Brudeskjæret

Brudeskjæret i Hvaler. «Norgeskart».

Skjer kalla Brudeskjæret finst nokså mange stader. Det er, for å seie det slik, tale om to avdelingar. Den sørnorske omfattar Brudeskjæret i Larvik, Hvaler og Sarpsborg, som alle er oppsplitta eller ‘sundrøska’ skjer. Det ligg nær å tenke på hokjønnsordet bròte, som m.a. finst i ein variant brutu (vel trøndsk) og bl.a. tyder ‘brotstykke, móle’ så vel som ‘stad der eit gjerde er nedbrote’ (NO 1: 948). Men vel så rimeleg er å jamføre dei austnorske namna med sv. brute som variant av bråte m i den særlege tydinga (SAOB) ‘hög eller hop eller mängd eller samling (i synnerhet af skräp)’.

Brudeskjæret i Larvik. «Norgeskart».

Brudeskjæret på Ørlandet ligg så djupt at det meir er ei flu å kalle, så det er uråd å seie noko sikkert om forma.

I den nordnorske avdelinga har vi Brudeskjæret vestom sørenden av Tromsøya og Brudeskjæret i Kvalsundet nordom Tromsø, og dertil Brudeskjæret i Loppa.

Brudeskjæret i Kvalsundet nordom Tromsø. «Norgeskart».

Dei er nok også litt oppsplitta, men er lågare enn Brudeskjær’a sørpå. Desse to sistnemnde stikk berre opp som ein liten tupp over vassflata, så ein kan undrast om Brude- går på den detaljen og at namnet kan vere eufemistisk å forstå. I få fall må meininga med dei namna vere annleis enn kva tilfellet synest å vere for dei sørnorske

Brudeskjæret i Loppa. «Norgeskart».