Spåmenn og vismenn

Spåmenn med kuven opp («ja») og med kuven ned («nei»). At former som liknar kan vise seg i landskapet er naturleg nok..

Ein allmenn nordnorsk skikk, også kjend frå kystbygder lenger sør, var at øyrbeinet på torsken, spåmannen, var brukt til å spå vinterfisket med: Dei la det frampå skallen og nikka, til det fall ned. Hamna beinet med kuven opp var svaret på spørsmålet «ja» – det omvendte var «nei». Så også blant sjøsamane i Kvænangen, berre at dei kalla spåmannen for krukkul­dakte (dákti: bein) 1. Sør i Vefsn var det litt annleis: «Om våren når lofotfolket var ventande heim, så hengde dei opp ein spåmann (øyrbeinet av ein gråfisk) under taket. Denne svinga dei rundt. Vende spåmannen hovudet mot nord, vart det nordanvind og heimfalbør for lofot-folket»2. Lenger nord var det vanlegare å henge opp ein tørka fisk for den slags merketak-ing, det vere seg fiskekonge el.a.

Den sørhelgelandske vrien, med å la øyrbeinet spå vindretninga, fører naturleg over til nærslekta namnebruk: Frå Senja og Vesterålen o.a.st. veit vi at når eit trefløyt var ein stav som stod til vers, eventuelt med ei utskjering som likna på eit mannhauv, heitte det spåmannsdubbel eller berre spåmann – eller også visar, men særleg når det øvst på staven kun var spikra ei pil: I eit stykke om «Lofotreisla» er nemnt vimpelvisarane, og like etter står det: «Sjå der dei sterke og skræmelege dubbelvisarane. Spåmenner kallar sume dei. Er dei ikkje lystelege å sjå? Dei skal nok losa fiskarane greidt til ilen – og halda tjuvane vekk».3

Lose fiskarane til ilen? Fjelltoppar kunne òg lose, på sitt vis: Hårteigen på Hardangervidda er oppfatta som «den gråe leivisaren», med teig i eldgammal tyding «retning, lei», jamfør ty. zeigen og verbet te seg: vise seg slik eller så.4 Fjellnamnet Oahpis frå Nordreisa er like eins forklart som «vegvisar»5, utan at ordet i den tyding lenger er brukeleg i moderne samisk. På norsk heiter det, når det er tale om person, helst kjentmann, los eller «guide». Eit tilsvarande fjellnamn i Kiruna har fått forklarande tillegg, Oahpes-olmmái («vegvisar-mannen»), av di fjellet viser vegen til Tarrakoski fors, som det heiter6.

Også Spåmannen o.l. er stadnamn innimellom. Slike stader vart det vel tatt varsel av kor tidleg eller seint isen eller snøen tina der, kor høgt vatnet stod ei viss tid på året, o.a.. «Store Spåmannsomnen for Nupen» er nedskrive som méd i Moskenes, og under Andstabben er det eit par lange og krumme bergdrag med søkk attmed som truleg er formasjonen det er tale om.

Om bakgrunnen for namnet Spåmannselva i Finnsætervatnet på Senja fortel ein lokalkjend: «Når Spåmannselva har stor vannføring, likner den typisk på et spåmannsbein, derav navnet. Den faller bratt nedover fjellsida. Når det er tørke, er elva nesten borte. Like ved ligger Sørelva, som også lokalt bærer navnet Danserinna. På samme måte likner ett parti av elva på ei danserinne når den er flomstor»7

Vismannen som namn på ein grunne på sørvesthjørnet av Borgvær i Vestvågøy, tett sørom skjergruppa Kvilholmen – kva skal vi tru om det? Vismannen ligg på innersida av været, der det kan hende ikkje er mest sjøburd. Grunnen er ein 2-metring, du ser han oftast lett, er sagt. Ingen veit om særleg gammalt sjømerke der,. Kanskje var han til orientering når dei fór det smale Borgværsundet mellom Borgværet og Kalvværet innafor.

Norrønt vísa v. tyder «vise, syne, peike». Det høvde for peikepinnar ved lei og veg, også på fløyt og seinare på ur. Vi kan sjå bort frå at folk med Vismannen har meint ein «vis mann» (gno. visdómsmaðr), vi aner andre tydingar, som at Vismannen var som ein visar i landskapet, personifisert ved tilføying av eit meir presonifiserande –mann, altså «visarmann» (jfr. Oahpesolmmái). Avkorting til vismann på line med spåmann skjedde nok tidleg.

Men i samband med ei anna forståing av saka kan nemnast at ein 5.4 m djup grunne vest for Eggum i Borge heiter Tørrmannen: Når han bryt, står sjøbrottet høgt til vers, «som ein mann». Her og i Vismannen sitt tilfelle viser sjøkartet ein avrunda rygg på sjøbotnen, derfor er poenget med namnet Tørrmannen heller at han kan vere «tørr» med kvart (vere synleg over vassflata idet han bryt)? I ei rekke namn er det iallfall så at –mannen er ei omforming av –manen, t.d. fjell- og åsryggar som Nord­mannen i Lurøy og Tuvlimannen i Vefsn, og det kan truleg passe for Tørrmannen med.

