Mange vil kjenne til Ims (i Sandnes) og Imsen (i Åfjord) som slekts- og gardsnamn, uttalt med einstavings tonelag. Imsland er i Vindafjord. I Lindesnes har dei likeins to øyar Imsa |»imsa| = Imsøy (Østre og Vestre); Kvitsøy har holmane Austre og Vestre Imsen.
NG nemner alle gardsnamna; i tillegg kjem Imsa som elvenamn iblant. Det NG opplyser, kva gardsnamna gjeld, fokuserer på faktiske eller teoretiske elvenamn, utan sikre konklusjonar. Det same gjeld oppslaga på Ims– i Norsk Stadnamnleksikon, fem i alt.
Historiske former av gardsnamna Ims, Imsen og Imsland skil seg lite frå dagens uttale. Alle tre viser også spor av ein uttale med framlyd e, og Imsen blir i røynda jamt uttalt Emsen, men av det gardsnamnet finst òg eit par 1500-talsformer med framlyd Yms-, utan at gno. ýmiss «skiftande, vekslande» synest gje noka konkret tolking der heller.

Garden Ims ligg nær ei bratt og spiss hylle, nesten nebbforma, ved osen av elva Imsa der denne fell ut i Imsavika. Der er også mange ufser i fjellet på sørsida. Garden Imsen i Åfjord ligg i skrånande lende, tett under ei særleg lang og brattkanta fjellhylle på nordvestsida. I hallande lende ligg òg Imsland, men med langt brattare fall på framsida, ned mot Imslandssjøen ved Vindafjorden.
Det peikar alt mot ims f «ufs, takskjegg» el. anna som skyt ut, stikk fram, notert av Ross frå Aurland i Sogn. Ordfugen i sms. imsa-drope (Ross) er den same i sekundærnamna som knyter seg til desse lokalitetane frå Lindesnes, Sandnes, Kvitsøy og Åfjord. – «Nynorsk etymologisk ordbok» har eigne oppslag for ufs f «brat klippevæg» og ufs m (ups, ims) «takskjeg», med påpeiking av at det eigentleg er same ordet. Sambandet mellom ufs og ims blir ikkje gjort greie for, men her ligg likevel nøkkelen til rett forståing av namnet, alle desse stadene.

Østre og endå meir Vestre Imsøy i Lindesnes er fulle av ufser i den grad at det må ha påverka namnevalet. Annleis har det seg vel med bergholmen Austre og Vestre Imsen i Kvitsøy: Der er fullt av oppsprukke berg, men ingen eigentlege ufser, slåande for begge øyane er derimot at dei er langsmale og spisse i sørvestre ende. Ein kjem mesta i tankar om im (Sunndal) = nordnorsk ime f grov, trekanta nål (NO 5: 1148), eime, fi. äimä !

Gardsnamnet Imstra |’emstra| i Agdenes kjem i ei anna stòde. I NG formulerer Rygh seg på denne måten: «*Imstr f., maa fra først af have været Navn paa Fjorden, ved hvilken Gaarden ligger (No. Fjordn. S. 66), maaske ogsaa Navn paa den fra Imstervandet kommende Elv, som løber ud ved Gaarden». – Det første sikkert rett, der må vere samanheng mellom gardsnamnet i fjordbotnen og namnet på fjorden sjølv (no Imsterfjorden), litt meir usikkert er det korleis det har seg med elvenamnet.
Ved sjølve garden finn ein heller ikkje ufser av det slaget som er så karakteristisk for dei før omtalte gardsnamna. Eit par djupt innskorne, loddrette bergufser er derimot eit særmerke for neset tett utom garden, nok synlege på lang lei. Maken finst ingen stad ved fjordbassenget, det var nok blikkfanget som gjorde at namnet oppstod.

For ikkje få av desse namna, så vel som fleire, har vore lansert tolkingar basert på gno. ýmiss (også ímiss) «afvexlende, forskjellig, snart saa og snart saa» og det med rimeleg grunn. Same oppfatning syner seg i fleire gamle skriveformer: For gardsnamnet Imshaug |»imsu| i Sørum finst belegga «a Imisaugh DN V 168, 1349. Imishaug (Akk.) RB. 264. a Ymishaughi RB. 445. Den her i den katholske Tid staaende Kirke kaldes Imishaughs kirkja RB. 443. 560» (NG). – Garden ligg på eit flatt platå, men i aust er det bratt fall med ulike tungeforma utskjeringar som nettopp har ymis utsjånad.
