Man, Mann
Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann, rådmann el.a. Det finst og ein del friare bruk av ordet, som når ein gardbrukar kan bli omtala som gardmann eller ein matglad kar blir kalla matmann, osv. Variasjonsrikdommen på dette feltet var endå større i norrønt mål, der vi vil finne nærsagt tallause variasjonar over temaet -maðr, -manns-.
Så langt er der ikkje grunn til å problematisere ordet mann på noko vis, men i stadnamn er det litt annleis. At husmann, lensmann, styrmann osv er representerte overraskar lite, noko anna er at Daudmanns-namn er over all måte talrike!
Størst grunn er det til å stusse over “yrkesnemningane” som dukkar opp, så som Furmann- og Murmann-, Bekkmann- og Sekkjemann-. Stadnamn på Tremann-, Firemann-, Seksmann-, Sjumann- må vel på ein eller annan måte ha med små og store grupper å gjere? Eit hakk rarare lyder Tellemann-, som ein kunne tru hong i hop med slektsnamnet Telemann! Namn på Timann- er temmeleg utbreidde, og her er det helst tale om ei forkorting av Tidemann-, brukt som fornamn, men kva så med Tolvmann-, som også finst? Det er opplagt at mesteparten av dette har fint lite med ‘ekte menn’ å gjere.
Sidan mann er eit ord alle kjenner, kan det ha blitt sett inn i andre og meir dunkle ordføyingar som likna, slik at utskiftinga syntes gje meir meining. I nokre tilfelle er det samiske ledd som er blitt omlaga, men den største feilkjelda er ordet man = mån (gno. mǫn), eigentleg eit hokjønnord brukt om hestenakken –der fakset er festa. Seinare har ordet i stor utstrekning gått over til hankjønnsform.
Omtolkinga frå man til «mann» slår til for fullt der ordet blir brukt overført om terreng og vegetasjon: ”Bjørkmann-“ for Bjørk(e)man– er eitt døme, eit anna det nyss nemnte Tellemann– som sannsynlegvis kjem frå gno. Þelli «telle, ungfuru», og dessutan ei rad namn med forledd Farmann(s) -og sisteledd -bekken, – åga, -vika og -øya, som i røynda fortel om ryggar med fòra (furu). Her kjem nok òg varianten Furmann– inn. Ein kan slett ikkje i alle tilfelle rekne med at dagens vegetasjon er i samsvar med det som eingong førte til at namnet oppstod. Murmannen (daglegnamn på eit bruk på Røsnes i Bø) er etter alle merke ei forvansking av *myrmanen, då der er eit smalt ra i den opphavlege myra, jf her Myrmannkjølen i Selbu.

«Langmann-“ er enkelt nok Langman-. Det gir eit lite aha! i jf med Mannra (Andøy) og Mannlia (Flakstad), Nordmannan (Træna), Nakje(n)mannshågen1 (Lurøy) og Raudmannlia (Rødøy) .
Fjellnamnet Blåmannen i Flakstad viser same uttaleovergang som Blåmannen i Bergen, men betre kjent i nord er Dønnmannen og Hestmannen. Eitt av fleire norrøne ord for hest var hross: Slike haug-namn som Røssmannskulten i Flakstad og Rossmannshaugen i Vefsn har helst med norrønt *hrossmǫn ‘hest(e)man’ å gjere, mindre sannsynleg er norrønt hrosssamaðr ,,hestekar“.
No er ikkje samanblandinga man-mann komplett, for på karta står det i ein del tilfelle enten Manen eller Månen, og ein haug i Vefsn går for begge delar. Det er korrekt nok at det høgaste partiet av Senjehesten skrivst som Manen – det heiter og ei skarp egg ved Rekvika på Nordkvaløya, men bør i så fall fjellkanten Rossmålen austafor rettare heite Rossmånen? ,,Mannhalsneset“ litt lenger nord på same fjellgard tyder på det.2
Elles har har Rismåls-, Durmåls- og Nattmåls-namn ofte nok fått ein ny uttale ,,Resmanns-“, ,,Durmanns-“, ,,Nattmanns-“. Ordet ,,mann“ kan øve så sterk assosiativ tiltrekning at ordet mål òg går med i dragsuget, i enkelte tilfelle kanskje også mòl ,,steinsamling“ (gno. mǫl)?
Fjæramannen heiter ein åkerkant mot fjæra på gnr. 187 Sjonbotn i Rana, det minner om Hagamannen som namn på eit innmarkstykke på Myrbekken gnr. 232 i Vefsn, og likeins blir to ekrer (attlagte åkrar) på Hongset i Vega kalla Mannan.
