Sunnylven, Sykkylven og Vanylven.

Under oppslagsorda innylfi og innyfli (m/ variant -ifli) i Johan Fritzners gl.norske ordbok er oppført andre sms ord som viser likskap med dei ml.norske formene av tre bygdenamn på Sunnmøre (b. 2:213f).

Det meste går att hos Oluf Rygh i NG: «Om dette –ifli lader sig ellers kun sige, at vi sandsynlig ogsaa har det i Fællesordene innifli (Indvolde), dauðyfli (dødt Legeme), vanyfli (Vane) og i Folkesprogets Vardyvle (Fylgje, Følgeaand), der alle er Intetkjønsord. Dets oprinde­lige Betydning er endnu ikke oplyst.»

All den tid tolking av dei tre bygdenamna frå Sunnmøre var uviss, var det naturleg å få med seg språkstoff som kunne vere til gagn i så måte, men no er det meir på tide med utskiljing.

Irrelevant?

Til same ordgruppe blir summarisk òg medrekna innifli «innvolar», men gjennomgåinga hos Torp av dette ordet i jf med andre nordiske variantar tyder ikkje på meir enn heilt tilfeldig likskap med etterleddet i bygdenamna. Det same gjeld sjølvsagt for vanyfli n i tydinga «(sed)vane», då også om vanyflasótt.

Norr. dauðyfli «åtsel» skulle det vere mest naturleg å jf med tysk Übel n ‘noko vondt el. ilt’, som adj übel ‘fælt, plagsamt’ o.l. = ubil i gl.høgtysk, gotisk og angelsaksisk. Jf også gl.eng. yfel og nyeng. evil. Her skal heller ikkje gløymast at nederlandsk euvel tyder ‘problem, noko som ikkje er som det skal vere’. Kunne det passe òg for nyno. vardyvle «fylgja»? Det svenske motstykket til vardyvle, vålnad, sette Alf Torp i samband med norr. var(ð)naðr «beskyttelse», men i folketrua hadde kanskje vardyvle lik vardøger meir negative kvalitetar enn som så?

Kva med Þunnifli??

Om gardsnamna Tynnøl i Lesja og Tønnøl i Bjugn seier NG: «Þunnifli, sandsynligvis Intetkjønsord. 1ste Led kan neppe være andet end Adj. þunnr, tynd, og kan tænkes at sigte til tyndt Jordlag». – Lenger enn det går ikkje Rygh, men kan det beintfram vere tenkt på eit norr. *myldi om jordlag? Torp nemner eit norr. mylda «dække med jord» og fær. mylda «jevne akermulden», og Ivar Aasen kjente same verbet i forma milde frå Sunnfjord. Velkjent i nord er òg lausmildt for –myldt. Garden i Bjugn er berglendt og tvillaust *tunnmyldt, og på garden i Lesja viser eldre ortofoto at noko av jordlaget er utsett for bekke-erosjon. I eit opphavleg *Þunnmyldi ville i alle fall skje lydjamning –nn-m– > –nn– så å seie omgåande. Utenkeleg er ikkje at ordflokken på –ifli etterpå ‘drog til seg’ desse to namna.

Tynnøl i Lesja 1971, detalj. Norge i blder.

Gjennomgåinga er er summarisk, men viser likevel at bortsett frå gardsnamnet Þunnifli er desse sms orda på ifli, yfli o.l. til svært lita nytte under evt tolking av dei sunnmørske bygdenamna.

Nyare omtale

Dei er då også sløyfa i nyare drøftingar av bygdenamna i Norsk Stadnamnleksikon, som presenterer bygdenamna kvar for seg – men som også utan nærmare grunngjeving slår fast at alle er opphavlege fjordnamn.

I oppslag Vanylven |van’ylviᶇ | [dat. |van’ylva] er sagt at ‘andreleddet er –iflir, som i Sunnylven og Sykkylven’ og under Sunnylven |syᶇᶇ’ylven| seiest at ‘andreleddet –iflir er meir uvisst — men rimelegvis er det eit eldre *viflir m lågt, fuktig lende og siktar såleis til området på Hellesylt’.

Oppslag Sykkylven |syᶄ’ylven| seier bl a at ‘førsteleddet er nok gno sik n lite stilt vassfar, lita vik, dam’.

Hovudinnhaldet i desse oppslaga går att i Store norske leksikon, men då utlagt såleis at -norr. iflir, ‘lågt, fuktig lende’ siktar til Sykkylvsfjorden! Som vi ser, det sprikar noko, og forma –iflir som skal konkretisere teorien om fjordnamn er ikkje historisk dokumentert.

Nye namnefakta

Enklast er å sjå på det hypotetiske *viflir ‘lågt, fuktig lende’ presentert som hankjønnsord, utgangspunktet må ikkje vere så hypotetisk: Ei sideform til vaðall ‘vad, vadestad’ var veðill m. Den forma med same ml.norske overgang ð>v mellom vokalar, dukkar opp i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy) og Vevlen i Halden, attåt Veflen i Vang i Valdres, og det stoppar ikkje der.

Historiske skriveformer av ei rad gardsnamn viser at veðill ikkje sjeldan fanst i ei sideform viðill >vivel, her òg med mlno. overgang ð > v og tilmed i varianten vifl– istf vivel-, vivl-, sml Veflen som nyss er nemnt. Frå Åmot på Hedmark må nemnast gnr 21 Vivelstad |’vīvelsta| skr. Viffuelstad 1593 og Wiffuellsta 1604, Wiuelstad 1616, Wiffuelstad 1667. På Hedmark ligg også Løten gnr 160 Vivelstad |»vīvelsta| skr. Viffuerstad 1669 og Wifverstad 1723! Dertil ein lokalitet kalla Vivelstad i Ringsaker nær Vivelsbekken og Vivelstjernet.

Vivelstad i Ringsaker. Norgeskart.

Liknande skriveformer, om enn inkonsistente, oppviser gnr 39 i Lier (Buskerud) Viulstad |»vīułsta|. For Vivestad |»vīvesta| gnr 114-115 i Ramnes >Tønsberg (som òg var soknenamn) var skrivemåten Viuil-, Viuel- tungt inne på 1400- og 1500-talet, men seinare kom skriveformer som tyder på at det epokevis var sagt både Vivi-, Viva-, Vivæ- og Vive-.

Viveli i Etne kan forståast som vivel-li, legg merke til vadet.

Vivlemo gnr 26 i Konsmo (no Lyngdal) har ei forvrengt skriveform Vrefflemo på 1550-talet, så kjem Vefflemo 1594, Vifflemo 1612 og 1619, sist Weblemoe 1668 og 1723. Her er inkonsekvensen i skriveformene størst.

Vivesøl |’’vīvesøl| er gnr 18 i Holt, no Arendal. Skrive-tradisjon går på Viffueßell 1593, Wifuesell 1601 etc, Wiffuesild! 1626, Øvre Wiifuesell 1670, Øvre Wivesøl 1723. Rygh, som konsekvent tyder forleddet i Vive(l)-namna som mannsnamnet Vifill, forstår Vivesøl som ’Vifill sitt sel’ (sæterhus), men lendet er av den art (jf Vivesølmyra) at forleddet eller var viðill > vivel med l-bortfall medan etterleddet er sel ’stillelv’ (jf -sild 1626).

Kva så med bygdenamna?

Når vi så i Sunnylven sitt tilfelle får seg presentert eit hypotetisk *viflir ’lågt, fuktig lende’, tør vi korrigere til *vifli, og lydovergang til -yfli ville lett nok skje der. At namnet viser til Hellesylt-området er plausibelt, for val <norr vaðill, veðill, viðill osv tyder tidt ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’ mm (NoStl). Sjølvsagt vil det i hovudsak gjelde for alle variantar av vaðill > val.

Hellesylt 2024. Norge i bilder.

Derimot treng ikkje Sunn- uttala Synn– å gå på retning. Det ligg ikkje fjernt å tenke på ei ord som tilsvarar ns suotnju ’grasmyr, flat blautmyr utan tuver el. bekkar el. ope vatn, men med starrgras’. Termen er lett påviseleg i andre gardsnamn i sør, som Sønju, Sutnøy, Ermesø og Vitterse.

Sykkylvsvadet ligg uventa langt vest for dagens Sykkylven.

Meir uvisst er vel at forleddet i Sykkylven er sik n ’lite stilt vassfar, lita vik, dam’, då det heiter i Sickifli to ggr. år 1325. Det er langt større grunn til å vektlegge at bak Sykkylvsvadet ligg eit vidt myrområde med bekker og tjønner, så sjølve bygdenamnet synest her å ha fått eit tillegg –vad for å forklare kva som ligg i det historiske ifli. Sykkylvsvadet er ein nokså trong opning i åsrekka tett austom Hovden, men langt vestanfor området som i dag heiter Sykkylven. Merk at forleddet også i si eldste form Sick– høver med ss siegkie ’smal, grann’.

Eit ope spørsmål er om Sykkylven eigtl. var halvøya der Sykkylvsvadet er å finne, eller om det òg finst eit anna Sykkylvsvad? Då blir det ikkje lenger eit spørsmål om namnegransking, men om lokalhistorisk nytenking.

Vanylven har til sisteledd det same –ifli som dei andre bygdene. Det kartet kallar Vanylvsfjorden er ei utgrunn bogeforma strand inst i Vanylvsfjorden med grumsut leire frå osen i Fiskåa (Storelva).

I nordenden av den stranda var den frittliggande Fiskåholmen før skild frå landet innom av ein brei val. Valen og strandstrekka fortener klart merkelappen –ifli, særmerket til Fiskåholmen var den krokute ytterenden.

Vanylvsfjorden og Fiskåholmen 1965. Norge i bilder.

Forleddet Van– peikar heilt tydeleg mot eit samisk ord særs likt ls vagńa ‘krok att föra undan gryta från elden med’, dvs grytekrok. Ordet er ikkje uvanleg i stadnamn-laging, men i innlån til norsk oppstår mykje formsprik. Lydutviklinga er her er den same som for det endå meir krokforma Vanneset i Etne (neste).

Vanneset i Etne. Norgeskart.

