Bone, ikkje bonde

Når norsktalande overtar samiske stadnamn, skjer iblant falsk gjenkjenning. Det går ut på at samiske terregord blir «vridd» i retning av norske ord som slumpar til å likne, men ikkje har noko med terrenget å gjere. Det samiske elementet overlever då i forvanska form. Eitt døme er nordsamisk bovdna (open o) «tuve; liten haug i myr» m.m. Sørlegare former bovna, bovne står for «lågt, snautt berg», evt.'liten fjäll-klimp, som en kägla» (Qv nr. 103). Det er treffande for Bonhammaren i Bø i Nordland, foto ovanfor. Eigentleg finst formasjonar landet over som liknar. Skrivemåten blir ofte eit lydrett Bon-, men altfor ofte ser ein det «retta» til Bond(e)-.

Bonen er ein gammal tilror for Andenes, då tydelegvis kalla så etter eine medfjellet, det tuveforma ca. 500 m høge Litlehornet, samisk Unnačoarvaš, innom Inner-Aun i Harstad k. Bonen heiter òg ein rundvoren fløholme på Vindstad i Moskenes, medan Bonen ved Tverrsundet i Gildeskål er ei dryg fjelltuve. I Lurøyfjellet finst ein åshump Bonen, og Bonen i Kongsberg og i Kristiansand er litt ruvande åsar, likeins Bondåsen,Tynset. Bondehaugen ved Bondevika i Kvinnherad er særs rund, medan den ved Bondevika i Gloppen er meir avsniska pga. vegbygging.

I nordsamiske stadnamn tyder bovdna tuve, hump el. haug, både som for- og sisteledd. Ganske ruvande er Stuorabovdna = Stortuva i Ullsfjorden, jf. vidare Stoerreåbåvne i Hattfjelldal, Laedtiebåvne i Meråker og Liejpiebåvne i Tydal; også som namn på nokså store åsar er sørsam. -båvne vanleg nok.Termen boune (les båone, båvne) er òg definert slik: «lägre, begränsade, torra, delvis skoglösa bergspartier, i regel vid trädgränsen» (Bertil Wiinka 1986). Såleis i Storfjell-området i Södra Lappland.

Nordsamiske er namna Bovdnagieddi «tuve-eng» og Bovdnajeaggi, jf.jeaggebovna 'myr-tuve' frå Ofoten. Denslags namn blir andre stader fornorska til Bonjorda og Bonmyra, og namneforma Bondalen finn vi over heile landet, så å seie.

Som usms. øynamn er nok Bov(d)na ukjent i samisk, men Bonøya i Lebesby, Hammerfest, Bjarkøy og Vikna har iallfall ordet som forledd. Alle har fleire humpar.

Samanlikningsvis kjenner vi heller ikkje noko norsk øynamn Tuva, derimot Tuvøya tre stader i Vega. Lebesby har ein ås kalla Miekta «grastuve», men i Karlsøy er dette namn på ein holmegruppe der den største holmen er tuveforma. I sørsamisk kan åsar og fjell kalla Båvne vere ei rund «tuve», men i Vilhelmina, Røyrvik og Jämtland kan det nok også vere tale om lokalitetar med fleire humpar.

Unik er omlaginga av namnet på ein myrrabb på Straumnes i Gimsøy, Vågan: Sam. njáhce-bovdna tyder «høg grasgrodd myrtuve», men vart til Jarsponen for di norsktalande tok førsteleddet Njáhc- for å vere Jar-s- og oppfatta -s- som framlyd i sisteleddet, då vart også s/b- til -sp-. Vel var Jarsponen tolka som 'jar[n]sponen' "jarnskeia" eit rart namn på ein hump, men det gav i alle fall ei slags meining, det minte iallfall om sasponen som kjøkkenreiskap. I Bliksvær utanfor Bodø har dei forresten eit skjer som heiter nettopp det.

Variantar av det nemnte samiske ordet for «tuve» (uviktig er at b- iblant blir p-) gir med tilnærma lydrett skrivemåte flg. liste: nordsam, båvdna, lulesam. båvna, båvnå, pítesam.1 båvdnå, malåsam. bavdna, i sørsamisk elles bavna (Jemtland) og for øvrig båvnè (i nordlege område) og bavnè (i sørlege). I Vilhelmina er begge dei to siste formene registrerte.

At former som desse har vid utbreiing i samiske stadnamn er ein ting. Innslag i det som skulle vere norske stadnamn er noko anna. Dei som held samisk påverknad utanfor i forsøka på å finne ei truverdig forklaring på Bon(de)-namna får det ikkje enkelt!

Eingong hadde visse matrettar fantasifulle namn som arme riddere, forloren hare og tilslørede bondepiker. Her er det snarare tale om "tilsløret bondeknold"?

Trykt i Håløygminne 2019-4, nyredigert.