I ein arkeologisk rapport frå Harstad i 1874 står at det ,,paa Seljestad ved Stranden af Gansaasbotn, paa ,,Mandaakeren“ [er] flere smaa, ganske lave Røser, dels paa Fjeldet, dels paa en liden Græsvold; neppe norske forhistoriske Grave, mulig Russegrave“.
Fjellmann– og Felmann– som førsteledd i ein del stadnamn kan forvirre. Vi skulle tru at slike namn fortel om fjellvandring eller evt. om fjellman = fjellkant, men i mange tilfelle har dei heller med myrar og vassfar å gjere, så her er nok ei genitivsform fielbmá-n– ute og går, i dag ei typisk nordsamisk form. I andre namn møter vi Villmanns-, Vilmans– som peikar i retning av sørleg vielma-n, vealma-n-, også dét om å eller elv som heilt eller delvis renn renn stilt og djupt.3
Håmannstien el. ,,Hovmannstien“ på Elgsnes i Harstad går for Hovmandsteigen år 1824. Det harmonerer med andre teignamn i onrrådet: Håmannen sjølv er klart nok manen el. ryggen i skil mot Indre Elgsnes4, Elgmannen i det same (nær)området,5 ikkje å gløyme. – Håmannsberget i Ingelsfjorden i Hadsel, det ligg fremst på ein mektig man under tindane. Viktig i den samanheng er Håmannsvika og Homannsvika, eit namn som finst fleire stader i landsdelen og visst alle stader heng saman med manliknande fjellformer: Håmannsvika i Kvænangen er lita og ligg i enden av ein *håman, ein lang og bratt fjellkant som (NB) i aust har opningar (skard) ovanfor Mannskarvika. Håmannen i Berg er ein høg man, og Håmannsvika i Torsken, ho ligg under ei lang fjellside der det er mange slike manar.
Uventa nok, blant alle desse tvilsame ,,håmenn“ dukkar det opp nokre som det kan vere litt «substans» i. Saka er at Ivar Aasen fører opp eit hovmann (gno. hofmaðr), med vising til at håmann er ei vanleg form nordafjells. I folkeviser finst hommann, hos Petter Dass hommand, ein mildt sagt noko fleirtydig glose: ,,l. Tjenestemand hos en Høvding; Ledsager, Følgesvend. 2. Fuldmægtig, Skriverkarl; En som udfører Forretninger for en Foged eller Sorenskriver. 3. En Reisende, en fremmed Person“. Det er lite overraskande at ordet også kan bli brukt om folk som «sjefar» og er herskesjuke, om ustyrlege individ osv. (NO 5:635f). Ikkje nok med det, ordet vart i nordsamisk nytta om skrivarfullmektig i forma skrivarhoamma, jf homma om ,,gut, glunt“ i Hamarøy (Qv 1893: 193), tett opp til Aasens merknad om at ordet i ei segn frå Helgeland også tyder ,,ungkar“. – At ordet i tillegg tyder ,,balderbrå“ eller også strå som vart ståande att når dei slo nær opp til steinar er ei sak for seg, men nordpå er det ikkje registrert i akkurat den tyding.
Håmannsberget i Godfjorden i Sortland og i Levang i Leirfjord er namn som kan gå på man-form, kanskje også den no bortskotne Håmannsteinen i Punsvika, Ballangen. Kan hende trøydde framvekstingar tida der, eller så gjekk folk dit i sine eigne ærend (,,forretningar“)? Berre lokalkjent folk kan seie for sikkert kva slag *håmann som passar best i desse tilfella.
Jomannen heiter ein fjellrygg tett nord for Bøstad i Vestvågøy. Han kan ikkje kallast særmerkt på nokon måte. Skråninga mot vest er snau, mot aust fell han bratt av, med urdar i kanten og nedunder. Forklaringa er beintfram den at Jo- (tonelag l) er avkorting av sam. juovva ,,urd“, og at -mannen her òg er eit utslag av den etter kvart så velkjende omtolkinga av -manen.
Kumannsskallen i Røsthavet har sjølvsagt ingenting med kugjetarar å gjere, ei heilt anna sak er om han kan kallast ein kuvman = kuven man, eller om vi skal tenke på sam. gubmam ,,dump lyd“ ? Det siste skal passe nokså godt med låta frå skallen når han bryt.
