Heim og stad i ny ham

Talrike gardsnamn i Rogaland som ender på –stad i skrift får unikt avkorta uttale, så som auest for Auestad (áu’ju område ved vatn, ‘øy’ i utvida tyding), vidare båddlest for Bollestad (attmed pollen Edlandsvatnet), fjærmest for Fjermestad (vyjreme skred), friest for Fristad (prijrie temmeleg bratt skogli), i eitt høve fåglest for Fuglestad (<vuelege: nedre-), garpest for Garpestad (garhpe: uslett lende), godmest for Gudmestad (jf nordsamisk guohtum ‘beite’ lik sørsam. gåatome?) Vidare er det håbbørst for Hobber­stad, åbrøst for Obrestad, alt nemnt, og hågnest for Hognestad, hårpest for Horpestad (ligg nær tronge stader mellom Horpestad-, Erga- og Orrevatnet). Ein finn òg påddlest for Pollestad (nær eit uttørka vatn) og rimest for Rime­stad (vel riepme: stryk i Hå-åna), særikst for Serikstad (jf sïerkestahke vidjekratt), Vigre + Vigrestad (av vietjere: hammar), ævest for Ævestad (frå aevjie: fin eng på kåtetomt el. i tidlegare reingjerde),dertil ånest for Ånestad og årrest for Årrestad (årre kanskje <hårro om ei rauka av stein, eller om ein varde).

Kjerneområdet for desse avkorta uttaleformene er Ogna, Nærbø, Varhaug, Klepp og Time, og det kan minne om ei teµmeleg så lik avkorting i bøyinga av ss ord på –stahke, som får kortform –steh, då især som sisteledd i land­skap-sord. Der går det faktisk eit hakk lenger av di eit trykklett –steh lyder –sth: snorrestahke ‘område under fjellet med kun bjørkeris’ blir snorresth, og sorrestahke ‘tjukk skog (særleg lauvskog)’ blir sorrest eller sorost. Her kjem òg inn stråmhpoe ‘busk, kjerr’ i smsstromhpestahke ‘busk el. kjerrbeltet (nedanfor snaufjellet’ avkorta strompesth. (Kan her nemnast at dette ordet synest inngå i ei omskapt namnelaging ‘Stompesteinra’ to stader i Bjørnskinn sokn på Andøya der det før var låge kjerrar men ingen steinar). Vidare synest det som om namnet Serikstad i Time går på *sierkesth av sïerkestahke, sierkestahke ‘vidjekjerr’, jf ss sierke ‘vidje’.

Gardsnamna øuest, hærigst, håbberst, vigrest, ævest og åbrøst må visst vere skorne over same lest, endå dei ikkje går på vegetasjonen. Det er heile vegen tale om suffikset –stahke, som i ss bl.a. tyder ‘område med’: dvs. forsynt med det som førsteleddet nemner. – Så vidt kjent er aldri –stahke (pl. –stahkh) nokon gong dregen inn i drøftinga av norrøne gardsnamn på –staðir.

Omvendt er det så at ss heajme, hïejme ‘heim’ så vel som laante om ‘land, jord, område’ er kjente norrøne innlån Ordet er produktivt nok i rogalandske gards-namn som «burde» vere heilt norske, men er ein først merksam på innlån til samisk, kan ein ikkje lenger seie sikkert (i dei høve der gardsnamn på heim, land eller stad har uklart forledd) om namnet vart laga av ei folkegruppe som lånte slike gardsnamn-termar og laga eigne hybrid-namn.

I drøftinga av gardsnamnet Sæveim på Finnøy la Oluf Rygh sjølv­sagt norrønt språk til grunn; han gjetta på at der låg norr. sæva– gen pl til grunn, men fleirtalsforma gav ikkje meining, med mindre han peika på to vatn i nærleiken – i staden for havet (sjøen)!

I tillegget bak NG 11 tyr Rygh til plantenamnet sev = siv! Det intrikate er berre at sæv og sæva i ss og ls blir nytta om havet, sjøen, og då kan jo det stemme godt som Rygh fann å måtte forkaste: ‘at Sæveim var den ældste og oprindelig eneste Gaard her sydvestlig på Øen, og at den havde faaet Navn af, at den laa længst ud mod den aabne Hoved-fjord’.

Innanfor det same området der –stad blir forkorta til –st blir pussig nok sisteleddet –heim redusert til –ei, i assei, grødei, kvassei, malmei, njærei, norei, særei, stabnei, særei, tjæssei, tunei, tådn­ei, unnei. Det er påfallande til norske namn å vere, og ikkje mindre i samisk, der heim er eit utbreidd lånord som ikkje blir traktert på same vis.

Heimnes i Jelsa blir skrive Hebnes og uttala hibnes, trass i sikre skriveformer Heimnes to gonger på 1280-talet, men á Hæifnesi 1303. Hebnes i Skudesnes blir kalla for  hibbnes og hivvnes, men blir skrive Hemnes no, endå dei historiske skriveformer er veldig sprikande.

Kva knyter slike lausendar i hop? Under største tvil skal nemnast noko Knut Bergsland har understreka: Det er typisk ‘nordlig‘ med b i staden for m, i slutten av ord og i visse konsonantsamband i innlyd. Dette lyder jo ganske bakvendt ut frå vanleg geografisk tenkemåte.

Sjå meir om samiske namn i Rogaland?