Imiseid |»īmesei| heiter gnr. 42 i Helleland, no Eigersund. Gamle skriveformer er Innßei, Iffuisheiedt 1606, Imishei 1610, Imbsheede 1668 og Imshofde 1723. NG tolkar namnet slik: «*Ímiseið. 2det Led er eið n. (Indl. S. 48), som her har Hensyn til Gaardens Beliggenhed paa det smale Eid mellem Hyttevandet og Eigelandsvandet». I framhaldet blir så førsteleddet tolka som eit sjønamn «*Ímir [til ím n «støv» og ima «tynt skydekke» osv.] av di både Hyttevatnet og Eigelands-vatnet ligg mykje i skygge. Topografisk er det meir slåande at Imiseid ligg mellom tre eid, eitt mot Stemtjørna i nord, eit anna i nordvest mellom det store Eigelandsvatnet og Imseidtjørna og eit tredje i vest mellom Imseidtjørna og ei mindre tjørn på sørsida. Imis– i tydinga ýmis– «innbyrdes ulik» høver såleis framifrå. – Landskapet kring sætra Imesdal i Sogndal er òg veldig «variabelt», men på litt andre måtar.
Stor-Elvdal i Hedmark har elva Imsa |’imsa|, og i «Norske Elvenavne» blir Ims– sett i samband med just ýmiss, «imis»: «Kan sigte til sterkt og pludselig stigende eller faldende Vandmasse». Her melder seg to motspørsmål: Er dette så særmerkt for just denne elva – og vil ikkje svært mange vassdrag øse seg opp når nedbøren kjem brått?
Ei anna tilnærming kan vere at Imsa (både der ho fell ut av Imssjøen så vel som kring Krokhølen og i strøket ovanfor innfallet av Leråa) renn i talrike krokar medan siste delen av elvefaret (ned mot Imsoset) er lyse beint. Det siste er unekteleg slåande, meir diskutabelt er kan hende om elvekrokane lenger opp er krappe og talrike nok til at motsetnaden overtyder?
Det er dessutan merkeleg at elvenamnet har tonem 1, det rimar lite med tolkinga *Ymsa. Samtidig ser ein at rett nok ligg sletta (øydegarden) Imsenda (skrive Imsenden òg) litt sør for sørenden av søre Imssjøen (i Ringebu), men samtidig tett ved ein avgåande fjellrygg som har ei lang og markert ufs i retning sør-nord. Austom kjem så Endberget i skilet mellom Ringebu og Stor-Elvdal og i god avstand frå søre Imssjøen. Elva endar ikkje i dette området, det er her ho startar, og sjø-enden er langt unna. Elles er kart over området namnefattige, så det er å vone at lokalkjente vil kunne plassere Imsenda og Endberget osv. i sikrare kontekst.

Terrengordet ims krev nærmare omtale: Nyislandsk har ufs i var. yfs, og likeins fleirtalsform yfsir for ufsir (i landskapet). Også norsk har talrike språkfeste for yps, yfs (NO 12: 47), som kan ha fått avrunda uttale ips, ifs: Ipsskardet |eps-| nord på Linesøya i Åfjord skjer seg inn i eit fjellparti fullt av ufser. Ei utvikling i motsett lei ser vi i øps, øfs, og her treng vi neppe gje døme. Derimot må nemnast at Ømsdalen i Bø i Telemark har ei ovlang ufs som mesta er spegelbilete av den vi finn ved Imsen i Åfjord. – Formene med og utan nasal kan vi elles sml. med verb som i tyding overlappar kvarandre noko, nemleg himse/hipse, kimse/kipse og truleg fleire.
Det finst eit namn til som kan reknast med, men som eigentleg står i ein annan samanheng, og det er Imsa |»ømsa|: «Den sydlige Hovedelv i Snaasen. Jfr. i Ysmodale, Ysmadale AB 9. 10. Kommer fra to Vande paa Fjeldet, som kaldes Ismenningen. *Ysm eller *Ysma. Maaske beslægtet med Usma» (NE 303). Ein annan stad slik: «I Elvenavnet Imsa paa Snaasen er ms opkommet ved Omsætning af sm, formodentlig først i Sammen sætningen Imsdalen; dette fremgaar af Formen Ysmodalr i AB. 9. 10 og deraf, at Søen, hvorfra Elven kommer, endnu heder Ismenningen» (NG 3: 87). Ein tilleggsmerknad lyder så: «Jfr. Ysmæ, ‘ett vattendrag på forna gränsen emellan Sverige och Norrige’ (Helsingelagen). Den svenske Elvs Kildeelve udspringer ikke langt fra den norske Elv Imsas Udspring» (NE 344, tillegget). – Det siste er døme på det relativt kjente fenomenet at elvar kan renne i stikk motsett lei og få same namn.