Kvalmanneset på Silda i Loppa har òg fått eit merkeleg namn. Der går ein smal bergrygg opp frå sjøen, så kanskje er det meint kvalman lik det vanlegare kvalbak ‘kvalrygg’? Tett vestom neset er det ei trong vik, ei gammal *kvalvik kanskje.
Lappmann(s)vika under gnr 63 Skjelvika i Gildeskål er eit namn som lyder upåfallande, men i røynda er litt merkeleg, for andre stader heiter det berre Lappvika el. òg Finnvika, sms. ,,lappmann“ kjenner eg berre frå ein bansull eg skreiv ned i Barkestad kring 1965, etter ei som var ,,barnefødd“ i Raftsundet. Der heiter det m.a.: «Fem geiter og fem lam, de dansa i Jamtland. En liten lappmann der borti bakkland iblant simler og rene, iblant klipper og stene». Ordet lappmann står ikkje i Norsk Ordbok, men i Svenska Akademiens Ordbok med vising til ein variant av same bansullen: ,,Jag fattig lappmann, som bor uti Lapplann, mellan berg och stenar betar jag mina renar“.
Frå stadnamn i Jokkmokk rett over på andre sida av grensa kjenner vi ordet lábmá, då også skrive lápmá, som med eit tilføydd ,,kanske“ blir stilla saman med labma ,,jevnt land med megen skog“ – det siste etter Qvigstad og heimfesta til Arjeplog. Eit avleidd Lápmakis er namn på en ,,hed“ i Jokkmokk6, frå Tysfjord har Lagercrantz registrert det siste om ,,niedrig (Gebirgslandschaft)“, altså ,,lågt (fjellandskap)“, noko som peikar i anna lei og som forklarer bruken av det tvilfulle ,,kanske“. Saka er at området kring Lappmann(s)vika er påfallande ‘avflekt’ til eit lågland ved fjord å vere, med myrhol og grisne skogrøst i bergsprungene. Dalføret innafor sjølve Skjelvika like attmed er langt meir skogkledd og frodig. Det ser då ut til at lápmá, genitiv lápmá-n (i tyding som lápmakis frå Tysfjord) her er blitt til Lappmann-. Namnet skrivest skiftesvis Lappmann- og Lappmanns-vik, med ustø genitiv.
Luttmannen er namn på bergformasjonar to stader på yttersida av Hadseløya. Den eine er ein stor knaus med ei kliva i, og den andre ein slags piksteinformasjon attmed ei kløft. Men ein ‘luttmann’, er vel det ein mann som spelar på lutt ?? Det er ikkje finare å få det, seier folk ofte, men her lyder det altfor finkulturelt, luttmann- er snarare ei omkasta form av sam. luoddanam– ,,klivning-, rivning-“. Slike aktioformer på –am– som del av eit førsteled blir ofte til –an– også i heilsamiske ord og namn.
Saumannsvika i Saltdal er òg eit svært uvanleg namn: sauðamaðr hadde tydinga ,,mann som steller med sauene, sauegjetar“, men kor godt det høver med lokale forhold aller inst i Saltdalsfjorden skal vere usagt, jfr. Saumannsviksletta. 1990 kom det òg ein skrivemåte Somannvika (ikkje godkjend). Med store atterhald kan seiast, at i fall Somann- er mest uttalerett, får vi merke oss at den ovlange Tang(e)odden på hi sida av fjorden på eit vis ligg som eit ,,lokk“ framfor Saumanns- alias Somannvika. Er Soman- genitiv av ei nordleg form av sørsamisk soeme-gïete ,,peikefinger“, brukt om den langsmale tangen? Det er dristig å lansere ein slik teori, sjølvsagt, men forma Saumann- er iallfall like eineståande som det før omtalte Kumann-.
Skipmannsvika under gnr. 47 Dverset i Saltdal bør òg få eit ord. I skilet mellom denne garden og gnr. 48, ,,Skipmannvikfjell“, ligg den bratte og lange fjellkanten Rabben, som i høg grad kan kallast ein man eller ei mån. Namnet er skrive Schibmondsuig 1661, men Skibmandtzuig 1614, Schibmandsvig 1723 (NG l6: 232f). Meir sannsynleg enn at namnet kjem av gno. skipmaðr ,,sjømann“ er det at fjellkanten var naturgitt *skiptimǫn ‘dele-, byte-mån’ og gav namn til *Skiptimanvík, i dag |»sjeppmaᶇᶇvika|. Då gno. skipti ‘deling’ gjekk over til sjefte i talemålet var for lenge sidan Skiptiman- i gardsnamnet blitt forkorta til Skipmann- og vart dermed heitande så. På Agder har dei elles, i tillegg til åsen Skibmannen i Birkenes, Skibmannsheia fleire stader, eit namn som kan vere tvitydig ved at lokalitetetane i seg sjølve er delte, samstundes som dei ligg på eller tett ved grensene mellom gardar i området. – Det som hittil er nemnt, hindrar likevel ikkje at det langs leia finst Skipmanns-lokalitetar der det er lettare å tru på samanheng med gno. skipmaðr.

