Finnskogen og det samiske

Ragnvald Iversen, fødd 1882 i Tromsø, var både framståande dialekt- og språkgranskar og språkpolitikar. Hovudfagsavhandlinga hans heitte Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Ho kom ut 1913, og fire år etter fekk han Kongens gullmedalje for avhand­linga Syntaksen i Tromsø bymål. – Iversen vart professor i norsk ved lærarhøgskolen i Trondheim, frå 1922 heilt til 1952, og Norrøn grammatikk var velkjend for ei mengd studentar. Han skreiv ikkje berre om bokmål og talemål i Norge, men også om såpass spesielle emne som alliterasjonar hos Henrik Ibsen og om lån- og løyndord hos folk og fant. Når han famna så vidt, var det vel ikkje så overraskande at aller siste prosjektet hans gjaldt finsk på Finnskogen: Finsk på norsk grunn. Relikt-studier. I forordet seier han:

«Hvordan kan en norsk-filolog, en såkalt «nordist», i sin alders 78de år finne på å gi ut et arbeid som rettelig burde vært skrevet av en finsk-filolog? Er ikke dette halsløs (eller rettere hodeløs) gjerding? Det skulle synes så». Men han har funne spenning i at det finst finske relikt (språkrestar) – ikkje nordpå, der finsk har stått relativt sterkt – men i dei austnorske grensebygdene. Som gutunge las han «Fenrik Ståls sägner» om Sven Dufva og bonden Paavo, og alt finnane måtte utstå på første helvt av 1900-talet gjorde sterke inntrykk i vaksne år. Iversen gjorde seks reiser i Finland.

Han seier så om nybyggarane i dei norske og svenske finnebygdene: «Fortjener ikke dette folket at vi tar vare også på de språklige minner som ennå fins etter dem? For min del har jeg i alle fall kjent arbeidet med disse minnene som noe av en rednings­aksjon, og det en som det virkelig hastet med».

Det han har med av finske innslag frå nord er berre stikkprøver, understrekar han, og legg til: «Utenom alle de feil og mangler ved det foreliggende skrift som andre vil ha glede av å finne, skal jeg selv peke på noen av de verste. Den første er av mer formell natur – det gjelder den ortografiske form oppslagsordene har fått»: Han skriv nemleg namna uttalerett, slik dei lyder for nordmenn flest. Han seier òg at han ikkje har hatt tida å utnytte alt innsamla materiale, ei heller til synfaring og fotografering av lokali­tetane før namnetolkinga, eller til fullgod kartfesting: «det topografiske området har vært for stort, og min kroppslige mobilitet for liten».  

Forordet i «Finsk på norsk grunn. Relikt-studier. Første del» er datert Trondheim feb­ruar 1959 og boka er trykt same året. Det er gjort full greie for hjelparar og kontaktar, men det er uventa at nyttige og tidt korrigerande tilleggsopplysningar kjem sist i boka i staden for å vere fletta inn i hovudteksten: Når du er ferdig med denne, oppdagar du at premissane har endra seg. Sannsynlegvis kunne det ikkje bli annleis, for Ragnvald Iversen døydde 21. aug. året etter, så andre bind av arbeidet kom aldri.

Mykje har endra seg seinare, gode kart og flyfoto er tilgjengelege på nett, og mange namn Iversen drøftar finn vi att på ØK med til dels annan stavemåte, i tillegg til nye: Utan tvil var Ragnvald Iversens arbeid med på å auke interessa for historia til folket på Finnskogen, ikkje minst ved at dei finske stadnamna er blitt talrike på lokalkarta.

For samanlikninga si skyld tok Iversen som sagt også med finske stadnamn frå nord, flest frå Finnmark-bindet av «Norske Gaardnavne». I den samanhengen dukkar det av og til opp samiske namn og ord, for i mange bygdelag i nord fanst begge delar, jf. «Tre stammers møte». Iversen nemner t.d. Sokelma, gnr. 22.10 i Alta, registrert som finsk i Norske Gaardnavne – men oftare er det vel forfinskingar med variantar, såleis Sokolmi fl.st. i Sør-Varanger (gjerne omsett Valen), vidare som øynamn Suokalma i Porsanger, eigtl. frå ns coagâlm(-âs) o.l. ‘grunt sted, en grunne’ (Qv 130). I omtalen av det usikre åkernamnet Sappebeldo under Østerby i Vinger viser han òg til det like usikre gardsnamnet Sappen gnr. 30 i Nordreisa og nemner fleire tolkingar, berre ikkje ss sappe «myr» (Åsele lappmark), t.d. sedg-sappe «vidje-myr» (OSLO 192). 

Spørsmålet om der også fanst samiske innslag i det presumptivt finske i sør kom han ikkje inn på. Hadde han meint det, ville vi nok òg ha funne «De lappiske appellative stedsnavn» (1944) i litteraturlista, vel òg Qvigstads to namnesamlingar frå 1935 og 1938 med talrike heilfinske namn og samiske namnelement jf med finske. – I Iversens fotspor følgte Tuula Eskeland med si doktorgradsavhandling «Fra Diggas­borrå til Diggasbekken (Oslo 1994), som tok utgangspunkt i hans materiale frå Finn­skogen, oppdaterte og utvida og systematiserte det. Heller ikkje ho nemner samisk.

Potensielt samiske namneelement:  

Blant dei aller mest produktive namnelagingane i materialet som Iversen drøfta, er desse på –aho «bråte», –gallio, –kallio «berg, knaus», –lamb, lamp «tjønn», –mäki «bakke­topp, berg», –s(u)o «myr», og buplass-endinga –la «-plassen». På første side er nemnt Adda-la og Adda-so der førsteleddet Adda- i flg. Iversen er usikkert, men alt her kan eit samisk utlegging sette saka i litt anna lys, nemleg Adda for mannsnamnet Andreas (Lindahl og Öhrling ordbok, heretter kalla LÖ). 

Aronkallio |’ārån-| er ein bratt ås i Rotbergmarka, Grue nær skilet mot Åsnes. Aron- er i flg. Iversen eit avbregda finsk ord, men er òg ein variant av nordleg árran «åre, eldstad i gammen» (oslo 52), ss aernie-sijjie: árran er tidt assosiert med ára steinut mark, men nemnast bør òg sørs. aeredh (= aededh) «hindre, hefte» og nords. árru «hefte, besvær». Der er også bratte åssider kring myra Aransuo i Kongsvinger.

Aserosaha heitte ein plass på Eidskog, no ukjend. Lite kan derfor seiast om tydinga, men – seier Iversen – «det er i alle fall tydelig at siste ledd –aha er feil for –aho (som er finsk for «(övergiven) sved»). Det siste er diskutabelt, av di sørs. aaha vil seie lita bukt med trong opning, stillelv(parti), jf. áhá (OSLO 45): Ase’ros– liknar jo ikkje så lite på sørs. aesie skogkledd ås + rååse liten bekk i myr, så her spørst det landskapet.

Avdilamp er ei tjønn nordom Rundfloen i Trysil, som òg har ein lokalitet Avdinoppi med avdi– utlagt som forkorting av fi. autio adj. aud, men lydleg meir beint på sak er sørleg sørs. aevtie «frodig eng», helst på stad der det har vore reinhage eller gamme.   

Avlamp heiter ei tjønn vestafor Lilleng i Trysil: Iversen ser Av– som forkorting av fi. ahven– «abbor», men ein kan ikkje godt utelukke no. av el. ave «vasspytt, depel, lita vassamling» mm. frå Solør (og Helgeland), ei heller sørs. áffá i tilsvarande tyding.

Balgaso er ei myr ved Skjærberget i Trysil. Iversen kjem inn på fi. palka stong «med den vanlige overgang av k til g», men vrakar det av ordgeografiske årsaker. Unemnt står ss baalhka, i same tyding, men kanskje passar ss baalka «stig» vel så bra med topografien, det tilsvarar ls bálges, bálggá-, ns bálggis, bálgá-. 

Seinare nemner Iversen myrane Bolkanso i Brandval og Trysil med ev. samandregen form puolka-n (gen.) av fi. puolokka «tyttebær», med den føresetnad at det er ei tørr myr. På kart av i dag ligg Pålkanså lengst sør i Brennatjernet, Kongsvinger: I fall dagens køyrevegar føl nokolunde same far som dei gamle stigane, gir nettopp baalka «stig» i fornorska? form god meining. Det genuint finske ordet er palas (Qv 56).  

Bajaneshelga heiter ein bakke (gl. slåtte) i Trysil, no også feriebuplass. På kartet ser området veldig uslett ut, så det dunkle førsteleddet kan vere nominalt, med suff. –nes el. –mes til sørs. bæjjanidh el. bæjjamidh v. «komme høgare opp, løfte seg», og sisteledd –helga er då omtolking av sørs. aallije «hellar, laus stein som heng utover» tilsvarande gno. hellir, germ. *halliaz. Framlyden h– kan derfor vere lite påfallande. 

Ballrus heitte eit torp i Vinger. Iversen fann namnet uklart, i det heile, men vi er heldige og kan studere just same namn i Fet, der kartet har ein rund ‘åsknapp’ med Knappentjennet(!) i sørvest og Ballrusmyra i nordaust og ein brattvegga trong bekkedal imellom. Sisteledd er vel –rus< ss ruoutásj, routás ‘gjel, ravine’ (oslo 183), lik ls ruovdásj og ns ruovddáš. Førsteleddet blir då som i Balaso, jf. også forma Knappentjennet med Iversens eigne merknader til Buttentjernet (s. 52). 

Balvarsbekken har eit langt far gjennom både flatt og bratt, frå myra Balvarskjølen til han fell ut i elva Trørøsta. Iversen gir opp å forklare, men vi kan nok rekne med at det som ligg til grunn er ss baarvesjidh lik baavresjidh ‘kjøve’ (om bekk som svell opp pga is), dissimilert om lag så: balvars- < barvars- <*barvasj-. Balvars– er dermed ikkje ein norsk genitiv, endå ein skulle tru nettopp det.

Banaberget |’bāna-| i Hof ser Iversen inga god finsk forklaring på, tenker helst at det er ei omforming av *Banas-. Berget er ein avrunda åstopp, skogkledd over det heile, jf ss bavne, båvne, med anna skriveform baunë, bounë og nordlegare pou’na, pou’no, ls båvnnå, ns bovdna ‘tuve’, lenger sør ‘bergkulle, slät kulle; lägre, delvis skoglöst fjällparti’ (Qv 103, oslo 163). Moderne skogdrift og planting synest å ha «kledd på» mange lokalitetar i grensebygdene som før var skoglause?

Bandiasmyra i Grue er kartfesta. Bakken på sørvestsida av myra er sterkt humput, så ei sms. bavn’deava «tuvebakken, tuverabben» (nordlegare –dievvá) ville gje meining. Då – = fi. –suo i Bandianså vart bytta med no. –myra, gjorde rang oppløysing at –s– i –suo– slo lag med førsteleddet. Dette synest ha skjedd i ei rekke andre tilfelle òg. 

Beistobinbeldo var ein åker (fi. pelto) på Finnsjøberget i Hof. Ein lokal finsktalande tolka Beistobin- som «peisstua», noko Iversen fann problematisk. Ei sms. av ss bæjjese opp(over), oppetter + duebpene «(like) der borte (du veit)» vil kan hende gje ein frase «bæjjes-duebpen-pelto»: borti øveråkeren? Det er iallfall eit faktum at Peistorpet i Åsnes ligg høgt i terrenget. Sekundært Peistorpmoen (nordom Tyskeberget).

Bekkankallio er i flg. kartet ei li i Grue, men Iversen knyter namnet til eit berg i Hof, og 300 m vest for der kartet plasserer namnet ligg eit berg med ein fasong som stemmer perfekt med sørleg ss beahka «krum kubbe som bindes om halsen på rein el. hund for å hindre den fra å springe vekk». Rett oppløysing skulle då bli beahka-n-gallio.  

Beltern |’bɛlltæṛṇ| er ein plass ved Mylla i Nordmarka, men eigentleg er det namn på tjønna Belteren som ligg attmed den jamstore tjønna Viggeren, kun med den mindre tjønna Kalrasen imellom. Iversen nemner med tvil fi. pelttari ‘gördelmakare’, belte-, og spør: Var det rimelig at en slik ville slå seg ned i Nordmarka? Det same finske ordet var elles slektsnamn med. Setter vi i staden inn sørs. baalte– (lang mørk a) «att­med» pluss –ere = jaevrie «sjø, tjønn», er Belteren «attmed-sjøen», «sjøen attmed», då på grunn av parforholdet til Viggeren?

Berensuo er ei myr på Grue finnskog: Iversen tenker på fi. peere-n-, genitiv av pere (perhe), men er i tvil: «’Familiemyra’ låter jo litt rart». Det kan det vere grunn til, så truleg har det ss beere-n– «bjørn(e)-» meir for seg. På kartet står det elles Beremso i dag. 

Biliti |’bīliti| eller Bilitti |bilit´ti| heiter visstnok to lokalitetar på Finnskogen. Iversen har også funne ein skrivemåte Billiti, og han uttaler: «Å gi en sikker tolking av dette navnet er ikke lett. Alt dobbeltformene med den ulike aksentplassering er et uvanlig og påfallende drag». Han er inne på imperativnamnet Bilitt ‘vent litt!’ «men vi skulle da vente at denne plassen lå slik til at der var en (mer eller mindre) livlig ferdsel forbi der, så at det ble et naturlig grunnlag for navnet. Men noen opplysninger som kunne tyde på dette, har vi ikke». Fleire før han har prøvd ei slik trafikal tolking og stussa. 

Bilitt-namnet er vide kjent over sørnorsk område, i ei tylft tilfelle frå Kongsvinger og heilt til Bykle. Enten det er namn på gardsbruk eller lokalitetar i utmark, ligg dei med eitt unnatak i eller tett under bratte bakkar (i Åsnes sitt tilfelle er lendet flatare). Også  for Billet- el. Billedmyri i Sør-Aurdal stemmer dette. Billedholmen i Stjørdal, Billed­skjeret i Alstahaug og Billed- el. Belletholmen i Vega har alle høge, skrånande kantar. Tilsvarande topografi har gardane Bilde i Granvin og Bilden i Gran, likeins dei talrike Pilterud-gardane på Austlandet. Her er såleis litt av eit språkhistorisk lerret å bleike! 

Vi må nok gå til ss bilhtiebaahkoe «bergside», også biltiebaakkuo «die Seite eines Berges». Fornorskinga belett, bilitt avspeglar neppe nokon samisk glidevokal i ordet, assosiasjonane med ordet bilete, billede har vore «drivkrafta», især nordpå. Ei ganske klar fornorsking av bilhtiebaahkoe er Belletberje (Øvergrubben i Rana). 

Bissabårrå er ein bekk, fi. puro, medan førsteleddet muligens (Eskeland) er fi. kissa «katt». Ei litt trulegare utgangspunkt skulle vel vere ss bïssedh v. «vaske»?

Bjekaharjo er ein haug litt sørom Askosberget, Grue. Forslaget om ei sms. av fi. piekka «brødspade» og harju «ås» utan nærmare grunngjeving overtyder ikkje. Førsteleddet er snarare ei forfinska form av sørs. bïegke «vind», nordlegare form biegga (LÖ: piägg).

Blommanså kallar dei ei myr vestom Østerby i Vinger. Ikkje usannsynleg er at ns luomi, luopmán «molte» kan ha vore i bruk i sørsamisk med halden pl– (gno. blómi). Ufinsk er iallfall plomu «blomst», som Iversen berre har frå Lönnrot, litt sannsynlegare er nok ss.- fi. *pluoman-suo = «moltemyra». Eskeland har det avvikande Blåmanså.

Bólinsuo el. Bólensuo er ei myr i Grue. Førsteleddet er usikkert, men ei nærliggande forklaring kunne vere ss boelnedh v. = buolnedh, sørl. buolnijh (Hass.), nytta m.a. om gras som visnar, her med stavingsbortfall boelne(me)-, –ni(me) og omkasting? 

Bommelso, også Bommerso (begge trong o) er ei myr ved Tørberget i Trysil – kan ikkje godt vere identisk med Bombersi ved Høljesjøen (i Elverum) – men så heiter iallfall ein holme, ei myr og ei tjønn der. Iversen tvilar på fi. pommäl tjukk, kort staur. 

Fuglen fjellvåk heiter på ss bååjme, båajme, og ein (formell) deminutiv ser vi nytta i namn på høgder mm. (oslo 160), poaimátj, poaimásj. På dagens kart finn vi avsett Bommersodden på austsida av Høljesjøen, for enden av ein arm av det som må vere den før omtalte Bombersi kring Bommerse-tjønna: Fuglen hekker i brattberg og kan ha hatt tilhald både i Vesleknollen i nord og på den høgtliggande myra Fuglekjølen i søraust. Lyden åå i bommers– <*bååjmesj-, -metje-, som her står mellom b og m, vart avkorta og runda til o i norsk uttale, medan –si vel er ss –sijjie «stad, plass; tilhald».

Boranhaisilä el.-labōran-| er ei grasmyr (slåttemyr) i Grue. Framlyden B- lyder lite finsk, og finsktalande finn ikkje ut av namnet, bortsett frå bustad-suffikset –la, –. Som Iversen understrekar, i namnematerialet er framlyden –h– tidt vilkårleg, og då kan sekvensen –haisi– vere skapt av aej’-sijj- < aejvie-sijjie-»: aejvie = aevjie «frodig eng i gammal reingarde el. gammetuft» + sijjie «stad, plass». Så må helst også utmerkinga Boran– vere samisk, ikkje ss buvrie «bur, stabbur», men kan hende ei eldre låneform av urn. *būra (Lehnw. 121), jf. bure (LÖ). Vel så sannsynleg er likevel norsk-svensk tilpassing av ss boerne (steinsett) jordkjellar, grop for mjølkekaggar og fisk, jf. òg buorna om laksekiste (Leem), likeins fi. purnu matkiste, kasse, binge i stabbur, bu el. jordkjellar (oslo 167). Her kan Boranhaisilä<*Buorn’aejsijjlä samanliknast med Borenåive <Buorn’ói’ve på svensk side (Generalstabskartan).

