjent, ikkje berre om (høy)stakk, men òg om «hohe klippe im meer» på Island, Færøyane og Hebridane (de Vries). I Noreg har vi òg nær tylfta åsar, haugar og nes ol. kalla Stakken, så gno stakkr nytta usms. var ein produktiv term. I Sverige òg er namnet  Stacken frekvent, men visstnok ikkje såleis i Danmark.

Smør- om andre variantar av kliver og hakk?  

Kåre Hoel startar sitt oversyn med å nemne at gardsnamnet Smjǫr- el. Smörþúfa finst tre stader i Østfold, i Skiptvedt, Kråkerøy og Hobøl. Litt seinare fortel han noko som er overraskande (s. 91): «Ikke på noen av stedene har jeg kunnet finne noen tueformet lokalitet (høgd, haug, berg eller stein) som kunne tenkes ha vært navngivende». Kan det beintfram vere at han ikkje hadde gode nok kart å hjelpe seg med? Smertu i Kråkerøy (Fredrikstad) har markert utsparing på nordsida, bruket Smerta (< *Smjǫrþúfa?) ved Ødegården i Ski (no Nordre Follo) har liknande på norde sida. Det har òg Smertu i Hobøl, endå haugen der er meir nedbygd. Om Smertu i Skiptvedt er å melde at garden kan ha namn frå ein nærmast totoppa hump 200 m nordvest for gardshusa.

Hoel hallar til at buplassnamnet Smertu < *Smjǫrþúfa er metaforisk-humoristisk, at buplassen var som «ei tue der det var godt å sitte» (s. 92), men etter det karta fortel, kan det ha like mykje for seg å sjå nærmare på dei nyss nemnde innskjeringane. Smør– kan i forlenging av da. smøre og mllågty. smurre kallast «rift, klive, hoggsår»:   Per Hovda (op. sit.) tenker at gardsnamnet Smørstad på Vestre Toten kanskje inneheld eit personnamn Smjǫr, men dagens kart viser at lendet kring Smørstad både på Østre og Vestre Toten er temmeleg småkupert og på siste staden bortimot sundhakka.

Pga. riftene kan grunnen kring Smørbergtjønna i Surnadal naturleg kallast smørberg.  Norgeskart.

Korleis kvist i rekved eller i gamle tømmerveggar ter seg når det som var lausare ved er tært bort, veit dei fleste, og mange av oss har høyrt ei gåte om hoggestabben: «Kva er det som står i bondens gård og har fleire sår enn hunden har hår?» Med slike bilete i bakhovudet kan no inviterast til kringsjå der topografien har ordet: Smørbergan (sprukne) Hasvik i Finnmark, Smørberg-tjønna (i sundsprukke fjell med vatn i søkka) Surnadal, Smørdusk (haug i opphakka fjell) Utsira, Smørelva (i sundhogge fjell) Norddalen, Smørfjellet  (berg-«striper» og tverrhogg) Holtålen, Smørgrovberget (med bekken Smørgrova) Lom, Smørhatten (furer og tverrhogg) Hitra, Smørklubben (skjer) Vågan, Smørklepp (minner om Smørbergan) Lærdal,  Smørknuten  (berg klivna i rute­mønster) Sokndal, Smørnes (fleire korte kliver) Ullensvang, Smørnut Etne, Smørskor (flate i sprikkfjell), Smørskorane (hylleforma slette, stup under og over) Kvam, Smør­skåra (ei liknande) Lindesnes,  Smørskredene (rifter i hardfjell) Ørsta, Smørstabben (skjer) Bjørnskinn og Givær, Smørstakken (ml Gjesdal og Sandnes), Smørstakken (sprukke berg, snøflekkar) Modalen, aller sist Smørtørne (Voss) og Smørvika  (i Sør-Varanger) begge med fjellgrunn med sprunger på kryss og tvers.

Smørstabben i gl. Bjørnskinn hd. på Andøya skal få nokre ord til: Det er eit svart, litt høgvore skjer tett ved land på Åknes. Det kan ‘kjerne’ godt kring Smørstabben når det er noko sjøburd, men vel så viktig er nok at skjeret har eitt djupt og fleire mindre hakk tvers over. Etter sjøkartet er området innafor grunt, men folk såg nyss at ein spekkhoggar sumde på innersida, så attkipp frå land kan nok òg gjere seg gjeldande.         

Smørstabben på Åknes, Andøya. Foto: Finn Myrvang.

Smørbøen i Meløy er nemnd: Ein med same namn ligg tett aust for Kunna i Flakstad, kloss i land, og kan hende går der ein djupål imellom. Tungsjø står på av Vestfjorden, og Jan K. Myrstad opplyser: ‘Enten eit rosande namn, av di bøen er særs rik på småsei og sild om sommaren, eller eit godnemne av di han er livsfarleg. Folk har sett livet til her, visste far å fortelje’. Altså Smør– om god tilgang på sild o.l. – eller eit varsku om at  bøen uventa kan bryte og gjere skade? Jf. også ty. Schmiere «dengsle, juling»10 osv.

