Gjerdrum
At det i 2020 gjekk eit kvikkleire-skred ved Ask i Gjerdrum i Akershus har nok ikkje gått folk av minne. Det tør derimot vere ukjent at sjølve namnet Gjerdrum er eit slags skredvarsel.
Gjerdrum |»jæłómm| som sokn- og kyrkje-namn i Akershus er skrive Giærdarynar s. 1340, Giærdarinar 1376, Gærdrinar, Giærinar pluss Gærdirinær ca 1400, men har likevel anna grammatisk form Giærdarini 1359, Gerdrini 1341 og Gerdrene 1461 – sistpå forenkla til Gerdene 1496. Yngre er former som Giærdereim, Gierdreim / Gierdrem, før Gierdrum o.l. tar over på 1500-talet; det siste gjeld òg for Gjerdrum-gardane, som sokna fekk sitt namn av. Men før det, utetter 1400-talet, opptrer likeins gardnamna i former som a Giardarini, a Gerderinj, a Gærdrini o.l.
Rygh fann ut noko
O. Rygh leitar, sin vane tru, etter eit elvenamn som kan vere opphavet til bygdenamnet, og aller helst *Gerð, evt. Gjermåa, men «dette lader sig dog neppe gjøre». Han gir beintfram opp å forklare Giærdarynar o.l. som i 1496 var blitt forenkla til Gerdene.
Det finst likevel ein omveg til betre forståing, nemleg det som er sagt om gnr 15 i Bykle i Setesdal, Gjerdene |»jarinne|, dat.|»jåró|, skr.Giorde 1612. Gierdenn 1601 osv. Her lyder talen svært klar: « Udtaleformerne svarer saa korrekt, som det er muligt, mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af jǫrð f., som meget hyppig bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At Navnet altid har været skrevet, som om det var oldn. gerði n., Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde have havt ganske andre Bøiningsformer».
Det norrøne hrynja
Det ser såleis ut til, at visse uttaleformer av jǫrð alt på 1300-talet kan la seg forveksle med gerði. Vi vågar då å ta Giærdarynar for jarða- evt jarðar-rynar, der –rynar står for –hrynar, truleg sideform til hrynir som er regelrett flt av norr. *hrynr m, til verbet hrynja ’styrte, falle, ramle’, sml bøyingsmønsteret i norrøne hankjønsord som dryn, dyn og styn og likeins nyn ryn m ‘bulder’ (Torp). Nærslekta er også nyn. rune m ‘ras’ mm (Aasen).
Samanlikna med norrønt jarðarfall = jarðarspell ’jordspille, nedsiging av jord, skade på jord’ er *jarðarhryn meir dramatisk. Ordbøker fortel at verbet hrynja i første rekke er å finne i skaldemål, så på 1300-talet var nok ordet på veg ut av språket. Den lydlege avrundinga y > i var ganske ordinær, men gjorde det mindre lett å forstå samanhengen.
Nærslekta namn
At soknenamnet opphavleg hadde fleirtalsform, botna nok i eit medvit om at det var tale om tre gardar. Derimot gir Gjerdrum-gardane (gnr 12 -13) på første del av 1400-talet seg til kjenne med delvis avvikande skrivformer a Giardarini, a Gærdrine, Gerderinj (2 ggr), af Giærdirini, Gærdrini o.l. Skriveforma Gerderinj får oss til å ane at namnet hadde ei talemålsform som ikkje var så lett å normere i skrift, jf isl hrynjandi m ’nedfall, skred’. Skriveformene på –rini kan derimot vere –(h)ryni, dativ sg av *hrynr m.
O. Rygh hadde det elles klart for seg at fleire andre gardsnamn har sitt opphav i verbet hrynja, så som Ronøy el. Røneid i Luster, med gamle steinrap opp i dagen og med eldst skrivemåte Ryney. Mykje nærmare Gjerdrum ligg likevel Rønjul |»rønnjúł| el. |»rinnjúł| gnr 59 i Vestby, skr i Ryniolum ca 1400, av O. Rygh tolka som «Rynjólar, hvori sidste Led utvivlsomt er Flt. af hóll m., rundagtig Høide … I 1ste Led maa det være rimeligst at søge det gamle Ord rynja (hrynja), hvis Betydning, ligesom endnu i Folkesproget, var: falde, styrte ned. Navnet kunde da betegne en Høide, hvorfra der var gaaet eller oftere gik Skred». Her kan vi også nemne Hrynjuhóll i Grimsey på Island.