Tafsehyrna
Å tafse er eit fleirtydig ord. Det kan vere å tafse opp = trevle opp, eller tvert imot å filtre seg i hop, vidare å klå på, handklå. Vanskelegare å fatte er kva tafs står for når det er snakk om terreng, endå det opptrer i ein handfull namn frå Brønnøy, Bindal og Namsos og dertil eit par frå Luster og Stryn.
Tafsvika i Forbergskogen i Brønnøy har veldig bratte kantar, både på auster- og vestersida. Tafsneset i same kommune er ikkje så bratt i seg sjølv, men ligg under ei bratt fjellside side om side med Brattbekken. – Tafsdalen i Bindal er veldig smal og djup og ser nærmast ut som eit brattkanta rasfar. Brattkanta er også den platåforma kråa Tafsholet i Bindal så vel som ein minidal med same namnet i Namsos. Vidare er her å nemne Tafsaskreda |-skreo| i Luster, mellom Holegutskreda og Slåtteskreda, alle oppunder bratte hamrar og flog. – Fjellframspringet Tafsehyrna inst i Tverrbotnen i Stryn er det mest markante av desse lokalitetane. Endå fleire Tafs-namn finst nok; Tafsgjota og Tafsgrova i Bindal er ikkje kartfesta enno.

Tafsehyrna i Tverrbotnen i Stryn. Norgeskart.
Ei rimeleg norsk forklaring på forleddet Tafs- er i namn som desse er ufunnen. Det kallar rett nok på interesse at å tafse kan vere å slite seg fram i tungt føre (NO 11: 501, frå Østre Slidre og Hjartdal), men det framstår som meir sakretta at sørsamisk tsavtse tyder ’stigning’. Vel skulle ein tru dette ville resultere i ein forenkla norsk uttale *saf(t)s-, men at det ikkje har skjedd, kan ha ei heilt enkel forklaring: Forleddet Ts– i desse tidleg innlånte namna oppfatta norsktalande som identisk med den norrøne framlyden thorn (þ), og då sistnemnde gjekk over til vanleg t, gjekk det same vegen med desse namna au.