Ona og Onavierda

Snakkar du Lofot- eller Vesteråls-mål, for ikkje å snakke om Senja-mål, ser du ganske fort at likskapen med normal-nynorsk er stor og systemrett, noko dialektgranskaren Hallfrid Christiansen har peika på. Men det hender at det skjer seg i møtet mellom dialekt og skriftnormal, som t.d. i adj. vond: eineform i nynorsk, medan bokmål skil mellom ond og vond. Hallfrid Christiansen kjem i sitt storarbeid om målet i heimbygda Gimsøya inn på den detaljen, at det berre heiter ōn og ont: «Brukes bare i betydningen ‘smertefull’ og ‘ondsinnet’, ikkje i betydningen ‘sint’» (s. 169). Det gjeld nok for eit endå større nordnorsk dialektvald:  ‘fenger’n e on’, ‘ha ont i hauet’, ‘han e on’ (= ikkje god av seg). Også sagt, unnskyldande, at «det va ikkje gjort av ona».

Dette v-bortfallet kan likne, men er ikkje heilt av same slag som w-bortfallet som har skjedd i ord som ull, ulv og orm (her står w-en ved lag i både engelsk og tysk). Deri­mot kan vi framleis seie, at det eller det var gjort på vona, dvs. i positiv forventning, endå vi i alt gammalnorsk finn ón som variant av ván, vón «håp». Dette er litt ugreitt, og ikkje enklare blir det i møtet med eit par nordnorske stadnamn, Onøya i Lurøy, og Onafier’da som samisk namn på Hognfjorden i Sortland; kunne òg heite Hoŋfier’da, i flg. Qvigstad (1938: 202). Ei vond øy og ein vond fjord er ein usannsynleg ordbruk, likeins at det kunne vere tale om voner av noko slag, for ingen av delane fortel noko om landskapet.

På søre landet i Hognfjorden ligg det akslar eller nover på rad utetter. Ein kan sette namnet i samband med hogn f «fjellrygg, bergrygg (med bratte sider)», sjå Nynorsk etymologisk ordbok, og Norsk ordbok 5: 533-534.

Derimot har vi eit terrengord som gjer krav på å bli vurdert seriøst, og det er sam. vuotna ‘fjord’, ofte nok i forma vuonna. Eldgammal norrøn påverknad på line med denne i ull, ulv og orm kan nok ha fått w-en til å falle (lyden står ved lag i engelsk og tysk), men Onafier’da = ‘fjordfjorden’ er då ein tautologi, likevel ikkje utenkeleg i møtet mellom to språk. Langt meir tvilsamt er det at Onøya i Lurøy skulle tyde ‘fjordøya’.

Målføregeografi går ut på at språkforandringar breier seg ut frå eit sentrum og viskar ut eldre uttalemåte. Det gjer at vi i utkant av eit språkområde kan finne former og tydingar som er dei mest alderdommelege. Lulesam. vuodna og nordsam. vuotna tyder einast ‘fjord’, men i greiner av Kola-samisk (austsamisk) kan vun |vonn| både stå for fjord (og stor innsjø), så vel som havbukt og bukt; for vuоn og vuun |vōn| er dei to siste tydingane som gjeld1. I forklaringa av begge, omsett frå russisk til engelsk, finn vi nytta ord som bay (noko open havbukt) og gulf (avgrensa sjøområde med trongare opning). Det siste nærmar seg ei tyding «fjord» eller kanskje rettare «hop».

Kva då med Onafier’da, normalisert Onavierda? Hognfjorden, som er temmeleg trong utmed Kvalsaukan, botnar i den avrunda og relativt breie Eidbukta, oppkalla etter eidet over til Godfjorden. På sjøkartet er avmerkt ankerplass i sørkant av Eidbukta, under Simaneset der den smale sidearmen Sørfjorden tar av. Hognfjorden er, som vi ser, ein godt skjerma fjord, og Ona– synest vere lydrett fornorska frå sam. Vuona– «fjord-», så strengt tatt er dette samiske namnet smør på flesk, som alt nemnt.

Vinklar vi Onøy-namnet på liknande måte, kan vi komme til å feste oss ved den rund­vorne og temmelg djupe Onøyvika i nordkant av øya, skjerma av skjera utafor, og med namn som Skjåholmen, Jektvika og Båtholmen. Det er Lurøy-landet som skaper nordaustre sida av den fjorden eller botnen, der Knarrosvika også finst. Så eintydig maritime namn indikerer iallfall at Onøyvika har ei lang og interessant sjø-historie. Likevel ligg Onøyvika halvt på baksida av Onøya og er som sagt vel så mykje relatert til Lurøya.

Onøya i Lurøy er prega av lange utsparingar eller renner i berggrunnen, og det er berre i desse at det (delvis) er dyrkbar jord, dvs. på nord- og nordaustsida.

Meir særprega er havsida av Onøya i sørvest, med fleire smale parallelle renner innover i berggrunnen, og ved den norde delen, Kyrvika, er ei av desse rennene blitt ei lang, oppdyrka jordstrimle. Vinkelrett i høve til denne og lenger aust på øya finn vi eit par liknande. Her har vi då med eit heilt anna ord å gjere, on– = vón f «smal strimmel, mark til skurd el. slått» (Torp, frå Hard., Valdres og Telemark), uskarpt avgrensa mot óne m «skogstykke, begrænset rute el. strimmel av skog, merk-stykke = teig» o.l (frå Sunnfjord og bygder austpå). Meir eller mindre rute­forma jordstykke i kontrast til berggrunn elles er relevant på øyar som Ona i Sandøy og i Øygarden og på Onsteinen i Brønnøy, men strimmelformasjonane er slåande på Onøya og på Onholmen i Vega, som har ei lang og bein grasgrodd utsparing langs­etter, på midten. Eit lokalt poeng i tillegg er at både Onøya og Lurøya heiter som dei gjer pga. særmerkte lægder.  

Endå meir merkverdig enn «rennelandskapet» på Onøya er den fenomenale Onholmen i Leka, som på flyfoto minner om ein gammaldags søkkestein med snøre-fòr i. Kartverket.

Fotnote:

  1. Har også funne kildinsam. skriveform vūnn, skoltesam. vuõnn ↩︎