Kisa, Kise

Områdenamnet Kisa får i Norsk Stadnamnleksikon denne omtalen:

«Kisa [»ᶄīsa] bygdelag i Ullensaker komm, Akersh. ‘i Kisa’ 1475. Innb. kisung(e). Norr. Kísi m. Dette finst fem andre stader i landet som gardsnamn. Det har vore sett til tysk Kies ‘grus’ og må i så fall sikte til jordsmonnet».

Kartsøk leier ikkje fram til dette namnet, men Ullensaker kommune seier i såkalla ‘Kulturihistorisk stedsanalyse’ at det tettbygde Nordkisa «ligger i den nordre delen av det gamle Kisi sogn. Navnet Kisa viser egentlig til hele området fra grensen mot Nes og helt ned til Lund ved Borgen».

Det området er gjennomgåande splitta av elvar og bekker. Den relativt store elva Rømua er naturleg avgrensing mot aust, men akkurat i Lund-området renn Rømua tilnærma parallelt med elva Horsla som då nærmar seg ifrå vest, og der blir beltet imellom dei veldig smalt. Denne detaljen i topografien kjem vi tilbake til.

Kisa [»ᶄīsa] heiter òg gnr 29 i Eidskog, Hedmark. Skrive i Kisa (vestre, østre) ca 1400, i 1500-åra skrive Kißing [!], Kiisenn, Kißen, så Kiissenn 1667, og Kiisen 1723. Gardpartane ligg på belte eller tunger mellom bekkar som side om side fell i Kisabekken, som her renn beint sørover.

Kise [»ᶄīse] østre, ml. og nordre gnr 123-124-126 Nes >Ringsaker på Hedmark vart skrive Kisa 1234, i Kisæ (øvste) 1357, i Kiisse (nedste) 1415, a Kise 1425, Kyße 1520, Kisze ca 1530, Kiiße ca 1575, Kiise 1578, Kiisße 1604 osv. Det er tale om litt smale gardpartar, men ut frå kartet ikkje med så tydeleg avgrensing partane imellom som på andre gardar med tilsvarande namn.

Midt i fotoet Kise på Østre Toten med sine avsmalka teigar.

Kise [»ᶄīse] nordre og søndre er gnr 159-160 på Østre Toten, Oppland. Skrive Kisa og a Kisæ ca 1400, Kyße 1520, Kiise 1578 og 1595. Kiße 1604 osv. Her ligg gardane på smale landtungar mellom bekkar som fell ut i elva Lena.

Kisa i Sauda, Midt-Telemark. Legg merke til teigforma.

Kise [»ᶄīse] gnr 11 i Gjerpen (i dag i Skien) i Telemark: Namnet skrivst i Kisa ca 1400, seinare skriveformer er Kyze 1521, Kiße 1593 og 1604, Kiiße 1665, Kiise 1723. Garden ligg på ei særs smal og bein landtunge; herifrå kjem den vesle Kisebekken som fell ut i Hoppestadelva.

Kise [»ᶄīse] gnr 86 Sauda (no MT). Skrive Kyse 1542 og Kyse, Kyze, Kyße 1521, Kyse 1535, Kiiße 1585, Kiße 1593, Kiiße 1602 osv. Garden ligg primært på tunga ml. Kisebekken i aust og Dyrudbekken i vest, men delvis òg på ei liknande ml. Kisebekken og ein bekk på austsida.

Merknaden knytt til namna har frå og med Rygh lydd så: «Forklaringen er uvis. Ordet har været sat i Forbindelse med tydsk Kies, Grus, og maatte isaafald som Navn sigte til gruset Jordsmon».

Ortofoto av dei same stadene stør ikkje den hypotesen, då kanskje med unnatak for bekken Kise i Vinje, som kjem frå Råkadalsvatnet og fell ut i Fitjevatnet. Det er berre at ein i just det tilfellet òg må ha in mente ns giezzi ‘kort elv mellom to vatn’, no ukjent i ss og ss. Bekkenamnet kjem heller av den langsmale utfallsosen i Råkadalsvatnet som liknar to ovsmale vikar ved Fustvatnet i Vefsn; dei heiter begge Kisen.

Både i desse tilfella og for dei nyss nemnde gardane har det mest for seg å vise til ss giedtsies, pred giedtsi ‘smal’ = ls giettses, gettsa, predikativ form giedtse, jf ns geazzi ‘trong, spinkel, tynn’. At eit predikativt ss giedtsi nytta som nomen vart oppfatta som gisi (norskare sagt kisi) og såleis fekk ei kasusrett norrøn dativform Kisa, slik Rygh poengterer, er nok rett.

Kisa i Ullensaker sitt tilfelle er då i utgangspunktet det smalaste partiet mellom elvane Horsla og Rømua just i Lund-området.

Gildeskål

I norrøn tid var ordet skáli brukt om hovudbygningen på ein gard, eit lang­hus som kunne fungere både som vånings- og sovehus (svefnskáli), så vel som eldhus eller fjøs, men òg om enkle tilbygg (bislag, budør). Vidare om hus til bruk over kort tid, t.d. fiskiskáli = fiskibúð) «fiskarbu» – eller óg ein laufskáli «lauvhytte»: Tenk på dagar i utmarkslåttene! Ein bygning som kvennaskáli fortel at garden hadde ein viss storleik og status, dess meir då stader der dei hadde drykkju-, gildi- og veizluskáli, gesta- eller leikskáli! I slike sms. nemningar ser ein at –skáli, –stofa og –hús kan vere synonym.

Nord-Noreg hadde saktens sine namngjetne høvdingegardar, men går ein etter namnebruken, må ein forvente det kvardagslege. Det verkar innlysande at namn som Skålvær i Tjøtta og Skåltofta på Opplandet i Nyksund fortel om meir eller mindre forseggjorde hus som må ha hatt samband med fisket og handelsaktivitet knytt til det: På Skåltofta finst tufta til eit langhus på 35 – 40 m. Derimot skulle vi tru at gardsnamn som Skålvoll i Leiranger, Skål­brekka i Malnes og Skålebøl (Skallan) i Øksnes i første rekke går på land- og husdyrbruk, kanskje ikkje knytt til sjølvstendige gardseiningar frå først.

Det er likt til at ordet skåle har fått sitt rom i folketrua med: Eit ruvande og temmeleg frostsprengt berg med ei uryddig hole under i utmarka på Taen på vestsida av Hadseløya blir kalla (i) Trollskåla(n). Det er neppe anna enn –skáli i stiva dativ, «skål» passar ikkje med terrenget.

Andre namn er forvirrande: Ei fjellkrå i Gryteselvdalen i Hattfjelldal ber namnet Adelskål (og Avaldskål er ei sæter i Tinn i Telemark). Det lyder langhenta, men kan visst ikkje vere anna enn gno. aðalskáli «den egentlige Skaale, modsat forskáli, forhús».

Oluf Rygh seier om skáli m at «det kan ofte i Navne ikke sikkert skilles fra skál f, Skaal, der bruges om Fjelde og Tjern, vistnok ogsaa om runde For­dybninger» (NG, «Indl.»: 74). Det skil seg lite frå skål f., målføreregistrert i tydinga «innsøkk eller hole i fjell eller terreng» (NO 10: 353). På islandsk er det også slik at skál ikkje berre tyder skål i eigentleg meining, men også «dam, basseng» så vel som «dokk, søkk, lægd».

Norsk Stadnamnleksikon fortel om fjellet Skåla i Stryn, at «i fjellsida som vender mot Strynsvatnet er det eit markert søkk med eit djupt gjel nedover mot vatnet. Dette søkket har vorte samanlikna med ei skål og har så gjeve namn til fjellet». Her kan vi nemne at Skålene er nokre grunne søkk oppi fjellet austafor Makkvatnet i Hamarøy. Same namnet har dei i Volda og Forsand. Kjeldågskåla er ei lægd ved Sleåga i Rødøy, og eit liknande namn er Leinesskåla i Steigen.

Dette fører beint over til ein liten gruppe gards- og bruksnamn som er meir tvitydige, så som Venneskål i Ås, Reppeskål i Larvik, Fjellskål i Osterøy – og Grønskål i Ulvik. Gjennomgåande var Ryghs meining at sisteleddet i desse er –skáli i avkorta form, men etter det lokale terrenget kunne det også vere tale om –skál som skissert framfor. Det nordlandske Gildeskål blir nokså tvitydig når vi prøver den forklaringa.

Vise korleis Gildeskål kyrkje er plassert i landskapet, så vel som Gildeskålkjelen oppe i fjellet

Gildeskål kyrkjestad midt i biletet. Oppe til høgre ser viHæstfjellet med Høgfjellknubben. Ein kan bli mint om det trøndske skoll ‘skalle, isse’! Under ser vi ei bratt fjellside med urdar som ender innved kløfta Gildeskålkjelen. Norge i bilder 3-D.

Gildeskål som soknenamn dukkar for første gong opp i 1430-åra, i posten «Af Vigdeild, ij spon, j Gildaskala sokn» i Aslak Bolts jordbok. Seinare er soknenamnet skrive på temmeleg skiftande måte:

Gwldskaalenn 1521 men Gilleskaalen ca. 1533, Gylleskaal sogn ca. 1540 og Giildeskoll 1548, Gille Schol 1567, Gyllskoll 1570, Gilliskols s. 1590 (NG 16: 182). – Petter Dass kallar prestegjeldet både Gillischaal og Gillesskaal. Skriveformer som går på sjølve prestegarden kjem først opp tidleg på 1600-talet og skil seg lite frå vår tids stavemåte.

