Muddværet
Øygruppa Muddværet sørvest for øya Vega i Nordland blir i Norske Gaardnavne presentert som gnr 18 i Vega k., med desse opplysningane knytte til:
«Mudvær. Udt. mú`ᶁᶁvære (næsten mú`ƫƫ-). – Muggeveer OE. 15 (under Vika). Mutvehr 1723 (anføres før at have ligget under Vika). Er et af en Mængde Smaaøer bestaaende Vær sydvestlig for Vega. Den oprindelige Form er udentvivl Mugg-, og med Hensyn til Overgangen til Nutidsformen kan da sammenlignes det nordenfjeldske Sagmod = Sagmugg (se Ross). 1ste Led er maaske beslægtet med mugga f., meget fint Regn, Taageregn».
Opplysninga om sagmott for sagflis er korrekt nok men underbygger så visst ikkje at forleddet i namnet på øy- eller holmegruppa har noko som helst med yr å gjere, det er som elles der Rygh brukar ordet ‘udentvivl’ at ei varsellampe blinkar og ber om full skepsis. Namnetolking tufta på meteorologi er risikosport, og det same gjeld Norsk Stadnamnleksikon som kunngjer den same vermeldinga frå 1905.
Langt meir konkret er at dei høgaste humpane ligg på søraustsida av øyværet, slike som Måsøya (24 m), Brennøya (30 m), Horsøya (31 m), Trælvikøya (34 m), Ørnøya (35 m) og Segløya (39 m). Det er likevel uråd å finne eit terrengord som fangar opp dette.

Eit anna og truleg det mest synberre kjennemerket for været er at der er så grunt. Det synest som om det i stor utstrekning er gåande frå holme til holme på fjæra sjø, især på nordvestsida (havsida). Då i motsetning td til Myken i Rødøy, der mylderet av holmar og småøyar også er stort, men der det er meir ‘veldefinerte’ sund imellom.Det ser mesta ut til at forleddet Mudd- alias Mutt- må vere muotkke eller like rett muodkke, eit kjent samisk terrengnemne for smal landstrimle mellom to lokalitetar, dvs eid, men her med bortfall av 2. staving. Dette forliker også dei to historiske skriveformene som i utgangspunktet syntest så uforlikelege.