Foten, -foten

Mange har ønskt å finne ut kva distriktsnamn som Lofoten og Ofoten eigentleg kjem av. Men den som går teoriane kritisk etter i saumane, kan knapt unngå same slutning som Per Hovda, når han omtalar namnet Lofoten i KLNM: «Namnet er utan rimeleg tolking» (1965:sp. 252). Siste ord er vel langtfrå sagt med denne gjennomgåinga heller, men det er lov å tru at noko nytt har kome til.

Norrønt ordtilfang

Det synest naturleg først å orientere seg om kva for norrøne komposita med same sisteledd som finst i Fritzners ordbok (då medrekna tilleggs-bindet ved F. Hødnebø): Dei som er knytte til mannakroppen beinveges, er berre mannsfótr og knés-fótr = ‘knésbót, kalfabót’ (no kalvbot)! For seg sjølv står den linne forma bundinfóti, brukt som tilnamn for ein person som fekk spjelka eit lårbein.

Med dyrenemningar finst det derimot ei rad samansettingar, oftare nytta som tilnamn enn i eigentleg meining, både i sg. og pl.: fe-fotr (jfr. ‘undir fefót’), baulu-fótr (‘kufot’), blá-fótr (om reven), fola-fótr, frauða-fætr(‘froskeføter’), geita-fætr, hesta-fætr og hrossa-fætr, hunds-fótr, oxa-fótr, svínfætr og ulf-fótr. Dette lyder for det meste som klengenamn eller utnamn. Men våre notidsreaksjonar i så måtet kan vi ikkje utan vidare overføre til eit norrønt publikum. Dei såg sikkert med sinnsro på slik ‘naturalistisk’ nemningsmåte, det korte livet baud på større problem, og dessutan var fornamnet det eigentlege namnet, slik islendingane reknar den dag i dag. Tilnamn som desse kan vere underfundige: Samisk golle-juolgge ‘gullfot’ er eigentleg «En, som er bange for at væde sin Fod» (Friis 1887), liksom golle-gietta ‘gullhand’ tyder «En, som er bange for at tage Haand i noget sølet»! Sjå også omtalen av nynorsk kidfot litt lenger fram.

Elles siktar denne utgreiinga mot tilfelle der ‘fot’ ikkje lenger er meint konkret anatomisk, for det er tale om levande vesen. Utgangspunktet er no snarare «Fod som bærer, tjener til Støtte under den derpaa hvilende Gjenstand» (Fritzner 1886), så som arkar- eller ǫrku-fótr ‘kistefot’ (jfr. «Paktens Ark»), brùar-fótr (‘brupilar’), bryggju-fótr og *kvern-fótr som førsteledd i Kvernfótavagr (nemnd i BK).

Nynorsk ordtilfang

Hos Aasen 1873 og Ross 1895 kan vi finne sms. som peis-fot, mold-fot eller også saur-fot (på plog), og ty-fot eller mar-fot, mor-fot ‘brustolpe’, ‘stillasstøtte’. Sjølv har eg notert lembrufot ‘låvebru-fot’. – Nærmare det mellomalderske står vel geitefot ‘vippe’, ein spennreiskap for armbrøst (i setesdalsk, sjå Bø & Djupedal 1964: 20).

Dette blir strødde døme. Dei norrøne tilnamna er merkverdig talrike i samanlikning, kanskje av di norrøne sogeskrivarar tok godt vare på den slags personalia?

Ei heilt anna sak er om vi maktar å forstå biletbruken som ligg bak alle samansettingane, jfr. dei to samiske glosane som alt er omtalte: På linje med andre slike tilnamn kunne vi t.d. visst tenke oss eit gno. *kið-fótr eller*kiðja-fótr som tilnamn – men det ville ikkje ha noka klar meining, med mindre vi på førehand kjente oppslagsordet kidjafot hos Ross 1895 («kjeafot» i Sunnhordland, «kjeefot» på Agder): «Snottap som hænger ned fra Næsen», velkjent som kidfoten i nordnorsk. Og forklaringa på denne ordbruken skal vere, at når eit kid (kje) kjem til verda, tar det jamnast svært lang tid frå kidfoten viser seg og til heile kidet er kome fram i dagen.

Allmenn bruk av ‘fot’ i stadnamn

I namn på landemerke som stikk ut og fram frå noko høgare og større er ‘fot’ eit velkjent sisteledd, og aller først kan vi nemne at Segleimfjellet i Rogaland blir kalla Foten i méder (Hovda 1961:230). På Stadlandet har dei fjellet Varalden, som fell ut i Varaldfoten, også sagt Valfoten (Hovda og Grønvik 1959:169).

Lengst sørvest på Stjerna = Stjernøya i Finnmark ligg Stjernfoten, mens fiskarane kring Andfjorden tar méd i Grytfoten, som er sørkanten av Gryta |’grȳta| = Grytøya i Troms, frå havet sedd. – Også ei av «De Syv Søstre» på Alsta heiter Grytfoten. Her er primærnamnet uvisst, men i eit rundvore dalsøkk like i sørvest har Grytåa utspringet sitt (sjå Rygh 1904:308). – Trænværingane brukar Lurøyfoten til méd for mange tilrorar (Havnø 1937: 36, o.a.), liksom når andenesværingane på tilroren ‘Teisten’ tar med i ‘Fottinden’, som stikk fram unna Teisten på Senja: Jamfør fær. fótur» det nederste af en klippe eller ø» (Jacobsen og Matras 1974:62). Vi tør nok rekne med at grunnordet lenge har vore produktivt i fiskarane si namnelaging i dei tilfelle då dei tyr til ‘taknamn’ (spontant laga namn). – Til same namnegruppe må vi og rekne Årsteinfoten, som er det låglendte, nordaustre hjørnet av Årsteinen, den halvøya som utgjer den ytste sørspissen av Hinnøya (høyrer til Vågan). Det budde folk i Årsteinfoten til for ganske kort tid sidan. Men Årsteinfoten ligg ikkje slik til at han har stort å seie for medtaking.

Elles kan vi merke oss Foten som namn på ein badeplass (eigentleg kanskje eit lite nes) sør for Fredrikstad, vidare på ein bøe like utom Skarstadfjellet i Ofoten, og på det ytste skjeret med Sørøya i Herøy i Nordland: Her kan vi forstå namnet ut frå tradisjonell seiemåte blant fiskarar, nemleg «nedpå havet» (motsett «oppmed land»).

Det er òg eit kjent grunnord på tørt land: I Malnes sokn i Vesterålen var det sagt dalfoten om overgangen fjellside – dalbotn, synonymt med fjellfoten andre stader, truleg også bergfoten. Vi kan her gjere spranget til Füssen i Sør-Tyskland, ein by ved foten av Allgaualpane, og likeins Füssgönheim som vil seie «Gönheim am Fuss der Haardt» (J. Hartig, Kiel, i brev) – og til Lullingesfote, Devon i England (Smith 1956).

Islandsk har hlíðar-fótur «det nederste af en Skraaning; Bjærgrod» (S. Blöndal 1920-24). Venteleg finst lifot også som appellativ i norske målføre, men i stadnamn finn vi det som trikomposita som Storlifoten (Bleik), Bulifoten (Nøss), Mjølifoten (Andbø), Maskelifoten (Sørmela) – alle Andøya – vidare Demlifoten |’dæmm-| og Kulifoten (Hadseløya), Ranglifoten (Bø komm.) osv.

Denotasjonen ‘li’ eller ‘fjellside’ er i andre tilfelle berre underforstått: Skråmbergfoten er ein kort liten lifot under Skråmbergan på Nøss, Bratt(e)slåkfoten |»bratesla-| el. |»brasla-| ligg nedafor Brattsloka i fjellet på Andbø. Rundfoten mellom Andbø og Kobbedalen er ei tungeforma li, avrunda nedantil av krattskog langs myrkanten. Og Rånfoten |’rånn-| er berre som ein ‘dunge’ i fjellfoten på Sørmela, under ei såkalt ròna (smeltevass-far mellom liene).

Mange av dei omtalte trikomposita har vore nytta mykje oftare enn det bikompositum som utgjer førsteleddet, vel av di folk hadde langt fleire gjeremål og ærend i fjellfoten enn oppe i fjellsidene. – Vi kan ogmerke oss at Rundfoten er ei friare namnelaging enn dei andre, ettersom førsteleddet her ikkje seier noko om lendet ovanfor.

I islandsk vil tún-fótur seie «det nedste av tún» (innmark, heimejord), opplyser Þórhallur Vilmundarson (i brev). No kan vi vel gå ut frå at dersom det på ein gard er små høgdeskilnader, vil fótur vere naturleg orientert mot eit vassdrag eller ei strand. Så er nok tilfelle på Island – sjå litt lenger fram – men eg tar først med eit namn frå Tjøtta gard på Helgeland: Der ligg Fotåkeren attmed den litle Møllnesdalen (som vel har vore eit vassfar frå Storvatnet), nedmed brakkvasstjørna Osen. I dette tilfellet kunne vi nok forstå namnet som ‘åkeren som ligg nedst’, bortsett frå at *Åkerfoten burde vore meir naturleg då. Men namnet Osen (og Sundet utafor) får meg til å mistenke at Fot- i dette tilfelle like gjerne er ‘bekkenmunning’, sjå seinare omtale. (Opplysningar ved Eirik Liland, Tromsø).

«l Barðastrandarsýsla», opplyser Þ. Vilmundarson, «finnes to ødegårde (hjáleigur) ved navn Fótur. Begge ligger nedenfor hovedgården ved kysten. Den ene, på Barðaströnd, ligger like nedenfor hovedgården ved en voðul (vaðall), men den annen, i Reykhólasveit, ligger ca. 2 km nedenfor hovedgården med en låg myr imellom.» Eg ser det naturleg å oppfatte det første av desse to namna som ein ‘túnfótur’. I det andre tilfellet er det vel så nærliggande å minne om dei gno. komposita *mýr-fótr og *mosa-fótr som enkelte stadnamn ber bod om (sjå seinare). Vi skal hugse at mosi m. i tydinga ‘myr’ ikkje berre er kjend frå dansk, men også frå somme norske målføre.

Omgrepet ‘dyrefot’ i stadnamn

Folafótur som stadnamn på Island er drøfta av Þórhallur Vilmundarson (1983:73), som sml. med Folafoten fleire stader langs norskekysten, både i Sogn, på Nordmøre og i Trøndelag, endeleg også «Følfoten, hólmar og sker meðfram Norðurlandsleið og ì Lófót.» Han siterer Svale Solheim: «Namnegruppa peikar ut lokalitetar som ligg på viktige, kritiske eller farlege punkt i leiene, punkt der det galdt om for ferdemannen å ha augo med seg og ikkje koma på ‘ville vegar’, eller ta seg godt i vare for ikkje å renna borti grunnar, fluder og skjer og setja på spel skute, last og – på utsette stader og i dårleg ver – livet» (1947:6). Det er folen sitt lag å slå om du ikkje aktar deg, er Solheim inne på, og tenker seg altså Fola- og Følfoten brukt i denne overførte tydinga i namn på slike farlege stader. Blant dei er vel og rekna ein grunne Følfoten sørom Sandvær i Sømna (ikkje langt unna ligg grunnen Svartoksen, eit namn frå same tydings-sfære).

No verkar det aktuelle grunnordet tvitydig: a) foli m. ‘føl av hankjønn’ (Fritzner 1972). b) foli m. (gjerne skrive fóli og fuli) ‘tjuvgods’, eigtl. ‘det som er skjult’, til fela v. Og Vilmundarson – som viser til kva som tidlegare er skrive om norske stadnamn som Fåle, Fyllingen og Fosen – tenker seg *Foli i tyding b), som opphavleg nemne også for blindskjer og andre løynde (eller skal vi seie løynske?) stader – då i somme tilfelle omlaga og omtydd til «Folafot».