Usma som Rygh nemner er det eigentleg to av, nemleg Usma i Øksendalen i Sunndal k., jamfør Usmudalr (AB 73, DN II 81), og Usma i Selbu, som i flg. Rygh renn gjennom Ustensjøen og fell ut i Nea. I Øksendalen var namnet Usma gått av bruk. Der vart lenge sagt berre Elva eller Øksendalselva, men «gjenopplivinga» vart vellykka, opplyser Tor Erik Jenstad.
Usma minner ikkje om noko norsk ord som kunne ha med landskap å gjere og er då heller ikkje det, men norvagisering av sam. vuosma «ett land som är till hälften skoglöst» (OSLO 252, frå Gällivare).
Framlydsendringa minner om den i gno. ormr, ull og ulfr (Iversen, «Norrøn grammatikk» s. 60-61) og likeins i sam. Ōnafier’da < *Vuona-, Hoŋ-fier’da i Sortland (Qv 1938: 202).
Det viser seg at alle tre elvane har sine kjelder i landområde som er halvt skoglause, det klaffar så godt at det nok ikkje kan vere heilt tilfeldig. Varianten Ysma (AB) frå Snåsa kan tolkast slik at lydovergangen eller «framskuvinga» av u til y ikkje kom på same tid eller var like tydeleg alle stader. Sml. elles at sam. Ul’bē som namn på Hadseløya er skrive Ylfi og Ylfue i AB.
Når det i AB står både «i Ysmodale» og «Ysmadale», tør vi gå ut frå at siste forma var talemålsrett, men at norrøn språkkjensle tilsa skrivemåten Ysmudalr når elva heitte Ysma.
Nyredigert etter Nytt om Namn s. 88f
Anne Holtsmark har i Maal og Minne 1946 ein artikkel om «Det norrøne ord lúðr», ein på fleire måtar naturleg innfallsveg også til forståing av stadnamn på Lur-, blant desse Lurøya på Helgeland.
Anne Holtsmark viser, med god hjelp frå dialektforskaren Hallfrid Christiansen, at ordet lur fram mot vår eiga tid er mangetydig i dialektane i Nordland og elles i landet, det vere seg neverlur «ihoprulla never», borkelur, lerlur (av ler, lær), vidare «snørrlur» som omskriving for nase (også: viktig-Per), lur om sjøstøvel eller om skorsteinspipe. Ordet lúðr spaltar seg «i 3 betydningsgrener: 1. likkiste – kiste – ark; 2. stokk med utgravet plass til kvernstenen – møllebenk; 3. hylse – skjede – rør – lur». I dei eldste, førkristne likkistene så vel som i dei eldste mølnebenkane var det uthola rommet nøye tilmålt det som skulle vere oppi. Historisk nyare er at ordet blir brukt om firkanta ventilar av bord: kjellarlur, trekklur, veglur «stikkrenne» o.l. Firkanta eller runde, i alder kjem ingen av desse innretningane opp mot dei aller eldste kvern- og mølnebenkane og kistene av uthola stokkar.
Gamle handkverner er sentrale i Anne Holtsmarks utgreiing, dei var som ei sirkelrund gryte der steinane låg som i ei hylse. På framsida var ein opning der mjølet kunne renne ut og ned i ein kasse. I bekkekverna var det to bøygde tre omkring steinane, og desse trea heitte på sine stader heilt enkelt luren, og steinane kvilte på dei såkalte luråsane. Ho slår fast at luren opphavleg må ha vore eit hulrom, for i eit eddavers er det fortalt om kongssonen Helge som står ved ei kvern, forkledd som trælkvinne, og som skal male, men krigaren tar så sterkt i at det «trummar» i luren (hul-rommet), og kvernsteinen skvett. Holtsmark kjem òg til at «billedet av kvernluren som en innfatning omkring stenene, hvor melet tyter frem som hvitt skum omkring dem under malingen, er det som har stått for skalden Snæbjorn (11. årh.?) da han kvad denne visen om en seilas i storm», i eit vers der havet er «øy-lur» dvs ei innfatning som øyane kviler i. Vi ser for oss kverna med Ægirs 9 døtrer (bårene) som mel og mel utan stans så skummet velt fram kring skjera som mjølet unna kvernsteinane.
