Fjesme, Fisma og Fismedal
Fjesme |»fjésemman| var gnr 131 i Sparbu hd, i flg. NG (b. 15:217). Av gamle skriveformer finst berre oppført Feßmee 1668 og Fesme 1723. I NG er gjetta på eit elvenamn *Fism eller *Fisma, her liksom i Fismedal i noverande Halden k., og i Askvoll i Sunnfjord. NG fokuserer noko på bekken attmed Fjesme med tanke på gardsnamnet, men synest at det er «vanskeligt at udtale noget sikkert om dets Betydning». Rygh «opfører imidlertid Navnet blandt Sammensætninger med heimr». Det siste kan vere meir diskutabelt, for Fjesma ligg på ingen måte sentralt i Sparbu, det er ein utprega utkantgard.
Uttaleforma |»fjésemman| lyder trøndsk nok, men gir samstundes sterke assosiasjonar til sørsam. veasome m.a. ’tilhald, buplass’ . Merk også at sam. veasome med vea- ikkje kunne gje eit norrønt ord med framlyden broten til vj-, men ein overgang til fj– er derimot i full orden. Ein samisk buplass *Veasome ‘huset’ fornorska til Fjesme lyder ordinært, og likeins at den (for norsktalande) nokså ugreie fleirtalsforma *Veasomeh ‘husan’ i staden fekk meir umiskjenneleg trøndsk form Fjesemman.
Fismedal |fé`ssmedæł| var gnr 93 i Asak sokn i Berg, no Halden. Gamle skriftformer var i Fismadal ca 1400, Fißmedall ca 1575, og Fismedall 1593 og 1604, så Fismedal 1626 og Fismedall 1723 (NG 1:226).
Å undersøke om eit utolka gardsnamn kunne ha utspring i eit elvenamn nær garden var arbeidsregel for Oluf Rygh. Slik her òg: «Der er neppe Tvivl om, at dette Navns 1ste Led indeholder det gamle Navn paa den lille Elv i denne Dal». Han viser til gardsamnet Fisma i Askvoll «som efter Udtalen maa være svagt bøiet Hunkjønsord, og som antagelig er et som Gaardnavn brugt Elvenavn».
Men han får problem med den eldste kjente skrivemåten for Fismedal og ‘korrigerer’ denne: «Fismadalr.. kan være Feil enten for Fismudalr, af det samme Elvenavn Fisma, eller for Fismardalr, af Fism, en stærkt bøiet Form af Navnet. Det er sandsynligt, at Femsjøen, hvori denne Elv falder, er kaldet efter den; Søens oprindelige Navn kunde være Fismi eller Fismir».
Her dominerer hypoteser, fakta er færre. O. Ryghs fokus på elvenamn viste seg gjennomgåande å vere eit særs nyttig namneforskar-prinsipp, når han berre ikkje drog det for langt, slik som i dette tilfellet, der han rekonstruerer namnet på «den lille Elv i denne Dal» utan topografiske hemningar.
På dagens kart heiter hovudvassfaret Rødselva, men ber også namnet Fisma litt lenger opp, kanskje pga. Rygh? Fismedalstjern ligg derimot på kartet langt sør for Fismedal gard. Tilseier så dette at det eigentlege Fismedal ligg der? Det er dunkelt, men rokkar neppe våre refleksjonar over sjølve gardsnamnet. – Viktig er derimot at Fismedal akkurat som Fjesme og Fisma er ein utkant-gard, med samanhengande skogområde i sør og især i nord.
Språkleg er det sørpå slik, at der gardsnamn har eit presumptivt samisk forledd, har det leddet temmeleg ofte ei form som samsvarar betre med dagens lulesamisk enn med sørsamisk. Pga. det finst ingen grunn til å stikke under ein stol at Fisma kunne vere kontrahert form av viessoma, som både er nom. pl av viessom så vel som gen. sg. Her er det nyttig å jamføre med omtalen av Fjesme i Sparbu.

Fisma i Askvoll ligg i fjellfoten. «Norge i bilder».
Fisma |»fissma|, dativ |»fissmiᶇᶇe|er gnr 17 i Askvoll i Sunnfjord, men ordinære skriveformer er Fißmenn 1667 og Fisme 1723. Rarare er at garden går for i Fiskmaghastrond i Bjørgynjar kalfskinn ca 1360, ei kjelde som òg inneheld noteringar frå første halvdel av 1300-talet (NG 12: 248). Fisma er ein utprega utkantgard og ligg på den veglause sida av Eidsfjorden i Askvoll.
«Fiskmaga-» er eit svært usannsynleg forledd i eit gardsnamn. Langt truverdigare er eit forledd nokså likt lulesam. viessom «bostad (stuga, hus)», men i tillegg «uppehälle för människor, bete, föda (för renar)» (Korhonen, Grundström).
Det er heva over rimeleg tvil at Fiskmaga- som gen. av norr. *fiskmagi er eit fantomnamn! Etterleddet er beintfram eit namn ein kjenner både frå Hagastrondi i Sogndal, Hagastrand i Færder, Hagaströndi i Vang. Dei er alle sms med forledd norr. hagi + etterledd norr. strǫnd, men er blitt etterledd i den nye sms Fism’hagastrǫnd, der h var lite høyrande. Det førte til mistydinga Fiskmagastrǫnd.
Kor som var, garden heitte Fisma, men langs vestsida av Eidsfjorden i Askvoll var det nok i bruk ei utvidande namnelaging Fismhagastrǫnd – eit slags ekspansjonsnamn.
Det har si eiga interesse at problematikken hagi kontra magi i høgaste grad er til stades også når det gjeld gardsnamnet Skinnmo i Larvik der dei to eldste skriveformene er i Skymmagha ca 1400 – og noko seinare Skindmagenn. Her har Rygh i all hovudsak knekt koden, utan å kjenne til namnet Skinnmoskogen, tett ved ei stor, tørrlagd tjønn på staden, og utan å vere merksam på dei talrike døme på overgangar ikkje berre frå norr tjǫrn til tjøynn > tjynn > tjinn, men også til sjøynn > sjynn > sjinn. I det tilfellet er den historiske skriveforma i Skymmagha ei forkorting av eldre *Sjynn-mo-hagi < *Tjǫrn-mo-hagi, som må vere opphavleg namn på det som no heiter Skinnmoskogen.