Vesma og Vismunda
Vesma |’’væssma| heiter ei elv som har sine kjelder ved foten av Fiskebufjellet i Sør-Aurdal; ho fell sistpå ut i elva Reina. Desse to elvane blir nemnde i lag, i mange tilfelle. Oluf Rygh nemner i 1904 både ‘Vismundelven’ = Vesma i Reinli og ‘Vismund’ alias Vismunda |»vessmuᶇᶇa| som renn gjennom Nordre Land og Biri, dertil òg fjellet Vismunkletten.
Om alle tre namna seier Rygh: «Udentvivl en Afledning med Endelsen –und af en Stamme vism– (Norske Elve-navne 1904: 299). Men dette blir modifisert av Sophus Bugge, under Tillæg II på s. 343 i same boka: «Vismund. Synes at være en Rodform Vis– med kort i, som har staaet i Aflydsforhold til Elvenavnststammen Vís……: « –mund synes at være Aflednings-endelse. Stammeordets Betydning har mulig været ‘fugtig Engstrækning’».
Gustav Indrebø tenker litt annleis om ein del av dette. I si drøfting av eit anna namn, d.e. Vismunden, kjem han òg inn på ‘Vesmundelven’ i Sør-Aurdal: «Elvenamnet i Reinli er uttala væ`ssma, dat. –unn, og ‘Vesmundelven’ er ei mislukka skriftform utleidd fraa dativen». Han meiner liksom Sophus Bugge at i namnet Vismunden er det tale om ei avleiing på –mund, ikkje (berre) –und, og han setter namna Vismunden og Vismundselva = Vismunda (begge har i flg han lang i) saman med gno. veisa og nyno. veis ‘dike, våtland’ o.l.: «Derimot er korkje stomn eller suffiks i elva Vismunda det same som i «Vesmund-elven» i Reinli» (Norske Innsjønamn 1924: 219). I klartekst vil det seie at han held Vesma utanfor, i Vismund-drøftinga.
Jakob Sverdrup slutta seg til Oluf Rygh og meinte det er betre å vektlegge kor utbreidd suffikset –und er i norske elvenamn og naturnamn i det heile «enn å operere med dette uforklarlige og upåviselige «-mund«. Han meiner også at det er tale om ei stamme vism-, kort eller lang i vere usagt: Han nemner Indrebøs oppføring Vismunden |»vīsmŭᶇᶇ| utan innvendingar, iallfall (MM 1925: 130).
Sophus Bugge var åleine om å rekne med ei rotform Vis– med kort i. Kanskje la han vekt på den eldste skriveforma som vedkjem Vismunden som sæter, nemleg Veßmoe(n) setter 1661? Skriveformene med i er frå hundreåret etter, dvs frå 1754 eller yngre.
Å rekne med at det er tale om ei overlang stamme vīsm– er eigentleg problematisk, for ein kjenner ikkje til noko liknande frå norrøn kontekst. Sørsamisk kjenner derimot veesmedh v. ‘sortere’, også kjent i skriveformene vismet (sjå ordlista i boka «Kristoffer Sjulssons minnen») alias vessmet (Mankok). Det er eit temmeleg mangetydig ord: luke eller plukke ut (matrestar), ribbe (fugl), også skolme (erter), sikte, vrake osv. Resonnert slik er elvenamnet kan hende ei påminning om gamle aktivitetar på Fjellstølen, Myrstølen og Vesmevollen o.a. Ordet tyder dertil å stelle, fli, gjere reint, tynne ut, barke (tømmer), rydje, også om rydning i skogen?
Verbet veesmedh er opphav til veesmie «sortiment, utval» (= vessme, Mankok), dessutan også til handlingsnomenet (nomen actionis) veesmeminie «utplukking, sortering, rydjing» osv.
Det er opplagt at her får norske øyre med seg knapt meir av veesmeminie enn noko slikt som ‘væsmen-‘, utsett for å bli oppfatta som vestmenn som namn på vestlendingar, kan hende òg om telemarkingar, så blir ordet i nye norske namnelagingar «korrigert» til Vestmann-. Legg merke til Vestmannbråtan (sætervoll, Sigdal), Vestmannsbråten (bruk i Drammen), Vestmannrød (gard i Horten) osv. –Dette gjer ikkje krav på å vere sikre namnetolkingar, men påfallande er at med ei slik tolking ser det beintfram ut til at for- og etterleddet i namna står for heilt det same.
No har elva Vesma også vore grenseelv for Bagn/Reinli-området, då som sokne- og sameige-grense, i alle fall på strekninga ved Fjellstølen, noko ein også kan assosiere med det å skilje ut?
Det er likevel ein plagsam tanke at sørsam. veesmedh har så mykje med reinsking og med sortering å gjere – og at Vesma til slutt fell ut i Reina. Har begge elvane reinslege dygder som ikkje er påakta?
Det er elles særmerkt for Vesma at ho i store delar av sitt far «plukkar opp» tilrenn unna for unna. Langt på veg er det same tilfelle med Imsa i Snåsa, i eldre tid Ysma, eit namn som ser ut som sideform til *visma. Resonnert på siste måten blir elvenamnet det primære og Vesmevollen berre eit sekundær-namn.
Vismunda |»vīssmŭᶇᶇa| el. evt. |»vesmuᶇᶇa| renn på sine stykke over myrar, seier Indrebø, og det er rett. I så måte annleis enn Vesma. Vismunda fangar heller ikkje tilrenn i mengder, heilt frå starten av. Men ulikt Vesma, som er ei mykje mindre elv, forgreinar Vismunda seg historisk i eit utal av sildre-far idet ho renn ut i Mjøsa, trass i at ho er ei nokså stor elv med med tilrenn frå nesten 200 km² og har vore viktig for både fiske og tømmerfløyting. Det store og steinlause deltaet der elvevatnet vanlegvis sildra sakte var spesielt for elva.
Påfallande likt elvenamnet er det kolasamiske vīssmušš (vīssmuž) som på norsk er ‘avmakt, kraftløyse, trøyttleik, slitasje, utmatting’ (Rimma D. Kuruch, Саамско-русский словарь). I protosamisk var der sikkert nasal (n) etter u.
I utgangspunkt kan eit slikt elvenamn lyde usannsynleg, men ved nærmare ettertanke kjenner vi saktens uttrykk som tappa for krefter, utpumpa, uttømt, ja såmenn også utsila (Hallingdal)! Same slag overførte tydingar har også engelsk drained, tilmed i dansk låneform drænet, svensk dränerad, stadig om det å vere utmatta.

Biri 1956, endå med spor etter Vismunda sitt delta. «Norge i bilder», men her som utsnitt med endra kontrast og avvik frå kartretninga.
Ein kan nok likevel tolke elvenamnet på annan måte òg: ss vijries, sørl form vijdies attr adj tyder ‘vid, omfangsrik’. Tenker ein seg eit tidleg innlån til ss av urnordisk *munþa (> gno munnr > nyno munn) i tyding os, mynne, elvekjeft og kombinerer orda, får ein eit elvenamn *vijries-munþa alias *vijdies–munþa, der forleddet temmeleg raskt vil bli kontrahert til vīrs– alias vīs-. Elvenamnet *vijdies–munþa > Vismunda blir då beintfram *vidmunn-elva, vidmynne-elva, dvs nordiske namneledd, men i samisk presentasjon.