Ho legg også fram ei ny tolking av den omdiskuterte Grogalderen, der ho omsetter eit vrident uttrykk såleis: «stille og sjø skal gå sammen i lúðr for dig og skjenke dig alltid en fredelig ferd». Ho tenker seg ein spådoms- eller kan hende trolldomsgalder som skal svæva sæ, få sjøen til å «sove», og her er det eit par viktige poeng: Samiske runebommer som er hula ut av heile treblokker, lur det òg, kjenner vi frå Finnmark og frå Helgeland, og på trommeskinnet kan der ha vore eit eige teikn for logn (vindstille), med ein «visar» i form av ein ring eller ein pinne merkt med runa lǫgr (vatn, her: sjøvatn): Under tromminga kunne så lǫgr komme til å «ganga saman» med figuren for logn på skinnet over runebomma («luren»).
Anne Holtsmark er merksam på den innvendinga «at lappisk magi i sted ligger svært langt fra Grogaldrs tilblivelsessted; man pleier å regne kvadet for islandsk». Med andre ord, det er ikkje sjølvsagt at dei som reiste frå Noreg og vart islendingar, kjente samane og runebomma til dei grader! Men ho uttrykker seg litt retorisk og lar spørsmålet stå ope, og ein veit i ettertid at ein pinne med samisk tekst er funnen på Island. Ein veit på hi sida også at det i austnorsk kristenrett var sett forbod mot å oppsøke finnar for å «ganga til frettar»: bli spådd om kva som kjem til å skje eller om kva du bør gjere. Det må jo innebere at også austlendingane godt visste til at samane kunne spå, og meir til.
Holtsmark er òg inne på “lur” i stadnamn og hentar stoff frå fleire kjelder: «Det ser ut til at man i norske stedsnavn har kalt op fjell etter «luren» både med tanke på «kiste» og «kvernlur». Jeg er henvist til fotografier og litteratur i denne delen av undersøkelsen, som i så høi grad trenger selvsyn, og gir den ikke ut for mer enn den er. Ross opgir under «Lur» en betydning «oventil flad Høi, omtr. = Stall» fra Sunnhordland, og tilføier «måskje bare i stedsnavn»; i Rygh Norske Gaardnavne XI: 519 heter det om gården Luren i Evanger: “Gaarden ligger paa en Flade oppe i en Fjeldskrænt, paa begge Sider omgiven af ‘gil’». Her må det være møllebenken, eller kanskje helst den gamle håndkvernen som har vært navngivende. I den gamle visen om Anne Knutsdatter, som bor i «Uren, Luren, Himmelturen» må en tenke sig en flat avsats oppe i eller på toppen av en ur; mon en tar meget feil av dikterens mening om en forestiller sig «Luren» oppkalt nettop etter håndkvernen, et stillas som er flatt øverst og med melet – uren – strømmende nedover? Svaret på dette og andre spørsmal om stedsnavnet «Lur(en)» kan bare undersøkelser i marken gi”.
Avsats eller haug dekker best? Når ordet «lur» har forgreina seg i så mange tydingar, er det berre å vente at dette viser seg også i stadnamn, som er av høgst skiftande alder. Gnr. 135 i Vefsn heiter offisielt «Østerherring øvre», og garden vart i flg. den lokalkjende Petter Myrnes skild ut som eige bruk i 1793. Til dagleg heiter han Setra eller Luren, seier Norske Gaardnavne, men Lursetra er visst vel så vanleg. Det særmerkte ved plasseringa er at garden ligg på ein lett skrånande gammal strandterasse med eit myrsøkk inst og med bratte bakkekantar mot lengre myrdrag nedføre, merk kva som er sagt framfor om flat avsats eller «oventil flad Høi».

Luren som namn på flate avsatsar som til dels er noko tungeforma finst det mange døme på, såleis i Fusa, Bergen, Voss og Stord; det stemmer i hovudsak også for eit par åsar som Luren heiter i Høylandet i Nord-Trøndelag. Luren i Naustdal er registrert som “botn”, men kartvisaren legg seg på ein avsats, ein typisk “lur”.