Ei slik forståing av namna Fola- og Følfoten er uproblematisk berre så lenge dei er knytte til grunnar. For holmar o.l. som ikkje er overflødde læt det meir tvilsamt. Men vurderinga kan bli vanskeleg: Følfoten er eit noko høgt og langvore skjer sørvest for Ballstad i Lofoten, med nokså bratte sider. Forma er slik at ein på flo sjø berre ser (nedste delen av) følfoten ned til hovskjegget, men på fjæra kjem den attoverbøygde ‘litle hoven til syne’, opplyser Jan Sund (1978).Dette etter ein 90 år gammal heimelsmann, som føyer til at sjølve Følfoten ikkje var farleg, men der imot ei flu like attmed. – Om Stor- og Litle-Følfoten i Vågan heiter det at dei er ganske like, sedde frå leia (Sedolfsen 1973), og at dei kvar for seg kan minne om ein følfot – endå begge er kløfta.

Kuskankan heiter nokre grunnar like utom Tinden i Øksnes i Vesterålen, farlege for ferdsla så snart han er noko åt veret. Det merkelege i dette tilfellet er at det også heiter Kufótan |»kūfōtan| om dei same grunnane, nærmast som i tale til småbarn. Dette har eg høyrt sjølv, men og fått sanna av lokalkjende, sjølv om kartforma Kuskankan er vanlegast. – Her er det klart at det for fiskarane må ha vore knytt ein konnotasjon ‘farlig stad’ til ‘kufot’ = ‘kuskank’ som pluralt kompositum. Beinveges samanlikning er usannsynleg her.

Noko for seg sjølv er fjellnamnet Svinfoten |«svīn-| nordst på Hinnøya, på grensa mellom Andøy og Kvæfjord og nær grenda Kinn. Det står på kartet, men daglegnamn no skal vere Storrapa |»stōrāpa|. – Noko viktig médfjell er ikkje dette. Rett nok finst det ein heimetilror Føten’ for Kinn – Lovika der dei médar mot Svinfoten: Det gjorde dei på Nøss-havet òg – men kalla då fjellet for Storbjørnen (eit namn kjent også i Bjørnskinn grend). Men elles er her lite méd-tradisjon. – No er det svært lausmyldt øvst i Svinfoten: Fjellet er særmerkt ved at der ryr ut gråleg-kvit kvarts, mest som snø. Elles viser fjellet temmeleg avrunda profil på fråstand, jfr. ‘Storbjørnen’), og det er vanskeleg å forstå kva som kan vere ‘foten’, bokstavleg forstått.

Eit par eldgamle talemåtar skal ikkje gjere namnetolkinga lettare: I Bø minnest enkelte enno det figurlege ‘bere svinfot’: dvs. makte lite, og derfor utføre eit arbeid i mange vendingar, få lite utretta. – Dette rører ved gno. svínfætr pl. «ringe Personer», kjent frå eit sitat: «þeir sem nu bera tignarnǫfn [heidersnamn], mega at rettu svinfœtr kallast hjå hinum fyrrum hǫfdingjum» (Fritzner 1896). Talemåtane og sitatet kunne begge ha med ineffektivitet å gjere? Dei som kjente uttrykket var sikre i si sak: Det er fullt av små bein i ein svinfot! Kanskje gir det meining, brukt om eit fjell der det jamt går ras (jfr. namnet Storrapa), men det kan òg vere at den eigentlege Svinfoten er ein låg rygg på Kvæfjord-sida av fjellet og at det norrøne uttrykket rett og slett er motstykket det det langt meir kjente uttrykket «leve på ein stor fot» (slå stort på det, leve overdådig)..

Vassdrag har og sin ‘anatomi’

Fleire nordnorske gardsnamn inneheld eit kompositum vasshovud, enten nytta i denne forma, eller også oppstått ved at ‘-hovud’ er føydd til namnet på vedkommande vatn: T.d. Ømmer-vass-hovud «til at betegne Elvens Udløb af Vandet» (Rygh 1905:54). Realt svarar dette til samisk jokka-oai’ve (også johko-, joga- ‘elvehovud’, «en elvs utlop av en innsjo» (Qvigstad 1944:39, nr. 435). Sisteleddet -oai’ve er og forklart som «øverste del av et stryk; den del av en elv, som er like ovenfor et fossefall (også brukt om landet der), egl. hode» ( 1944:54, nr. 666). Vel så vanleg i samisk nemningsbruk er likevel avleiinga oaivoš«elvs utlop av innsjø, utfallsos» (1944:54-55, nr 667), og her kan ein (mykje gode om einannan, ser det ut til, nytte komposita som jaw’re-oaivoš, joga-, juho- oaivoš. Friis 1887 har berre oppslagsforma oaivuš «en Elvs Udlobssted, hvor den tager sin Begyndelse». Men dette er presisert nærmare under eit anna oppslagsord (som er non-anatomisk), jokka-giera «Flveudspring, første Begyndelse (naar den ei kommer fra lndsø)» – jfr. lulesamisk jåkkågiera «den förste början til en bäck, älv» (Korhonen 1979). Altså er det berre elvar som kjem frå vatn (innsjøar) som har oai’ve eller oaivuš ‘hovud’. Men når ‘hovudet’ på eit vatn (jaw’re) er den fremste delen, ‘utfallsosen’ (som i no. og sv. stadnamn) mens det på ei elv er øvste delen, er det lett å forstå at ein kan bruke jaw’re– og jokkaoaivušutan stor tydingskilnad.

l skotske stadnamn finst det ein liknande bruk av gælisk ceann ‘hovud’, lokativ cinn, kjent frå angliserte former som Kinloch, Kinlochbervie, Kinlochleven «at the head of Loch Leven», Kinlochrannok, osv. Men Kin lik cinn er også nytta svært ofte om øvste delen av ei elv. Vidare er det interessant å sjå at lat. caput tyder bl.a. ‘oppkomme, kjelde’ (Steinnes og Vandvik 1965). Tysk og engelsk blir omtalt litt seinare. Når det gjeld sam. oaivuš og oai’ve nytta om det øvste av eit stryk eller fossefall, skal vi dertil merke oss at oai’ve vel så ofte som no. hovud (og som lat. caput) blir nytta i allmenn tyding ‘det øvste av eitkvart’, såleis t.d. čacce-oai’ve, norsk ‘vasslokket, vasskorpa’. – Interessant er også det anatomiske førsteleddet t i oal’ge-jokka ‘bielv’ (nr. 435), til oal’ge ‘skulder’.

‘Vasshovud’ er nemnt innleiingsvis. Det finst som gardsnamn i Salangen, (på) |’vasøu| og i Vefsn. |»vasshȫve|. Sistnemnde uttale har også Vasshovudet ved Unkervatnet i Hattfjelldalen: Der var det og ei turisthytte som dei norske kalla Luspen, eigentleg samisk lus’pe, svensk ‘forshuvud’: «där en älvrinner ut ur en sjö» (Korhonen 1979). – Jf. også Fosshovudet i Klæbu (Rygh 1898:58) og Laksforshovud i Grane, før Vefsn (Rygh 1905: 68). Det er altså sekundært når Rygh seier at dette er «’Navne paa Gaarde, som ligger ovenfor en Fos» (Rygh 1911:54). Ortnamnsarkivet i Uppsala har velvillig late meg få kopi av oppskrifter som viser at Forshuvud(et) er kjent frå eir par stader i både Jämtlands og Kopparbergs län. Forshuvud(et) i Judalsälven i Ragunda sokn i Jämtland utgjorde «det översta fallet i Krångesforsen», og Forshuvud i Venjans sokn i Kopparberg er tilsvarande «det ställe i Vanån, där Landbofors börjar». – Eit liknande kompositum er Strömhuvudet, kanskje særleg utbreidd i Jämtland: I Lillhärdals sokn er namnet såleis knytt 1il «den del av Härjån, där densammu börjar forsa nedanfor Orrmosjön», eller som det står i ei unna oppskrift: «strömmen börjar där». Yngre preg har Kanalenshuvud, nytta om ein dam (demning) i Tröogs hd. i Uppland, i ei litterær kjelde frå 1741.

Så langt om ‘hovud’ som hydronymikon. Det naturlege motstykket skulle i samisk bli juol’ge’ fot, bein’, og iflg. Friis 1887 lyder avleiinga juolguš nettopp «en Elvs Udløbssted i Søen». Merkeleg nok finst ikkje denne opplysninga i noka anna samisk ordbok, etter det Thor Frette kjente til. Det gir ingen grunn til å drage ho i tvil, men den manglande stadfestinga er eit sakn. Qvigstad har ikkje noko tilsvarande stadnamn i sine samlingar.

Atter noko langhenta, men likevel relevant er del å samanlikne med skotsk waterfuit «river mouth» (Grahum 1978), då med førsteleddet i vanleg skotsk tyding, ‘elv’. No er det så at vi , av historiske årsaker, svært ofte finn piktisk aber og gælisk inver ‘elve-os’ i skotske stadnamn. Blant engelsktalande (som dei aller fleste skottar er no) er likevel stadnamnelementet ‘waterfuit’, ‘waterfoot’ velkjent, især om bustader ved elvemunningar. Komposita som Blackwaterfoot finst og. Endå vanlegare er -foot i same tyding, med eit elvenamn til utmerking: Elvanfoot, Caddonfoot, Lendanfoot. Og friare namnelagingar er det mange av, ikkje berre t.d. Lochfoot, men også Bankfoot, Croftfoot, Glendfoot, Greenfoot, Townfoot og fleire. I den gæliske tradisjonen (der utmerkingsleddet står sist) ser derimot ikkje cas ‘fot’ ut til å vere nytta som hydronymikon. Her finn vi i staden det non-anatomiske bun, t.d. Bunawe (Argyll).

l den engelskspråklege namnetradisjonen i Skottland er -head (om øvste delen av ei elv, eller eit vasshovud) endå meir vanleg enn –foot og (-)waterfoot, i tydinga «at the bottom or downstream». Opplysande såleis er namnerekka Burnhead, Burnfoot og Burnmouth, til skotsk burn: ‘bekk’. Særleg dei to første er frekvente namn; dertil kjem trikomposita som t.d. Byreburnfoot. – For oss norske er det spesielt interessant å jamføre Burnfoot ‘bekke-os’ med den angliseringa av gno. bekkr som har skjedd i Beckfoot (Nicolaisen 1976:100). Denne siste namneforma vågar eg også å jamføre med eit svensk motstykke, endå det reale ikkje er heilt klarlagt: INederkalix sokn finst det i Ytterbyn eit stadnamn Bäckhuvudet «forhöjning vid en bäck», «hogre område där en bäck förut rann ut i Infjärden» (oppteikna 1948 av Anna Rönnquist). Det kan synast usikkert om ‘huvud’ her denoterer vassdraget eller kollen attmed, primært, endå oppskrivaren venteleg rekna med det siste. I Lancashire i England finst Waterhead «at the upper end of Coniston Water», då visstnok om kolle el.l. Men veldokumentert elles er head, gleng. hēafod, i tydinga «the source of a river», især der eit elvenamn er førsteledd: Coverhead, Urehead, Ribblehead, Swineshead (Smith 1956:236). I ordbøkene finn vi no også appellativa fountainhead, springhead, wellhead, som vi kan sjå på som yngre tautologiar. – Ein tilsvarande bruk av haupt i tyske stadnamn frå mellomalderen er også dokumentert (Schröder 1924, 1926).

Som ein parallell til namneparet Bäckhuvudet -Beckfoot kan vi så samanlikne eng. wellhead med naturnamnet Vildfod frå Sydslesvig, der førsteleddet truleg svarar til riksdansk væld ‘kjelde’. (DS 5:141). Dessverre er det ikkje opplyst kva slags lokalitet Vildfod er, sjølv om det heiter at «sidste led er Substantivet Fod, her vel om en Krog af en Mosestrækning eller lignende … )». At ‘hovud’ og ‘fot’ kan bli nytta om øvste, respektive nedste delen av ei myrstrekning treng vi iallfall ikkje tvile på: I Oberbayern finst Mooshappen, før Mooshaupten (Schröder 1924:113), liksom Vågslid (1960) nemner Trandlemyrfoten frå Aust-Agder og det historiske Mosafotenn på landskilet mellom Noreg og Gautland – av Erik Noreen identifisert som «den sydligaste utloparen av Tronemosse på gränsen mellan Sundals och Valbo hrd.» (1919: 155). Fóturi Reykhó1asveit er alt nemnd. Men *vældfod peikar i anna lei, ikkje berre jamført med t.d. geng. Wulfwælles heafod (Schrøder 1924:117), men òg med gno. vella f. i poetisk tyding ‘elv’ -også i norske elvenamn (NE67) – og dertil med nyno. vell, vill n. ‘kjelde’ (Aasen og Ross, frå Vestagder). Variantar i gleng. er wælla, wella o.l. (Smith 1956).