I 2014 kom «Gildeskål gamle kirke. Marmorkirka ved nord­vegen» ut, ei samling fagartiklar frå eit ‘grublarseminar’ kort tid før. Boka gir ei mengd kunnskap om kyrkjebygget så vel som som inventaret, mellom­alderens gildeskipnad m.m.m. Petter Snekkestad er den som drøftar sjølve gardsnamnet aller mest mest grundig: «Hva angår naturnavn, har enkelte hevdet at forstavelsen gilde– peker mot et gjel, altså en revne eller innsnev­ring mellom to berg, som i huset ved «gillet» eller «gjelet». I forlen­gelsen av dette er det foreslått at gården har samisk opp­hav, der formen gulle– el. golle– betyr det samme som et gjel, og der –skål forstås som en grop eller et søkk … Vi finner imid­lertid ikke noe gjel eller søkk i nærheten av tunet eller noe sted innenfor den moderne gårds­grensen. Dermed blir det også vanskelig å feste lit til den samiske tolknin­gen, som viser til noe lignende: en grop eller et søkk…»

I Gildeskål var tala pitesamisk. I nordenden av Gildeskålmyra ligg ein rundvoren knaus, så her kunne nok forleddet tilsvare sørsam. gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakke­knaus», eller også sørsam. jilles– <jillehtje «vester-, vestside». Det er relevant, for Gildeskål ligg på vestsida av ei stor halvøy: Ein svensk kapellkyrkjestad i Sorsele heiter Jilliesnållie, skrive Gillesnöle 1789 (nållie ‘lita steinrøys’). – Her kunne tenke seg at ’-kål-’ er pitesam. gållo ‘grotte’ o.l., tett opp til lulesam. gållo ‘spricka (i stenblock, berg, is)'» og sørsam. golle ‘snevring mellom to berg, liten kløft som man van­skelig kan komme opp og ned etter’.

Men kan etterleddet like snart vere norsk ‘skål’ brukt om ein eller annan landskapsvariant? Det kunne jo høve for den inneklemte Gildeskålmyra tett nordaust av prestegarden, jf. ‘myr-skåla’ tett ved Fjellskål i Osterøy.

Skulle både første- og sisteleddet vere norsk, er eine tolkingsalternativet norr. gil n (gen pl gilja-) ‘gjel, kløft’ i eit sms. terrengord *giljaskál > Gilleskål, sml. lydovergangen i gardsnamnet Seljeset |»sælliset| (gnr 19). Elles er no genitiv gilja- av grunnordet gil i somme bygder blitt til ei sjølvstendig form gilja f, jf. jilju (Tinn), og gilja f «holveg, fjellpass» (i svenske målføre), i Sør-Noreg om bergkløft eller gjel (Tinn) eller om lita elv eller li-gròv som renn gjennom eit gjel (Balestrand). Dette i flg. NO 4: 15.

Interessant er eit bekkegjel i sørkant av Gildeskålmyra, men særleg smale strimlar av myr mellom haugane i sørleg og sørvestleg retning, heilt inn på sjølve prestegarden. Her er nemleg det å merke at gjel, norr. gil ikkje alltid er ei trong bergkløft, i Rauland og Beiarn1 (NO 4: 51) kan det også vere ei langvoren glenne i skogen. Det høver altså godt nok i Gildeskål sitt tilfelle.

I Lofoten er sms. namn på –gjela pluss usms. Gjela |»jĕla| (om kløfter o.l.) talrike; ei flt.form Gjelan |»jĕlan| finst og. Det synest vere ei form av gile f (gjele) om «trong, grasgrodd liten dal som stig bratt opp», dessutan «smal, langtøygd teig», snauhoggen eller skoglaus (NO 4: 15).

Vise at Gjelset ligg tett ved eit gjel.

Gjelset ligg, som kartet veldig tydeleg viser, opptil ei markert lang kløft mellom to åsryggar. Norgeskart.

No er tilfellet dessverre så at korkje gjel n el. gjele f i tyding «langvoren glenne i skogen» let seg påvise lenger, i Beiarn i alle fall, men vi skal likevel få med oss at garden Gilset |»jeᶅᶅset| gnr. 18 i Gildeskål blir kalla Gilusætre i Aslak Bolts jordbok, men Giilesetter og Gillesetther 1567. Tett ved garden er det faktisk ei lang glenne – ho er del av ei lang kløft! Rygh meiner at forma i AB neppe kan vere rett, men som vi ser, her er ei lang gile, det samsvarar greitt med forma i AB. Dagens uttale med palatal l kan då ikkje komme av ein skrivefeil i AB.

I Gildeskål sitt tilfelle ville ein lettare tenke seg *Giljaskál som opphavleg form, men skrivemåten Gildaskala sokn i AB peikar i heilt anna lei og blir ein bøyg, av di gildaskáli lik gildisskáli så tydeleg indikerer samband med gildi m = gild(is)brœðr: lagsmenn i eit gilde. No var gildi også drikkelag, selskap eller broderskap der dei skulle hjelpe kvarandre. Ein kjenner også nemningar slike som krossgildi ‘Gilde som er indviet til det hellige Kors’, ólafsgildi ‘Gilde som var ind­stiftet og holdtes til Olaf den hellig­es ære’ o.a. Gildeskipnaden er drøfta inngåande i boka om Gildeskålkyrkja, men med resignert konklusjon:

«Den eneste informasjon vi har om gildet i Gildeskålsokn, er navnet Gilde­skålsokn. Det er ikke mulig, dessverre, å koke mye suppe på den spikeren. Men dersom vi aksepterer at navnet vitner om et gilde og at dette gildet har hatt mye til felles med de øvrige bondegildene i landet og gildeorganisas­jonen i Europa for øvrig, kan det hevdes at gildet i Gilde­skålsokn i hoved­sak hadde de trekkene vi har drøftet i dette kapitlet» (J. V. Sigurðsson: 71).

Årsaka til frustrasjonen eller resignasjonen er at det blir altfor stor avstand frå eit grisgrendt Gildeskål til norske mellomalderbyar i sør, med gilde for geistlege, kjøpmenn og handverkarar av alle dei slag! – Mellomalderkyrkja av marmor ligg på prestegarden, og Gildeskål-namnet gir ein god grunn til å spekulere, men ingen skriftstykke fortel noko som helst konkret om gilde eller gildbrœðralag knytt til denne kyrkja i utkanten av sameland, for alt at Munkdya som namn på våtmarka nordom kyrkja legg visse føringar. Kan det vere noko vi overser?

I boka om Gildeskål-kyrkja er det ogsp frmkasta den tanken at garden bør ha hatt eit anna namn før ein gildeskåle kom til; det skjedde neppe før på siste halvdel av 1200-talet eller endå seinare. Argumentet kan ha litt for seg, men Gildeskål-soknet har to andre gardsnamn som heller ikkje går på landskapet, men fortel om sjølve oppføringa av bygningar: Husstad, og så Oppsal (innafor Gjelset), og vi kunne dessutan sml. med gnr 101 Lånan i Alstahaug > Vega) og mange andre norske gardsnamn på Hus- o.l. Det er då rett nok tale om hus av uspesifisert type.

Ordet gilde var ikkje eintydig, og vi må vere opne for at ein gildeskåle iblant var noko meir kvardagsleg enn den festlege samlingsstaden som ein lett tenker på. Like sørvest for Gildeskålkyrkja, ned av Korsvollen, ligg Tiendbuvika. Ho er lita og grunn no, men staden var ei brukande hamn i historisk tid. Korsvollen får ein òg til å tenke på gno. krosshús: bedehus merkt med kross. Ordet tiend (norr. tíund) var velkjent nok i kyrkjeleg samanheng, og mange andre kyrkjelege avgifter var å nemne. Er det såleis at tiendbua frå først av vart kalla gildiskáli med tanke på innkreving av avgifter, og at det fortel korleis steinkyrkje-bygginga vart finansiert?

Eller kan det vere slik at det til eit opphavleg krosshus på Korsvollen også høyrde ein gildeskåle litt lenger nord, oppsett for innvartering av soknefolk i dei tilfelle dette var naudsynt, og at namnet *gildeskål(en) festa seg i god tid før steinkyrkja vart bygd på den staden? Vi må då sjå dette som ein variant av det som historieforskarar har kalla bygde– eller soknegilde, men derifrå og til å gå ut frå at Gildeskål eingong hadde gildisskáli der «praktiserande» gildebrør møttest til gildastefna slik som i byane i sør blir eit altfor stort sprang. Det ter seg like tvilsamt som at Skjøt(n)ingberg i Lebesby, òg nemnt i drøftinga av Gildeskål-namnet, heng saman med gno. skytningr «samanskotslag, gilde» (jf. Hm. 2018: 153,158).

Boka frå 2014 nemner, blant mange liknande namn, også Gildeskål-åkeren2 nær Ibestad-kyrkja, som óg er ei stein­kyrkje frå mellomalderen. Kva er vel mest truleg i det tilfellet, å sjå for seg ein gildeskåle for festlege samkomer eller eit hus til innkvartering, eller berre ei tiendbu? Å svare ut frå synsing utan feste i historiske fakta kastar lite av seg.

Brysamt på det vis er òg Gildeskålstø |«jyᶅᶅe-| som namn på ein augurs- og seiplass utom Snarset i Bø, i retning vesterenden av Hadseløya, med ukjente méder. Usannsynleg er at namnet fortel om nokon gildeskåle knytt til Bø kyrkje, det vere seg brukt som méd eller på anna vis. Den meir sentrale Hadselkyrkja er usynleg frå den kanten. Mest «matnært» burde det vere å tyde tilrorsnamnet i lys av nemningar som gildfiskr (gildr fiskr) «fullgod fisk», nemnd i kyrkjelege kjelder, så vel som gildingr: torsk som i flekt tilstand var ei alen brei nærast hovudet. Det heitte som kjent, folkeleg, at «prestsekken bi aller full», og korkje fut eller prest ville ha dårleg vare.

Tilrorsnamnet må vere temmeleg gammalt, men kva leika i hovudet på han som gav namnet? Førestilling om eit slags sjøens skattkammer, voner om ei fengd som ville gje utslag på vektskåla eller ønske om ei staut baldusjka til eigen ’gildeskåle’? No tyder norr. gildi óg ’betaling, vederlag’, medan skulda-gildi var betaling av skuld. Fanst det også eit sms. ord *gildi-skuld om uoppgjort gjeld til bygde- eller soknegilde? Jamfør kvardagslege verdi-termar som ígildi (lik verdi), halfgildi (halv erstatning), kúgildi (eit ku-verde) m.m.

