Gurafjorden

Norsk Stadnamnleksikon (4. utg., 1997) inneheld ein namneartikkel som med få ord greier å formidle informasjon som berre forvirrar:

«Gurafjorden |gūrafjōṛ~ṇ| havstykke ved Myken fyr i Rødøy komm, Nordland. Førsteleddet er kanskje utvikla av kvinnenamnet Gudrun, som i gardsnamnet Guradalen, Hamarøy komm.»

Guradalen i Hamarøy. Norgeskart.

For det første ligg Myken fyr både tørt og trygt inne på ei av øyane i Myken, der er ingen fjord akkurat ved fyret! Tvertimot er Gurafjorden bassenget el. fjordhola lenger sør, mellom øyværa Myken og Innmyken på vestsida og Håværet i aust. For det andre er Gurafjorden kopla med gardsnamnet Guradalen i Salten, den langt nærare Guravika i Lurøy er forbigått. Rarast er likevel utsegna «kanskje utvikla av kvinnenamnet Gudrun, som i gardsnamnet Guradalen, Hamarøy». Då skulle det vel i alle fall i det tilfellet vere sikkert at ein har med kvinnenamnet å gjere?

Guravika, bruk i Lurøy. Norgeskart.

Rett nok høyrer Gurafjorden til ein landsomfattande namneserie som kan føre til slutningar av forhasta art: Gure-, Guri- og Gurodalen, Gura- og Gurufjell (og Guris fjell), og særleg Gura-, Gure-, Guri-, Guru- og Gurvika! Namn med slike etterledd som -hammaren, -lia, -myra, -neset, -skardet og -vatnet kjem i tillegg.

Gurramyra i Kragerø. Norgeskart.

Likevel bør forleddet Gure– og Gura– heilt på sida av normalvariantar av kvinnenamnet få varsellamper til å blinke, av di det ligg tett opp til det særs utbreidde samiske terrengordet gurra «skard, djup og trong kløft, ‘trång dal emellan tvänne berg’» (app. 367). Smådalane er ikkje alltid så tronge, men ofte bratte. Når eit presumptivt norsk kvinne- eller mannsnamn blir til dei grader overrepresentert som stadnamnforledd, burde det vere på tide å kvalitetssikre narrativet.

Så langt har absolutt ingen fortalt kva for Gudrun som må ha gitt namn til Gurafjorden. Sjøkart fortel ei litt anna soge: Tett utanfor nordenden av Håværet har den tilnærma ovale fjordhola ein kniptrong overgang til ei smalare T-forma renne. Opningen og framhaldet av denne er sikkert nok den gurra som motiverte namnet. Samisktalande og norsktalande fiskarar har tusenårig tradisjon i å bruke termar frå landjorda til verbal kartlegging av sjøbotnen.

Gurafjorden mellom Myken, Innermyken og Håværet. Sjøkart.

Litt meir kan seiast om terrengtermen gurra, sørsamsk form govre: Lokalitetar kalla Gulland finst det fleire av, på Agder især: Variantar av skard på desse stadene gjer det truverdig at Gulland er assimilert form av *gurr’land, enkelt nok. – Dertil kan nemnast Gurrik i Holmestrand, skrive Gurrick og Gurich kring 1600: Drøftinga av det gardsnamnet i Norske Gaardnavne er litt vidløftig, men ei oppløysing gurra + rygg samsvararar framifrå med topografien.