Lemenspor i namn i sør
Det finst utruleg mange former av ordet lemet, då ikkje berre som namn på sjølve dyret men også som stadnamnledd, og dei siste er forvirrande skiftande: Laman(n)-, Lamand(er)-, Leman(n)-, Lemenn-, Lemend(e)-, Lemmed-,Lemmet-, Lemmel-, Limil-, Liman(n)-, Limun(n)-, Lomeldr, Lomann-/mand-, Lomun(d-), Lømen(d)-, Lømænd-, Lømmer-, ja tilmed Lå(g)man(n)-,Lommars- og Låmmårs-?
Sorterings-problem.
Ein kunne dele inn dei aktuelle stadnamna etter landskapstype, det vere seg skard eller hellerar, platå eller sletter og lægder, med temmeleg uskarp avgrensing overfor grunne dalsøkk eller smale dal- og myrdrag – men der er glidande overgang mellom lokalitetstypane (ved at nokre namn kan passe i meir enn ei gruppe), så slik inndeling er nøydd å bli pragmatisk.
Ei ulempe ved å gjere det slik, er at vedkommande namn ikkje treng ha med landskapet akkurat på sin stad å gjere, det kan vere sekundært og gå tilbake på eit anna namn som er primært, utan at det er lett å fastslå. Det tryggaste er ei enkel gruppering Lemen– og Lemet– kvar for seg.
At Lemenpytten på Østre Toten kun er ein pytt, det ligg i namnet, men det same gjeld også for Lementjønna i Trysil så vel som Lementjønna i Høylandet, berre at den siste har ei rad endå mindre pyttar tett inntil. Lemenvatnet i Lierne er langt større enn Lemen- og Lemet-pyttar, men poenget er visst at vi finn ei rekke med mindre pyttar og småtjønner tett inntil på vestsida, jf Lementjønna i Høylandet; særmerket er eigentleg alle pyttane. Myrpyttar sluttar seg også til Lemenåsen og Lemenholen i Trysil.
Sistpå skal det nemnast to lokalitetar som skil seg ut m.o.t. namneform: Lemendetjønn i Eidfjord (Hord.) er lita, så òg «Lamanderstjønna» i Førde i Sunnfjord som eigentleg berre er ein klase av pyttar. I det siste tilfellet er gno. fleirtalsform lemendr omforma til lamanders-, slik ser det iallfall ut.
For alle Lemen-namna framfor gjeld det same som for dei nordnorske på Lemmet-: Det er uråd å finne sakleg samanheng med dyret lemen. Enklare er gå ut frå at finsk-samisk lämmeti «pytt, dam» i eldgammal tid gjorde seg gjeldande også i sør, men der vart namnebruken omforma i retning av lokalt brukelege namn på dyret, pga. den enkle tanke at «det må jo vere meint lemen».
«Lemen» ikkje berre om tjønner.
Til lemen-konteksten høyrer to-tre andre terreng-ord som er eit nærmare studium verd: Hans Ross har ordet lida(r)bard n om kant av ei fjellside, (frå Hallingdal med tjukk ł: liabał). Ordet har nådd vidare, vi finn det òg som Liabardet i Aurland, Eidfjord, Voss. Ross har òg lida(r)jadar m ‘øverste Kant af Lid; Lids Grænse mod Synskredsen’ , uttalt liajar på Tingvoll på Nordmøre. Det siste ordet blir kan hende ikkje alltid rett oppfatta i stadnamnbruk, for i rask uttale er vel ei slik sms. lett å ta for liggjar-? Det er i alle fall ikkje til å komme frå at fjellsida Liagjeran i Rauma kan vere *liajæran.
Mest interessant jamført med Lemen-namna er den tredje termen av same slaget, li-man m, lia-mun eller lia-mune m: utkanten av li eller fjellside, nedre kanten av li, eller òg i litt anna form: li-mån, lia-mån, lia-møn f. Det kan forvirre at det er tale om nedre kanten av ei li, når ordet man i si usms. form står for “øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre, høgdedrag, rygg”, men i Sparbu til og med om “jordstykke mellom to dalar” (NO 7:1046).
Ein kan vel enklast sjå for seg ein rygg midt lia som er liten aller øvst, men aukar meir og meir i høgd og breidd mot slutten. Det kan høve for Lemenåsen i Nedre Eiker (Drammen) og høver iallfall veldig tydeleg for Lemenlia i Selbu – med Lementjenna tett ved. Elles har Hans Ross frå Østerdalen også man i tydinga “smal tange som går ut i elv eller vatn”.

