Kvinadsvik, Kvina

Kvina |»kvīnȧ| er gnr. 43 i Lurøy. Det er nemneforma, men folk bur i |kvīn~n| (dativ). Garden ligg i botnen av ei vik som også heiter Kvina. Uttaleopplysningane i «Norske Gaardnavne» når det gjeld tonelag (tonem) er ikkje heilt rette. Om gardsnamnet seier Oluf Rygh: *Hvín, udentvivl egentlig Navn paa den Aa, som kommer fra Kvinvandet og nær Gaarden falder ud i den Bugt, som ogsaa kaldes Kvina. Elvenavnet, som ogsaa er bevaret i Kvina, Hovedelven gjennem Kvinesdal, hører til hvína, hvine, suse (Elven. S. 136). Aaen har temmelig sterkt Fald».

Elva Rygh her har i tankane er Mølnelva, som har bratt fall på èin stad, nemleg der ho fell ut i sjøen; særskilt namn på dette stryket er enn så lenge ikkje registrert. Når det gjeld tolking av gardsnamnet, blir haken her som så ofte elles at Rygh metodisk leita etter eit eventuelt elvenamn som kunne forklare gardsnamnet, så i utgangspunktet blir ein skeptisk, kanskje også i tilfelle der ein ikkje treng vere det.

Den katolske kyrkja åtte jord «af Kuinasuik» (Aslak Bolts jordbok 91). Oluf Rygh ser det såleis, at namnet må vere feilskrive «hvis det ikke skal opfattes som Hvínásvík». Men *Kvinåsvika finst ikkje, ei heller *Kvinåsen, men på overgangen Lurøy-Rødøy ligg derimot Kvinvatnet, så Kuinasuik kunne snarare vere feil for *Kvinvassvik, men heller ikkje det namnet er påviseleg i nærområdet. Enklast synest det derfor vere å lese Kuinasuik som *Kvínadsvík, med stum d.

Kvina er ein terskelfjord med ein grunn rygg på tverra aller ytst, og litt utanfor denne ligg Kvinholmen nærmast som grind eller led, så kvínað kunne forståast i ei overført tyding, om noko som stenger, men det blir tvilsamt for så vidt at norsk stadnamnbruk neppe i nemneverdig grad har fokus på lokalitetstypen terskelfjordar.

Ordet kvinad kjenner vi ikkje frå gammalnorsk, men det er nok i tyding likt kviing f «Gjødslen af Mark ved at lade Fæet staa i Fold paa den» (Ross, frå Vest-Agder): Ein nyttig parallell har vi i flinad i same tyding som fliing «stell, reinhald». Vi skal derfor halde fast på at vi har å gjere med kvinad m, verbalsubstantiv til kvia v. «stenge inne, samle i kvi», laga til kvi (kve), gno. kví f.

Sjølve ordet kvi finst i nokså mange former (kvi, kvin, kve, kven), så vel som kvia f.= kvie om inngjerda england i utmark (alt etter Ross). Desse orda synest ikkje å ha vore vanlege i nord, og vi kjem ikkje langt med å drøfte slik problematikk for Lurøy, men «kvinaden» gjekk truleg føre seg fremst på Øver- og Nerstaulen i sørkant av den samanhengande store vika i Kvina: Desse ligg i ei halling på sørsida av ein bekk. Litt vestafor ligg Sommarfjøshagen, men på hi sida bekken finn ein både Staulbakkan, Staulberget og Staulhenget, så det er ganske sannsynleg at her tødde dei mark ved å la væte frå fjøs eller innhegning sige nedover. Lokalitetane ligg nær Grønnesvika, det er søre delen av den store bukta som busetnaden Kvina ligg i nordkant av.

Kvina i Lurøy mai 2012. Tett ved vegen i bakgrunnen til venstre ser vi Mølnelva, i flg. Rygh elva *Hvín som gav garden namn. Til høgre litt av Staulhenget – Staulbakkan. Foto: Wikipedia.

Det er vanskeleg å seie om Kvinadsvik var heile den store, grunne vika eller berre ein del av ho. At namnet Kvina(d) oppstod ved at sisteleddet i Kvinadsvik fall ut, er lite truleg, Kvina(d), ev. Kvina’n = *Kvinaden var heller sjølvstendig namn på eit område der marka tradisjonelt vart gjødsla som før nemnt. Norrøne ordlagingar på –nað hadde vanlegvis abstrakt innhald og er sjeldne som stadnamn, men nokre finst.

Forventa norrøn form av gardsnamnet vårt bør ha lydd *Kvínaðvík eller også *Kvínað-ar-vík, men «Kuinasuik» i AB er mellomnorsk. Om dei sterke oppløysingstendensane i skriftspråket då seier G. Indrebø i Norsk Målsoga:

» s. 215: «Genetiv på –s og på –ar kunde stå skiftesvis i dei gamle bøygningsklassone med historisk ar-genetiv: sonar – sons, stadar – stads; dertil fekk dei kryssingi sonars, stadars (kontaminasjon)».

Det inneber at den mellomnorske skrivemåten *Kvinadsvik (Kuinasvik) kanskje ikkje var tradisjonsrett, at korrekt norrøn form var *Kvínaðvík, ev. *Kvínað-ar-vík, jf. Indrebø. I nynorsk tar ord på –nad alltid genitiv på –nads– i ny sms.

Kvina-namnet har tidleg ekspandert og blitt områdenamn, og derfor finn vi på hi sida (Rødøy-sida) «Kvinfjorden» – vel å merke ikkje vika der garden Kvina og staulane er å finne. Legg vi norrøn språkbruk til grunn her og, var opphavlege namneformer *Kvínaðskard, *Kvínaðvatn og *Kvínaðvík (ikkje *Kvínaðs-). Når førsteleddet Kvinad- ikkje lenger vart forstått (for ð var blitt stum), tilsa språkkjensla at gardsnamnet i bunden form var Kvina og at det skulle vere Kvin– i sms. namn som Kvinskardet, Kvinvatnet. Det aukar vår innsikt å samanlikne med orda buna (utstyr), du(g)na, flina, lovna, (sol)røna, støna, søkna, vågna osv., der tapet av av –d i utlyd har gjort at orda vart oppfatta som ubøyelege eintalsformer av hokjønnsord på –a.

Eitt av dei orda er blitt nypussa under pandemien 2020-2021, nemleg dugnad, men vi finn det også som førsteledd i stadnamn, skrive både Dugnad-, Dunad- og Duna-, ser det ut til. I motsetnad til kvinad lever dugnad i talemålet i si tradisjonelle tyding, nytta om samkome med ubetalt arbeidsinnsats. I ei litt anna stode kjem ordet skilnad, for så vidt at dei fleste kjenner det i tydinga «forskjell». Det fell vanskelegare å få meining når det er brukt om område i skilet mellom to matrikkelgardar, og særleg når ordet i bunden form skilnaden får så avbregda skriveform som Skjelnan (Tromsø) og i tillegg er uavkorta i nye sms. Skjelnanelva og Skjelnanvatnet (juxtaposisjon).

Som førsteledd i stadnamn kan ordkategorien –nad derfor framstå litt «styrlaus». Der språkrøkta går ut, kjem språkrøkla inn.