Smørvika er eit særs vanleg namn, vi har over dusinet slike på sjøsida landet over, og Smørbukta (med gulkvite berg) i Indre Fosen kjem i tillegg. For lokalitetar i ferskvatn som heiter så, ligg det nær å tenke på smør i tyding ureinske (mudder, gjørme). Det høver dårlegare for Smørvika-ne langs norskekysten, for dei blir uavlateleg reinvaska (då med unnatak for Smørvika i Bamble), endå vel enkelte kan ha mørkare botn enn andre. Her er heller forma typisk, det gjeld både for Smørvikane i Øygarden og for Smørvika i Aure, Flatanger, Giske, Namsos, Åfjord o.fl., som er «hogne» inn i berget som breie utsparingar, iblant noko avrunda, sjeldnare assymetriske. Smørvika i Bømlo og i Gulen er for sin del så djupt inngåande og tronge at dei minner mykje om smørsunda vi alt har vore inne på. Gode beite finn vi knapt i eller innom Smørsund-a eller Smørvika-ne på kysten (jf. Hoel 80). Her er garden Smørvika på Dønna og den eine Smørvika i Namsos unnatak, men dei òg kan no kallast avrunda utsparingar. 

Risikable farvegar til lands? 

Kåre Hoel hallar mot å oppfatte namnet Smørbrekka11 og det endå vanlegare Smørkleiva som rosande meint (op. sit. 81). Her kan nemnast, at ved sætra Smørbekk i Seljord går ein bratt stig nord- og oppover den tronge Smørbrekkdalen, og Smørbrekknuten i Sokndal har òg ein stig, gjennom eit trong skard. Ved  Smørbrekka i Lund er òg skard, men då utan innstipla stig, medan Smørbrekkena i Voss ligg under ei djup kløft. Ganske bratte  er også stigane over Smørlibrekka, Rubbestad i Tranøy. – Smørkleiv i Aurland har ein ovbratt stig i kanten av ei djup kløft, medan Smørkleiva i Årdal er eit fjell med djupe kløfter på austsida.  Smørkleiva i Hyllestad og i Eidskog er nesten kløfter i seg sjølve. Smørkleiva i Aurskog-Høland og især i Hjelmeland går i sikksakk, det gjer òg kleiva under Smyrlihøgdi i Flå12 (Buskerud) og ved Bogstadlia gard i Lindesnes.

Å sjå på slitsame passasjar som noko positivt må ha lege fjernt. Kåre Hoel nemner eit islandsk appellativ  smjörbrekka «den øverste Del av en Skrænt, man gaar op ad …overført: den siste Anstrængelse». Dette kan gje assosiasjonar til smøre om «schaden, verlust» og det ikkje uvanlege bakkenamnet Hestsprenga. Så – med mindre det å bli margsveitt også vart kalla *smørsveitt – var vel ei ‘smørbrekka’ eller ‘ei smørkleiv’ ein stad der det var mange staup i vegen eller bratt eller glatt. Ein kan spissformulere: På visse stader kan det gå som smurt å misse fotfestet.

Om gardsnamnet Smørstein i Holmestrand fortel Holmestrand k. på si heime­side: ‘De eldste sporene etter ferdsel i Angers Kleiv er flere hulveier som fører ned mot sjøen ved Smørstein». – Fleire av  Smørstein-ane ligg på like vridne stader, som den i Tunvaldskaret i Sunnfjord eller den ved Bogstadlia i Lindesnes, så vel som ein i Gran k. Det kan likevel hende at ein del slike namn fortel om sjølve fjellgrunnen: I Smørsteinvika i Steigen er det lange kliver i berga ikring, og Smørsteinen på Sandøya i Lindesnes er ei avrunda bergnov med ein klove i. Derimot kan det vere at toppflata på Smørsteinen ved Bogstadlia i same bygd har uventa fargemønster; det er iallfall lange, lyse render i fjellflata ved Smørstein sæter i Ullensvang. I nokre tilfelle kan folk i ettertid ha omtolka slike namn i den lei at det måtte vere tale om ein frittliggande (frittståande) stein på staden, det vere seg ei flytteblokk eller anna.                     

Smørvika i Gulen ser ikkje mykje gjestmild ut. Norgeskart.

Kva er ein smørbekk? 

