Løkta
Presentasjon av øya Løkta
Løkta ligg innafor dei større øyane Dønna og Tomma. Anders Frøholm ( 1922-2006) gjorde i ‘Håløygninne’ 1961 god greie for dei geografiske detaljane så vel som måtar å oppfatte øynamnet på. Han påpeikte at øy-namnet Løkta i form kan minne om dei andre i nærleiken, som Dønna, Tornma og Hugla, alle med einstavings tonelag. Han nemner også dei tilhøyrande dativformene, men fører ikkje opp noka dativform i Løkta sitt tilfelle, og nemner heller ikkje andre infornantar som kjenner til ei slik.
Dobbel namnebruk Løkta – Løktøya
Frøholm kjem også inn på ei veldig kvardagsleg side av namnebruken: “Somme tider seier folk Løktøya, Dønnøya og Hugløya; særleg det siste er mykje brukt, av di det og er ein gard med namnet Hugla på den øya. (Tommøya er visst ikkje så mykje brukt”).
Her kan ein forstå Frøholm slik at det er Hugla som gardsnamn som har ført til ei ny og ureflektert namnelaging “Hugløya”. Det fenomenet kan ein og merke seg nokre stader i Vesterålen, slikt som “Øksnesøya” for Skogsøya, “Skipnesøya” for Tindsøya, og ikkje å gløyme “Hadseløya” om ei øy som tradisjonelt heitte Ulvøya – og før det Olvi, Ylfi. Kyrkje-staden heitte nemleg Hadsel, derfor Hadsel sokn, mot Ulvøy fjerding til langt ut på 1800-talet. Vi kunne nok finne fleire døme på at ei sekundær namneform vinn over det tradisjonelle øynamnet slik som her, men det er likevel unnataka. Øynamna er gjennomgåande slitesterke, Skogsøya og Tindsøya har iallfall overlevd.
Som Frøholm sine øvrige døme viser, kan usamansette øynamn også få «-øy» hekta på utan at eit dominerande gardsnamn på vedkommande øy har lagt seg imellom. Eit talande døme i så måte er Als(t)nøya = Alsta, dativ Alsten.
Dobbelformer i samiske øynamn òg
Det er verd å merke seg at denne ureflekterte påhektinga har parallellar også i samisk namneskikk. Her kan frå Tromsnemnast at Brynilen eller Brynnålan heiter både Brunjal og Brunjalsuolu, Karlsøy både Gal’sa og Galsasuolu, Sandøya både Sad’da og Saddasuolu. Vengsøya heiter både Vik’sa og Vieksasuolu, og Grytøya gjekk for Rivtek alias Riivtiidsuolu. På overgangen til Nordland må ikkje gløymast Ii’na alias Iinasuolu for Hinnøya, og Anda lik Ándasuolu for Anda = Andøya. I Steigen er det Ákkal = Ákkalsuoloi = Engeløya, i Ofoten likeins Barka = Barkasuolu = Barøya, ja så menn også Báræddjó, som berre er ei samisk tilpassing av norsk Barøya.
Er mange vikar eit poeng?
Etter å ha nemnt dei næraste helgelandske døma på norsk namneskikk peikar Frøholm på samisk luokta1 vik, bukt- «som godt kunne høve i samband med Løkta, for så vidt som det er mange vikar og bukter her, og då først og fremst den lange Sundsstraumen».
Den måten å tolke øynamnet på problematisk, for rett nok er det talrike vikar og vågar langs Løktalandet – her kan i fleng nemnast Sundsvågen, Munkvika, Båtnesvågen, Sandåkervågen, Sandvika, Breivika, Sørvågen og Hovsvågen. Men om så var at mange vikar og vågar er poenget, blir det vanskeleg å finne øynamn laga på denne måten andre stader: Vikøya i Sortland og i Notodden kan nemnast, men desse er berre holmar som kvar på sin stad har namn av ein gard kalla Vik. Vikøya i Bømlo har rett nok fleire vikar, men sannsynlegast også der sør er at namnet går tilbake på gardsnamna Nordvik og Sørvik og ikkje mange vikar.
Ein kjenner heller ikkje andre døme på samansette samiske øynamn der poenget er mange vikar. Det var heller ikkje interessant for sjøfarande at ei øy hadde rikeleg med vikar, med mindre dei var brukande hamner, slik namna på –vågen sannsynlegvis fortel i Løkta sitt tilfelle. Ein skulle då heller vente øynamn som *vågsøya el. *hamnøya el. evt. tilsvarande sjøsamiske variantar.
Ligge på løkt?
Frøholm vinklar også namneproblemet frå ei anna side og kjem inn på dei få Løktås-ane og -haugane som finst rundt om i landet. Oluf Rygh hadde vanskar med desse namna, og Frøholm føyer til: «Heller ikkje øya Løkta er så høg at ein kan tale om ”noen Høide af Betydning”, då både fastlandet og dei leste øyane ikring er mykje høgare og då alle gardane ligg om lag like nær sjøen som gardar flest i dette stroket».
