Ånnstad

I stadnamngranskinga har det på siste halvdel av 1900-åra rådd tydeleg skepsis mot personnamn-baserte gardsnamntolkingar,  især når det gjeld staðir-namn. Attåt kjem så det spørs­målet, når det er tale om små gardar med namn på –stad, om alle desse høyrer til den historiske staðir-kategorien?

Sortland sett frå Maurnes. Midt i biletet eit søkk ved garden Ånnstad ved den lågare overgangen til Holmstaddalen, her med regnéling rett over. Til h. for Ånnstad den akselforma Ånnstadblåheia som garden Ånnstad ligg frammed.

Ånnstad i Ibestad, Sortland, Hadsel og Moskenes er blant dei klart problematiske namna. Dei aller eldste skriveformene (mest mellomnorske) for garden i Ibestad viser at Ånnstad vart oppfatta som ei sms med mannsnamnet Arni, som òg kunne ha lang a, Árni. Rygh er sjølv inne på at «en ganske anden Lydutvikling av Navnet har man i det sms. Fjord-navn Astafjorden», eldst form (i) Arnastadafyrde. Uttalesli­tasjen blir då som for Asterset i Bø, eldre Arnsteinset

Det er opplagt problematisk at namnet Ånnstad i alle fire tilfelle blir uttalt med kort å, det var å forvente |»aᶇᶇsta| med kort a, dvs. dersom gno Arni låg til grunn. Forma Ådne for gno Árni fanst i flg. «Norsk Personnamnleksikon» sør for Sogn og Valdres, det er ikkje er spor etter nokon nordlegare variant |»å:ᶇe| med palatal n i skriftlege kjelder, det ein veit. Det er tvilsamt at denne har eksistert, og like tvilsamt er at gardsnamnet Ånnstad har fått opphavleg lang å forkorta etter overgangen á > å.

Åne (ikkje-palatal n) var etter folketeljinga 1801 eit ikkje utbreidd, men heller ikkje eit uvanleg manns-namn i Nordland og Troms. Namneberarar var visst både samar og nordmenn; av sistnemnde trong ikkje alle å vere fødde i landsdelen. Det ligg nær å oppfatte Åne som ein variant av mannsnamnet som i dette manntalet står som Ånet og Åneth (norsk Anund, gno. Ǫnundr), heilt frå Vefsn i sør til Lebesby i nord og der samisk tilknyting som regel var klar. Uvisst er om det historisk seine Åne har å gjere med det gno. mannsnamnet Áni, men det vart iallfall rekna som meir «stuereint» norsk enn Ånet(h).

Skal her skrive gardsnamnet Ånnstad, for å framheve poenget kort å, men ver merksam på at tradisjonell skrivemåte har vore Ånstad. No er det gale kva finger du så skjer deg i, heiter det, for Ånnstad er jo i strid med vanlege rettskrivingsreglar: Skulle uttale og skriveform harmonere er *onnstad skriveforma som kjem nærast, men då er vi i dobbel meining hamna på jordet, dessutan er overleverte skriveformer av Ånnstad-namnet, iallfall for Nordland sitt vedkommande, iblant så spesiell at det er usannsynleg at mannsnamnet Árni eller Arni kan vere opphavet: Ånnstad-gardane i Hadsel er, med store sprik, kalla Aanistaid, Ondistad og Vndistad 1567, Unnestad, noch aff Unnestade 1611, Vnnestad og Aunstad 1614.

Garden i Sortland og i Ibestad har visstnok færre skriveformer å vise til, men for Ibestad sin del kan iallfall fleirtalet av former i NG tolkast i retning av mannsnamnet Arni. Dei refererte skriveformene frå Hadsel og især for Moskenes (sjå litt seinare), peikar like klart i retning av ein uttale med diftong au, som i desse og andre liknande tilfelle i røynda vart skriven ou, u, ov, v, ow, wo, eller også eu-, ev-, effue-, alt etter tidbolk, kjeldetype etc.

Langt sørvest i Øksnes kommune ligg Ånnfjorden, |»åᶇᶇ-l, kjend for folk som fer langs stranda på tur til og frå Bø, sjølv om langtfrå alle bryr seg om kva namn fjorden har, eitt mindre lurar på kva namn han har! Elles går fjorden i skrift tidt for Auenfjord òg, men den diftongerte skriveforma dukkar opp først på 1800-talet og er dermed langt, langt yngre enn skriveformene for Ånnstad i Hadsel og i Moskenes.

På Melchior Ramus’ kartskisser frå 1689 manglar både Ånnfjorden og alle småfjordane på motsett side. Der er eit sprang eller tomrom frå eidet Ryggefjorden – Jørnfjorden i vest og til eidet mellom «Eidsfiord» (les Bjørndalsfjorden) og Skjærfjorden i aust. Det var ikkje det enklaste stykket geografi å lage kartskisse over heller! Men dei to eida Ramus som tok med, var alltid viktigare farvegar enn Ånnfjorden, endå den òg – i og for seg – har vore ein kjend passasje. 