Smørbekken er ein kjeldebekk på søre Bø på Andøya, ved den tidlegare buvegen i fjellfoten. Kjeldevatnet rann i grøfter langs innmarka, nedover til eit gardsbruk der det var eit brynnhus. Like etter 2. verdskrig la folk inn vatn rett frå kjelda, vatnet var brukande, og med åra kopla heile åtte andre seg på. Det er nemnt med tanke på at Kåre Hoel òg fatta interesse for Smørbekk-namnet (op. sit.79): Han samanlikna det og liknande namn med båhuslensk Smörkällebäcken, ‘bäcken från en smörkälla’ og likeins det båhuslenske  Smørkälledalen «en dal med flera småkällor, som alltid håller vatten». Avgrensa til Båhuslän er ikkje slike namn, for i søre Sverige har dei Smørkällan fem stader til, ja tilmed Shetland har Smorkelda «kilde, hvori fra gammel tid nykærnet smør er blevet udvasket (Jakobsen 117).

ilsynelatande mindre relevant i samanhengen blir det danske naturnamnet Smørbæk Hole i Åstrup sokn i Haderslev hd: ‘kløft, gennem hvilken der formodentlig tidligere har løbet en Bæk’, men som vi alt har sett, er der nært samband mellom Smør- og «kløft». Smørholet i Nærøysund, Indre Fosen, Rendalen, Skien og Oslo er kløfter, og forleddet i namneknippet Smørhole-li, –elvi og –fossen i Årdal er klart nok også ei kløft. Det ser då ut til at hovudleddet er epeksegetisk nokre tilfelle, men ikkje der «smørhola» er eit grasgrodde søkk med beite (Smørhola i Vefsn er eit bre-søkk med misfarga snø). Men så tilbake til smørbekk-ane:

Det har undra meg at folk frå det gamle bygdetunet på Bakkan, nedmed sjøen på Bø på Andøya, skulle hente vatn til smørvasken i Smørbekken, så påfallande langt ifrå? Då måtte dei bokstavleg gå over bekken Bøelva, der det rett nok ikkje alltid var gulle reint vatn, for å hente nettopp – vatn. Kjelda renn ned mellom husa på søre Bø, men busetnaden der er ikkje historisk gammal, og dessutan finst namnet Smørbekken òg på Åse og på Sellevoll i Dverberg, knytt til bekkar i endå meir upraktisk avstand frå gammal busetnad, så det er litt vanskeleg å tru på ‘smørvaskteorien’. At Andøya har heile tre smørbekkar er noko spesielt, men namnet dukkar òg opp på Ellstad i Borge.

Det er som regel små bekkar som kjem opp av marka som kjelder og renn eit stykke og så berre forsvinn. I mangel av eit betre ord kunne eg kalle dei for ‘minibekkar’, for ein øygnar så vidt eit bekkefar, slik det òg synest vere for småbekkane kring Smørhaugen på Straumøya i Bodø og kring Smøråsen på Lund sørvest på øya Alsten. Ukjend er kartplasseringa til Smørbekktjønna på Viksås på Vega.

I Inderøy finst eit par Smørbekk-ar, og Surnadal og Kvinesdal har éin kvar. Eigersund har Smørkjeldmyra, og Smørbekkstean i Tvedestrand er noko liknande, og i utmarka kring sætra Smørbekk i Seljord piplar òg små bekkar, men der dukkar det avvikande  namnet Smørbrekkdalen òg opp13. Og i myrane oppunder  Smørsteinslii i Bykle ser ein eit mylder av småbekkar og pyttar, Smørbekkmyra i Åmot har fleire ørsmå sik, likeins Smørbekkmosen i Marker. Talande er at Smørbekken i Sør-Odal og i Grue er avsett på kartet berre med namn, utan ‘vassfarmarkering’ i blått, og bekken i Borge i Lofoten manglar begge delar. Smørtjørna i Lillesand er spesiell ved at talrike renner frå myra omkring fører ut i tjønna, men utan at dei er markert som vassførande.

Det bør elles ikkje gløymast at Snåsa liksom Andøya har heile tre Smørbekk-ar, men dei er mange hakk større: Mest som ei elv er Smørbekken som samlast frå eit mylder av kjelder på Andorfjella og fell ut i Andorsjøen via eit djupt elvefar med mykje stein i. Den andre Smørbekken renn frå Lomtjønnin ut i elva Imsa og lagar ei djup kløft to stader i sitt far, ein tredje grev seg djupt ned før han fell ut i elva Luru, ss Låarte. Desse «atypiske» Smørbekk-ane grev seg altså ganske djupt ned over lange strekningar.

Når det gjeld hovudgruppa av Smørbekk-namn, har ikkje no. smøre < gno. smyrja eller smyrva v. tydings-nyansar som hjelper, men engelske motstykke er smear v. ‘obscure the outline of’, som nomen synonymt til smudge ‘a blurred or smeared line or mark’ (Fowler). Kjente eldre skandinavisk tilsvarande ordbruk?