Tett attmed desse lurane er det alltid lægder eller gjoter, så ein kan undrast på om dette er ein “integrert” del av omgrepet lur? Akkurat det same gjeld for fleire andre samansette namn på Lur-, sjeldnare Lurs-: Det kjem opp namn der ein stussar på om fokus bør rettast mot avsatsen på staden eller snarare mot avrunda, slake innkuvingar som sluttar seg til? Det gjeld Lurås i Kviteseid, Flesberg og Sigdal, Lursdal i Kongsberg, Lurslia i Nittedal, Lurstein i Øvre Eiker og Luråsen i Tokke. Eit jorde i Nærøy kalla Luren er eit tilfelle for seg: Attom dette jordet og tett ved Hopahaugen – som er flat oppå – ligg Lurmyra, som går over i skardet Kløyva tett ved haugen. Det verkar sannsynleg at Hopahaugen er den eigentlege luren.

Eit særtilfelle er òg Luren som daglegnamn på den avfolka garden i Flatanger som offisielt heiter Dvernur (NG 15: 349), for der er ein djup klove i austkant av fjellet Lurahatten attmed, men det går også ein smal, myrlendt dal tvers over halvøya tett ved garden, og der er nokså mange Lur-stader som har forsnevring som kjennemerke. I Lurahatten sitt tilfelle kan vi forresten tale om ei viss kisteform, jfr. Holtsmark, noko det er mindre grunn til ved andre Lur-namn, kanskje med unnatak for dei to Lurås-ane i Leksvik.
‘lur’ om hulrom: Krystallklar er Anne Holtsmarks påvising av at “lúðr” i dei eldste kjeldene har med hulrom å gjere, men ho motseier ikkje Oluf Rygh som uttaler om Lurøya på Helgeland: “Ogsaa her sigter Ordet identvivl til det nær 700 m høie Fjeld, som opfylder Størstedelen af Øen, og som, navnlig seet fra S eller N, har en meget spids Top” (NG 16: 156). Viktig i den samanhengen er ei opplysning frå Hallfrid Christiansen: “Fjellet kalles nå til daglig Lureifjellet, men når det blåser, sier folk: «Han er hard oppi Luren i dag», og Luren er vel fjellets gamle navn”.
Andre haldepunkt for at Lurøyfjellet før heitte *Luren har vi likevel ikkje, det er neppe namn på eigentlege fjell nokon stad i landet. Vi har sett at haugar og åsar og avsatsar kan heite så, og på Lurøya kunne det i beste fall bli tale om avsatsane nord på øya, dvs Litl-Lurøyfjellet og det lægre fjellpartiet oppfor Sutternes. Men hadde Holtsmark kjent til “Nedtegnelser av Leopold von Buch” frå 1807 (Mykletun 1987: 29ff), ville ho sannsynlegvis også her ha halde fast på konklusjonen i si eiga drøfting av ordet “lur”, nemleg at ordet opphavleg har med hulrom å gjere:

«Lurøya ansees overalt for varmere enn alle andre omkringliggende øyer. Vi tror det gjerne. 18 grader Reamur (5) varmt fire-fem timer midt på en vårdag, slik vi opplevde, er ikke gitt hvilken som helst øy så langt mot nord. Slettelandet ligger som et drivhus under fjellet, i ly for vinden fra nord og aust. Når gården bare før 30 kyr, 50 sauer og 100 geiter, virker det lite…» (To illustrasjonar viser at terrenget er nedsenka, mellom bergryggar.) Likeins heiter det i Lurøyboka -85, i «Et besøk på Lovund i 1816» av same forfattar, i eit sitat som gjeld Lurøy-garden: «Gården, välbygd och rödmålad, ligger på en jämn plan, omgifen af bördiga ängar och åkerfält.. Åkrar som stodo vackra med korn och råg; de vackraste jag har sett» (s. 51).