Borasmyra |’bōras-| i Våler (Iversen), som òg heiter Borandsmyra (Eskeland), ligg i sørvestkant av Enåsen, som er slakt avgåande til alle kantar. Ss burrie tyder «berg- eller höjdrygg, som är slät upptill och lutar jämt åt båda hållen», noko som stemmer svært godt for Enberget sitt vedkommande. Lang o er truleg resultatet av forfinsking, jf. vaklinga i Bor(r)aballo– osv. Her som så ofte elles er –s– i –suo blitt hengande ved førsteleddet då det skjedde fornorsking til –myra.

Borketorpet skal ligge ikkje langt frå Varaldsjøen; nær Brandval kirke finst «Pårkåtorp». I samsvar med lokaltradisjonen forklarer Iversen namna (dei er ikkje attfunne på kart) som tufta på eit finsk slektsnamn Porkka. No ligg det aust for sjøen Lysen ein gammal buplass Borketorpet med bruket Børketorpet tett nordafor: Tre slike namn på rappen svekker slektsnamn-teorien, førsteleddet fortel heller om land­skapet på staden. For lokaliteten aust for Lysen gjeld iallfall at ss båårhke, båarhke «fjellpass» høver framifrå, for gardsvegen går just der. Inngangen til Borketjennet i Kongsvinger er forma på liknande vis av naturen.

Boraballo (òg Borraballo, Borabella, Boroballa) er eit skogområde i Trysil. På kartet (som nyttar forma Borraballa-) ser vi ein langsmal åsrygg, flat på toppen, noko bratt i aust og vest og slakt avgåande i sør, med Borraballabrenna i enden, sannsynlegvis rettare Borabalo-, Borraballo-, jf fi. palo ‘brann’, slik Iversen er inne på. Her må vel atter Bor(r)a-, Boro- vere det ss burrie i forfinska form og gå på åsryggen. Han har Borraballa- el. rettare Borrabalomyra tett ved på austsida. Vestafor åsryggen, i noko større avstand, har vi Borraballafloen, ei lone i Varåa.

Boskamyra ligg på nordvestsida av Vidtjennet i Kongsvinger. Uklart er førsteleddet ikkje, endå vi ut frå dagens sørsamisk ville vente lånordet faatna, faatnoe, begge om «kvanne», for vi har også det eldre påsk, påskå (LÖ) «kvanne» likt med ls båskkå og ns boská, boska. Eskeland har her parallellnamnet Boskanen.

Bostakatjennet er å finne aust for Varaldsjøen, nord for åsen Bostakaberget, og det er utan tvil myra kring den ganske attgrodde tjønna Iversen kallar for Bostakamyra. «Navnet er vanskelig å tolke», seier han, men det er vel å merke når vi søker i finsk, for ss boastohke er «bakstraum, bakevje, stilleståande vatn» (Hattfjelldal og Vefsn, Qv nr 99). Jf. òg dei litt større Båstogvatn nord i Bykle mellom Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Telemark, og Båstoken = Buostëhkë i Stensele, Storuman (oslo 161).

Bradanslamp |’brā-|, også Bralans-, er ei tjønn nord for Rundsjøen i Trysil. Iversen finn opphavet uklart ikkje minst pga. den ufinske framlyden Br-, som derimot går vél i hop med ss braade, praade, sørlegare praades, braades «bratt». På karta no står  Bradanstjønna, med Bradansmoen i vest, og i nordaust den bratte Bradansåsen – kan på sørsamisk ha heitt *Braades-ásie – med aesie ‘ås’ som lån av gno. áss

Ord som bjelke og stokk vart nytta samanliknande om landskap au, såleis også ordet ås, nords. oassa. I finsk heitte (tak)ås ansas, ansos, usagt om dette også kunne gjelde landskapet, men truleg hadde det annan grunn at finsktalande sa Bradans- i staden for Brades-, for Finnskogen har fullt av stadnamn som inneheld innlydsekvensen –ans-, og fleirtalet av dei har sisteledd –suo: Bandian-, Blåman-, Boman-, Boran-, Gaddan-, Måran-, -Nåinan- og Rensan-så. Vi finn dessutan Kastelansmyra, Korkansteinen, Kosmans­myra, Soansbårrå o.fl., så dei lydlege føringane er sterke. 

Pralperi er eit torpnamn vest i Vinger, og Iversen gjettar i siste bolk av boka (s. 305) at Pral- i kunne vere feiltrykk for Prat- <Brat(t)-, men seier òg at «den helt igjennom ufinske framlyds-konsonantismen (pr-) …. er av ukjent opphav». No har det seg så at ss braade ‘bratt’ òg kan lyde braare, så i Pralperi har tydelegvis *Braar– blitt dissimilert til *Braal-, som glir mykje lettare over tunga – så vel som i Bralanslamp.  Det vil då seie at samisk+finsk *Prarperi vart til eit dissimilert Pralperi, usagt om den bratte Pralerhaugen vestafor Lysen i Kongsvinger på dagens kart er same lokalitet? 

Når det gjeld sørsamiske ord med framlyd b-, er regelen at dei skrivst slik, med unna­tak for bl– og br-, som i gjeldande rettskriving nett får skriveform pl– og pr-. Sisteledd –peri er i alle tilfelle forfinsking av -berget, jf. no. uttale –berje

Brellaho |’brɛllaho|, òg sagt Bröllaho, var ein åker ved Nyhus i Trysil. Br– er ufinsk, her og, medan –aho er vanleg finsk for «bråte». Iversen reknar Brellaho som primær form, men er elles usikker. Sørs. prællah = br’ällaah (Hasselbrink) «briller» bør visst nemnast, enten det no er tenkt på rund form eller har eitkvart med ei hending å gjere.

Bølkølisa-, Bølgu-, Bølgalisa– er eit merkeleg namneledd frå Hof i Grue: Iversen har Bølkølisan-saar (f. saari «holme») som namn på ein holme i Rotbergsjøen, og peikar på at dei sprikande formene avslører stor uvisse. Eskeland nyttar derimot éi oppføring Bølgulisa-holmen. Iversens tolking Bølkø-Liisa = «Stubb-Lisa-» til fi. pölkky «kubb, stubb, stokk» er nokså gåtefull, det understrekar han sjølv. Like påfallande er «Dunk-Lisa» og «Enke-Lisa», sjå seinare. 

Holmen er langvoren med 2-3 humpar. Han ligg på vestsida av sjøen, nær ei myr som er «kanta» av ein ovlang morene, med ei form som passar med ls buoltja, puoltja (-tsja-) «låg landrygg» (Grundström), på ns buolža: bratt morenerygg, tørr grushøgd, ofte med skarp kant, tverrgåande ås o.l. I sørsamisk er ordet ukjent no, men finst med liknande tydingar i enare- og skoltesamisk, og finske målføre har det i låneform pulju (Qv 113). At ordet alltid har vore ukjent i sørsamisk verkar derfor lite sannsynleg. 

Opp åt myra Bølkunso i Grue (Bølkunbekken er sekundærnamn) går det på nordvest­sida eit skarpkanta ra. Bølkaså og Bølguså alias Bølgemyren hos Eskeland er tilsvar­ande namneformer. – Bølgenmyra på Tynset er òg kartfesta og har topografien i godt samsvar med definisjonane av appellativ 113 (Qv), alt nemnt. Ordføyinga Bølgenmy­ra er klart unorsk. Topografien er den same for garden Bølgenbøłjen| på Ringerike og på ein gammal buplass Bølge i Hå på Jæren. Ikkje nok med det, også øya (i) Bolga |’båłga|, i |’båłjen| i Meløy har formasjonar som passar betre med dei tydingar buoltja, buolža har enn med «trutna, opphovna» (Norsk Stadnamnleksikon). Jf ei oppføring frå NG b 16: «100. Bolvær. Udt. bø`£vær, bå`£vær. Buluer 1610. Bolgeuer 1614. Bolluer 1661. Bolvæhr 1723. 1ste Led er Bolga, som ogsaa forekommer usms. som Ønavn».  

Iversen har i tillegg ein variant Bøntø-Lisa, som Eskeland koplar til fi. pöntö «dunk», meir truleg visst ss böönte, som tyder både (hus)bonde, rik reineigar og riking. Men etter terrengsituasjonen er sisteleddet i Bølgu-lisa aller helst sørs. liedtjie = *liedtsie «flataktig senkning; flatformet, dalaktig landskap; senkning mellom tuer», i nyare tid forstått som kvinnenamnet Lisa, som også kan ha forma Läjsaa på sørsamisk (Hasselbrink 835).  

Bølla er i flg. karta eit par bruk ved Holsjøen i Våler; Iversen har berre høyrt namnet. Svedjebruk har lang tradisjon i området, skal ikkje gløyme ss buelidh «brenne», sml. böölelidh = buelielidh «brenne fort opp». Hokjønnsforma Bølla låg vel nærmast føre, i eit område der det tilsvarande heilnorske namnet i b.f. måtte bli Brenna el. evt. Svea? Har Bølvøla eller –vola som namn på ein bakke i Tørberget liknande opphav?

Båkkilamp heiter ei tjønn i Vinger, nær svenskegrensa. Førsteleddet er i flg. Iversen fi. pukki «bukk», men det er diskutabelt, for tjønna ligg i ei myr som i nordvest smal­nar til og går over i ein særs trong passasje, mykje likt landskapet ved Gråbukktjenn i Aurskog-Høland og i godt samsvar med dei tydingar ns bohki og ls båkke har. Ordet lever ikkje i sørsamisk tale. Førsteleddet i Båkkigalliå, eit berg på Grue finnskog, er mest truleg det same. 

Dadatikjølen heiter ei myr i Trysil. Iversen kjenner namnet einast frå Trysilboka (1 s. 128) og finn tydinga uviss, anna enn at grunnordet må ha hatt framlyd T- i finsk. No har det elles kome inn på kartet i forma Dattatikjølen. Bekkeforgreiningar tyder på at myra er relativt fuktig, og Dattati- blir såleis ei nærliggande forenkling av sørleg ss deaktjadidh: ta til å bli for blaut, gå over i regn (om snø), jf. adjektivet deadtjan pred. «gjennomvåt» og diedtjie «vått område», jf dïjhtje og sørleg deajhtja ‘dike’. Verb på –didh fungerer inkoativt bl.a. om verforandringar (Hass. 178) og gav truleg eit adjektiv med attributiv form –iks, der –s– stod i stavingsfuge med fi. –suo «myr» og såleis forsvann, ved fornorsking til -kjølen. – Forklaringa kan vi ikkje vrake av di adjektivet er ukjent: «Dass die eine der Formen nicht belegt ist, bedeutet natürlich nicht, dass sie nicht vorkommen kann» (Hass. 107). 

Damikilamp |’dāmiki-| er ei tjønn på Grue finnskog. Iversen kjem ikkje til rette med førsteleddet her, men gjettar litt på eit finsk kunamn – «noe i retning av *Tammikki». Det kan saktens vere tenkt på dyr, men då er no ss daamehke ‘temt rein, tamrein’ meir nærliggande.  

Daurlamm |’daor-| heiter ei tjønn ved Gråberget; ei anna slik er Daulamm el. Daurlamp i Rotbergskogen. Iversen strevar med det namnet og den unorske diftongen, sjå også merknad s. 336. Ss daavre = daavle «knusk» gir god forklaring på dobbelforma, og Daulamm kunne i samsvar med dette skrivast Dauvlamm el. -lamp. 

Darfsoandå er i flg. Eskeland namn på ei lon (fi. suanto).Førsteleddet finn ho uklart, men ls darffe «mjuk mose» og især ns darfi «mose, torv» er kjende førsteledd i stadnamn. Torv på sørsamisk er derhvie, men å torvkle, å ile heiter likevel darhvedh, og darhvij(e)s vil seie (stad der det er) bra å hente torv.  

Davronen |davronēn| i Tørbergsjøen i Trysil er i flg. Eskeland eit nes, etter kartet vel  like mykje ein holme, men halvt landfast. Med eit «muligens» kombinerer ho fi. teeri, dialektisk töyri > taur(i) «orre» + fi. niemi «nes», eit ord ho kjenner i formene -niem, -njem, -nemi og -nen1. Det siste høver godt, men lat oss ikkje oversjå ss –nuenie-n lik –njuenie-n (med norsk artikkel) «nase, nebb, snut». – Meir dunkelt er førsteleddet, for sørsamisk har eit adjektiv i predikativ form dabran: «(er) festa, (sit) fast», det kunne tilseie ei attributiv form *dabroeh? Brukt om ein nesten-holme gir det ei tolking i god harmoni med terrengsituasjonen.  

Derkalamp i Grue er ei ørlita tjønn, med bratt bakke både på nord- og sørsida, så s. tärket (Friis dærged) bakke ved sjø eller vatn (òg marbakke, mæl) gir god meining.

Diasånoppi eller Diasen-noppi er ei lita høgd (fi. nuppi: bakketopp) i Rotbergskogen. Iversen set namnet i samband med fuglen meise. Ein kan resonnere annleis: Diaså-, Diaso-noppi var den bakken (deava) som gav namn til myra Diasuo, og til sist fekk bakken nytt finsk namn –nuppi? Jf i alle tilfelle ss deava med ls og ns dievvá: bakke, kolle.    

Dóranhonga er ein knaus i Lauvhaugskogen i Grue. Iversen går ut frå at –honga svarar til det vanlegare fi. honka «furu», men dette er ein av dei gongene då nordlege former gir seg overraskande til kjenne, jf ns hoaŋga, hoaŋka «bratt bergside, flog», og hoaŋkabákti (ss baektie) «hengeberg, bergheng» (Qv 392). 

Dóran- rimar ikkje med ss normalform dåeris– «tverr-», det er snarare same førsteledd som i Tuoran Åije «stridsfjellet» (Nensén, Åsele lappmark), og frå Vilhelmina Uhtje Duorán-ójje (OSLO 232), begge Dåaran-åejjie normalisert. Merk at ss dåarodh «krige» ofte kun vil seie å slåst, det vere seg folk eller at grarein stangast.

Dordinmæk |’dåḍin-| er eit berg eller ein bakke lengst nord ved Varalden. Her må det, meiner Iversen, bli tale om kvinnenamnet Dordi (Dorotea) med fi. genitiv –n lagt til, dvs. Dortebakken. Kan hende så, men ns. durdi «rot, søle» (Friis: Smuds, Snavs) gir seg tydeleg til kjenne i namn som Dordivika i Vefsn, Dordimyra i Ringsaker og Dordinakkan i Sunndal. Ordet synest ha forsvunne i lule- og sørsamisk daglegtale.

Dorrosala: |’dårråsala| skal vere eit dalstrøk i Rotbergskogen. Namnet er mangetydig, og Iversen nemner ei rad tenkelege tolkingar, utan å prioritere. Mest interessant med tanke på sisteleddet er truleg fi. sala «lönnhål, smyghål», eigentleg «hemmelighet»? Forleddet minner derimot meir om sørs. dåraoe = dåara «krig, strid; slagsmål» enn om fi. tora «trette, tvist; strid». Har så dalstrøket i Rotbergskogen topografiske detaljar i form av smotthol, eller tradisjon om om skilkrangel? 

Dollosinlamp [dållå-] eller Dol(l)asinlamp er ei tjønn aust for Fallsjødammen; Tuula Eskeland har derimot Dårlåså, Dårlåsåmyra. Iversen meiner at eit finsk slektsnamn Tolonen el. evt. Toloinen ligg til grunn, men like sannsynleg ville vere ei lett forfinsking  av sørs. dålle-sijjie «eldstad; eldstad brukt nyss»? Forma går mindre godt i hop med det tilsvarande finske tuli «eld» + sija «stad», som synest tyde grue, åre (inne i hus).

Dósagiv er ein høg, svær stein med bratte sider ute i sjøen Røgden; –giv er fi. kivi stein. Etter tradisjonen var det ein spreking som eingong klevja opp der og la frå seg ein gulldåse(!) Ting kan vel ha blitt plassert der, men truleg meir kvardagslege, for sørleg ss doksedh tyder å «samle forråd» (= dokse, dogkedse), jf. ls. dukssit og ns dukset (LÖ: tuks). Merk at der ns har duvssár «(ein) sparar» fører Friis opp både duvsar og duksar, dertil duksa, duvsa «Forraad (af Fødemidler). Det framstår som sannsynleg at Dósagiv var eit slikt gøyme og at namnet kan vere *Dovsagiv «forråds-steinen». Sml. også Rokko-giv «matsteinen» i Røgden, der tømmerfløytarar hadde matøkt (s. 253). 

Dragonmoen, pussig nok uttalt |’draggon-|, er eit bruk på Femoen aller lengst nord i Møkeren, medan Rakonenkangas er ein mo i Austmarka i Vinger (s. 244). Iversen er skeptisk til at stadene har namn etter ein dragon, framlyd Dr– er ufinsk. Nemnast bør ss traakoe «kjerris til teltstenger», då venteleg *Traakoe-n- i genitiv? Aremark har Dragontjern, der òg kunne vi tenke i den lei. Men også fleire sørnorske Dragonfjell finst, dei har slik form at også ss raagkoeh, raagkah «skeiv» kunne komme på tale?