Desse terrengtermane rekk vidt på sørnorsk vald. På svensk side har dei Lidmansbergen, Lidmansgärdan, -rönningen og -tjärnen. I færøysk har dei líðarmunni “enden på ei fjellside”. – Derimot ser det ikkje ut til at Island har slike namnelagingar.
Formasjonar som ikkje er like frapperande, men eigentleg synberre nok er Limannvika i Kvesjøen i Lierne, med eit bruk av same namn. Fram mot vika når i grunnen fleire limòner. Nemnast må også Lemenskardet (sekundært Lemennskulen) i Namsos. Det skardet ligg tett på sørsida av ein hump, øvst i ei li i hallet mot Fjellmarkmyra i aust.
Rennebu har elvesletta Lemenøya nedanfor ein brei åskant som tydeleg nok må vere limónen i det tilfelle. Jf òg Lemenlandet, ei strandstrekke på austsida av Nordre Ulvsjøen i Trysil: Ho òg ligg under ein mule, men slakare enn den i Rennebu.
Lemenvika i Strand, Rogaland blir også kalla for Lemundsvika og Lemmensvika: Kring vika går det fleire rabbar ut i null; dei òg kan ha vore oppfatta som limóner, den tid der kan hende fanst graslier og ikkje skog som no.
I nord er så langt berre funne eitt tilfelle der ordet limòn opptrer, og det er Limonåsen, Limonneset og Limonbukta i Tromsø k.: Skrivemåten vekslar mellom Limon- og Limo-, men låsen ligg attom limònen medan neset og bukta ligg nedanfor.

Eit avrunda og skogkledd nes i eit parti av elva Luru (Låarte) i Snåsa heiter Limanneset og har ein skarpkanta rabb som ligg heilt på tverra, fremst.
Sletta Limunnen i Masfjorden og Limånmyra i Gausdal ligg begge for enden av ei kuven li. Ein formasjon som liknar finst ved Limundshylen i deltaet til elva Lygna i Hægebostad, Vest-Agder.
Lemonsjøen |»lemonsjȫn|, |’lemonsjȫn| i Vågå er eit utolka namn trass i fleire eldre skriveformer: Lemunsior 1349 og Læmonzssyo 1465, Læmonsiøn 1465, og Liomanssiø, Liomansiø, Liømansiø 1466, Løgmanssiø og Logmanssiø 1466, Lemungsiøen 1723 og Lemonsioen 1743 o.fl.1 Lemon– har kortstava uttale i vågåmål, så det er diskutabelt å stille namnet beinveges i hop med desse på Limon-, Limån-, men hugs samtidig dei kortstava Lemen-namna som synest å gå på li-mòn i tydingar som alt er refererte. Det same gjer visst gno. Lemunsior 1349: Når ein jamfører den forma med dagens uttale, framstår fleire seinare former frå 1400-talet som merkverdige. Namninga på kart over dette fjellpartiet er elles sparsam, men ortofoto viser ein særmerkt fjellkant akkurat ved inngangspartiet til Lemonsjøen, med nokså brei «lifot» under.

Fotnote:
- Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» I. Upplands fylke s. 124. ↩︎
Nyredigert etter «Håløygminne» h. 2 og 3-2013.