Danmarks Stednavne(5:141) viser for sin del berre til –fot(en) som sisteledd i namn på fjordar og på vikar i norske innsjøar. Ja, alt i «Norske Fjordnavne» tok O. Rygh med Foten som namn på ei vik i innsjøen Øyingen i Stod i Innherad (1896:32). Eg har ikkje greidd å finne ut om det fell ut noko vassfar på den staden. Garden Forfot (nedre) i Åfjord i Sør-Trøndelag ligg etter ØK å dømme som ein verkeleg ‘fot’ i lendet ved eit ganske djupt bekkefar, Rottabekken, som fell ut i Stordalselva. Her blir førsteleddet tvitydig, då det også kan vere gno.- nyno. for‘ (naturleg) renne’, ‘veit’ o.l.Tjørna Forfoten i eit myrsøkk nær Rottjern – Trangen har avrenn til Børtervanna i Enebakk er også vanskelegare å vurdere m.o.t. namnetype. Så har ein informant sagt meg munnleg at nokre småvatn som utgjer eit lite nedslag til Holmevatn i Uvdal i Buskerud, ber namnet Tverrfoten. Desse fire namna ser nokså uvisse ut, jamført med bruken av foot i engelsk og skotsk.

Der er andre som etterlet mindre tvil: Først Gustav Indrebø (1828:161) og seinare Vågslid nemner at ei grein av Revåa (frå Revsjøane) i Vestre Gausdal heiter Revåfoten. Her opplyser Alv G. Nordal Muri at det er nedste delen av åa som heiter så, altså osen i Dokkvatnet. Namnet blir og nytta om landskapet nærmast denne osen.

«Bremafoten, elveløp mellom Lakjen og Kagelitjern (Bjørnesfjorden) i Nordmannslågen på østre Hardangervidda» er nemnd i Gyldendals Store Konversasjonsleksikon l (3. utg., 1972). Tom Schmidt ved Institutt for namnegransking gjorde merksam på namnet, og Botolv Helleland opplyste vidare at Bremafoten ligg om lag midt i Bremafotelvi, som renn frå Lakjen over fylkesgrensa ned til Kagelitjern. Høgdeskilnaden kan vel vere eit par titals meter, og denne renn elva stort sett av seg nettopp i stryket Bremafoten. Namnet blir både uttalt |brɛ:ma-| med open e og |brema-| med trong e. Helleland reknar med at den første uttalen kan vere eldst, og at forleddet mest truleg er brim n. ‘brenning, brott’. – Vi kan då sjå på Bremafoten som utfallsos for Nordmannslågen i Bjørnesfjorden, plent som Revåfoten er det for Revåa – Revåsjøane i Dokkvatnet. Og det særmerkte med desse namna, samanlikna med dei følgjande, er at dette er innlandsvassdrag.

Ålfoten er ei tettgrend i Bremanger, på eit delta der Myklebustelva fell ut: Ho går i eit 50-60 m langt stryk i høgde med Følshammaren og kan som andre vassfar vere litt gøyven av seg visse tider på året. Likevel treng vi ikkje ut frå skriveforma (i) «Olmfota» ca. 1360 føresette eit individualiserande elvenamn *Olm eller *Olma (til gno. olmr adj. ‘vill, rasande’), for eit elvenamn Olma finst fleire stader i landet, kanskje også *Ylma : I gleng. finst ei rad med stadnamn som inneheld wælm, welm, wielm,wylm ‘a spring, the source of a stream’ (Smith 1956) – merk òg komposita som ǣwel|og ǣwelm, til geng. ēa ‘å, elv’. – Namnet Ålfoten må tidleg ha kome til å gjelde også fjordarmen der deltaet ligg. (Sjå omtalen av Lofoten, når det gjeld linn form fóti).

Åmelfoten i Volda ligg på flata der Åmelfotelva renn ut i Dalsfjorden. Sophus Bugge har tolka forleddet som gno. *Hǫmull-tilsvarande nyno. humul m. ‘hard jord med småstein, fast jord (NoSt)’.Åmæla som namn på Åmelfotelva står på somme kart, men skal v ere ein konstruksjon frå notida.

Namn som Bremafoten, Revåfoten, Ålfoten og Åmelfoten jamførte med nemningsbruken i skotsk og engelsk gjer det sannsynleg at -fótr m. må ha vore i bruk som synonym til óss m. og til munnr|muðr og mynni|-minnin.; kanskje var også -kjaptr|kjǫptr m. nytta såleis -jfr. nordno. ‘bekke-‘ og ‘elve-kjeft’. Ja, namn som Revåfoten og Ofoten (sjå seinare) gjer at vi også tør gjette på eit kompositum *árfótr m.parallelt med t.d. áróss, elvaróss, lækjaróss, o.l. Bruken av namna Revåfoten, Ålfoten og Åmelfoten viser greitt at slike namn også kan stå for landskapet kring elvekjeften, tilsvarande dei tilfelle der osog minne (mynne) er sisteledd.

Om gleng. fot som etterledd i stadnamn heiter det: «used especially of land at the mouth of a stream» (Smith 1956: 185).Frå Cumberland blir nemnt døme som Beckfootog (‘minor names’) Cumel-keldfot, og frå Devon Ocbrokesfoten, d.e. ved elva Obrook, til geng. bróc ‘bekk’. Jfr. derimot primærtydinga i det skotske foot, fuit‘ elvemunning’. Skulle ein slumpe til å finne ‘fot’ nytta om flatt landskap, meir allment, kunne ikkje det vere noka overraskande tydingsutvikling, aller minst dersom det gjaldt flatvorne landtunger eller oddar som likna ei øyr (eit delta). På hi sida er det god grunn til å vente utvida bruk av ‘fot’ som hydronymikon, på det vis at det ikkje berre gjeld elvemynnet, men òg vika, bukta eller fjord(arm)en der elva fell ut, for så i eit eventuelt siste stadium å bli nytta om ‘vik’, o.l. meir allment, utan at noko vassdrag ender der. Det er ikkje berre teori: Jfr. t.d. os m. «ogsaa brugt om jordmundinger, Indløb fra Havet og lignende Situationer» (Rygh 1898: 69) og vidare å = o f. i den særlege tydinga «en lang, smal og grund Vig, som gaar ind fra en Flod eller, sjeldnere Indsø» (Ross 1895 frå Østfold).

Det er figurleg når samisk nyttar t.d. oai’ve ‘hovud’ som hydronymikon. I Lyngen vil såleis àja-oai’veseie «et opkommes utspring» (Qvigstad 1944:7, nr. 15). Truleg fell det ingen inn at kjelda liknar hovudet på eit dyr eller menneske ? På spissen sett, sant nok, men i utgangspunktet må ein vere like nøktern og ikkje forvente anatomisk likskap der ein møter fot(en) som etterledd i namn på tjørner og vatn, vikar og fjordar, øyar og skjer.

Når det gjeld det salte element, kunne vi vel også tenke oss fjordar, sund og havstykke med ein figurleg ‘anatomi’ som svara nokolunde til den vi no kjenner frå vassdrag: Vi har i det minste ‘fjordarm’, og gno. ‘utarmar úthafsins’ (Fritzner)! Men fjordane har neppe vore oppfatta som ‘føter’ av havet, ettersom det blant fiskarane heiter ‘oppmed land’ (‘opp-med’ adv.) og ‘nedpå havet’ (‘ned-på’ adv. = ut-på).

Olfoten

Tida er no inne til å sjå nærmare på gardsnamnet (i) Olfoten |»ołfōD˜n| på Dønna – rettare sagt (på) |dȫn~n|. På 1500-talet heiter det «Vlffoden» (NRJIII: 181) og «Vlfott» (1567). Men frå 1610 og utetter ser ein det kompliserande førsteleddet «Vgel(l)-», «Ugel-». Ei saumfaring av leidangslister, skattemanntal o.l. på mikrofilm har likevel overtydd om at dette er ‘fantom-former’: Skrivarane rotar nemleg atter og atter i hop Ugelfor(en)i Vefsn og Olfoteni Herøy (no: Dønna k.) Garden i Vefsn heiter uttalerett Ukkelfora |«ukełfå:ṇ~ṇ|, dat. (i) |»ukkełfå:rä||. Ein skal òg merke seg at garden i Vefsn heiter «Ugelfod» i 1/2-pundsleidangen 1624-1625, likeins i leidangs- og leiglendingslista 1626. I leidangen 1626-1627 er namneformene for Vefsn og Herøy nesten forbytta, og for Vefsn sin del heiter det i leiglendingslista endå 1644 – 1645 «Ugel-» og «Uggelfotten»; liknande former går igjen heilt fram til 1650. For Herøy – no Dønna – kan ein omvendt finne «Ugelford» (]eigl.) og «Ugelfuor» (full-lønsdrengar) for 1624. Neste år det framleis «Ugelford» (leigl.), men «Ugelfoed» (full-lønsdr.) I 1626 er det derimot «Ugelfod» for leiglendingane, mot «Ugelforen» for husmennene! Og dette virvaret, for garden på Dønna synest vedvare til 1633 – 1634. Skriveformene for Olfoten, og Ukkelfora tilsvarande, illustrerer avskrivings-‘mekanikken’ i rekneskapslistene på ein framifrå måte. Jamført med 1500-talsformene og notidsuttalen er dei derimot uinteressante.

Eit elvenamn *Ugla har sannsynlegvis vore til (NE 283). Dette kunne nok misse g i nyare uttale, då ikkje minst som forledd i eit kompositum *Uglufótr, Aasen 1873 har faktisk oppslagsform ula f. Men på Dønna heiter det stadig |»uglæ|, så vi skal våge å «lata den fuglen fljuga». Vil vi plent ha forleddet til å vere eit ord for ein levande skapning, er heller gno. *ulf-fótr mest sannsynleg, ut frå 1500-talsformene og notidsuttalen (sjå likevel lenger fram).

Topografisk særs interessante er desse opplysningane, som stod utan forfattarnamn i Vesterålens Avis 14. september 1926:

« … Olfotvandet, eller rettere sagt -vandene (der er nemlig 3 vand av dette navn indenfor hverandre) strækker sig fra yttersiden av Dønna antagelig ca. 5 å 6 km indover øen. – Alle vandene ligger lavt, så lavt at sjøen ialfald på springflo går op i det inderste vand. Jeg har for endel år siden fisket flere gange i del inderste Olfotvand og blev ikke lidet forundret da jeg på min første tur fik en flyndre på stang, samtidig som etpar av mine venner stod på et nes længere nede i vandet og hadde sin fulde hyre med at dra ind sei på størrelse som middelsei. – Avvekslende fik vi desuten ørret, røer og ål, m.a.o. et indholdsrikt vand.

Olfoten på Dønna er eigentleg ei rad samanhengane vatn. «Norgeskart».

Næste gang j eg var i det samme vand rodde jeg med sluk, da der efter sigende skulde være stor ørret i vandet. Jeg fik et voldsomt nap, håven var parat og jeg glædet mig til å ta ind en pen ørret, men skjønte straks der var ugler i mosen. Fisken fulgte villig med og lignet forsåvidt ingen ørret, og efter en stunds haling stod snøret ret tilbunds. Op av vandet kom omsider hodet på en torsk på størrelse som en veritabel Lofot-skrei. Antaglig var overraskelsen like stor på begge sider av båtripen, for med det samme torsken så min overraskelse gik den sin vei, og glad var jeg, for det var ikke egentlig torsk jeg fisket efter. Vandet er ialfald i overflaten ikke brakt (vi drak av det og brukte det tilkaffevand), men rimeligvis står der sjøvand på bunden, siden både torsk, sei og flyndre lever der».

Berre ei av opplysningane er ikkje heilt korrekt: Det øvste av dei tre vatna, kalla Hillsetvatnet etter garden attmed, inneheld berre ferskvatn – med dei fiskeslag som ein ventar å finne der. I det 15-16 m djupe Mellomvatnet er det derimot brakt vatn, endå det ‘legg seg’ (med is) tidleg på hausten. Størst inNoStag av saltvatn er i Nervatnet, som er 56 famner på det djupaste og fell ut i Høla |‘hø:łä|.

