Staven, Stavan
Ordet stav, gno. stafr, får oss til å tenke å fjellstav, spaserstav, turstav o.l. Den eldre garde vil nok òg hugse på stav om dei einskilde bord i ei tynne, eit kvartel o.l.
Med skrivekunsten – i første omgang runene – fekk vi også inn ordet bokstav. I fleirtalsform stafar eller stafir stod det også for lærdom eller kunnskap. – Det glno. ordet for bokstavrekka (alfabetet) var stafróf.

Stavan nordom grenda Stave på Ytter-Anda (nordre Andøya). Den aller spissaste er Pikstaven. Fjellet til høgre er Måtinden.
Meir usikre blir vi helst når vi treffer på Stav eller Staven som namn på gardar, sjøar, fjell mm., sjølv om vi aner at slike namn har med lange og beine formasjonar i landskapet å gjere. Det gjeld såleis for fjellpikane Stavan langt nord på Andøya. Her merker Pikstaven seg ut, og det kan då hjelpe å vite at gno. stafr også stod for stolpe, pilar.

Staven alias Godvik-Staven er ein både rakrygga og trassig framtoning i Malnesfjorden i Bø. Eit særmerke er òg den gjennomgåande kløfta frå toppen av. Men fjellet har ein meir breiskuldra namnebror ikkje så langt unna.

Her er Staven alias Andslettstaven som har gitt namn til Stavsundet ytst i Møklandsfjorden i Bø. Denne delen av Bø høyrde tidlegare Øksnes til og dermed Barkestad fjerding.
Også denne Staven er kløfta, og det gjeld òg for andre fjellformasjonar, langs kysten især. Er her på noko vis samanheng med ordet stavkyrkje og tømmermannsyrket i framfarne tider?