Meir forunderleg er skotsk smoor/smuir v. «choke for air; extinguish» (kjøve; slokke o.l.), også nytta som adjektiv: «obscure, indistinct; not clear», «hidden, remote from observation» (Graham). Det svarar på lag til eng. smother «kjøve, kvele», men òg: «dekke eller skjule heilt», mleng. smorther, av same stamme som gleng. smorian v. «kjøve,  kvele». Det er relevant nok i samband med Smørbekk-ane sine karakteristika og svarar òg til no. kjøv og kjøve, då ikkje berre om issvull og tilstopping, men òg om dammar og mudder, dy (NO 6: 441-442).

Det ser ikkje ut til at smoor/smuir finst som førsteledd i stadnamn fråSkottland eller norrøne utbygder, og utmerkinga Butter– er i alle fall sjelden i skotsk namnetilfang. Ev. ordslektskap med Smør- blir då usikker, men like fullt nemneverdig, for som det alt er sagt, kan vi tillegge da. smørsig14 ei tyding «sig av nærande væte», og somme Smørbekk-ar er lite meir enn sike, andre er avsette på karta utan markering av vatn(!)
Smørbekk om eit sike som «smører» uttørka jord så ho ber grøde kunne gje meining, for dyrka område, men smørbekkane er oftast å finne i utmark. I og for seg er det fullt tenkeleg at slike bekkar kunne føre vatn som hadde «fedtagtigt, iriserende Udseende» (NG 2: 21 og 3: 30, Hoel: 79), les Smør- = smurning, men det talar noko imot at sms. som t.d. *smørdam, *-demme, *-dike, *-fen eller *-floe alle er ukjende stadnamnelement.    

Namneflokken Smertu, Smerta kan reise spørsmålet om dei talrike Smerud-namna på Austlandet går på smed-aktivitet, slik synet har vore, eller berre på ‘smørbekkar’? Vanskeleg å vite, for den som smed var trong vatn, mykje vatn. Ein kunne også undrast, endå det verkar usannsynleg, om Smør-<Smer- skulle oppstå av gno. smær(r)i, komp. av smár ‘liten’? Ikkje berre seier vi smågut og småjente, men finn også  Smådalen og Småbekken mange stader, endå det nok iblant berre er ei omtolking av Smog-.

I alle fall tyder ingenting på at smørbekk– kan ha oppstått av *smaubekk,*smogbekk.  Andøya har som nemnt Smørbekken tre ulike stader, men Smogbekken midt på øya kjem ned frå fjellformasjonen Smoget  |’små:ge|, og desse bekkenamna er aldri blanda saman. Heller ikkje grev Smørbekk-ane seg ned i smog (anna enn i Snåsa!), dei renn under jorda over lange strekningar, då i beste fall synlege ved at skogrøst (skogruster) har grodd opp langs bekkefaret, vel å merke der lendet elles er skogfattig.

Eit langt sjeldnare namn enn Smørbekken er Smørelva: Den i Vågan i Lofoten er kun ein bekk som renn ut i ein litt grumsut os, men alle «spettane» i snaue fjellet mot aust er nok større blikkfang i dette tilfellet.  Smørelva i Osen i Nord-Trøndelag skjuler seg under eit «bed» av laus stein og fortonar seg som eit arr i landskapet. Elva med same namn i Ålesund k. er nokså usynleg i første del av sitt far, sml. Smørbekk-ane, medan ho i Norddalen (er Fjord) ‘slørrar’ vidt ut i splitta, lagdelt flogfjell og minner om eit gapande sår.

Smørblindo heiter ein bekk i Eidfjord, som dukkar opp i den nedste enden av ei djup fjellkløft og spreier seg litt på berget nedanfor. Namnet fortel truleg at bekken renn i blinda (blindt, usedd) i (fjellsprekken) (smøren) før han kjem til synes? Det finst eit utolka gno persontilnamn smjǫr-blindr adj.: Usannsynleg er at det hadde med smjǫr- = butyrum å gjere, men kanskje hadde vedkommande tilnamnberar for vane å knipa att auga så dei berre vart som sprekkar?

Smør- om steinstrødd terreng?   

Over: Smørelva i Osen i Nord-Trøndelag er unekteleg eit arr i landskapet. Norgeskart.

Fjell (berg) kan bli så oppsprukke og sundsprengt at flisberg er karakteristikken som er mest dekkande, t.d. for Smørbergan på Sørøya i Finnmark (Hasvik) og Smörberget i Luleå, Norrbotten. I tillegg kjem Smør-namn som denoterer landskap som er rikt på stein, men der det ikkje lenger er ei naturleg avgrensing slik som i urd eller mòl (strandbanke av rundstein), men diskontinuitet: stein er strødd vidt utover. Døme kan  vere Smørdalen i Sirdal, Smørgrøvetjørna i Etne og (søre) Smørhylla i Vestnes. Endå meir slåande er det for Smørskjeret i Kinn. Skal ein her tenke verbalt: smurt (utover) = strødd, eller nærmar vi oss smol (smøł) n: noko knust, smular (NO b 10: 612, jf NoSt, Smøla)? Alternativ er ns smierru adj. «sprø; skjør; smuldra», som bl.a. må vere relevant for flisberg.        

