Gåtefull samisk
I barnerim og regler, gåter og ordtak, ja tilmed vermerke dukkar det innimellom opp samiske ord som ingen lenger forstår. Såleis lyder ei gåte frå Bø i Vesterålen nedskriven i to variantar:
Den eine kjerringa gjekk åt den andre kjerringa og bad: «Kjære grannkona mi, lån meg snellaren din, for der er kommen ein urikun i min arekan som et opp alle mine katelanter».
Variant:
Den eine kona gjekk til den andre nabokona og ville låne snellaren. Der var kommen ein urekas i hennes arekas og åt opp all hennes kapelanke. (Bøfjerding -92 s. 57).
Snellaren leitar vi fåfengt etter i norske ordbøker, men i Friis’ gamle samiske finn vi verbet sniellat «kline sig ind paa for at tigge eller faa noget (om Hund eller Fattig), snike, snylte». Så snellaren må truleg vere ein hund eller kan hende like snart ei katte. Urikun eller urekas kan då i flg. Friis stå for uragas (også urodas) «Skadedyr, Rovdyr (Fugl el. firføddede Dyr)», og det er like rimeleg å kople arekan eller arekas med arek ‘Stenrøs, Samling af Stene’. Kva så med «katelanter» alias «kapelanke», er det berre nonsens? Neppe, det minner tydeleg nok om det samiske gappalak (normalisert gáhppálat) ‘stump, stykke av fisk, kjøtt’ osv.
Særprega er også nokre ord i Solsongen frå Beiarn, slike som «Skuri, skuri, skunnan, lys hån opp te’ munnan», kan hende for å mane bort skodde og grisver. Her kan ein vise til sam. skur’ret «forstørre eit hol», samtidig som det finst eit anna verb, skuodnját v «skimtes; lyse svakt igjennom, glimte igjennom». Det siste gir forma skuodnjám (som på norsk tunge kan bli til skunnan), fritt tolka ‘lysning, gløs’.
Skur’ret (gjere eit hol større), kombinert med skuodnjám, minner om norske uttrykk mynta på skydekket, slike som «han reiv gløtt» eller «reiv han», «han slo hol», «slo eit glan», «der kom eit glan oppi taket», «han lyste kovet» osv.
Forunderleg er også eit anna innslag i Solsongen, nemleg den svarte selkjeput’ eller selkjeduk . Vel kjente folk godt til silkedukar og -puter som pynt og statussymbol, men at forfrosne gjetsleborn samanlikna dei tunge uversskyane med svart silkeduk eller -pute er merkeleg ordbruk. Det gammaldagse lulesamiske sielgge eller sälgge ‘fjellrygg’ + duohke ‘atterside, bakside’ kunne vel tyde noko slikt som bakfjells, på skyggesida? Det kunne i så fall tyde at just der sat ‘gjeltbonnan’ dyvåte av fuka og bia på sola. At nordsam. sealgi åleina tyder baksida av eit fjell utan bruk av postposisjon er neppe ei avgjerande innvending mot ei slik tolking.

Eit vermerke frå ytre Senja lyder slik, i flg. Arthur Brox: «Dersom sola går ned i ein sekk, er ho neste dagen vekk». Her ser ein innslag av «nødrim», men i Andøy-varianten er det endå meir hjelpelaust: «Når sola går ned i ein sekk, då står ho opp i ein bekk». Det er forklart slik at dersom ho går ned attom ei skodderand uti havet om kvelden, blir det regn dagen etter. Men det hjelper storveges å peike på sam. ciekke «tyk Luft, fin Regnbyge seet mod Solen» og likeins balvva-ciekke «Skydot» (Friis). Også det snodige rimordet ‘bekk’ er samisk, nemleg biegga «vind».
Kor ofte det vart brukt samisk i gåter, barnerim o.l. for å mystifisere er neppe undersøkt. Det er i seinaste laget å stille spørsmålet, men smaksprøver som desse er likevel spennande.
Trykt i «Håløygminne» 4-2015, nyredigert