Garden Olfoten ligg i øvste enden eller skal vi seie botnen av Nervatnet, så å seie på eidet mellom dei to nedste vatna, eit område dei visstnok kallar Duken og som derfor venteleg er flatt. Attmed garden renn den litle Olfotbekken. Denne var tidlegare ein god gytebekk, men er no øydelagd av vegvesenet, seier heimelsmannen. Olfot-vassdraget skal etter munnlege utsegner å dømme ha vore høgt verdsett og skattlagt frå gammalt.

Parallelt med hovudvassdraget og attom åsdraget Gylta nordaust for garden Olfoten renn elva «Gaanga» (skrive så på gradteigskarta). Ho var før rik på sjø-aure. Elva fell ut i Øyvågen, berre skild frå Høla med eit nes. – Ho buktar i tallause svingar, og etter uttalen l’gåᶇᶇä| å dømme har det meir for seg å skrive namnet som Gonna (dialektisk) eller Gorna (normalisert), til gno. * gǫrn f. ‘tarm’. Altså eit samanlikningsnamn.

Som før nemnt har dei brukt å ta mange slags sjøfisk i vassdraget, deriblant ål. – Men gardsnamnet har nok likevel anna opphav: Her går ei utprega renne, eit lågt og smalt dalføre om vi vil, tvers over Dønna frå Dalsvågen til Skagafjorden. Førsteleddet kan såleis vere gno. áll m. ‘djup renne; straumrenne’ (jfr. ‘straumrenna’ blant nordlandsfiskarar også: sjølve rørsla), ‘havstraum’, endeleg også ‘rand, stripe’ (Heggstad 1963 o.fl.). Det siste minner om noko O. Rygh nemner om nettopp áll: « I Stedsnavne ofte ikke til at skille fra det vistnok beslægtede Ord ål, ól f, der nu betyder en Rem af Læder (1898:41). Så tør vi då også samanlikne gardsnamnet Olfoten ikkje berre med gardsnamnet Ol i Stod, men også med Olåa i Tolga og Olvatnet i Bjørnør (NE 178).

Av det som sagt er, vil vi sjå at det kan vere vanskeleg nok å gjere skarpt skilje mellom ‘dalføret’ og vassfaret der (med den havstraumen som må ha gått langt oppigjennom frå gammalt av). Men slik garden Olfoten no ligg, er det rimelegast å tolke sisteleddet som ei nemning for den nedste delen av vassfaret eller *óla, *ålen.

Ofoten

O. Rygh er m .a. inne på spørsmålet om sterk – linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten. l Sn. Edda opføres Ofoti blandt Fjordnavne, og dette er vel Navnets opr. Betydning, medens det senere er gaaet over til Landskabsnavn, idet Fjorden har faaet et med -fjǫrðr sms. Navn» (1905:296). Meir kategorisk i det formelle er Sofus Bugge som tenkjer seg at «den rette Form af Fjordnavnet er Ofóti, som de ældste og bedste Kilder har. Ogsaa det andet Fjordnavn, hvis sidste Led er analogt med dette, Aalfoten i Nordfjord har svag Form, i Olmfóta» (Rygh 1905:410).

Legg merke til vassfaret Nøkkelelva (norr. mikil), Åa og til slutt Storelva ned til Balsnes.«Norgeskart».

AB nemner gardane Balsnes, Arnes, Råna, Djupvika, Kjelde, Liland, Barøya og Vidrek – litt på slump. Sistnemnde ligg inst mot sidefjorden Skjomen – merk Skjomgrunnen like utom garden – mens Berøy = Barøya er ytst i Ofotfjorden, som dei no reknar derifrå og til Narvik. Kanskje var alt innom Vidrek finnefjordar på 1400-talet, stort sett? Alle gardane som står under samanfatninga «i Ofot», «i Oofot» i margen hos AB, kransar seg (unnatak for Barøya og Liland) kring sidefjorden Ballangen eller rettare Balangen |‘ballaᶇen|, no |»ballaŋen|, slik S. Bugge skreiv (Rygh 1905:410). Jamfør «Bal-» som variant i 1567, vidare så i 1610, 1612, 1647 og J723. Samanlikn også Malangen , Salangen, Gratangen og Lavangen , alle med kort a i førsteleddet. AB har «af Bagangersnese» for Balsnes |balsnes|. S. Bugge tenkte seg dissimilasjon Bagangr> * Baðangr> Balangr, med førsteforma som avlydd form til bågr adj. «hinderlig, vanskelig» (loc. cit.). Her gjekk Vågslid vidare, med *Baga-angr> Baganger«til eit eldre fjordnamn *Bagi … bægin fjord … av di han er svært landgrunn på båe sidor og særleg i inste enden» (Vågslid 1960:28). – Men fjorden er like pass farande som mange andre, og eit slikt pejorativt namn er derfor lite sannsynleg. Derimot er det mange sandryggar langs Ballangen, især på Balsnes, og namn og nemningsbruk kring i landet viser at *baðr m., *bað n. har vore ofte nytta om den slags formasjonar (Hoel 1985:18, Myrvang 1982:95). Frå Borge i Lofoten er kjend ein lydvokster * baðr m.> bag m. jamfør slað n. > slag n., likeins slóð > slog. Ei utvikling* Baðangr> Bagangr> Balangr er altså meir sannsynleg.

No er Balsnes skiftesvis skrive «Bals-» og «Balles-», «Ballis-» på 1500- og 1600-talet, endå notidsuttalen Bals- med tonelag l knapt høver med eit fjordnamn *Balir: Jfr. likevel samisk Bàllag eller Bàlak (Qvigstad 1893: 100 og 1938:206) med gno. bali m. ‘jamn bakke frammed stranda’ og med Balangen, eit fjellvatn i Hedenstad i Buskerud (lndrebø 1924), også der sett saman med bali m. Balangen heiter også ei sandbukt ute på Tjeldøya i Ofoten, opplyser bygdebokforfattar Magnus Pettersen. – Tonelaget kan derimot gå saman med *balr m. = bali, eller med *baðall > *Baðalsnes, jfr. *beðill m. (Hoel 1985: 22). Merk at dei to siste formene kunne gje *Baðla-angr> Balangen. Valet mellom *baðr, *baðr eller *baðall|beðill er derfor ikkje enkelt!

Skriveforma «O(o)fot» skal i alle tilfelle i AB (liksom andre ved eit samanfatningsteikn) vise kva område gardane høyrde til. Enten er nytta fjordungsnamn til det formålet: «i Myndo» f., «i Herøy» f., «i Nesna» f. Eller også bruk av sokne-namn: «i Vika» s., «i Brunøy» s., «i Bodina» s., «i Steiga» s., «i Lodengia» s. Endeleg fjordnamn og: «i Vefsne», «j Harme». «i Salta», «i Bedianom», «i Tieldasundom», «i O(o)fot». – Litt for seg sjølv står namneformene «i Salftadal» og «i Hamarøy», ettersom dei visst er nytta reint geografisk, ikkje administrativt. Systematikken i AB er her klar: Der bygdelaget er nemnt administrativt, er fjordungs- el. soknenamnet nytta – alternativt eit ikkje-administrativt områdenamn, oftast då eit fjordnamn som vi stort sett brukar likeins den dag i dag.

Når Ofot i AB femner om Barøya og Liland, som no, må Ofoten alt den gongen ha vore fjord- og bygdenamn. Det heiter forresten ‘på Ofoten’ sjøverts den dag i dag, alternativt ‘på Fjorden’. – Eit særskilt bygdenamn ófót f. slik Vågslid opererer med (op.cit.) er hypotetisk og unødvendig (den grammatiske sida av saka er drøfta i samband med Lofoten, sjå seinare). Andre kjelder enn AB har linne variantar av fjordnamnet, «um Ofota», «Ofotafiörðr», «Ófóti» og «ur Ofotans firði» (Rygh 1905:296), og det er svært tvilsamt å tale om avleiingar slik Vågslid gjer. Det er og tydeleg nok linn gno. form i sam. Ofüohttà, Ofuot’ta (Qvigstad 1893:250, 1935:7).

Vågslids grunnlag for ei særskild hokjønnsform -*fót er avlydsrekka til det sterke gno. verbet feta- fet- fat/fátum ‘finne fram, finne veg, el. lei’. Vågslid vil ha p.p. *fotinn, mens *fetinn vel er det regelrette? Derfor kan eg ikkje gå med på resonnementet hans. På den andre sida trur eg nok han har rett i at førsteleddet i Ofoten er gno. ó = a f. ‘å, elv’. Her kan fjorden ha fått namn av dei mange vassdraga der han er på det trongaste, nemleg mellom Kjelde isør (med bl.a. Kjeldeelva), og i nord Tårstad, der sjøen på store flør framleis går langt opp gjennom Tårstadosen mot Lavangsvatnet: l sistnemnde fell den fiskerike Nautåa ut (vel til gno. naut f. = nautn f. ‘nøyting, bruk’). Men tenker ein såleis, kan også andre vassdrag ha verka med til namnelaginga: Storelva ved Myklebostad på Tjeldøya, Kjerkevatnet med Stunesosen nær Evenes kyrkjestad, vassdraget i Råna | ‘rå:na| og kanskje endå fleire. AB er her beste heimel, med vendingar som «af Ranafisket er b(ygt) landzlut», «af Keldo … er til fiske a», «af Lidalande liger til selueide oc fiske».

Likevel, eitt topografisk utgangspunkt for fjord- og bygdenamnet er meir tilfredsstillande enn ein ‘multippel’ forklaringsmodell. Eg held meg derfor i at Vågslid gjer rett i å konsentrere seg om det store vassdraget som fell ut mellom gardane Balsnes og Bø, innafor det området der ein finn fleirtalet av dei gardane som AB plasserer «i Ofot»: Det samlar seg 3-4 bekkar i Mørkhola like innafor botnen av Ballangen: Mørkholelva, Botnelva, Kvanntoelva og Nøkkelelva (utan tvil < *Mikil-, som Vågslid meiner). Dette skjer i Suorra, d.e. samisk suorre‘forgreining’, og så renn Djupåa vidare gjennom myrstrekningar ut i Alfavatnet, tidlegare også kalla Svanvatnet. På kartet står «Alfan-»; no står denne forma sterkt i talemålet og (genuint, etter regressiv fjernassimilasjon?) I Alfavatnet fell også Stria|’stri:a| og Tørstarbrynnenut. Merk særskilt vassdraget eller blautmyra Langeblå, jamført med isl. blå f. ‘blautmyr’ og blå v. ‘fløyme utover’. Frå Alfavatnet renn så Åa ut i Saltvatnet (ved Balsnes). Det har avlaup til fjorden gjennom Storelva, fiskerik før. Vassdraget er gammalt nok: I Mørkhola er funnen beingrinda av ein kval, og alderen radiologisk fastsett var 9000 år ± 100.

Mellom nedste delen av hovudvassdraget og fjorden Ballangen finst dessutan eit mindre vassdrag, på gamle kart teikna inn som det langvorne Husvatnet, no for det meste attgrodd. Men sjøen har gått opp der no og då i manns minne, og fram til 1920-åra fiska dei kjøe der. Kartet viser tydeleg nok (sjå myrdraget på kartet) at det litle vassdraget ein gong var mykje lengre. Vi aner også at Saltvatnet og Alfavatnet må har vore ein god del større i gammal tid. Vågslid meiner at det store vassdraget – som altså startar med *Miklaá og ender i Storelvaikkje har hatt noko samlande namn, og hevdar frå eigne føresetnader at ferdselen følgte vassdraget og ikkje fjorden *Bage, så at «Ofot tyder ordrett fotstig eller gangleid langs med ei å» (loc.cit.). Førsteleddet Ó- = Á– tør vi kalle eintydig, jamfør Nøkkelelva – Djupåa – Åa – Storelva. Men i motsetning til Vågslid meiner eg at sisteleddet fotener det same som i Olfoten, Revåfoten o.a. – altså tilsvarande gleng. fot «land at the mouth of a stream». I den samanheng meiner eg at Sletta = Elvesletta ved Storelva har stor interesse, likeins gardsnamnet eit lite stykke lenger ut.