Smørskjeret, Kinn. Norgeskart.

Finst smør el. smøre som usms. stadnamn? Om namn med Smør- som førsteledd seier NoSt mellom anna: ‘Slike namn kan ha høg alder, såleis er Smørvi ei nedlagd seter i Luster, kanskje sms. med-> vin‘. Her er jo med god grunn sett bort frå at smørvi òg er dativ av gn. smjǫr «smør», då ordet brukt som stadnamn i slik form er usannsynleg, derimot kan seiast at slik Smørvi framstår på ortofoto, er det tenkeleg at sisteleddet –vi er avkorta form av vide f ‘søkk, senkning i lendet’ (NO 12:1030, Voss). Bekkenamnet Smørskåla tett ved kan vere smørskòla i tyding ‘-skyljing, -vask’ (Ross, Hardanger), sjølv om elva har djupt nedskore bekkefar lenger opp i fjellet. På vollen i Smørvi ligg elles to store steinar attmed kvarandre, ikkje namnsette.

Eit namn som liknar Smørvi er det på garden Nepstad i Lyngdal der eit uslett jorde tett ved ein stig kalla  Smoie ber namnet Smøre. Dette er unormerte former, så det tør vere uvisst korleis første namnet blir sagt, men i alle fall i «terrengkontekst» skulle smøre om klove, kløft vere litt meir sannsynleg enn smør om god jord. Når Lyngdal som før sagt òg har Smøreneåsen, Smørnemyr, liksom Sirdal har Smøreholet som namn på ei myr med ein pytt, aner ein at det er lett å trekke forhasta konklusjonar.   

Samandrag: «Det dunkle namneleddet Smør-» er eit sjølvstendig arbeid, men utgangspunktet var Kåre Hoels artikkel ‘Navn på Smør-‘ frå 1983. Han fokuserte på at smør oppsett i form av smørkoll, smørslag(e) o.l. vart nytta til pynt ved festlege høve i gardbrukar-samfunnet. I samsvar med dette går talrike stadnamn med utmerking Smør– på gode beite, god jord og stor avling, velstand og allmenn trivsel – og i forlenging av det har mange lokalitetar med grågule lyse flater og flekkar fått utmerkinga Smør– i namnet.

Ein finn likevel at det er meir usikkert kva Smør– står for i namn frå ugjestmilde fjell- og kyststrøk, endå ein der har den fordelen at ortofoto gir god oversikt. Vanskelegare der jorddyrk, hus- og vegutbygging, skogplanting, regulering av vassdrag o.l. har skjedd, for ikkje å nemne klimaendringane med rask tilgroing av tidlegare opne flater.

Fokusering på Smør-lokalitetar der sisteleddet er eit ord for klive, klove, kløft el. andre slag innskjeringar, deriblant vikar, fører til den konklusjon at det ikkje kan vere tale om smør (butyrum), men eit anna ord som må svare til da. smøre «sår, hogg, rift» nytta overført om landskapsformer. For denne kategorien er epeksegetisk tilføying av –glova/-klova, -grava/-grova, -hola, –holet og –skardet vanleg, ja òg ‘-dalen‘ om tronge, lange skard. Treleddsnamn som Smørkleppdalen kan òg nemnast på line med  Smørhellerklypa,  Smørkleppjuvet og Smørstakkgjel.

Elles varierer den mest sannsynlege tolkinga av utmerkinga Smør- mykje, same kva hovudledd vi sorterer på, dvs. uavhengig av lokalitetstype. Tydingsspektret blir elles breiare straks vi jamfører utmerkinga Smør– med eng. smear, som ikkje slik som i norsk straks gir assosiasjonar med «smør» som vare, men òg kan gå på smuss, ureinske og flekkar. Her hadde også dansk parallelle uttrykk. Artikkelen baserer seg på eit stort namnemateriale, med hovudvekt på utmarkområde. Enklast ville vore å bruke berre nokre få døme, og så presentere konklusjonane, men det kunne vanskeleg framstå som ein tilfredsstillande presentasjon.

Uvanleg er å ty til dansk og engelsk for å tyde namn i norske fjellheimar og kyststrøk, men Smør-namna over heile vårt land er utan tvil eldgamle. Vi får ikkje gløyme at eingong var avstanden mellom norrœna  og dǫnsk tunga på begge sider av Skagerrak og Nordsjøen mykje mindre enn i dag.

Smørbukken som namn på haugar og åsar er kjent frå Balsfjord og Sørfold (ovanfor), men også frå fleire bygder på Austlandet. Av gno. buðkr «dåse, øskje», sml. sv. burk (sjå F&T, boddike).