Mot slutten kjem han inn på ein annan måte å sjå saka på: “Ein kunne og tenke på uttrykket “å ligge på løkt“, t.d. om ein stein, og lykta v. løfte seg opp på eine sida, vere skild frå underlaget på eine sida eller i eine enden. Både Ross og Falk og Torp nemner dette frå Helgeland. Dette kunne høve, for så vidt som øya er høgare i sørkanten2, så ein kunne seie at “ho ligg på løkt’. Frå Helgeland er og notert “på lyktr, løktr‘ i tydinga ligge løfta opp frå grunnen”. Frøholms avsluttar likevel med at det ikkje er lett å avgjere korleis øynanmet Løkta skal forståast, “men det kan vel endå kome inn meir dialekt- og stadnamntilfang frå Helgeland, slik at ein kan kome nærmare løysinga av problemet”.
At namnet Løkta har samisk opphav er tvilsamt, som alt sagt, men det er neppe noka usemje om at straumen og pollen som nesten deler øya er det geografiske særmerket: Frå Sundsvågen fører eit innsmett mellom Klubben i sør og ei øyr i nord inn til Eidabukta, ein liten poll, men så smalnar farvatnet til ein grunn og trong straum før du når ei tversgåande bru, Sundsbrua, som berre var ei stokkebru fram til 1930-åra. Dette er mellom Straumsnes i vest og Mikkjelhågen på austsida.
Sør for brua utvidar straumen seg litt, men så er inntrer ei ny forsnevring mellom oddane Krongelvikhågen i vest og Kalvhagen i aust, før ein kjem til dei nokså vide Botnan (botn n, tonem 1), ein hop el. liten poll – ord som også sjøsamane lånte og brukte. Det er opplagt at dei små pollane som er så vanskelege å oppdage frå sjøsida må ha vore framifrå gøymestader for løktværingane i ufredstider. Ein treng ikkje kjenne til gardsnamnet Hov eller dei mange arkeologiske funna i nærområdet for å forstå det.
Stenger – på kva måte?
I samband med eit namn frå Sogn snertar Frøholm innpå det gno. verbet lúka ‘slutte, ende, stenge’, og seier så om Løkta: “Det kan og vere at dei har sett …. øya ligge og stenge når dei kom fram gjennom leia, sønnafrå gjennom Ulvangen eller nordafrå mellom Tomma og Handnesøya”.
Ettersom han berre nemner det lauseleg, er det liten grunn til å tenke at han heilt trudde på ei slik forklaring. Går vi etter kartet, er det nemleg ikkje innlysande at at den låge Løkta fortonar seg som eit stengsel i leia, jamført med granneøyane Hugla, Tomma og Dønna, som alle er høgare. Heller ikkje verkar passasjen austafor eller vestfor Løkta særleg trong. Likevel meiner løktværingar flest at denne forklaringa står sterkt, ut frå den plassering øya har, i Ranfjorden især, og kjentmannskompetanse er det uklokt å ignorere. Det finst likevel fleire tilnærmingsmåtar.

Knapt noko var meir karakteristisk for Løkta i fortida enn gøymestaden Sundsstraumen. Kartverket.
Øynamnet med norrøne auge
Gno. lúka (også ljúka) kunne både tyde late opp el. att, opne el. lukke, stenge inne, så vel som kringsette, omringe ein med noko, legge noko omkring ein, stenge inne. Og liknande tydingar hadde gno. lykja (pret. lukta), i uttrykk som lykja inni, lykja um og lykja út «stenge ute». Det kunne tilmed heite lykta med same meining, men elles var lykta brukt i heilt andre tydingar, nemleg «slutte, ende, fullføre», og til verbet i siste tyding svara lykt f. «ende, slutt, utfall, ordning, endelykt» (da. endeligt). Det er berre ikkje lett å tenke seg øynamn eller andre stadnamn med ei såpass abstrakt tyding.
Annleis med dei første verba, men vi veit ikkje om noko gno.*lykt f som samsvarar der. Det finst likevel eit nyno. lykt (løkt) f “hol, opning, holrom t.d. i ei urd”, merk lykturd (glopurd) og lyktost “ost med mange store hol i” (NO 7: sp 818).
Det siste tar til å likne noko, for vel kan det vere at øya på fråstand ter seg som eit stenge i leia, men på nærmare vil truleg minifjorden Sundsstraumen + Botnan både opne seg og stenge, eller med noko andre ord: At øya Løkta er karakterisert av denne opningen inn til minifjorden, at det å ligge der inne er å vere innestengt/kringsett/omringa (jf. lúka v.) Namnet Sundsstraumen er alderdommeleg nok, men formelt er Løkta eit øy-namn og ikkje eit fjordnamn.

Lykta i Alver k. er derimot ikkje ei øy som omringar eller stenger inne, det er snarare ho sjølv som er omringa eller kringsett – med mindre det er tale om den runde litle pollen mellom ho og Vardøyna? Kartverket
Sjå elles artiklane om Tjøtta og Silda og Rinda (foto av Følsvåg)..
Trykt i «Håløygminne» 4-2013, nyredigert.
———————————-
1Skilnaden på nord- og lulesamisk luokta og sørsamisk loekte (lang o) er vel større i skrivemåten enn i uttalen.
2”Høgast i sørkanten» er mest eintydig, for det 238 m høge Sandåker-fjellet er relativt mykje høgare enn alle dei andre toppane på Løkta. På Norgeskart er fjellet kalla ås og gitt namnet Løkta, noko ingen av mine informantar kjennest ved. Namneform-status er datert 1. jan. 1908, og Frøholm døydde 2006.