Veldig ulikt er eit namn frå gnr. 138 Brekka i Vefsn: «Johan Brækken har hørt ei segn om at det har stade eit avgudstempel på dei gamle hustoftene på Brekka. Han veit ikkje kva han skal tru om det. Men det er merke­leg, seier han, vi hadde to runde hòler attom fjøsen som hadde namnet Gill(e)­skål’n. Det gjekk den segna om desse «skålene» (denne skålen?) at når dei hadde gilde, sette dei øltynna midt i hòla, og så sat dei rundt tynna og drakk. No er desse holene attfylte med jord. Dei var like store, og det var omlag ein meter i mellom dei. Dei var omlag 4 meter i tvermål, og vel ein halv meter djupe». Om dette fortel Reidar Svare, og legg til at det er uvisst kor mykje ein skal legge i slike segner (Hm. 1965 s. 396). Som sant er.

Brekka ligg inst i Fustvatnet, å tenke på mellomalderske gildbrœðralag gir lita meining der. Segna ymtar då heller ikkje om det, ho går på gilde og øldrikking. Då er det sanneleg eit merkeleg treff at norr. gil-ker el. –kerald var «Kar, hvori man lader Øl gjære», og at bua der dette gjekk føre seg vart kalla ei gilbúð. Rett nok er det tale om gil i ei anna tyding, nemleg (øl som er i) gjæring (NO 4: 5), men når vi så tar med i rekninga at ein gildis- eller gilda-skáli òg heitte gilda- eller gildisstofa og at det siste ordet er skrif­tleg overlevert i forma gilstofa au(!), forstår vi at folk tidt tok uttale-snarvegar så meiningsinnhaldet vart fordunkla, som når gildisbróðir vart gildbróðir, ja det kvinnelege motstykket heitte faktisk gildsystir. At ordet gil knytt til ølbrygging òg fekk ein uttale med palatal ᶅ med tida, er som når silstø (stad der sil = tobis held seg) vart til «sildstø». Gløym heller ikkje å sml. Gilset!

Som før nemnt, hustufta frå Skåltofta tyder på at ein ikkje skal tenke smått om økonomien i nordnorske fiskevær, det vere seg Nyksund, Skålvær el.a. Frå Nyksund er kort veg til Langenes der erkebiskopen hadde setesvein, så pekuniære interesser tør ha vore langt viktigare enn selskapelege.

Frå ei anna side sett var det no eingong slik at på været var at fiskarane nøydde til å innrette seg og jenke seg etter andre, ja det fanst eit eige ord for dette, lag-gild: i stand til å vere i lag med og samarbeide med andre, ordbokført frå Gimsøy og Borge, men òg kjent frå Hovden i Malnes. Samarbeid måtte til for å berge bruk og båt, ja livet om så var. Ordet fiskarkameratar er nok frå organisasjonsarbeid i nyare tider, men kravet om evne til samarbeid var gammalt. Hadde bu- og båtlag ordet gilde oftare i tankane enn vi trur?

Ein tanke heilt for seg: Var det iblant med Gildeskål-namn som med stader som heitte eitkvart på Badstu-, at gjeremål som var typiske for ei Badstu- i vid meining gjekk føre seg på staden, utan at der stod ein slik bygning?

Med det har vi vore innom alle nordnorske Gildeskål-namn vi kjenner, og slik sett burde emnet vere utdebattert, men eit lite ess er gøymt i ermet når det gjeld Gildeskål som gardsnamn:

Som før nemnt kan namnet Korsvollen, i alle fall «ideelt», forståast slik at der stod eit krosshús den aller første tid. I fjellsida berre 800 m søraust for Korsvollen har vi den særmerkte Gildeskålkjelen, eit langt og brattkanta gjel som er ei lang «flerra» i landskapet meir enn ein rundvoren kjel (heller ikkje andre landskapskjelar landet ikring er alltid runde). Lulesam. skállo tyder «stor kittel» (Korhonen, jf. NL 290 og oslo 290), = sørsam. skaaloe, skaaloe-giebnie messingkjel (eigtl. «kjel-kjel)». Litt lenger sør ligg Inndyr­kjelen, som vel å merke gjer mindre av seg enn Gildeskålkjelen.

Viser korleis Gildeskålkjelen ser ut.

Gildeskålkjelen. Norge i bilder, 3-D.

Då er førsteleddet i Gildeskål |»jiᶅᶅ(e)skål| vel identisk med det vi har i Gällivare i Lappland, kalla «monte Gillewara» i 1673, på lulesamisk Jiellevárre, med jielle– = «spalte; mellomrom» (der visstnok pga. ein formasjon i Malmberget), jf óg jiello «sprekk, reva, revne» (Grundström 110, Svenskt Ortnamns­lexicon 101, oslo 66-67). Gildeskålkjelen blir då eit namn med slåande meining!

Den norske tolkinga av Gildeskål som namn på prestegard og kommune er innarbeidd, men har tvilsam historisk gehalt, som drøftinga framfor syner. Vel er norr. gildisskáli og gildaskáli ord som sannsynlegvis er førsteledd i mange smånamn landet rundt, men stussleg er at i Gildeskål prestegard sitt tilfelle er vi ute av stand til å finne ut kor bygningen kan ha stått, ja om han i det heile har vore til.

Den som festar lit til den pitesamiske tolkinga kan la all grubling over vår ufunne gildeskåle fare; eit pitesamisk *Jielleskálo fortel då kva som er det fremste særmerket i landskapet nær garden Gildeskål, slik det brukar vere elles. Då blir der ikkje lenger kronologisk binding mellom gardsnamnet og oppføringa av steinkyrkja i mellomalderen. Kva tid kyrkja vart bygd, og av kven, det er vi derimot ikkje ferdige med å gruble over.

Litteratur:

Björn Collinder, Ordbok till Sveriges lapska ortnamn (forkorta oslo).

Johan Fritzner, Ordbok over det gamle norske Sprog.

Harald Grundström, Lulelapsk ordbok.

Håkon Haugland, «Felleskap og brorskap. En komparativ undersøkelse av gildenes sosiale, religiøse og rettslige rolle i et utvalg nordiske byer fra midten av 1200-tallet til reformasjonen». Bergen 2012.

Olavi Korhonen, Lulesamisk-svensk / svensk lulesamisk ordbok.

Norsk Ordbok b. 1-12.

Trykt i «Håløygminne» 2 og 4-2019, nyredigert.

1Markert i Norsk Ordbok som opplysning berre.

2 Jf Gildeskålsåkeren nær kyrkja på Vang i Oppdal (J. Sandnes i «Festskrift til Nils Hallan»: 389)

Rađund, Rana

Nordlendingar flest tenker neppe på Rana som kommunenamn i første rekke, snarare som eit regionsnamn. Det seier mykje at kommunane Rana, Hemnes og Nesna, Lurøy og Træna alle høyrer til Rana som domssokn (skrivarembete); før høyrde også Elsfjord og Dønnes til. I gamle dagar var Rana kjend for båtbygging og marknadsvarer av alle dei slag, seinare kom jernverket som gjorde Mo i Rana til eit landskjent namn. Som kommune er Rana i dag landets fjerde største.

Historiske inndelingsnamn Nord-Rana tidlegare hd. er omtalt i Norsk Allkunnebok: «Høyrde – frå 1838 til Mo herad og frå 1843 til Mo prestegjeld. I 1923 vart ladestaden Mo (midt i heradet) skild ut som eigen kommune, og heradet fekk namnet Nord-Rana. Nord-Rana ligg kring botnen av fjorden Rana (som her blir kalla Nord-Rana) og dei dalane som strålar ut frå fjordbotnen» (b. 8: 1038).

Innfløkt namnehistorikk

Sør-Rana med Hemnes(halv)øya som sentral-område var eigen kommune frå 1929 til 1964, så delt mellom Hemnes og Rana storkommunar, jf Norsk Allkunnebok: «Det tidlegare Sør-Rana herad ligg kring fjorden Rana og greinene Utskarpen og Straumen mot nordnordaust, Leirvika og Finneidfjorden mot sørvest, Skarpsundet mot sør og Sørfjorden mot aust. Desse fjordane deler Sør-Rana i 4 delar utan landsamanheng» (b. 10:520).

For namnegranskarar har delingsnamn av typen Nord- og Sør-Rana helst lita historisk interesse, men her er dei administrative konstruksjonane av ein viss alder. J. Qvigstad let i si tid prente utdrag av eit manusfrå sokneprest Ivar Anker Heltzen, som «forfattet i 1832 en beskrivelse av Ranens eller Hemnes prestegjeld, som indtil 1843 også omfattet Mo annekssogn«. 

Heltzen skildrar lokal klebunad og konstaterer:  «Dette er egentlig dragter for Hemnes fjerding eller de såkaldte sørranværinger. For Mo sogn gives ingen egentlig dragt –» (Håløygminne 1924 hefte 3-4:6, men mine uthevingar). Vi ser at Heltzen nemner Hemnes fjerding der sørranværingane bur, medan Qvigstad sjølv brukar nemnemåten Ranens eller Hemnes prestegjeld, med Mo som anneks. Eigentleg meiner nok Qvigstad «Indre Ranen», jf. flg.:

«Næßne Kirke nævnes i Reformatsen. Sognet var (med Dønnes og Hemnes) residerende Kapellani under Alstahaug, indtil det adskiltes derfra ved Rescr. af 30.3.1731, hvortil Nesne med Dønnes blev eget Sognekald under Navn af Nesne eller Ytre Ranen» (NG 16:113), gjort gjeldande først 1738. Indre Ranen  oppstod samtidig ved samanslåing av Hemnes og noverande Rana, dei to sistnemnde skild frå einannan att i 1838 og no kalla Sør-Ranen sogn og Nord-Ranen sogn, for berre eitt år etter å få nye namn Hemnes herred og Mo herred. Ei nokså innfløkt namnehistore!  