Dvalabekken er i Grue, der Dvalatjernet breier seg utover på ein måte som liknar på Keigele, s.d. Usagt om bekken er den primære namneberaren – sørsamisk kan vel ha hatt eit verb svarande til ls og ns doallat «hindre (fra å)», alternativt eit motstykke til ls doalle, ns doalli «trakk, vinterveg», fi. tola. Både i Grue så vel som når det gjeld Dvalavadet og Dvalåsen i Bykle og Dvalåsen ved Dvalåsvannet i Søgne må det nærmare terrengopplysningar til.

Elasonti |ēlasonti| var i flg. Iversen eit gardsbruk Elasonti, (Eskeland) |ēlasånti|, gnr. 1.10, men òg ei slåtte ved Rundfloen. Men når gnr. 1.10 ligg attmed Rundfloen, er det vel ein og same lokalitet? Førsteleddet er Iversen uviss på, m.o.t. sisteledd slår han sistpå strek over både fi. sunti «sund» og sunttio «liten gärde på en strandbrink», ettersom orda er ukjende i Värmlands-finsk. Eskeland òg lar sisteleddet stå ope, men ho reknar med at Eli– går tilbake på fi. etelä– «sør-». 

Sletta (enga, slåtta) ligg på austsida av Trysilelva, på høgd med Storholmen som deler elva i eit vestre og eit austre far, Østeråa kalla. Slik sett er det lite logisk at sletta sjølv vart heitande noko på «Sør-», men ei lita elvegrein skjer nesten frå ei lita halvøy som evt. kan oppfattast som motstykke til Henriksholmen litt nordafor.

Uavhengig av dette viser kartet at det opp frå sletta i nordaustleg retning strekker seg ei vid og for ein stor del skogfattig senkning: Tenkt slik er Ela- snarare ei forfinsking av ss jȧlla = jëllá «(brei) skoglaus dal» (Vefsn, Qv 412) = jallu (Hattfjelldal, Vefsn) «stor dal som går inn i fjellet (der kan vere skog)», også jilla (Sorsele) «dal». Iversen skulle kanskje ikkje så fort ha sett strek over både fi. sunti og sunttio?

Eplegåsan på Grue finnskog er, i flg. Iversen, ei ikkje kartfesta myr på grensehøgda Moldusen; han gir opp å tyde namnet. Eskeland fører opp Eplegåsangårb som namn på ein bekk, sjølv om –gårb må vere fi. korpi «myraktig skog». Ho forstår Eplegåsan nærmast som eit (svensk?) kunamn. – Eplegåsan (Äpplegåsan?) er kanskje myra tett nordom riksrøys 87 og Mullhögaklint, som er bråbratt nordst. Mellom myra og klinten er eit skard. Vi er her like over på svensk side.

No er det så at desse namna ikkje er eineståande. Eppelgoselva i Sørfold har grave seg djupt ned, slik at elvekantane er bratte. Eplegåshagen ved Vassvatnet i Lurøy ligg ved Storåga, som òg grev seg godt ned. Den ulendte Eplegårdslia i Storslettåsen i Leks­vik ligg tett austafor ei brattkanta, korsforma bekkekløft. Endeleg kan også nemnast Eplegåsmyra i Nord-Odal der det er fleire skard, men ei svært trong kløft i nord. Ho har ei namnesøster i Hedemora i Dalarna, den smale Äppelgårdsmyren, som ligg i ein trong bekkedal med bratt kant især mot aust. 

At lokalitetane framfor kan ha noko som helst med eplegardar å gjere er usannsynleg, og aller minst eple i den historisk unge tydinga jordeple (potet).  

Leddet -gos-, -gås-, -gårs- er neppe anna enn variantar av eit terrengord, ns gorsa, korsa og lules. går’så ‘større kløft eller trang og dyp, ulendt dal, med eller uten elv i bunnen’ (Qv 332), i sørlegare variantar gar(r)sɛ, gassɛ, karsȧ, kassɛ o.l. ‘stryk i elv, foss’, men lengst sør skard eller ‘dyp senkning i berg med bratte sider’. Førsteleddet er sannsynlegvis sørleg ss abpere ‘kant’, så som elvekant eller helling ned mot bekk (elv) = johken-abpere; ns ahppar tyder derimot djupt, høl.

Det er likt til at abpere-gårs-, abpere-gars– om brattkanta, beine kløfter vart oppfatta som no. apal-gards- (gno. apaldrs-garðs-), eple-gards-. Dei to orda apall (gno. apaldr) «epletre» og eple (gno. epli) er nemleg registrert i veldig mange uttalevariantar rundt om i landet, med uskarpe grenser seg imellom. 

Gamperin i Grue er ein skog eller myrdal, eigentleg ein skogås av slik form at vi truleg kan rekne med ei forfinsking av ss gamte «brei»+ bïerje «berg» (lånord), *Gamt’bïerje. Sørl. ss gamhpedh v. ‘falle overende’ gir også meining i samband med skog, men for vindfall har sørsamisk eit anna ord, bïegke-vaaloe el. kun vaaloe, no. vål m, n.  

Gartantjennet i Eidskog er langsmalt og inneklemt mellom bratte åssider på garden Finnsrud i Eidskog: Gartan- minner klart om sørs. gaertene «(bonde)gard; grend».

Garvanola |’garrvanola|, Garvanolla |-nålla| eller Gartanolla heiter ein skogås nord­vest for Tørberget i Trysil. Åsen er bratt på austsida, samstundes som landskapet på den sida (ovanfor fangstplassen Hangas, Iversen s. 93) har ei brei, fint avrunda utsparing, så ss gåarvah (=gåarvoeh) «krum» brukt som nomen kan passe. Sisteleddet er helst fi. nulha, nulho «topp», jf. Nolla, Nollaberget – eller alternativt ss postposisjon nåalan (= nualan) «(inn)under», med -nola, -nåla som norsk eller finsk tilpassing, då sett frå bruka Ensrud og Bjørnstad? I ns og ls er tilsvarande namnelagingar med postpos. –vuolli, –vuolle «-under» talrike, jf òg nordno. gård-imella, mann-imella og vegg-imella. Sml også Åjanvollansuåla.   

Gassovegen er ein snarveg mellom to gardar i Rotberget, ikkje kartfesta. Gasso- kan vel vere ei fornorsking av gaasoe, gaasa «rå frostskodde frå sjø eller elv», men lydleg meir tilfredsstillande – om det no elles høver med lendet – er sørs. gaedtie «strand» + fi. suo «myr», avkorta Gaedt’suo-, for Iversen har ei mengd namn med sisteledd –suo. Ordet for frostskodde skulle vi elles vente i den sørlegaste forma gaasa, men det blir eit spørsmål om alderen på namnet, ikkje primært om dagens sørsamiske talemål.

Gellolleftå er eit skogholt Eskeland nemner: Sisteleddet er fi. lehto «lund», Gello- er litt meir uklart, for på turistkartet over Grue er Jellileftåholtet avsett nær ei erosjonskløft i den bratte austre elvebarden til elva Rotna vest for Midskogmyra. Jelli- peikar i retning av den nordsamiske stadnamntermen Jielle– i namn på tronge bekkedalar, slik vi ser dei ved Jiellegáddi og Jiellenjárga (Kåfjord, Porsanger), og for erosjonskløfter som ved Jellisuanto (finsk), ein høl i Nordreisa. «Grunnordet» er eigentleg ls og ns jiello, jiellu «sprekk, revne, riva», assosiativt uklart avgrensa mot jiela-, jiele-, jielu- i ord som går på sprekkar i skylaget (jielle, jiellú, oslo 66f), sml. nordnorsk «han riv i han» når der kjem opningar i skydekket. 

Gelsingaljo er eit berg ein staden på Grue finnskog. Medan sisteleddet sikkert nok er fi. kallio «berg», finn Iversen førsteleddet usikkert, men truleg er Gelsin– enkel samandraging av sørs. genitiv gïeles(e)-n-, eigtl. ‘kjøl’»’: ‘ås med bjørkeskog; bakket, tørt område’, lik ‘jämn, nogot kupig hed med fast mark, bevuxen med tallskog’ (kielas, oslo 85). 

Gentaså er ei myr, fi. suo: «1. ledd uklart, men oppfattes som finsk av inform.», seier Eskeland. Merknaden er uventa kortfatta, særleg når namnet ikkje er med i indeksen. I Kautokeino vil genda <fi. kenttä «mark» seie grasslette til fjells der samar heldt til i gamle dagar, i Polmak og Karasjok berre kjent frå stadnamn (Qv 281). Sml. Ketto-.    

Gobbinbeldo |’gåbbin-| heiter ein åker på Halvortjernsberget og kanskje Rotneberget med, på norsk i uvant form Gubbensåkeren (minne om føderåd). Iversen strevar med å finne klar, finsk tolking. Uventa nok, «gubbe, mann» heiter på sørs. både gobpe og kobpe, så Gubbens- kan vere ss genitiv gobpe-n-, då med norsk genitivs s attåt!

Goist heiter ein utviding eller kulp i Løvhaugsåa, Grue. Utan tvil ligg ss gåejstedh «ause opp» til grunn (Mankok: goajstet). Rettare skriveform her blir nok Gåejesth.2

Gokkonårrå |gåkkånårrå| heiter ein myrdal austafor Store Kvernberget i Grue. Han smalnar til eit skard i nord. Sisteledd er fi. noro «fuktig senkning», m.o.t. førsteledd gjettar Eskeland på fi. kokko, kotka «ørn» eller kokko «bål»: Begge delar er tenkelege, men det er i høgaste grad også ss gåhkoe, gahka «avstand, strekning», jf. neste namn. 

Gokkoshalsen er i flg. karta ei myrremse nordom Håberget, Grue. «Myrnamnlogikk» tilseier at myra før heitte *gåkko-so el.l. Halsen det er tale om er lett å oppdage i norde ende av myra, tett på vestsida. Her som elles har –s– i –suo– blitt hengande ved førsteleddet, den tid sisteleddet vart fornorska. Kan hende oppfatta norsktalande –suo ikkje lenger som eit særskilt ord, men berre som ei finsk ending –uo (o, å)? 

Rart er at førsteleddet ikkje i staden vart ss guhkies– «lang-», men forklaringa kan vere så enkel at det er tale om stad som ligg langt borte, jf. det velkjente Gokkoland, så vel som «Sibir» brukt som utnamn på utslåtter som låg langt borte frå hovudbølet.

Golkimyra |’golki-| Tuula: |’gålki-| ligg ved Kvernbekken i Grue, så myra må ha fått namn av denne. Neppe ss galkije: straum i bekk, beinveges, men snarare gålkije = kålkeje (LÖ), jf kol’ke «ställe, där strömmen i ett vattendrag är stark» (oslo 94), likt med ls gålgge og ns golgi.

Gomba-, Gombo-, Gommolamp er i Hof, Åsnes. Iversen trur Gommo er assimilert form av Gombo-, med –mb– < –mp-, frå fi. kumpu «liten kolle». Lydleg er det greitt, men der er ingen kolle, tjønna ligg i ein trong liten dal med opning mot aust, og med bratte sider. Betre meining gir sørleg ss gopmedh– slik det inngår i sms. gopmedhbielie = –raedtie: skyggesida, den nordvendte sida av ein dal, uklart avgrensa overfor –bielie og –raedtie «rang side» med førsteleddet gåpmoeh, –gapmah– («omvendt, med botnen opp»). Alternativt går namnet på den krumme (nyreforma) forma tjønna har, jf nordleg kåbmot (LÖ), ls gåbbmot «kvelvd»? 

Aller enklast er det likevel å tolke Gombo- som omkasta form av s. kåbmo = kubmo (LÖ 174) i tydinga snål, knipen, gjerrig, eit namn i klasse med dei talrike samiske og norske «Fiskelaus»-tjønnene, som iblant kanskje har fått namnet av taktiske årsaker? 

Gontigalli |‘gånnti-| heiter i flg. Iversen to berg i Grue, eitt i Løvhaugskogen og eitt i Vålbergskogen; karta viser berre det siste. Iversen meiner at sisteleddet tvillaust er fi. kallio (helle)berg og førsteleddet fi. konti: skreppe – utan at det siste gir klar meining. (At «skreppe» også på sørsamisk heiter gåante, kåånte er ei sak for seg.) 

Overraskande nok har kartet både Ganti– og Gåntigalli som namn på den eine høgda vest for Kalsjøen, og i nordvest ligg småtjønnene Vesle og Store Gallilamp. Men når det høge fjellneset på austsida av Ganti-, Gåntigalli (det skyt seg breibasa ut i sjølve Kalsjøen) heiter både Gantigallinabben og Kallilampsnabben, er venteleg Kalsjøen det Kalelamb på Grue finnskog som Iversen nemner (s. 129)? Vi kan tenke oss at det har skjedd haplologisk forkorting fi. *Kalliojärvi, Kaljojärvi > Kal’järvi > Kalsjøen.

I namn på Finnskogen blir fi. kala «fisk» i flg. Iversen vanlegvis til Galla-, og pussig nok er Gallabakken å finne like sørvest for Gallilamp. Ei vilkårleg tilpassa form? Når  vi veit at galli og gallo i nordlegare samisk tyder «steinblokk, klippe» og er låneform av fi. kallio (Qv 261), må det vel vere det siste ordet vi finn att i Kaljo- som førsteledd i Finnskog-namna medan samisk Galli- må ha vore i bruk lenge før finlendarane kom.  

Førstestavinga er dunklare, men eit par namn på Kont(e)– gir rettleiing: Kontberget i Åsnes med plassen Kon(t)torpet under er breitt i sørvest og særleg i nordaust, medan Kontetjennet i Kongsvinger ligg aust for ein ås som er brei mot vest. Det er klart nok, namn som Kont(e)tjenn-, –tjønn så vel som –myra vitnar kanskje om at der fekk dei ei neverskreppe full av bær el. fisk, men Gåntigalli er veldig breitt i framkant. Det er òg Gum’të = Dunsjøfjället i Berg i Jemtland (oslo 93f), likeins Gomtehke (sv. Gumtiken) i Storuman, ja Gomtjärnberget i Norsjö i Västerbotten med. Best forklaring gir ss gomte ‘brei’ (= gamte, gabte, gobte, gåbte). Iallfall på norsk og finsk tunge skjedde nok uttaleendring –mt– > –nt-. Namneforma Gåntigalli får oss til å ane formvariasjonane 1. gåbte: *gåmte  2. gobte: *gomte 3. gabte: gamte. Formene med –mt– er venteleg dei sørlege.

Gorosolamp |’gōro-| er ei tjønn austom Rotneberget, ikkje kartfesta. Tydinga er uviss, men namnet liknar mykje på Gorosmyra, ei skoglaus myr i Åmot, så vel som Goros­moan attmed den grunne og sandfylte elvesvingen Goroskroken i Nordreisa, likeins fjellnasen Guorronjunis med eit par gorrpyttar i austenden, i skilet Nesseby-Tana. Ss gåaroes el. gåaras tyder «tom, innhaldslaus, med god plass», lik ls og ns guoros, merk særskilt nords. guorru = guoroláttu «dam som er tørr om sommaren». Goroso- i Grue er då enten eit samandrege *gåaroes-suo > goroso, eller det inneheld eit ss motstykke til det nordlege guorru + fi. suo «myr», i alle tilfelle med fi. –lamp føydd til, og utan tydingsskilnad. 

Gorrenevaså er ei myr på Hof finnskog. Sisteleddet er nok fi. suo «myr», men neva er òg myr (blautmyr, dike), så sms. skurrar. No kan gòrre vere kòrr(o) «ås, berg, kam; vasskil» (Qv 330)= ls gårrå «lång, tämligen låg landrygg med tallskog, bergås», medan neva kanskje står for fi. niva «stryk»? Ikkje så lite spennande er spørsmålet om korleis landskapet på staden eigentleg er.

Gråbokkiberget er ein ås, eller kanskje rettare: to åstoppar på overgangen Grue – Åsnes, med ein relativt trong passasje med avmerkt stig imellom; på austsida er berget svært bratt. God meining gir terrengordet bokk(i), sjå neste.

Gråbukktjenn er i Aurskog-Høland og ligg i ei lang og ovtrong kløft i terrenget (trongare enn den ved Bukkilamp i Vinger). Det rimar med ss kråbpoeh «djup, innhol» pluss ls båkke og ns bohki «i allmenhet trångt, hopträngt ställe», eit ord som unnatakslaust blir oppfatta som bukk av norsktalande. Sørsamisk talemål kjenner ikkje den terrengtermen lenger, men stadnamn held oppe mangt som elles er gått av bruk.

Gurilonvika i Landsjøen (Iversen: Lang-) er nok vika tett nedom Gurilonhaugen, no Gurilom– på kartet. Iversen hadde ikkje dagens kart, han fokuserte på vika, men ho kjem i tredje rekke: Like nord for haugen finn vi ein myrbekk med ei ovsmal, lang utviding, og ss gurrie «snor» karakteriserer denne lóna framifrå.

Gævi heiter eit stryk i elva Rotna. I staden for eit fi. slektsnamn Käväräinen i avkorta form kan det vere tale om ss geevedh [gææ-] «runde av (tøy, skinn), slik at kanten går i boge innover»: Dette karakteriserer den bratte sørsida av stryket særs godt – mindre sannsynleg er eit lydmalande sørs. geehpedh «gape; skråle, rope høgt».

Gønnelen, Gønnenen, fi. suffiks –nen, er med blant nokre myrdrag-namn der Eske­land ikkje finn rimeleg samsvar med finske slektsnamn.  Meir tenkeleg er at her har skjedd ei litt «brutal» norsk eller finsk-norsk lydtilpassing av sørs. gyöjnedh (gyöjnedahke, gyöjnehtahke) «årleg flytteveg, beitetrekk».