Ånnvika i Sømna (gnr 28 i gl. Brønnøy) har, ulikt Ånnstad-gardane, temmeleg stø skrivemåte på And- frå 1567 av, vel å merke etter NG å dømme, men kva namnetolking gjeld har vi her berre Rygh å vise til: «vel *Arnavík, sms. med Mandsnavnet Arni».

Dei avvikande skriveformene for Ånnstad i Hadsel etterlet tvil, er sagt. Her skal nemnast eit uttalefenomen som før var utbreidd i Bø, nemleg diftongert uttale av kort o og ǫ, så som i odd(e), skodda, lodda (fisk), så vel som i dogg, vogga, varmlauen for -logen, gås-bauen for -bogen ( = fuglen spoe), Lauen for Logen (eit i dag tørrlagt vassfar), osv. Fenomenet er drøfta av Hallfrid Christiansen (hf III: 157 flg), som presiserer at slik diftongering inntreffer framfor palatal n, d og l, men også i andre stillingar (jf. B. Martinussen: 9).

Især interessant i vår samanheng er dømet bøuᶇᶇ for boᶇᶇ = born, som Christiansen hentar frå Ragnvald Iversen (Senjen-maalet: 39). I vidare samanheng er det ikkje ein uviktig detalj, jf med former som bødn frå Valdres, Hallingdal og bunn frå Setesdal (NO b. 1).

På Dønna har dei eit elvenamn Gonna |’gåᶇᶇȧ|, gno. gǫrn f «tarm»: Merk at same ordet i Breim i Sogn og Fjordane blir uttalt som gaunne (palatal n) i ein-og fleirtalsform. Interessant er også at fonn, gno. fǫnn f «skavl, snø» på lands-basis viser seg i dialektformer fødn og føynn og føydn, så vel som faunn og faudn. Just ein eldre uttale faunn for fonn kan vere grunnen til at Fonn- i gardsnamna Fonndalen og  Fonnøyra  gnr 18 og 19 i Meløy er på 1600-talet og til dels seinare skrive Fun -, Funn- og Funnd-. Vel var det oftast så den at dei skrivekunnige las og skreiv av etter kvarandre, men kun ein eldre uttale Faunn– med au kan forklare dei fordanska skriveformene med u, skrivaren ville for all del unngå det udanske au.

Namna på Ånn- fanst nok tilsvarande og i lang tid med parallelle uttaleformer på  Aunn– (Øunn-, Eunn-), på den tid òg med palatal nn. Det kan òg forklare skriveforma Auenfjord for Ånnfjorden, då diftongeringa kom i kort vokal (o og ǫ) framfor palatal. Merk at overgang rn> ᶇᶇ utan diftong opptrer i stadnamn sms. med gno forn «gammal», så som Forngammen i Evenes og Fornhusvollen i Skjerstad, for ikkje å gløyme det avspora Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan) i Hadsel og Øksnes: Der går (palatal) ᶇᶇ + vanleg n i -naustan ikkje i hop i det heile. Ein kunne nok normalisere desse namna til Forn- for få fram kva for ord det er tale om, jf Fornebu, fornminne o.l.

Ein kunne tenke seg at gardsnamna (og fjord-namnet) kom av fuglenamnet ørn, dvs at gno. ǫrn kanskje også fanst med ein uttale *øuᶇᶇ . Men stoda er den at ørn i stadnamn – så vel som i vanleg tale – overalt held oppe lydsambandet rn, motsett bjørntjørn og fleire andre ord som har fått uttale med palatal nn og tendens til diftong.

Kva så med Ǫrn nytta som mannsnamn, som ei sideform til Arni? Her har i namnelitteraturen svar ferdig: «Disse to Mandsnavne kunne ikke adskilles i Sammensætninger; Ǫrn forekommer forøvrigt forholdsvis sjeldnere og kan i den senere Middelalder nep­pe sikkert paavises i Norge» (Rygh 1901: 10). Vi får då la den floken ligge og prøve eit anna grep: Finst det ein topografisk samnemnar for lokalitetane som heiter noko på Ånn– (åᶇᶇ-)?

Slåande er at vi alle desse stadene finn markerte dalsenkningar eller passasjar nær vedkommande gard, motsett fjellgarden elles i same område. For Ånnstad i Hadsel og Sortland og Ibestad er det udiskutabelt medan Ånnstad i Hadsel ligg i ei amfi-liknande utviding av landskapet med relativt vid dalopning ovanfor, i kontrast til nabogarden Ongstad. Ånnstad i Sortland ligg nær det skardet som fungerer som overgang til Holmstaddalen frå sør, og karakteristisk for botnen av Ånnfjorden er to overgangar til fjordane på hi sida. – Ånnvika i Sømna er, på sin stad, ein naturleg vegpassasje vestover til Vik.