Samiske namneformer 

Dei samiske namneformene er eit kapittel for seg. I Nordische Lehnwörter frå 1894 har Qvigstad noko overraskande Rana (rāna) som samisk og Ranen som norsk namn på bygdelaget, medan han i si samiske stadnamnsamling frå fylka Finnmark og Nordland frå 1938 berre nemner Ruovat-vuotna, utlagt som Ranbygda, vel å merke med vuotna i tydinga ordet har i Arjeplog og lenger sør, bygd (Qvigstad 1944: nr. 914). Å om­sette Ruovatvuotna bokstavrett med «Ranfjorden» kunne derfor vere greitt nok så lenge det eine og aleine er tenkt på fjordbassenget og busetnaden innom Hemnes-(halv)øya, men kan det vere like tradisjonsrett når det er Ranfjorden i vidaste meining namnet gjeld? At Just Qvigstad i 1938 ikkje lenger nemner namneforma Rana, som han i 1894 tok med som samisk lån frå norsk talemål, ulikt dåverande off. skriveform Ranen, kjem nok av at forma Rana via Nord- og Sør-Rana som offisielle kommunenamn frå 1920-åra no hadde fått godkjend status, så det var ingen skilnad på samisk og norsk lenger. – I 1964 vart som kjent Nord-Rana hd. til Rana kommune.

Langt fram på siste halvdel av 1900-talet har usms namneform Ruovat kome i vanleg bruk som offisielt samisk namn på Rana kommune, men då primært namn på Randalen (tonelag 1) frå svenskegrensen av, ikkje berre «Sør-Randalen», men heile dalføret vidare, også etter elvebøygen ved Randalsvollen. 

Elva (bekken) i Randalen heiter Goabdesjåhkå på samisk og Randalselva på norsk. Ho og frå nord Gubbeltǽdno møtest og blir til Ranelva, samisk Ruovadajåhkå.

Det spørst om primærnamnet? Ruovat attom elvenamnet Ruovadajåhkå kan stå i sam­band med roavve, sørsam. roåvie «landskap der det (tilsynelatande) har vore skog­brann»? Ordet lyder iallfall róvve like over på svensk side av grensen, i Sorsele (Collinder). Tydingsnyansane skiftar litt frå målføre til målføre, men i finsk låneform rova er det «høgt land med grissen skog eller naken steinmark», etter ortofoto å dømme temmeleg råkande for fjelltraktene kring Randalen. Eller er det ganske enkelt tale om samisk innlån av gno. rófa «hale»? Det kunne karakterisere framifrå nordenden av Nordaksla – Vakkermofjellet, ned mot den bråe elvesvingen der Randalselva går over til å bli Ranelva. Det same kan seiast om Tossåsberget i Jemtland, sørs. Räva-tjär’ve, men tolka til ruava, reava (roavvá, ruovvá) = sv. rova: kålrabi, nepe (OSLO 186) der!

På sørsida Randalen nett på riksgrensen ligg Goabdesbákti = norsk Tromberget (goabdes: spå-tromme). Det forklarer at Randalselva heiter Gåbdesjåhkå på samisk. Lenge før riksrøyser og relativt snorrette liner mellomriks var det her, som mellom landsdelar og bygdelag elles, vanleg at grenselina følgte vasskilet, så etter gammal reknemåte kunne visst heile Randalen kallast norsk.

På rekke og rad?

Særskilt interesse har eit namn på nordsida av Randalen: Fjellet Gárgadasoaivi eller kan hende rettare Gárggádisoajvve rundar av mot vest, og hovudleddet -oaivi seier oss at vi bør leite etter «kroppen» på svensk side: Her ligg dei då òg på rekke, riksrøys 226 A på 1126 m, så Gargatis (forsvenska kartform) med sine 3 toppar, vidare Luleb Ballonoaive 1310 m (Jille Ballonoaive 1209 m litt nordafor), så ein namnlaus topp, derpå kjem Skuortatjåkkå 1321 m og ein ny på 1213 m, og endeleg Aldatjåkkå. Det kan vere denne rekka av høgder som vart oppfatta som gárggádis (ns gárgadas) «rekke, rad». – På sørsida av Randalen ligg òg fleire fjell i rad, om enn ikkje fullt så mange, frå Goabdesbákti (Gåbdespakte) 1223 m og aust til Miettjetjåkkå 1225 m.

Merkverdig er at det samiske Gárggádis i tyding er så likt det historiske Radund (sjå seinare) at vi berre må undrast om dette er parallellnamn på same området? Om no Gárgádis vart verande fjellnamn medan Radund evt. «reiv seg laus» og med tida vart namn på heile dalføret (ikkje berre langs Randalselva men også Ranelva), ville det for namnekjennarar vere eit velkjent fenomen kalla namneekspansjon. 

Alternativt kunne fjellnamnet Gárggadisoajvve vere ei grensemarkering, dvs. siste «fjellhovud­et» før Rana. Men Radund-namnet kan forklarast også på andre måtar, sjå seinare. – At Radund går etter austnordisk mønster og manglar u-omlyd er uproblematisk, for vi er i grensestroka, og Rana har fleire målmerke som vi kan samanlikne med svensk.

Dunder og brak?

Alternativt kunne vi tenke oss, at det historiske Radund går på naturtilhøva som namna Dunderlandsdalen = Dunndaravuobme har vore tolka ut frå, for Norsk Stadnamnleksikon nemner «fossedunder .. eller brak frå steinskreder». Samanlikn desse oppslaga i Norsk Allkunnebok: Dunderforsen, «20 m høg foss i Grønfjellåga, nær utrennet i Ranaelva» og Dunderland: «truleg heller ungt namn til ein dunder om elvedur», vidare: «lendet i Dunderlandsdalen er skiftande, snart open flat mark med gode grender, snart tronge, ville gjel der det berre er rom til den store og strie elva».

Især namnet Dunderforsen burde borge for at «dunder» er lydskildrande meint, sjølv om fossen ligg i ei sideelv. Nordsam. ráhta (før skrive rātta), akk. raða eller rahta tyder «Brag, Skrald» (Friis), ”rammel, svær støi; skramlelyd» (Nielsen), til ráttat v,  «brake mm; støye svært» (Friis, Nielsen). jf. sørs. råatedh v ”brake”, t.d. jienge råata: ”isen brakar”: Nordsamisk handlingsnomen (actioform) raðam, raðan «brakar-, skrallar-«, i sørsamisk råatem-.

Rana ligg på overgangen ml. pite- og lulesamisk. Vi kan prøve litt gjetting: I norsk talemål, der ð ikkje vart uttalt lenger, fall det naturleg å bytte utlyd m med n, noko som nærmast gav ra’an, sml gjengs nordnorsk uttale av bunden form fleirtal av blad og terrengordet ra (rad). Men her er no er nordsamisk lagt til grunn, dessutan fungerer actioformer på –m i flg. Qvigstad sjeldan som heilt sjølvstendige namneformer, det vanlege i stadnamnbruk er at actioformer står som utmerking (første­ledd).

Namna Dunderland og Dunderlandsdalen innbyr klart til lydleg spekulasjon, men det er vanskeleg å peike på ein einskild stad i dalføret (foss el. stryk) med så veldig låt at all tvil forsvinn, for frå Dunderlandsforsen er det langt til Stupforsen og Krokforsen, og Storforsen med (jfr. Storforshei).

Ei anna strekning har ein tydelegare «konsentrasjon» av fossar, nemleg den like etter at Ranelva tar opp Langvassåga og blir retteleg stor, for her ligg dei på rad, Reinforsen, Meforsen og Kobbforsen, men ingen av desse siste namna er lydhermande, onomatopoetiske. At ordet ráhta «rammel, skrammel» eller . avleiingar til verbet ráhtat er ukjent i samiske stadnamn elles, talar også imot. Når det heilt frå kjeldene på svensk side heiter Randalen og Randalsälven, burde det vere der oppe og ikkje lenger ned i vassfaret det fossebraket burde finnast som ei lydskildrande tolking kunne bygge på, men der er elva altfor lita.

Den ‘travle’ elva?

Norrøne namn som går fonetisk parallelt med namnelaginga Radund er ikkje lette å finne. Jørn Sandnes seier i Norsk Stadnamnleksikon, først om sjølve namnet Rana, at det «har i seinare tid vore brukt om fjorden (Ranfjorden) og landskapet kring fjorden, men må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranaelva. Rygh set elvenamnet Raðund til gno. (h)raðr adj ‘snøgg’. Formelt svarar Raðund nøye til det tyske elvenamnet Radantia, no Rednitz … Samanfallet kan likevel vere tilfeldig». Så langt Sandnes og Rygh.

Lat oss aller først slå fast at det ikkje heiter Ranaelva, men Ranelva (Qvigstad 1938: 228, 229). Men gir du ein innfødd ranværing valet mellom «Rana», «Ranaelva» eller Ranelva som rett namn, kan det hende han unngår spørsmålet og svarar: «Vi sa berre Storelva«. Forløparen Randalselva tar opp Gubbeltjiænnō frå nord: Då burde Storelva i endå høgare grad fortene å bli omtalt som jeanoe «stor elv, storelv» (sørsamisk). Qvigstad oppgir ikkje noko samisk namn på Ranelva som rettleier oss, men av di Rana er hokjønnsform, er det naturleg å tenke at det var elva og ikkje fjorden som opphavleg heitte Rana, men det er eit faktum at ingen kallar elva så, mens Rana og Ranen (sjå seinare) er gjengs namn på fjorden den dag i dag. Klart at dette gjer Ryghs kopling med gno. hraðr «radig, snøgg»  endå meir usikker.

Ugrei offisiell namnebruk

Samansettingsmåten er Rān- (lang a), i innbyggarnamnet ranværing så vel som Ranelva (ustøtt tonelag) og Ranfjorden (tonelag 1). Pussig nok brukar ØK eit elvenamn «Ranaelva» øvst i Dunderlandsdalen, men Ranelva lenger ned – tradisjons­stridig som berre det! Meir pedagogisk er at ein no, ved å søke på formene «Ranaelva» og «Ranafjorden» hos Kartverket, får opp rett form Ranelva og Ranfjorden.

Randalselva sitt dalføre heiter Randalen – heile vegen. Det bør ignorerast at offisielle kart framleis kallar norsk del av dalføret «Sør-Randalen», for i høve til Randalen på svensk side går dalføret først mot vest, så til nordvest, meir villeiande namne-bruk ser du sjeldan.