Görtilamp ligg i Vålbergskogen i Grue. Sisteleddet er fi. lamp ‘tjønn’, men Gørti- er ikkje finsk for ‘skjørt’, det er ss györte «lang, smal ås med utsikt til begge sider; lem i fjellsida». Her høver begge delar: Tjønna ligg på ein pall, mellom det langsmale Metsigaberget i vest og Györtilampshólen i aust. Storebror å kalle er Györte i Grane i Nordland, som går under norsk namn Bæråsen.  

Haglamp og Hagalamp heiter i flg. Iversen fleire tjønner i Grue, ei av dei også kalla Gjeddetjernet. Iversen meiner fi. hauki ‘gjedde’ er den mest sannsynlege forklaringa, men problematisk er både overgang au>ā og sms. Haga– istf. Hagi-. Proble­met fell bort i fall vi tenker oss ei eldre sørleg form av fiskenamnet på line med ls hávgga og ns hávga, sjølv om nordleg ss no har haavke, = gaajtoe. At forleddet kan vere det same i Hakatjernet i Åsnes er også Iversen inne på. 

Haigon er ein skogkledd haug, midt ute på ei myr ved Tørberget i Trysil; Iversen har òg notert varianten Hargon. Haigon minner om ss hajkodh (Hasselbrink: hajgudh, håjgudh) kaste (fl. ting, fl. ggr.), ls håjggåt. Pret. part. hajkome (Hass.: hajgume) blir eit regelrett nomen, les «kasting», «kastar-». Myra, framleis med ein slump små pyttar, har tvillaust vore ei nokså stor tjønn i nær kontakt med Tørbergsåa, og Haigon, som no heiter Haigonshaugen på karta, var ein holme eller ei halvøy dei stod og kasta ifrå? I Haigonshaugen har vi nok ny norsk s-genitiv, eller så heitte holmen beintfram *Hajgom(e)-sååle «kastarholmen»? I så fall vart –s– i sisteleddet –sååle hengande ved førsteleddet pga. rang oppløysing.

Hakkamak heiter ein ås i Trysil, brattast i nordaust. Sisteleddet –mak, -mæk er som elles fi. –mæki «bakke, berg». Hakka- er mykje meir usikkert: Hakkara, også det i Trysil, er toppen av Langtjønnåsen, bratt mot søraust. Eskeland oppfattar Hakkara som ei namnelaging tufta på eit finsk slektsnamn Hakkarainen eller Hakkaraisen, men tvilen kjem smygande når namn på naturformasjonar som åsar og høgder blir tolka så. 

Her kunne parallelle argument nyttast: Kongsvinger har Oksberget og Oksbergsmyra, der Oks– utan tvil viser den vanlege overgangen frå gn. ups, bergufs. Tilsvarande kan nemnast Oksberget i Trysil, med myra Oksber(g)kjølen i nordvest. Berget ligg tett på riksgrensa. I Hakkamak sitt tilfelle ligg Oksbergmyra i nord-vest, men her er ikkje noko *oksberg å finne, anna enn Hakkamak sjølv. 

Ettersom dei finske namnetolkingane her er topografisk vage, har det meir for seg å sjå på Hakkamak og især Hakkarak som «rått tilpassa» finske (eller norske) etterlikningar av sørleg ss haahparahke adj. «bratt» i predikativ form, nytta som nomen.    

Halsjøen heiter eit vatn tett ved svenskegrensa i Åsnes, på fi. Hualijärvi. Førsteleddet liknar i flg. Iversen mest på no. hale m, på värmlandsfinsk faktisk huali. Dette kunne kanskje høve for den langsmale tjønna Halsjøen i Eidskog (uttale ukjend), men knapt for Halsjøen i Åsnes og slett ikkje for Halsjøen i Lørenskog. 

Gjennom Halsjøen i Ånes til Flisa i Våler renn Halåahałåa|: Dette er ein uttale som lydleg peikar mot harð– (Norske Elvenavne 91), utan at det blir forståeleg i samband med vatn, på norsk vel å merke. På ss står derimot haerie (Hass. haarie) for «kant, retning; del» (jf. nords. hár’rát + hár’ret «sprike») og tyder i ulike uttrykk «i to leier», «til fleire (el. alle) kantar», «til (på) kvar sin kant» o.l. Det høver til fulle for den særs forgreina Halsjøen i Lørenskog, og upåklageleg for Halsjøen i Åsnes, som smalnar av midt på, men utvidar seg mykje i nord og i sør, sml. også Harrvatnet (Qv: Harrere) i Hattfjelldal (det ligg for det meste på svensk side). 

I Halsjøen sitt tilfelle må ss *Haeriejaevrie først ha blitt mistydd av nordmenn og så lånt til finsk og atter nytolka. Harsjøen på Røros er delt liksom Harrvatnet i Sør-Varanger og Hárrejávri i Porsanger, Kautokeino og Karasjok. I sistnemnde kommune har dei dessutan Hárrejávrrit flt. Det meir firkanta Hárrejávri i Tana skil seg ut i dette selskapet, så ein må også ha i tanke fisken harr, sørs. haerrie, nords. hár’re, hár’ri. Eit vatn der den fisken dominerte kunne lett nok få namn av det.

Haltoso er ei myr i Austmarka, Vinger. Her som elles står –so for suo, myr, og Iversen tenker på fi. hallaton «frostfri», men større er likskapen med sørs. aaltoe, aalta «simle (med kalv», for som Iversen sjølv nemner, «h har i framlyd en noe utrygg stilling» (§ 30.1). Det er typisk nok for sørsamisk med, for ikkje å snakke om lulesamisk (Grundström). Framlyds-problematikken fell likevel bort dersom myra på ein eller annan måte er ei ‘helvetes-myr’ å ha med å gjere, jf. sørs. håltoe, sørleg form halta «den vonde». 

Hammestjernet i Varaldskogen i Kongsvinger, no blitt «Hammerstjennet», set Iversen i samband med fi. hammas «tann». Sannsynlegare er ss hȧbmeče = hapmátjë «låg liten fjellrabb» (Qv 379), det passar med lendet på nord- og vestsida av tjønna.

Hanoatjennet ligg søraustom Trøsjøen, Kongsvinger. Iversen nemner Hannoalamp (òg frå Varaldskogen), men finn ordfugen –oa– problematisk. Om vi her resonnerer som når det gjaldt Gomba- alias Gombo-, Gommolamp, synest ss haenies lik ls hánes og ns hánis «snål, knipen» å kunne høve. Merk då spesielt ns hánoahallat «vere gjerrig», for Hanoatjennet er ei isolert tjønn som neppe har mykje fisk å by på?

Happiso, Häppiso er ei myr ved Lutnes, Trysil. Sisteleddet er vel finsk oppattaking og omforming av eit ss førsteledd aapije, aepie «blautmyr». Om framlyd h, sjå Haltoso.

Haskabråten (òg Hoska-) var ein bråte i Grue. Iversen kom ikkje til trygg konklu­sjon, men Eskeland koplar Haskamyra til fi. hauska ‘morosam’. Her kan ein snarare vise til ss hasskoe, haaskoe (Mankok, Bergsland) «smuss; boss, rusk». Typisk sørleg er elles at –oe i trykklett andrestaving blir –a, men i dette tilfellet er ikkje noka dobbelform å finne i ordbøkene.

Hiensuo eller Hyenso er ei myr austom Lysen og Langtjennet i Kongsvinger. Tuula Eskeland finn forleddet i namnet uklart. Her bør nemnast ss hijven, også hïjven adj. «gut, vortrefflich, artig, schön» (Hass.), mykje likt førsteleddet i myrnamnet. Myra kan ha vore ei god beite-, slåtte- eller bærmyr, eller var der kanskje lett å ta seg fram? 

Husuberget på Hof i Åsnes er ein 558 m høg, fint avrunda kolle. Husubergsætra på nordsida ligg ved Sætersjøen, der elva Husua har sitt utspring. Førsteleddet Husu- er i flg. Iversen ei omtolking av dial. fi. ysö = iso «stor», folk-etymologisk omtolka til husu f «hose». Det aller siste er rett, jf. hus(s)u i Solør, høs(s)u i Trysil (NO 5: 620), men utgangspunktet er trulegare ls hosse «svagt välvd upphöjning av terrängen över omgivningen» (oslo 61, frå Jokkmokk). Garden Husuberget har fått sitt namn av Husuberget, slik Høsbjør i Ringsaker fekk namn av den avrunda Høsbjørkampen.  

Hærkerud «(vel hæ`rrkǝru) er eldre navn på ein husmannsplass ved Strandholtet, Maridalen: ‘På nedsiden av veien …ligger Helgerud, eller «Hærkerud» som den jevn­lig kaltes’ … Navnet er under tvil tatt med her [seier Iversen]; men det er ikke utenke­lig at det kan ha finsk opphav. Første sms.ledd kunne …. f.eks. sikte til at plassen var blitt pløyd opp med okse istf. med hest» [sitat slutt]. 

Ironisk nok er det såleis at endå fi. härkä tyder okse medan ns heargi tyder kjørerein og ls hiergge står for reinokse, vil ss hiergie seie hest! Den tenkemåten ligg under at finlendarar dyrka jord, men det var mindre truleg at sørsamar ville finne på slikt?

Håkkåsåna ligg i lifoten under Østre Tysketorpet i Grue. Der var gamle hustufter; på ØK stod Håkåsånna. Akkurat som Iversen tvilar eg på at Håk(k)ås- tyder Håkons-.  Sisteleddet er snarare bunden form –åna av ån f  i svenske dialektar: «litet akerstykke eller engstykke som enkelt arbeider skal slå, i ljådrags bredde», skòrgong, og håkkås eller rettare åkkås er svært så likt nordleg sam. áhkkás adj. «grasrik», til áhke «ymnig gräsväxt». Iversens skrivemåte blir rettast (jf. Qv 16, og ône m i Nyn. etym. ordbok).

Håtgå er eit uklart myr-namn (Eskeland 72): Det kunne nok, med «falsk» framlyd H-, vere forkorta frå ei sms. av ss åvte– «fram-» + ss –gåevie = –gaave «bøyg, boge, krumming, sving; bekkekrok», sml. Mago, men det spørst korleis det passar med landskapet?

Jymmamag, også Jimma-, er ein ås i Trysil, òg skrive Gymma-, no Jymmamäg (fi. mäki «bakke»). Her tenker Iversen på fi. jymy «bulder, dunder», men trass i kortvokal er alternativet fi. kiima «fågelvin, plats där skogsfåglarna samlas för at para sig» (oslo 89), i ss gijmie og i ls gibme, som verb gibmat. Ordet er tydelegvis finsk, fornorska via samisk mellomform -bm->-mm-, -m-, jf. «kima, se kibme» (LÖ 147).

Jöntagnoso eller i Iversens form Jöntagnaso heiter myra kring Haigon(shaugen), s.d. ss gyöntedh v. tyder «hamne, ta vegen, bere av». Det er visst *Gyönt’hajgomsuo som her gir seg til kjenne, mynta på ferdselen – eller ferskvassfiske litt i måfå, *slumpkast[haug]myra eller noko i den lei?

Kafallåsen i Eidskog er ein låg og vid haug, med Kafallmyra vestafor; der ligg òg Kafalltjennet. Forleddet er ikkje eintydig, men ei matnyttig tilnærming tilseier at her kan ha skjedd avkorting av ss gaavaldahke (Hass.: gaavaaldakke) «rypesnare».

Kappusholmen |kappos-| ligg nord i Varaldsjøen. Forklaringane på det namnet og ei rad namn som liknar, Kappus– og Kab(b)us-, er sprikande. Dei er talrike landet om, berre i nord har vi Kappushøgda i Ibestad, Kabussen i Sørfold, Kabbusen i Gildeskål, men i Rana Kabushatten. Dei så talrike at tydinga ty. Kapuze f «hette, kyse» (Norske Innsjønamn I: 107) ter seg tvilsam. – Det er heller tale om ei avleiing nærslekta med ns gobba «bergknatt», ls gåbbå «lite, frittståande berg i skogen», ss gabpe «flataktig forhøyning på fjellet, mot skoggrensen» (Kobbedalen, Andøya), dessutan også «flat haug eller hump» (Kobbåsen i Bø). Kobben heiter humpar og åsar landet rundt, frå Sørreisa til Hå på Jæren; slike formasjonar finst òg tett inntil til dei talrike Kopperud-gardane over store delar av Austlandet. 

Kappusholmen har ein rund liten hump midt på, og i aust- og sørkant av Kappusmyra lenger vest er det liknande knattar, så siste ordet er ikkje sagt om samanhengen desse namna imellom. Jf. òg Kobbusteinen i Birkenes og Kabbussteinen3 i Bø i Nordland.

Karisomyra i Kongsvinger er ei humput myr i svært kupert lende. Rimeleg er å tolke kari– som ss garre– «hard», slik som i garredeava «hard bakke, fast grunn». Sml. her (Nensén) kara-jegge frå Jokkmokk «höckeriges Moor» (Qv 266) med ls gara «hard». Merk i denne samanhengen også bråtenamnet Karrahå.

Kaskonsberget er i Våler: Iversen nemner berre Kaskonsbekken, som renn austafor, og slår frampå om eit slektsnamn *Kaskonen, heilt ukjent elles. No ligg Bjørnmyra midt på Kaskonsberget, og i nordvest finst Bjørnskalmyra, så det kan ha mykje for seg å tenke på partisippet gooskeme «vekking» (Hass.) til sørs. gåaskoedh «vekke ein som søv»: Det er velkjent at samane ikkje ville drepe ein sovande bjørn. På hi sida kunne *koaskom el. *koaskon også minne om ls goasskem og ns goaski, –n «ørn». 

Kavalasmyra med Kavalastjennet, hos Iversen Kavlaso og Kavlaslamp, ligg nord for Fensjøen i Brandval, Kongsvinger. Oppe i åssida sørom går gongstig, men lendet ned mot tjønna og myra er etter kartet å dømme lite ‘brukarvennleg’, så ei sørleg form tilsvarande ls gav’lat «göra en sväng, omväg forbi något» (Korh.) gir meining. 

Kebboåsen ved Paskobekken i Kongsvinger er eit vanskeleg namn, men vestom åsen renn bekken på flatland: ss gæbpoedidh (gabpoedidh, gebpiedidh) v. «demme opp» fortel sannsynlegvis at bekken flyt utover til visse årstider? 

Keigele |’kɛigele|, Keigle, Keiglo heiter ei tjønn nordom Fjørsjøen i Vinger. Tjønna er vid, men ho held lite vatn, så det meste av botnen er tørr. Iversen synest ikkje fi. keikele «lettrörlig el. ostadig varelse» gir god meining, og keik(e)- peikar snarare i retning av sørs. gejhkie «tørr» og gajhkije «tørrlende»: Då blir keigele aller helst eit nomen laga beinveges av verbet gajhkedh ‘tørke’, med suff. –leh (Hass. 171), d.e. *Gahjkeleh. På same vis er kanskje den vegetasjonsfattige Stormyra i Åsnes tørrlendet som gav namn til Keikjetjernet attmed?

Kero– el. Kerrolamp på Varaldskogen i Vinger er ei tjønn med ørsmå holmar og ein uryddig (opptafsa) strandkontur. Framifrå meining gir ss gaarroeh adj. «sprikande, svært krokut» o.l.

Ketton, lik Kettonhå, Kettahå (Iversen) er ein bråte i Vinger, nærmast eit platå i ei åsside. Aronstorpet i Vinger har òg ein åker Kettopeldo (Gettobeldå): Gettogårb er namn på ein gard, medan ein ås i Grue og i Brandval heiter Gettoharjo. Eskelands Gettoså er kanskje identisk med Kettomyra, sekundært til Ketton. Gettoballoso (fi. palo «svedje») er òg ei myr. Sekundærnamn er truleg både Kettobekken (Varaldskogen i Vinger), Gettogårbbekken, Gettogalliå, Gettogiv (stein) og Ketto- lik Getto-lampi i Furubergskogen i Grue.

Forleddet er i alle desse tilfella utlagt som fi. kettu «rev». Det passar sikkert nok for Gettonbessahaugen (fi. pesä «hi»), mindre krystallklart er at ein stein (fi. kivi) har fått namnet Gettogirves, for fi. girves tyder «øks», altså «reve-øksa» = revesaks?

At namnet på ein bakke på Nyhus og ein sandbakke i Tørberget opptrer i særs sprikande former er mesta fenomenalt: Ketto-kønna, -kenna, -kyndi, -kyna, -kun, -kina, -keina: Ketti­kinna om ein tørr myrhaug må vel reknast med (Eskeland). Når ein dertil ser at namnet i Tørberget også gjeld ei slåtte og ein kulp, må ein undrast om her er ei samanblanding av fi. kymi «elv» og sørs. geajna, geajnoe «veg» (gyöjnetje «liten veg), notert keæina (Røros, Tännes) og gæina (Herjedalen)? Finsk form av det siste ordet er keino.

Når andre tolkings-alternativ ikkje er funne, «må» vel Ketto- komme av fi. kettu «rev», og «revsteinen» og «revbakken» går like godt som Gettonbessahaugen, nemnt før. Litt meir stussar vi på *revbråten, *revsvea, *revslåtta, *revkulpen, *revtjønna? Det kjem ein mistanke om at ketto- er ei ganske vilkårleg forfinsking av ss giedtie «reingjerde, reinhage», tradisjonelt skrive kiettie, kiedde, kedde, ketti m.m. (Qv 285). Kjem kanskje Kettikinna det opphavlege nærast? – At den slags lokalitetar vart svedje­bruk, slåtter osv. var naturleg nok. Det kan nok hende at fleirtalet Ketto-namn fortel like lite om mikkel rev som dei nordnorske Katt-namna fortel om tam- eller villkatter.