Litteratur: 

Álgu-tietokanta, Etymologische Datenbank für die saamischen Sprachen. https://kaiono.kotus.fi/algu/. Lese 2021. 

Bergsland, Knut og Magga, Lajla Mattsson 1993: Åarjelsaemien-Daaroen baakoegærja – Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo – Kautokeino. 

Falk, H. S. und Torp, Alf 1910: Norwegisch-Dänisches etymologisches Wörterbuch. Kristiania. [2. Auflage 1960. Oslo – Bergen]. 

Fowler, H.W. & F.G. Fowler 1995: The Concise Oxford Dictionary of Current English. Ninth Ed. by Della Thompson. [1. utg. 1911.] Oxford. 

Graham, William 1978: The Scots Word Book. Edinburg. [First edition 1977.]. 

Hoel, Kåre 1983: Navn på Smør-. En generell oversikt og en særlig drøfting av de navn som har et ord for høgdeformasjon som 2. ledd. Årsmelding for Institutt for namnegransking. Oslo. 

Hødnebø, Finn 1971: Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, b. XVI. Oslo. 

Jakobsen, Jakob 1901: Shetlandsøernes Stednavne. København.

Larsen, Anders 1950: Om sjøsamene  (oversatt fra samisk av J. Qvigstad). Tromsø Museums århefter (St. T.). Humanistisk avd. nr. 13. Vol. 70 (1947) nr. 2. Tromsø 1950.

Lindroth, Hjalmar, 1923: Våra ortnamn och vad de lära oss. Natur och kultur 25. Stockholm.

Lundberg, Oskar, 1910: Smörkullen och andra ort-namn på Smör. Om nordiska kultorter.  Fataburen 1910.
Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: Íslensk orðsifja-bók. Reykjavík. 1. prentum nóvember 1989. 2. prentum með leiðréttingum desember 1989.

Mortensson, Ivar 1905: Spor af Soldyrkelse i Norge. Danske Studier 1905 s. 115-120.

Norsk ordbok 1966-2014,  b. 1-12. Oslo. 

Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola 1997: Norsk stadnamnleksikon, 4. utgåva. Oslo. 

Ordbog over det danske sprog. Historisk ordbog 1700-1950. https://ordnet.dk/ods. 

Poulsen, Johan H. W. 1974: Føroysk-donsk orðabók. Eykabind. Tórshavn. 

Qvigstad, Just 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo. 

Qvigstad, Just 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo. 

Ryen, Jon Olav 2015: Stedsnavn i Nord-Østerdal med Rondane, Rørosfjella og Femundstraktene. Oslo. 

Rygh, Oluf  m.fl.: Norske Gaardnavne 1-18. Kristiania 1898-1924. Fællesregister ved A. Kjær, Oslo 1936. 

Solheim, Svale 1940: Nemningsfordomar ved fiske. Oslo. 

Torp, Alf 1919: Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Faksimileutg. Oslo 1992. 

Vogt, Judith og Inger E. M.Eikland 1981 Svensk-norsk ordbok. Oslo – Gjøvik.[2. opplag 1989]. 

de Vries, Jan de 1977: Altnordisches etymologi-sches Wörterbuch.  Zweite verbesserte Auflage. [1. Auflage 1957-60]. Leiden.

Fotnotar:

  1. Jon Olav Ryen: «Smørbollen [smør`bållin]. Fjell nordøst for Dalholen i Folldal kommune, 1244 moh. Navnet er et jamføringsnavn; fjellet kan minne om en smørbolle. Det blir sagt at når snøen tiner her om våren, er det som “når en skraper ut smøret av en bolle”. Jfr. også Ytre og Indre Smørbollen (Hemare Smørbollin) ved Fokstugu i Dovre.»   ↩︎
  2. Smjördalur i Vestfirðir på Island framstår som ein smal grøn strime i aude fjell, på satelittfoto.    ↩︎
  3. NB: med ein firkanta stein midt på.     ↩︎
  4. Han viser til Ivar Mortensson 1905: 115ff     ↩︎
  5. Tyding lik gn. smjǫrgild vara: vare av same verdi som smør.     ↩︎
  6. Ein flyndreplass (sandflekk) tett ved land  i Breivika på nordsida av Hadseløya i Vesterålen heiter Smørhola.    ↩︎
  7. Gode døme i så måte er også Smörvik = finsk Voilahti, Karuna i Finland, og Smörviken i Nyköping, Södermanland.    ↩︎
  8. Hjalmar Lindroth meiner derimot: «Några appellativa ord smörstack och smörpjuck har knapt funnits» (s. 28).      ↩︎
  9. Med tanke på bolken «Smør- om flekkut fjell?» krevst litt rom for tvisyn, for Smørstakken i Vaksdal framstår som snøflekkut. Fjellsida ovanfor Smørstakk på Rennesøy er tydeleg fleirfarga. ↩︎
  10. Sml. no. smurning: bank, juling og. smørja «dengja, jula, slå» (NO 10: 629), = fær. smurningur og «smyrja ein av».   ↩︎
  11. Oskar Lundberg nemner «Smörbräcka, nu enligt uppgift torp i närheten af Uddevalla. Namnet är under formen Smörbräcke belagt från 1796 eller 1797» (s. 206). Ikkje attfunne ved søk i Ortnamns-registeret.  ↩︎
  12. Formene smyr, smýr er i NO 10 heimla til Bygland og Masfjorden.   ↩︎
  13. Meir usikkert er korleis det skal forklarast at i Trysil har dei Smørmyråsen og Smørmyrene (der Styggbekken renn), men i utkant av myrområdet er innstipla ein ganske typisk «smørbekk», nemleg Smørmyrbekken.    ↩︎
  14. dän. dial. sige «tropfenweise fließen, sinken» (in neudän. schriftspr. von sive verschlungen) (Falk und Torp). ↩︎