Namnet Ofoten kan vi etter dette jamføre ikkje berre med Odalen i Hedmark, men også med gardsnamnet O i Aker, i Vang (Hedmark), i Gran og i Ramnes (NE 177).Bygdenamnet Ofoten er då også skrive Åffotten i ei svensk skatteliste frå 1586, og Aafougden i ei lokal sakefallsliste frå 1646-47, opplyser Magnus Pettersen. O. Rygh har så vidt nemnt ei anna forklaring på førsteleddet ó- : «Efter den sproglige Form synes Ofóti som Iste Led at indeholde det nægtende Præfix ó-» (Rygh 1905:410). Han følgjer ikkje sporet vidare, men vi tør jamføre med Ofjord i Hasvik i Finnmark, jamfør «Udfiorbotten» 1689 og dertil ei opplysning frå 1776: «Ufiorden er ubeboelig» – altså ein tenkeleg parallell til gno. úbygd (Rygh 1924:120). Det er likevel urimeleg å stille Ofjorden og Ofoten saman såleis, både klimatisk, topografisk osv. Dessutan krev eventuell bruk av nektingsprefiks ó- = ú– at -fótr eller -fóti må ha hatt ein allmenn denotasjon «fjord». – Endeleg kan det godt vere at Ofjorden i Hasvik berre er ei norsk tilpassing av samisk Uffir-vuodna (Qvigstad 1938:68).

O. Rygh slår elles frampå om ei anna tolking: «Eller skulde Iste Led i Ofoti være en Sideform af oldn. úfr, Bjergugle?» Han underbygger ikkje dette heller, og ein tilsvarande lydovergang finst der knapt døme på.

Var Vargfot verkeleg ei øy?

Av AB går det tydeleg fram at «i Lofota syslo» kring 1430 svarar nokså nøye til det området vi også no kallar Lofoten, berre med frådrag av Strandlandet som i dag kjem Vesterålen til. Eivind Vågslid (loc.cit.) peikar på, at under erkebisp Gaute Ivarson (1475 -1511) omfatta «Stoolsens jordher i Lofothen» gardar på både Moskenesøya, Flakstadøya og Vestvågøya. Vågslid seier vidare: «Vargfot høyrde med til Lofotsysla, og alt under overbisp Olav Trondson i tiden 1459 -1474 hev Vargfot høyrt beinveges med til umkvervet Lofot. For då er det i fyrrnemnde jordbok AB tilskrivi etter bolken J lofot og under J lofota syslo: ‘af yzta sandhe j flogxstade sokn a wallastrand’ (AB 97). Det gjeld garden Ytre Sand og Vallastrand på Moskenesøy, som då hev høyrt til Flakstad sokn.»

Her har nok Vågslid pressa den seinare tilføyinga for mykje. Systemet i overskriftene elles viser greitt nok at garden Yttersand skulle ha vore ført opp under området Vargfot og ikkje Lofot, sjølv om alt i hop er Lofota sysla (det er tilføyinga som bryt systemet). Dessutan er ikkje Vallastrand ein gard, men eit område. Rygh var klar over dette: «Da det paa de anførte Steder i AB siges, at baade Hovden og Sand ligger her, maa Vallestrand have omfattet hele det flade Kystland nordlig paa Moskenesøen til begge Sider af Valle» (1905:350). – Den dag i dag er Stranda namn på strekninga frå Yttersandog innover til Torsfjord, og folket der heiter strandværingar.

Gustav Indrebø kjem på si side inn på at Vargfot som distriktsnamn i AB også vedkjem Moskenesøya: «Jordeboki nemner under yverskrifti Vargfót 7 gardar på Flakstadøy. Ho nemner dertil Selfjord og Hovdan på Moskenesøy. Kann henda skal me skyna dette soleis, at Vargfót forutan å vera øynamn hev vore inndeilingsnamn (soknenamn eller fjordungs-namn) og hev vore brukt soleis um Flakstadøy og Moskenesøy til saman. Flakstad og Moskenes var ei sókn i 1589 (med l kyrkje og l krosshus).Eller og er det berre tale um ei gåløyse av jordebokskrivaren» (1935:60, fn. 25).

Her er nok Indrebø litt gålaus sjølv: Jordboka har nemleg med heile 6 gardar på Moskenesøya, nemleg Selfjorden, Moberget, «af Hynna», Hovdan, Innersand (i eit tillegg) og Yttersand (som ei nyare tilføying sist «i lofot», nettopp omtalt). På Flakstadøya er rekna opp 5 gardar, nemleg Ramberg (med eggværet Soløya som ligg mykje lenger sør, mellom dei to store øyane), Knutsfjord, Napp og lengst nord Sandnes – og dessutan «af Finnafyrde vid Rekeid». – Endå stadfestinga av Rekeid blir uviss – det kan godt vere eidet nordom Skjelfjorden – så er her vel samband mellom *Finnafjǫrðr og den noverande Finnbyen utom Geitøya på Flakstadøya? Vi veit ikkje sikkert kor Hynna < *Hyrna var.

Så lenge vi held oss til AB, får vi biletet av ei samanhengande busetting langs vestsida av fjorden mellom dei to øyane, og i tillegg ei meir spreidd på hi sida av Flakstadøya. For ein fjord er her, frå Selfjorden og utover til Jussholmen utom Ramberg, om enn med mange ‘lommar’ i. Men dei som bur her, synest ikkje å rekne det ein samanhengande fjord og brukar heller ikkje noko samlande namn. – I alle fall er det nærmast ei bisak at austlandet i den same ‘fjorden’ blir skore i to av den ovtronge Sundsstraumen mellom dei to øyane.

Folk reknar Selfjorden ut til Øravis å vis Sundsstraumen: så heiter det Krystadvika vidare. Noko lenger ut kjem Hovdavika, med Torsfjorden innafor, og Rambergvika meir for seg lenger ut og aust. Finnafjǫrðr er det rimeleg å søke ein stad mellom Krystad- og Hovdavika, på austsida av Moberget, med mindre vi les «af finnafyrde» som områdenemning, innafor ein fjord der det elles budde nordmenn?

Vargfot som distriktsnamn kan også ha omfatta Moskenesøya, slår Indrebø frampå om, mens Vågslid kort og godt seier at «det hev ei tid vori nytta til samnamn på dei tvo øyane». – Men som vi har sett, så enkelt er det neppe, og AB gir oss ikkje annan grunn til å drage inn Moskenes sokn enn at garden Ånnstader nemnd – under Lofota sysla! Og det siste er rett nok, for i Buksnes har vi framleis Annstadheia og Annstadsjøen: Jamfør AB» af Andastader». Vi kan altså heilt sjå bort frå Ånnstad i Moskenes. – Det er meir påfallande at dei gardane som AB (med tillegg) nemner – unnatak for Sandnes, Napp og (K)nutsfjorden – alle ligg ved den nyss omtalte ‘fjorden’ mellom Valle og Ramberg: Kan Vargfot vere namnet på fjorden? Men så usikkert som det synest å vere med ‘fot’ som primært fjordnemne elles, bør den teorien kvile.

Kor som er, gardsnamna og naturgitte tilhøve viser klart nok at Flakstad sokn plent som Vestvågøya må ha hatt sitt geografiske tyngdepunkt i nord, ha lege «vendt mot storhavet» på ei tid då kommersialiseringa av lofotfisket var noko som høyrde framtida til. Det er berre at Flakstad har strandflate (eller skal vi seie ‘fot’?) brei nok til å gje nokolunde rom for ei ekspanderande busetting. – Den sterke nord-orienteringa er også uttrykt i namnebruken: Den ytste Skjelfjord-grenda ligg i botnen av fjorden!

Flakstad med Flakstad kyrkje. Foto Finn Myrvang.

Kva tyder førsteleddet i Vargfot?

Distriktsnamnet Vargfot innbyr unekteleg til bokstavleg fortolking: likskap med ein ulvefot? Tilsvarande har førsteleddet i Lofot vore jamført med sv. lo‘gaupe’ (Rygh 1905:342), da. los, og det kan vel ikkje vere noko avgjerande motargument at denne dyrenemninga er ukjend i nynorsk og litterær gammalnorsk. Men kor har vi dei ståstadene der det fall naturleg å gjere slike samanlikningar, for dei store og sundskorne øyane det er tale om? Om vi nøyer oss med noko mindre, t.d. korleis kystlinja ter seg på ein eller annan kant av Flakstad- eller Moskenesøya, blir forklaringa lite truverdig: Folk la no eingong namn på strand og fjord, nes og øyar ut frå sin vanlege ferdsel (i båt helst), dei klevja ikkje opp på dei høgaste toppane først for å sikre seg ovstort panorama! Kåre Elstad hadde ei spissformulering: «Jamvel dei argaste Lofot-patriotane ville aldri våge seg til å hevde at forfedrane deira hadde komme dalande ned frå himmelen» (Elstad 1982:35). – Litt meir rimeleg ville Lofot og Vargfot vere som opphavlege fjellnamn, men vi er utan haldepunkt for det og.

No har J. Sahlgren (1918:11) peika på at gno. vargr ‘illgjerningsmann, røvar, fredlaus’ frå børjan av må ha vore berre eit noa-ord når det vart nytta om ulv (ulfr). Godtar vi det, må vi også rekne med at eldgamle stadnamn med førsteledd Varg- kan vere annleis å forstå. I alle høve er der visst etymologisk semje om at ein kan føre vargr ‘illgjerningsmann’ osv. tilbake til ei indogermansk rot *ṷer- med *ṷergh- ‘dreie, snøre’ som ei utvida form blant fleire. Jamfør glfris. wergia og mhty. erwergen ‘strøype, kjøve’, og vargr især med got. gawargjan og gleng. wiergan ‘forbanne, fordømme’. Gno. urga vb. ‘klemme, presse, gnike’ og det poetiske yrgja vb. ‘kjøve, strøype’ kan vi samanlikne med mlty. og nederl. worgen, gleng. wyrgan, ghty. wurgen og nhty. wiirgen ‘strøype, kjøve’. Jamfør dertil gno. urga f. ‘tauende, reip’ og virgill, virgull m. ‘reip å henge folk etter’.

I forlenging av dette kan nemnast at det finst ei rekke stadnamn som tyder på at det kan ha eksistert topografiske nemningar *varg- o.l. om ‘trong, avklemd, strøypt stad’. Aller først: Varga er ein variant av Urga i Fornaldarsogur, som namn på ei øy i Nordland (Heggstad 1963).

Vargeyjar (1307), i gen.pl. «Varghoeyja» (1340) er det eldste namnet på Vardøya i Finnmark, før sagt Vårøya (namnet Vårberget er enno til). Kring 1520 er skrivemåten «Var-», « War-» vanlegast (NR]), men vi ser også formene «Vaar-», «Vord-», «Vorde-», «Worde-» (labialomlyd). Merk at berre eit eid (Valen) bind dei to delane av øya saman, så den glno. fleirtalsforma kan vere topografisk sett logisk, merk òg pluralis sam. Vargak ; russ. Vargav, seinare Vargajef (Rygh 1924:301,318).

Vargfjorden |’var-| i Ballangen er særs trong ytst, men vidare innafor. Namnet blir tradisjonelt sett i samband med villdyrherjingar i gammal tid, men kartnamnet «Varg(fjord)fjellet» innafor evedkjenner ingen seg. I lys av den tradisjonelle namnetolkinga er det påfallande.

Vargholen |»varg(h)ōl~n| midt på Andøya er omkransa av tjørner og dysjemyr, noko som – litt langhenta – kan minne om shetl. varg «dynd, søle, snavs» og eit tilsvarande stadnamn Varg (Jakobsen 1901:185). Men samstundes ligg Varghólen på ein smal tange i myrhavet, noko som gjorde at folk jaga sauene frå fjellet Arnipa og sørover Smira framom hólen og ned til Oltervatnet.

Vargeneset |’varje-|. vel også |»varge-|, ligg for austerenden av Breivika på Tjeldøya og er med på å gjere Ramsundet svært trongt i sørenden (som det òg er fleire stader lenger nord). – Her har vi nokre påfallande skriveformer: «Worgenes» 1567, «Vargenes» 1610, «Wergennes» 1611-1612, seinare atter «Varge-» o.l. Desse nokså seine formene (men delvis frå eldre førelegg?|) kan framkalle spørsmålet om det eingong fanst eit * Vǫrgr (u-stamme), som gav stammekomposisjon varg-, gen. vargar-.