Samtidig er det viktig å understreke at oppstikkande fjellpikar tidt heiter noko på –mannen, utan å ha med man el. mån å gjere, og det same gjeld særmerkte humpar og steinar: Med kvart er den fulle sms. som gir oss meininga, som Skjortmannen (Kvitskjortmannen) om ein lys stein på gnr. 43 i Vega; likeins Kabyssmannen om ein rund hump på gnr 52 i Vestvågøy (kabyss var eit hovudplagg og går att i mange stadnamn på landsbasis). Også eit skjer utom Hadseløya ber namnet Kabussmannen.

Kabbussteinen nordom Straume i Bø kan minne om eit hovudplagg når du ser han frå ein viss vinkel. .

Men «mann» er kan vere eit endå meir lauseleg namneelement, slik som i Krynselmannen i Straumdalen i Rødøy, ein storvoren stein ml. fleire små: Krynsel er identisk med krinsel m «(liten) krins, klung, gruppe9.

Steinmannen heiter ein varde i Straumsbotn i Rana, jfr. det vanlegare «steinkjerring». I skjeringspunktet mellom skjemtsam og meir abstrakt namnebruk kan dessutan nemnast Mannen, også kalla Hinmannen, og dertil Blautmannen ein annan stad, namn på to gamle utmarkslåtter på Skogvollmyran på Andøya. Denne temmeleg frie bruken av «mann» har hatt knoppskytingar fram til vår eiga tid, jfr. Deccamannen heiter ein médhump i myrane på Saura på Andøya10, så her er det sanneleg store spenn i namnelagingsmåten.

Også fleirtalsformer finst av den slags namn: Mannan heiter to ekrer på garden Hongset i Vega, medan Mennene er to tindar på garden Kangerura i Hol i Vestvågøy. Tindar er også Finnkondalsmennene i Dverberg, Mennene i Breivika i same sokn er derimot eit ra midtvegs oppå myrane, med nokre store steinar på. Det har ein parallell ein stad lenger sør i Nordland:

Vismannheia |»vīsmaᶇᶇ-| ligg i utmarka på garden Mevika i Gildeskål, og ho sluttar seg til Forhaugan, ein særs uslett pall eller «fot» i framkant av det brattare Tverrfjellet. På denne pallen ligg hopar av store blokker «sletra» utover. Også på sjølve myrpallen Vismannheia finst restar av foraskog, men elles er det flater og -strimlar av myr og lauvskog som pregar området.

I flg. eit skolebarnnotat 1936 er det eigentleg tale om «navn på noen store steiner som ligger på myra»: Flyfoto viser ein oppsplitta bergrygg, dvs. med opningar mellom jordfaste berg, og dessutan ei oppdelt, større blokk som ligg meir isolert i myra. Tradisjonen kring namnet er mager, så vel som når det gjeld Vismannen i Lofoten, men vegvisar skal det ikkje vere tale om, her må vi heller tolke dette med «vis (klok) mann» bokstavleg: Blant alle steinblokkene i området høvde det venteleg for bamse å leite seg hi: «Lapparna nämnde icke gärna björnen med hans egentliga namn, utan kallade honom på en mängd olika sätt: skogens husbonde, bergsgubben, den vise mannen, det heliga djuret och Guds hund» (Uno Holmberg, «Lapparnas religion»: 41).

Store blokker på Vismannheia i Gildeskål. Kartverket

M.o.t. –mann– skal vi hugse at der er ein landsomfattande tendens til å omskape terrengordet man til «mann». Døme er «Mannheia» oppkalla etter «Vuttudalsmannen» i Ork­land k., «Fjellmannheia» i Nærøysund like eins. Skogman i same tyding som skogband (der skogen sluttar og snaufjellet tar over) er nok eit mindre kjent ord, men ikkje reint dårleg dokumentert likevel15.

Trykt i «Håløygminne» 4-2012. Nyredigert.

————————————————————

1Anders Larsen, «Om sjøsamene» s. 42. Krukkul- minner om krykle = krøkle f “krokut tre eller grein”.

2Knut Strompdal, «Gamalt frå Helgeland» II: 79.

3Johan Hveding, «Folketru og folkeliv på Hålogaland» II: 78.

4Per Tylden i «Namn i fjellet»: 99 og Per Hovda i «Stedsnavn/Stadnamn»: 47.

5Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Troms fylke»: 20.

6Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn»: 145.

7Bjørnar Pedersen, Finnsæter, i flg. epost frå Hans Peder Pedersen .

8 Harald Grundström, «Lulelapsk ordbok» s. 1585.

9Norsk Ordbok b. 6: 1093.

10 Pga. ei radiomast som var reist der (navigasjonssystemet Decca rundt 1970).

11Kjell Venås, «Norske Innsjønamn» III: 546.

12Norsk Ordbok 7: spalte 1595.

13Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn»: 247.

14 Likevel «wistajes ädnam» i Lexicon Lapponicum s. 548.

15 Kjent frå Gausdal, Slidre, Sør-Aurdal og Hardanger (NO 10: 17), merk òg bergryggen Skogman, Valle i Setesdall så vel som Skogamannåsen i Stad og Skogamannhaugen i Gloppen.