Kilbon(ne), Kilbom, Kilbån |’kilbån| i Trysil er ein ås med fleire avrunda små toppar bortover: Austafor ligg Kilbon(s)tjønna. I Kongsvinger har dei derimot ei tjønn kalla Kilbonen |’kilbånen|, med fleire runde haugar på sørsida; sekundærnamn er det ein del av. Iversen går ut frå at eit slektsnamn Kilpo(i)nen eller Kelpanen er opphavet til Kilbon-namna. Eldre skriveformer Kilibons Bierget og gardsnamnet Kilibons Torpet finst òg (Eskeland 224). 

Ut frå kartet er det neppe for djervt å heller rekne med ei forfinska form av det ss gïlle, gylle «grasgrodd, skoglaus bakkeknaus», sms. med båvne «åsrygg, skoglaus på toppen; lågt, snautt fjell med skog ikring». Ein må gå ut frå at også desse bygdene har lokalitetar som eingong var skoglause? Skogen dominerer no til dei grader at det er langt lettare å orientere seg på kart enn på flyfoto.  

Kjeversmyra |’ᶄēveṛṣ-| ligg ved Nyhus i Trysil. Førsteleddet er helst ss gïeves-, slik som i gïeves-pluevie søkkemyr (pluevie = floe), men framlyds-uttalen er venteleg fullt ut finsk (kj- for gj-). 

Kolkiberget |’kålki-| i Brandval er totoppa, med ei nokså djup kløft imellom. Namnet kan realt, men ikkje formelt vere ss golle (Hass. gulle) snevring, kløft mellom to berg. Deminutiv av ordet gullȧ er gullǫče (Qv 321) les gollåtje (Hass.: gulledje) med trong o i første staving i alle tilfelle. Lett samandregen uttale av det same golletje kan ha gitt goltje, golkje el. -tji, -kji. I finsktalande miljø, der motstykket til golle (gulle, gullȧ) er kolo med open o, kom vel uttaletilpassinga kålki med hard k av seg sjølv.

Kolma |’kålma, RI|, |’kolma, TE| er søre, høgaste toppen på den lange, fleirhalsa åsen Ormbergsberget(!) i Brandval, med garden Ormberget i sør. Ormbergsberget er  likevel også namn på den høgaste toppen i nord. Iversen peikar på at Kolma kanskje er samandregen form av fi. kolumaa «stenig mark», men kartet tyder eigentleg ikkje på det; heller ikkje fi. kulma «vinkel, hjørne» (TE) overtyder heilt. Sannsynlegare er visst Arjeplog-termen s. kuolma |koålma|, koolbma |kåålbma| «furuskog» (Qv 348). Forenkling av desse overlange stavingane forklarer uttalevarantane kolma og kålma

Kolvalamp lik Kolvlampi i Trysil: Kolv(a)- tolkar Eskeland som fi. koivu «bjørk», med konsonantutjamning. Ettersom tjønna ikkje lenger finst, anna enn som ei tuft i myr,  er det grunn til å nemne ss. gaalve primært «avberkja, tørt tre», men i sms. gaalve-såekie og –moere også om tørre tre og stubbar så vel som –kraesie og –almetje om tørt gras (og gamle folk). Hovudtydinga er tydelegvis eitkvart som har tørka ut. 

Kongotunen |’kåŋo-,kåŋe-| heiter ei tjønn i Vinger. Førsteleddet kunne vere fi. konko, gen. kongon «något uppstående eller uppböjd», men sisteleddet rår Iversen ikkje med. I staden kan vi prøve eit parallellord, ss gåangkoe adj. «krokut, krum, bøygd», t.d. om bjørk med toppen bøygd ned (som nomen: gåangkohtje). Sisteleddet er truleg berre lånord frå norsk, tjonne (= tjönne, tjïerne), jf. Qv 158b: tjonnȧ (Snåsa) og tjånnȧ (Meråker), tjånnɛ (Herjedalen), men tjienne (Hattfjelldal). Tjønna Kongotunen kunne kallast litt krum eller avrunda samanlikna med den lange og beine tjønna Kavalainen vestafor, men like sannsynleg stod der ei krokbjørk eller -furu i haugen attmed, altså *gåangko(tje)-tjonne med stavingsbortfall, i ettertid forfinska til Kongotunen med hard t i staden for palatal tj? Norsktalande kunne neppe omskape namnet såleis.

Kontenus i Åsnes er av dei dunkla namna. Buplassen, no feriestad, ligg på ein knaus som vender breisida mot sørvest. Førsteleddet kan derfor vere som i Gontigalli, men sisteleddet er helst –naus = –knaus, reg. i forma hnaus frå Skiptvedt (NO 659).

Kopparsuo er ei myr i Brandval, venteleg dss Kopparsmyra på dagens kart, med –s– pga. rang oppløysing. Like bortom ligg Kindkopparmyra med ei tjønn midt på, ss tjïerne, čienne (Qv 158b, Hattfjelldal)?  Koppar- er eit fleirtydig namneledd, men her sannsynlegvis fornorsking av sørs. goebpere «sopp» (lules. guoppar). Desse myrane var venteleg goebpere-laante = goebpere-eatneme «sopp-land», noko som både rein- og kugjetarar i så fall hadde føling med frå år til anna.

Korkansteinen (Eskeland) står ikkje på kartet: Som alternativ til eit finsk slektsnamn tør nemnast sms. med ss goerke, ls guorgga «trane» = qworg (LÖ), jf. fi. kurki.

Korrisonabben |kårri-| er ein bergnabb i vestre del av Varalden, er sagt. På karta finn vi berre Korrisovika. Her aner vi eit myrnamn *Korri-suo-, jf. ss govre «skòr, hakk, innsnitt» (LÖ: kora, korr, kurr). Berre 300 m sør for vika ligg ei namnlaus myr med smale skòrer i endane, og tett ved er det to bergknattar (-nabbar). Litt grundigare namning av kartet ville her ha gjort det enklare å ettervise ein sannsynleg samanheng.

Kotteren (uttalt lik kutteren, berre med trong o) alias Kottersjøen ligg ganske nær riksgrensen på Hof. Iversen tenker først på fi. kuturi «siklöja, mujka, småfisk», men ordgeografiske fakta talar imot. Dessutan er ordet oftast forledd i namn på myrar: Kottermyra, Kotterso og Kotterinsuo. Meir tilfredsstillande låter derfor sørleg ss gohtere [trong o] ‘(stor)lom’, iallfall har to av Kottermyrane småtjønner; også Kottersdalen er myrlendt. Kotterinsuo kan då oppfattast som gen. Gohtere-n-suo. Iversen har i tillegg funne Kotteren eller Kottern skrive Gottern, stadig med tonem 1,  og seier her bl.a.: «det viser den karakteristiske vingling mellom uttaleformer med k og g i framlyden» (s. 161). Jf Koikalamb < Kuikkalampi «lomtjernet» (s. 148). 

Laddolamp er ei tjønn i Brandval, og Latto- er utan tvil fi. lato lade, løe, meiner Iversen, men like truleg er laddo «tjønn», med fi. –lamp som tautologisk tilføying.  

Lalatjernet i Våler er ørlite, rundt, Lahalamp i Ånes det same. Forleddet kan vere lik det jemtlandske Lahla, tolka som sørs. låneform av Litla- (oslo 111).

Lastoharja heiter ein skogås ved Nyhus i Trysil: Fi. harja tyder ås, førsteleddet kan i flg. Iversen vere fi. lastu «spon». Kanskje har det vore slike aktivitetar på staden, og det finske ordet passar best, men også ss. laste «lauv» bør nemnast, for Iversen gir ei rekke døme på namn der bindevokalen er ein annan enn kva finske reglar tilseier.

Latenåsen |’lāten-| er nordom Tørberget i Trysil. Iversen tar namnet med under tvil, ikkje minst når det gjeld tonemet, «dels fordi navnet etter lokaltradisjonen skal vere finsk, dels fordi et norsk ‘la(d)teinåsen’ ikke synes gi noen rimelig mening». No har Latenåsen store myrar på austsida, så Latenåsen er truleg forkorta ss *Laadtegenaesie i tyding ‘molteåsen’.

Lesklisa er i flg. Iversen ein bakke ned mot ei myr, men i flg. kartet er det ein bekk i lett hallande terreng på søraustsida av Rørbergsjøen i Trysil. Førsteleddet reknar han med er fi. leski «enke» (nords. leaska) og at sisteleddet enten er lisä ’tilskott’ – altså *enkeparten? – eller evt. kvinnenamnet. Likevel, «enke-Lisa» som namn på ein bekk eller bakke er i raraste laget, plent som «dunk-Lisa» og «stubb-Lisa», nemnt før.

Ovanfor ligg den svære Sjømyra med ei mengd tjønner, eit landskap i beste samsvar med sørs. *liedtsie = liedtjie: flat lægd; flatt dalaktig landskap; søkk mellom tuver. – Førsteleddet Lesk– utgår då frå ss leasja, leasjoe: pytt, vasshol; lita tjønn (Qv 509). Akkurat same lydutviklinga ser vi i Leskadalen i Balsfjord, og i Lesken som namn på liknande tjønner i Hemnes: Norsktalande har rekna med at læsj– var gammaldags uttale av eit *lesk som dei utan vidare har «retta» på. Den forståinga inneber at Lesklisa <*Leasj’liedtsie frå først var namnet på Sjømyra, seinare omtolka til å gjelde bekkefaret (avrennet) frå myra. 

Lolavika |lōla-| ligg lengst nordvest i Kalsjøen og kan kallast botnen i ein minifjord. Lola- er uklart, kanskje samandrege frå svensksamisk luleha (= luliš) «Sørlænding» (Friis)? Var vika båtplass for folk som budde på sørsida av sjøen? Enklast tolking er likevel fi. luola «hole» om sjølve vika, jf. Båthola som vanleg nordnorsk stadnamn. 

Lorkåså – Iversen:  Lordo(s)so (Lördalso, Lørdagso) myr i Munksjøberget, Trysil. Sml ss loerhke: dyretrakk  men særleg ls luorkoj, luorkku– tørrgran

Luka og Lukbråten |-brå:tån| er bruksnamn i Grue. Det stemmer godt med terrenget å tolke namna som fi. luokka = s. luohkká «bakke, li, fjellskråning». I den overlange stavinga er diftongen uo vidareført som lang u medan dobbel k er blitt forenkla. 

Mago |’māgo| heiter ein buplass ved Nordvannet i Nittedal, og eit stykke vestafor ligg Magovika |’māgo-|, lengst nord i vatnet Hakkloa i Nordmarka. Namnet gir eit unorsk inntrykk, seier Iversen, og det er fortalt at Mago skulle vere eit finsk slektsnamn, men det er ikkje dokumentert. 

Sørleg ss mahke er «krök (på rep, väg etc.) vars ändar går ihop (eller nära nog ihop), så att de bildar en ögla eller går jämsides; bukt på strand, innersta ändan av en vik, vrå» (Qv 595, oslo 131). Det stemmer forbløffande for Magovika, avrunda og forma slik at to oddar peikar mot kvarandre – minner om Trump sitt fingerspråk! Kva innmarka på buplassen Mago gjeld, er ho delt på langs av ei naturleg skogremse som etterlet eit inntrykk av to parallelle teigar eller strimler. 

Magovika er ein del av nordenden eller nordkroken i Hakkloa. Buplassen Mago ligg ytst i ein meitemark-liknande arm av Nordvannet og er ein gaave (mørk a) = gåevie krok, krumming, boge, bøyg (i bekk o.a.). Vi kan sjå for oss ei lydutvikling mahkiegaave > mahk’gå(v) > Magå, Mago. I norsk kjem det av seg sjølv at førsteleddet i ord som sago og taco og namn som Rago og Mago, alle med tonem 1, får forlenga vokal i første staving og forkorta vokal i siste – elles burde Mago ha kome til å likne makko!

Maisobekken, Maiså- i Kongsvinger renn gjennom eit vidt myrlende ved riksgrensa, langt frå all gammal busetnad. Maiso- er nok sørs. maaje «stor avstand» pluss fi. suo «myr». Det blir nærmast eit sidestykke til namnet Majavatnet i Grane.

Manasuo |’ma:naså| er ei stor myr som når heilt fram til Tørbergsåa i Trysil, i eit om­råde der åa er breiare enn elles, med Manasuobekken like vestafor. Forleddet kan, langhenta nok, vere likt austs. mana «tiefere und breitere Stelle in einem Fluße; See durch welchen ein Fluß fließt» (Qv 578). Her høver første del av forklaringa godt. 

Massasuo (-so,-så) er ei myr nordom Rotbergsjøen i Grue. Forsøkt tolka finsk framstår førsteleddet uklart, men myra har sikksakkform, så det er naturleg å tenke på ss maahtsodh v. «falde, folde», merk her også ss maahtsege «rukkut, rynket».

Moransuo heiter eit par myrar i Brandval og Vinger. Uttalen er litt ustø: |’mōram|, |-ran|, |’måran|, mårran|. Mest sannsynleg er dette ei enkel finsk tilpassing av ss moere-n– «ved-, tre-», men formelt endå nærare ls og ns muorra d.s. 

Mordiso |’moṛḍi-| er ei myr (-suo) ved Gravberget på Våler finnskog, og Iversen finn ikkje eit finsk ord som høver, men ss morhte (= morhtse) «dy, myrdynn, blaut svart myrjord» synest å høve godt. Namnet kunne òg skrivast Mordisso, for han kjente ei skriveform Mordonsuo der folk i røynda sa Mordesmyra. Meir enn noko anna liknar Mordisso og Mordes-myra ss morhtes– < morhteske (i tyding lik morhte). Mordinso i Grue minner tilsvarande om Morhte-n-suo, med morhte i genitiv.

Mottifossen |’motti-| er i Nøkkelvassåa i Grue. Her deler elva seg på det viset at det oppstår ein holme, elles fortel karta fint lite. Mottimat er ei myr på austsida av Tørbergsjøen i Trysil, tydelegvis med noko bratt kant mot sjøen. Ho ligg elles i utkant av den store og lite framkjøme Sjømyra. Mottimyra i Åsnes ligg for sin del som eit naturleg hinder midt i Kjerkevegen vest av Breisjøberget.

Det lyder noko tvilsamt at Motti- går på fi. mutti «nevegraut», dvs. hardstappa graut! Då heller eit gløymt ss ord som svarar til ls muhttēt (Grundström) lik mut’tet (Korhonen) v. «hindre»? Det er førebels usikkert om Mottifossen på ein eller annan måte var eit hinder.

Naimaberget i Kongsvinger er slik skapt at ein kjem i tankar om njaipaget «blive tilspidset, afskraanende, smalere i Enden», likeins njaipetet v ‘glide ut af Haanden, glippe (paa Grund af at Tingen er tilspidset i Enden)’, med utgangspunkt i njaipas adj samt njaippe, njaipe ‘Tilspidsethet, Skraaning, Afsmalning i Enden’ (Friis). Klart er at elveneset Naimakka i Kiruna (s. Njáimmit) har tilsvarande form, vanskelegare er å klarlegge ein evt. samanheng mellom formene med m og p

Njueniengoskenoro |jōniengåskenårrå| (Eskeland): Forledd her er ss njuenie-n– «fjellnase-»? og sisteledd fi. koski-noro (= «foss» + «sumpig däld, svacka»)?

Nurkibaggad (òg Nulki-) er ein bakke i Rotbergmarka på Finnskogen i Hof, Nurkigombo el. –gomo er ein hump i Halvortjernsberg-skogen i Grue: –baggad er fleirtal av fi. pakka «bakke, ås, høgd», og gom(b)o skal vere fi. kumpu «haug, kolle». Iversen nemner først fi. nyrki «knyttneve», men landar på nyrkkä adj «bratt». Unemnt er derimot fi. nurkka «nov», jf. ns nurki i same tydinga, også om fjellnov (Qv 661), brukt såleis i Gamvik, Tana, Sør-Varanger og Gällivare. Kor vanleg topografisk bruk av ordet er i finsk er uvisst.  

Närkilä skal ha vore eit torp ved riksgrensen i Eidskog: Ettersom Arvika i Värmland har Närkela tett ved riksgrensa, er det sikkert same lokaliteten. Iversen peilar inn det svenske landskapsnamnet Närke (utolka) og ev. innflytting derifrå, men ss njaarke går konkret på landskap og tyder både halvøy og «fjell-nes», og Närkela ligg nær ved ein rabb som flatnar og skyt seg ut i Varaldsjøen, nær Västra Varaldsröset. Finsk form av njaarke er nirkko (Qv 627), det høver dårleg. Merk elles også austs. nerk = njark.

Osegoske |’ōsegosski|, sjeldnare Ossigoski |’ossi-| er eit lite stryk i Rotbergsåa i Hof. Iversen peikar på at fi. koski uttalt med trong o er irregulært – det gjeld vel framlyd g au? Han uttalar under tvil at førsteleddet kan vere fi. uusi– «ny-», men meir sannsynleg ut frå situasjonen er vel ss uhtsie (= uhtjie) «lite, litl-», i dette tilfellet med finsk uttale av u

Osmannsfloen i Trysil er ei elveutviding, med Osmannstjønna austafor, og visstnok med Osmannsmyra attmed, og Osmannsbakken sørvest av -floen; i tillegg kjem namn som Osmannskoia og -velta. Under noko tvil satsar Iversen på eit elles ukjent slektsnamn eller mannsnamn Osmann (trong o) som forklaring. Samanhengen kan vere annleis:

Det er svært grissen skog aust for og især nord for Osmannstjønna. Frå Jokkmokk og Gällivare kjenner vi vuos’ma, gen. vuosma «ett land som är til hälften skoglöst»: Lyd­overgang vuos->os– er regelrett norsk, medan tilføying av norsk genitivs –s– truleg er motivert av det mistaket at det er tale om no.-sv. mann. Jf. for øvrig Vuosmajohko i Gällivare og Jokkmokk.