Vargeskaret |«varge-|, før også |’varje-|, er i Bleikskleiva på Andøya. Det ligg litt innafor Gangskaret, som er etter måten breitt, men er sjølv så trongt at fiskarane kalla det Trekta når dei méda mot det.

Wirjaren (Wargaren i NE: 295) er ein sjø i s. Frostviken i Jämtland. Eit nes skyt seg inn i sjøen frå nordvest og snører han av.

Vergedal |»værdær| i Lardal – på ØK også skrive «Verge-» – står som «Virge-» 1593, «Wirche-» 1604, «Wærge-» 1668 og 1723 (Rygh 1907: 372). Vergedalselva, som renn framom garden og ut i Herlandselva, kjem frå eit høgare platå i vest, men gjer så ein stor sving samtidig som ho grev seg ned i den såkalla Saghola, som etter ØK synest å vere eit utprega strøype, samanlikna med det opne dalføret ovan- og nedanfor.

Virgenes (skrive så på ØK) eller Vergenes|’væ:mes| i Hedrum er skrive «Vyrghunes» ca. 1400 (RB 48), «Virgenes» 1593 og 1600, «Wirginis» 1604, «Wirgenes» 1664 og 1723 (Rygh 1907:359). Lågen, som renn etter måten beint ovanfor, lagar her ei diger «sløyfe» mot aust, etter at grensa mellom Lardal og Hedrum er passert. Neset blir avsnørt endå meir ved at Bergauelva, kalla Virgeneselva i nedste delen, gjer ein kvass sving frå sør og heilt inn til midten av ‘nesrota’. Når det gjaldt Virgenes og skriveforma «Vyrghunes» ca.1400, var S. Bugge inne på eit mogleg elvenamn Virga;dette kan i vel så høg grad vere tenkeleg når det gjeld Vergedal. – Kva formvariasjon gjeld, kan det elles vere greitt å jamføre med gno. hvarfr m., hvarf n. og hverfi n. (til hverfa vb.), og med gno. varp, verp og verpi n. like så vel som med stadnamn i notida.

Ørgenvika|’ørge(n)-| (NoSt) ligg midt på trongaste delen av Krøderen. Dei eldste skriveformene har jamt førsteledd Orguno.l. Namnet er derfor i NG tolka «af det sjeldne Kvindenavn Arngunnr», og kan hende er det rett. Med atterhald vågar eg likevel å nemne dette gardsnamnet også i samband med namn på Varg- osv., då førsteleddet kan vere ein gl. p.p. av *verga vb.

At Flakstadøya og Moskenesøya er sekundære øynamn, er klart. Elles ligg det nær å tru at alt frå Nappstraumen til Mosk(enes)straumen |»måsstrøumen| opphavleg kan ha vore rekna som ei øy, utan omsyn til Sundsstraumen: Nettopp sistnenmde, på midten av denne store todelte øya, er i høg grad eit strøype, ei avsnøring. (Han var elles lite farande på fjære sjø. og har derfor vore mudra to gonger i dette hundreåret.)

No er den same øya mellom Lofotodden og Napp ‘strøypt’ fleire stader: «Moskenesøya» av Kjerkefjorden med Bunesfjorden, og «Flakstadøya» framfor alt av Skjelfjorden, men også av Flakstadpollen (Kilpollen, Bøpollen) – med (K)nutsfjorden til motsett kaut. Trengselen er likevel ingen stad så sterk som i Sundsstraumen, så derfor synest Urga = Varga (til *verga vb. ‘klemme saman, strøype’) å vere eit særs råkande namn på Flakstadøya og Moskenesøya under eitt.

Sundsstraumen renn som ei elv – anna enn på full flo eller stiv fjære. Foto Finn Myrvang.

Vareid|»vāri| nord på Flakstadøya er skrive (paa) «Varg» (og «Vargh») l567, sjå drøfting lenger fram. – Fisket etter aure og røyr og kanskje også laks i Vareidvatnan var høgt verdsett, og der har vore tvist om fiskeretten. Teoretisk kunne derfor førsteleddet skjule eit elvenamn, jamfør Ulva og Varga osv. andre stader i landet (NE, NoSt). Men Lofoten og Vesterålen har svært lite av den slags namnetradisjonar, og elvestubben på Vareid gjer lite av seg. Det mest markerte eidet på Flakstadøya er elles dette nordom Skjelfjorden, om ein går etter kartet. Men orienterer vi oss etter gardsnamn og arkeologi, er det tydelegare ‘innfallsakse’ over Vareid, kva ferdsel til Flakstad gjeld: Vi kan så å seie legge linjalen frå og Ramberg (og Valle litt på sida) langt nord på Vestvågøya, over Bøstad og Borg og atter langt vest på same øya, og tenke på båtferder utetter pollane og over til Napp, Vareid, Bø, Flakstad, Ramberg og Valle. Resonnert sslik blir Vareid < * Vargeið eit meinings-berande namn, i høve til den store øya mellom Napp og Lofotodden. Sistnemnde kan eigentleg ha heitt *Vǫrgf. Jamfør andre rekonstruerte øynamn som *Fǫnn, *Hǫm, *Rǫð, *Þǫmb og *Vǫrn (Nes i NoSt 43).

Men på ei tid då den språklege samanhengen mellom* verga vb. og t.d. *Vǫrgr m. var innlysande, kan og *Vargeið, *Vargfótr (sjå seinare) vere laga endebeint til avlydsrekka, utan at vi føresetter noka sterkt bøygd namneform *Vǫrg i tillegg til linne forme Urga = Varga. I alle høve kan vi jamføre *Vǫrgr m. og Urga med t.d. Þromr og Þruma (Tromøya). Forma« Varg(h)-» for Var(g)eid 1567 kan ein forklare såleis: Liksom Finneid |»fiᶇᶇi| i Hemnes, og Oldereid|»åᶅᶅri| og atter Finneid |’‘fiᶇᶇi| i Skjerstad, fekk også *Vargeid monoftongert sisteledd etter palatal – og då vart uttaleforma mistydd som ‘varj’ = varg! Men i gardsnamn som desse kan nok òg sterk reduksjon av -ei(d)som midtledd i trikomposita som t.d. Var(g)eidsundet ha vore ein medverkande faktor.

Nyare former spriker: «Warriæ» 1610, «Wariæ» 161l – 1612, «Varrie» 1614, «Vaar-» og «Vaardeid» 1647 (frå eldre førelegg?) og «Waræid» 1667. Fanst det også ein uttalevariant g/ei(d) > -jæ kring 1600, noko likt t.d. mannsnamnet Torgeir > «tårrjær»? Kåre Elstad meiner derimot at skriveformene frå 1567 og seinare speglar av eit genuint gardsnamn Varg, dat. Vargi, og at Vareid(e) kan ha vore eit lokalitetsnamn som seinare vart overført til heile garden (1982:35). Formene frå 1647 er i alle høve interessante, i jamføring med notidsuttalen og som parallell til desse for Vardø kring 1520: Ein sterkt palatal, men framleis tydeleg gjsom nærma seg palatal d medførte tendens til nytolking av namnet og gjorde at han sistpå vart borte, det kan vel forklare skriveformene med –rd-?

Vareidsundet blir rekna frå Vareid og innover til Presteset (på austsida) – Silsandneset (vestsida): Der imellom går det ein trong djupål (på fjæra sjø), som utvidar seg sunnafor til ein fjordpoll med noko makkeleire, men og mykje søle- og rottbotn og bratte marbakker mot djuppollen i midten. Dette er Kilpollen (til gardsnamnet Kilan), med Bøosen eller Bøpollen som ei grein for seg. Kartnamnet Flakstadpollen er ukjent i daglegtalen.

Kåre Elstad reknar med at Flakstadpollen er den opphavlege Vargfótr (1982:35), og av dei fjordføtene som hittil er omtalte liknar ingen meir bokstavleg på ein (dyre)fot enn Flakstadpollen, enten vi ser han på kartet eller in natura – litt ovanfrå! Men dette er ikkje så interessant, dersom vi i utgangspunktet vel å sjå på ‘-fot(en)’ som eit sekundært fjordnemne. – I alle tilfelle er ‘poll’ eit nokså ungt grunnord; her ser vi dessutan av namnet Midtsundstadtett utanfor Silsandneset at Var(g)eid-sundet frå først av må ha vore rekna heilt inn til Kilan og Bø.

Frå Midtsundstad og vestetter strekker det seg ei markert strandflate, og her kjem først Flakstad, lenger inn også Ramberg. Var kanskje denne strandflata den opprinnelege *Vargfótr: ‘foten på Varga’ = ‘Urga’? Jfr. før nemnde namn som Lurøyfoten, Grytfoten og Årsteinfoten ikkje minst! – Kring Bø og Kilan er det mindre strandflate, men vi tør nok rekne med at Vargfot-namnet tidleg kom til å femne om Flakstadpollen med. – Dersom nokon framleis held det for mest sannsynleg at ‘fot’ er eit primært fjordnemne, kjennest det vel derimot meir tilfredsstillande å gå ut frå at Vargfot-namnet har ekspandert frå Flakstadpollen, men det er delte meiningarf om det og..

I alle tilfelle, det verdslege distriktsnamnet Vargfót(r) kom med tida til å tape for det kyrkjelege inndelingsnamnet Flakstad, rettare Flagstad, jfr. «Flogxstadha sokn» i AB- men også «Flakstadhæ sokn» 1430 (DNV :418). At g blir til k føre (ustemt) ser ein endefram lydregel – forleddet er nok det velkjende nordnorske flag n. ‘ope havstykke’: Flakstad i Senja ligg ved eit slikt, like utafor den tronge Selfjorden, og tilhøva her i Lofoten er om lag dei same. Rett nok er* Flaget eit ukjent namn ved sjølve Flakstad no, men Flaget heiter havstykket mellom Vestvågøya og nordenden av Flakstadøya, likeins eit ved sørenden av øya, også sagt Sundflaget(ved Kunna). Jfr. også Ureflaget lenger inn i Vestfjorden.

Lofoten – historiske skriveformer

O. Rygh er som før nemnt inne på spørsmålet om sterk – linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten…. .

For Lofoten går S. Bugge derimot ut frå «at Navnet i det gamle Sprog tidligst har være Brugt som Hunkjønsord, og at den Hankjønsform, som senere træder frem, ikke er oprindelig. Derfor taler baade Nominativ-formen Lófót og Dativformen í Lófót. At Navnet er Hunkjønsord, uagtet det er dannet af fótr m., maa forklares af, at det er Ønavn, ligesom Ønavnet Tjúma er dannet af *tjúmi m. og Ønavnet Sekk af sekkr m.… Det er let forklarligt, at det senere gik over til Hankjønsord ved lndflydelse af Appellativet fótr (Rygh 1905:342).

Her er ikkje resonnementet heilt klart: La gå at vi fekk Lófót og ikkje *Lófotr, av di dette var namn på ei øy. Men når eit kompositum som dette først var glidd inn i språket og vart sedvane, ville då nokon på ny ta omsyn til at sisteleddet eigentleg var eit hankjønnsord? (Det tør vere velkjent at eit grunnord i usms. form og som sisteledd i eit kompositum slett ikkje alltid utviklar seg eins). Men sant nok, det er ikkje klart om det er meint namnet i skriftleg eller i munnleg bruk. At Lófót vart rekna som øynamn fortel iflg. Vågslid (1960:26) eit handskrift til Landnáma, Melabók frå 1300-talet, der det heiter at «ólafr tvennumbruni for til Islands af eyju þeiri er Lofót heitir: hun liggr fyrir Finnmǫrk». Likeins står det «i ey pa er Lofot het» i eit handskrift til Fóstbrœðrasaga.

