Vevel og vel
Vevelstad vart i 1916 skild ut frå Tjøtta. Her seier Norske Gaardnavne: «Sognets Navn er egentlig Gaardnavn», dvs gnr. 12 Vevelstad |»vævvełsta|, eldre uttale |»vøvełsta|». Namnet vart skrive Veffuelstad 1567, Veffuelstad 1610, Weuel- 1614 og Weffuel- 1661. Eldre former kjenner ein ikkje. Forleddet er mannsnamnet Vifill, i flg NG då.
Til det siste er å seie at i ei fjern fortid tenkte folk neppe først og fremst på individet når dei gav garden namn, så i dag ser namneforskinga med ein viss skepsis på personamnbaserte gardsnamntolkingar. Det er iallfall lurt å først sjå etter om eit gardsnamn fortel noko om sjølve landskapet?
Garden ligg ved det lange og rette Vevelstadsundet. Ei ikkje urimeleg tolking er at det inneber samanlikning med norr. vifl f. «vevl, banketre (ved vasking)», jf omtalen av namn som Gand og Gjende og Stokksund i Norsk Stadnamnleksikon. Elles bør vi merke oss at vevl m «banketre» også er kjent i uttalen vøvvel, frå Fauske og Skjerstad (NO 12: 1016).

Vevelstad ligg attmed det langsmale Vevelstadsundet, med den mesta klubbeforma Hamnøya utanfor, så norr. vifl ‘banketre’ er ein rimeleg assosiasjon, men på Vevelstad har også Brøloselva sine kjelder, og ho renn parallelt med sundet langt sørover og får ei mengd med tilrenn på den strekninga. Norgeskart.
Større vekt må vi legge på at same gardsnamnet også finst ein annan stad i landet, dvs Vevelstad |»vauełsta| i Ski (no Follo) i Akershus. Det gamle gardsvaldet der er mykje nedbygd, men kartet viser like fullt at Vevelstadåsen og området ikring er veldig kupert.
Eit namn laga over nesten same lest er Vevlingstad i Stange, Hedmark. Der er humpar og søkk i mengder. For di vårt helgelandske Vevelstad også er til dels nokså kupert, kan vi komme i tankar om enkelte uttrykk nordlendingar flest kjenner godt til, om folk som vevlar i framferd eller tale, lagar vevl n «tøys og tull» (rot og ugreie). Det kunne vere at dette, eller ei form som liknar, har vore brukt om landskap der det er tungvint å ta seg fram eller rydde åker- og beitemark, men det er uråd å påvise konkrete terrengord i samsvar med det.

Kring det nedbygde Vevelstad i Ski må mange bekke-overgangar ha vore i bruk.
Derimot kan ein med stor topografisk gevinst vektlegge at Vevelstad i Ski vart uttala Vauel– og at eldre uttale av gardsnamnet Vevelstad på Helgeland var Vøvel-. Det er nemleg så at norr. vaðal m «val» (jf. vaða v.) hadde sideformene veðill og vǫðull.
Nordlendingar flest dreg neppe kjensel på desse to siste formene, men i Rogaland ber fire gardar namnet Vaule, og dei eldste skriveformene for tre av dei etterlet ingen tvil om at opphavet er norrøn dativ *vǫðli og at ein lydovergang ð > v må ha skjedd, dvs. Vǫðli >Vøvle > Vaule. Dei tre gardsnamna er skrivne både Wøffle og Wauffle på 1600-talet, sml atter dei eldre formene frå Vevelstad i Akershus og på Helgeland, dessutan at Vaulen som terrengord finst ei mengd stader på vestnorsk område.
I aust er diftongen au oftare blitt til ø: Ein finn td Vølen i Aremark og Stokke.Derimot fekk Agder – Telemark endringane vǫðull > vøjel > vøyl. Desse mellomnorske lydovergangane er nærmare omtala i Norsk Målsoga s. 227 flg.
Det ein nordlending lett kjenner igjen, er sjølvsagt avkortinga frå norr. vaðall til val, men i Sømna har dei ekre-namnet Vaulkrakjet like aust av Vadhågan: Der i bygda vil eit ‘krake’ seie eit uproduktivt stykke jord, og Vaulkrakjet er berre blåleir med eit tynt jordlag oppå.
Ein parallell til avkortinga vaðall > val er truleg gardsnamna Velsvåg i Leirfjord og Velsvik i Volda med stavingsbortfall norr. veðill->vel-, så *Veðilsvík vart Velsvik og *Veðilsvágr vart *Velsvåg. Det same skjedde i eit anna nordnorsk bygdenamn, Velfjorden, skrive Wellfiordenn 1567. Av dei to andre namna har ein ikkje eldre skrive-former enn frå tidleg 1600-tal. Gardsnamnet i Volda er på den tid skrive både Wals- og Wels-. Slike variantar av namna i Nordland kjenner vi ikkje.
For Velsvik og Velsvåg har vi ikkje skrive- eller uttaleformer som viser ein lydovergang *veðill-> vevel- før full forkorting skjedde, men dei er sannsynlege nok. Då ville lydsekvensen v-v-v i dei to første namna i ei mellomform *vevelsvik og *vevelsvåg ‘ubønnhørlig’ gje forenkling til Vels-. Likeins ville lydsekvensen v-v-f i eit temmeleg sannsynleg namn *Vevelfjord bli forenkla til –v-f– med ei forenkling Velfjord som resultat.

Velsvåg i Leirfjord. Norge i bilder.
Relevant i samband med Vevelstad-namna er holmenamnet Veveløya frå Nærøysund kommune: Lokaliteten er slett ikkje såleis på form at vifl «banketre» el.l. gir meining. Derimot er det ovgrunne farvatnet kring holmen av den art at norr. vaðall– lik veðill– i lydleg overgang til vevel– passar.
No kan val ha fleire valørar, som i i Rana og Rødøy: «grunn vik eller bukt som ligg turr ved ved lågvatn» (NO 12: 529). Det høver klart for Vevelstad, Velsvåg og Velfjorden, men i Trøndelag og på Møre kan val òg vere «sandbanke, grunne i vatn» likså vel som «trongt farvatn, hol» (jf Veveløya). På atter andre stader er val dss eit vad over elv eller bekk. Slår vi saman alle gards- og naturnamn med opphav i vaðall, veðill og vǫðull, utvidar tydings-spekteret seg truleg endå meir.
Både vaðlar og vaðlir var fleirtalsform av vaðall. Namn som Vedlane (Hyllestad i Sogn og Fj.) og Vedlene (Etne i Hord.) er helst bunden fleirtalsform av norr. vǫllr, vellir med dialektrett overgang ll > dl og då ikkje fleirtal av veðill, men der er eit val-område i austre del av Øyjord-vatnet tett ved Vedlane, og Vedlene i Etne ligg lågt og skal vere utsett for flaum.
Ein vanleg ml.norsk overgang veðill > vevil, vevel finn ein i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy), Vevlen i Halden og tilmed Veflen i Vang i Valdres. Ei utvida form vevling gir seg til kjenne på Vevlingstad i Stange, nemnt tidlegare. Garden har spreidde pyttar som sitt særmerke. Den særs oppsplitta øya Vevlingen i Kinn har både lange myrdrag med vasspyttar så vel som ei mengd valar – mellom holmar som elles ville vere heilt frittliggande.
Ein alternativ ml.norsk lydovergang veðill > vejil, vejel har gitt forma Veilen fl st i Telemark. Men fullt avkorta form veðill > vel i b.f. Velen finst andre stader, då likt med vaðall > val.