Randalselva, ho som renn ned Randalen framom Randalskåta og Randalsvollen og møter ei som kjem frå nord, Gubbeltǽdno, som har kjeldene på på den svenske sida, mellom fjella Jållektjåkkå og Miettjetjåkkå. Ho heiter der Randalsälven, Randal-jåhkå. Vil tru det er her namnet Rándalgiera etter retten høyrer heime som N50 nyttar om første del av Gubbeltǽdno nær Polarsirkelsenteret, frå vasskilet (Tjáhtjejuohkam) og sørover! Dette og «Sør-Randalen» er vel dei siste restar av all den forvirring kring namnet Randalen som så lenge har rådd på karta, jamfør Robert Monsens artikkel «Navnebytte av elver i Rana, Gubbeltåga og Randalselva» i Årbok for Rana 1992.

For langt til fjells? 

Vi bør ikkje tru at utkantområda er irrelevante for vår forståing av bygdenamnet Rana, for sjølv om koplinga mellom det historiske namnet Radund og fjellnamnet Gárggádis er usikker, kryssar jo Randalen riksgrensen og må vere ein gammal farveg ned til Rana. Her gir Nordlands Trompet oss litt å tenke på:

End er det at tage særdeles i agt, At Ranen beligger hen under den Tract, Hvor Veyen beqvemmeligst falder Til Sverrig henind, thi for nogen en Tid Kom aarlig Kiøbmænder forreisendes hid, Mand dennem Bark-Karlene kalder. Om Løbermes droge de hiemme fra sit, Fra Uma, fra Lula, fra Torne, fra Pit, En Reise ved tresindstiuge Miler, Tilhandlede sig tørre Rokker og Sey Mod Varer som Landet u-tienlig var ey, Som Smifang af Øxser og Filer. Den Handel var sandelig icke saa slem, For Fierendeel Daler kund’ kiøbes af dem Et Ploug-Jern, Øx og dislige, Som i en halv Daler hos Kremmeren stoed, Det var vel at Ønske den Handel paa Foed Var kommen og holtes ved lige.

Gammal ferdsel og gamle namn heng saman, og det står litt att før herr Petters ønske om framhald av farne tiders samhandel tversover riksgrensen i Rana kan bli oppfylt.

Randalen og Ranelva utanfor Rana? 

Ei noko mindre elv enn Ranelva er denne som fell ut frå Ranvatnet i Leirfjord via Ranforsen og renn framom Randalsholten nedover Randalen, ho òg under namnet Ranelva. Frå denne Randalen tar Ranskardet (med Ranskardvatnet = Storvatnet) av mot vest, og når du følgjer skardet og kjem ned til Ranfjorden, får du på venstre hand det stupbratte Ranfloget nær (Indre) Levang. – Litt lenger nede i sjølve Ranelva ligg Storforsen: den utvida delen ovanfor er Stillelva, men nedanfor heiter ho Ranelva att, med Ranmarka = -markjen og Ranbekken på austsida. Der elva fell ut på Leira i Leirfjorden ligg Ranhågen, med Ranåkran sørom elva. 

Namna Ranvatnet, Randalen, Randalsholten, og Ranskardet, Ranfloget, Ranfjorden og Ranskjæret har alle tonelag 1, meir ustøtt er det i Ranmarka, Ranelva og Ranbekken. – Ranhågen og Ranåkran har derimot støtt tonelag 2, er det likt til.

Det hjelper oss ikkje mykje at liknande namn finst nokre andre stader i landet. Rana som fjellnamn (tonelag 2?) er å finne i Jølster og Sogndal, og Rana (tonelag 1) under gnr. 110 i Vefsn er ei lang-voren utmarkslette – der kanskje eit skjemtenamn av same slag som Vestfjorden, Stadshavet o.l. om jordstykke som er store og/eller våtlendte?

Det vekker undring at namnet Ranelva dukkar opp både i Rana og i nabokommunen Leirfjord, men dette er heldigvis mindre merkeleg enn vi skulle tru. Det er nemleg historisk ukorrekt at vi har Ranelva i Rana og så Ranelva i Leirfjord utanfor Rana. Leirfjord kommune vart til år 1964 og fekk då overført frå Nesna (før «Ytre Ranen») den «ytre» Randalen saman med 30 andre matrikkelgardar. Då vart elva liggande inn­på Leirfjord sitt område, men før det var Ranelva Leirfjord si grenseelv mot Rana! At namnet Ranelva finst «også i Leirfjord» er slik sett historisk misvisande. Men kva ligg så eigentleg i namnet?

Termen «rane». 

Vår beste topografiske leietråd på landsbasis er at det så ofte er tale om markerte bergnes: Den nokså høge Ranhågen på austsida av Ranelv-osen i Leirfjord stikk ut på Leira, og den høge Ranhaugen på gnr. 25 i Loppa stikk ut i sjøen. – Ranhaugen i Surnadal har eit langt utstikk mot nordvest, i flatt lende. Ranehaugen i Sogndal er ein langsmal fjellrygg, og her er det den flatare heia innafor som heiter Rana. Frå Sør-Varanger kan vi ta med Ranvika, som på austsida har eit markert bergnes, på vestsida ein bratt og lang fjellkant. Dei (sekundære) samiske namna Ránagurra og Ránabákti der nord hindrar ikkje i utgangspunktet ei norsk tolking, ser det ut som.

Her kan vi då tenke på rane m «bergpynt, fjellpynt, odde, jord- eller bergrygg, rinde» (Norsk Ordbok, Nynorsk-ordboka), og isl. rani m «avgåande fjellnov, tunge i land­skapet» (A. B. Magnússon). Ordet er tradisjonelt heimfesta til Nordhordland og Sogn (Torp), men i stadnamn finn vi det mange andre stader òg. Kartsøkt på «Ranen» gir ei rekke tilslag frå Vestlandet der det er tale om meir eller mindre ryggforma haugar, åsar og akslar og delvis nes. Ranan i Dyrøy i Troms og Ranane i Gulen er skarpe ryggar, likeins Lappranan (ØK) eller Lappranen (N50) i Lødingen, der meir benk­forma. Men som før nemnt, det kompliserer at rān~n òg er ei velkjend bunden fleir­talsform av terrengordet ra(d) «(låg) morenerygg». T.d. er «Ranen» ved Foldvikelva i Gratangen er eit par typiske ra, liksom Raen i Andøy (Breivika), i Bø (Nyke, Føre), i Sortland (Gunnesdal) osv. Meir uvisst er kva som blir rett kategori for «Ranen» på begge sider av ein bekkedal på gnr. 93 i Målselv. I det heile er slektskapen mellom orda ra og rane framleis uklar.

Randalen er eit namn vi finn heile tre stader, både i Høyanger, Giske og Steinkjer, og med unnatak for Giske synest ei tolking ut frå «rane» å passe. I Leirfjords tilfelle må seiast at rett nok renn Ranelva i Leirfjord gjennom Randalen, som blir rekna heilt ned til Tovåsen, men elva har kjeldene sine i og rundt Ranvatnet lenger aust, og på strekninga frå Ranvatnet ned til øvste Randalen er det fire-fem markerte, langsmale rabbar eller ra (usagt kva dei heiter). – Ranvatnet i Saltdal er òg eit gåtefullt namn: Det ligg ikkje så nær grensa mot Rana at det gir god forklaring. Men i vester-kanten av vatnet tøyer det seg ein lang rygg eller rane sørover, og ei meir tilfredsstillande tolking er neppe for handa.

Det ser då ut til at namneelementet rane er repr. også nordpå, trass i atterhald for tilfelle der det er uvisst om vi har med ra(d) eller rane å gjere. Men slik tvil er berre aktuell nord for Vestfjorden, ser det ut til, iallfall er det stort sett der vi finn namn med –ra som hovudledd. Sørom Steigen er -ra-namn stort sett fråverande.

Finst det vel liknande ranar i Randalen på svensk side? Goabdesbákti (Gåbdespakte) går faktisk ut i ein langsmal rygg mot aust. Tett innafor denne igjen kjem det ein annan og like markert smal rygg, i austerkanten av Jårbotjåkkå. Ein tredje og siste rygg, sør og aust av Miettjetjåkkå, er også ein markert fjellkant. Med det har vi også nådd inste enden av den svensk-norske Randalen og finn at sørsida av dalen har ranar i lange banar, så dalnamnet kunne vere slik å forstå. 

Nordaksla på norsk side litt lenger ut i dalen er òg rane god nok, men ligg meir for seg sjølv. Eit søk på Ranane + Ranen i Lantmäteriet og Svenskt Ortnamnslexikon gir likevel så sparsame funn at ‘rane’ framstår som eit vestnordisk namnelement.

Lydlege parallellar? 

Ord som hane o.l. blir uttalte med lang a, men i samansettingar som Hanskjelvika og Hanodden, Hanskjeret osv. ikkje alltid så. Ein bergformasjon Hanen gav namn til Hanøya i Hadsel, men sjølve øy- og gardsnamnet blir likevel uttalt med kort a. Når det skjer i namn der assosiasjonane til «hane» framleis lever, er det lite å undrast at stadnamn med førsteledd Ran- får uttale med kort a der ordet rane for lenge sidan har falle ut av dagleg tale.

I bunden form av tilsvarande ord banen, fanen, ganen, vanen osv. føyer vi eigentleg berre til ein stavingsberande –n, i staden for tydeleg uttalt –en, og samtidig forsvinn tonelag 2 i uttalen. Det får i neste omgang den konsekvensen at vi frå bundne former som t.d. kranen og manen ikkje automatisk kan slutte oss til om ubunden form skal vere t.d. kran eller krane, men må kjenne til talemålsrett ubunden form av vedkommande ord for å ikkje å bomme. Den som ikkje lenger veit at det finst eit terrengord rane, kan altså av bunden form Ranen lett feilslutte ubunden form ran,  men gno. namneformer *Ranin m eller *Raninn f som tilsvarar Rana, Ranen er ikkje overleverte, forma Radund er den einaste.

Kva talar mot rane-hypotesen?

Det er kun i osen av Ranelva i Leirfjord at vi tilsynelatande har ein rane (Ranhågen) som evt. kan ha gjort Ranen til ekspanderande namn på busettingsområde. Kritisk vurdert er han likevel ein relativt liten haug, i enden av ein annan meir overtydande rane, ein uvanleg langsmal ås på austsida av Stillelva som strekker seg innover forbi Tovåsen og kanskje kunne tilseie ein viss topografisk samanheng Ran-namna imellom, men denne ranen heiter Leiråsen.