Vågslid har også ei nyttig oppsummering av gamle skriveformer: «Elles finst namnet skrivi jLofot og dilikt 3 gonger 1324 – 1472 og i eigef. Loofota skipreidha 1425, Lofote skipreida og J Lofota syslo 1430 -1440 (AB 95). Dessutan er det i tiden 1417 -1521 6 gonger skrivi Lofoten eller dilikt i bundi hankyn. (Jf. NG XVl 341). Nemnde skriftskap syner at namnet upphavleg hev vori hokyn, og dei nemnde eigef. svarar tydeleg til gn. * Lófótar med bortfallin -r. Hankynsskapet Lofoten er truleg bundi skap til* Lófóti hankyn, som vist er nylaga til eigef. Lófóta av eldre *Lófótar i hokyn, kann hende med påverknad frå fjordnamnet Ofóti og ordet fótr hankyn» (loc.cit.).

Her er Vågslid på leit etter sterk hokjønnsbøying, venteleg av di Lofot er omtalt som øy i eit par isl. kjelder. Ein kan no innvende at g.sg. -ar like gjerne kan komme av ei opphavleg form* Lófótr m., om så skal vere. – Viktigare er at så mange av formene framfor utan vidare føyer seg etter bøyinga til eit lint *Lófóti m. Sant nok blir gno. -ar g. rett som det er redusert til -a i mellomnorsk. Det er berre at overskriftene i AB nyttar ‘klassisk’ gno.: «l Herøyia halffylke oc Alastarhaugx syslo» (vi noterer oss her gen.pl. motivert av den geografiske todelinga Nord- og Sørherøy), «i Raudhøyiar halffylke», «i Bodiniar syslo», «i Steigar Syslo», «i Lofota syslo», «i Trumpsar sokn». (Annleis når det er ‘dekt’ genitiv innafor sjølve namnet, som truleg tilfellet er med «i Andanes syslo», «i Throndaness fylke».) – Å bortforklare ubunden linn form Lofote, underform Lofota er altså lite lønt. – Men i slåande kontrast til overskriftene i AB står den mellomnorske ‘samtidsteksten’ der det heilt enkelt heiter «i Herøy fiordung», «i Vika sokn», «i Bodina sokn» (to gonger), «i Steiga sokn». Derimot synest vi å måtte lese «i Flogxstadha sokn» som gen.pl.

Som hovudregel er teksten i AB ført etter ein ‘sjablong’, med stadfesting af + dativ, t.d. af … nese: Somme namn med dette sisteleddet har i dag bunden form, andre ubunden, og det er neppe nyutvikla etter 1400-talet. Men i ABer det einsretting her. – Det er og tydeleg at eldre førelegg er følgt temmeleg slavisk; Skrivaren legg seg på ubunden dat. sg./pl. og har samtidsform berre som eit slag arbeidsuhell. Det skjer t.d. i tilfellet Tjøtta, der han nøydest å gje nærmare forklaring, med fritt ordval. Det gir ikkje gir forma vi ville vente, *«af thiotto», men fleire andre former i paradigmaet: ubunden og bunden nom. «thiotta» – «all thiottan»/ «thiottan all» – og ubunden akk. «thiotto». Dessutan har ei seinare hand føydd til bunden dat. (af) «Thiottone». Andre bundne former er den unike overskrifta «a Sømpnenne», og likeins i sjølve teksten: «i Sionen», «i Thridnom af Husøyin». Kanskje mest instruktivt og på linje med tilfellet Tjøtta er at øynamnet Bolga |’ boda| – dat. (i) |1 boljen| – står som «Bolg» i hovudteksten, men er skrive «af Bolghene» med ei seinare hand.

Vi kjenner alle ein offisiell skrivetradisjon der komposita med sisteledd i bunden form (især hokjønnsformer som t.d. -vika) for alt i verda ikkje må skrivast i anna enn ubunden form: Det spørst om ikkje dette kan vere ein skrivartradisjon med ‘røter’ eit godt stykke attom dansketida. Både evt. førelegg med ubundne namneformer og ein slik generell tradisjon kan ha gjort det nokså utenkeleg for (hovud)handa i AB å nytte anna enn ubunden form, same kor utbreidd formene Ofoten og Lofoten måtte vere i samtida. Det heiter «Lofothen» alt i 1417 (DN II: 479), ja faktisk i tillegget til AB sjølv (129). Når dei så likevel prøvde å nytte ubunden form, spørst det kor lett det var å halde orden på sterkt og lint?

No er alle som har drøfta namnet Lofoten samde om at det opphavlege grunnordet er fótrm: Saman med nokre få andre (fingr, vetr, nagl og maðr) utgjer dette ei eiga gruppe hankjønnsord – einstavings stammer på konsonant – der pl har dei eldste endingane, mens sg er påverka av andre stammer ved analogi (Iversen 1961:93). Dermed får gno. sg. fótr fotarfætifót avgrensa verdi når ein vil gå inn på dei skriveformene som finst av eit sannsynlegvis svært alderdommeleg kompositum som *Lofót(r).Vi kan t.d. oppfatte (i) «Lofotenom» frå 1423 (DNII: 502), 1430 (DN V: 418) og 1436 (DN V: 467) som sein, redusert linn dat. *Lófótanum. Men det må like gjerne vere ei sterk form *Lófótinum, sjå seinare!

Som nemnt hadde fótr ei anna bøying i førlitterær tid. Den kjenner vi ikkje beinveges, men samanlikning med t.d. ghty. fuozgir haldepunkt. Også delte fekk med tida ny deklinasjon, men hadde frå først same bøying som man‘menneske’: Dat. sg. av manvar nettopp manikkje berre i ght., men i mhty. og i gsaks. Merk likeins got. manna nom. sg., dat. sg. mann. Gno. fótrm. vart i pl. bøygd likt med bót, nótog rótf. – og «(i) lofot»dat.sg. gjer samsvaret endå større: Der er viktig, når ein skal forstå øynamnteorien. Men når «i Lofot» like gjerne kan vere m. dat. frå eit eldre språksteg enn litterær gno., kan vi vel slå ein strek over den grammatiske sida av øy-resonnementet?

Hovudoverskrift i AB i bolken det gjeld er som nemnt «i Lofota syslo», med linn hankjønnsform. Avsnittsoverskrifter her er «i wederøyjom», «i wargfot», «i knutzfiorde i wargfot», «i lofot», «or gimisto», «i wage sokn» (med anna hand) og «a foxstrandh» (norddelen av Austvågøya). Deretter kjem «andanes syslo» – før «ylfe syslo» (Vesterålen). Ein kan tolke overskriftene så at skrivaren har prøvd å skilje mellom nordsida av Flakstad sokn (det eigentlege Vargfot?) og søraustsida, og mellom nord- og søraustsida av Austvågøya på same vis, men utan å få det ordentleg til.

Blant avsnittsoverskriftene er det berre Værøya og Gimsøya vi kjenner att som sikre øynamn: Rett nok kan vi tydeleg sjå at «i Lofot» er eit distriktsnamn som omfattar nettopp Vestvågøya – men når vi først veit kor tvilsamt det er at Vargfot noka tid har vore namn på Flakstadøya berre, må det og bli uvisst at Lófót var namn på Vestvågøya frå først av.

Geografiske namn med sisteledd -fot(en) kan like lite på 1400-talet som til andre tider ha fått folk til å tenke primært på kategorien ‘øy’: Han som laga oppsettet i AB (eller eingong sette opp dei førelegg som AB nytta) kan like gjerne ha tenkt t.d. på ‘bygd’ eller ‘sokn’ når han tydde til Lofot og Vargfot som inndelingsnamn. Og marg-tilvisinga «i O(o)fot» kan som før nemnt tyde ‘fjord’ og‘bygd(elag)’, plent som i vår tids namnebruk.

Vi kan ikkje vite om eventuelle førelegg for AB faktisk hadde ubunden sterk form foti desse tilfella, eller om skrivaren skapte dei av bunden samtidsform hankjønn ved å «subtrahere» artikkelen. Men vi bør nok gå ut frå at det første var tilfelle så lenge ikkje anna er påvist – endå det etterlet stor tvil at andre kjelder for det meste har linne eller bundne former.

Kva var det då som opphavleg heitte Lofot(r)?

Hovudsokn på Vestvågøya ser ut til å ha vore Buksnes. Det overraskar ikkje, for denne delen av Vestvågøya er eit samanhengande lågland,dvs. frå botnen av Buksnesfjorden og opp til Bøstad i Borge. Arkeologiske granskingar i ny tid viser at jordbruket i desse områda er langt eldre enn det ein før har trudd. Elles er tufta etter det største leidangsskipsnaustet i Noreg funnen på Leknes, har lokalarkeologen Kåre Ringstad opplyst – og eit stort tunanlegg attmed Haldsvågen. Interessant er også namnet (Himmelstein-)Borga; jamfør seinare omtale av den i Borge. Så langt synest altså Buksnes å vere eit kjerneområde for den som vil drive forsking ut frå eit teoretisk fjordnamn *Lófóti el. l.

Fullt så enkelt er tilhøvet likevel ikkje, for det er også funne tufter etter eit høvdingsæte frå folkevandringsttida på garden Borg i Borge nord på øya, og dessutan ein veldig konsentrasjon av nausttufter kring den inste Borgpollen (i vikingtida stod havet ca. l m høgare enn no). Det er også funne mange nausttufter kring Alstad- og Steiropollen. Tyngdepunktet lokalhistorisk flyttar seg dermed nordover Vestvågøya.

Gardsnamn som Hól og Berg på austsida av Buksnesfjorden så vel som Ballstad, ]ærstad samt Skottnes, Buksnes, Leknes og Storeid i vest kan vere interessante, men i området kring Borgpollan nord på øya er det – mest på vestsida – ein konsentrasjon av alderdommelege gardsnamn, som Eggum og Jellevoll |‘jeᶅᶅvåᶅᶅ|, Straume |strøum~|, Nesje |»næssi|, Evjen, og lenger inn Bøstad |»bȫsta|, Borg(e) |bårg~|, Rystad og Liland – og Li meir for seg sjølv, aust for Handberget. Ved fjordpollane lenger aust, men nord på øya også dei, ligg Val, Haukland, Sande, , Steiro, Garnes, Ellstad, Alstad, Knutstad, Lyngedalog Grundstad.

Her er altså to ‘sett’ med fjordpollar. Først Borgpollan: Der er dysjebotn og gjørme som luktar «akk o ve!» (ordrett sitat), især i den inste, og utan tvil daudt vatn undst. Like fullt støest der sild, ja’Borg-silda’ har vore ettertrakta; ho har i flg. havforskaren Eggvin færre ryggkvervlar i gjennomsnitt enn havsilda. Der er høg kvalitet, men små kvanta, og då især i den ytste Borgpollen. Der tar dei også gjedd på opptil 25 kg, tilmed på isen vinters tid. Det andre pollsystemet er Limstrandpollen (med vanleg sjøvatn) – Alstadpollen (brakkvatn) og Pollen (også kalla Steiro-, Garnes- og Ellstadpollen, etter det nærmaste lokale ‘hav’). Alstadpollen munnar ut gjennom Limstrandstraumen – og det heiter at folk bur ‘med Straumen’. Til Ellstadpollen kjem dessutan elveløken Eidelva frå Hauklandsvatnet, som også har utlaup til Urvatnet på hi sida.

I dag er vel fisket ikkje lenger så godt på Steiropollen (for å nytte det vanlege kart-namnet), men framleis er det vanleg å fiske gjedd og hekle sild på Alstadpollen. Og tradisjonelt har dei fiska både hyse, flyndre, kveite, laks, sjøbørting og kanskje endå fleire sortar i dette vassdraget – om då det er eit dekkande ord.

Ut frå skjernamnet Limtåga |»lemmtå:ga| – no også «Limtåa» blant dei unge – gjettar Rygh seg til at heile fjorden eller pollsystemet her ved Limstranden opphavleg heitte *Limir eller *Limi den forgrenede’ (1905: 326): Jamfør gno. limrm. og limf., n. ‘grein, kvist’. Men her vil eg vise kva Oddvar Nes har skrive om vassdragsnamn-stamma *Limi jamføring med gr. limēn‘hamn, vik’ og limnē ‘ståande vatn, dike, sjø, sump’, m.m. (1985: 22 ff.).