Paso eller Pasotorpet i Grue skal vere rydda av ein som heitte Pasinen el. Passonen. Sør for den gamle buplassen ligg Pasoberget, med vide og snaue toppflater i eit elles skogrikt område. Topografisk er då sørs. båadsoeh-, båadsah- «naken-, berr-, snau-» meir truverdig, men P- for B- er finsk nok.  

Paasanoppiknulen i Trysil m. Paasanoppi-sætra i sørenden er framleis skoglaus, for det aller meste. Det gjeld også Paasanmyra like vestafor. Iversen er inne på at skrive­skikken med aa kan ha påverka i retning av dagens uttale Påsan-. I ss er adjektiv til dels brukt brukt nominalt òg. Vi kan tenke oss det predikative ss båadtsan «(er) berr, naken» brukt nominalt om denne knulen, sml. her også Paso.   

Peisi |’pɛisi| i Brandval er ein kvileplass for buskap. Iversen nemner fi. peitsi (bl.a.) «spjut», men eit ssbiejjiesiijie > bei’si «sol-staden» skulle vere meir jordnært.

Pelso |’pelso| er ei lang myr i Trysil. Ho skal vere rik på sløke, og Iversen viser til fi. pilli (bl.a.) sløke. Det er fullt tenkeleg, men Pelshólen i Grue bør også nemnast. Han ligg attmed-under, dels ein rund hump: jf. ss balse «eine Erhebung des Bodens» (Hasselbrink, Vilhelmina), ‘forhøyning på marken’ (Bergsland), ballse (= bellnie) «tuva» (Mankok). Jf. òg ls palsa «torr, låg ås el. upphöjning på myr, upphöjning i terrängen, liten upphöjning i en myr, där marken ej är så sur, helt låg ås (oslo 33): For Pelshólen høver dette perfekt. Pelso sjølv kilar seg inn ml. Ryensjøberget i aust og dei litt runda humpane Hemnknulen og Kavandberget i vest.

Garden Pelsrød i Våler ligg òg på ein liten hump, men her er det dei avrunda og låge åsane omkring som fell i auga. Bortimot trillrund er åsen Pelsskjæra i Grue. Elles tør vi vel halvvegs samanlikne lydutviklinga i balse med den i austlandsk hæls for hals.  

Pennaholtet |’pɛnna-| og Pennså (no Pennamyra) ligg i Brandval. Iversen hallar mot at eit person- eller slektsnamn er forledd. Slik kan det vere, men pien’na = pier’na er dessutan samiske låneformer av bjørn (NL 105), jf. Pienna-kobba i Gällivare (oslo 156).Derimot er päna eller berre pän (LÖ) nordlege former av ss bïenje «hund».  

Pennalabanså i Brandval heiter no Bennalabanso på kartet. Myra er tydeleg nok eit smalt far i skogen, så ss labpanidh v. «gå i veg» (labbe!) kan ha noko for seg, men lendet attmed er etter kartet nokså kupert, så láhpa alias lapa «bergreva, bergsprekk» (LÖ) med n-genitiv treffer kanskje like bra? Jf elles Pennaholtet.

Pjøsamyra, Pjøsabekken og Pjøsalamp er å finne aust for Smedtorpet i Kongsvinger. Det er blautmyr med talrike pyttar, så det er nærliggande å tolke det pussige førsteleddet via ss biesedh v. «slippe noensteds hen; slippe løs», regelrett via pret. part. bieseme, jf. piäsem «befrielse» (LÖ). Vart Pjøsavegen og Pjøsabro bygd for å løyse slike problem? Samanliknande interesse har frasen «ib piäsa mubbe pelai jåkkåb «jag kan ej komma på andra sidan av älven, jag slipper ej» (LÖ). 

Pottislamp |’pottis-| i Brandval kan også heite Boddis og (sjeldnare) Puttis-. Tjønna har brei strandkant, så det er nærliggande å tenke på ss budtese «band, strimmel til å kante med», eit ord som går att i budtesth (= budtestahke) «kant, bord» mm.

Raddila er ei engsslåtte attmed Trysilelva, nær Grønoset. Iversen nemner eit par personnamn, men ingen som høver heilt. Meir konkret og i beste samsvar med topografien er sørleg ss raedtie «kant» (låneform av rand), her om elvebarden. Suffikset la er finsk nok, men buplass var nok staden ikkje. I dag har «Raddilia» kome inn på karta. 

Raddisuo er ei myrstrimle som buktar seg nedover lia aust for garden Brenna, fi. Pjørangalli i Kongsvinger. Førsteleddet synest vere dss i namnet framfor, men kan tolkast på to måtar: Myra når heilt ned til kanten av Brennatjennet, men viktigare er det helst at ho er den vestre av alle myrane i området, så ho fungerer som ei naturleg kanting eller avgrensing mot terrenget vestafor, som er tørrare og mykje meir kupert.

Rakkistorp |’rakkis-| er eit torp i Hof, i flg. Iversen. Han reknar med eit person­namn á la finsk *Rakkinen, «og det får vi vel holde fast ved, enda om noe slikt navn ellers ikke er kjent i Finnskogens annaler». Det problematiske er berre at sørleg sørs. raehkies enkelt nok tyder «gammal», så aller mest tilforlateleg er *Gammal-torpet. 

Refso er ei myr i Grue: Iversen finn ikkje fi. repo (gen revon) «rev» heilt høveleg. Litt  nærmare kjem det tilsvarande ss reepesje, her vel avkorta: reep’sj-. Iversen stussar også for di norsk namn på myra skal vere Randmyra: er det feil for *Raudmyra? Då høver nemleg sørleg sørs. reepses «raud» som fot i hose, med norsk overgang ps>fs.

Rektenskjeretrekten-| er eit sæternamn i Trysil. Iversen tvilar, for tonelaget er norsk liksom sisteleddet, men Rekten- er eit unikt namneledd. Sætra ligg under Skjærhøene, og desse er snaue, og endå meir det vide Fjellslifjellet(!) Rektenskjæret kunne vi visst ørlite meir pedagogisk skrive Rikten– og jf med Grøttøya i Steigen, sam. Riktē, gen. Riwtē (Qv 1938: 215): Til grunn ligg gno. grjót n. stein(grunn). Overraskande er at namnet så langt sør ikkje har framlyd Gr-/Kr-, men vanskeleg er det ikkje å påvise avvik i så måte, korkje i sør eller nord: Kruvhtege (Krutfjellet) = Kruvhtegenjaevrie i Hattfjelldal går som forventa, litt overraskande er Griwtega pl = Grytting så langt nord som i Sortland. Øya Gryta ved Harstad heiter der imot Riwtek pl, medan Grøtøya i Helgøy heiter Rif’ta el. Riftak.

Rensansuo på nordaustsida av Varaldsjøen er ei myr med fire forgreiningar, to i nord og to i sør. Treffande blir derfor sørleg ss reantsede v. «(gå) med sprikande bein».

Ridalampi i Kongsvinger (nær riksgrensa ikkje langt frå riksrøys 78) er ei tjønn som ligg i ein langt, trongt dalføre med særleg bratte åssider nærast tjønna. Både Eskeland og Iversen skriv Ridda-, ikkje så eintydig. Kartforma Rida– er derimot i eintydig topografisk samsvar med termen riita (Jukkasjärvi, Jokkmokk) bratt grasli, grasgrodd skråning, i Tysfjord derimot riida «skogli»: siste tydinga gjeld også for sørlegare former brijrie, prijrie (Vefsn, Vilhelmina), likevel rɛj’rȧ (Røros). Når sørsamisk som hovud­regel har framlyd br-, pr– i ordet, er det rimeleg at finsk i ei viss utstrekning el. i visse strøk tok opp ordet i (den for finsk naturlege) forma riida. Tenkt slik er Ridalampi eit finsk namn med innlånt samisk førsteledd.

Rimmaskamyra i Grue har bøygd form. Knausen Rimmaskaberget tett vestom er bratt (mot vest), men på austsida er det ei avrunda krå, ein minidal med myra i botnen, og herifrå tøyer ho seg opp- og sørover som ei grunn «grøft» med eit skogrust på kvar side, men elles er skogen grissen både austa- og vestafor. Særs godt treffer s. riepmat «hed med någon liten myr och kulle här och där» (Jokkmokk, Finnmark, oslo 176.) Vi kan då lese Rimmaska som ei sms. riepmat + maskie (mäskie, meskie) «halvrund  dal», og «lægd i fjellside»), eller rettare: Forstå det som ein forfinska eller fornorska variant riem’maska <*riepm’maskie < *riepmat-maskie med haplologisk forkorting. 

Rimso, Rimså heiter myrar i Grue og Trysil; Eskeland synest å funne nokre fleire. Ho tolkar 1. ledd som fi. rimpi «flark», altså stor fille, eller evt. heile namnet som ei fast sms rimpisuo. Lesemåten er truverdig for lokalitetar som Rimplamp (tjønn i Grue) og Rimbila (vik i Kongsvinger). Litt annleis med myrnamnet: Dei to første myrane Rimso finst på kartet og er veldig uslette: Dei myrnamna er heller sørleg motstykke til ls rimsso og ns rim’su «fille», som adjektivisk forledd rimse– «fille-», altså samiske og ikkje finske. 

Rokaberget i Grue ligg på vestsida av vatnet Helgen. Forleddet minner om ss råavka, råavkoe «skinnfell», råuko (LÖ), ls roavggo, kjent som førsteledd i fleire samiske namn, t.d. Råavkoentsahkie i Vilhelmina. Det er dessverre ikkje alltid klart korleis slike namn skal forståast, noko vi også kan seie om talrike norske og svenske namn på Skinnfell- / Skinnfäll- og -skinn(et).

Ronkiberg (trong o) er i Brandval. Iversen trur namnet er skipla ved påverknad frå ein del namn på Ronka- etc, men det kan nok òg vere endefram fornorsking av ss ronhtje: høg fjellnase, fjellrygg: Finlendaren eller daroen høyrde ronkji- el. ronkje- og endra det til ronki med hard k. Andre skrivemåtar: runtje (Herjedalen), rüntje (Vilhelmina): uslett, snau bergrygg. Iversen nemner også ein plass Ronken i Hurdal: Ronkeberget der har akkurat slik fasong, langt på veg visst også Ronkaberget ved Brennatjernet i Kongsvinger, kanskje eit anna enn det Ronkiberg Iversen omtalar? 

Rotkaljo eller Rott– i Kongsvinger er ein bergås, noko bratt på vestsida. Brattfossen like austom heiter på finsk Rotkåsk. Sisteledd er fi. kallio «berg» resp. koski «foss». Ved kartsøk kjem Rotkaljo primært opp som namn på ein skog, sml. ruohtú «myr­länt, vattendränkt mark med videbusksnår här och där, på kalfjäll» (oslo 182), men her må namna Rotkaljo og Rotkåsk sjåast under eitt: Aust og sør for Rotkaljo og nedafor Brattfossen renn Vikerelva i ein trong dal, så Rot– rimar med sørs. ruhtjie «trong og djup dal», men også med fi. rotko «kløft» (Eskeland), med stavingsbortfall i alle fall. 

Råkkiborrå (Kongsvinger) går i flg. Tuula Eskeland på fi. puro bekk, forleddet kan hende fi. rukki «rokk»! På karta er Rokkiporro likevel ei høgd som er full av søkk og innskjeringar, så det er rimelegare å tenke på eit ss motstykke til lules. råggi og nords. roggi «grop, søkk, hulning». Sisteleddet er helst ei forfinsking av ss burrie mo, kolle, ås (skogkledd eller snau), jf ls bårre, ns borri.

Sarkilamp er ei tjønn på Grue finnskog, ikkje kartplassert. Iversen hallar her mot same tyding som for det värmlandske Sarklamp, nemleg fi. särki ‘mort’ + lampi ‘tjønn’, eller òg at forleddet er kontrahert frå fi. saareke ‘liten holme’, men ein bør vel òg merke seg ss sár’kë ‘marikåpe’, kjent frå Jemtland (oslo 188).

Sarvimäki er gammalt finsk namn på plassen Halvortjernsberget i Grue: mäki er berg el. bakketorp, fi. sarvi tyder ‘horn’. Her er alternativet ss sarve ‘elg’, vel eigentleg same ordet, så ein kan saktens komme i tvil om kva som er rett. 

Seienso ligg i flg. karta omtrent midt mellom Leipikoberget og Vaisberget. Venteleg er ho identisk med myra Säjenso, som Iversens informant plasserte ved Gravberget? Hovuddelen av myra visest på flyfoto som ei attgrodd tjønn eller iallfall eit grumsut søkk: ss sïeje ‘materie, puss’ kjenner ein frå før i sjønamnet Sejaure (Siejúr) frå Sorsele, der ordet i avkorta form går på laus botn, gytje- eller leirbotn (oslo 191). Her er i så fall Sieje-n– sørsamisk genitiv.    

Sevenalska eller Sivenhalska (Eskeland) er ei hallande myr i Gravberget i Våler. No er innlyd h ikkje alltid å lite på, –n(h)alska kan vere ss –nalska = nalleske (= nallehks laante): vegetasjonsfattig lende. Myra er delt pga. haugar og humpar. Førsteleddet er kanskje finsk personnamn Sipi, trur Eskeland, men usms. Seven som namn på ei øyr i innfallsosen til Nordre Ulvsjøen i Trysil talar imot: Ho ligg mot ei lang elveutviding, ein sovvene, eit ord vi frå før har i former som sivvun og sevvun (Arjeplog), suwwenɛ (Herjedalen). Her har nok skjedd denotasjonsendring av same slag som når det gjeld Sonda(n)åsen, sjå seinare. – Endå klarare er samanhengen når det gjeld slåttenamnet Sivinitu, rettare Sivinnitu ved eit stillelvparti av Løvhaugsåa i Grue, og i Seven-, Sivenalska sitt tilfelle må namnet vere mynta på ei utviding i Kvern­bekken, like ved eller kanskje i sjølve Ulvåa som bekken fell ut i. Nokre inngrep i dei mellomliggande områda skiplar inntrykket av korleis landskapet opphavleg var. 

Siggasuo (-så) er ei myr i Vinger og Siggamäg er eit berg i Rotbergskogen, Hof. Eit berg i Varaldskogen i Vinger heiter Sikamäg, og Sikkalamp er ei tjønn i Brand­val: Gjennomgåande tolkar Iversen forleddet som fi. sika «gris». Berre Siggasuo er attfunnen på dagens kart. I skilet mellom Grue og Kongsvinger ligg dessutan Siggas­tjenn(s)myra, som ein nok tør rekne med heitte *Siggasuo før, evt. med *Siggalamp midt på. Sistnemnde myr ser ut til å vere ei søkkemyr, det kan vere tilfellet med myra i Vinger òg. Kjem kanskje Sigga- heller av ss sigkedh v. ‘drage, rykke (opp)’, med tanke på at det tungt å traske i slik myr? 

Silkisberget, sa Iversen, ligg søraust for Bråttjern i Brandval: Rektangelkartet har «verschlimmbessert» namnet til Silkeberget, med andre ord gjort det verre, ikkje betre. Det blir diskutabelt, ettersom fi. selka tyder «rygg, ås». Ikkje nok med det, nords. čielgi er same ord (Qv 158), sørlegare former siel’ke, säl’ke (Qv 843, oslo 192), og Silkeberget er avgjort ein brei åsrygg. Merk også ns Másealgi = fi. Maaselkä, dvs. Kjølen mellom Noreg og Sverige. 

Sirkaso (-suo) og Sirkosåsen ligg i Brandval, Sirkosbelga er to åkerlappar på Østre Nyhus i Trysil. Iversen finn inga klar finsk tolking av førsteleddet – medan Eskeland nemner tre utan å prioritere. Meir konkret blir i alle fall sirkas, ss siërgese (Hass.), utvida form av sier’ka, sørs. sïerke (siërge) «vidje» (sjå oslo 192), jf. Sirkusen, ei li i Åmot. Sisteleddet –belga kunne vere eit forfinska -belga < -belge < ss bellege «tvilling», mynta på dei to åkerlappane attmed einannan?

Soiteso, også Soitoså, er ei eller kan hende to myrar på Grue finnskog. Sisteleddet er det vanlege –suo myr, førsteleddet finn Iversen dunkelt, men sørleg ss såjjte «ørn» bør kanskje takast med i vurderinga.

Sojenså |’sōjen-| eller |’såien-| heiter tre myrar på Finnskogen: i Brandval, Vinger og Våler. Iversen tolkar namnet som eit dialektisk fi. *Soijin-, opphavleg *Soidinsuo = «spellmyra» og viser til ei rekke liknande myrnamn frå Värmland o.a. landskap, og det lyder plausibelt med tanke på fuglelivet. Lat det likevel vere nemnt at sørs. sojje, også syjje, tyder «bøyg, krumming». Genitiv Sojjen– så meint høver avgjort for myra Sojenso nordvest for Røgden, skrive Såienså med, det går klart fram av flyfoto. Torsby i Värmland har ei rad  Sojenso med same form, jf. ss sojjedh v. bøye seg. Det er ikkje tale om myrar kun, fint bøygde eller runda konturar har også åsen Soienmägg i Torsby og Sodjinmoski i Salangen, i det siste tilfellet med tilsvarande opphav i ns sodji «krumning, bøyg».