Kring sjølve Randalen noko lenger inn er det iallfall påfallande mange Ran-namn. Merkeleg er at dei mest alle blir uttalte med tonelag 1, ettersom alle namnelagingar med rane m burde ha tonem 2 i målføre der norsk tonelagsskilnad rår. Men kva no enn forklaringa på det måtte vere, ser det som før nemnt ut til at denne Ranelva fekk sitt namn av di ho var Leirfjord si grenseelv mot Rana, og då er dei andre Ran-namna langs elva vel sekundære. Også Ranskardet og Ranfloget kan sjåast med Leirfjord-auge, dei er «veiens navn» i retning mot fjorden Rana, slik Randalen på svenskegrensen er det for dei som bur lenger aust enn det.

Attmed den store Ranelva i Rana kommune finn vi knapt noko opplagt rane-område. Det måtte vere ryggane i området kring fossane Reinforsen – Meforsen – Kobbforsen, men ingen av dei har eit namn som peikar i den lei. Vi kan som før nemnt fokusere på første del av dalføret, som er den svensk-norske Randalen og landskapet der, men heller ikkje der er namneelementet (grunnordet) rane i bruk, ser det ut til, og heller ikkje ved sjølve Ranfjorden.

Radund-namnet? 

Kjelde for Radund-namnet er Aslak Bolts jordbok, som blant gardar spreidde over heile Hålogaland nemner Sørvik ved Alstahaug, derpå Dilkestad i Radund, så gardar i nordfylket. Vi kunne teoretisk tenke oss Radund som namn på eit fjordområde der det fanst spreidde rad-liknande formasjonar, men like sannsynleg som ei multippel namne-motivering er ei som er enkel og konkret: Radund kunne t.d. vere eldre namn på Utskarpen og den busetnaden som Dilkestad vart ein del av, for Storstrandfjellet på austsida av Utskarpen er ein lang og temmeleg bratt fjellkant, innskoren av heile sju skard, ein formasjon der kòtrane kjem på rad og rekke, jf dansk benrad «beingrind». Men i så fall kan ikkje namna Radund og Rana stå for det same, for den omtalte fjellformasjonen vender bort frå hovudfjorden Rana. Etter konteksten i AB bør Radund ha vore eit innarbeidd, kjent namn.

Rygh oppfatta namnet Utskarpen i kontrast til Skarpsundet og Skarpneset lenger inn. Namn på Skarp-, Skorp- fortel vanlegvis om skrint landskap, men som Rygh seier, «jeg kjender ikke ellers noget Exempel paa Fjordnavne af en Stamme skarp-«. Utskarpen skal slett ikkje vere noko skrint/snautt område, og like tvilsamt er at vinden der er meir skarp (tørr og kald) enn andre stader i Ranfjorden. 

Fjordnamn frå først?

Kva namnet på distriktet gjeld (noverande Rana kommune og noko av Hemnes), må vi slå fast at nemninga «i (inni) Ranen» brukt om bygdelaget og båtbyggarmiljøet var stødig og så vanleg over heile Nordland at han må vere tradisjonsrett og ikkje berre eit skriftspråkfenomen, men vi kjem jo ikkje unna at tilhøvet mellom eldre skriveform Ranen kontra yngre skriveform Rana er vanskeleg.

Rim og regler og spesielt slike som inneheld faste rim burde gje ei viss rettleiing, men også her slår skrifttradisjon inn og fører til sprik, t.d. i gåter som lyder såleis:  «den finnes i Nesna, men ikke i Ran» (Håløygminne 1924 hft. 3-4:18), men også: «det er ikkje i Vefsn, men i Rana» (1925: 20). 

Meir opplysande er det gamle visstøet som lyder: «Når Rana ryk og Sjona fyk, er sursilda god å finne», her er Rana tvillaust eit fjordnamn. I rimet går «ryk» på frostrøyk og «fyk» på sjøfokk, mens «sursild» står for dårleg salta sild. 

Radig eller brått-om?

Merklege utgangspunkt for logiske resonnement, kanskje, men når no Rana faktisk er fjordnamn på line med Sjona og Folda, gir det oss rett til å tvile på den siterte utsegna om at Rana må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranelva. I Norsk Allkunnebok sa Eivind Vågslid om Rana: «gno. *Rǫðundr eller *Raðundr f, notid partisipp til (h)raða, driva snøgt fram, om fjord med god bør». Her bør også nemnast rada seg «strække sig i en viss retning, især om vinden, vistnok til adj. rad i betydning ‘ret, like’» (Torp, frå Sunnhordland, Sogn og Fjordane, Nordland). 

Radund fortel i så fall helst om forma på den ytste del av fjorden. At det var var meir stryk­ande bør på Ranfjorden enn i andre Nordlands-fjordar står uprova,. Ei heilt anna sak er at fallvindar ned frå Lihauvet ytst i Ranfjorden kan vere farlege, men vindfenomen som kjem knapt og uventa er ikkje «radige», det ordet gjeld slikt som går unna i jamn og god fart utan uventa avbrekk.

Kan Radund alternativt vere samisk-tradert form av gno. bráðung f «bråe, hast, skunding»? Jfr. her nordsam. «rādēs, rātēs», som er låneform av gno. bráðr. Denne samiske låneforma tyder likevel oftast «bratt» (om terrenget), ikkje «brå, hastig». Ei særskilt tyding er «rādēs, rātēs» – i tydinga heit – dette nemnt med tanke på regla om Rana som ryk i kaldt ver, for utbreidd norsk ordbruk av same art er aveld og frost­brann (Norsk Ordbok 293), like eins brennkaldt, bålfrost, bålver, båling, gløing ol. Men kjend sørsamisk låneform av gno. bráðr er prára, evt. òg rárá, så endå Rana er eit dialektisk overgangsområde, er meteorologiske vinklingar til Radund-namnet i dobbel meining luftige.

Finmaska namnebruk?

Om fjorden heiter det i Nesna helst «på Rana» (Ranä) no, dativen «på Ranen» har gått tilbake der og i Hemnes, men synest elles vere kjend nok. Om sjølve bygdelaget seier også nesnaværingane framleis «i Ranen», så slik sett er det litt ironisk at det tidlegare offisielle «Mo i Ranen» er blitt retta til Mo i Rana.

Blant nordranværingar var det tradisjon for å seie at dei «feska på Ranen» til dei kom så langt ut som til Bardal, akkurat der Ranfjorden gjer ein nesten vinkelrett bøyg. Norgesglasset registrerer på si side Ranen som namn på ein «våg», avsett på kartet oppunder Hammarøyfjellet, så det er klart nok at fjorden ikkje blir rekna berre ut til Bardal, men mykje lenger. Kor langt er det tydelegvis delte meiningar om, men eg legg stor vekt på at vi finn Ranskjæret mellom Fagervika og sørenden av Hugla: Det må vere her vi har «kjeften» i den eigentlege Ranfjorden, utan at det dermed er feil å rekne fjorden eit grann lenger, til Angersnes.

Indre Ranskjæret ml. Hemnes og Straumsnes er helst den tilsvarande overgangen frå havarmen Rana til det meir skjerma fjordpartiet Nord-Rana. Innafor Ranskjæret går fjorden nesten jambrei innover og er berre ørlite krum, som alt nemnt, men bøygen ved Bardal er stor (innmed Sandnes ved Utskarpen kjem det ein ny bøyg). Det er eit slåande særmerke og kunne vere namngjevings-grunn.

Eit eige særmerke ved det ytre fjordpartiet er det mesta utoverhengande Ranfloget, med ein bøyg innover.Vi kjenner ein annan lokalitet som har tilsvarande namn og form, nemleg forberget Ránobákti i Porsanger, med eit høgt flog som har ein skarp og  tilnærma vinkelrett bøyg i aust og ein litt mindre brå bøyg i vest.

Språkleg kringsjå

Radund som distriktsnamn er nok gammalnorsk, om enn skriftfesta i mellomnorsk tid. Noko (anna) gno namn på fjorden Rana kjenner vi ikkje. Teoretisk kan vi både her og i tilfellet Ránobákti ha å gjere med eit tidleg samisk innlån av germ. *wranhō «vinkel, krå, hjørne», som i gammalnorsk vart ró, rá f med same tyding, mens sideforma vrå med halden v er typisk for dansk og svensk og sør i vårt land: Gardsnamn som Vrå i Mandal og Kviteseid, Vråheia i Lindesnes o.fl. har alle med vinkelforma innslag i lendet å gjere. Språkleg er her også eit visst slektskap med (v)rang adj + å (v)renge, og då bør nemnast at forma på Rana er slåande lik sundet Vrengen mellom Nøtterøy og Tjøme. Vrengen heiter òg ein skarp vri i elvefaret til Færstaulåi, Seljord, det same ein skarp elvebøyg i Vennesla.

At gno. rá f «vinkel» kunne utvikle seg beinveges til bunden form Rana skulle vere usannsynleg: Vi er langt unna dei strøk av landet der eistavings hokjønnsord kan få tillagt gammal og deretter ny hokjønnsartikkel med bunden hokjønnsform av typen Øy(i)nå som resultat.

Merkverdig nok gir Rana <*wranhō «vinkel, krå, hjørne» god meining også for dei to Ranelva-ne. Først Ranelva i Rana kommune: På vanlege kart er det jernbane og veg som framstår tydelegast, men dei følgjer Ranelva i alle tilfelle og viser at ho gjer ein kraftig, vinkelforma bøyg øvst og nedst i Dunderlandsdalen. Kan tilsvarande seiast om Ranelva i Leirfjorden? Ho gjer ingen sidesprang å nemne, vil lokalkjente seie. Men eit unnatak finst: Kring Hubuåsen har ho ein kraftig vinkelforma bøyg, og det er just i Randalen, som sjølv har ein «knekk» der. Vi kan altså fokusere på at den ‘lei-nære’ delen av Ranfjorden er ganske bein, men òg legge vekt på at han har ein markert bøyg i botnen og når den eine tolkingsmåten slår hin i hel, kan ingen av dei vere å satse på.