Desse strandsjøane nord-nordaust på Vestvågøya er høgst særmerkte, med sitt brakkvass-system og sin innlandsfangst av fiskeartar som elles for ein stor del høyrer havet til, jamfør også Olfoten. Skildringa av den illeluktande dysja i Borgollan kan på si side unekteleg føre tankane i retning av nordsam. vuođđu «botn» (i bekk, elv og dal), parallelt med lulesam. vuodo «botn», og då særskilt vuodos, vuodus- «botnfall».

Ved den ytste Borgpollen ligg garden Ytter-Borgfjorden, og ved den inste pollen Borgfjorden: Gardsnamna speglar eit eldre namn på fjorden eller ‘sjøen’, men både dei og fjordnamnet er sjølvsagt sekundære til storgarden Borg.

Landtunga mellom Borgpollan, og i bakgrunnen kyrkja på Borg.

Ved Skjelstraumen mellom dei to Borgpollane har arkeologar funne bru-kar av noko så sjeldan på våre kantar som ei stokkebru frå sein vikingtid (år 1000-1100). Ved utfallsosen frå den ytste pollen ligg Evjeberget og garden Straum(e), alt nemnd, for ikkje å gløyme Jellevoll, skrive «af Jallauelle» i AB, trnleg gno. *Jarlavelli. Det er eit oppsiktsvekkande namn når ein jamfører det med tuftene på Borg.

O. Rygh set ikkje fram nokon namneteori for Borgpollan, slik han gjer det for Limstrandpollen. Men det kan nemnast at førsteleddet Loi Lofot(en) minner om gno. f. ‘(eng)slette’, som er nærslekta med fær. (i kvæde) = lógv f. (pl. láir) «den nederste rand af en sandet strandbred, som beskylles af havets bølger» (Jacobsen og Matras 1961). Jamfør de Vries 1962, med gno. eller f.’strandvatn’, ‘sjøen nærmast stranda’ (meir allment også: ‘sjø, båre’). Vi noterer oss her at namnet Lofoten faktisk er skrive med førsteledd La(«Lafot, «Lafun») i eit par gamle islandske handskrifter (Vågslid, 1960). Meir uvisse verkar skriveformer som «Laafodhen» (4 gonger), «Laafoden» og «Laaffoden» i tida 1518-1519, vekslande med «Lo-», «Loo-», «Lof-» og «Lock-» (!)om lag samstundes (NR]).

For gardsnamnet Lovika |’‘lōvīka|nordst på Hinnøya (Andøy k.) høver det framifrå med f. i ei tyding som svarar til fær. ló, lógv. – Fleire atterhald må ein ta når det gjeld Lofoten, for eng- og sletteland er det saktens ein god del av kring desse strandsjøane og endå meir innafor, sørvestetter frå Borg. Men kva tyder i så fall sisteleddet?

Eit meir konkret og utgangspunkt er gardsnamnet (i) Slettenga, før sagt |»ṣḷæteᶇa/, no helst |’ṣḷætæŋa/. Det er like austafor Skjelstraumen, og ein komposisjon ‘slette’ + fotr‘ munning’ er fullt mulig, om enn ganske eineståande (om ein ikkje vil peike på omsnudd komposisjonsrekkeflg. i namnet på hovudstaden vår – der førsteleddet Os- rett nok lar seg tolke på andre måtar og).

No må det ha vore like store interesser knytte til ‘innlandshava’ i området (alt omtalte) som til slettelandet ikring, så eg minner atter om omtalen av lá, lǭ f. like framfor. Oddvar Nes, som tidlegare har tatt opp grunnorda og i NoSt attåt gno. *sló(truleg) ‘sump, myrområde’, kallar tilhøvet desse orda imellom for problematisk – og føyer til at dei eldste stadnamna samansette med synest å vere halvanna tusenår gamle. Det siste er interessant, jamført med det arkeologane fortel om tuftene på Borg.

Borgpollan og vassfaret derifrå er opphavet til namnet Lofot. Namnet ekspanderte og stod seinare for heile Vestvågøya. «Norgeskart».

Interessa må vi også utvide til Jellvoll < *Jarlavǫllr (sjå AB) ,for i fall ein jarl budde på eller iallfall åtte denne garden, hadde han venteleg og sitt jarlsríki eller dæmi ein stad i nærleiken. Jellvoll ligg nettopp ved siste utfallsosen eller ‘foten’ til havet frå strandsjøane, og namnet *Lófótr eller fóti knytt til eit jarlsdøme og ei seinare sysla kan her ha gjennomgått ein naturleg ekspansjon. Men heller ikkje tør vi sjå fullstendig bort frå brubygget mellom pollane, for det må ha vore ei bisn:

«om en går ut fra en meter høyere vannstand, må broen ha hatt en lengde på ca. femti meter om en skulle ha kommet tørrskodd over. Brokarene ser ut til å være ca. 3 x 3 meter i grunnplan, og det midterste må ha vært minst tre meter høyt for å nå opp i vannskorpa. Bortsett fra å fungere som bro må anlegget ha hatt en annen, ikke uvesentlig funksjon. Det må ha vært en effektiv sperring av leden inn til Borge-pollen og bygda innenfor. Slike seilsperringer er godt kjent bl.a. fra Danmark, der sperringer av forskjellige art … skulle hindre eventuelle fienders overraskende angrep fra sjøsiden» (Nævestad 1981:45).

Sjølvsagt vik eg tilbake for å påstå at namnet Lófótrhar noko med brufundamentet å gjere, trass i gno. brúar- og bryggju-fótr, men sjølve staden for brubygget er viktig på fleire vis: Den tid havet stod ein meter høgare, må den ytste Borgpollen ha hatt eit innlaup som var djupare enn no, og saltare vatn. – Skjelstraumen har då ikkje berre vore eit viktig strategisk punkt å forsvare (det poll-eidet han skjer igjennom ligg også på den før omtalte ferdselsaksen nordaust – sørvest), han har og vore utfallsosen for den eigentlege ferskvasssjøen på den tid, den inste Borgpollen. Altså ein* lá- eller * lǭfótr, i ei tyding som alt er gjort greie for.

Finst det namn med same sisteledd fleire stader?

Det kan sjå merkeleg ut at foti tydinga ‘(land kring) elvemunning’ er eit etter måten vanleg grunnord i norske så vel som i engelske og skotske stadnamn, men er bortimot ukjent i andre germanske språk. Men utanfor Storbritannia er det neppe nokon som har vore på utkik etter ordet brukt i akkurat den tydinga, så det er for tidleg å slutte noko ut frå geografisk distribusjon: Om så berre nokre få slike namn (som Vildfod i Sydslesvig) kjem for dagen i tillegg,frå dansk eller tysk område, vil fordelingsmønsteret sjå mindre gåtefullt ut. Venteleg finst det også på norsk område namn av same type som ikkje enno er komne fram i lyset.

Få eller ingen norske stadnamn er meir internasjonalt kjende enn «The Lofoten Islands», og det ville ikkje overraske det spor evt. å få vite at Lofoten finst som oppkallingsnamn i USA, Canada eller Australia. – Så viser det seg at første napp kjem frå gammalt norsk område: Kåre Hoel ved Institutt for namnegransking i Oslo peikar gjorde merksam på at eit lite skjer i Singlefjorden så vidt over på svensk side av riksgrensen Østfold-Bohus län heiter Lofot eller Lofotskäret: «Skäret har kanske på grund av den långsträckta formen skämtsamt uppkallats efter Lofoteni Norge … Märk at lodjureti Bohus län kallas göpa, fvn. gaupa!»(SOGB 20:2:159).

Lofothavet 1924. Foto Knut Myrvang.

I dag seier vi ‘ro i Lofoten’, ‘lofotfisket’ osv. Men namneforma Vågan må i seinmellomalderen og reformasjonstida ha vore ein hard tevlar, det ser vi av sms. gno. Vágabók (ei lovbok), Vágastefna, Vágafloti, for ikkje å gløyme den noko yngre ordbruken i NordlandsTrompet: «I Vogen at findes, i Vogen at roe, I Vogen at fiske var alle mand froe, om Vaagen lod alle Mand raabe».Ja, samisk Vagekvar beintfram synonymt med Lofoten (Friis 1887). Vi tør kalle det historisk ironi at Austvågøya som storkommune er blitt heitande nettopp Vågan – mens det historiske Lofoten må nøye seg med eit annanrangs namn Vestvågøy.

Litteraturliste

BlondaJ, S. 1920-24: Íslenzk-donsk orðabók. 1-2. Reykjavíik.

Elstad, K. 1982: Borgfjerdingsmål. l-2. Oslo.

Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.

Fritzner, J. 1886-96; 1972: Ordbog over Det gamle norske Sprog. l-3; 4; Kristiania; Oslo.

Graham, W. 1978: The Scots Word Bonk. 2nd ed. Edinburgh.

Havnø, E. 1937: Dyr- og plantenavne i vore stedsnavne. HåM 5.32-40 (1937-40).

Heggstad. L. 1963: Gamalnorsk ordbok. (2. utg., 2. opptr.) Oslo.

Hoel, K. 1985: Studier over bustadnavn fra Østfold. Oslo – Bergen – Stavanger – Tromsø.

Hovda, P. 1961: Norske fiskeméd. Oslo – Bergen.

Hovda, P. 1965: Landskapsnamn. Noreg. KLNM 10. sp. 250-56.

Hovda, P. og 0. Grønvik 1959: Über norwegische Gebirgsnamen. NoB 47.149-70.

lndrebø, G. 1928: Norske elvenamn. NoB 16.131-76.

lndrebø, G. 1935: Fjordung. (Bergen].

Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. 6. rev. utg. Oslo.

Jacobsen, M. A. og Chr. Matras 1961; 1974: Føroysk-donsk orðabók. 2. utg.; Eykabind ved

J. H. W. Poulsen. Tórshavn.

Jacobsen, J. 1901: Shetlandsøernes stednavne. København.

Korhonen, 0. 1979: Lulesamisk-svensk, svensk-lulesamisk ordbok. Uppsala.

Myrvang, F. 1982: l havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon. B. l Værøy).

Nes, 0. 1985: Gamle vassførenamn: *Iru, og *Lemuod-. NN 2.7-27.

Nicolaisen. W.F.H. 1976: Scottish Place-Names. London.

Noreen, E. 1919: Studier rörande gränserna mellom Värmland och Dal samt Värmland och Norge i äldre lid. NoB 7 .115-62.

Nævestad, D. 1981: Marin-arkeologisk undersøkelse i Borgepollen sommeren 1981. Lófótr 4.

OGB 20:2: Ortnamnen i Göteborgs och Bohus län. 20:2. Lund 1958.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.

Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.

Qvigstad, J. 1938: ne lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.

Ross, H. 1895: Norsk Ordbog. Christiania.

Rygh, O. 1896: Norske Fjordnavne. Sproglig-historiske Studier tilegnede Professor C. R. Unger

30-86. Kristiania.

Rygh, O. et al. 1898: 1905: 1907: 1911: 1924: Norske Gaardnavne. Forord og lndledning: 16: 6: 17:

18. Kristiania.

Sahlgren, J. 1918: Förbjudna namn. NoB 6.l-10.

Sandnes, J. og 0. Stemshaug (red.) 1976: Norsk stadnamnleksikon. Oslo.

Schröder, E. 1924: ,,Haupt» als Quelle. NoB 12.110-20.

Schröder, E. 1926: Zu Haupt als Quelle. NoB 14.20-30.

Sedolfsen, K. 1973: Sjø- og strandnavn fra Henningsvær til Skrova. Uprenta hovudoppgåve.

Oslo.

Smith, A. H. 1956: English Place-Name Elements. 1-2. Cambridge.

Solheim, S. 1947: Folafoten – Kjølrota. MM 1947.1-14.

Steinnes, A. og E. Vandvik 1975: Latinsk ordbok. 2. utg. Oslo.

Sund, J. 1978: Skjærgårdsnavn fra Vest-Lofoten. Uprenta hovudoppgåve. Trondheim.

Vilmundarson, Þ.1983: Safn til ÍSLENZKRAR ÖRNEFNABÓKAR 2. Grimnir 2.51-144.

Vries, J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden.

Vågslid, E. 1960: Feta og -fot i norske stadnamn. NoB 48.25-33.

Aasen, I. 1873: Norsk Ordbog. (2. udg.) Christiania.



Av Finn Myrvang«Namn og Nemne» 1987.