Sójomäg er eit gammalt namn på Skåkberget (ss skåake ‘skog’?) i Brandval. I flg. Iversen er førsteleddet ei avkorta form av namnet på rydningsmannen, Sojonen, men eit «person-orientert» namn på ein ås lyder litt mistenkeleg. Åsen har runda form mot aust og tøyer seg ut i smale spissar (rabbar) i sør: Samanlikning knytt til ss såajoe el. såaja «fugleveng» er fullt tenkeleg, men òg eit konkret sørs. giedtien-såaja «fangarm (til reingjerde»?

Sonda(n)åsen |sonnda(n)-| [Eskeland: |sånndan-|] er det merkelege namnet på ein flat holme i Trysilelva, og Iversen nærmast resignerer i forsøka på tolking. Elva er mykje utvida like ovanfor denne holmen, ho er ein sovvene som brått glir over i smale far på begge sider av holmen. Vi kan tenke oss at sjølve utvidinga i seinare tid vart oppfatta som ein dam, eller så har der vore ein demning der holmen startar? I det sms. Suvven-dam-osen vart Suvven- raskt kontrahert til Sovn-, leddet –dam– hadde ein n både før og etter og vart assimilert til –dan-, medan sisteleddet –osen vart mistolka som –åsen og vilkårleg assosiert med øyra midt i den same osen (denotasjonsendr.) Det liknar noko på det vi ser ved Sömnören i Tierp i Uppland (sömn-<sövn-<*sövven-?)

Sorrosmyra, rund på form, ligg nær Finnskogleia i Kongsvinger. Ignorerer ein tvert ei personorientert tolking, blir den alternative tolkinga av forleddet ss sorreske «tett krokbjørk», i anna skriveform surust (Qv 837) «tett småskog av bjørk», men også tjukk skog i det heile.

Soyansuo austom Varaldsjøen og norde og søre Soyamyra nordom Møkeren har alle temeleg ordinær form, men den første ligg djupt nedsige mellom åsane, dei sist nemnde ligg i le av lange bakkar som skjermar for austaver. Her er det tale om fi. suoja «skydd, lä (för vinden)» (oslo 212), men ordet er lånt til samisk i same tyding og i ymse former, m.a. Suojesjohka og –dievvá i Nordreisa, jf ss suajas adj.

Sujenso |’sūjen-| heiter ei myr ved Tørberget i Trysil. Sujen- kan vere genitiv syjje-n– av sørs. syjje (Hass. süjj’e) «bøyg, krumning»: Finsk y opptrer som u i ei rad ord i det aktuelle området (Iversen s. 318f), og annleis gjekk det neppe med samiske ord, men når ikkje myra er kartfesta, kan ein ikkje vite om tolkinga samstavar med topografien.

Suppertjern ligg i skilet Våler – Ånes. Iversen er inne på fi. suppea adj. «ihopklemt, trong», men det høver lite med landskapet på staden. Meir sannsynleg er ss suvhpie, ns suhpi «osp», som er eit utbreidd namne-element, men det eigentlege namnet *Suvhpere var sms av suvhpie + suffikset –ere <-jaevrie ‘tjern, vatn’, det epeksegetiske (fortolkande) norske –tjern vart hengt på seinare.

Suren |’sūełṇ| gnr. 62.3 i Elverum fekk etter tradisjonen namn etter rydningsmannen, ein av slekta Suro- eller Suuroinen. Kartet over området er kleint, meir interessant er det derfor å sml med Suren gnr 152.8 i Gjøvik: I Surdalen tett ved denne garden oppstår Surbekken der to djupe og Y-forma bekkedalar møtest, jf suorre, gen. suore «gren, förgrening (i väg); skrev» (oslo 214). Begge namna har norsk hankjønnsartikkel, så truleg er det samisk og ikkje finsk som her gir seg til kjenne, endå suorre ikkje er i samsvar med dagens ss sierrie «ein som skrevar» og searrah, searroeh adj.   

Suutar, vel utt. |’sōtar| kalla dei eit «torp i Lövhögen» i Grue. Iversen reknar med at fi. suutari «skomakar» ligg til grunn, endå ordet også fanst i gammalnorsk. Proble­matisk er likevel at ss soedtedh tyder «rydje, kviste av», eller også felle skog for å lage veg. For nybyggarar sannsynlegvis meir tvingande gjeremål enn skomakring? Sutaral i Åmot bør vurderast tilsvarande, sjølv om det namnet har noko uttalesprik. 

Särven er eit vatn i Åsnes, med Vesle-Serven nordafor. Iversen nemner solørsk særv «vassarve», men bygdefolket trur namnet er finsk, så han hallar mot fi. sarvi «horn», med dialektisk æ for a. Sjøen har eit krumt utstikk i nordenden, kjem han inn på, og i røynda har sørenden makan, så tolkinga er nok rett: Sarvejaevrie Verran i Trøndelag har òg «horn». Det har derimot ikkje Sarvtjärnen i Arvika eller i Torsby, Värmland, heller ikkje Sarvtjern alias Servtjennet i Grue, eller Sarvlamp i Värmland: Vassarven må vi då framleis rekne med, utan dermed å gløyme det som før er nemnt om Sarvimäki.

Såimmæggberget hos Tuula Eskeland er truleg identisk med Såimaberget på Grue-kartet. Vel kan mægg her som elles vere fi. mäki «bakke», men Såimægg- minner like mykje om ss sååjmehke, predikativ form av sööjmes, seejmes adj «langsom, treg (f. eks. til å gå)» – nordnorsk sæmen! –  jf. òg såajmanidh «saktne på farten, gå, bevege seg langsommere». Her er det neppe tale om dei gåande, namnet er snarare mynta på eit lende som seinkar, heftar – kanskje stigen frammed Såimmægg-berget på austsida? 

Sårinårrå i Kongsvinger er i flg. Tuula Eskeland ei myr (fi. noro «fuktig senkning»), men forleddet er uklart. Når Såri- tydelegvis ikkje seier finsktalande stort, er det på sin plass å vise til suorre, suorri ‘forgreining; skritt, skrev’ nemnt i samband med Suren, her vel i forfinska form. Sårinårrå er eit forgreina søkk med ein liten bekk i vestre faret.

Såtenso (-suo) er ei myr i Revholtskogen i Grue. Iversen har i dette tilfellet vanskar med å komme rundt fi. sota «krig», men meir konkret kan vi lese Såten- som genitiv av sørs. såådte sand-grunne, -fjære, -strand: Sandsjøen og særleg Sandsjøbekken ligg ikkje langt unna, men *Såådten-suo er ikkje kartfesta, så ein får ikkje kontrollert det. 

Tapio er gardsnamn i Åsnes. Tvilsamt er at namnet går på fi tappio «nederlag», meir lende-relevant er å sjå namnet som forfinsking av ss dåaptje «lite søkk i ein fjellrygg». Søkket er tydeleg, især på sørsida av pallen der garden ligg.

Taroberget ligg i Varaldskogen. Med finsk utgangspunkt er førsteleddet heilt uvisst, men berget ligg nær svenskegrensa: ss daaroe (= daara) «nordmenn el. svenske» gir dermed meining same kva for side ein vil plassere seg på: Frå Taroberget ser du inn i Sverige – og venteleg inn i Noreg med.

Tobakksberget ligg vestom Møkeren. Iversen nemner først ein finsk matrett tupakko før han konkluderer så:«For finsk opphav taler i alle fall det faktum at Tobakksberget ligger på et typisk glt. finneområde, og at finnene virkelig også dyrket tobakk». 

Økonomisk kartverk har likevel Tobakkberget og –myra utan genitiv. Myra ser ovblaut ut, jf. derfor malå-samisk (nordleg ss) dååbahka «wässeriges Moor» (Schlachter s. 35) og ls tāpak(is) ‘som inte bär, där man sjunker ned’, just om myrar: tāpak-jieggē, tāpakis-jieggē ‘sumpmyr som inte bär att gå’ (Grundström 1075f). Sml her sørl. ss daabedh, daapedh v. «søkke nedi (djup snø el. myr)». Ein åsknoll ved Öretjärnarna i Herjedalen heiter Tåbbakkejabbe (Hass. 1285), Sverige-kartet har Tobpegejabpe i våtlende i Berg i Jemtland. I blautmyr ligg òg Tobakktjennet på Varaldskogen, så tobakkmyrar og –tjønner er påfallande talrike rundt om. Det er tvilsamt at Tobakk(s)berget har stort med heimeavling av tobakk å gjere. 

Tørkjamäk, Tørkjemak |’törrᶄa-,-ᶄe-| heiter eit berg vestom Rundfloen (Trysil), så òg eitt ved Skjærberget, seier Iversen. Berre det første er funne att på karta. Iversen tyder sisteleddet som fi. mäki bakketopp, i Finnskogane gjerna nytta om berg, resten er uvisst. – No er toppen bråbratt på nordaustsida, og Tørkje- minner sterkt om ss durhkiehtidh «styrte, falle ned, utfor», noko reingjetarar sikkert akta på i samband med reingjeting, el. veidemenn under elg- og reinjakt i tidene før det?

Tårkisvandå i Kongsvinger er, slik det ligg i namnet, ein suvanto, her ei lang og relativt bein elveutviding. Førsteleddet står uforklart, men det er neppe av vegen å tenke på ss dåarhkedh v. «nappe fint utan å bli fast» (om fisk).

Uviso eller lydrett Oviso heiter i flg. Iversen ei myr nordom Sagsvea, ei anna vestom Høljeknølen: den siste finst på kart. Gjennom myra renn Sæterbekken. Førsteleddet er derfor neppe fi. uve «hingst, tjur, gumse», rimelegare er ss uvve, gen. uve «straumdrag i elv» (Arjeplog, jf. LÖ), 

Vagasmyra i Grue som Iversen nemner må visst vere identisk med Vagasuo nordvest for Styggberget. Forleddet Vagas- finn han ikkje heilt ut av, men sørs. vaagka-sijjie tyder «stad der ulv har drepe ein rein», så vaagkasuo har nok tilsvarande tyding. Ved fornorskinga har det, som så ofte i namnetilfanget, skjedd rang oppløysing ved at –s– i neste staving er blitt ein del av forleddet. Liknande skjer i samband med namna Gubbensåkeren, Haigon, Osmannsfloen, Tobakksberget og mange fleire, sjå Iversens eiga drøfting av Paskas-suo (s. 222).  

Vaikonmyra, Vaikonsmyra i Trysil ligg midt mellom grenserøys 112 og 113. Iversen reknar med eit finsk person- eller slektsnamn, men sørs. vaajhkoen tyder både «smått om» og «den einaste», «einsleg», det siste passar her. Same opphav har Vaajhkenes­ njuenie som namn på ein frittliggande kolle i Storuman i Västerbotten (oslo 241).

Vais heiter eit gammalt torp i Brandval. Iversen slår fast at det er kortform av slekts­namnet Vaissinen eller òg av eit gardsnamn Vaissilä. Slåande er likevel at lokaliteten er ei vaajja ‘senkning over eit fjell, med ein gammal stig. Vais er derfor like snart eit maksimalt kontrahert Vajs <*vajj’si <*vaajjasijjie: «vajja-plassen». Sml. Peisi.

Vakensmyra i Trysil ligg tett ved riksgrensa. Lendet stemmer med med ss vaegkie (Hasselbrink: vaaggie) ‘brei dal’ og ‘lågtliggande slette (av myrland el. fast grunn) med litt gras’, her tør vi rekne med opphavleg namn *Vaegkie-nsuo. I fornorskinga Vaegkien-> Vakjen- >Vaken- skjedde atter det som vi ser så tidt, at når sisteleddet blir for­norska til –myra, blir-s– i sisteleddet –suo «omforstått» som genitivs s av forleddet.

Vastasgangas er ein furumo eller rettare ei myr med spreidde furuholt og ditto tjønner, i sørenden av Rotbergsjøen, Grue. Lendet ser uryddig ut, kan hende var også sjølve skogen lite å skryte av? Forleddet går kanskje på ss vastasjidh v ‘anse for stygg’ og vesties ‘stygg’? Tilsvarande er ns fasti, fasttes adj ‘stygg, heslig’ forledd i fl. stadnamn, og blant norske finst òg ei mengd Stygg(e)berg, -dalar og -heiar. Vaskasgangas hos Eskeland er meir avvikande. 

Vatso |’vattso| eller rettare Vattsuo er ei myr på Varaldskogen. Førsteleddet er Iversen uviss på, men myra ligg på sørvestsida av det skrånande store Vatsoberget. Fi. vadda er «naken treløs klippe» (Qv 874), men berget er stort sett skogkledd. No er ordet godt kjent frå samisk med: Nære geografiske variantar er ls vahtā, vatā «offene, trockene Ebene in den Hochbebirgen» (S. Jokkmokk), vaddā «tørr myr med mange tuer og riskratt» (Arjeplog), litt meir omstendeleg: «en i en skog forekommende viid slette, der rundt om er omgiven med træer, men selv ingen træer haver» (Leem). Her kan det vere tale om sjølve myra, *vadd’- eller  *vaht’-suo: For Vattankangas i Brandval kalla Bringebæråsen (Iversen s. 291) er vahtā òg relevant.

Vellibessä |’velli-| er ei myr i Lauvhaugskogen i Grue. Sisteleddet kan vere fi. pesä «hi, reir» mm, forleddet blir meir komplisert, då ungar i flg. gamle folk brukte bli  skremt med eit vesen «Vellingbessen» som heldt til i myra. No tyder ss vellie både «stakkar» og lenger sør «spebarn»: Det minner klart om no. vele n «noko som er svake­leg, veikt» så vel som veling f «det å lokka», på hi sida om utburd og nøkk el. vord, i Austfold vøł, vöł (NO 12: 815,823,1253). Ss biesie el. lenger nord pässe o.l. er «hi, reir, bol» medan bïesse (og beesse) er «bjørn» – så her får fantasien tumle fritt.

Verkasoa |’værrka-| er ein jordhaug uti ei ‘flytemyr’ i Brandval. Iversen drøftar i fleire leier og kjenner til fl. liknande svenske namn: på dagens kart eitt Verkalamp attved bakken Verkamark, eit anna midt mellom runde humpar, begge tjønnene i Ockelbo i Gävle­borg, dessutan åshumpen Verkamakk i Vansbro, Dalarna. Verka- er ei samandraging av vierraka-, gen. av veärak «bakke», jf. wera, werak, wereg (LÖ), og sml neste namn.

Veralamp |’vēra-| er ei tjønn i Revholtskogen på Grue Finnskog. Ho er ikkje kartfesta, og Iversen kjenner ikkje forma, om fi. väärä krokut skulle passe. Med dette utgangspunktet skal det straks føyast til, så det ikkje blir oversett, at eit temmeleg utbreidd terrengord er ss vierra (tidt skrive vera) «bakke; rygg; ås», ssvïere(bahke), meir presist utlagt ‘lang, skogkledd bakke som fell bratt ned på eine langsida’ (Qv 904). Litt i parentes høver det på ein prikk for grenda Vera i Verdal, så vel som for Verhalsan i Bø o.fl. Termen vierra, vera bør òg vurderast i samband med vegnamnet Ullavera (s. 286), sml også Verkasoa.

Viggeren nemnd i samband med Beltern er eit noko meir tvitydig namn. Sisteleddet er klart nok ss –ere = jaevrie, og det stikk eit karakteristisk kileforma nes inn i vatnet frå søraust. På den andre sida kan ein lure på om sv. vigg (om fuglen ‘toppand’) var eit ord også norsk- eller ev. samisktalande i området kjente til? Då blir namnet ein parallell til Iversens heilfinske Delkalamp frå Grue og Delkalamm frå Torsby i Värm­land, med forleddet tolka som fi. telkkä om toppand og kvinand.

Viksensvando i elva Rotna i Brandval er ei utviding, ein suanto der flyfoto tyder på meir straum enn det ein vanlegvis ser i stillelv-parti. Forleddet er vel sørs. vieksies «kraftig, sterk». Kartet har Viksinsvanto, helst ei forfinsking av *vieksies-suvanto.

Villbonaskjæra heiter ein ca. 470 m høg og åstopp i Åsnes, med djup innskjering på begge sider. Første staving er truleg ss vïjjel– som i vïjjelgidh v. «bli skore til», medan –bona– er ein variant av ss båvne, bavne ‘åsrygg’ o.l.: Jf. ss påwnȧ (Snåsa) og bauna (Jemtland), ns bovdna «tuve» – i fi. målføre derimot pounu.

Vimpusnårrå er ei myr, sml fi. noro er «fuktig deld». Her kan forleddet vere ei uttale­redusert form av ss vuemien-bovtse «skogsrein», sml. vuemie «vid dal med skog». 

Åbnalamp (lang å) i Brandval er ei tjønn, fi. lampi. Iversen meiner forleddet har usikkert opphav, men det kan greitt nok vere ei forvansking av eit sørleg ord tilsvarande ns opmu «gjørmehol», jf. hopmú (oslo 60). . Tilsynelatande har vi same førsteledd med konsonantomkasting i Østre og Vestre Ompalamp i same bygd i Åsnes, men her og ved Omplamp |’omp-| i Trysil oppfattar Iversen (s. 287) forleddet som fi. umpi «igen, till», dvs den tillukte tjønna, tjønna utan avlaup, og uttalen tilseier vel at det er eit anna ord, uvisst om det er eit normalt finsk namneelement?  

Åjjanvollansuåla er i flg. Eskeland ein myrdal i Sør-Odal. Birger Nesholen gav meg hjelp til innpeilinga: Det er 300 m rett aust av Linderud og 300 m vest for buplassen Jerstad, ei relativt vid og noko nedsenka myrflate tett austafor ein rund og bratt kolle eller hovde. Etter situasjonen blir ss åajja-nualan– = åajja-nåalan– (postpos.) «innunder hovden» treffande, og –suåla er truleg ei sms. med fi. suo «myr», kanskje suo+ala «torvområde», eng. peatland, om lokal tradisjon tradisjon opnar for det?