Kor fører så dette oss? Truleg har vi å gjere med gno. ǫnd f, då ikkje i tydinga and (fugl) eller ande (pust), men heller «forstove, gang», i tyding liksom i anddyri «Forstue, Forgaard, det foran Indgangen til Huset værende Rum, = fordyri» (Fritzner). Stadnamn på Ǫnd-går i så fall på den plassering garden har i forkant av ein dalformasjon, tenkt på som eit ope rom med inngangen der garden ligg. Alderdommelege namne-lagingar der meininga tidleg vart fordunkla, jf. lat. antae «freistehende tempelwände, die einen vorbau bilden» og gl.irsk átá «rahmen einer tür» (de Vries o.a.).

Lydovergangar gjorde det vanskeleg å forstå kva som opphavleg låg i namna. Ordet har gno. eintalsform lik ǫnd f «and» (fugl) og ǫnd f «ande, pust; ånd, sjel». Systemrett skulle ein vente gen sg andar, redusert til  anda– i mlno.Jf det geografisk tvilsamt plasserte ‘af Andastader’ i i Aslak Bolts jordbok frå Moskenes eller Hadsel. Nær Skotnes i Buksnes ligg Annstadheia, ein fjellformasjon med passasjar og skard på alle kantar, så garden kan like snart ha lege i det området.

Eit anna gardsnamn som er interessant i samanhengen er Åndervåg nord på Andørja (her har Rygh også ein uttale  øuᶇᶇer-: At det og øy-namnet Andørja heng i hop er opplagt, samtidig som det fell naturleg å tenke seg samband med gno anddyri. Rygh gjer just det, etter å ha prøvd fleire andre, lite tilfredsstillande tolkingar: «Jeg er derfor tilbøielig til at søge en ganske anden Forklaring af Navnet, idet jeg formoder, at And­yrja er en mindre korrekt Skrivemaade for *Anddyrja, og sætter dette i Forbindelse med anddyrr f. Flt., Forstue, det foran Indgangen til Huset værende Rum. For dem, som seilede ind fra Havet eller efter Leden nordenom Øen, kunde det være naturligt at betegne Vaagen ….. foran den trange Strøm, som fører ind til den store Strømbotn, som anddyrr. Og da denne Lokalitet i Fortiden vel har været den vigtigste paa Øen, er det forklarligt, at denne har faaet Navn [:Anddyrja] derefter. Siden har Vaagen og med den Gaarden igjen efter Øen faaet Navnet *Anddyrjuvágr».

Ganske uventa er det at han derimot tolkar Åndervåg i Lødingen tradisjonelt, som ei sms. med ǫrn «ørn» eller òg med Ǫrn nytta som mannsnamn! Den Åndervågen fungerer jo også som ei fordør eller passasje, vestfrå og inn til Saltvassosen.

Åndervåg i Andørja minner på eit vis om Ånnstad i Moskenes: Begge ligg på ei landstripe framfor eit vatn, men i Moskenes er ingen teikn til eldre passasje inn til vatnet. Så er då også skriveformene av dette vårt siste Ånnstad-namn merkverdige: Oudinnstad og Oudenstad 1567 (ulikt Onndestad 1610) – men Euestad 1647, Effuenstad 1667 og Evenstad 1723. Som Rygh seier: «I senere Tid sees det at være misforstaaet, som om det var sammensat enten med Auðun eller med Øyvindr». Han tenker på skriveformene vi kunne lese som Auen-, jf. her Auenfjord for Ånnfjorden.

I Moskenes sitt tilfelle er poenget neppe ein ‘inngang’ over eidet framfor Ånnstadvatnet. Namnet skal nok heller tolkast i lys av gammal ferdsel over den låge Ånnstadheia ned Ånnstadlia til Refsvika, og omvendt. Det var einaste fjellovergang på langan lei. I dei tider fekk ikkje dei vere umaksredde som ville vitje folk på hi sida fjellet.

Ånnstad (Ånstad) i Moskenes – legg merke til Ånstadheia og især Ånstadlia på Refsvik-sida. Kartverket.

Litteratur:


Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch. Leiden 1977.
Hallfrid Christiansen, Norske Dialekter III. De viktigste målmerker og deres råderom.
Ragnvald Iversen, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kra. 1913.
Birger Martinussen, Målet i Bø, auka utgåve 1973.
Kart: 1332 I ANDØRJA, 1232 III SORTLAND, 1132 II STOKMARKNES, LOFOTODDEN 1:100 000. Jfr Håløygminne 4-2004