Vågslid og Rǫð-teorien

Som før nemnt oppfattar Vågslid Rana som eit opphavleg fjordnamn, vel å merke i 1959 eller like før. 15 år seinare stiller han derimot Radund saman med *Rǫð f  «um ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord. Inst på halvøyen er ei elv som heiter Ranelv, og som renn mot sudvest framum ein gard Randal til inste ende på Leirfjord på sudsida av halvøyen. Ranelv og Randal er unge samansetningar med bygdenamnet Rana» (Stadnamn-tydingar II 1974:208). Denne teorien kjem nok av at Vågslid i 1974 tenker seg Rana som ein parallell til Radøy i Hordland, gno Rǫð «ra ‘morene, grusrygg’.

Ei ulempe er at Vågslid har lett for å konkludere utan først å argumentere, hans tolkingar er som hogne i berget. Meiner han strandstrekninga frå Fagervika og inn til Velsvåg, som kan fortone seg relativt bein? Her ligg iallfall ingen fjellformasjonar på rad som gir repetitive inntrykk, slik som «De sju søstre», for å ta eitt døme. Rimeleg grunn til å seie at Ran-namna i Leirfjorden er «unge» har Vågslid ikkje, men om no områdenamnet *Rǫð som han vil plassere mellom Ranfjorden og Leirfjorden ein gong fanst, blir det sjølvsagt eldst av dei alle; den halvøya han nemner er like vel ikkje så geografisk veldefinert som Nesna-halvøya på andre sida av Ranfjorden, der fjellformasjonen Kjølen er uvanleg lang og bein og bratt, men vel å merke på den sida av halvøya som vender bort frå Ranfjorden, mot Handnesøya og Hugla. Hans hypotese krev at *Rǫð opphavleg var namn på Kjølen, for så å bli namn på heile halvøya og sist fjorden og bygde-laget, mens altså fjellrekka fekk nytt namn Kjølen. Men det er uten­keleg, for Nesna-landet har ingen Ran-namn mens dei er talrike på Leirfjord-sida. Lat så vere at dette er å argumentere mot noko Vågslid berre har sagt indirekte.

Mange –und-namn fekk med tida uttaleformer på –an(d), –en(d) mm. Raðund kan etter bortfall av innlyd ð ha levd vidare i vekslande uttaleform, som *raan, *raen, iallfall med Ranen som lydleg endskap, jfr Radenn fierding 1567 (Hm. 4 1936:474), men òg Raen, Rade, Ran (i flg. Wikipedia). Rana kan då vere systemrett, men nylaga nominativ.

Vågslid nemner «ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord». Det er litt vagt, men vi kan forflytte oss til ytste enden av halvøya, Angersnes: Her går Ranfjorden inn på nordsida og Ulvangen sørom, neste fjord i sør er Meisfjorden, og imellom dei skil berre ein landstrimmel, eit smalt nes forlenga av den praktisk talt landfaste og like smale Ulvangsøya, med Øytangen. – På sørsida av Meisfjorden er det atter eit langt nes, Lei[r]nesodden, før det ber inn til Leirfjorden som alt nemnd er: Fer du langs leia, må du kroke om desse særmerkte oddane for å komme dit. På sør­sida av fjorden ligg den litt kortare Tangen og Horvnesodden på Alsten (Alǫst).

Ei samanlikning med oddane på Radøya er ikkje unaturleg, maken til odde-landskap finst ikkje på langan lei, og framom desse oddane går einaste opningen inn til Leirfjorden for dei leifarande, men dessverre ligg desse oddane akkurat litt for langt sør i høve til den eigentlege Ranfjorden til at ei namnekopling dei imellom verkar truverdig, og dessutan er dei kalla Ytter-Lei[r]nes, jf. Leirfjorden – og Ulvangsøya, jfr. Angers­nes tett nordom. Her er ingen namn på Ran-, tvert imot blir det breie sundet mellom Angersnes og Dønna inn til øya Finnkona på lag kalla Ulvangen, i alle fall på eldre kart. Først innafor Finnkona kjem Ranskjæret og det eg før har kalla Rankjeften. – Same korleis vi fortolkar Vågslid si utsegn om «halvøy med lang og bein strand» er det uråd å  gje han medhald.

Fokus på rad og und

Ein detalj i namnebruken er ugrei: at Ranskardet, som ikkje framstår som nokon grei ferdselsveg, heiter nettopp så, medan Låvongskardet i sørvest og Synnafjelldalen i nord ikkje har fått liknande namn, endå dei burde vere naturlegare hovudfar over til Ranfjorden. Også det at vi finn Ranflòget tett ved Ranskardet kan tyde på at det er noko særskilt med dette området. Kva kan det vere?

Frå Låvong strekker det seg lange ra(d) langs fjorden til begge sider. Norge i bilder.

Slåande er at heile Ranfjorden utanfor Bardal er fri for nemnande strandflater. Det eine unnataket er kyststrekninga frå Velsvåg innover til Neppelberg, berre innskoren av Levangsbukta. Strandflata er ikkje så brei, men har likevel har fleire markerte lange ra og myrar. At så er tilfelle, og at likskapen i terrengtype med den elles mykje større Radøya er tydeleg, kan den interesserte kontrollere ved å søke «Låvongsbukta» hos Kartverket. At Radund vart valt som namn på ein så særprega del av landskapet i fjorden er ved ettertanke lett å forstå. Terrengordet ra(d) er nordisk og vél kjent, men ser ikkje ut til å opptre som lånord i samisk.

–und-avleiingar blir til vanleg tolka såleis: «som er forsynt med, som har mykje av» (det som første-leddet nemner), «som har den eigenskap at – «. Med ei slik tilnærming får Radund-namnet svært konkret innhald. Her er det ikkje namn på ei øy, men vi kan likevel samanlikne forkortinga Radund > Ran- med *Borgundey >Born­øya i Bjarkøy og med Jalund >Jeløya ved Moss.

At namnet Ranfjorden er uttalt med tonelag 1 er lite å legge brett på, det er som i ei rekke andre fjordnamn: Beisfjorden, Brattfjorden, Godfjorden, Grovfjorden, Kjerkfjorden, Lifjorden, Vestfjorden, Vargfjorden, Åfjorden o.fl. Meir merkeleg er at dei andre samansette namna frå Ranskjæret og heilt inn til Ranvatnet blir uttalte med tonelag 1, med dei få unnataka som nemnde er. Det heng helst i hop med forkortinga Radund- > Ran- (stavings-bortfall).

Litt meir samisk

Radund framstår som nordisk, men elles er det ikkje så få samiske innslag i området: I Randalen (no i Leirfjord) har ein Finnhagen, og noko lenger mot søraust Fåjahågen («få:jahå:jen), eit namn som både lydleg og topografisk passar med sørsam. vaaja «dal, senkning». – Frå Levang går Levangsdalen (Sørdalen), som lengst inn har Skardet i aust, og i vest Lussidalen (sørsam. lu-sijjie «kvileplass for rein») som kjem på høgd med Tovåsen eit stykke ned i Ranelv-dalføret. Kring Lussidalen er beiteland, og vi merker oss at lu– eigentleg er kortform av ordet luvve, lovve, lyvve (lïvve) «ro, kvild; kvileplass for rein» (Qvigstad 1944: 44, Hasselbrink, Bergsland). 

Uventa nok går dei siste orda går lydleg parallelt med grendenamnet Låvong – Levang (kort å og e). At namn på –und får nyare i former på -ung, -ing, -ang ol. finst det mange døme på, litt meir uventa er at samisk Låvong, Levang og nordisk Raðund opptrer side om side. Symbolsk for gammal etnisk sameksistens i Rana.  

Det er påfallande at inste Randalen på svenske-grensa passerer Gárgadasoaivi,Gárggádisoajvve, ettersom gárggádis (nordsam. gárgadas) «rekke, rad» nærmast er ei omsetting av nordisk Raðund. Fjellhovudet ligg ved porten til Raðund>Ranen, og då heng Randal-namnet i hop med det distrikts-namnet Raðund. Dette opphavlege «veiens navn» er i ettertid blitt omtydd til å gjelde kollar som ligg på rad innom på svensk side – kanskje? Formelt kunne Rana vere eit opphavleg elvenamn, men ettersom elva aldri blir kalla Rana, er det mindre truleg, og når det er tvilsamt at Rana er eit opphavleg elvenamn, fell òg den eventualiteten bort at namnet kan vere lydhermande med sikte på fossar, eller at det heng i hop med gno. hraðr ‘snøgg’. Vi kan også, med gno. hraðr adj/hraða v som utgangspunkt, oppfatte namnet som poengtering av at ytste delen av fjorden er ganske bein, då får vi stikk motsett konklusjon! Om meteorologiske namneteoriar treng vi ikkje seie meir enn det som alt er sagt.

Varsam konklusjon

Trass i at Ranen, Rana kan bli brukt i same tyding som Ranfjorden, er det også klart at Rana alias Radund som distriktsnamn har høg alder. Den geografiske fordelinga av namnelagingar på Ran- og landskapet i seg sjølv kan tyde på at det var landstrekninga frå Austvika – Neppelberg og ut til Velsvågodden som var Raðund, for dette er eit lågland med talrike parallelle ra(d) langs fjorden, ei strekning ‘som er forsynt med, som har mykje av rad’. Dette er munningen av Ranfjorden, og innafor strandstrekka med flest parallelle ra(d) skjer Levang (Låvong) seg inn.

Ytste del av Ranfjorden. På nordsida Løkta, Hugla og Nesna-halvøya. På sørsida av fjorden skjer Levang (Låvong) seg inn i ei elles nokså bein strekning med mange ra(d), frå Fagervika og innetter forbi Låvong heilt til Bardal. Norge i bilder 2009.

Raðund var då namn på eit sentralt busettings-område ved fjorden, og det kan ikkje overraske at det ekspanderande områdenamnet med tida vart namn også på fjorden, i ny form Ranen eller Rana. Den namnebruken var lettvint og naturleg, då med ei tilføying som gjorde han meir presis: Ranfjorden.