Namn utanfor samisk kontekst  

«Forfinskede former av gamle norske stedsnavn» heiter eit lærerikt tillegg sist i boka til Ragnvald Iversen. Det første namnet, Askaberinalanensuo, fortener ein merknad: Det kan få tunga til å slå krøll på seg, men er greitt tolka: Forledd er gardsnamnet Askosberget, der gamle skriveformer stort sett vantar, men der fleire forslag ligg føre. Men det som er mest nærliggande, *Aspskogsberget, er merkeleg nok unemnt. Klart her måtte skje tap av p i konsonantklasen –spsk-, og kva –sko(g)sberget gjeld, er det berre å vise til Skoby i Uppland (Svenskt Ortnamnslexicon), like eins Skovika i Leirfjord samt Sko(g)voll i Hamarøy og på Andøya. Uttaleforvansking av enklare norsk slag er Ask(h)alstjernet i Halden.

Balaso: Ei myr med det namnet (var. Ballaso) finst i flg. Iversen under Tørberget, og ei anna (også Balloso) ved Høljeneset, begge i Trysil. Iversen meiner helst at fi. balo ‘brann’ ligg bakom. Men på dagens kart over Tørberget er eitt og same myrområde kalla både Pailaso, Poislasko og Paislakso, så saka er neppe avgjort. Nordnordaust for Høljeneset Ballaso i flg. dagens kart derimot ein haug, medan Ballasotjønna ligg midt i ei myr tett ved. Iversen testar fleire tolkingar, men kring myra ligg det 3-4 runde haugar eller knollar i sør og aust, så varianten Balloso sml. med fi. pallo «ball» er ei rimeleg forklaring, vel å merke dersom namnet blir flytta tilbake til sjølve myra. 

Billa er i flg. Iversen eit torpnamn i Setskog. På dagens kart ligg bruket Billa nett ved riksrøys 69 i Eidskog på norsk side. Trulegare enn fi. pila «förderf, skada» (Iversen) er ei hokjønnsform av sv. bill m «plogskjer», ev. ei sms med –la, mynta på nybrottssituasjonen? Ordet er notert frå Snåsa i ss låneform bill’e (Hass.)

Bjurobekkenbjūro-| er ein bekk som kjem frå tjønna Blekeren (vel ss plierehke? «småtjern mellom store vann») ved riksrøys 60. Her er liten grunn til å søke etter eit finsk opphav. Så er då også skriveforma blitt endra no, til Bjuråbekken (bjur = bjor).

Brasen |’brās‘n|: sjå særskild artikkel om dette ganske utbreidde namne-elementet.

Bruslotjernet i Våler er eit namn Iversen finn å måtte la stå uforklart, men bygda har òg Embretslo-tjernet og -koia, så vel som Elsætslotjernet ved Elsætsloen, og Åsnes har Slotjernet. Det er nok sloe m: slåtteteig, i utmark eller skog (NO 10: 483, frå just Våler og Trysil), så finsk eller samisk kjem neppe inn her heller.

Karusstjernet er hos T. Eskeland oppført med fi. karhu «bjørn» som førsteledd, men her er det vel tale om fisken karuss, som kan overleve lenge utan tilgang på oksygen? På Austlandet finst både fleire dammar og småtjønner med same førsteledd i namnet.

Kosmann(s)tjennet og –bekken er i Åsnes, medan Kosmansdalen (ikkje kartfesta) er eit dalstrøk i Grue; også forma Gosmans– finst. I flg. Iversen skulle Kosman vere eit utbreidd finsk slektsnamn. Her er det like vel ikkje tale om buplassnamn på –la, –, men naturnamn. Då kan alternativ tilnærming vere på sin plass, for es koacem er låneform av fi. kotsamo «jämn, stigande? mark med ung eller medelålders skog (Qv 305). Det høver godt med området kring tjernet, og sml med mange andre lyd-endringar i namnetilfanget er eit lydjamna fi. kotsamo-n– >*kos(a)ma-n sannsynleg nok.

Kørrakørra| skal vere namnet på ein buplass i Gravberget på Våler finnskog, men Iversen festar ikkje lit til at namnet har noko med korra = kurra «häkk, arrest, finka» i sv. dialektar å gjere. Han har forresten òg funne garden Körra (Korranstorp) i Värmland; gardsnamnet Kørrenkørren| alias «Kurøen» i Rømskog burde føyast til. Tonelaget viser at vi har å gjere med kurre f (Østfold: kørre) i tydinga «smal stripe av jord, jord-kurre» (NO 6: 1306). Usagt kva opphav ordet kan ha så er det neppe beinveges finsk, eller samisk for den del. 

Pengelso, – |’pɛŋŋǝl-| heiter ei myr i Brandval, ein stad skrive Pengilmyra. Iversen peikar på fi. penger «brink, terrass, jordvall», visst med rette, av di bæŋ’ger er kjent frå Lakselv i tyding ‘grunne med straum i elv’ og frå Karasjok i forma Bæŋ’ger om eit laksestengsel (Qv 123).

Viggenlefto i Grue er eit bjørkeholt ved ei kileforma snevring i nedre ende av ei elveutviding. Sisteleddet –lefto «lund(en)» er greitt, men det uklare forleddet er helst berre forfinsking Vigg-en- av no. vigg, vegg i tydinga kile. Åsen Viggen i Aremark har eit kileforma skard midt i, og garden Viggenes i Aurskog-Høland ligg på eit «åsnes» som er temmeleg smalt og spisst. Jf. dessutan omtalen av vatnet Viggeren.

Avrunding 

Ragnvald Iversen skjemta litt om «nordisten» som i sin alders 78de år gav seg inn på noko så hovud- og halslaust som å gå inn på finske språkmarker. Kva skal ein då seie om nordisten som i sin alders 79de år prøvde å destillere sørsamisk frå det materialet som Iversen og Eskeland har samla? Det kan ikkje seiast å vere mindre vågalt.

I starten fokuserte eg på Iversens arbeid, men kunne ikkje sjå bort frå den meirverdi som Eskelands arbeid inneber, el. detaljar og vurderingar som var annleis der. I hennes arbeid går éi formulering att ved ei rekke namn: «1. ledd uklart, men oppfattes som finsk av inform[antene]». Det er stort sett dei same namna som Iversen gav opp å tyde, og desse stod i fokus i starten, men fleire kom til etter kvart.

Har prøvd å gjere klart kva namnetolkingar hos Iversen (evt. Eskeland) eg har vurdert annleis. Merknader til finsk dialektbruk eller slektsnamnskikkar er det ikkje på tale om. Ei systematisk samanlikning av finske og sørsamiske termar for landskap og natur ville sjølvsagt ha vore ønskeleg og ha ført til utvida forståing.

Undringa over eit paradoks fekk meg til å saumfare Ragnvald Iversens relikt-studier: Medan hans arbeid om finskspråklege innslag i namn austpå vart møtt med aksept og bygd vidare på, har det vore lite tale om at der må ha levd samar på Finnskogen lenge før finnane kom. Det må ligge langt attover i tid og er ukontroversielt, òg på det viset at ingen tradisjon fortel om konfliktar med samane då finlendarane kom. Når like vel umiskjennelege samiske innslag finst i namnematerialet, nokre med meir nordleg preg enn forventa. Skal det tolkast så at norsktalande i innvandringsområda levde i kontakt med samane og lånte stadnamn av dei i hundrevis av år før finlendarane kom? Jf. t.d. den skisserte framveksten av namnet Halsjøen.  

Ei sak for seg er at talrike natur- og kulturord er samisk-finsk hopeign, så i stadnamn­samanheng kan det ha skjedd tilpassing i innvandringstida. Innvandrarar frå Karelen, Savolaks, Tavastland, Österbotten – lite einsarta i utgangspunkt – kan ha lydtilpassa samiske ord dei kjente igjen, men helst vart vel forklarande finsk sisteledd lagt til. At samiske namn fekk eit finsk tillegg, evt. eit norsk, slik som Bostakatjennet, det er like naturleg som at finske stadnamn seinare fekk norske sisteledd i aukande omfang.

Norske namnegranskarar vil nok i utgangspunktet stusse over Iversens og Eskelands fokusering på finsk slektsnamn-tradisjon, men Eskeland forklarar den saka greitt. Dei kjem i nokre tilfelle fram til slektsnamn-forslag som kan synest tvilsame og seier frå om det sjølv. Om gjennomgåinga som her blir lagt fram, vil det på tilsvarande vis bli hevda at dei samiske innslaga kan no vel ikkje vere så talrike som ting tyder på? 

I begge tilfelle gjer skepsis lite til eller frå: Sikre finske slektsnamn hos Iversen og Eskeland er så talrike at evt. frådrag ikkje forandrar hovud-inntrykket. Det same gjeld for dei samiske innslag i stadnamn-floraen, her er det berre å gjere seg kjent med Gyørtilamp, Råkkibårro og Sevenalska, eller dei noko kortare namn som Biliti, Goist, Haigon, Keigele, Kolma, Luka, Paso, Peisi, Tapio, Vais. Lokalkjente vil kunne ta standpunkt til den topografiske ‘substans’ i forklaringane som er lansert, og evt. innvendingar på det grunnlaget er nyttige og velkomne.

Overraskande er det sjølvsagt ikkje at dei skisserte namnetolkingar gjerne samsvarar bra med sørsamisk slik det framstår i dag. Meir problematiske vil dei tolkingane vere som dreg inn nordlegare former, for korleis er samanhengen då? Her står spørsmåla i kø: Dei presumptivt samiske namneelementa må saktens vere av høg alder, men ikkje dermed av same alder. Diakrone problemstillingar ventar på dei interesserte.

Inntrykket etter gjennomgåinga av Iversens og Eskelands arbeid er at samiske innslag i stadnamn-floraen på Finnskogen er mange. Det burde ikkje overraske, då Finnmǫrk (gno. mǫrk ‘utmark, skog, ubygd land’) i gl. tid var alt land langs Kjølen: Når nordlendingen snakkar om Finnmarka, tradisjonelt i bunden form, er det eigentleg «rest-territoriet» i nord. Namnet ville hatt like diffus avgrensing som det norrøne, om det ikkje var for at Finnmark i si tid fekk status som fylke med klart definerte grenser. Samtidig er Finnmarka namn på ganske små utmarklokalitetar i Steigen og Rana, Alstahaug og Hattfjelldal. Det same kan seiast om Finnmarkdalen i Gimsøy i Vågan, medan Finnmarkdalen og Finnmarkelva på grensa mellom Bindal og Nærøy ligg litt til fjells, så der kan det vere tenkt i noko større format, slik som i nord. På hi sida kan Finnmarkdalen i begge tilfelle også tyde ‘dalen med gammal finnmark’. Ikkje i noko tilfelle trudde folk at namna gjaldt anna enn finnar = samar, like så lite som når små lokalitetar som Finnskogen i Vågan og i Steigen var på tale. 

Namnebruk i Sør-Noreg sprikar meir. Birger Nesholen, beste kjennar av historie og kultur på Finnskogen, seier at namnet «er åpenbart satt på området etter innvandringen fra Finland på 1600-tallet. På samme måte som flere områder på Øst­landet (Finnemarka ved Drammen m.fl.) og i Midt-Sverige som fikk finsk bosetting i denne migrasjonen. I Sverige var det vanligst fram til midten/slutten av 1980-tallet å betegne de skogfinske områdene som ‘finnmarker’ / ‘finnbygder’» – «for navnet Finn­skogen har jeg ikke sett noen kilder som bruker dette navnet før området ble bosatt av de finner som fikk betegnelsen skogfinner». Han seier vidare: «På Finnskogen er finne og finsk helt uten tvil betegnelser på de finnene som innvandret til området på 1600-tallet. ‘Å finske’ er på Finnskogen (i hvert fall blant eldre befolkning) betegnelse på en person herfra som har hørbar finsk setningsmelodi i sitt norske språk».

I nord vil derimot det å finske bli assosiert med det samiske, av di finlendarmålet heitte kvensk. På det felt er ‘Norske Gaardnavne’ på grunn av sin autoritet eit detaljstudium verd: Både Finnebotn i Hol i Buskerud så vel som Mokk i Steinkjer blir sett i samband med «Lapper» og «lappisk», likeins Gamnes (i Trondenes o.fl. st.), medan Ampionstorpet i Vinger har med «indflyttede Finner» å gjere. Unekteleg svært tvitydig er at både Finnlaukhella i Lenvik og Finnmark i Bamble blir kopla med «Finner»: Om sistnemnde seier NG at det både kunne komme av plantenamnet finn og elvenamnet Finna – men aller sist at det «kunne paa en eller anden Maade staa i Forbindelse med Folkenavnet Finner». Er det her Finner = Lapper, som hos Ivar Aasen? Uviljen mot klar tale er slåande. 

Heilgarderingane knytt til det siste namnet er symptomatiske for mykje av ordskiftet som tradisjonelt har vore om gards- og stadnamn på Finn- i sør: Legg vi til manns­namnet Finn, fiskefinne og landskapstermen firne, framstår premissar og preferansar så mangslungne at det blir få brukande konklusjonar, kva etnisitet gjeld. Litt tragikomisk for så vidt at namn på Finn- el. Finne- ikkje er samiske i det heile. Spesifikt samiske  namn vik norske namneforskarar tilbake for å uttale seg om, i respekt for faggrenser, og resultatet blir ei folkeleg historieoppfatning som er klart utdatert, utan at innsatsen for å oppdatere språklege premissar har vore så heilhuga at det monar.  

Avgrensar ein seg til Finnskogen berre, vil vel mange seie at «samar har vi aldri høyrt om der, så det kan ikkje stemme». Det argumentet understrekar eigentleg berre tradisjonell sørnorsk avvising av at samane også der har si eiga historie som strekker seg mykje lenger attover i tid enn tilflyttinga frå Finland. 

Folk med nordnorsk bakgrunn vil sjeldan prøve å bortforklare rasisme knytt til samar i eigen landsdel. – Sørsamane lengst sør vart i lang, lang tid pådytta den teorien at dei var innflyttarar frå nord, endå det alderdommelege språket deira vitnar om noko heilt anna. I dei same traktene har fornektinga av samisk vore påfallande, også når det gjaldt rettar til bruk av land og vatn. Deira eigen tradisjon var at dei alltid hadde vore der, men norsk historie-ekspertise visste betre. Ikkje eingong Henrik Wergelands ord om «et Sprog, som ei rækker fra sin Krog længer end dets Læbers Aande» var gyldig for dei! Når du fornektar at ei folkegruppe er til, er undertrykkinga total. Ikkje så rart at sørsamisk språk no i ferd med å døy ut.

Sentralt i vår gjennomgåing står Finnskogen, namnet som etter alle merke oppstod på 1600-talet, men kva heitte området før det? Her kan vi velje sørleg utgangspunkt og nemne Marker, som var det austlege grensestrøket i Østfold og svara så nokolunde til bygdene Aremark, Øymark, Rødenes og Rømskog (NoSt s 306). Det må nok vere vanskeleg å argumentere for at desse bygdene tradisjonelt ikkje hong i hop med finnmarkene lenger nord, på grunn av dei tydelege samiske innslag i stadnamna frå Finnskog-bygdene? 

Her bør nemnast den gotiske historieskrivaren Jordanes som år 551 namngav ei skandinavisk folkegruppe finnaithe: Vel 500 år seinare nemner Adam av Bremen folka wermilani et finnedi mellom Norvegia, Gotia og Sueonia og scritefini (skridfinnane) austom «øya» Halagland lenger nord. Attåt nordmenn, götar, svear og samar som laupte på ski var altså fleire inne i biletet. Nemninga finnaithe, finnedi minner om samisk ai’de lik gno. eið, sv. ed(e) passasje, landtunge, overgang, men blir også tolka *finnheiðr (om fjellområde): Det er i alle fall historisk namn på eit landskap lengst vest i Småland, men det nyare namnet Finnveden skal vere ei mistyding. 

Stort nærmare dei historiske namna på finnmarkene i Østfold kjem ein neppe, i denne omgang, men ved det samiske hundreårs-jubileet 2017 høver det bra å etterlyse meir forsking på emnet. Bra at ein veit litt meir om Røros, Herjedalen og Jemtland, Trøndelag og Vilhelmina, så vel som Grane, Hattfjelldal og Vefsn, men framleis er vår kunnskap for liten om dei store linene i samisk historie i gammal tid.

Litteraturliste: 

Bergsland, K. 1982: Sydsamisk Grammatikk. Tromsø-Oslo-Bergen. 

Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993, Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja – Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo/Kautokeino 1993.

Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges Lapska Ortnamn [forkorta OSLO]. Uppsala 1964.

Eskeland, T. 1994: Fra Diggasbårrå til Diggasbekken. Finske stedsnavn på de norske Finnskogene. Oslo.

Friis, J. A. 1887: Lexicon Lapponicvm – Ordbog over det Lappiske Sprog. Christiania.

Grundström, H. 1946-1954: Lulelapsk ordbok. Uppsala.

Hasselbrink, G. 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.

Korhonen, O. 1979: Bákkogir’je julevesámes dárrui – dáros julevusábmái. Uppsala.

Kåven, B. m.fl. 1995: Sámi-dáru sátnegirji. Karasjok.

Lindahl, E. og Öhrling, J. 1780 (2015): Lexicon Lapponicum eller Lapsk Ordbok. Stockholm (Umeå).

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn.

Spiik, N.E. 1994: Lulesamisk ordbok. Jokkmokk.