Trykt i «Namn og Nemne» 2021 under tittelen «Det dunkle namneleddet Smør-«. Nyredigert.

Stakk, skinnstakk og stokk

Skinnstakk- (sjeldnare berre Skinnstakken) er forledd i namn på bøar, skjer, holmar mm. nokså mange stader, litt sjeldnare er namnet berre Skinnstakken, men anno 2000 er det ganske uklart kva som ligg i slike namn. 

Merk elles kva som står i Knud Leems målsamling: «Ein Skind–stak – Een Skind-kiole giort næsten, som een Skiorte, som Fiskerne bruuger udenom sine andre Klæder, naar de fisker, for at holde Vandet ude». Aasen ordlegg seg meir presist, slik han brukar: «Skinnstakk m. Fisker-Kufte, en sid Trøie af barket Skind, formet som en Skjorte eller Bluse med knap Aabning oventil. Nordenfjelds».

Skinnstakkvika på Hjellsandøya i Øksnes er delt av eit lite bergnes og liknar derfor ei bukse, i flg. folke-tradisjonen. Kartet viser at det kan stemme, men viser også at der er liten avstand mellom dette neset og Ørntuva litt lenger sør på øya.

Sjeldnare har slike namn omskrivande funksjon, slik tilfellet er for Skinnstakkdalen med Skinnstakkelva i Evenes (heiter vel å merke også Sprutelva). Vi kan her drage parallellen til ei barnsleg gåta som kanskje ein og annan enno dreg kjensel på: «Børsa var av skinn, kula var av vind, sikta på hælen og trefte nasen». I desse tilfella er «skinnstakk» resp. «skinn» omskriving for ein kroppsdel som i sender ei ladning i veg – .

Når det gjeld Skinnstakkbøen ved gnr. 19 Helle i Vågan og Skinnstakkholmen gnr. 8 i Lødingen kan det likevel ha større interesse at «skinnbuksa» var ei kjend omskriving for (hav)ørn, ikkje minst nordpå (Svale Solheim 1940: 86, 88 og 147). Skinnbuksskjæret finst og, under Nordfold gnr 119, no Steigen. Leirfjord har Skinnbrokskjæret, nærmare opplysningar om Skinnbrokskardet gnr. 53 i Dønna manglar. – Sjølve ordlagingsmåten (noa-namn på fugl) kan vi jf med «svart-stakkur» som færøysk namn på ramnen. 

Å isolere «stakk» (eller eventuelt: brok, bukse) som hovudledd i namnelagingar som desse nyttar lite. Det er sjølve sms som er meiningsberande, jf gno. skinnstakkr nytta om kjortel eller kufte av skinn, iblant nærmare spesifisert: sel– og vargskinns-stakkr. Samanlikningsnamna kunne vere ganske bokstavlege: «På Rødøy var tidli­gere en aker som het Skinnstakken på grund av likheten med den gamle skindstakk som brugtes av fiskerne», fortel Edvard Havnø (Håløygminne 1937: 36). Resten av teigen var mara ut, truleg låg då også ein tanke om slitasje og redusert verdi bak denne namnebruken.

Tilbake til usms stakk, gno. stakkr om kleplagg: I samansettinga skinnstakk(r) ligg kanskje eit grann meir enn det vi oppdagar i første omgang. Det fanst nemleg eit gno hokjønnsord staka i tydinga «skinn», noko som også kan minne om at stahkké var eitt av mange namn på ulven i ls (Grundström) – varg måtte ikkje seiast beint fram, må vite, jf. sv. ‘gråfot’ lik no. ‘gråbein’, og sunnmørsk ‘svarten’ e.l. ‘svartekar’ om bjørnen. – I Nordland gjekk den noko upopulære geita ofte under dekknamnet ‘skinn’, el. også ‘sag’, blant fiskarar som var redde for utur!