Toskmannen (ovanfor) heiter ein 755 m høg fjelltopp i Mørkdalen inst i Vatnfjorden, Vågan. Namnet blir til dels også uttala ,,Toskmajen“, utan at det gir meir meining, for det er ein spiss tind. Men på vestsida av Toskmannen ligg det ei urd som alt fornuftig folk bør sky, der er berre småstein som uavlateleg sklir unna foten når du går7.

Toskmannen heiter også ein topp på eit fjell innom Finnstranda i Olderfjorden i Vågan, i det tilfellet er det nok sjølve manen (egga) ein bør sky. Jf at nord for Sandvika i Bø, i retning Nykvågen, er ei strandstrekning som det er tryggast å ikkje rote seg bort i, og denne heiter Håkfjæra.
Urmannen? Det lyder primitivt og spennande! Så heiter nemleg tre lokalitetar på vestsida av Andøya: to stader på søre Bø, ein stad på Nøss. Den eine, i sørkant av Møllerubben på Bø, er skjult av skogplanting, den andre er ein langvoren bergrygg nedover i urda litt lenger nord i Sørgårdsfjellet, framleis lett å påvise. Den tredje, lengst sør på Nøss, er ein litt større rygg i urdane i vest av Ron(e)kollen (ikkje Rogn-), det er den einaste av ,,urmennene“ som har fått namnet med på kartet. Men som vi no forstår, er det i alle tre tilfella tale om ein urdman, ei bergrast i tilslutning til urd.
Veidmannen i Torsken er ein gard attom Veidmannsfjellet, som fell av i ein lang og skrånande kant både mot aust og vest. Sant nok tyder nordsam. veadji først og fremst ,,elvedal, lita elv, skråning ved elv“, men meirn generelt også ,,skråning med svak halling“, noko som i dette tilfellet treffer svært godt. Eit samisk namneelement påhengt ei norsk forklaring er eit velkjent fenomen.
Som vi ser, orda mån og især man har ein «fjellsterk» posisjon i det norske namneverket. Vi skal då ikkje undre oss stort over at eit 1573 m høgt fjell i Lesja med bratt austside heiter ,,Brattmannshøi“ eller at ein holme i Lurøy med ein bratt bergkant vart heitande ,,Brattmangvarden“. På Strokkenes i Salangen ser vi motstykket, nemleg Slagmannshola i kanten av ein slad (lett hallande) man under Hamran: Her nord var det nærmast regelen at sla(d)– i slik tyding vart til slag– jf slagbotn i havet. På Bø på Andøya vart derimot Brattesla(d)foten som namn på ei li-fot redusert til Braslafoten i dagleg tale.
Nyredigert etter Håløygminne 2013 h. 3.
Fotnotar:
- Jfr. Nakjenbakken mellom Vaskinn og Hallevika på Gryta. Det kan elles vere vanskeleg å vurdere realitetane knytte til namn av dette slaget, for i vår tid er som kjent skoggrensa i stadig endring. ↩︎
- Uttalen «Rossmålen» i staden for Rossmånen går stikk motsett veg av at mange før sa «Monselva» for Målselva. ↩︎
- Bjelma som elve- og bekkenamn i Lenvik, Målselv og Sørreisa er vel helst fornorska form av eit eldre *Vielmá? ↩︎
- Opplyst 2009 av Tore Ruud, Elgsnes. ↩︎
- I Håløygminne 1924 hefte 2-3 s. 39 fortel Edvard Ruud segna om Elgemannen, eit skrømt innpå Hestesteinshøgda om lag midt mellom Ytteraun og Elgsnes som kasta stein og stubb nedover fjellet. ↩︎
- Björn Collinder 1964, «Ordbok til Sveriges lapska Ortnamn» (= OSLO) s. 113. ↩︎
- Opplyst av Astrid Iversen, Strandsletta. ↩︎