Det kan då sjå til at det i Lurøya sitt tilfelle har svært mykje for seg å tenke på «lur» i tydinga «uthuling», som her gir eit landskap med gunstig mikroklima. No ventar vi ikkje at ei så alderdommeleg forklaring som denne for Lurøy-namnet høver for så mange andre Lur-namn. Men eit søkk i innmarka på gnr. 119 i Bergen heiter Luren, det same gjer eit bruk under gnr. 81 i Karmøy der husa ligg på ein låg rabb i eit søkk. Høgare i lendet ligg bruket Luren i Kalvvika i Tysfjord, på ein fastmarkstrimmel med myrsøkk på sidene. Det siste gjeld òg for det avfolka bruket Luren gnr. 17.2 i Brønnøy. Men det mest interessante namnet i denne gruppen er garden Lur i Re i Vestfold som ligg nedst i ei flat deld, det minner om at Lurøy-garden også er plassert i ei senkning.
“lur” til å blåse i: For at ikkje oversynet skal bli ufullstendig, bør nemnast at “lur” iblant tyder blomstrande kvanne. I Årbok for Helgeland 1977 skriv Kjell Øksendal i Vefsn om sløke, angelica silvestris: «Luren var ikkje mata-plante. Men den innhole stammen vart nytta til sugerøyr eller til blåserøyr, rognebær-røyr, dei sa. Luren vart og nytta som «blåseinstrument»: Med eit tynt knivblad snitta ein i lengde-retninga. Så bles spelaren i enden av luren, slik at lufta måtte ut gjennom snittet i veggen. Veggen sette seg i raske svingningar, og lurtonen var der».
I ei namneliste til Stadnamnprosjektet i Nordland frå Grane fortel Asmund Eivindsen med Valter Haustreis som kjelde at Lurmyro er ei «myr der det voks kvann (lur)». Det er rimeleg at Lurmyro på Brattbakken gnr. 192 i Drevja og Geitlurflåje under Røssåga gnr 101 i Korgen liksom Geitlurmyro under Ørjevatnet gnr. 10 i Hattfjelldal har fått namna sameleis, kanskje Lurbenkan på Hildringen gnr. 35 Bindal au, likeins Lurgjodæ under Tjønnåsen gnr. 87 i Vefsn. Det samsvarar med at geit(e)lur “sløkje” er heimfesta til Helgeland (NO 1545). Det ser ikkje ut til at “lur” er brukt som namn på sløke el.l. andre stader.
Den blåseinnretninga som i Vefsn heiter «lur», heiter i Rana «bjynnstut», jfr. stut m «en kort Lur til at Blæse i» (Aasen o.a.). At bjønnstut er «bjørnelur» er folkloristisk interessant, så vel som at stut i ranværingsmål også har vore brukt om andre rull- eller rørforma innretningar enn dei som er til å blåse i: Det gjeld, som vi alt har sett, også for “lur”.

For Lurøyni i Lindås vil eg tru litt av det same er tilfelle: Dei langsmale og brattkanta åsane der er truleg meir synberre enn dei grunne dalføra? Men i dette tilfellet er Lurøyni sin nære naboskap med øya Luro eller Lygra kompliserande.
“lur” om renneliknande landskapsformer At “lur” også har vore brukt om lågtliggande smale myrdrag og lange gjoter mm. er det liten tvil om, td. Lurmyra i Gjøvik og Lurmåsdalen (-mose-?) i Marnardal, og det høver overtydande for den langsmale myra som strekker seg mellom Luråsen og Vindåsen i Fyresdal. Endå meir slåande blir dette for lokalitetar som Lurdalen i Sør-Varanger, for Lurvika i Aure og Lurdalen i Kongsvinger, som lengst aust ender i Lurdalsskaret på grensen mot Øvre Eiker.
For Lurvika i Aure på Nordmøre er Rygh inne på gno. lúðr m. “brugt om en Stok, særlig om en, som var udhulet til forskjelligt Brug” og tenker då på fjelltoppar: “til en saadan sigter det maaske ogsaa her” (NG 13: 431). Garden ligg mellom to bratte haugar som er flate oppå, så dette kan vere rett. Men garden ligg også ved eit langt eid som går frå den eigentlege Lurvika og sørvestover til Sørbukta: Samanliknar vi med omtalte lokalitetar som Lurdalen i Kongsvinger og Sør-Varanger og enkelte andre, er det like naturleg å oppfatte dette lange og smale eidet som ein “lur”. – Etter ØK å dømme ser det forresten ut til at sjølve vika også blir kalla Leirvika.
Lurdalen i Sør-Varanger er lang og smal. På søraustsida av myrtjønna i botnen er det eit stup, flatt oppå og med ein klove på austsida som liknar «lurar» mange andre stader. Er det denne luren og ikkje sjølve det lange, tronge dalføret som er luren?