Stokken heiter fremste enden av Skavdalsheia på Andøya. Ras-kjegla i v. halvdel av fronten kan saktens likne ein høystakk, men heile framsida av fjellet kan vel også minne om enden av ein (kliven) stokk? Den avrunda toppen – som på ein høystakk – er også synberr. Landet rundt finst det mange haugar og åsar så vel som gardsbruk nær slike høgder som heiter nettopp Stokken.

Med så mykje nemnt, om enn ikkje utgreidd godt nok på alle vis, tar vi med eit par stadnamn der det er uklart om vi skal tenke på ei bokstavleg samanlikning med den forma klesplagget har, eller på ei friare namnelaging: Randotstakken i Rødøy (gnr. 55) er ein stor stein med lyse render i, medan Rødstakkan i Andøy (gnr. 2) er eit lite område i fjellet som held seg naturleg raudleta av mose og lyng, på haustparten især. Med allment kjente gjeremål som det å stakke høy, stakke torv (sml. rauke torv) til utgangspunkt kan jsjølvsagt stakk ha vore nytta om formasjonar i landskapet, på same vis som som rauk(a) og røyk. 

På den andre sida skal vi ha i tankane at stakk (i flg. Friis også innlånt i samiske dialektar) har meir allmenn tyding ‘skjørt’: skinnstakken er berre ein variant av same plagg. Elles er ‘skjørt’ brukt i overført om noko som heng sidt ned, enno eit produktivt ord i moderne arbeidsliv, og slik var kanskje også ‘stakk’ meint, i enkelte stadnamn?

At ‘skinnstakken’ må ha vore ei omskriving for havørna er det alt gjort greie for. Men frå eldre årgangar av Håløygminne skal vi også ta med oss litt meir om skinnstakk som tradisjonelt nordnorsk arbeidsplagg. Ein stad heiter det, som ordtak: ‘Det blir ikkje ny skinnstakk kvar dag’ (1929: 76). Likeins i eit barnerim:

«Dænge – dænge dala mann, ha’ du sett nokk te kjæringa mi? Jau, sa han, langt op i skoga: skjinnan hatt å skjinnan stakk, tobakkshus i lommen, støtt stakk, knepplengshatt, urlit va’ ho låghaljt» (1928: 429). Her har kjerringa både skinn-stakk og skinnhatt – og kniplingshatt attpå. Kom ikkje der! 

Ein liknande kulturkollisjon er det når skinnstakken er brukt i ei gåte om noko så moderne som paraply: ‘Som ein skjerding på lag, som eit reklings-rø, som eit toskillings-brød, som ein låve vid, som ein skinn-stakk sid’ (1924: 23).

Uventa er det ikkje at skinnstakken overlever i ymse ordtak, slike som dette frå Grytlandet om mannfolka som står i slogdungen på været og ikkje heilt trivest: ‘Di fekk skinnstakksotta’, forklart som kjerringhugen, at fiskarkallane må heim til kjerringane sine (1932: 431). Det er eit nytt døme på omskriving (eufemisme). Velkjent nok, her frå Senja, er ordtaket ‘han er fattig som lusa i skinnstakken’ (1928: 419). Eller som det heitte på Andøya: ‘han eig ikkje lusa i skjorta’.

Til avrunding skal vi nemne ei nokså underfundig vending Petter Dass brukar i Nordlands Trompet – når han ikkje er innstilt å på ‘fire’ (gje etter for) litt uvillige skysskarar: ‘Du sætter kun Luus i Skindstacken dermed’, dvs at på den måten utviklar vrangviljen seg endå fortare, så du treng ikkje stikke det i dei, hjelpe dei med det. 

Lus er forresten ikkje heilt ukjent i datasamanheng heller, mens skinnstakken nok går ei litt meir uviss framtid i møte, unnatak kanskje for bunadbruk? .

Stokken ved Tranesvågen sør på Andøya liknar i utgangspunkt ikkje så mykje på ein stokk, med mindre det kunne vere tale om enden av ein stokk, tilhogd på ein særskilt måte, snarare om ein meir eller mindre skeiv pyramide eller om ei vid kjegle, alt etter synsvinkel, så stakk(e) ville passe betre.

Det er ikkje lett å sjå skilnad på lokalitetar kalla Stakken og Stokken, landet rundt, for begge delar er nytta om haugar, åsar, fjell likså vel som nes, holmar, skjer og grunnar. Heller ikkje i Sverige er det ein tydeleg forskjell på bruken av stadnamna Stocken og Stacken. – Stacks brukt om knattar i sjøen i Nord-Skottland skal også ha nordisk opphav.

Jf Håløygminne 3-2000 og 1-2001.