Ikkje minst det lange, smale eidet ved Lurvika på Nordmøre kan få ein til å tenke også på Lovra (»låvra), gnr. 55 i Jelsa (no ein del av Suldal). Gamle skriveformer er Lofrar (nominativ), i Lofra DN II 92 og 93 (eine gongen påteikna i Lofre) år 1311,seinare Loffwra NRJ II 392, Laffre NRJ. III 291, Loffuer og Loure 1563, Løffuer 1567, Lager 1602, Laurejdt 1606, Laureide 1610 osv. Rygh påpeikar at dei to samtidige formene frå mellomalderen ikkje er forlikelege: «iord þeiri, er Lofrar heitir» og «i Lofra», men hallar til at namnet sannsynlegvis er eit lint hankjønsord *Lofri, dat. Lofra. Garden ligg i sørenden av Lovravatnet, og «dette 3 à 4 Km lange, men smale og af høie Fjelde indesluttede Vand har oprindelig udgjort den inderste Del af Lovrefjorden, men er nu afstængt fra denne ved en af et Fjeldskred efterladt 60 M bred Ur, mellem hvis Stene det dog staar i Forbindelse med Fjorden»; han nemner òg garden Lovranes ytst i Lovrafjorden. Det ligg i dagen, seier han, at det er eit usamansett gammalt fjordnamn *Lofri som går att i gardsnamna Lovra og Lovranes), medan gnr. 44 Lovraslåtta noko lenger unna må vere «en Gaarden Lovre (GN. 55) tilhørende Engslaatt».

Rygh ser fjordnamnet *Lofri i kontrast til *Ystri «den viltre, ustyrlige», hypotetisk namn på nabofjorden i sørvest, og forklarer *Lofri som «den slappe, dorske» i slekt med bl.a. med gl.frisisk luf. Dette er ei vidopen, veldig vag tolking, og abstraksjonen «den slappe, dorske» er like merkeleg som når elvenamnet Tufsinga blir knytt i hop med tufs n «armod, dårleg tilstand» og tufsen adj «ubehændig, som vel forsøger men ikke udretter stort» (Norsk Stadnamnleksikon).
At det tronge (smale) landskapet frå Lovra langsetter vatnet og fjorden liknar fleire av dei før nemnde lur-lokalitetane, er synbert. Det er såleis ingen grunn til å stikke under ein stol at det sørsamiske lånordet for lur (om blåseinstrument) er låvre. At dette fekk kasusbøying straks norsktalande lånte det tilbake i form av gardsnamn, seier seg sjølv. Men ei så enkel forklaring vil sjølvsagt bli møtt med skepsis av den som «veit» à priori at det aldri budde samar i denne delen av landet.
Urnordiske former? Etymologisk er det ikkje full semje om gno. lúðr og nyno. lur i sine ulike tydingar er eitt og same ordet, eller to ord som med tida fekk same form. Men der lúðr står for uthola mølnebenk o.l., er det full semje om at dette er same ord som gamalhøgtysk lúdara «vogge». Noka tilsvarande samisk låneform er visst ikkje kjend. Som nemnt reknar Rygh med at “lur” har vore brukt som fjellnamn, men tindar er det no knapt tale om, snarare variantar av ås eller haug. På landsbasis er *lurtinden eit ukjent namn, og einaste Lurfjellet er dette mellom Skjerstad og Beiarn. Særs interessant er det då at fjellet på samisk heiter Lútár (Qv 1938: 226) medan Lurfjelltinden ber namnet Lútáragaise.
Viktig her er at fjellområdet Lútar lik Lurfjellet har primærnamnet – og at tinden i midten har sekundært namn, Lútáragaise = Lurfjelltinden: Heller ikkje i dette tilfellet er då sjølve tinden tenkt på som ein «lur». Synbert er det derimot at Lútar = Lurfjellet har to store djupholer el. «hulrom», i dette tilfellet med vatn i (Kjerring-vatnet og Tindvatnet). Både i ordform og tyding er her klar likskap med lúdara.
Samstundes er her nokså stor formell avstand til nordsamisk lúvdon, -dom “komse-var, overtrekk” (av garva skinn eller tøy), sørsamisk luvdene, også luvdere, luvrene, luvrenje (Hasselbrink). Orda er relevante i samband med “vogge”, men dei er unemnde under drøftinga av lúðr i etymologiske ordbøker. I alle fall er likskapen mellom lúdara og Lútár påtakeleg, så vi må ha lov å undrast om Lútár kan vere eit namnelån frå urnordisk til ursamisk.

Er “lut” ei sideform til “lur”? Liksom vi kan undrast om lúdara og Lútár er same ord, er også fjellnamnet Luten i fleire tilfelle ei kjelde til undring. Luten (‘lu:tn) heiter ein 739 m høg tind ved Indre Selfjorden i Tranøy, og namnet blir folkeleg tolka som “han som lutar” (bøyer seg framover), noko som etter kartet å dømme kan passe for bratta i nordvestkanten av tinden. Men på søraustsida har fjellet ei rundvoren innkuving og eit platå med små pyttar, og nedafor ligg Lutvatnet. Ved Bergsbotn i Berg har dei den djupt innskorne Lutdalen, der òg med Lutvatnet: Dalen ender i Lutskaret, som har ein Luttind både i nord og i sør. Kan hende dei “lutar” eit grann i toppen begge, men avsatsar har dei knapt nok, derimot er der ei avrunda, djup fjellkrå i nordkant av begge, ja den søre Luttinden har eigentleg to. Også Luten (840 m) lik Klovsteinfjellet i Skjervøy har på søraustsida ei avrunda hole. Han hallar slakt og slett i vestnordvest, men “lutar” neppe til nokon kant; han har derimot ei langsmal flate på toppen, noko som til ein viss grad også kan seiast om Luten i Tranøy. Aller sist må nemnast den 968 m høge Luten i skilet mellom Fræna og Gjemnes på Nordmøre: Med god vilje kan seiast at han “lutar” mot nord, men vel så typisk er kanskje dei djupt innskorne dalbotnane i sør og mot nordvest; avsatsar har ikkje dette fjellet heller.
Det gammalnorske lúta v. “bøye seg; falle, stupe” hadde både sterk og svak bøying. Det tilsvarande lútr adj. tydde “framlut, bøygd framover”, medan det substantiviske Lútr er overlevert som namn på ein træl. – Helgelendarane hadde det rimet at “Lovunden lute’, Hestmannen tute’ og Træna er lengere ute”, uttrykt litt annleis hos Petter Dass: “See hvordan han luder den gammel Lovund, og Trænen er længer der ude”. Men alt i alt er det litt tvilsamt at fjellnamnet Luten bør forklarast på same vis – nup og nipa er vanlege nemningar for den slags formasjonar.
At fjellnamnet går tilbake på gno. hlutr “del, part” er heller ikkje så sjølvsagt, då især av di det siste ordet i dag heiter lott (lått) på dei aktuelle stadene. – Noko ganske anna er at både Luten og Lotten finst som bruksnamn rundt om og kan gå på gammal oppstykking, men det finst også ei rekke naturlokalitetar kalla Luten der det slett ikkje passar, og der ei fortolking som går på innkuving, lægd, dalsøkk har meir for seg, liksom ved dei nyss omtalte fjellnamna. Vil minne om kva Aasen opplyser under lur (til å blåse i): “Nogle Steder Lu (Sogn, Telemark), vistnok for Lud, eller Luder”. – Med tanke på at same ordet kunne heite lud i danske målføre og eldre dansk i det heile, dvs. einslydande med lud (til vask), blir det nokså sannsynleg norsk lut på sine stader hadde akkurat same dobbeltyding. Andre får granske dette vidare. Under den føresetnaden at Luten opphavleg er same ord som Luren, er det iallfall berre Luten som opptrer som namn på verkelege fjell.
Litteratur
Bergsland, K. 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø – Oslo – Bergen.
Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Alta.
Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
Grundström, H. 1952-: Lulelapsk ordbok. Uppsala.
Hasselbrink, G. 1981 – 1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
Hellevik, A 1966 -: Norsk Ordbok. Oslo
Kåven, B. mfl. 1995: Sámi – dáru sátnegirji/Samisk – norsk ordbok. Karasjok.
Mykletun, S. 1987: Lurøy anno 1807. Nedtegnelser av Leopold von Buch. Lurøyboka -87.
Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker.
Oslo. Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo
Rygh, O. 1897 – 1924: Norske Gaardnavne. Kristiania/Oslo.
Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 4. utgåva.
Torp, A. 1919 (1992): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania (Oslo)